01.09.2017

Fyrste september

Fyrste september 1925 kom Arthur Edward Pepper, Jr til verda i Gardena i California. Saksofonisten Art Pepper sitt vedunderlege spel kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Art Pepper døydde i 1982. I 1946 vart Barry Allan Crompton Gibb fødd i Douglas, hovudstaden i Isle Of Man, ein liten holme i Irskesjøen. Barry Gibb er kjend for at han, saman med brørne Robin og Maurice, starta pop- og discobandet Bee Gees på siste halvleiken av sekstitalet. Hjå meg kan Gibb si falsettrøyst høyrast på konsertplata One Night Only, spela inn i kasinometropolen Las Vegas og slept laus på platekjøparane i 1998. I 1948 vart Russell Kunkel fødd i stålbyen Pittsburgh i Pensylvania. Trommeslagaren Russ Kunkel er ein vidgjeten studiomusikar som hjå meg kan høyrast medan han held takten på Bob Dylan-plata Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973, og på Neil Young si plate Zuma frå 1975, i tillegg til plata The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, og Jackson Browne si plate Lawyers In Love frå 1983. I 1955 kom Bruce D. Foxton til verda i engelske Woking. Bruce Foxton er best kjend for å ha spela bass i det engelske modbandet The Jam, og skal i dag ha skværa opp i det som han og sjefen sjølv, Paul Weller, var usams i, noko som gjev von om fruktbart samarbeid i framtida. Hjå meg kan Foxton sitt basspel høyrast på samleplata Beat Surrender frå 1993. I 1957 vart Gloría Maria Milagrosa Fajardo García de Estefan fødd i Havanna på Cuba. Songerinna Gloría Estefan har seld meir enn nitti millionar plater verda over og er grossist i Grammy- og Lation Awards. Hjå meg kan Estefan høyrast på si sjuande studioplate, Destiny frå 1996. I 1960 vart Richard Keith Lewis fødd i London. Cass er medlem av det engelske bandet Skunk Anansie og kan høyrast på platene Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chill, som kom på marknaden i 1999. I 1963 vart Bryan Grant Phillips fødd i Stockton i California. Grant-Lee Phillips slo gjennom med gruppa Grant Lee Buffalo og plata Fuzzy i 1993, i dag turnerar han under eige namn, stundom aleine med gitaren, stundom med eige band. Hjå meg høyrer du Phillips på platene Fuzzy (1993), Mighty Joe Moon (1994) og Jubilee (1998). I Stockhom kom Eva Ann-Ida Schultz til verda. Gitaristen og songerinna Idde Schults sitt bidrag til mi platehylle er bakgrunnsvokal på Imperiet si plate Synd frå 1986. I 1969 platedebuterte Nick Drake med Five Leaves Left. I 1975 vart Omar Alfredo Rodríguez-López fødd i Bayamón i Puerto Rico. Multiinstrumentalisten Omar Rodríguez-López, med base i den mykje omskrivne grensebyen El Paso i skytegale Texas, spelar gitar i The Mars Volta, og er storebror til tangentmannen Marcel i same band. I mi platehylle kan Rodríguez-López høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1976 kom Scott Hoffman til verda i oljebyen Houston i skytegale Texas. Multuinstrumentalisten Babydaddy er best kjend for ville sprell i Scissor Sisters og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 2004. Frå 1984 hugsar mange dagen for at Motörhead slepte singelen Killed By Death/Under The Knife, andre var gjerne tilstades då Toy Dolls gjekk på scenen på Oddies i Oldham. I 1987 kom R.E.M. med plata Document. I 1989 gav Mano Negra ut plata Puta’s Fever. I 2001 platedebuterte Kaizers Orchestra med den storselgjande plata Ompa Til Du Dør.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar