17.07.2010

Syttande juli

Syttande juli 1921 kom jazzmusikaren George Barnes til verda i Chicago. Barnes vert rekna som den fyrste som gjorde gitaren ”elektrisk”, han har gjeve ut fleire plater under eige namn og han har spelt med mange store artistar. Hjå meg kan Barnes høyrast på plata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Barnes døyde i 1977. I 1949 vart Black Sabbath-bassisten Terrence Michael Joseph ”Gezer” Butler fødd i Birmingham. Butler treng eigentleg ikkje nærare presentasjon, men eg nyttar likevel høve til å presisere at eg er ekstremt fornøgd med at eg fekk høve til å sjå basslegenda saman med resten av Black Sabbath på Koengen i Bergen. I 1962 stod She’s Not You i platehyllene. Artist var Elvis Presley og dei tre neste vekene hadde han fyrsteplassen i England. I USA fekk han sterk konkurranse og nådde berre til ein femteplass. I 1981 var Brewers Arms i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1983 var det Working Mans Club i Hetton som fekk vitjing av dei hårfagre punkarane i Toy Dolls

16.07.2010

Fjortande juli

Fjortande juli 1912 vart den amerikanske visesongaren Woodie Guthrie fødd med det politisk korrekte namnet Woodrow Wilson Guthrie i Okemah i Oklahoma. Guthrie var ei stor inspirasjonskjelde for dei mange visesongarane som prega det amerikanske hippiemiljøet på sekstitalet. Guthrie døyde i New York i 1967. I 1975 spelte The Who inn Squeeze Box på Sheperton Sound Stage. Innspelinga vart gjort ved hjelp av Faces-sjefen Ronnie Lane sitt Mobile Studio og produsent var Glyn Johnes. I 1978 fekk platekjøparane høve til å investere i The Who sin singel Who Are Yor som klatra til attandeplass på listene. I 1984 var Toy Dolls å sjå på scenen i Mabuhay Gardens i San Francisco, California.

Trettande juli

Trettande juli 1942 kom James Joseph McGuinn til verda i bluesbyen ved dei store sjøane, Chicago. Med førenamnet forkorta til Roger gjorde unge McGuinn suksess som leiar av The Byrds. I mi platesamling kan han høyrast som gitarist på Bob Dylan-plata Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973. I 1957 slepte Elvis Presley ei singelplate med Don’t be Cruel og Hound Dog. Singelen låg på fyrsteplass i elleve veker i USA, i England nådde han andreplass. I 1970 kom The Who-singelen The Seeker ut og plasserte seg etter kvart på ein nittandeplass på listene. I 1979 var AC/DC på scenen i Riinhallen i Arnhem. Eit tjuefem minuttar langt opptak frå nederlandsk fjernsyn kan sjåast på DVD-plata Let There Be Rock og bandet spelte Higway To Hell, Bad Boy Boogie, The Jack, (I’m A) Rocker og den fantastiske songen om den tasmanske kjempedama, Whole Lotta Rosie. I 1981 spelte Toy Dolls i Legions Club i South Shields. I 1984 var Toy Dolls i Los Angeles og spelte på Olympic Auditorium.

Ellevte juli

Ellevte juli 1946 er fødselsdagen for John Lawton. Lawton erstatta David Byron som vokalist i Uriah Heep frå plata Firefly i 1976. Hjå meg kan Lawton høyrast på plata Fallen Angel frå 1978. I 1973 spela Johnny Cash inn Old Shep i Hendersonville. Denne kan høyrast på The Johnny Cash childrens album, som med unntak av innspelingsdagen 21 juli 1972 var produsert av Charlie Bragg og ”The Man In Black”. På denne plata nytta Cash seg av musikarane Ray Edenton, Larry Gatlin, David Jones, Red Lane og Jerry Shook på gitar medan Carl Perkins og Bob Wootton er kreditert for glimrande spel på elektrisk gitar. Larry Butler, Larry McCoy, Bill Pursel, Bill Walker og Jerry Whitehurst har alle bidratt med pianospel medan bassen vart trektert av Cash sin faste bassist Marshall Grant. Trommene vart styrde av W.S. Holland og Don Favorite medan Fru Cash, June Carter, og Rosey Nix har kora for mennene. I 1981 slepte Motörhead livesingelen Motörhead/Over The Top.

Tiande juli

Tiande juli 1942 kom Ronnie James Dio til verda som Ronald James Padavona. Dio har ein curriculum vitae som inneheld Elf, Rainbow, Black Sabbath, Heaven & Hell og hans eige band Dio. Etter som eg ikkje har heilt kontroll på platesamlinga mi har eg faktisk kjøpt plata Dream Evil to gonger og må med det kunne seie at eg har gjort mitt for å halde liv i ein gamal hardrockar. Klassikarar som Holy Diver og Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978 står sjølvsagt også på hylla. Dio døyde av kreft i 2010. I 1983 var Toy Dolls i Shineyrow Club i Sunderland. I 1988 kunne Toy Dolls opplevast på festival i franske Lille.

Niande juli

Niande juli 1946 vart AC/DC vokalisten Bon Scott fødd som Ronald Belford Scott i Kirremuir, Skottland. Bon Scott hadde allereie ei etablert karriere som songar i ulike australske band då ha slo seg saman med dei mykje yngre Young-brørne på tampen av 1973, men det kunne ikkje måle seg med den suksessen han opplevde saman med AC/DC. I mi platehylle står samlinga Bonfire som er resten av bandet si hylling av vokalistlegenda. Scott døyde i 1980. I 1965 vart Frank Bello fødd. Bello er bassist i det amerikanske hardrockbandet Anthrax. I 1988 kunne Toy Dolls opplevast på Tolouse Open Air Show.

Åttande juli

Åttande juli 1970 er dagen multiinstrumentalisten og musikkgeniet kjent som Beck (Hansen) kom til verda. Den gongen fekk han namnet Bek David Campell. Beck er eit samplingfantom som i tillegg til ulike instrument, nyttar samplingar frå ei rekkje andre artistar. I boka No Logo av Naomi Klein påstår forfattaren at plateselskapet hans tving andre artistar, som til dømes James Brown, til å låne ut rettane til musikken sine rimeleg for å fronte den vetle mannen sin musikk. Til tross for slike alvorlege skuldingar, i mi hylle finn ein likevel platene Odelay frå 1996, Midnite Vultures frå 1999 og Guerolito frå 2005.

Sjette juli

Sjette juli 1944 fekk Caldwell i Kansas ein felespelar i Byron Berline. Berline sitt felespel kan i mi platehylle høyrast på Bob Dylan si plate Pat Garret & Billy The Kid frå 1973. I 1977 kunne platebutikkane by på det som vart Elvis Presley sin siste hit medan han framleis var i livet. Way Down låg framleis på listene då ”Kongen” døyde på toalettet på Graceland. I USA var det rett nok aldri betre enn attande plass på listene, men i England låg låten fem veker som nummer ein. Sjette juni 1986 bydde på utandørskonsert med Toy Dolls i austerrikske Bregenz.

Femte juli

Femte juli 1943 kom den kanadiske gitaristen Robbie Robertson til verda i Toronto. Jaime Royal Roberson var sjefen over alle sjefar i supergruppa The Band på 1960- og -70-talet. Robertson er omtala ved døypenamn og ikkje kallenamn når han er kreditert for å ha ytt bidrag på Bob Dylan si plate Blonde On Blonde. I 1950 vart dagen merkt av at Steppenwolf-gitaristen Michael Monarch vart fødd i Los Angeles. I 1960 var det no eller aldri for Elvis Presley. Now Or Never toppa listene i fem veker i USA, åtte i England. I 1980 var dette datoen Norseman Hotel i Peterlee var vertar for Toy Dolls. I 1985 endar Iron Maiden sin 190 konsertar lange World Slavery Tour med eit show i Irvine Meadows i California. I 1986 vart det høve for ihuga Motörheadbangers å kjøpe Motörhead sin singel Death Forever/On The Road (Live).

Andre juli

Andre juli 1937 kom David Victor Palmer til verda i London. Palmer spelte keyboard i Jethro Tull frå 1976 og kan hjå meg høyrast på platene Heavy Horses frå 1978 og samleplata Nightcap som er spela inn over fleire periodar på 1970-talet, men som ikkje kom på marknaden før i 1993. Palmer er i tillegg kreditert for orkesterarrangementa på ei rekkje Jethro Tull plater frå 1970-talet. Palmer har sidan skifta kjønn og går i dag under namnet Dee Palmer. I 1956 fekk Elvis Presley hjelp av The Jordanaire til å spele inn Don’t Be Cruel og Hound Dog. I 1982 fekk dei frammøtte sjå at Toy Dolls holdt hus i Civic Hall i Gosforth. I 1983 kom singelen The Trooper frå Iron Maiden, meisterverket nådde tolvteplass på listene. Same kveld kunne Toy Dolls høyrast i Working Mans Club i Newbottle.

Fyrste juli

Fyrste juli 1945 kom songerinna og superblondina Deborah Ann Harry til verda. Debbie Harry er best kjend som vokalist i det amerikanske New Wave/Punk-bandet Blondie, men etter som eg er ein gut med røter på landsbygda, er eg naiv nok til at eg har svidd mine pengar på soloplata Rockbird frå 1986. Denne plata står nok som ein parantes i karriera hennar, og i platehylla mi, diverre. Men etter at eg høglydt har lova å kjøpe Blondie-plater ei stund er det med glede eg no kan melde at Parallele Lines (1978) med klassikarar som Picture This og Heart Of Glas endeleg er på plass i hylla. I 1951 vart ein annan markant skapning i platesamlinga mi fødd. Fred Schneider III er ein av frontfigurane i det Athens, Georgia baserte New Wave bandet B52s, som han var med å starte. Fredag fyrste juli 1977 var Ramones på Kelly’s Pub i St. Paul, Minnesota. Dei som løyste billett til denne hendinga betalte $4 og fekk sjå Berlin & The Suicide Commandos varme opp for dei skinnkledde New York-rockarane. I 1983 spelte Toy Dolls i levande live på Dingwalls i Sheffield.

15.07.2010

Trettiande juni

Trettiande juni 1967 gav The Who ut sin versjon av Rolling Stoneslåta Under My Thumb. Innspelinga var meint som støtte for dei to låtskrivarane Jagger og Richards som var fengsla for narkobruk. I 1977 gav Kiss ut plata Love Gun og fekk, som fyrste gruppe nokon sinne, fire plater inne på Record World si topp 100 liste. Utgjevinga samanfall også med at teikneseriegiganten Marvel gav ut den fyrste Kiss-teikneserieboka, som selde i meir enn åtte hundre tusen eksemplar. I 1997 gav Prodigy ut plata The Fat Of The Land som inneheldt superhiten Smack My Bitch Up.

Tjueåttande juni

Tjueåttande juni 1967 var The Who i CBS Studios i London og spelte inn ein versjon av rebellen Eddie Cochran sin legendariske sumarhit, Summertime Blues. Samstundes sat managerlegenda Kit Lambert i De Lane Lea Studios ein annan stad i storbyen og la siste hand på verket i produksjonen av The Who sin versjon av Stones-låta Under My Thumb. I 1970 spelte Janis Joplin og Full Tilt Boogie Band på The Canadian Festival Express. Full Tilt Boogie Band var set saman av John Till på gitar, Richard Bell som spelte piano, Ken Pearson på orgel, Brad Campbell på bass og trommelagaren Clark Pierson. Frå denne konserten kan songen Tell Mama kan høyrast på plata Farewell Song frå 1982 og Try er i mi platesamling å finna på samleplata Janis. I 1980 var Toy Dolls på farten i Hundingdon Club i Stanley.