17.04.2012

Syttande april

Syttande april 1927 vart Addison Collins Jr. fødd i Pine Bluff i Arkansas. Junior Collins, som har spelt med Glenn Miller og Charlie Parker, kan hjå meg høyrast på samleplata Birth Of The Cool, som Miles Davis slepte i 1957. Collins døyde i 2010. I 1929 kom Hans Last til verda i tyske Bremen. orkestarleiar James Last har hatt jazzmusikk som leveveg sidan 1946 og har leia sitt eige orkester sidan 1948. Mykje av musikken hans er udødeleg og det hender ein kan spørja seg om mannen er det også. Hjå meg kan du høyre plata Last All Night Long. I 1943 vart Roy Estrada fødd i Santa Ana i California. Bassisten Estrada er ein av grunnleggjarane av Little Feat, har lang fartstid i det legendariske supportbandet til Frank Zappa, Mothers Of Invention, og hjå meg høyrer du basspelet hans på Ry Cooder si sjølvtittelerte debutplate frå 1970. Estrada sonar for tida ein lang pedofilidom. I 1954 vart gitaristen DeWayne McKnight fødd i Los Angeles. Mannen med kallenamnet Blackbyrd kan hjå meg høyrast på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1955 kom Andy Prieboy til verda i solrike Los Angeles. Prieboy fekk den lite takksame jobben med å erstatte Stan Ridgeway som songar i Wall Of Voodoo, ei oppgåva han takla med stor suksess. Hjå meg kan Prieboy høyrast på plata Happy Planet frå 1987. Same dag kom Peter Campbell McNeish til verda i Leigh i Lancashire. Pete Shelly var sjølvaste sjefen over alle sjefar i Buzzcocks, og både song og spelte gitar, i tillegg til å vere bandet sin hovudlåtskrivar. I 1967 vart Matthew Chamberlain fødd i Palo Alto i California. Matt Chamberlain er trommeslagar og har spelt mykje for Tori Amos. Amos-platene From The Choirgirl Hotel (1998), To Venus And Back (1999) og American Doll Posse frå 2007 byr på Chamberlain sitt trommespel. I 1982 er dette datoen Iron Fist kom på marknaden. Alltid like hardtrockande Motörhead var eksekutør for dette meisterverket.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar