23.09.2017

Tjuetredje september

Tjuetredje september 1926 kom saksofonisten John William Coltrane til verda i Hamlet i North Carolina. Eg er den lukkelege eigaren av platene Olé Coltrande frå 1962 og Cresent frå 1964, sistnemnde utgjeve under signaturen John Coltrane Quartet. Coltrane kan også høyrast på Miles Davis si plate Kind Of Blue frå 1959, og medan han spelar saksofonsolo på plata Someday My Prince Will Come, som same artist gav ut i 1961. Coltrane døydde i 1967. I 1928 vart Frank Foster fødd i Cincinatti i Ohio. Foster sitt saksofonspel var ofte å høyre i Count Basie sitt band og kan hjå meg høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. Foster døydde i 2011. I 1947 vart Neal Smith fødd i Akron i Ohio. Smith var i gamle dager trommeslagar i Alice Cooper Group og hjå meg høyrer du han i taktfast driv på platene School’s Out, som kom på marknaden i 1972, og på Billon Dollar Babies frå 1973, samt på den obskure og høgst uoffisielle konsertplata Nobody Likes Me, som skal vere frå ein konsert Alice Cooper Group heldt i Toronto i 1969, og sjølvsagt samleplata The Beast Of Alice Cooper. I 1959 kom Martin George Page til verda i den engelske hamnebyen Southampton. Bassisten Martin Page er best kjend som studiomusikar og kan mi platehylle høyrast på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1961 kom bassisten Anders Jørgen Grønneberg til verda i Fredrikstad. Anders Grønneberg sine karrierehøgdepunkt er å høyre for bandet CC Cowboys, og hjå meg er høgdepunkta samla på samleplata Ekko CC Cowboys Beste. I 1964 vart Ivar Christian Eidem fødd. Ivar Eidem kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard på to dei to studioplatene, Flowerground (1989) og Itchy Bitchy (1990), som Matchstik Sun slepte i si karriere. I 1968 kom Cato Bekkevold til verda i Oslo. Sportsfiskaren Bekkevold livnærer seg som trommeslagar i Enslaved og kan hjå meg høyrast medan han held takten på studioplatene Vertebrae (2008) og Axioma Ethica Odini (2010). I 1972 vart Christopher Higgins fødd ein stad i USA. Musikaren kjend som X-13 var ein del av The Offspring i tida frå 1994-2005 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Americana (1998), Conspiracy Of One (2000) og Splinter frå 2003. I 1974 døydde Robbie McIntosh. I 1977 slepte The Clash singelen Complete Control, som nådde ein tjueåttandeplass på dei engelske singellistene. I 1983 spelte Jimmie Ray Vaughan And Double Trouble på ein stad kalla The Pallace i Hollywood. Songane Testify, Mary Had A Little Lamb og Wham frå denne konseren har fått plass som bonus spor på kompaktplate versjonen av Texas Flood. På Durham University spelte Toy Dolls i levande live. I 1985 gjorde 10 000 Maniacs sin debut på eit av dei store plateselskapa. Det var Electra som slepte den kritiskarroste The Wishing Chair. I 1991 slepte Primal Scream plata Screamadelica. Dette var bandet si tredje studioplate. Og The Pixies slepte kritikarroste Trompe Le Monde, som var bandet si fjerde studioplat. I 2003 slepte Dwight Yoakam plata In Others Words, som var ei samleplate med Yoakam sine tolkingar av andre artistar sine songar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar