31.03.2010

Trettifyrste mars

Trettifyrste mars er det Angus Young dag for alle tilhengjarar av ekte gitarbasert hardrock. På denne dagen i 1955 vart AC/DC-gitarist og rockegnom Angus McKinnon Young fødd i den falleferdige skotske storbyen Glasgow. Angus er kjent som den alltid like energiske og hardtarbeidande sologitaristen og det sjølvsagte midtpunktet på ein AC/DC konsert. Fråhaldsmannen Angus er også midtpunkte på alle platene AC/DC har spela inn sidan 1974. Med feite riff og drivande soloar er han bindeleddet mellom solid komp frå storebror Malcolm og resten av bandet, og den hese vokalen til vokalist Brian Johnson. Eg er stolt eigar av meir enn ei handfull AC/DC-plater og videoar og tek gjerne fram luftgitaren på seine kveldar. I 1984 var Toy Dolls utanlands igjen og spelte sin fyrste konsert i Nederland, det skjedde på Simplon i Groningen. I 1986 stod Twisted Sister på scenen i det som var den tida sitt fyrsteval for store konsertar i Noreg, Drammenshallen, oppvarmar var UFO og underteikna var sjølvsagt tilstades.

29.03.2010

Tjueniande mars

Tjueniande mars 1982 er ein merkedag for alle tilhengjarar av grom hardrock, då vart forrykande The Number Of The Beast slept laus på uskuldinge platekjøparar, og dei langhåra mennene som spelar og syng er sjølvsagt bandet som kallar seg for Iron Maiden. På same dato i 2002 var den moderne hippien Manu Chao på scenen i den meksikanske hovudstaden Mexico by. Det må vere lov å tru at dette var eit forrykande show i den gamle aztekarbyen.

28.03.2010

Tjueåttande mars

Tjueåttande mars 1972 spelte Elvis Presley inn Burning Love. Bakgrunnsvokalen var ved J.D. Sumner og The Stamps. I 1983 var Dingwalls i Newcastle vertskap for kveldens Toy Dolls-konsert. I 1987 var Toy Dolls i Brest for å spele i Salle Les Hes Pertides.

27.03.2010

Tjuesjuande mars

Tjuesjuande mars 1942 kom Gasolin-bassisten Wili Jönsson til verda og eg tykker dette er ein passande stad å nemne at eg har dei fleste Gasolin-platene og trivst med det. Eg trur This Is My Life var den fyrste Gasolinsongen eg høyrde ein gong på syttitalet, i dag er det nok andre songar eg set minst like stor pris på, men det er likevel inga tvil, det er mitt liv. I 1962 var Elvis Presley i studio på denne dagen og song om eit brev han fekk attende frå postmannen. The Jordanairs stod for musikken på songen som heiter Return To Sender. I 1978 slepte Lynyrd Skynyrd singelen You Got That Right. I 1987 stod Toy Dolls på scenen i Salle Communale i Saint Gilles. I 2000 forlet ein av dei store syttitalsikona, Ian Dury, denne verda etter ei tids sjukdom. Den polioramma rockaren var aktiv til det siste og vert sakna av alle oss som er glad i Sex, Drugs & Rock’n Roll. Songen med same namn kan høyrast på plata New Boots And Panities som kan lånast av underteikna om du ikkje har pengar til å kjøpe ho sjølv.

26.03.2010

Tjuesjette mars

Tjuesjette mars 1948 kom vokalist i Aerosmith Steven Taylor til verda og fekk namnet Stephen Victor Tallarico. Taylor er for mange betre kjend for å ha større lepper enn Mick Jagger og for å ha ei dotter som er finare enn Mick Jagger si, enn for sjølve synginga si, som til tider kan vere ganske anstrengandes. Dette er likevel mannen bak hits som Walk This Way og Sweet Emotions og skal heidrast for det. I 1972 spela Mott the Hoople på ein trasig klubb i nærleiken av den sveitsiske bankbyen Zürich. Konserten er framheva som eit vendepunkt i Mott the Hoople si karriere og songen Ballad Of Mott skal handle om denne hendinga. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på Club Avcard i franske Tours. I 1988 slepte Iron Maiden singelen Can I Play With Madness. Singelen storma inn på tredjeplass og var fyrste av fire topp ti singlar frå plata Seventh Son Of A Seventh Son. Same kveld var Toy Dolls i idylliske Linköping og underheldt frammøtte svenskar på Arris.

24.03.2010

Tjuefjerde mars

Tjuefjerde mars 1975 kunne dei som var interessert i slikt kjøpe Lynyrd Skynyrd si plate Nuthin’ Fancy, som inneheldt mellom anna Saturday Night Special som også kan høyrast på The Essential Lynyrd Skynyrd som står i mi platehylle. I 1979 var dette dagen Motörhead slepte den hardtslåande plata Overkill laus på folket. Eg innrømmer at denne plata har passert fingrane mine og her trengs det skjerping, men dei fleste låtane er nok representert på fleire samleplater og eg ser ikkje bort frå at originalen vert handla inn snart. I 1981 var Toy Dolls på plass og rocka for dei frammøtte i Working Mans Club i Kelloe. I 1987 hadde dei same karane i Toy Dolls teke turen over kanalen og kunne opplevast på Rex i Paris. I 1988 var det ganske sikkert høg stemning når Toy Dolls underheldt studentar og andre på Smallands Nation i universitetsbyen Lund.

23.03.2010

Tjuetredje mars

Tjuetredje mars 1960 kom Elvis Presley sin fyrste singel etter avtent militærteneste i Tyskland. Stuck On You nådde fyrsteplassen i USA, men nådde aldri høgare enn nummer tre i den viktigaste marknaden på denne sida av blyåmyra, England. Eit år seinare, i 1961 var same Elvis Presley i studio og gav evig liv til Can’t Help Falling In Love. Musikken var ved The Jordanairs. Spolar vi fram til 1988 er dette datoen Toy Dolls kunne opplevast på Underground i svenske Vaxlo.

22.03.2010

Tjueandre mars

Tjueandre mars 1957 var All Shook Up i platehyllene. Artisten som stod for underhaldninga var ein ung Elvis Presley og plata klatra heilt til fyrsteplassen, ni veker i USA, sju i England. I 1980 nytta Birmingham sin store son, Ozzy Osbourne, denne dagen til å byrje innspelinga av albumet Blizzard Of Oz. Bandet bestod av gitaristen Randy Rhoads, Bob Daisly på bass medan Lee Kerslake sat bak trommene. I 1981 kunne Toy Dolls opplevast i Durham, frå scenen i West Cornforth Club. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å innleie den europeiske delen av Beast on the Road turneen og trettitre konsertar venta metallhungrige europearar. I 1988 stod Toy Dolls på scenen på Oden i Karlskrona.

20.03.2010

Tjuande mars

Tjuande mars 1960 var The Jordanaires i studio og hjelpte Elvis Presley med å skape godlyd under innspelinga av Stuck On You. Samstundes var fru MacDonnell i barselseng, avkommet James er kjent som Slim Jim Phantom og trakterte trommene i rockabillygruppa Stray Cats. I 1969 var Neil Young og Crazy Horse i Wally Heider Recording Studios og spela inn songen om kaneljenta, Cinnamon Girl. Platene Everybody knows this is nowhere og Greatest Hits er rett stad å leite for dei som vil låne øyret til denne slagaren. På denne tidlege vårdagen i 1982 var Toy Dolls enno ein gong på plass i South Shields for å spele på Shore Line.

19.03.2010

Nittande mars

Nittande mars 1962 var Elvis Presley i studio og song inn She’s Not You. Med seg for å skape litt triveleg bakgrunnsmusikk var evigunge The Jordanaires. I 1982 var dette ein tragisk dag då mange hugsar at den unge og teknisk eminente Ozzy Osbourne-gitaristen Randy Rhoads døyde. Rhoads var i sine yngre dagar med å starte bandet Quiet Riot og før han gjekk bort rekte han å skape grom gitarlyd på Ozzy-platene Blizzard Of Oz og Diary Of A Madman. Ozzy si liveplate Tribute, der Rhoads også trakterte gitaren, kom på plass i platehyllene posthumt.

18.03.2010

Attande mars

Attande mars 1967 slepte ein ung Jimi Hendrix, med bandet Experience i ryggen, singelen Purple Haze som klatra så høgt som til fjerdeplass på dei engelske listene. I 1969 nytta den same Jimi Hendrix dagen til å gå i studio og spele inn ein av sine mest kjende songar, Star Spangled Banner. I 1971 nytta The Who datoen til å reise til New York for å gå i gang med innspelinga av Getting In Tune. Songen hadde eigentlege arbeidstittelen I’m In Tune. Dei tok seg også tid til å spele inn det som vart originalversjonen av Behind Blue Eyes. Frå 1978 hugsar me AC/DC sin opptreden på skotsk fjernsyn der dei rocka seg gjennom Riff Raff, Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog, Bad Boy Boogie, Let There Be Rock og (I’m A) Rocker. Me som ikkje fekk inn skotsk fjernsyn på syttitalet har i dag fått høve til å nyta dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock frå tyske Falkon Neue Medien.

17.03.2010

Syttande mars

Syttande mars 1971 var ei av tidenes beste rockegrupper, The Who, i Record Plant studio i New York for å spele inn songane Pure And Easy, Baby, Don’t You Do It og ein alternativ versjon av Behind Blue Eyes, dei byrja også innspelinga av låta Love Ain’t For Keeping. Alle songane er tilgjengeleg på plata Who’s Next. I 1983 var Toy Dolls invitert til Royal Banquet Hall i badebyen Whitley Bay for å underhalde og eg vert ikkje forundra om stemninga stod i taket. I 1985 var det engelske metallbandet Iron Maiden på plass for å spele i Long Beach Arena i California for fjerde kvelden på rad.

16.03.2010

Sekstande mars

Sekstande mars 1971 var Pete Townshend og dei tre andre i The Who i studio og spelte inn det som er blitt ein av fleire signaturlåtar for gruppa, Won’t Get Fooled Again, som i tillegg til ei røys med samleplater kan høyrast på Who’s Next. I 1982 fekk den alltid like velkledde oktetten Madness notert ein fjortandeplass på listene for singelen Cardiac Arrest og i 1985 var Iron Maiden på scenen i Long Beach Arena i California og spelte sin tredje utselde konsert på like mange kveldar.

11.03.2010

Ellevte mars

Vi skriv ellevte mars. På denne dagen i 1955 vart den tyske punkdronninga Nina Hagen fødd som Catharina Hagen i det dåverande DDR, nærare bestemt i Aust-Berlin. Kunstpunkdronninga har seinare gjeve oss ei mengd plater og hjå meg finn ein det best samla på The Very Best Of Nina Hagen. Nina Hagen har også lånt bort røysta si til fleire tyskspråklege versjonar av amerikanske teiknefilmar. På denne dagen i 1984 spelte Toy Dolls på Shineyrow Club i Sunderland.

10.03.2010

Tiande Mars

Tiande mars 1957 tilstod Elvis Presley at (Now and then there’s) A Fool Such As I. Amerikanarane tok i mot tilståinga til ein andreplass, i England vart det tre veker på topp. I 1980 stod Wine Loft i Sunderland som vertar for Toy Dolls for andre gong. I 1989 rocka Neil Young laus i studioet The Barn i Woodside i California. Resultatet vart Rockin’ in the free world og kan høyrast på plata Freedom i tillegg til mellom anna Greatest Hits.