19.09.2017

Nittande september

Nittande september 1933, det var ein tysdag, var Blind Willie McTell og partnaren Curly Weaver i studio i New York City og spela inn songane Love Makin’ Mama #1, Love Makin’ Mama #2, Death room Blues #1, Death Room Blues #2, Death Cell Blues, Lord Send Me An Angel #1 og Lord Send Me An Angel #2. Alle songane finn du på den doble samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1941 kom Ellen Naomi Cohen til verda i Baltimore i Marryland. Songerinna Cass Elliot, også kjend som Mama Cass, var ein av grunnleggjarane av The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Mama Cass høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Elliot døydde i 1974. I 1942 vart Ray Cooper fødd i engelske Watford. Trommeslagaren Cooper sine bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han held takten for Rod Stewart på plata Smiler (1974), Carly Simon på samleplata The Best Of Carly Simon (1975), og for Eric Clapton på den akustiske konsertplata Unplugged frå 1992. I 1946 fekk verda nok ein trommeslagar, for då vart John Coghlan vart fødd i Dulwich i London. Coglan heldt takten for Status Quo frå tidleg på sekstitalet og fram til 1981. Coghlan var også med då Quo-kollega Allan Lancaster starta The Bombers, men gav seg i god tid før dei starta innspelinga plata Aim High, som er The Bombers sitt bidrag til mi platesamling. Hjå meg kan Coglan høyrast på Status Quo sine samleplater 12 Gold Bars (1980) og 12 Gold Bars II (1984). I 1947 kom Laurence Neil Crem til verda. Lol Crem er best kjend som gitarist i det engelske bandet 10cc. I 1951 vart produsenten Daniel Lanois fødd i Hull i canadiske Quebec. Lanois har bidrege på ei rekkje plateproduksjonar og kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. I 1952 kom gitaristen Nile Gregory Rodgers til verda i New York City. Den mykje nytta studiomusikaren Nile Rodgers kan i mi platehylle høyrast medan han spelar gitar på The B52s si studioplate Cosmic Thing frå 1989, på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995, i tillegg til låta I’m A Scientist på The Dandy Warhols si studioplate Welcome To The Monkeyhouse frå 2003. I 1957 vart Rusty Egan fødd i London. Trommeslagaren Egan har ei fortid i The Rich Kids, hjå meg høyrer du han på utvalde spor på Phil Lynott si plate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1958 vart Carmelita Rossanna Ford fødd i London. Runawaysgitaristen Lita Ford, som saman med Joan Jett er dei einaste av Runawaysmedlemmene som har hatt ei karriere etter at bandet vart oppløyst, vert rekna som ei av verdas beste kvinnelege hardrockgitaristar og kan i mi platesamling høyrast på songen Sunset And Babylon frå W.A.S.P si samleplate First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1963 kom Jarvis Branson Cocker til verda i den engelske stålbyen Sheffield. Jarvis Cocker var frontmann i det klassemedvitne britpop-bandet Pulp og kan hjå meg høyrast på plata Different Class frå 1995. I 1971 kom Paul Winter-Heart til verda i Hammersmith i London. Trommeslagaren Paul Winterheart spelar til dagleg i Kula Shaker og kan hjå meg høyrast på plata Peasants, Pigs & Astronauts frå 1999. I 1976 kom Jannicke Larsen til verda. Larsen er vokalist og pianist i den bergenske jentevisepoptrioen Ephemera og kan hjå meg høyrast på platene Glue (1996) og Air (2003). I 1985 kunne Toy Dolls høyrast medan dei rocka amerikansk-inspirerte Stars and Stripes i Carlisle. I 1986 kunne dei same Toy Dolls opplevast i Bridgewater Art Centre. I 1988 gav Anthrax ut plata State Of Euphoria same dag som Janet Jackson slepte si fjerde plate, Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814, som skulle toppe albumlista Billboard 200 og har seld i meir enn fjorten millionar eksemplar. I 1990 innleia Iron Maiden UK Inter City Express Tour. Togturen vara til attande oktober. I 1995 slepte Dreat Theater plata A Change Of Season, dette er ein EP med mykje konsertopptak med spanandes versjonar av andre sine låtar. I 2000 gav Madonna ut plata Music. I 2004 gav det sjarmerande og utruleg energiske bandet Trick-Babys, med vokalist Lynne Von i spissen, ut plata Player som stadig vekk vert plukka fram frå mi platehylle for ei god lyttaroppleving. I 2005 kunne ein kjøpe danske Mew si fjerde studioplate And The Glass Handed Kites. I 2008 døydde Earl Palmer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar