02.12.2010

Andre desember

Andre desember 1931 vart Wynton Kelly fødd i Brooklyn. Kelly trakterar tangentane for trompetlegenda Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. Kelly døyde i 1971. I 1941 kom Tom McGuinness til verda i tennismetropolen Wimbledon. McGuinness, som også har ei fortid i Manfred Mann, var med å starte The Blues Band i 1979 og kan i mi platehylle høyrast på platene Official Blues Band Bootleg Album frå 1979, Ready som kom på marknaden i 1980, Itchy Feet som stogga så langt nede som på sekstiandeplass på dei engelske listene i 1981, og Brand Loyality frå 1982. I 1948 vart The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, fødd som John Alvin Osbourne i bydelen Aston i Birmingham. Slaktarsonen med den spesielle røysta slo på slutten av sekstitalet og gjennom dei harde syttiåra, seg opp som songar saman med dei langhåra heltane i Black Sabbath, før han, i samarbeid med kona Sharon Osbourne (f. Arden) starta ei solokarriere som har sementert legendestatusen med sal av millionar av plater verda over. I 1971 gav Led Zeppelin ut singelen Black Dog med Misty Mountain Hop på B-Sida. Plata klatra til femtande plassen på dei amerikanske listene. I 1980 la Madness seg inn på ein fin fjerdeplass på listene med Embarresment. Den legendariske arenaen Madison Square Garden i New York er kan hende mest kjend for boksekampar med avtalt utfall, men i 1981 var det AC/DC som var hovudattraksjonen då scenelysa kom på. I 1989 stod Toy Dolls for larm og lyd i Sala Rancho Bill i Burgos.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar