30.04.2012

Trettiande april

Trettiande april 1933 kom countryartisten Willie Nelson til verda med fullt namn Willie Hugh Nelson. Etter som eg ikkje er verdas største countryfan, har Nelson fram til no berre vore representert med ei samling av det beste han gjorde med kvartetten Highwayman, der han song i lag med stjernelaget Johnny Cash, Kris Kristoferson og Waylon Jennings, men no er plata Stardust frå 1977 kjøpt inn. Stardust vart spela inn med Booker T. Jones, mest kjend frå eit av verdas beste backingband, Booker T. & The MGs, bak spakane, og med mellom anna verdas beste kordame Emmylou Harris med i studio. I 1948 fekk verda gitaristen Wayne Kramer. Kramer, som har vore innom Rolling Stone Magazine si topp hundre liste over verdas best gitaristar, kan i mi platesamling høyrast medan han bråkar i det amerikanske bandet MC5. I 1957 var dette dagen verda fekk endeleg fekk stifte kjennskap til Elvis Presley sin legendariske versjon av Jailhouse Rock frå filmen med same namn. Musikken var sjølvsagt ved husbandet The Jordanairs. I 1968 kom Paolo Xisto Pinto Jr. til verda i solrike Belo Horizonte i Brazil. Paolo Jr. er bassist i Sepultura og er i dag einaste originalmedlem som er att i bandet. Sundag trettiande april 1978 vart Brett Detar fødd i Pensylvania. Detar var gitarist i Zao og kan høyrast på plata Where Blood And Fire Bring Rest frå 1998. Same dag spela Cheap Trick andre og siste konsert av det som skulle ende opp som den trippel platina seljande konsertplata Cheap Trick At Budokan. Og på andre sida av jorda kunne AC/DC opplevast i levande live på The Apollo, i det som er fødebyen for dei to gitarspelande brørne Young, Glasgow i Skotland. Klassikarane Rock’n Roll Damnation, Dog Eat Dog og Let There Be Rock kan både høyrast og sjåast på dobbel DVD’en Plug Me In, som over to plater oppsummerar to vokalistar sitt arbeid for bandet. Riff Raff og Fling Thing/Rocker frå same kvelden må nytast på DVD-plata Family Jewels der ein også finn Rock’n Roll Damnation. I 1983 døyde Muddy Waters. I 1988 fekk dei frammøtte i Projeto SP i Sao Paolo sjå Toy Dolls sin andre konsert av fire på like mange dagar i same lokalet.

29.04.2012

Tjueniande april

Tjueniande april 1958 spelte Count Basie med storband inn songen Fair And Warmer med solistane Benny Powel, trombone, og Billy Mitchell på tenorsaksofon. I 1966 var The Byrds i studio og spela inn Mr. Spaceman og What’s Happening?!?!, for bruk på plata Fifth Dimensjon. I 1973 kom Mike Hogan til verda i Limeric i Irland. Bassisten Hogan er ein kjent restaurantør i heimbyen, men hjå meg er det på dei to The Cranberries-platene Everybody Else Is Doing It So Why Can’t We (1993), og To The Faitful Departed (1996) ein finn merittane hans. I 1988 var Toy Dolls i Sao Paolo for å spele på Projeto SP. Dette var fyrste av fire konsertar på rappen i same lokalet. I 1993 døyde ein av mine store heltar, gitaristen Mick Ronson av kreft i levera. Ein av verdas beste rockegitaristar var borte for alltid. Eg var heldig og fekk sjå og høyre Ronson saman med Ian Hunter og band på Maxime i Bergen i 1989. Konserten vart omtala som ein av dei beste i Bergen til då og er framleis ein av dei beste konsertane eg har vore på. Perler frå heile Hunter/Ronson samarbeidet, inkludert Mott The Hoople-æraen, kom som perler på ein snor. Irene Wild, All The Young Dudes og Just Another Night er høgdepunkta eg hugsar best. I 1996 gav irske The Cranberries ut plata To The Faithful Departed. Plata var bandet si tredje og resulterte i fem singelplater. I 1997 slepte Lynyrd Skynyrd plata Twenty, der den tidlegare trommevikaren Rickey Medlock var attende i bandet, som fast medlem og på gitar denne gongen. Tittelen refererar til at det var tjue år sidan flyulukka som tok livet av to av dei originale bandmedlemmene. I 2003 platedebuterte Yeah Yeah Yeahs med Fever To Tell, som sikra dei ein Grammy-nominasjon i klassen for beste alternativalbum, og som har selt i meir enn ein million eksemplar. I 2011 spelte The Stranglers ein uforglemmeleg konsert på Ole Bull Scene som ein del av festivalen Bergenfest i Bergen. Seinare på kvelden var Glen Matlock og bandet The Phillestines og underheldt på Garage, også det i Bergen.

28.04.2012

Tjueåttande april

Tjueåttande april 1947 vart jazzgitaristen Steve Kahn fødd i Los Angeles i California. Kahn si merittliste er lang, men hjå meg kan han høyrast på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1952 kom Charles Alfred Leavell til verda i Birmingham, Alabama. Chuck Leavell vert rekna som ein av verdas fremste pianistar og har spela med både The Allman Brothers Band og Rolling Stones. Hjå meg kan Leavell høyrast medan han trakterar tangentane på plata Hot Number, som The Fabolous Thunderbirds gav ut i 1987, og på Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992. I 1953 vart Kim Althea Gordon fødd i Rochester i delstaten New York. Kim Gordon er best kjend som bassist og vokalist i det amerikanske alternativbandet Sonic Youth, som ho var med å grunnleggje i 1981, og som prydar platehylla mi med platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street frå 2002. I 1958 nytta bandleiaren Count Basie dagen til å ta med seg bandet i studio og spela inn Moten Swing, solistar var Frank Wess på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. I 1960 var Elvis Presley i studio og spelte inn sin versjon av songen Wooden Heart. I 1961 fullførde Johnny Cash innspelinga av My God Is Real, som i tillegg til Hymns From The Heart kan høyrast på plata God frå 2000. I 1978 var Cheap Trick i Tokyo og gjorde den fyrste av to konsertar som vart miksa saman til den legendariske konsertplata Cheap Trick At Budokan. I 1983 nytta Iron Maiden dagen til og sleppe singelen Flight Of Icarus. Songen om mannen med fuglefjør på armane klatra til ellevteplassen på listene.

27.04.2012

Tjuesjuande april

Tjuesjuande april kom Thomas Koppel til verda i ein svensk flyktningeleir. Seinare var Koppel med å starte det danske bandet Savage Rose. Saman med bandet sin vokalist, Anisette, ofra Koppel seg for fredsarbeid. Koppel døyde under ei feriereise til Puerto Rico i 2006. I 1947 fekk verda trommeslagaren James Lee Keltner. Jim Keltner frå Tulsa i kvegstaten Oklahoma er studiomusikar, han vert rekna som ein av verdas beste i sin bransje og heldt mellom anna takten for Bob Dylan på plata Pat Garrett & Billy The Kid, som var lydsporet frå filmen med same namn, og på platene Shot Of Love frå 1981 og Time Out Of Mind som kom på marknaden i 1997. Rytmesikre Keltner held også takten for Alice Cooper på plata From The Inside frå 1978, på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og for Stones-mannen Mick Jagger på soloplata Wandering Spirit frå 1993, og var eit opplagt val då Rufus Wainwright platedebuterte med ei sjølvtittelert plate i 1998. I 1948 kom Kate Pierson til verda og fekk tildelt fullt namn Cathrine Elisabeth Pierson i New Jersey. Pierson er vokalist og originalmedlem i B52s, ho kan også høyrast som den kvinnelege bakgrunnsvokalen på fleire plater med R.E.M og låta Chop Suey av Ramones. I 1951 kom den originale Kiss-gitaristen Ace Freley til verda som Paul Daniel Freley. Freley spelte gitar i Kiss frå starten av karrieren til 1982. Han gjorde i tillegg eit etterlengta come back i 1996 og heldt den gongen ut med bandet til 2002. I tida utan Kiss har ”Space Man” pleia ei solokarriere med sitt eige band, Freley’s Comet, som enno ikkje har fått plass i mi platehylle. I 1957 vart den engelske musikaren Adrian Utley fødd i Northampton. Utley er best kjend for arbeidet med Portishead og kan hjå meg høyrast på platene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1959 kom Marco Francesco Andrea Pirroni til verda i Camden Town. Marco Pirroni spelte gitar i den andre utgåva av Adam & The Ants og kan hjå meg høyras på samleplata Dandy Highwaymen. Han kan også høyras på Sinéad O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990. I 1961 gjekk Johnny Cash i studio og hadde fyrste innspelingsdag for My God Is Real. Innspelinga vart fullførd dagen etter og enda opp på plata Hymns From The Heart. Produsentar var Don Was og Frank Jones. I 1964 var dette fyrste innspelingsdag, av to, for plata Cresent av John Coltrane Quartet. I 1976 vart Isobel Campbell fødd i den skotske storbyen Glasgow. Campbell er kjend som Belle i bandet Belle & Sebastian, eit band ho forlét i 2002. Ho er i dag ein mykje nytta artist og kan hjå meg høyrast medan ho spelar Cello på B&S-plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1998 gav svenske Dark Funeral ut si andre plate Vobiscum Satanas, som jamnt over fekk gode kritikkar i den internsjonale metallpressa. I 2010 slepte 1349 plata Demonir på selskapet Prosthetic Records.

Tjuesjette april

Tjuesjette april 1940 spelte ein særs produktiv Woodie Guthrie inn songane Talking Dust Bowl Blues, Blowin’ Down This Road, Do Re Mi, Tom Joad og Dusty Old Dust (So Long It’s Been Good To Know Yuh). Alle songane hadde folklegenda komponert sjølv og dette var dei fyrste innspelingane han gjorde for RCA Reccords. I 1961 kom journalisten og fotballspelaren Knut Nesbø til verda. Nesbø er vetlebror av meir kjende forfattar Jo, og er gitarist i bandet Di Derre. I 1971 bydde kvelden på konsert med The Who på The Young Vic Theatre i London. Seansen vart festa til ljodband og songane Naked Eye og Water kan høyrast på nyugjevne versjonar av plata Who’s Next. I 1982 nytta Iron Maiden dagen til å sleppe singelen The Number Of The Beast, som meir enn tjue år seinare framleis står som sjølvaste signaturlåten for det høgtflygandet hardrockbandet. I 1984 døyde Count Basie. I 1994 gav Johnny Cash ut plata American Recordings, den fyrste plata i ein serie som etter kvart tel seks i talet. Produsent for denne plata med amerikanske var meisterprodusenten Rick Rubin, og dette var plata som revitaliserte den aldrande og fallerte Cash si karriere. I 2007 slepte Tori Amos plata American Doll Posse, dette var hennar niande studioplate og den siste på eit stort plateselskap.

25.04.2012

Tjuefemte april

Tjuefemte april 1917 vart den amerikanske jazzsongarinna Ella Jane Fitzgerald fødd i marinebyen Newport News i Virginia. Ella Fitzgerald var ein høgt skatta jazzartist som kunne la røysta klatre over tre oktavar, og som hausta ei rekkje Grammy-statuettar. I mi platehylle finn du også ei av platene ho gjorde i samarbeid med den like vidgjetne jazztrompetisten Louis Armstrong. Fitzgerald døyde i 1996. I 1945 vart Björn Kristian Ulvaeus fødd. Ulvaeus er meste kjend for å vere ein av grunnleggarane av ABBA og for samarbeidet sitt med Benny Andersson som i tillegg har resultert i musikalar som mellom anna Chess. Mindre kjend er det at Stuart Alden Cook kom til verda. Dette skal ha skjedd i El Cerrito i California. Stu Cook sitt musikalske bidrag til denne verda er helst knytt til den perioden han var bassist i Creedence Clearwater Revival. I 1950 kom trommeslagar Stephen Ferrone til verda i den engelske badebyen Brighton. Driftige Steve Ferrone var trommis for Average White Band frå 1974 til 1982, han har i tillegg spelt med store artistar som Tom Petty, Slash, Duran Duran og Chaka Kahn. I mi platehylle er det på samleplata The Best Of Average White Band, i tillegg til platene Cosmic Thing (The B-52’s (1989)), Eric Clapton si konsertplate Unplugged frå 1992, og Unchained, som Johnny Cash gav ut i 1996, han kan høyrast. I 1958 vart Derek William Dick fødd i Skotland. Fish var i mange år vokalist i Marillion og kan hjå meg høyrast på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 1983. I 1962 vart Lars Georg Christian Falk fødd. Christian Falk var bassist i Imperiet. I 1965 kom Eric Adam Avery til verda i Los Angeles. Eric Avery var bassist i Jane’s Addiction, han har også lånt ut tenestene sine til Alanis Morissette og kan høyrast på plata So-Called Caos frå 2004. I 1973 vart Nicholas Howard Barker fødd i Chesterfield. Trommeslagaren Nicholas Barker var ein av grunnleggjarane av Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på debutplata Principle Of Evil Made Flesh frå 1994. Barker har også vore innom norske Dimmu Borgir. I 1994 gav Blur ut si tredje studioplate, Parklife. I 1995 platedebuterte Diana King med Tougher Than Love. I 2000 kom Barry White med samleplata The Ultimate Collection.

24.04.2012

Tjuefjerde april

Tjuefjerde april 1944 vart plateprodusenten Anthony Edward Visconti fødd i Brooklyn i New York City. Tony Visconti har produsert fleire av David Bowie sine plater og på fleire av dei har han også spela med. Hjå meg kan Visconti høyrast på plata Space Oddity frå 1969, i tillegg til The Dandy Warhols si plate Welcome To The Monkey House frå 2003. I 1945 kom Douglas Clifford til verda i Palo Alto i California. Doug Clifford spelte trommer i Creedence Clearwater Revival. Same dag vart Doug Riley fødd i Toronto. Dr. Music kan hjå meg høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate Night Moves frå 1976. I 1947 kom bassisten Glenn Cornick til verda. Cornick livnærte seg som bassist i Jethro Tull frå starten i 1967 og fram til 1970. Hjå meg han høyrast på plata This Was frå 1968. I 1950 vart Robert Andrew Hyman til verda. Rob Hyman var ein av grunnleggarane av det amerikanske bandet The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1951 vart Blondie-bassisten Nigel Harrison fødd i Stockport i England. Harrison spelte med bandet frå 1977 til 1982 og kan høyrast på plata Parallel Lines frå 1978. Harrison var også tiltenkt rolla som bassist i eit attforeina Blondie, men vart utelaten i siste liten. Før dei gylne Blondie-åra spelte Harrison mellom anna med det engelske glamrockbandet Silverhead og mi samling byr på godbitane Silverhead’s First frå 1972 og 16 And Savaged frå 1973. I 1957 kom David John Haskins til verda i Northampton. David J. spelar bass i Bauhaus og i mi platehylle kan han høyrast på plata In The Flat Fields frå 1980. Same dag vart Boris Peter Bransby-Williams fødd i franske Versailles. Boris Williams slo seg saman med The Cure i 1984, eit samarbeid som vara til 1993, og mi platehylle byr på Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987. I 1963 kom William David Gould til verda i Los Angeles. Billy Gould er best kjend som bassist i San Francisco-bandet Faith No More, som herja listene for ei tid tilbake. I 1967 vart Magnus Grønneberg fødd i Fredrikstad. Grønneberg har herja dei norske platelistene med bandet C C Cowboys i ei årrekkje. I 1997 slepte Lisa Stainsfield si fjerde studioplate, ei plate som bar hennar namn.

23.04.2012

Tjuetredje april

Tjuetredje april 1936 kom den amerikanske artisten Roy Kelton Orbison til verda i småbyen Vernon nord i Texas. Roy Orbison var ein av pionerane i rock’n roll, men tok seg seinare ein lang tur ut av det energikrevjande rampelyset. Orbison dukka etter kvart opp som ein av medlemmene av supergruppa The Travelling Wilburys og fekk med det ein viss renesanse på tampen av karrieren. Orbison døyde av eit hjerteinnfarkt i 1988. I 1960 vart James Robert Talbot fødd. Saksofonisten Jamie Talbot kan hjå meg høyrast i godt driv på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997, og på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006. I 1965 vart John Paul McBain fødd i New Jersy. John McBain var gitarist for Hater på deira debutplate. I 1971 kom gitaristen Viggo Krüger til verda. Krüger var medlem av bandet Pogo Pops. I 1976 slepte Jethro Tull plata med den sjølvreflekterande tittelen Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die. I 1988 var dagen Iron Maiden-fansen endeleg kunne kjøpa plata Seventh Son Of A Seventh Son. Og det gjorde dei, plata debuterte med fyrsteplass på platelistene. I 1982 slepte The Clash singelen Know Your Rights, som klatra til ein førtitredjeplass på dei engelske singellistene. I 1991 vart datoen prega av at den tidlegare New York Dolls-gitaristen Johnny Thunders vart funnen daud, In Cold Blod, på eit hotellrom i New Orleans. Rykta og spekulasjonane om at gode gamle Johnny vart teken av dage for at nokon skulle kunne stikke av med alt dopen hans har heldt seg i livet fram til i dag, sjølv om det, som vanleg i slike saker, offisielt ikkje finst prov for at noko kriminelt har hendt den slitne rockaren.

22.04.2012

Tjueandre april

Tjueandre april 1935 kom Paul Laurence Dunbar Chambers Jr. til verda i Pittsburgh. Bassisten Paul Chambers, som voks opp i den ein gong så stolte bilbyen Detroit, kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på platene Kind Of Blue frå 1959, og Someday My Prince Will Come frå 1961. Chambers døyde i 1969. I 1936 vart Glen Travis Campbell fødd i Arkansas. Glen Campbell har livnært seg som skodespelar og programleiar på fjernsyn, men er best kjend som countrypopmusikar med slagarar som Rhinestone Cowboy. I 1937 vart Bernard Alfred Nitzsche fødd i Chicago. Jack Nitzsche er best kjend som komponist og produsent, men hjå meg kan pianospelet hans høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, og på Buffalo Springfield-veteranen Neil Young si plate Tonight’s The Night frå 1975. Nitzsche døyde i 2000. I 1949 hadde Miles Davis med seg eit stjernelag av musikarar beståande av J.J. Johnson på trombone, Sandy Siegelstein på fransk horn, John Barber på tuba, Lee Konitz på altsaksofon, Gerry Mulligan på barytonsaksofon, John Lewis på piano, Nelson Boyd på bass og Kenny Clarke på trommer. Dei spelte inn Venus De Milo, Boplicity, Israel og Rouge som alle kan høyrast på plata Birth Of The Cool. I 1950 vart Jesse Willard Carr fødd i motorsporthovudstaden Daytona Beach i Florida. Pete Carr er tett knytt til Muscle Shoals Rhythm Section og har spelt med eit utal av store namn. Hjå meg kan Carr høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band-plata Stranger In Town frå 1978, ei plate han også var med å produsere, og plata Against The Wind, som same mann og band slepte i 1980. I 1964 kom David Alexander Vincent til verda i ”Home Of The Hornetts”, Charlotte i North Carolina. Vincent nyttar mellom anna aliaset Evil D når han utførar gjerninga si som vokalist og bassist i Morbid Angel. I 1967 gav The Who ut singelen Pictures Of Lily. Songen, som visstnok handlar om masturbasjon, nådde fjerdeplass på hitlistene. I 1973 vart Brian Aubrey Marshall fødd i pensjoniststaten Florida. Bassisten Brian Marshall spelar til dagleg i Creed og kan hjå meg høyrast på plata Human Clay frå 1999.

21.04.2012

Tjuefyrste april

Tjuefyrste april 1943 kom Dennis Eugene McCrohan til verda i Oshawa i Canada. Kjent under artistnamna Denis Edmonton og Mars Bonfire er han best kjend for å ha skrive det som vert rekna som den fyrste ekte hardrocklåten, Born To Be Wild, som vart ein kjempehit for gruppa Steppenwolf etter at han vart nytta som filmmusikk i kultfilmen Easy Rider. I 1947 kom James Newell Ostenberg til verda i ein småby i Michigan. Under artistnamnet Iggy Pop har Ostenberg markert seg, fyrst som medlem av The Stooges, sidan med ei omfattande solokarriere. Eg eig plata Soldier frå 1980, ikkje Iggy Pop sitt sterkaste augneblink, men bra nok til at det fristar å utvide samlinga. I 1959 vart Robert James Smith fødd i tivolibyen Blackpool. Robert Smith er, sidan byrjinga i 1976, den einaste permanente medlemmen i bandet The Cure, der han, i tillegg til vokaljobben, har tent som låtskrivar, gitarist, bassist og tangentmann. Smith har også vore innom ein annan kjenning frå mi platesamling, Siouxsie & The Banshees, men er ikkje med på plata Tinderbox, som bandet slepte på denne dagen i 1986. I 1960 kom John Maher til verda i Manchester. Trommisen Maher sitt takfaste bidrag til mi platesamling finn du på Buzzcocks-samleplata Singles Going Steady. I 1986 slepte Siouxsie & The Banshees si sjuande studioplate, Tinderbox, ei plate som vart spela inn i den delte byen Berlin. I 1992 gav Beastie Boys ut plata Chech Your Head. I 1998 slepte Alannah Myles plata Arrival. I 2001 kom Stereophonics si tredje studioplate, Just Enough Education To Perform, på marknaden. I 2003 døyde Nina Simone. I 2008 gav The Batallion ut det som var deira fyrste full lengde studioplate, Stronghold Of Men. I 2010 døyde trubaduren og forfattaren Gustav Lorentzen av hjartestans under eit orienteringsløp. Lorentzen gav sidan 1970 ut elleve plater med duoen Knudtsen og Ludvigsen i samarbeid med Øystein Dolmen. Han har også skrive ei rekkje bøker, både for barn og vaksne. I mi platehylle står enno berre plata Juba Juba, fleire er på blokka.

Tjuande april

Tjuande april 1941 vart bassisten Timothy Lee Drummond fødd i Illinois. Tim Drummond har traktert bassen for fleire store artistar og hjå meg kan han høyrast på mellom anna Neil Young- platene Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (The Old Homestead) frå 1980, og på Bob Dylan-plata Shot Of Love frå 1981. I 1948 kom Craig Frost til verda i den ein gong så staselege industribyen Flint i Michigan. Mange knyt tangentmannen Frost til Grand Funk Railroad, men hjå meg kan han høyrast som ein del av Bob Seger sitt Silver Bullet Band. I 1950 kom Walter Carl Becker til verda i Queens. Gitaristen Walter Becker var ein av grunnleggjarane av Steely Dan. Hjå meg kan Becker høyrast i fint samspel med kompisen Donald Fagen. I 1970 kunne The Wonder Of You kjøpast som singel. Artisten var Elvis Presley og songen fekk seks veker på fyrsteplassen på dei engelske listene. I USA vart niandeplassen høgaste plassering for underet. I 1971 vart Michael Edward Welsh fødd i Syracuse. Mickey Welsh overtok etter Matt Sharp som bassist i Weezer, men slutta etter eit sørgjeleg mentalt samanbrott i 2001. Dei neste ti åra ofra Welsh seg for biletkunsten. Welsh døyde i 2011. I 1972 fekk den fruktbare reggeaartisten Bob Marley ein son, Stephen Robert Nesta Marley. Med tilnamnet Raggamuffin har unge Marley gjort karriere på eiga hand og som ein del av broren Ziggy sitt band The Melody Makers. I 1993 gav Primus ut plata Porc Soda, som var bandet si tredje plate og inneheld den utstyrteleg morosame songen My Name Is Mud.

19.04.2012

Nittande april

Nittande april 1944 var ordvulkanen Woodie Guthrie i studio i New York og spelte inn Talking Sailor, Grand Coulee Dam, New York Town, Who’s Gonna Shoe Your Pretty Little Feet, Mulle Skinner Blues og Biggest Thing Man Has Ever Done. Alle desse songane kan høyrast på samleplata Pictures Of Plenty. Original Recordings 1940-1947 som er Guthrie sitt einaste bidrag til mi platesamling. Guthrie sjølv spelte gitar og song på desse innspelingane, men for spesielt interesserte kan det opplysast at han vart assistert av Cisco Houston på både song og gitar på New York Town. I 1955 vart Andy Shernoff fødd i Queens i New York City. Shernoff var bassist i bandet The Dictators og kan høyrast på plata Go Girl Crazy frå 1975. I 1957 kom songaren Tony Martin til verda som Anthony Martin Harford. Martin gjorde fleire innspelingar saman med Tony Iomi i det som var restane av Black Sabbath og kan hjå meg høyrast på plata Iternal Idol. I 1979 var Ramones i studio og spelte inn demoversjonar av Danny Says, I’m Affected, Please Don’t Leave, All The Way, Do You Remember Rock’n Roll Radio?. Produsent i Sire Studio i New York var Ed Stasium og dei tidlegare uutgjevne innspelingane kan høyrast som tilleggsmateriale på plata End Of The Century. I 1993 døyde Steve Douglas. I 2002 vart Layne Stanley funnen daud i eigen heim. I 2005 døyde Stan Levey.

18.04.2012

Attande april

Attande april 1946 kom bassisten Tommy Shannon til verda i Tucson i Arizona. Shannon har ei fortid i blueslegenda Johnny Winter sitt band, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar i Stevie Ray Vaughan sitt band, Double Trouble, på platene In The Beginning, Texas Flood og The Best Of Stevie Ray Vaughan. I 1949 vart Andrew Powell fødd i London. Powell spelar keyboard for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I 1958 vart bassisten Leslie Pattinson fødd. Les Pattinson sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast når han opptrer som medlem av Ecco And The Bunnymen. I 1974 kom Mark Thomas Tremonti til verda i bilbyen Detriot. Mark Tremonti er gitarist i Creed og har vore kåra til årets gitarist av magasinet Guitar World tre år på rad. Hjå meg kan Tremonti høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1975 slepte ZZ Top plata Fandango. Plata, som var bandet si fjerde, er ei blanding av konsertopptak frå ulike konsertar og studioinnspelingar, fordelt på dei to sidene på det som originalt var ei langspelplate. I 1989 kom Pixies si andre studioplate, den fekk namnet Doolittle og selde nok til at bandet vart tildelt gullplate for produktet i 1995. I 1990 var det på tide å oppsummere The Bangles si karriere med ei Greatest Hits-plate. I 2001 døyde Billy Mitchell.

17.04.2012

Syttande april

Syttande april 1927 vart Addison Collins Jr. fødd i Pine Bluff i Arkansas. Junior Collins, som har spelt med Glenn Miller og Charlie Parker, kan hjå meg høyrast på samleplata Birth Of The Cool, som Miles Davis slepte i 1957. Collins døyde i 2010. I 1929 kom Hans Last til verda i tyske Bremen. orkestarleiar James Last har hatt jazzmusikk som leveveg sidan 1946 og har leia sitt eige orkester sidan 1948. Mykje av musikken hans er udødeleg og det hender ein kan spørja seg om mannen er det også. Hjå meg kan du høyre plata Last All Night Long. I 1943 vart Roy Estrada fødd i Santa Ana i California. Bassisten Estrada er ein av grunnleggjarane av Little Feat, har lang fartstid i det legendariske supportbandet til Frank Zappa, Mothers Of Invention, og hjå meg høyrer du basspelet hans på Ry Cooder si sjølvtittelerte debutplate frå 1970. Estrada sonar for tida ein lang pedofilidom. I 1954 vart gitaristen DeWayne McKnight fødd i Los Angeles. Mannen med kallenamnet Blackbyrd kan hjå meg høyrast på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1955 kom Andy Prieboy til verda i solrike Los Angeles. Prieboy fekk den lite takksame jobben med å erstatte Stan Ridgeway som songar i Wall Of Voodoo, ei oppgåva han takla med stor suksess. Hjå meg kan Prieboy høyrast på plata Happy Planet frå 1987. Same dag kom Peter Campbell McNeish til verda i Leigh i Lancashire. Pete Shelly var sjølvaste sjefen over alle sjefar i Buzzcocks, og både song og spelte gitar, i tillegg til å vere bandet sin hovudlåtskrivar. I 1967 vart Matthew Chamberlain fødd i Palo Alto i California. Matt Chamberlain er trommeslagar og har spelt mykje for Tori Amos. Amos-platene From The Choirgirl Hotel (1998), To Venus And Back (1999) og American Doll Posse frå 2007 byr på Chamberlain sitt trommespel. I 1982 er dette datoen Iron Fist kom på marknaden. Alltid like hardtrockande Motörhead var eksekutør for dette meisterverket.

16.04.2012

Sekstande april

Sekstande april 1946 vart den indianske musikaren Raymon Carlos Nakai fødd i universitetsbyen Flagstaff i fjella i Arizona. Fløytespelande Nakai sitt bidrag til mi platehylle heiter Canyon Triology og kom på marknaden i 1989. Plata byr på tradisjonell indiansk musikk frå Grand Canyon-området og var den fyrste i sin sjanger som selde til gull i USA. I 1947 kom trommeslagaren Lee Kerslake til verda i badebyen Bournemouth på den engelske sørkysten. Kerslake har lang fartstid i urrockarane Uriah Heep, som eg var så heldig at eg fekk sjå i levande live på Maxime i Bergen vinteren 1989, og som sjølvsagt er rikeleg representert i mi platesamling. Kerslake kan i mi platesamling også finnast bak trommesettet på fleire innspelingar med ein annan av mine store heltar, Ozzy Osbourne. Same dag vart Gerald Rafferty fødd i Paisley i Skotland. Gerry Rafferty produserte ei rekkje hits gjennom åra, både som soloartist og med bandet Stealers Wheel. Rafferty døyde i 2011. I 1952 vart Charles Jeremy Jankel fødd i Stanmore. Chaz Jankel er musikar som trakterte både gitar og keyboards for Ian Dury, hjå meg kan han i tillegg høyrast som hjelpevokalist på Nick Cave & The Bad Seeds si plate Nocturama frå 2003. I 1953 kom Peter Robert Garrett til verda i Sydney. Miljøaktivisten Peter Garrett var vokalist i Midnight Oil i bandet si mest aktive og kreative periode, men gjør seg i dag merkt som politikar og miljøvernar. I 1967 slepte Aretha Franklin singelen Respect, som toppa både pop- og R&B-listene. I 1969 spelte Grand Funk Railroad inn songane High On A Horse og Heartbreaker for bruk på plata On Time, som vart tilgjengeleg seinare same året. I 1999 gav Tom Waits ut plata Mule Variations, som er eit fantastisk album, trygt inne på Rolling Stone Magazine si liste over fem hundre beste album. Jazzgitaristen Gregory ”Smokey” Hormel er ein av artistane, som gjennom sitt strengespel, gjer denne plata til ei oppleving. Hormel kan også høyrast som ein del av Beck sitt band.

15.04.2012

Femtande april

Femtande april 1944 vart David Edmunds fødd i hovudstaden i det kongelause monarkiet Wales, Cardiff. Den walisiske rockaren Dave Edmunds har hatt fleire hits sidan slutten av 1960-talet, men er meir kjend som produsent enn som musikar. Han er mellom anna grunnleggaren av Rockfield Studios som han har plassert langt ute på den walisiske landsbygda. Der har mellom anna Motörhead gjort vellukka innspelingar. I mi platehylle finn ein plata Rockin’, ei samleplate frå 1997. Edmunds kan også høyrast med vokalhjelp og gitarspel på songen Cry Baby på Stray Cats si plate Choo Choo Hot Fish frå 1992, ei plate Edmunds også produserte, og på Carlene Carter si plate Musikal Shapes frå 1980. I 1948 kom Phillip John Mogg til verda i Wood Green. Phil Mogg var ein av grunnleggjarane av UFO og er einaste musikar som er med på alle platene dette neglisjerte bandet har slept. I 1967 vart Francis Gilles Poullain-Patterson fødd i Edinburgh. Frankie Poullain spelte bass i det britiske bandet The Darkness fram til 2005 og kan høyrast på plata Permission To Land frå 2003. I 1974 vart Lynyrd Skynyrd si plate Second Helping tilgjengeleg for platekjøparane på denne dagen. I 1989 slepte W.A.S.P. plata The Headless Children. Frankie Banali har erstatta Steve Riley på trommene og Uriah Heep-legenda Ken Hensley er på plass bak keyboardet. Ein W.A.S.P.-versjon av The Who-låta The Real Me, tittelkuttet, Mean Man og Forever Free kan også høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. I 2001 nytta Joey Ramone denne dagen til å trekkje det siste andedraget sitt. Gjennom å vere vokalist og ein av grunnleggarane av Ramones er hans bidrag til all slags god musikk uvurderlig og det er ikkje tvil om at han vert sakna av alle som likar ekte rock’n roll.

14.04.2012

Fjortande april

Fjortande april 1932 vart den amerikanske songarinna og filantropen Loretta Webb fødd i gruvestaten Kentucky. Loretta Lynn gifta seg som trettanåring og vart mor året etter. Som vaksen lærte Lynn seg å spele gitar og har levert fleire nummer ein hits, inkludert signaturlåta The Coal Miners Daughter. I 1945 kom den lunefulle gitaristen Richie Blackmore til verda i Weston-super-mare. Blackmore var ein av originalmedlemmane i den engelske tungrockgruppa Deep Purple, men forlét seinare gruppa for å starte sitt eige prosjekt, Richie Blackmore’s Rainbow, der han samarbeidde med den amerikanske songaren Ronnie James Dio. I mi platehylle finn du Blackmore sitt gitarspel på Deep Purple-platene Machine Head frå 1972 og Power House frå 1977, i tillegg til Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. I 1948 var dette fødselsdagen til Keith Baker som spelte trommer på songen Bird Of Pray på Uriah Heep si debutplate Very ’eavy…Very ’umble frå 1970 før han erstatta Nigel Olsson permanent på plata Salisbury som kom ut året etter. I 1962 vart Marc Quiñones fødd i Bronx. Quiñones er perkusjonist og har mellom anna ei fortid i det islandske jazzbandet Spyro Gyra. No har Quiñones spela med The Allman Brothers Band sidan 1991. I 1968 vart Allan Carl Newman fødd. Carl Newman er ein av grunnleggarane av den kanadiske gruppa The New Pornographers og kan i mi platesamling nytast på plata Elctric Version frå 2003. I 1969 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Elvis Presley sin mest sosialt engasjerte song nokon sinne. Songen om guten frå Chicagoslummen, In The Ghetto, fekk ei veke på fyrsteplassen i England, men måtte nøye seg med tredjeplass i heimlandet. I 1980 bydde denne dagen på sleppdato for Iron Maiden si sjølvtittelerte debutplate. Plata vart spela inn i Kingsway Studios i London i desember året før og produsent for verket var Will Malone. Dette vart nok overskygga av at dei britiske metallkollegaene i Judas Priest gav ut det legendariske metallalbumet British Steel, som var med å definere metallmusikk dei neste tretti åra. I 1988 gav Soul Asylum ut EP-en Clam Dip & Other Delights som på fleire måtar parodierte den gamle orkesterleiaren Herb Alpert, mannen bak Tijuana Brazz. I 2009 slepte den alternative mann-og-kone-duoen The Handsome Family si åttande plate. Innspelinga av Honney Moon markerar tjue års ekteskap og er spela inn i heimestudioet i garasjen i Alberquerque i New Mexico.

13.04.2012

Trettande april

Trettande april 1944 vart John William Casady fødd i det som gjerne vert sett på som verdas mektigaste by, Washington D.C. Bassisten Jack Casady var ein sentral del av lydbiletet i Jefferson Airplane og han yt sitt bidrag til mi platehylle på ei uautorisert konsertplate med tittelen Sombody To Love-Live. Han spelar også på David Crosby si debutsoloplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1952 kom bluegrassartisten Sam Bush til verda i Bowling Green i Kentucky. Bush vert rekna som grunnleggaren av musikkstilen Newgrass og han spelar mandolin i fleire band i tillegg til sitt eige Sam Bush Band. Saman med supergruppa Telluride kan Bush hjå meg høyrast på songen Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1954 var dette dagen James Destri kom til verda i New York. Destri nyttar til vanleg førenamnet Jimmy og spelar keyboard i Blondie. I 1966 kom gitaristen Marc Ford til verda. Ford var kjend for å leike med strengane i The Black Crows, men har no fôrlete sørstatsrockarane for godt i von om å halde seg edru og for å pleie solokarrieren si. I 1968 spelte Janis Joplin og Big Brother And The Holding Company i Winterland i San Francisco. Songen Farewell Song kan høyrast på ei samleplate med same namn (1982) og produsent var John Simon. I 1971 var Johnny Cash i Nasville og spela inn Singing In Vietnam Talkin’ Blues som vart gjeven ut på plata Man In Black i 1971 og også kan finnast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1992 gjorde Iron Maiden singelen Be Quick Or Be Dead frå plata Fear Of The Dark tilgjengeleg, og platekjøparane sin respons løna dei med ein solid tredjeplass på listene. I 1993 slepte Chris Isaak plata San Francisco Days.

12.04.2012

Tolvte april

Tolvte april 1940 kom jazzpianisten Herbert Jeffrey Hancock til verda i bluesbyen Chicago. Herbie Hancock var ein del av Miles Davis sin andre kvartett og kan i mi platesamling høyrast på fusionplata In A Silent Way frå 1969, samt samleplata Water Babies frå 1976. I 1944 fekk verda Joachim Fritz Krauledat. Mannen var utvilsamt Born To Be Wild, noko som gjer at gjorde unge Krauledat seinare gjorde seg kjend under namnet John Kay og tente til livets opphald som songar i sekstitalsikonbandet Steppenwolf. I 1951 kom trommisen Jackson Spires til verda. I mi platehylle er Spires å høyre på Blackfoot-platene Marauder og Highwaysong, sistnemnde er ei konsertplate som fangar stemninga frå bandet sin Englandsturné i 1982. Spires døyde i 2005. I 1953 kom Tony James til verda i London. James sitt bidrag til mi platehylle finn du på Sigue Sigue Sputnik si debutplate Flaunt It frå 1986. I 1958 vart gitaristen Will Sergeant fødd. Sergeant er den einaste av Ecco And The Bunnymen sine grunnleggjarar som har vore med gjennom heile bandet si karriere. I 1965 vart bassisten Sean Welch fødd i Enfield. Welch spelte tidlegare i bandet The Beautiful South og kan hjå meg høyrast på platene Welcome To The Beautiful South (1989), og Painting It Red frå 2000. I 1969 var Janis Joplin i Frankfurt i Tyskland for å spele inn Rais Your Hands. Musikken var ved Kozmic Blues Band. I 1971 døyde Wynton Kelly. Samstundes fullførde The Who innspelinga av Too Much Of Anything i Olympic Studios. Songen vart likevel ikkje tilgjengeleg før plata Odds & Sods i 1974. Dei driftige karane gjekk også i gang med innspelinga av låten Bargain som vart fullførd med tre studiodagar i juni (5., 18. - 19.) same året. I 1975 slepte Bob Seger plata Beautiful Loser. I 1976 slepte Bob Seger And The Silver Bullet Band konsertplata Live Bullet. I 1978 vart Guy Rupert Berryman fødd i skotske Kirkcaldy. Guy Berryman er bassist i Coldplay og hjå meg høyrer du han på plata X&Y frå 2005. I 1984 slepte Rush plata Grace Under Pressure. Dette var bandet si tiande studioplate.

Ellevte april

Ellevte april 1950 fekk verda ein bassist som lydde namnet Tom Hill. Newcastle-fødde Hill, som også har dubba stemma for den engelske versjonen av frukostblandinga Frosties, kan i mi platesamling høyrast på plata Can You Do It med Geordie. I 1958 vart William Stuart Adamson fødd i Manchester. Stuart Adamson var vokalist i Big Country. Adamson tok livet av seg i 2001. I 1962 kom skodespelaren Vincent Gallo til verda. Gallo har innimellom filminnspelingane teke seg tid til å spele inn litt musikk, plata When frå 2001 er på plass i platehylla utan at det er så mykje å skryta av. I 1966 kom den tidlegare C C Cowboys-bassisten Håvard Eidsaunet til verda. Same dag vart Lisa Stainsfield fødd i Nord-vest England. I 1971 kom Oliver Riedel til verda i Schwerin i Aust-Tyskland. Riedel spelar bass Rammstein. I 1972 vart Klas Frans Åhlund fødd i Stockholm. Gitaristen Klas Åhlund spelar på Eagle-Eye Cherry si debutplate Desireless frå 1998. I 1980 spelte Toy Dolls i Boilermakers Club i Sunderland, dette vart siste konsert for originaltrommis Mr. Scott etter at kjærasten hans kravde at han måtte få betalt minimum ein tiar (ti pund) for kvar konsert han spelte. Slike skyhøge krav kunne gitarist og bandleiar Olga (Michael Algar) sjølvsagt ikkje innfri og han måtte ut på jakt etter ein rimelegare trommis. Tidsskilnaden gjer at det truleg var gått nokre timar då Ramones nytta denne dagen til å gå på scenen. Kjeldene mine hevdar at dei spelte både i Hollywood Palladium og Civic Auditorium i Santa Cruz i California denne fredagen. Kan hende spelte dei unge og energiske pønkarane begge stader eller kan hende er det nokon som rotar med datoane i materialet sitt. I 1988 gav Neil Young ut plata This Note’s For You på sitt faste plateselskap, Reprise Records. Produsent var Young sjølv, saman med Niko Bolas. I 1995 slepte The Muffs si andre studioplate, Blonder And Blonder. I 2000 slepte No Doubt si fjerde studioplate, Return Of Saturn. I 2005 kom Madrugada si fjerde studioplate, The Deep End. I 2006 gav Judas Priest ut samlinga The Essential Judas Priest, ein dobbel CD med trettifire av dei grommaste låtane bandet har spela inn.

10.04.2012

Tiande april

Tiande april 1954 vart Lenny Picket fødd i New Mexico. Saksofonisten Picket kan i mi platehylle høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1957 kom Steve Gustavson til verda i Sevilla i Spania. Gustavson er bassist og ein av originalmedlemmene i 10 000 Maniacs. I 1959 kom den alltid like hårfine gitaristen Brian Setzer til verda. Setzer er mest kjend som låtskrivar, vokalist og supergitarist i rockabillybandet Stray Cats, men har i tillegg hatt ei omfattande solokarriere utanom. Rockabillyikonet har etter Stray Cats-tida fått gravert ei rekkje tatoveringar i huda og er ein flott representant for sjangeren. Hjå meg kan Setzer høyrast på diverse Stray Cats-plater som dekker det mest essensielle frå dette epokegjørande bandet. I tillegg er Setzer kreditert for gitarspel på eit spor på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1964 kom Alan John Wren til verda i Manchester. Reni var trommeslagar for The Stone Roses og kan hjå meg høyrast på plata The Second Coming. I 1965 vart Primus-trommisen Tim Alexander fødd. I 1970 kom Jonathan Davis til verda i New York City. Raparen Kamaal Ibn John Fareed, som har konvertert til Islam, nytta scenenamnet Q-Tip då han hjalp Beastie Boys med synginga på plata Ill Communication frå 1994. I 1971 vart jazzpianisten Joey DeFrancesco fødd i industribyen Philadelphia. DeFrancesco er kåra til verdas beste jazzpianist i ei årrekkje og har spelt med ei rekkje store artistar. Som syttenåring fekk han høve til å turnere med trompetlegenda Miles Davis og i mi platehylle kan han høyrast på nettopp Davis si plate Amandla frå 1989. I 1978 slepte Jethro Tull plata Heavy Horses. I 1979 vart Sophie Ellis-Bextor fødd. Ellis-Bextor starta karrieren sin i bandet Theaudience og har seinare gjeve ut plater på eiga hand. Hjå meg finn ein den fyrste soloplata, Read My Lips frå 2001. I 1980 nytta dei skinnkledde karane i Ramones dagen til å signere plater på Music Plus i Hollywood, California, USA. Bandet var annonsert til å dukke opp klokka halv fem om ettermiddagen. I 1981 slepte The Clash singelen The Magnificent Seven, som nådde trettifjerdeplass som høgaste plassering på dei britiske singellistene.

09.04.2012

Niande april

Niande april 1932 kom gitaristen og komponisten Carl Lee Perkins til verda i Tiptonville i Tennesssee. Perkins er kan hende best kjend for å ha skrive slagaren Blue Suede Shoes, som mellom anna Elvis Presley hadde ein kjempehit med, og som Toy Dolls har ein glitrande og temposterk versjon av, men i mi platehylle har Perkins overteke broren Luther sin jobb og spelar gitar for Johnny Cash på fleire av hans innspelingar. Perkins døyde i 1998. I 1945 vart Stephen Kendall Gadd fødd i Irondequoit i New York. Trommeslagaren Steve Gadd kan hjå meg høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1950 vart pianisten Peter John Wood fødd i Middelsex i England. Peter Wood sitt pianospel frå 1976 kan høyrast på Joan Armatrading si plate med same namn som artisten. Peter Wood døyde i 1993. I 1961 kom Mark Colbert Kelly til verda i Dublin. Mark Kelly har spela keyboard på alle plateutgjevingar frå Marillion, og hjå meg kan han høyrast på plata Script For A Jesters Tear frå 1983. I 1975 vart Gisle Martens Meyer fødd. Meyer er mannen bak elektronikaprosjektet Ugress og prydar mi platehylle med den sterke plata Resound frå 2002. I 1978 gav Rainbow ut plata Long Live Rock’n Roll, der kanadiaren David Stone (Michael David Stoyanoff) spelar keyboard. I 1980 vart Albert Louis Hammond Jr fødd i Los Angeles. Albert Hammond Jr er gitarist i The Strokes, og kan høyrast på debutplata Is This It frå 2001, og Room On Fire, som kom på marknaden i 2003. Same dag la dei elleville skagutane i Madness seg godt til rette på ein fin sjetteplass på hitlistene med lystige Night Boat To Cairo, som hjå meg kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 2002 gav Jon Spencer Blues Explosion ut plata Plastic Fang. Dette var det hardtrockande alternativbandet si sjuande studioplate, produsent var Steve Jordan. Frå 2006 vert dagen hugsa for at bluegrassfelespelaren Gordon N. Terry døyde, etter eit langt sykeleie, syttifire år gamal. Terry har spela med mange av dei store country- og bluegrasstjernene og er i mi platesamling å finne på fleire plater signert legenda Johnny Cash.

08.04.2012

Åttande april

Åttande april 1929 vart den belgiske visesongaren Jacques Romain George Brel fødd i Schaarbeek. Jacques Brel hadde fleire hits i den franskspråklege delen av Europa på femti- og sekstitalet, og tekstane hans er oversett til ei rekkje språk. Best kjend her heime er kan hende canadiske Terry Jacks sin engelskspråklege ¬versjon av Le Moribond, Seasons In The Sun, som plagar radiolyttarar med jamne mellomrom. Hjå meg finn du samleplata Infiniment, som gjev oss nitten spor med det beste Brel spela inn i si levetid. Brel døyde i 1978. I 1947 kom Stephen James Howe til verda i Holloway. Steve Howe er best kjend for å traktere gitaren for Yes, men har også vore innom band som Asia. Howe sitt bidrag til mi platehylle er Yes si plate Going For The One, som kom på marknaden i 1977. I 1951 kom bassisten Mel Scharcher til verda i Flint i Michigan. Scharcher si karriere er omfattar spel i Grand Funk Railroad og i mi platesamling kan han høyrast på platene On Time og Grand Funk, begge frå 1969. I 1962 vart Jeffrey Dean Isbel fødd i Lafayette i Indiana. Izzy Stradlin er best kjend for arbeidet han gjorde som gitarist i bandet Guns N’Roses, eit band han forlet i 1991. I 1965 vart Marcel Theo Hall fødd i Baltimore. Biz Markie hjelpte Beastie Boys med synginga på plata Ill Communication frå 1994. I 1994 vart grungeikonet og den mest profilerte medlemmen av grungebandet Nirvana, Kurt Cobain, funnen daud i heimen sin i Seattle etter eit, truleg sjølvpåførd, skott i hovudet. Heime hjå meg har Nirvana-samlinga vokse i det siste og Kurt kan no høyrast både på den mest kjende plata, Nevermind frå 1991, i tillegg til In Utero, Unplugged In New York og From The Muddy Banks Of The Wishkah. I 1991 slepte Simple Minds plata Real Life, dette var bandet sitt niande album, som klatra til andreplass på platelistene på heimemarknaden. I 1994 kom Offspring si tredje studioplate, og den fekk namnet Smash. I 1997 relanserte MU330 plata Chumps On Parade på plateselskapet Asian Man. Plata vart eigentleg utgjeven på Dill Records året før. I 2009 døyde Herbie Lovelle. I 2010 døyde tidlegare Sex Pistols-manager Malcolm McLaren.

07.04.2012

Sjuande april

Sjuande april 1915 vart Eleanora Fagan fødd i Philadelphia. Billie Holiday fekk kjælenamnet Lady Day av jazzkollega Lester Young, og har sidan hatt stor påverknad på kvinneleg vokal i både pop og jazz. Holiday døyde dessverre så tidleg som i 1959. I 1934 kom den engelske jazzmusikaren Victor Feldman til verda i Edgware. Perkusjonisten Feldman har gjeve ut ei rekkje jazzplater under eige namn, men i mi platehylle er det på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983, og Waitz sin eks-kjæraste Ricki Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, dei musikalske ferdighetene hans kan høyrast. Feldman døyde i 1987. I 1938 vart tromptisten Frederick Dewayne Hubbard fødd i motorsportbyen Indianapolis. Freddie Hubbard har spelt inn og gjeve ut fleire plater under eige namn og har i tillegg spelt på så og seie alle viktige jazzinnspelingar med alle viktige jazzartistar på seksti- og syttitalet. I mi platehylle er det på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1961 trompeten hans kan høyrast. Hubbard døyde i 2008. I 1976 døyde Jimmy Garrison. I 1980 var Heaton Buffs i Newcastle vertskap for Toy Dolls. I 1994 døyde Lee Brilleaux. I 2005 slepte Audrey Horne plata No Hay Banda, ei plate dei fekk Spelemannspris for. I 2008 døyde Phil Urso.

06.04.2012

Sjette april

Sjette april 1927 kom Gerald Joseph Mulligan til verda i Queens i New York City. Jazzmusikaren Gerry Mulligan trakterte til vanleg saksofonen, og han gav sitt musikalske bidrag til mi platehylle på plata Birth Of The Cool, som Miles Davis gav ut i 1957. Mulligan døyde i 1996. I 1937 vart countrylegenda Merle Ronald Haggard fødd. Haggard har gjeve ut ei rekkje soloplater, men hjå meg er det på songen I’m Leaving Now frå Johnny Cash si plate American III: Solitary Man frå 2000 han kan høyrast. I 1946 vart gitaristen Danny Kortchmar fødd i New York City. I mi platesamling har Kortchmar ytt sitt bidrag med glitrande seksstrengslyd på fleire spor både på Bob Dylan si plate Shot Of Love frå 1981, The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982, Jackson Browne si Lawyers In Love frå 1983, på Neil Young si plate Landing On Water frå 1986, og på Boz Scaggs’ Dig frå 2001. I 1952 kom Udo Dirkschneider til verda i den tyske småbyen Wuppertal. Udo har i dag sitt eige band, men gjorde i hine hårde dagar stor suksess som vokalist i det tyske Gay Metall-bandet Accept og han kan i mi platehylle høyrast på plata Balls To The Wall frå 1982. Dette var Accept si femte studioplate. I 1960 vart Warren Haynes fødd North Carolina. Haynes slo seg saman med The Allman Brothers Band i 1989, og han skal etter sigande ha vore med dei sidan. I 1965 vart det mogleg å kjøpe Elvis Presley singelen Crying In The Chappel, som engelskmennene likte godt nok til at det vart to veker på topp av lista. I USA heldt det til ein respektabel sjetteplass for “Kongen”. I 1974 nytta unge rockarar i Black Sabbath dagen til å underhalde på Ontario Speedway i California. Children Of The Grave var ein av songane som stod på programmet og denne klassikaren kan både høyrast og sjåast på ein DVD med tittel Undead And Alive frå Falcon Neue Medien. I 1983 var Johnny Cash i studio og spela inn Bruce Springsteen sin song Highway Patrolman som har vore på ei rekkje samleplater, mellom anna Murder frå 2000. I 1992 spelte Violent Femmes på The Commodore Ballroom i OL-byen Vancouver, ein song med same namn som vertsbyen kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1996 fekk publikum ein smakebit frå den nært føreståande CD-plata frå The Cranberries med singelen Salvation.

05.04.2012

Femte april

Femte april 1926 vart Stanley Levey fødd i Philadelphia. Stan Levey var ein av dei tidlegaste Bebob-trommeslagarane og ein av få kvite slike. I mi platehylle er det som stødig rytmeseksjon for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays Levey kan høyrast. Levey døyde i 2005. I 1948 kom Nord-Iren Les Binks til verda i Portadown. Binks har spela med mange av dei store engelske hardrocknamna og kan i mi platesamling høyrast medan han trommar takten for Judas Priest på plata Stained Class, som kom i sal i 1978. Same dag, og same år, vart utruleg nok Binks sin erstattar Dave Holland fødd i Wolverhampton. Pederasten Holland er dømd for valdtekt av ein syttenåring, men er for dei fleste kjend for å halde takten på den legendariske Judas Priest-plata British Steel frå 1980. I 1950 vart den svenske songarinna Agneta Feltskog fødd. Frå basen i heimbyen Jönköping etablerte Feltskog ei songkarriere som fekk sitt fyrste store høgdepunkt då ho spela rolla som Maria Magdalena i Jesus Christ Superstar i 1972. Seinare slo Agneta seg saman med dei tre andre som til saman utgjorde ABBA og etter det tok suksessen berre av og det er berre å ta av seg hatten og gratulere med det denne Dancing Queen har oppnådd i musikken si verd. I 1967 fekk The Who produsenthjelp av Kit Lambert då dei var i IBC Studios i London for å spele inn Pictures Of Lily. I 1974 gav Johnny Cash ut plata Ragged Old Flag. Musikarane var The Tennessee Three som bestod av Carl Perkins på gitar, Larry McCoy og Ray Edenton. I tillegg steppa The Oak Ridge Boys inn og kora på somme av songane medan Earl Scruggs klimpra på banjo. I 1984 stod Toy Dolls på plakaten på Forum i Enger. I 1988 slepte Tracy Chapman si sjølvtittelerte debutplate. I 1991 avslutta Iron Maiden verdsturneen No Prayer On The Road i NHK Hall i Tokyo. Dette var tredje konsertkvelden på rad i same arena. I 1997 døyde Allen Ginsberg. I 1998 døyde Cozy Powel. I 2002 tok Layne Stanley ein overdose heroin og eit kort og hektisk liv i rocken si teneste var over. Dødsdatoen er omtrentleg og basert på rettsmedisinarane si fagleg kvalifiserte gjetting etter som det gjekk om lag fjorten dagar før Stanley vart funnen. I 2012 døyde Barney McKenna.

04.04.2012

Fjerde april

Fjerde april 1913 vart McKinley Morganfield fødd i Issaquena i Mississippi. Muddy Waters vert rekna som sjølvaste Gudfaren i det som har fått tilnamnet Chicagoblues. Hjå med kan Muddy Waters høyrast på Johnny Winter si plate Nothin’ But The Blues frå 1977. Muddy Waters døyde i 1983. Same dag som Waters fekk liv, kom bassisten Gene Ramey kom til verda i Texas-hovudstaden Austin. Ramey har vore innom bandet til mellom anna Miles Davis og fleire andre store jazzartistar, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar på plata The Freewheelin Bob Dylan frå 1963. Ramey døyde i 1984. I 1939 vart den engelske bassisten Daniel Henry Edward Thompson fødd i Devon. Danny Thompson sitt basspel er godt kjend over heile verda og kan hjå meg høyrast på Nick Drake si plate Five Leaves Left frå 1969, og hjå Billy Bragg på plata Workers Playtime frå 1988. I 1952 kom supergitaristen Robert William Gary More til verda i Belfast i Nord-Irland. Gary More er nok best kjend for si eiga solokarriere, mellom anna med bluessviskeplata Still Got The Blues, men i mi platesamling er han representert med oppfølgjarplata After Hours frå 1992, og som gitarist i det irske hardrockbandet Thin Lizzy, der han, tidlegare i karrieren, samarbeida med Phil Lynnot. More døyde i 2011. Ei som delar gebursdag med More er den italienske songarinna Fiorella Mannoia, som kom til verda i Roma. Fiorella sitt bidrag til mi platesamling heiter Belle Speranza og kom på marknaden i 1997. I 1957 vart den skotske gitaristen Graeme Hunter Kelling fødd i skotske Paisley. Graeme Kelling spelte i Deacon Blue fram til 1998, og tapte diverre kampen mot kreften i 2004. I 1958 kom den tyske bassisten Peter Baltes til verda. Baltes har spelt på femten av dei tyske metallheltane Accept sine studioplater og kan hjå meg høyrast på Balls To The Wall frå 1983. I 1966 fekk verda Micaehel Christopher Starr. Hawaii-fødde Mike Starr var den originale bassisten i Alice In Chains og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Facelift og Dirt. Starr har også utmerkt seg ved å vere med på fjernsynsprogrammet Celebrity Rehab på ein amerikansk musikkanal. I 1980 spelte Toy Dolls på Old Twenty Nine i Sunderland. I 1984 melder Toy Dolls-nyhenda at dei var på plass på The Loft i Berlin. I 1991 spelte Iron Maiden i Tokyo for andre kvelden på rad.

03.04.2012

Tredje april

Tredje april 1943 vart Richard George Manuel fødd i Ontario. Richard Manuel vert hugsa for arbeidet han gjorde med den kanadiske supergruppa The Band, der han spelte fleire instrument. Richard Manuel sitt bidrag til mi platehylle finn du på plata Islands frå 1977. Manuel døyde i 1986. I 1946 kom David Murray Oates til verda i London. Bassisten Dee Murray hadde sine best musikalske år i Elton John sitt band, hjå meg finn du basspelet hans på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978. Murray døyde i 1992. I 1949 kom songaren og gitaristen Richard John Thompson til verda i London. Richard Thompson er best kjend for tida med folkrockbandet Fariport Convention og har i ettertid turnert verda over i ulike band og konstellasjonar, mellom anna med den bergenske gitaristen Mads Eriksen. I mi platehylle Thompson høyrast på Nick Drake si plate Five Leaves Left frå 1969. I 1960 vart It’s Now Or Never og Are You Lonesomme Tonight festa til lydband. Songaren bak desse meisterverka heit Elvis Presley og musikarane som hjelpte han med godlyden kalla seg for The Jordanairs. I 1977 spelte AC/DC inn eit opptak for ABC sitt program Countdown. Videoen Dog Eat Dog er frå denne seansen og kan nytast på DVD’en Family Jewels. I 1980 var det truleg høgtid på Castle Inn i Durham då dei tok i mot Toy Dolls. I 1982 er dette datoen då Motörhead sin singel Iron Fist/Remember Me I’m Gone kom på marknaden. I 1984 fekk A-Z i Freiburg vitjing av Toy Dolls. I 1991 fekk NHK Hall i Tokyo vitjing av Iron Maiden. I 1992 spelte Violent Femmes på Leavey Activities Center i Santa Clara. Caleb Alexander sin kassettinnspeling av Lies kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 kom Hellbillies si tredje studioplate, denne gongen på eit stort plateselskap, BMG. Produktet fekk namnet Laka Fant. I 2000 kom Hothouse Flowers si tredje studioplate, Songs From The Rain. I 2006 slepte The Flaming Lips si ellevte studioplate, At War With The Mystics, og Asian Dub Foundation nytta dagen til å sleppe plata Rafi’s Revenge laus på folket.

02.04.2012

Andre april

Andre april 1928 kom Lucien Ginsburg til verda i Paris. Serge Gainsbourg vert rekna som ein av verdas mest innflytingsrike popmusikarar og hadde ei rekkje store hits verda over. Gainsbourg døyde i 1991. I 1939 vart den amerikanske plateprodusenten og songaren Marvin Pentz Gaye Jr. fødd i det amerikanske maktsentrumet Washington D.C. Gaye hadde i åra frå 1958 til 1984 ei rekkje hits og vart rekna som The Prince Of Motown. Gaye døyde i 1984. I 1947 kom Emmylou Harris til verda i Birmingham i Alabama. Countrysongerinna Harris har gjeve ut fleire soloplater, men det er som anonym kordame for andre artistar dei fleste stiftar kjennskap til ho. Verdas beste kordame kan i mi platesamling høyrast i framgrunnen på plata Pieces Of The Sky, som ho sjølv gav ut i 1975, og i bakgrunnen på plater med store namn som Johnny Cash, Willie Nelson, Steve Earle, og på songen Stars Of Betlehem for Neil Young på plata American Stars’N Bars frå 1977. I 1949 vart David Robinson fødd. Robinson er trommeslagar i The Cars. I 1952 vart David Eric Bronze fødd i Essex. David Bronze har spelt bass med både Eric Clapton og Procol Harum, men hjå meg finn ein basspelet hans på Dr. Feelgood si plate Primo frå 1991. I 1956 var Johnny Cash i studio og spelte inn det som av mange vert sett på som sjølvaste signaturlåten hans, I Walk The Line. Innspelinga vart produsert av legenda Sam Phillips og kom ut som Sun Reccords sin singel nummer 241. Denne songen er representert på ei rekkje samleplater i mi platehylle, mellom anna plata Love frå 2000. I 1975 slepte Bad Company si andre studioplate, Straight Shooter. I 1978 gav Kiss ut samleplata Double Platinum som summerte opp karrieren til dei maskekledde fram til då. I 1984 nytta gutane i Toy Dolls kvelden til å spele på Korn i Hannover. I 1987 spelte Iron Maiden i den vidgjetne sportsarenaen Madison Square Garden i verdsmetropolen New York. I 1991 slepte Mike + The Mechanics plata Word Of Mouth. I 1996 slepte Beastie Boys den instrumentale samleplata The In Sound From Way Out. I 2009 døyde Bud Shank. I 2010 ebba livet ut for Mike Zwerin.

01.04.2012

Fyrste april

Fyrste april 1945 fekk trommeslagaren Aaron Kenneth Buttrey livet i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Kenneth Buttrey var ein høgt skatta studiomusikar som har spela med fleire av dei største stjernene som vitja heimbyen hans. I mi platesamling kan Buttrey sitt stødige trommespel høyrast på plata Blonde On Blonde, som Bob Dylan gav ut i 1966, og John Wesley Harding, som same artist slepte året etter. Buttrey kan også høyrast på Neil Young si plate Tonight’s The Night frå 1975. Buttrey døyde i 2004. I 1946 kom Ronald Frederick Lane til verda i East London. Bassisten Ronnie Lane var mannen bak band som The Small Faces og Faces og kan hjå meg høyrast på sistnemnde si plate Long Player frå 1971. Lane døyde av MS i 1997. I 1954 såg enno ein trommeslagar dagsljos i Hartford, Connecticut. Jeffery Thommas Porcaro var ein av verdas mest nytta trommisar og har namnet sitt på meir enn hundre plater, best kjend er han kan hende for arbeidet med Toto. Hjå meg kan Jeff Porcaro høyrast på plata Good Stuff, som den elleville gjengen i The B52s gav ut i 1992. Porcaro døyde i 1992. I 1968 var Janis Joplin i Columbia Studio E i New York og spelte inn songane Missery’n og Catch Me Daddy. Musikken var ved Big Brother And The Holding Company og innspelingane kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. I 1979 kunne ein kjøpe den sju år gamle The Who-låta Long Live Rock på singel. I 1980 nytta Iron Maiden dagen til å spele på The Rainbow i London. Dette var den fyrste konserten av femtiein på ein omfattande englandsturné. I 1984 kunne Toy Dolls for fyrste gong opplevast i levande live i Tyskland, det hendte på Slaugterhof ved mektige Weser sine bredder, nærare bestemt i Bremen. Same dag døyde Marvin Gaye ein tragisk daud, skoten av sin eigen far dagen før han ville fylt trettifem år. I 1991 nytta kampsportsentusiasten Lou Reed denne dagen til å gå i studio for å gå i gang med innspelinga av plata Magic and Loss, som sjølvsagt står klart til å verte plukka fram frå mi platehylle. Same dagen gav Mano Negra ut plata King Of Bongo, som burde vere obligatorisk i alle platesamlingar.