14.04.2012

Fjortande april

Fjortande april 1932 vart den amerikanske songarinna og filantropen Loretta Webb fødd i gruvestaten Kentucky. Loretta Lynn gifta seg som trettanåring og vart mor året etter. Som vaksen lærte Lynn seg å spele gitar og har levert fleire nummer ein hits, inkludert signaturlåta The Coal Miners Daughter. I 1945 kom den lunefulle gitaristen Richie Blackmore til verda i Weston-super-mare. Blackmore var ein av originalmedlemmane i den engelske tungrockgruppa Deep Purple, men forlét seinare gruppa for å starte sitt eige prosjekt, Richie Blackmore’s Rainbow, der han samarbeidde med den amerikanske songaren Ronnie James Dio. I mi platehylle finn du Blackmore sitt gitarspel på Deep Purple-platene Machine Head frå 1972 og Power House frå 1977, i tillegg til Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. I 1948 var dette fødselsdagen til Keith Baker som spelte trommer på songen Bird Of Pray på Uriah Heep si debutplate Very ’eavy…Very ’umble frå 1970 før han erstatta Nigel Olsson permanent på plata Salisbury som kom ut året etter. I 1962 vart Marc Quiñones fødd i Bronx. Quiñones er perkusjonist og har mellom anna ei fortid i det islandske jazzbandet Spyro Gyra. No har Quiñones spela med The Allman Brothers Band sidan 1991. I 1968 vart Allan Carl Newman fødd. Carl Newman er ein av grunnleggarane av den kanadiske gruppa The New Pornographers og kan i mi platesamling nytast på plata Elctric Version frå 2003. I 1969 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Elvis Presley sin mest sosialt engasjerte song nokon sinne. Songen om guten frå Chicagoslummen, In The Ghetto, fekk ei veke på fyrsteplassen i England, men måtte nøye seg med tredjeplass i heimlandet. I 1980 bydde denne dagen på sleppdato for Iron Maiden si sjølvtittelerte debutplate. Plata vart spela inn i Kingsway Studios i London i desember året før og produsent for verket var Will Malone. Dette vart nok overskygga av at dei britiske metallkollegaene i Judas Priest gav ut det legendariske metallalbumet British Steel, som var med å definere metallmusikk dei neste tretti åra. I 1988 gav Soul Asylum ut EP-en Clam Dip & Other Delights som på fleire måtar parodierte den gamle orkesterleiaren Herb Alpert, mannen bak Tijuana Brazz. I 2009 slepte den alternative mann-og-kone-duoen The Handsome Family si åttande plate. Innspelinga av Honney Moon markerar tjue års ekteskap og er spela inn i heimestudioet i garasjen i Alberquerque i New Mexico.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar