31.12.2010

Trettifyrste desember

Trettifyrste desember 1951 vart Tom Hamilton fødd på årets siste dag. Hamilton har tent godt til livets opphald som bassist i dei amerikanske rockedinosaurane Aerosmith og har sikkert ikkje angra på det karrierevalet. Bandet har tross alt selt fleire millionar plater sidan den spe byrjinga seint på sekstitalet. I mi platehylle kan ein høyre Hamilton sitt basspel på platene Draw The Line og Rocks som kom på marknaden høvesvis i 1976 og 1977. I 1963 vart Scott Ian Rosenfeldt fødd i Jamaica, N.Y. Scott Ian er gitarist, vokalist og ubestridt leiar av det amerikanske skateboard-hardrockbandet Anthrax og er representert med tre titlar i mi hylle, foreløpig. I 1973 spela AC/DC sitt fyrste offisielle show på nyttårsafta. Det hendte i Sydney, Australia og om dei små guttane med den store lyden levde opp til den partymyten dei har slått om seg med resten av karrieren, var det nok fyrste januar og langt ut i 1974 før dei gav seg. I 1979 vart året avslutta med at Toy Dolls var underhaldninga på nyttårsfesten i Harveys Restaurant i Sunderland. I 1997 ebba året ut saman med pianisten Floyd Cramer. Det var neppe det som var årsak til at det vart sendt opp fyrverkeri den kvelden. I 2001 slepte elektronikaduoen Röyksopp plata Melody A.M. Og med det passar det å ynskje dei som har følgd med på det som er skrive i denne bloggen så langt eit godt nytt år, eg vonar de kjem til å følgje med på oppdateringane som vonleg kjem flittig i det nye året.

30.12.2010

Trettiande desember

Trettiande desember 1946 kom Patricia Lee Smith til verda. Folk flest kjenner dama som den amerikanske punkdronninga Patti Smith og dei som ikkje har digga kjempehiten Because The Night burde skamme seg. Platene Easter (1978) og Peace And Noice frå 1997 er så langt på plass i mi hylle, og fleire står sjølvsagt på ynskjelista. Ein annan stad i verda, i London, såg Clive William Bunker dagens ljos. Clive Bunker er trommeslagar legning og ein av grunnleggjarane av Jethro Tull, der han heldt takten fram til 1971. Bunker kan hjå meg høyrast på platene This Was og Aqualung. Han har seinare gjort trommeteneste i band som Bloodwyn Pig og Manfred Mann. I 1972 spelte Lou Reed saman med The Totts på Main Point i Philadelphia. Dette var fyrste konsert der han presenterte materiale frå den fyrste soloplata si, Transformer, som kom på marknaden tidlegare same månad. I 1979 var det indierock på programmet i Old Club i Shildon, og sjølvsagt var det Toy Dolls som stod for romjulsunderhaldninga.

29.12.2010

Tjueniande desember

Tjueniande desember 1947 kom Colin Flooks til verda. Under artistnamnet Cozy Powel gjorde Flooks stor suksess som trommeslagar for ei rekkje tungrockband, som mellom anna Black Sabbath, MSG og Whitesnake. I mi platehylle kan Powel høyrast når han held takten for Richie Blackmore sitt band Rainbow på plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. Powel døyde i ei bilulukke i Bristol i 1998. I 1961 vart Jim Reid fødd i Glasgow. Jim Reid har livnært seg som vokalist i det skotske bandet Jesus And The Mary Chain og er representert i mi platehylle med studioplata Darklands frå 1987 og samleplata The Sound Of Speed. I 1969 gav Grand Funk Railroad ut si andre studioplate, som fekk titelen Grand Funk. I 1979 sa Sunderland velkomen til Toy Dolls. Det hendte i Hepworth & Grandage Club.

28.12.2010

Tjueåttande desember

Tjueåttande desember 1946 stod jubelen i taket hjå familien Winter, då vetle John fekk ein vetlebror. Edgar Winter trakterar keyboard og saxofon og har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand. Hjå meg må du enn så lenge nøye deg med å høyre han på ulike klipp kreditert den meir merriterte storebroren sin, Johnny Winter. I 1981 fekk Norseman Hotel i Peterlee atter ein gong dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på vitjing. I 1989 spelte Toy Dolls to konsertar i Club Quatro i Tokyo. Fyrste opptreden var klokka seks om ettermiddagen og klokka halv ni var det sanneleg på an igjen.

Tjuesjuande desember

Tjuesjuande desember 1944 kom den engelske gitaristen Michael Leslie Jones til verda. Mick Jones er best kjend som ein av grunnleggarane av bandet Foreigner, men hjå meg er det som gitarist på Billy Joel si plate Storm Front frå 1989 han kan høyrast. I 1967 gav Bob Dylan ut plata John Wesley Harding. Dette var hans åttande studioplate. I 1980 stod Toy Dolls for romjulsunderhaldning i Steels Club i Sunderland. I 1989 var Toy Dolls på scenen i Club Quatro i Tokyo. Konserten er tilgjengeleg for ettertida på plata Twenty two tunes live from Tokyo. I 2004 døyde Hank Garland.

26.12.2010

Tjuesjette desember

Tjuesjette desember 1947 kom bassisten George Porter Jr til verda i jazzhovudstaden New Orleans. Porter var med å starte bandet The Meters på midten av 1960-talet, men kan hjå meg høyrast på Tori Amos si plate Under The Pink. I 1951 vart gitaristen John Scofield fødd i Dayton i Ohio. Scofield har ei merittliste som er lengre enn eit vondt år, men hjå meg må ein enn så lenge nøye seg med å høyre han på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. Sama dag kom gitaristen Paul Anthony Quinn til verda i Barnsley. Paul Quinn si karriere er sentrert rundt det engelske hardrockbandet Saxon og han kan høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1957 kom trompetisten Guy Barker til verda. I mi platesamling vert han lagt merke til for å spele flygelhorn på More Than I Can Bear på Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1966 er dette dagen det vert hevda Jimi Hendrix skreiv songen Purple Haze. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne komen fram til Osaka i Japan. Muse Hall var staden det hendte for Toy Dolls-fansen denne kvelden, og det hendte like godt to gongar, fyrst klokka seks om ettermiddagen, sidan halv ni.

25.12.2010

Tjuefemte desember

Tjuefemte desember 1939 var verdsmetropolen New York velsigna med perkussisjonisten Charles ”Don” Alias. Don Alias spelte i lag med fleire store namn, som mellom anna Weather Report og Herbie Hancock. I mi platesamling kan Alias høyrast på Ian Hunter si plate All American Alien Boys frå 1976 og på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. Alias gjekk bort i 2006. I 1945 kom Ian Kilmister til verda i fotballbyen Stoke-On-Trent. Han er i dag kjent mest kjent som Lemmy, sjefen over alle sjefar i verdas tøffaste rockeband, Motörhead. Lemmy har ei fortid som roadie for gitarguruen Jimi Hendrix og som bassist og vokalist i det legendariske undergrundsbandet Hawkwind før han stabla på beina sitt eige band midt på 1970-talet. Lemmy sin eksit frå Hawkwind skuldast eit uheldig møte med det kanadiske grensepolitiet. Resten av bandet, med grunnleggar Dave Brock i spissen hadde ikkje tid til å vente på at bassisten skulle sone ferdig for smuglingsforsøk av eit par marihuanasigarettar, eit grovt brotsverk den gongen. Julegåva 2010 omfatta den nyaste Motörhead-plata, The Wörld Is Yours, så det var ei vellukka høgtid. I 1948 vart den amerikanske soulsongerinna Merry Clayton fødd i Louisiana. Clayton har ei allsidig karriere både som soloartist og korist for andre og kan hjå meg høyrast på Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1957 kom kultikonet Shane Patrick Lysaght MacGovan til verda i landsbyen Pembury i det engelske grevskapet Kent. MacGovan er, saman med Jem Finer og Spider Stacy ein av grunnleggarane av det fantastiske folkpunkbandet The Pogues. Før tida med The Pogues hadde Shane eit mindre kjend band med namnet The Nipple Erectors. Tungt alkoholiserte Shane har også gjeve ut plater saman med The Popes og begge hovudattraksjonane er sjølvsagt på plass i mi platehylle. MacGovan kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. MacGovan er elles kjend for å vere verdsmeister i tannlegeskrekk, noko som skal ha resultert i ein tanngard vanlege folk ikkje ville vere stolt av. I 1958 var songerinna Alannah Myles fødd i Ontario i Canada. Myles slo gjennom med kjempehitten Black Velvet i 1990, men hjå meg er det på to andre plater, den minst like gode andreplata Rockinghorse frå 1992, og Arrival frå 1998, ho kan høyrast. I 1963 kom Noël Rota til verda i Paris. Under namnet Helno eller Helno Rota gjorde mannen kjempesuksess som vokalist i det fantastiske bandet Les Negresses Vertes, som voks fram på den franske undergrunnscena på slutten av åttitalet. Rota sang på dei to beste studioplatene frå bandet, Mlah (1988) og Famillie Nombreuse (1991), før han døyde av ein overdose heroin i 1993. I 1979 var det Toy Dolls som var juleunderhaldninga i Northon Workmens Club i Stockton. I 2006 døyde James Brown.

24.12.2010

Tjuefjerde desember

Tjuefjerde desember, sjølvaste juleafta, 1970 kom Will Oldham til verda i Louisville i Kentucky. Under artistnamnet Bonnie ”Prince” Billy har Oldham herja alternativscena sidan 1993, der han har skapt seg eit stort namn. Enno står ingen av hans eigne produksjonar i platehylle, men fortvil ikkje, for Bonnie ”Prince” Billy kan høyrast medan han syng saman med Johnny Cash på sin eigen song I See Darkness, som er å finne på plata Americana III: Solitary Man frå 2000. I 1981 bydde Birds Nest i Hartlepool til julefest med Toy Dolls som underhaldning. I 1983 var julestemninga sikra på Tin Can i Birmingham då Toy Dolls ringte jula inn. I 1989 spela Toy Dolls eit ettermiddagsshow på Street i Tokyo, og om kvelden var det E.L.L i Nagoya som fekk vitjing av dei hardarbeidande indierockarane frå Nordaust-England. I 1990 slepte Iron Maiden singelen Bring Your Daughter ... To The Slaughter som toppa listene i England i dei neste to vekene.

23.12.2010

Tjuetredje desember

Tjuetredje desember 1951 kom bassisten Doug Stegmeyer til verda på Long Island. Stegmeyer er best kjend for samarbeidet sitt med Billy Joel og kan i mi platesamling høyrast på konsertplata Kohucept frå 1987. Den stødige bassisten fekk etter kvart sparken frå Joel sitt band og ein desillusjonert Stegmeyer døyde for eiga hand i 1995. I 1966 vart trommeslagaren Bobby Schayer fødd i det som vist nok skal vere englane sin by, Los Angeles. Kvifor denne er plassert på den amerikanske vestkysten er det ikkje tid eller plass til å diskutere her. Schayer var trommis i Bad Religion i ti år, frå 1991 til 2001, men måtte diverre forlate bandet på grunn av ei skada skulder. Sjølv om musikarkarriera fekk ein lei slutt, kan Schayer sitt trommespelet høyrast på platene Stanger Than Fiction (1994) og No Substance, som kom på marknaden i 1998. I 1979 kom Toy Dolls til Boiler Makers Club i Sunderland. I 1983 spela Toy Dolls på Noresman i Amble. I 1998 markerte The Cranberrie at det snart var jul med å gje ut singelen I Just Shot John Lennon.

22.12.2010

Tjueandre desember

Tjueandre desember 1946 vart den energiske Cheap Trick-gitaristen Rick Nielsen fødd i Rockford i Illinoise. Eg var så heldig at eg plukka opp konsertplata Live At Budokan ein gong tidleg på åttitalet og sidan har eg vore heilfrelst Cheap Trick-fan. I CD-hylla mi står, i tillegg til den omtala liveplata, den doble samleplate The Essential Cheap Tric, som dekkar det meste av det beste dei har gjort. Og i det siste har også den nyaste plata, The Latest, distribuert gjennom Classic Rock Magazine, dukka opp. I 1957 kom Richard Alexander Ross til verda i den ikkje altfor store skotske byen Dundee. Ricky Ross er best kjend som vokalist og gitarist i bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlums. I 1967 kom Manic Street Preachers gitaristen Richey James Edwards til verda i walisiske Blackwood. Edwards forsvann i 1995 og er antatt daud. I 1979 spela Toy Dolls i Football Club i Peterlee. I 1986 dundra Iron Maiden inn på hitlistene med Stranger In A Strange Land. Topplasseringa vart tjueandreplass. I 2002 døyde Joe Strummer.

20.12.2010

Tjuande desember

Tjuande desember 1945 vart tidlegare Kiss-trommis Peter Criss fødd med det lyriske døypenamnet George Peter John Criscoula. Criss var ein av dei fire originale medlemmene av Kiss, men slutta så tidleg som 1980 og bidrog minimalt på plata Dynasty, sjølv om han var avbilda på omslaget og har hausta det meste av æra for trommespelet på plata. Criss har seinare dukka opp på diverse gjenforeiningar av Kiss. I 1964 var dette dagen Johnny Cash var i studio og spela inn Danny Boy, All Of Gods Children Are Free, Orange Blossom Special og Engine 143 medan andre var ute og kjøpte julepresangar. Songane kan høyrast på plata Orange Blossom Spceial som kom på marknaden året etter. I 1967 fekk Jimi Hendrix Experience foreviga Crosstown Traffic i Olympic Studios i London. I 1970 hjelpte Black Sabbath til med å ringe jula inn på Olympia i Paris. Dei frammøtte fekk høyra mellom anna War Pigs og N.I.B som kan høyrast og sjåast på DVDen undead and alive. I 1979 var Toy Dolls i Ferryhill for å spele i Station Workmen Club. I 1981 let AC/DC Hells Bells ringe i øyro på konsertgjengarane i Largo. I 1983 var det Toy Dolls som sikra høg førjulsstemning frå scenen på 100 Club i London.

19.12.2010

Nittande desember

Nittande desember 1915 kom spurven Edith Piaff til verda som Edith Giovanna Gassion. Unge Piaf skal ha vokse opp i ein bordell i Normandie, før ho som femtanåring drog til Paris og hovdsakleg livnærte seg som gatesongerske før ho vart oppdaga og fekk platekontrakt. Piaf døyde i 1963. I 1947 kom den skotske bassisten Jimmy Bain til verda i Newtonmore. Bain har spela med Phil Lynnot i Thin Lizzy, men er mest kjend for å ha spelt i Rainbow og Dio og hjå meg kan han høyrast på platene Holy Diver (1983) og Dream Evil (1987) frå bandet til metallgnomen Ronnie James Dio. I 1951 fekk verda den nordirske bassisten Gerry McAvoy. McAvoy er best kjend for samarbeidet med den irske gitaristen Rorry Gallagher og basspelet hans kan hjå meg høyrast på plata Calling Card frå 1976. I 1958 var Count Basie og bandet hans i studio og spela inn sin versjon av Quincy Jones sin The Midnite Sun Never Sets. Komponisten sjølv var arrangør og solist var Marshall Royal på altsaxofon. I 1982 var det Legions Club i South Shields som var verskap for Toy Dolls.

18.12.2010

Attande desember

Attande desember 1950 kom trommeslagaren Randolpho Francisco Castillo til verda i omsungne Alberquerque i New Mexico. Etter å ha forkorta namnet til Randy Castillo tente han lenge til livets opphald som trommeslagar for sjølvaste The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, og han har fleire plateinnspelingar bak seg. Castillo er også ein av fleire trommeslagarar som har vikariert i Mötley Crüe medan deira faste trommeslagar, Tommy Lee, var innom kasjotten, etter at han vart dømd for å ha banka kona si, den kanadiske skodespelaren Pamella Anderson. I 1964 var Johnny Cash i Nashville og spela inn songane The Wall, You Wild Colorado og Wildwood Flower. Han spela også inn si versjon av Bob Dylan sin slager Don’t Think Twice, It’s Alright. Cash byrja også på innspelinga av When It’s Springtime In Alaska (it’s forty below) (duett med June Carter) og Amen. Alle songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special, og i tillegg finn du When It’s Springtime In Alaska og The Wall på samleplata Murder frå 2000. I 1969 var eit Band Of Gypsies leia av Jimi Hendrix i studio for å spele inn Ezy Ryder. I 1979 spela Toy Dolls i Rumors Disco i Sunderland. I 1983 avslutta Iron Maiden World Piece Tour med konsert i Dortmund.

17.12.2010

Syttande desember

Syttande desember 1948 kom fiolinisten Darryl Way til verda. Mi platehylle byr på Way sitt felespel på Jethro Tull si plate Heavy Horses frå 1978, men han nådde aldri status som fullverdig medlem av bandet. I 1958 vart R.E.M.-musikaren Michael Edward Mills fødd i Orange County i California. Mike Mills kan høyrast på så mykje som sju ulike R.E.M-titlar i mi platehylle. Han kan også høyrast medan han spelar piano for The Smashing Pumpkins på songen Soma frå plata Siamese Dream som kom på marknaden i 1993. I 1964 fekk The Long Black Veil og Mama You’ve Been On My Mind evig liv i Johnny Cash si tolking. Cash byrja også innspelinga av (I’m proud) The Baby Is Mine. Alle songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special som var produsert av Don Law. Dei faste musikarane Luther Perkins og Marshall Grant vart assistert Norman L. Blake, Ray Edenton og Robert L. Johnson på gitar, W.S. Holland på trommer, Floyd Cramer og William Withney Pursell på piano, Charles R. McCoy på munnspel og ei blåserekkje beståande av Homer L. Randolph på saksofon og trompetistane William K. McElhiney og Karl R. Garvin. I 1964 spela Johnny Cash inn The Long Black Veil, som enda opp på plat Orange Blossom Special. Songen kan også høyrast på ei rekkje samleplater, mellom anna Murder frå 2000. I 1976 gav AC/DC ut den internasjonale versjonen av plata Dirty Deeds Done Dirt Cheap. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester og Toy Dolls var på plass i Turks Head i Darlington. I 1982 kom Toy Dolls til Smugglers Club i Stanley for å spele. I 1986 kom Toy Dolls til Coventry Polytechnic for å spele. I 1992 var Nash Kato, Blackie O og ”Eddie” King Roeser i Urge Overkill på plass i Studio 4 i Philadelphia for å spele inn det som etter kvart vart plata Saturation.

16.12.2010

Sekstande desember

Sekstande desember 1945 vart William Frederick Gibbons. Billy Gibbons er den skjeggete gitaristen i den texanske bluesrockgruppa ZZ Top. Sjølv var eg heldig og fekk sjå ZZ Top i levande live i Oslo Spectrum i 1996, ei oppleving eg levde lenge på. Samlinga byr, enn så lenge, på platene Fandango og Recycler. I 1946 fekk verda framtidige Hep Stars-pianist Benny Bror Göran Andersson. Andersson er meste kjent for tida i den svenske popgruppa ABBA som serverte ei rekkje hits gjennom syttiåra, men har også, i samarbeid med kompisen Bjørn Ulveus, vore med å komponere musikalar som Chess. I 1959 var Count Basie med band i studio og spela inn songen Back To The Apple. Frank Foster og Joe Newman var solistar på tenorsaxofon og trompet. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester. I 1982 var det publikum på Mitre i Newcastle som tok i mot dei unge mennene i Toy Dolls. I 1997 døyde Nicolette Larson.

14.12.2010

Fjortande september

Fjortande desember 1949 vart Clifford Williams fødd. Cliff Williams er beste kjend som bassist i AC/DC der han erstatta Mark Evans i juni 1977. Williams har sidan klamra seg til jobben og er i skrivande stund framleis ansvarleg for firestrengsgitaren. I 1958 såg Peter Stacy dagens ljos i den engelske badebyen Eastbourne. Fløytespelande Spider Stacy er ein av grunnleggarane av The Pogues. Spider Stacy kan også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Same dag vart den skotske artisten Mike Scott fødd. Scott har sidan fyrste halvdelen av åttitalet vore drivkrafta i bandet Waterboys og sidan som soloartist. Scott har fått plass i mi platehylle både som soloartist med albumet Bring ’Em All Inn og med Waterboys si plate Room To Roam. I 1959 nytta Johnny Cash denne dagen til å erklære at han var Going To Memphis, truleg ikkje for ei Seccond Honeymoon, men for å syngje The Ballad Of The Harpweaver. Alle desse tre songane kan høyrast på plata Ride This Train som står støtt i platesamlinga mi. Going To Memphis kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. Dette var også datoen då, i 1981, AC/DC feira bassisten sin gebursdag med å halde konsert i Boston Garden i Boston. I 1982 stod Toy Dolls for underhaldninga på Honeysuckle i Gateshead. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Sala Largi i Pamplona.

12.12.2010

Tolvte desember

Tolvte desember 1944 vart Rob Tyner fødd. Tyner er best kjend som vokalisten i det amerikanske punk/hardrock-bandet MC5. Tyner døyde av hjerteinfarkt i 1991. I 1945 kom trommeslagaren Tony Williams til verda i Chicago. Williams kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Water Babies. Williams døyde i 1997. I 1953 kom gitaristen Bruce Kullick til verda i New York. Kullick spelar i dag i Grand Funk Railroad, men er kan hende best kjend for at han spelte i Kiss i ei årrekkje, og han kan hjå meg høyrast på platene Crazy Nights frå 1987 og Alive III frå 1993. Same dag gav liv til den tidlegare Georgia Satellites-vokalisten Daniel John Baird. Dan Baird vert rekna som ein av pionerane i Cow/Country-punk generen og er i dag sjef i eige hus i bandet Homemade Sin. Hjå meg kan Bair høyrast på plata In The Land Of Salvation And Sin med moderbandet The Georgia Satellites. I 1972 vart Hank Williams III fødd i countrybyen Nashville. Barnebarnet til den legendariske hulkecountrystjerna Hank Williams har markert seg i den difuse countrypunksjangeren, og står på ingen måte tilbake for korkje bestefar eller far, den nesten like vidgjetne countryartisten Hank Williams Jr. I 1976 gjorde AC/DC opptak for australsk fjernsyn og spelte eit seksten minuttar langt sett der ein får høyre Baby, Please Don’t Go og Problem Child. For dei som gjekk glipp av denne sendinga då ho gjekk på australsk fjernsyn er det høve til å sjå dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock. I 1977 spelte Willie Nelson inn Stardus, Georgia On My Mind, Blue Skies, All Of Me og Moonlight In Vermont, som alle endte opp på plata Stardust. I 1981 var AC/DC og spela i Forum i Montreal. I 1982 var Toy Dolls å finne i Shineyrow Club i Sunderland. I 1983 var dei framleis å finne i Sunderland, på Old Twenty Nine denne gongen. I 1985 døyde Ian Stewart. I 1986 vitja Toy Dolls Sala Txibisto i Begara. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Les Confert Modern i Pottiers. I 1991 døyde saxofonisten Ronnie Ross. I 2007 var dette dagen gitaristen Ike Turner gjekk bort.

11.12.2010

Ellevte desember

Ellevte desember 1958 vart Frank Carlton Serafino Ferrana Jr fødd. Ferrana er kjend for massane under namnet Nicky Sixx og tenar til sitt daglege brød som bassist i glamrockbandet Mötley Crue. I 1961 gav Miles Davis ut plata Someday My Prince Will Come. Same dag kom Darryl Jones til verda i Chicago. Jones er best kjend for å ha avløyst Bill Wyman som bassist i Rolling Stones, men i mi platesamling han han nytast som ein del av Miles Davis sin stødige rytmeseksjon hjå på plata Decoy frå 1984. I 1975 kom Samantha Maloney til verda i The Big Apple. Maloney steppa inn som trommis i Mötley Crüe då den faste trommisen, Tommy Lee var innom kasjotten, ho skal også ha spelt trommer på Hole si tredje studioplate, Celbrity Skin, sjølv om ho ikkje er kreditert for den jobben. I 1981 spela AC/DC for andre kveld på rad i ishokeyarenaen Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls på plass i Peterlee Comunity Centre. På same dag gav Slade ut liveplata Slade On Stage som også står trygt plassert i mi platehylle. I 1986 vart den katalanske hovudstaden, Barcelona, invadert av punkarar frå Nordaust-England, nærare bestemt Toy Dolls og invasjonen endte på Zeleste. I 1989 var det Club Nuit i Auch som fekk vitjing av Toy Dolls.

09.12.2010

Niande desember

Niande desember 1971 vart Geoff Barrow fødd i Walton In Gordano i England. Barrow er medlem av den engelske elektronikatrioen Portishead og om du kjem innom kan du få høyre platene Dummy (1994) og Portishead (1997). I 1972 vart Frank Edwin Wright III fødd i Frankfurt. Frå 1990 har Tré Cool okkupert trommestolen i Green Day og mi platesamling byr på platene Dookie frå 1994 og Nimrod, som kom i 1997. I 1979 var AC/DC sin Highway To Hell-turné komen til Paris, der dei spelte på Pavillion De Paris. Eit opptak av denne konserten vart tilgjengeleg på dobbel CD i 1997 og var ein del av CD-boxen Bonfire. I 1989 fekk dei frammøtte i Youth Hall i Renteria sjå og høyre den muntre gjengen i Toy Dolls spele.

08.12.2010

Åttande desember

Åttande desember 1943 vart middelklasseguten James Douglas Morrison fødd av millitærforeldre tilknytta US Navy. Under namnet Jim Morrison gjorde han suksess som låtskrivar og songar i bandet The Doors. Han gav i tillegg ut fleire diktsamlingar. Morrison døyde i Paris i 1971. I 1953 vart skodespelerinna Kim Basinger fødd som Kimila Ann Basinger i universitetsbyen Athens i Georgia. Grunnen til at sexsymbolet med filmar som mellom anna 9 1/2 Weeks på merittlista er nemnt her er at dama faktisk har sunge duett med Ozzy Osbourne. Det skjedde på songen Shake Your Head som kan høyrast på plata One Up The B-Side som kom på marknaden i Sør-Afrika i 1997. I 1957 vart bassisten Johnny Rod fødd. Rod spelte bass i W.A.S.P. i to periodar, frå 1986 til 1989 og 1992 til 1993 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts. I 1962 fekk Elvis Presley sin femtiande listeplassering i England med Return To Sender. Songen debuterar med ein andreplass, berre slått av Frank Ifield med Lovesick Blues. I 1962 kom Martin Adam Friedman til verda. Marty Friedman slo seg saman med Megadeth i 1990 og heldt ut med bandet til 1999. Friedman han høyrast på plata Rust In Peace. I 1972 gav Lou Reed ut si andre studioplate, Transformer, som vart produsert av radarparet David Bowie og Mick Ronson. Plata inneheld somme av dei best kjende songane til Reed og produserte singlar som Walk On The Wild Side, Satellite Of Love og Perfect Day. I 1975 døyde Gary Thain. I 1979 stod Motörhead si plate On Parole ut i platehyllene. Seinare same dag var Toy Dolls underhaldning i Central Club i Darlington. I 1980 vart John Lennon skoten og drepen utanfor Dakota-bygningen i New York City. I 1981 var det klart for konsert med Toy Dolls i Newton Park Hotel i Newcastle og AC/DC sin Nord-Amerika-turné var komen til Spectrum i Philadelphia. I 1984 døyde Gene Ramey. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Sala Ilargi i Lacunza.

07.12.2010

Sjuande desember

Sundag sjuande desember 1949 vart Tom Waits fødd og tildelt fullt namn Thomas Alan Waits. Tom Waits har skrive skeiv og rufsete musikk som er gjeve ut ei rekkje plater gjennom åra. Mi platesamling byr så langt på titlane Small Change, Swordfishtrombones, Rain Dogs og Mule Variation, noko som sjølvsagt er alt for lite når ein tenkjer på Waitz sin produksjon. I 1977 var AC/DC og spelte i levande live i myteomspunne Atlantic Studios i like myteomspunne New York City. Eit opptak frå denne konserten var gjeven ut tjue år seinare, i 1997, og fekk plass i CD-boxen Bonfire. I 1980 nytta AC/DC dagen til å spele i Festhalle i Frankfurt, oppvarmar var evigunge Whitesnake med botoxkongen David Coverdale i spissen. Same dato eit år seinare, i 1981, hadde AC/DC enno ein gong teke turen over atlanteren og spela i Spectrum i Philadelphia. I 1982 var Toy Dolls på ny på plass på scenen i 100 Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på University of Bangor. I 1989 var sporty engelsmenn i Toy Dolls på scenen i Sports Arena i Elorrio. I 2004 spela Motörhead i Philipshalle i Düsseldorf, ein konsert som er tilgjengeleg for alle på DVD-plata Stage Fright som eg var heldig og fekk til jul eit år.

06.12.2010

Sjette desember

Sjette desember 1955 vart Leticia Hinojosa fødd i San Antonio i Texas. Tish Hinojosa er ein prisløna artist med mexicanske røter og stort samfunnsengasjement. Mi platesamling byr på plata Homeland frå 1989. Same dag kom trommeslagar Paul Richard Buckler til verda. Buckler er best kjend som den stødige rytmeseksjonen i Mod-bandet The Jam. I 1956 vart gitaristen Randy Rhoads fødd som Randall William Rhoads på St. John’s Hospital i Santa Monica i solrike California. Rhoads var med å starte hardrockbandet Quiet Riot på slutten av 1970-talet, men er mest kjent for å ha spelt gitar for skrekkrockaren, fjernsynsstjerna og familiefaren Ozzy Osbourne. I 1971 gjekk Deep Purple i studio i sveitsiske Montreaux og byrja innspelinga av det som skulle verte albumet Machine Head. I 1980 kunne Toy Dolls høyrast i East Stanley i Stanley. I 1981 spela AC/DC i Byrne Meadowlands Arena i Meadowlands. I 1985 var New College i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1990 filma AC/DC ein promovideo av Moneytalks. Trufaste David Mallet var regisør.

05.12.2010

Femte desember

Femte desember 1938 vart J. J. Cale fødd som John Weldon Cale i preriebyen Oklahoma City. Cale er godt kjend for å ha si eiga karriere i countryverden, men i mi platesamling kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Neil Young-plata Comes A Time frå 1978. I 1976 spelte AC/DC live på programmet Countdown på ABC, Dirty Deeds Done Dirt Cheap kan sjåast på DVD’en Family Jewels. I 1977 var Willie Nelson i studio. Han hadde selskap av pianisten Bobbie Nelson, trommeslagarane Paul English og Rex Ludwig, gitarist Jody Payne, bassistane Bee Spears og Chris Etheridge, munnspelar Michey Raphael og pianist og produsent Booker T. Jones. Saman arbeida dei fam det som skulle bli til plata Stardust. Don’t Get Around Much Anymore og Someone To Watch Over Me vart resultatet av denne dagens arbeid. I 1989 stod Club i Leon på Toy Dolls sin turneplan

04.12.2010

Fjerde desember

Fjerde desember 1947 kom Terry Woods til verda i Dublin. Allsidige Woods spelar til vanleg mandolin i The Pogues. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1956 spela Johnny Cash, Elvis Presley, Jerry Lee Lewis og Carl Perkins inn det som i ettertid er påstått å vere tidenes beste uutgjeve innspeling. Denne er etter kvart gjeve ut i eit heller rustent opptak som er kjekt å høyre for personar med sære interesser. I 1964 spelte Cornelis Vreeswijk i Stockholms Konserthus saman med Ann-Louise Hansson og Fred Åkerström. Brev Från Kolonien og I Natt Jag Drömde Nogot Som kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1977 var det andre innspelingsdag til det som skulle bli Willie Nelson si Stardust-plate. Med hjelp av Booker T. Jones på tangentar og i kontrollrommet vart September Song festa til rullane. I 1979 var Toy Dolls innom og underheldt på Wine Loft i Sunderland. I 1981 stod eit AC/DC på Nord-Amerikaturné på scenen i Civic Centre i Providence. I 1987 var andre og siste innspelingsdag for AC/DC sin promovideo for Heatseeker.

03.12.2010

Tredje desember

Tredje desember 1946 vart Geordie-gitaristen Albert Victor Malcolm fødd i Newcastle-Upon-Tyne. Vic Malcolm kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på samleplata Can You Do It som kom på marknaden i 1997. I 1966 kom The Who singelen Happy Jack om mannen som budde i sanden på den tidlegare vikingkolonien Isle Of Man i Irskesjåen, og som nådde tredjeplassen på listene i førjulstida. I 1977 var Willie Nelson i studioet Enactron Truck og spelte gjorde innspelingar til albumet Stardust. Resultatet av arbeidet denne dagen var Unchained Melody og On The Sunny Side Of The Street. Produsent var Booker T. Jones. I 1980 var det dei frammøtte i New Shildon W.M.C i Shildon som fekk høyre Toy Dolls. I 1981 var AC/DC sin turné omsider nådd fram til Civic Centre i Hartford. I 1987 fekk AC/DC hjelp av regisøren David Mallet for å spele inn ein promovideo til låta Heatseeker. I 1989 vitja Toy Dolls Hippo i Valladolild.

02.12.2010

Andre desember

Andre desember 1931 vart Wynton Kelly fødd i Brooklyn. Kelly trakterar tangentane for trompetlegenda Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. Kelly døyde i 1971. I 1941 kom Tom McGuinness til verda i tennismetropolen Wimbledon. McGuinness, som også har ei fortid i Manfred Mann, var med å starte The Blues Band i 1979 og kan i mi platehylle høyrast på platene Official Blues Band Bootleg Album frå 1979, Ready som kom på marknaden i 1980, Itchy Feet som stogga så langt nede som på sekstiandeplass på dei engelske listene i 1981, og Brand Loyality frå 1982. I 1948 vart The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, fødd som John Alvin Osbourne i bydelen Aston i Birmingham. Slaktarsonen med den spesielle røysta slo på slutten av sekstitalet og gjennom dei harde syttiåra, seg opp som songar saman med dei langhåra heltane i Black Sabbath, før han, i samarbeid med kona Sharon Osbourne (f. Arden) starta ei solokarriere som har sementert legendestatusen med sal av millionar av plater verda over. I 1971 gav Led Zeppelin ut singelen Black Dog med Misty Mountain Hop på B-Sida. Plata klatra til femtande plassen på dei amerikanske listene. I 1980 la Madness seg inn på ein fin fjerdeplass på listene med Embarresment. Den legendariske arenaen Madison Square Garden i New York er kan hende mest kjend for boksekampar med avtalt utfall, men i 1981 var det AC/DC som var hovudattraksjonen då scenelysa kom på. I 1989 stod Toy Dolls for larm og lyd i Sala Rancho Bill i Burgos.

01.12.2010

Fyrste desember

Fyrste desember 1951 kom John Francis Anthony Pastorius til verda. Jaco Pastorius vert rekna som ein av tidenes beste bassistar og vert gjerne hugsa frå tida med bandet Weather Report. I mi platesamling kan Pastorius sitt emminente basspel høyrast på Ian Hunter si plate All American Alian Boy frå 1976. Pastorius sleit etter kvart med rusproblem og døyde etter å ha blitt sparka i hjel av ein dørvakt i Florida i 1987. I 1965 spelte Johnny Cash inn Happines Is You som vart gjeven ut på eit album med same namn. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1977 gav Aerosmith ut plata Draw The Line. I 1989 var Salamanca vertar for Toy Dolls