31.05.2018

Syttande mai

I 1957 kom Paul Andrews til verda ein stad i den engelske hovudstaden. Paul di Anno var NWBHM-legendene Iron Maiden sin fyrste vokalist, og røysta hans kan i mi platehylle høyrast på dei to fyrste studioplatene bandet gav ut, Iron Maiden (1980) og Killers (1981), som var det han rakk før bassist, sjef og West Ham-supporter Steve Harris sa at nok er nok og gav di Anno sparken.

Andre jubilantar
Dennis Hopper (1936-2010)
Taj Mahal (1942)
HP Gundersen (1953)
Pat Irwin (1955)
Trent Reznor (1965)
Dave Abbruzzese (1968)
Josh Homme (1973)

Sekstande mai

I 1965 vert dagen hugsa for fødselen av Krist Anthony Novoselic. Bassisten Krist Novoselic vart fødd i Los Angeles i California og spelte i grungebandet Nirvana. Novoselic vert rekna som limet som heldt Nirvana saman i dei mest stormfulle periodane før bandet vart oppløyst etter at gitarist og vokalist Kurt Cobain gjekk bort i 1994. Hjå meg kan Novoselic høyrast på studioplatene Bleach (1989), Nevermind (1991) og In Utero (1993), i tillegg til konsertplatene MTV Unplugged In New York (1994) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996).

Andre jubilantar
Billy Cobham (1942)
Robert Fripp (1946)
Alto Reed (1948)
Richard Page (1953)
Steve New (1960)
Jeff Bass (1961)
Andrew Innes (1962)
Serge Teyssot-Gay (1963)
Boyd Tinsley (1964)
Janet Jackson (1966)
Sonny Sandoval (1974)

28.05.2018

Femtande mai

I 1948 kom Gary Mervin Thain til verda i Christchurch i New Zealand. Bassisten Gary Thain kan hjå meg høyrast medan han spelar for Uriah Heep på studioplatene Demons And Wizzards (1972), The Magican’s Birthday og Wonderworld (1974), samt på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark frå 1991. Thain sin diskografi inneheld også Sweet Freedom frå 1973, og konsertplata Uriah Heep Live, men desse glimrar enn så lenge med sitt fråvær i mi platehylle. Thain døyde i 1975.

Andre jubilantar
Brian Eno (1948)
Andrew Eldritch (1959)
Kristen Vigard (1963)
Jon Sevink (1965)
Todd Youth (1971)

Fjortande mai

I 1943 kom Derek Leckenby til verda i den ein gong så stolte engelske fotballbyen Leeds. Leckenby vert hugsa for glitrande gitarspel i Herman’s Hermits, bandet som stod for den evigunge No Milk Today. Leckenby sitt gitarspel kan i mi platehylle høyrast på ei uoffisiell samleplate som har fått same namn som bandet sin største hit. Leckenby døyde i 1994.

Andre jubilantar
Warren Smith (1934)
Jack Bruce (1943-2014)
Sonny Garrish (1943)
Herbie Armstrong (1944)
David Byrne (1952)
Steve Hogarth (1956)
Ian Astbury (1962)
Greg Kurstin (1969)

24.05.2018

Trettande mai

I 1945 vart Lou Marini Jr. fødd i Navarre i Ohio. Trompetisen «Blue Lou» Marini har lang fartstid innom både rock, jazz og blues, har hatt fast plass i det merriterte husbandet til Saturday Night Live og var ein del av den originale besetninga i The Blues Brothers. I mi platehylle kan Marini høyrast som ein del av The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues (1978), og på samleplata The Best Of Blues Brothers (1981). Den evige sidemann, Marini, er også kreditert for å spele trompet på eit spor på studioplata Wanted Dread And Alive, som Peter Tosh slepte i 1981, samt på utvalde spor på samleplata The Toughest (1998). Marini kan også høyrast medan som ein del av blåserekkja på utvalde spor på Meatloaf si samleplate Hits Out Of Hell, som kom på marknaden i 1984, og på Lou Reed si samleplate The Very Best Of Lou Reed (2000).

Andre jubilantar
Carolyn Franklin (1944-1988)
Magic Dick (1945)
Peter "Overend" Watts (1947-2017)
Rab Noakes (1947)
Philip Kruse (1949)
Danny Kirwan (1950)
Stevie Wonder (1950)
Paul Thompson (1951)
Ray Kennedy (1954)
Yngve Sæthre (1962)
Karen Bernod (1964)

12.05.2018

Tolvte mai

I 1945 kom Ian William Patrick McLagan til verda i London-forstaden Hounslow. Tangentmannen Ian McLagan herja hitlistene seint på seksti- og tidleg på syttitalet med engelske band som Small Faces og Faces. Hjå meg kan McLagan høyrast på Faces si plate Long Player frå 1971, i tillegg til Faces-kollega Rod Stewart si studioplate Smiler frå 1974. McLagan er også kreditert for spel på diverse tangentar på Melissa Etheridge-platene Never Enough, frå 1992, og Yes, I Am frå 1993, samt på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. Og som om ikkje det var nok har The Georgia Satellites kreditert McLagan for både orgel- og pianospel på si studioplate In The Land Of Salvation And Sin frå 1989. McLagan døyde i 2014.

Andre jubilantar
Marshall Royal (1912-1995)
Tiny Moore (1920-1987)
Ian Durry (1942-2000)
Ivan Kral (1948)
Steve Winwood (1948)
Ronnie Foster (1950)
Donald Kinsey (1953)
Phil Beer (1953)
Greg Phillinganes (1956)
Eric Singer (1958)
Billy Duffy (1961)
Brett Gurewitz (1962)
Myke Gray (1968)
Tracie Spencer (1975)

Ellevte mai

I 1938 vart Bruce Langhorne fødd i kvegbyen Tallahassee, hovudstaden i solrike Florida. Gitaristen Langhorne har fått rykte på seg for å vere mannen som introduserte elektrisk gitar i det puritanske folk-rock miljøet i Greenwich Village på sekstitalet. I mi platehylle finn du Langhorne sitt arbeid på studioplatene The Freewheelin’ Bob Dylan (1963), Subterranean Homesick Blues (1965), og Pat Garrett & Billy The Kid (1973), alle tre signert Bob Dylan. Langhorne døyde i 2017.

Andre jubilantar
Jan Berger (1943)
Butch Trucks (1947)
Greg Dulli (1965)
Christoph Schneider (1966)

Tiande mai

I 1952 vart Lowell Fillmore Dunbar fødd i Kingston på Jamaica. Trommeslagaren Sly Dunbar er kjend som den eine halvleiken av duoen Sly & Robbie, saman med Robbie Shakspare, og ein av dei mest brukte trommeslagarane innom reggesjangreen. Hjå meg kan Dunbar sitt arbeid høyrast på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread And Alive frå 1981, samt utvalde spor på samleplatene The Toughest (1998), og The Best Of Peter Tosh (1999). Dunbar er også kreditert for trommespel på utvalde spor på samleplatene The Bootleg Series Vol 1-3 (Bob Dylan, 1991), Jump Back – The Best Of The Rolling Stones (1993), og The Singles 1992-2003 som No Doubt slepte i 2003, samt på The Fugees si storselgjande studioplate The Score, som herja listene i 1991.
Andre jubilantar Julius Wechter (1935-1999)
Mike Melvion (1937-2012)
Donovan (1946)
Graham Gouldman (1949)
Lee Brilleaux (1952-1994)
Alex Foster (1953)
Carleen Anderson (1957)
Sid Vicious (1957-1979)
Bono (1960)
Bobo (1966)
Torbjørn Bruntland (1975)

Niande mai

I 1950 vart Tom Peterson fødd i Rockford i Illinois. Peterson er bassist i Cheap Trick, eit av mine store favorittband frå ungdomstida. Hjå meg kan Peterson sitt basspel høyrast på studioplata Latest (2009), konsertplata Live At Budokan (1978), i tillegg til den doble samleplata The Essential Cheap Trick (2004).

Andre jubilantar
Ronnie Eades (1942)
Richie Furay (1944)
Steve Katz (1945)
Billy Joel (1949)
Bob Margolin (1949)
Carlos Alomar (1951)
John Edwards (1951)
Barb Jungr (1954)
Dave Gahn (1962)
Paul Heaton (1962)
Charles Drayton (1965)
Benjamin Herman (1968)
Paul McGuigan (1975)

Åttande mai

I 1943 kom gitaristen Danny Ray Whitten til verda i Columbus i Georgia. Gitaristen Danny Whitten starta karriera si saman med Ralph Molina og Billy Talbot, noko som etter kvart vart til bandet Crazy Horse, som er kjend for samarbeidet med Neil Young. Hjå meg kan Whitten sitt gitarspel høyrast nettopp hjå Neil Young, på plata Tonight’s The Night frå 1975, samt på utvalde spor på samleplata Greatest Hits (2004). Whitten sleit etter kvart med massive rusproblem, noko som resulterte i at han fekk sparken både frå Crazy Horse og Neil Young sitt band, men først rakk han å inspirere Neil Young til å skrive songen The Nedle And The Damage Done. Whitten døyde av ein overdose i 1972.

Andre jubilantar
Peter Littman (1935)
Toni Tennille (1940)
Cornell Dupree (1942-2011)
Red Young (1948)
Keith Jarrett (1954)
Chris Frantz (1951)
Philiph Bailey (1953)
Max Costa (1962)
Dave Rowntree (1964)
Martha Wainwright (1976)

11.05.2018

Sjuande mai

I 1961 vart Philip Anthony Campbell fødd i walisiske Pontypridd. Gitaristen Phil Campbell, som i dag turnerer med sitt eige All Star Band, slo seg saman med Motörhead i 1983 og held ut med Lemmy & Co til «the bitter end». Sjølv var eg heldig og sjå og høyre Cambell i levande live to gonger, 2004 og 2012, begge gonger på heimebane i Bergen. Hjå meg kan Campbell sitt gitarspel høyrast på studioplatene Orgasmatron (1986), 1916 (1991), March Ör Die (1992), Kiss Of Death (2006), Motörizer (2008) og The Wörld Is Yours (2010), i tillegg til samleplatene No Remorse (1984), From The Vaults frå 1990, og Protect The Innocent (1997).

Andre jubilantar
Bill Kreutzmann (1947)
Alan Spenner (1948)
Pete Wingfield (1948)
Prairie Prince (1950)
Bernie Marsden (1951)
Steve Diggle (1955)
Phil Rizzuto (1961)
Eagle-Eye Cherry (1968)
Tracy Lords (1968)
Mick Grøndahl(1968)
Martina Topley-Bird (1975)

Sjette mai

I 1945 kom Robert Clark Seger til verda i Dearborn i Michigan. Bob Seger er ei levande amerikansk legende har sidan 1970-talet gjeve ut ei rekkje plater saman med The Bob Seger Sound System og The Silver Bullet Band og lista mi tel studioplatene Beautiful Looser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978), Against The Wind (1980), The Distance (1982) og The Fire Inside (1991), samt konsertplatene Live Bullet (1976) og Nine Tonight (1981). Seger er i mi platehylle i tillegg kreditert for bakgrunnsvokal på Kiss-bassist Gene Simmons si soloplate frå 1978.

Andre jubilantar
Robbie McIntosh (1950-1974)
Davey Johnstone (1951)
Tommy Funderburk (1952)
Steve Lindsey (1956)
Juliet Roberts (1962)
N'Dea Davenport (1966)
Till Brönner (1971)

10.05.2018

Femte mai

I 1928 kom Marshall Garnett Grant til verda i Bryson City i North Carolina. Bassisten Marshall Grant var ein fast del av Johnny Cash sitt backingband i store delar av karrieren hans og kan i mi platehylle høyrast på dobbelplata The Fabolous Johnny Cash/Songs Of Our Soil (1958), studioplatene Hymns By Johny Cash (1959), Now, There Was A Song og Ride This Train, begge frå 1960, Orange Blossom Special (1965), America: A 200-Year Salute In Storry And Song (1972), Ragged Old Flag (1974) og The Johnny Cash Children’s Album (1975), i tillegg til konsertplatene At Folsom Prison (1968), At San Quentin (1969) og At Österåker (1973), samt samleplatene The Very Best Of The Sun Years (2001) og Man In Black – The Very Best Of Johnny Cash (2002). Grant er også kreditert for å spele på songen Girl From Northern County på plata Nashville Skyline, som Bob Dylan slepte i 1967. Grant døyde i 2011.

Andre jubilantar
Ace Cannon (1934)
Kidd Jordan (1935)
Bill Ward (1948)
Stuart Elliot (1953)
Roddy Radiation (1955)
Ian McCulloch (1959)
James LaBrie (1963)

Fjerde mai

I 1950 kom Darryl Hunt til verda i engelske Christchurch. Unge Hunt erstatta Cait O’Riordan på bass i The Pogues i 1986 og gjorde det så bra at han spelar saman med bandet framleis. Hjå meg kan Hunt høyrast på studioplatene If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Hunt kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, og sanneleg har same spor sneke seg med på samleplata The Collection (2002).

Andre jubilantar
Sonny Payne (1926-1979)
Ron Carter (1937)
Ronnie Bond (1940)
David LaFlamme (1941
Georg Wadenius (1945)
Bob Callero (1950)
Søren Berlev (1950)
Jackie Jackson (1951)
Bob Sheppard (1952)
Luis Resto (1969)
Mike Dirnt (1972)
Victoria Bergsmann (1977)

Tredje mai

I 1940 kom Konrad Plank til verda i tyske Hütschenhausen. Plateprodusenten Conny Plank vert rekna som Krautrocken sitt motstykke til meir kjende (og berykta) Phil Spector og var involvert i fleire hundre plateproduksjonar, inkludert David Bowie sin Berlin-triologi. Plank var ikkje redd for å ta i eit tak for dei artistane han arbeidde med og er i miplatehylle kreditert for å spele perkusjon på Gianna Nannini si studioplate Profumo frå (1986), samt på utvalde spor på samleplata Maschi E Altri (1987). Plank døyde av kreft i 1987.

Andre jubilantar
John Lewis (1920-2001)
James Brown (1933-2006)
Pete Staples (1944)
Stephen Warbeck (1953)
Timmy Capello (1955)
Dave Ball (1959)
Øystein Paache (1963)
Sterling Campbell (1964)
Jay Darlington (1968)

Andre mai

I 1951 kom bassisten John Glascock til verda i engelske Islington. Bassisten Glascock spelte i Jethro Tull frå 1975 til han døyde i 1979 og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Old To Die (1976) og Heavy Horses (1978), samt på utvalde spor på samleplata Repeat: The Very Best Of Jethro Tull vol II.. Glascock døyde i 1979.

Andre jubilantar
Sven-Olof Walldorf (1929-2011)
Tony Asher (1939)
Goldy McJohn (1945)
Larry Gatlin (1948)
David Rhodes (1956)
Walter Calloni (1956)
Alain Johannes (1962)
Jeff Hanneman (1964-2013)

01.05.2018

Fyrste mai

I 1945 kom Rita Coolidge til verda i Lafayette i Tennessee. Coolidge leverte hits nok til å sikre seg ei rekkje Grammy-nominasjonar på syttitalet, i tillegg var ho ei stund gift med Kris Kristofferson, noko som resulterte i dottera Casey. Hjå meg kan Coolidge høyrast medan ho yt vokalhjelp på eitt av spora på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992.

Andre jubilantar
Philip King (1952)
Glen Ballard (1953)
Ray Parker jr. (1954)
Johnny Colt (1966)
Kate Schellenbach (1966)
D'arcey Wretzkey(1968)
Bernard Butler (1970)
Royston Langdon (1972)
Tord Riiser (1973)
Aslak Hartberg (1975)
Becky Baeling (1977)

Trettiande april

I 1933 kom Willie Hugh Nelson til verda i Abbot i skytegale Texas. Etter som eg ikkje er verdas største countryfan, var Willie Nelson lenge berre representert med ei samling av det beste han gjorde saman med kvartetten Highwayman (1999), der han song i lag med stjernelaget Johnny Cash, Kris Kristoferson og Waylon Jennings. Men no er samlinga utvida, og studioplatene Stardust, frå 1977, og Across The Borderline (1993), er kjøpt inn. Stardust vart spela inn med Booker T. Jones, mest kjend frå eit av verdas beste backingband, Booker T. & The MGs, bak spakane, og med mellom anna verdas beste kordame Emmylou Harris med i studio.

Andre jubilantar
Bobby Gregg (1936-2014)
Rutger Gunnarsson (1946-2015)
Wayne Kramer (1948)
Robbie McCoury (1971)
Brett Detar (1978)

Tjueniande april

I 1938 vart Klaus Voormann fødd i Berlin. Bassisten Voormann er best kjend for å designe omslag for andre artistar sine plater, men i mi platehylle kan du høyre han spele bass for Lou Reed på plata Transformer (1972), samt på samleplatene The Very Best Of Lou Reed (2000), og NYC Man – Greatest Hits (2004), og på utvalde spor på samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975.

Andre jubilantar
Ray Barretto (1929-2006)
Joe Porcaro (1930)
Nick Ingman (1948)
Skip Edwards (1951)
Sveinung Lillebjerka (1962)
Vini Poncia (1962)
Jari Kainulainen (1970)
Mike Hogan (1973)

Tjueåttande april

I 1953 vart Kim Althea Gordon fødd i Rochester i delstaten New York. Kim Gordon er best kjend som bassist og vokalist i det amerikanske alternativbandet Sonic Youth, som ho var med å grunnleggje saman med eksmannen Thurston Moore i 1981, og som prydar platehylla mi med studioplatene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street frå 2002. Gordon har passa på å brette ut alt av detaljar om oppvekst, livet i bandet og brottet frå Moore i boka Girl In A Band, som er ein ekte rockgirl dokumentar og inneheld mange interessante detaljar frå eit langt liv i bransjen.

Andre jubilantar
Steve Khan (1947)
Chuck Leavell (1952)
Frank Jakobsen (1954)
Eddie Jobson (1955)
Rolf Graf (1960-2013)
Arild Totland (1962)

Tjuesjuande april

I 1927 vart Conrad Henry Kirnon fødd i Tuckahoe i New York. Trommisen Connie Kay spelte i Modern Jazz Quartet i nesten førti år frå 1955 og frametter, hjå meg kan Kay høyrast på studioplata The Offbeat Of Avenues, som The Manhattan Transfer slepte i 1991, samt på utvalde spor på Van Morrison si doble samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Connie Kay døyde i 1994.

Andre jubilantar
Jim Keltner (1942)
Herb Pedersen (1944)
Thomas Koppel (1944-2006)
Kate Pierson (1948)
Ace Frehley (1951)
Adrian Utley (1957)
Marco Pirroni (1959)
Brian MacLeod (1962)
Rob Coombes (1972)
Isobel Campbell (1976)