30.09.2011

Trettiande september

Trettiande september 1940 vart den kanadiske trommeslagaren Walter Milton Dwayne Midkiff fødd i Chesterville i Ontario. Dewey Martin er best kjend for å ha tromma for supergruppa Buffalo Springfield og kan i mi platehylle taktfast høyrast på plata Buffalo Springfield Again frå 1967. Dewey Martin døyde i 2009. I 1954 kom songarinna Basia Trzetrezelewska til verda i Jaworzno i Polen. Basia er kjend for samarbeidet med gruppa Matt Bianco og er sjølvsagt på plass i mi platehylle med sofistikert jazzpop av åttitalstype på plata Who’s Side Are You On. I 1958 vart den amerikanske gitaristen Marty Stuart fødd. Stuart har lang fartstid i Johnny Cash sitt band og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på platen Unchained frå 1996 og American V: A Hundred Highways får 2006. I 1977 gav Ian Dury ut plata New Boots And Panties!! Nyutgjevingar av plata inneheld det som på mange måtar er blitt Dury sin kjenningsmelodi, Sex & Drugs & Rock & Roll, men denne er utruleg nok ikkje med på originalskiva. I 1983 spelte Toy Dolls sin konsert nummer to hundre. Dette jubileet vart markert på Top Rank i hamnebyen Brighton på den engelske sørkysten. I 1985 slepte Tom Waits si niande studioplate, Rain Dogs, også dette eit album meritterte Rolling Stone Magazine skal ha plassert trygt inne på lista over dei fem hundre platene gjennom tidene. The Clash nytta dagen til å sleppe singelen This Is England, som klatra til ein tjuefjerdeplass på dei engelske listene. I 1987 var Toy Dolls på Dingwals i London. I 1991 slepte R.E.M. si fyrste Best Of-plate, medan Robbie Robertson slepte si andre soloplate etter tida med The Band. Produktet fekk namnet Storywille. Også Simply Red nytta dagen til plateslepp, deira bidrag til musikksoga fekk namnet Stars og var bandet si fjerde studioplate. I 1997 gav Portishead ut sitt andre studioalbum, dette hadde same namnet som bandet. Same dag kom to meir etablerte artistar, Bob Dylan og Patti Smith, med kvar si plate, høves vis Time Out Of Mind og Peace And Noise. I 2003 slepte Sting si sjuande studioplate, Sacred Love.

29.09.2011

Tjueniande september

Tjueniande september 1935 vart den grensesprengande rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis er fetter av den berykta svovelpredikanten Jimmy Swaggart og starta karriera si i grenselandet mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve Lee Lewis tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn han er for dei stundom ekselente musikalske bidraga sine. Lewis leverar ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, og diverre er det den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på. I 1946 fekk verda ein ny trommeslagar, då vart Ian Wallace fødd i Bury i England. Wallace spelte med King Crimson tidleg på 1970talet, men kan i mi platesamling høyrast på plata A Bit Of What You Fancy, som Quireboys gav ut i 1990. I 1948 var det jubel hjå familien Farner. Mark Fredrick Farner vart fødd i bilbyen Flint i Michigan. Mark Farner er gitarist, vokalist og komponist i det amerikanske bandet Grand Funk Railroad, som har levert ei lang rekkje storselgjande plater sidan slutten av 1960talet. I 1963 kom Leslie Edward Claypool til verda. Les Claypool er kjend som bassisten med den rå lyden og uortodokse teknikken i Primus. I mi platesamling kan Claypool også høyrast medan han trakterar bassen på låten Big In Japan frå Tom Waits si plate Mule Variations som kom ut i 1999. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Bowes Lyon House i Stevenage. I 1987 kunne Red Hot Chilli Peppers si tredje soloplate, The Uplift Mofo Party Plan, kjøpast, og, sjølv om eg venta nokre dagar, gjorde eg det, og det har eg så absolutt ikkje angra på. I 1992 slepte Alice In Chains si andre studioplate Dirt, som etter kvart selde til fire gongar platina i USA og nådde til ein sjetteplass på Billboard si Top 200-liste. I 1997 gav The Verve ut plata Urban Hymns. I 2008 gav Enslaved ut si tiande studioplate, Vertebrae, som var miksa av legenda Joe Barresi, kjend for å arbeide med store namn som Tool og Queens Of The Stone Age.

28.09.2011

Tjueåttande september

Tjueåttande september 1947 vart musikaren og forfattaren Gustav Lorentzen fødd i Bergen. Saman med Øystein Dolmen underheldt Lorentzen fleire generasjonar nordmenn i duoen Knutsen og Ludvigsen som sjølvsagt er på plass i mi platehylle, med den Spelemannprisløna plata Juba Juba frå 1983. Lorentzen døyde brått under trening i 2010. I 1956 kom Elvis Presley med singelen Love Me Tender. Plata låg fem veker på fyrsteplass i USA, men nådde ikkje høgare enn ellevte plass i England. I 1974 vart The Who si plate Odds & Sods, som inneheldt uutgjeve materiale og alternative versjonar av kjende låtar, gjeve ut i England. Plata nådde ein sterk tiandeplass på dei engelske listene. I 1987 slepte The Smiths si fjerde og siste studioplate, Strangeways, Here We Come, same dag som Depeche Mode slepte si sjette studioplate, Music For The Masses. I 1991 var AC/DC på scenen på Tushino-flyplassen i den russiske hovudstaden, Moskva. Dei frammøtte fekk høyre Back In Black, Highway To Hell, Whole Lotta Rosie og For Those About To Rock (We Salute You), som alle er å finne på DVD-samlinga Plug Me In. Same dag ebba livet ut for den legendariske jazztrompetisten Miles Davis. I 1998 slepte PJ Harvey plata Is This Desire?, som klatra til ein syttandeplass på dei britiske platelistene, medan The Beta Band slepte sine tre fyrste EPar på samleplata The Three E.P’s.

27.09.2011

Tjuesjuande september

Tjuesjuande september 1943 kom Randolph Charles Bachman fødd i Winnipeg. Randy Bachman er best kjend som opphav til den eine halvleiken av bandnamnet Bachman-Turner Overdrive og har fått plass på ei Best Of-plate i mi hylle. I 1947 vart artisten Meat Loaf fødd i Dallas som Marvin Lee Aday. Meat Loaf er fyrst og fremst kjend for kjempesuksessen med plata Bat Out Of Hell frå 1977. Plata, som var produsert av Todd Rundgren, var i all hovudsak eit samarbeid med komponisten Jim Steinman, som elles har hatt suksess i samarbeid med walisiske Bonnie Tyler. Sjølv om ”kjøttpuddingen” har sine gode dagar, har eg aldri tatt heil av på den pompøse musikken hans og i slike tilfelle er det meir enn greitt nok med ei samleplate som Hits Out Of Hell frå 1984 i hylla. I 1982 spelte Ozzy Osbourne det andre av to show på The Ritz i New York. Brad Gillis (gitar), Rudi Sarzo (bass) og legenda Tommy Aldrige (trommer) stod for musikken. Same dag gav Depeche Mode ut plata A Broke Frame, bandet si andre studioplate. I 1985 spelte Toy Dolls for frammøtte fans på Metro i Rosyth. I 1986 var Toy Dolls på plass i Gateshead Leisure Centre for å spele. Same dag krasja Metallica sin turnébuss, bassist Clif Burton omkom. I 1987 var det Rathole i Tamworth sin tur til å få vitjing av Toy Dolls. I 1994 platedebuterte Dave Matthews Band med Under The Table And Dreaming. I 2010 slepte The Batallion si andre studioplate, Head Up High, som absolutt er verdt ei gjennomhøyring eller fleire for alle som er tilhengjarar av skitten og rufsete rock ’n roll. Same dag var det plateslepp hjå dei lokale metallkonkurrentane Enslaved, deira bidrag fekk namnet Axioma Ethica Odini og var bandet si ellevte studioplate.

26.09.2011

Tjuesjette september

Tjuesjette september 1955 vart Rebecca Carlene Smith fødd i country hovudstaden Nashville. Carlene Carter er dotter av June Carter og hennar fyrste ektemann Carl Smith. Carter har sidan skapt seg si eiga karriere som country-songarinne og kan hjå meg høyrast på ei plate som inneheld dei to studioplatene Two Sides To Every Woman og Musikal Shapes. I 1964 kom trommeslagaren John Tempesta til verda i Bronx i New York City. John Tempesta kan hjå meg høyrast på The Cult si plate Born Into This frå 2007. I 1976 var AC/DC på Circus Krone i München. Dei frammøtte fekk mellom anna høyre Baby, Please Don’t Og, som vart sendt på Szene 77 på fjernsynskanalen ARD i januar året etter. I 1980 var Toy Dolls å finne i Labour Club i Peterlee. Denne datoen i 1981 er den dagen Iron Maiden slepte live EP-en Maiden Japan. I 1982 spelte ein Ozzy Osbourne i storform den fyrste av to konsertar på The Ritz i New York. Resultatet enda opp på liveplata Speak Of The Devil. I 1984 døyde Shelly Manne. I 1985 var Toy Dolls på plass i den skotske oljehovudstaden Aberdeen for å spele på Ritzy. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hereford for å spele på Porter House. I 1994 kom R.E.M med plata Monster. I 1995 gav Prince ut plata The Gold Experience. Plata var ikkje signert med artisten sitt namn, men berre eit symbol. I 2003 døyde Robert Palmer.

25.09.2011

Tjuefemte september

Tjuefemte september 1952 kom den engelske songaren Gary Holton til verda. Holton gjorde suksess med diverse undergrunnsband, som mellom anna The Boys, på club-scena i London på syttitalet. I mi platehylle kan Holton høyrast medan han syng saman med nordmannen Stein Groven, alias Casino Steel. Holton døyde diverre av ein overdose i 1985. I 1955 vart Steven John Baily til verda i London. Steven Severin har hatt ei suksessrik karriere som bassist i det engelske bandet Siouxsie And The Banshees, som han gav ut elleve studioplater saman med. I 1968 kom skodespelaren Will Smith til verda. Solbrillefine Smith gjev ut plater på sida av all filminnspelinga og kan i mi platehylle høyrast på plata Willennium, som ikkje akkurat er mitt stoltaste kjøp. I 1980 døyde John Bonham. Same dag spela Toy Dolls i Norseman Hotel i Peterlee. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på La Sorbonne i den skotske hovudstaden Edinburgh. I 1998 slepte PJ Harvey plata Is This Desire?.

24.09.2011

Tjuefjerde september

Tjuefjerde september 1938 kom Steven Douglas Kreismann til verda. Saksofonisten Steve Douglas har ei omfattande karriere som også inkluderar produksjon av andre artistar sine album og han er trygt plassert i Rock’n Roll Hall Of Fame. Hjå meg kan han høyrast på Bob Dylan si plate Shot Of Love frå 1981. Steve Douglas døyde i 1993. I 1946 vart Jerry Donahue fødd i New York. Folkrock-gitaristen Donahue sitt arbeid kan høyrast på Joan Armatrading si sjølvtittelerte tredjeplate frå 1976. I 1957 var dagen tittelsporet frå Elvis Presley sin tredje langspelfilm vart tilgjengeleg på vinyl. Jailhouse Rock var nummer ein på platelistene i sju veker i USA, men platekjøparane i England meinte tre veker på toppen fekk vere nok. I 1971 kom Peter Anthony Salisbury til verda i Bath. Trommeslagar Peter Salisbury var ein av grunnleggarane av The Verve og kan hjå meg høyrast på plata Urban Hymns frå 1997. I 1977 vert denne datoen hugsa for at den sjølvtittelerte Motörhead-debuten kom på marknaden. I 1985 spelte Toy Dolls på Shelleys i pottemakarbyen Stoke. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Mardi Gras i Nottingham. I 1990 gav AC/DC ut plata The Razors Edge. Plata, som er produsert av Bruce Fairbairne og som eg eig både CD og LP versjon av, er den einaste av gruppa sine innspelingar der ein får høyre trommeslagaren Cris Slade. Same dag slepte Megadeth si fjerde studioplate Rust In Peace. I 1991 kom meksikanske Maldita Vecindad Y Los Hijos Del Quinto Patio med si andre studioplate, El Circo, Nirvana gav også ut si andre plate, Nevermind, noko som resulterte at det tidlegare undergrunnsfenomenet grunge brått var over alt og verda vart aldri den same. Same dag kom eit, kan hende, like stort kommersielt gjennombrott, Red Hot Chilli Peppers si fyrste plate i samarbeid med den eksentriske amerikanske superprodusenten Rick Rubin. Blood Sugar Sex Magic selde i meir enn tretten millionar kopiar og produserte ei nesten endelaus rekkje av hit-singlar. Ein annan kar som herja hitlistene var Bryan Adams, som nytta dagen til å sleppe plata Waking Up The Neighbours. Like stor merksemd vart det neppe rundt Staus Quo si tjuande studioplate, Rock ’Til You Drop, som også kom på marknaden denne dagen, men dei som har denne plata kan høyre dei syngje Nothing Comes Easy, noko som lemnar liten tvil om at dei to herrane Parfit og Rossi har jobba hardt for å kome der dei er i dag. I 2002 slepte Elvis Presley sitt dødsbu plata Elvis Presley 30 #1 Hits. I 2007 kom PJ Harvey si sjuande studioplate på marknaden. White Chalk fekk stort sett strålande omtale i musikkpressa.

23.09.2011

Tjuetredje september

Tjuetredje september 1926 kom saksofonisten John William Coltrane til verda i Hamlet i North Carolina. Eg er den lukkelege eigaren av platene Olé Coltrande frå 1961 og Cresent frå 1964, sistnemnde utgjeve under signaturen John Coltrane Quartet. Coltrane kan også høyrast på Miles Davis si plate Kind Of Blue frå 1959, og medan han spelar sakssolo på plata Someday My Prince Will Come, som same artist gav ut i 1961. Coltrane døyde i 1967. I 1928 vart Frank Foster fødd i Cincinatti. Foster sitt saksofonspel var ofte å høyre i Count Basie sitt band og kan hjå meg høyrast på samleplata Atomic Swing. Foster døyde i 2011. I 1961 kom bassisten Anders Jørgen Grønneberg til verda i Fredrikstad. Anders Grønneberg sine karrierehøgdepunkt er å høyre for bandet CC Cowboys. I 1977 slepte The Clash singelen Complete Control, som nådde ein tjueåttandeplass på dei engelske singellistene. I 1983 spelte Jimmie Ray Vaughan And Double Trouble på ein stad kalla The Pallace i Hollywood. Songane Testify, Mary Had A Little Lamb og Wham frå denne konseren har fått plass som bonus spor på kompaktplate versjonen av Texas Flood. Same dea kom Toy Dolls til Durham University for å spele. I 1991 slepte Primal Scream plata Screamadelica. Dette var bandet si tredje studioplate. I 2003 slepte Dwight Yoakam plata In Others Words, som var ei samleplate med innspelingar av andre artistar sine songar.

22.09.2011

Tjueandre september

Tjueandre september 1956 vart bassisten Doug Wimbish fødd i Hartford. Wimbish har spelt med store artistar som George Clinton, Madonna og Depeche Mode og kan i mi platesamling høyrast medan han spelar på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993. I 1957 var dette dagen Nickolas Edward Cave kom til verda i Warracknabeal (ja, eg har sjekka stavemåten fleire gonger) i den australske delstaten Victoria. Cave starta sitt musikalske eventyr i bandet The Boys Next Door/The Birthday Party heime i Australia, og har sidan prega punk- og alternativscena verda over. I tillegg til eiga solokarriere, er Cave i dag kjend for samarbeidet med banda The Bad Seeds og Grinderman. For tida er eg den lukkelege eigaren av platene Junkyard, med The Birthday Party, og soloplatene From Here To Eternity og The Boatman’s Call, men eg er meir enn overmoden for å utvide denne delen av samlinga mi. I 1958 vart Joan Marie Larkin fødd i Philadelphia. Joan Jett har ei fortid som gitarist i jentebandet The Runaways der ho spelte saman med Lita Ford. Joan Jett har til vanleg hjelp av bandet The Blackhearts og er i mi platehylle representert med slagaren I Love Rock’n Roll, som toppa Billboardlista i 1982 og er henta frå ei plate med same namn. I 1978 slepte Ramones plata Road To Ruin. Plata var spela inn i perioden mai/juni same år i Media Sound i heimbyen New York og produsentar var T. Erdilyi og Ed Stasium. I Just Wanna Have Something To Do, I Wanna Be Sedated og Needles And Pins kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på 100 Club i London. I 1987 spelte Toy Dolls i Piece Hall i Halifax. I 1991 residerte Neil Young hjå Redwood Digital i Woodside, California. Resultatet frå denne seansen vart songen Harvest Moon frå plata med same namn og songen kan i tillegg høyrast på plata Greatest Hits. I 1992 slepte Bel Canto plata Shimmering Warm And Bright. I 2003 slepte Rufus Wainwright si tredje studioplate, Want One.

21.09.2011

Tjuefyrste september

Tjuefyrste september 1934 vart den kanadiske poeten og artisten Leonard Norman Cohen fødd i Montreal. Cohen har spela inn meir enn to tusen songar og ti av dei kan du høyre på plata Ten New Songs, som du finn i mi platehylle. I 1952 kom David Gregory til verda i Swindon. Dave Gregory er best kjend for å ha spelt gitar i det engelske New Wave-bandet XTC. Mi platesamling byr på Gregory sitt gitarspel på plata Black Sea frå 1980. I 1954 vart den dyriske trommeslagaren Philty Animal Taylor fødd som Phil Taylor i byen sigarettmerket Chesterfield truleg har namnet sitt frå. Philty spelte trommer på dei mest kjende Motörheadplatene, men fekk diverre sparken frå bandet i 1992 og driv for tida med diverse prosjekt som ikkje har funne vegen inn i platesamlinga mi, enno. I 1962 kom Michael Algar til verda. Gitaristen og vokalisten, som er kjend under artistnamnet Olga, er leiar av, og einaste gjenværande originalmedlem i punkbandet Toy Dolls, som alltid har vore eit kuriøst innslag i mi assorterte platesamling. I 1972 kom Oasis-vokalisten og Manchester City-tilhengjaren William John Paul ”Liam” Gallagher til verda i Manchester. Den humøsjuke jet-setaren var tidlegare fast innslag i skandalepressa, i dag er han fast innslag i platesamlinga mi med plater som mellom anna (What’s The Story) Morning Glory og Familiar To Millions. I 1976 vart Jonas Bjerre Terkelsbøl fødd i København. Jonas Bjerre er vokalist og gitarist i det danske indiebandet Mew. I 1982 slepte Dolly Parton samleplata Dolly Parton’s Greatest Hits. I 1985 nytta alltid like elleville Toy Dolls høve til å spele på Klub Foot i London. I 1987 døyde Jaco Pastorius. I 1990 gav Bette Midler ut plata Some People’s Lives. I 1992 slepte Abba samleplata Gold-Greatest Hits, som inneheld nitten av dei største hitsene frå den svenske superkvartetten. I 1993 gav Melissa Etheridge ut plata Yes, I Am og det langt meir hardtrockande Seattle-bandet Hater platedebuterte med ei skive med same namn som bandet. I 1999 kom Tori Amos si femte studioplate, To Venus And Back, som var ein dobbel CD. I 2006 døyde Boz Burrell.

20.09.2011

Tjuande september

Tjuande september 1960 kom David Robert Hemingway til verda i Hull. Dave Hamingway har ei fortid i bandet The Housemartins, men hjå meg kan han høyrast medan han syng i bandet The Beautiful South. I 1966 vart gitaristen Kjetil Melkersen fødd i Bergen. Melkersen kan høyrast som gitarist i bandet CC Cowboys. I 1968 kom Soundgarden-bassist Ben Shepherd til verda som Hunter Benedickt Shepherd. Hjå meg kan Shepherd høyrast som vokalist for bandet Hater. I 1976 gav AC/DC ut plata Dirty Deeds Done Dirt Cheap, men berre for det australske markedet denne gongen. Resten av verda fekk sitt desember same året, men på den internasjonale versjonen er diverre songen Jailbreak fjerna. I 1986 var St.Albans City Hall rett stad for dei som ville høyre musikken Toy Dolls hadde å by på denne kvelden. I 1988 slepte Billy Bragg plata Workers Playtime. I 1994 vart Grant Lee Buffalo si andre studioplate, Mighty Joe Moon, tilgjengeleg for det platekjøpande publikummet. I 2000 slepte Madonna plata Music, som var dama si åttande studioplate.

19.09.2011

Nittande september

Nittande september 1946 fekk verda nok ein trommeslagar. John Coghlan vart fødd i Dulwich i London og heldt takten for Status Quo frå tidleg på sekstitalet og fram til 1981. Coghlan var også med då Quo-kollega Allan Lancaster starta The Bombers, men gav seg i god tid før dei starta innspelinga plata Aim High, som er The Bombers sitt bidrag til mi platesamling. I 1947 kom Laurence Neil Crem til verda. Lol Crem er best kjend som gitarist i det engelske bandet 10cc. I 1951 vart produsenten Daniel Lanois fødd i Hull i canadiske Quebec. Lanois har bidrege på ei rekkje plateproduksjonar og kan hjå meg høyrast medan han spelar gitar på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1997. I 1952 kom gitaristen Nile Gregory Rodgers til verda i New York City. Nile Rodgers spelte gitar på The B52s si plate Cosmic Thing frå 1989. I 1958 vart Runawaysgitaristen Lita Ford fødd i London som Carmelita Rossanna Ford. Veldreide Lita, som saman med Joan Jett er dei einaste av Runawaysmedlemmene som har hatt ei karriere etter at bandet vart oppløyst, vert rekna som ei av verdas beste kvinnelege hardrockgitaristar og kan i mi platesamling høyrast på songen Sunset And Babylon frå W.A.S.P si samleplate First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1976 kom Jannicke Larsen til verda. Larsen er vokalist og pianist i den bergenske jentevisepoptrioen Ephemera. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast medan dei rocka amerikansk-inspirerte Stars and Stripes i Carlisle. I 1986 kunne dei same Toy Dolls opplevast i Bridgewater Art Centre. I 1988 gav Anthrax ut plata State Of Euphoria same dag som Janet Jackson slepte si fjerde plate, Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814, som skulle toppe albumlista Billboard 200 og har seld i meir enn fjorten millionar eksemplar. I 1990 innleia Iron Maiden UK Inter City Express Tour. Togturen vara til attande oktober. I 2000 gav Madonna ut plata Music. I 2004 gav det sjarmerande og utruleg energiske bandet Trick-Babys, med vokalist Lynne Von i spissen, ut plata Player som stadig vekk vert plukka fram frå mi platehylle for ei god lyttaroppleving. I 2005 kunne ein kjøpe danske Mew si fjerde studioplate And The Glass Handed Kites.

18.09.2011

Attande september

Attande september 1951 vart bassisten Dee Dee Ramone fødd og fekk døypenamnet Douglas Glenn Colvin. Det er nok ikkje naudsynt å nemne at tydinga av Dee Dee sitt basspel er uvurderlig for punkbandet Ramones, men eg gjer det likevel. Dee Dee Ramone døyde i 2002. I 1966 kunne platekjøparane gå i butikken og sikre seg singelen Magic Bus frå eit ungt og framoverstormande The Who. Songen, som heilt klart er ein av mine personlege favorittar, vart spela inn i IBC Studios med Kit Lambert som produsent og nådde berre ein skuffande tjuesjetteplass på listene. I 1970 døyde supergitaristen Jimi Hendrix i London og verda vart aldri meir den same for dei av oss som elskar god og støyande gitarrock, eller kan hende er det sagnet om gitaristen som har vekse seg så stort at det overskuggar mannen sjølv. Det får me aldri vete, men tanken på ein overvektig Hendrix på scenen i eit kasino i Las Vegas gjer at eg tenkjer dette var ei god dag alt i alt. I 1978 gav Kiss ut dei fire soloplatene, ei for kvar av bandmedlemmene, som skulle vere med å tøyle dei store egoa som bandet inneheldt. Alle kan sjølvsagt tenkjer seg at dette var ei umogleg oppgåve, men bandet held framleis saman, med dei aller største egoa på plass. I 1982 spelte Toy Dolls i Whicham Club i Newcastle-upon-Tyne. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Adam and Eve i Leeds. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Tiffanys i Rochdale. I 1987 gav Kiss ut plata Crazy Nights, bandet si fjortande studioplate, som etter kvart selde til platina i USA etter meir enn ein million selde eksemplar.

Syttande september

Syttande september 1951 vart Will Gregory fødd i Bristol. Allsidige Gregory spelar obo for Tori Amos på plata Little Earthquakes frå 1992. I 1982 slepte The Clash singelen Should I Stay Or Should I Go, som nådde syttandeplassen på dei britiske listene. Singelen vart relansert i 1991, denne gongen med topplassering som resultat. I 1987 var Toy Dolls i Portsmouth for å underhalde dei frammøtte på Basins. I 1991 gav Guns n’ Roses ut dei to Use Your Illution-platene, som begge selde i bøtter og spann og som truleg tok livet av den energien bandet var kjend for. Ozzy Osbourne nytta høvet til å sleppe plata No More Tears. Same dag gjekk eit amerikansk hardrockikon bort, Rob Tyner døyde så altfor tidleg. I 2002 gav Manu Chao ut konsertplata Radio Bemba Sound System. I 2006 døyde Al Casey.

16.09.2011

Sekstande september

Sekstande september 1925 kom Riley B. King til verda i elvedelstaten Mississippi. B.B. King vert rekna som ein av verdas desidert framste gitaristar og har underheldt små og store bluesfans sidan han signerte kontrakt med RPM Records i 1949. Insatsen er etterkvart løna med fleire Grammy-prisar og ein plass i prestisjetunge Rock’n Roll Hall Of Fame. I 1946 vart trommeslagaren Kenneth Thommas Jones fødd i London. Kenney Jones si karriere omfattar band som Small Faces, Faces og The Who. Hjå meg kan han høyrast på Faces si plate Long Player frå 1971 og på Joan Armatrading si sjølvtittelerte plate frå 1976. I 1999 gav Tom Jones ut plata Reload, som inneheld megahiten Burning Down The House.

Femtande september

Femtande september 1928 kom Julian Edwin Adderley til verda i Tampa i Florida. Saksofonisten Cannonball Adderley har spela med fleire store, amerikanske jazzartistar og kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Kind Of Blue frå 1959. Adderley døyde i 1975. I 1954 var Chet Baker i studio og spela inn Stella By Starlight. Til å hjelpe seg med smektande jazztonar denne dagen hadde han eit band beståande av Bob Brookmeyer Valve på trombone, Bud Shank på barytonsaksofon, pianisten Russ Freeman, Carson Smith på bass og trommeslagaren Shelly Manne. Samleplata Best Of Chet Baker Plays er rett stad for den som vil høyre denne perla. I 1967 kom Huw Cennydd Bunford til verda i Cardif. Huw Bunford er gitarist i det walisiske bandet Super Furry Animals. I 1969 gjekk Jimi Hendrix i gang med innspelinga av songen Steppingstone. Med seg på denne innspelinga hadde han Mitch Mitchell på trommer og Billy Cox på bass. I 1976 kom Paul Robert Jude Nester Thomson til verda Glasgow. Paul Thomson er ansvarlig for den stødige takten i det skotske indiebandet Franz Ferdinand. I 1980 døyde Bill Evans. I 1984 fekk verda servert Motörhead si No Remorse-plate på denne datoen. Same dag kom Iron Maiden sitt bidrag til ein god platehaust, Powerslave. Eg legg ikkje skjul på at eg er stolt av å eige begge desse platene. I 1987 vert datoen hugsa for at det var den dagen Ramones gav ut Halfway To Sanity. Plata vart spela inn i Intergalactic Studios i New York i mars og april same år og dei skinnkledde gjorde produksjonen sjølv, i samarbeid med Daniel Ray. I 2004 tapte Johnny Ramone ein lang kamp mot kreften på denne datoen.

14.09.2011

Fjortande september

Fjortande september 1983 vart Amy Jade Winehouse fødd i London. Amy Winehouse er best kjend for songen Rehab og eit stormfullt ekteskap med den valdelege ektemannen Blake Fielder-Civil. Eit ublidt møte med politiet i Bergen skapte litt ekstra blest rundt den rusavhengige syngedama her heime. Hjå meg kan ein høyre Winehouse si andre studioplate Back To Black frå 2006. Winehouse døyde i 2011. I 1987 spelte R.E.M. levande musikk for Vara Radio i Holland. Songen Time After Time etc. kan høyrast på samleplata Dockument, i tillegg til som B-side på Finest Worksong. I 1992 fekk platekjøparane høve til å investere i liveplata A Little Light Music. Mennene som stod for musikken kallar seg for Jethro Tull. I 1993 oppsummerte Violent Femmes dei fyrste åra av karrieren si med plata Add It Up (1981-1993). På same dag platedebuterte New York-bandet Piss Factory, som hadde tatt namnet sitt frå ein Pattie Smith-låt, med ei plate som fekk same sjarmerande namn som bandet. Nasegrus hylling av den vitale punkprinsessa med andre ord. I 1998 kom Manic Street Preacher si femte studioplate, This Is My Truth Tell Me Yours. Same dag slepte Marilyn Manson si tredje studioplate, Mechanical Animals, på den australske marknaden, resten av verda måtte vente til dagen etter. I 2004 gav Paul Weller ut plata Studio 150. I 2009 platedebuterte det fantastiske Loddefjord-bandet John Olav Nilsen Og Gjengen med den like fantastiske plata For Sant Til Å Være Godt.

13.09.2011

Trettande september

Trettande september 1949 kom MC5-gitaristen Fred ”Sonic” Smith til verda. Saman med resten av MC5 gav Smith ut tre (sjekk) studioplater som var med å revolusjonere den meir rufsete delen av rocken. Sonic Smith har også vore innom i Patti Smith Band før han døyde i 1994. I 1952 vart produsenten Don Fagenson fødd i Detroit. Don Was trør gjerne til på gitaren i festleg lag, og festlig var det nok då B52s spelte inn plata Good Stuff i 1992. I 1957 fekk den tradisjonelt norske bydelen i New York, Brooklyn, ein hardtslåande tilvekst i Appice-familien sin andre trommelslagar, Vinnie. Storebror Carmine var truleg stolt. Vinnie var i sine yngre dagar innom i Black Sabbath før han, saman med Ronnie James Dio ”hit the road” og starta bandet Dio. I mi platehylle er Dio-platene Holy Diver frå 1983 og Dream Evil frå 1987 rett stad å leite for den som vil høyre Vinnie Appice sitt trommespel. I 1961 vart David Scott Mustaine fødd. Etter at Mustaine fekk sparken i Metallica i 1983 gjekk han i gang med å starte sitt eige band, Megadeth, og det er på plata Rust In Peace frå 1990 han kan høyrast i mi platesamling. Dagen i 1970 vert av somme hugsa for smått fantastiske Mott The Hople sin konsert i Farifield Halls i bydelen Croydon sør i London. Songen Keep A Knocking endar opp på plata Wildlife, ei plate som eg reknar som ein pryd for platesamlinga mi. Ein versjon der det utruleg nok er klipt ut ein seksjon midt i ?!? kan høyrast på samleplata Walking With A Mountain, Best Of Mott The Hoople som kom på marknaden i 1990. I 1976 nytta dei langhåra sørstastatsrockarane i Lynyrd Skynyrd denne datoen til å sleppe liveplata One More For The Road som sjølvsagt var full av drivande godt gitarspel. I 1982 entra Toy Dolls på scenen i Barracks i Albemarle. I 1986 var Toy Dolls attende på Klub Foot i London. I 1989 slepte Tina Turner plata Foreign Affair. I 1993 kom Nirvana-plata In Utero på marknaden. I 1994 gav Nitro Records ut Guttermouth si andre plate, Friendly People. Dette var den fyrste plata i det heile frå plateselskapet Nitro Records. I 2000 heldt Rage Against The Machine andre og siste konsert i Grand Olympic Auditorium. Konserten vart foreviga og kan høyrast på plata Live At The G.O.A. frå 2003. I 2005 slepte The Dandy Warhols plata Odditorium Or Warlords From Mars.

12.09.2011

Tolvte september

Tolvte september 1923 kom bassisten Joseph Shulman til verda. I mi platehylle er det på Miles Davis si plate Birth Of The Cool at Joe Shulman sitt basspel kan høyrast. Shulman døyde i 1957. I 1932 vart George Glenn Jones fødd i Texas. George Jones er ein respektert countryartist som for mange er like kjend for å ha vore gift med den kvinnelege countrysongerinna Tammy Wynette og for å ha levd eit hardt liv med mykje fyll og spetakkel. I 1944 vart Barry Eugene White fødd i Galveston i Texas. Barry White var artist og produsent og hausta fleire Grammy-titlar i løpet av karrieren. Barry White døyde i 2003. I 1968 fekk verda gitaristen Reid Lawrence LaLonde, han livnærar seg til dagleg ved å spele i det amerikanske punkrockbandet Primus der han kallar seg Larry til førenamn. Larry LaLonde yt også eit bidrag til mi platesamling når han spelar gitar på songen Big In Japan på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1976 var Led Zeppelin på plass i Mountain Studios i Montreux i den sveitsiske Alpane og spelte in Bonzo’s Montreux. Songen kan høyrast på samleplata Coda frå 1982. I 1980 gav Andy Partridge og resten av XTC ut plata Black Sea. I 1981 spelte traktorpunkpionerane Violent Femmes live på The Beneath It All Cafe i motorsykkelbyen Milwaukee. Hendinga vart festa til lydband og songen Johnny kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1986 kunne dei frammøtte på Porterhouse i Retford nyte både synet og lyden av våre venner i Toy Dolls. I 1992 spelte Black Sabbath på Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia. Ein driftig publikummar nytta høve til å ta konserten opp på band, noko som resulterte i bootlegplata Reviviscence som kom ut same år til tross for elendig lydkvalitet. I 1995 spelte Ozzy Osbourne i Buenos Aires i Argentina. Arenaen heit Estadio Obras og songane Desire, I Don't Know, Flying High Again, Mr. Crowley, War Pigs og Crazy Train kan høyrast på konsertplata Master Of Madness. Same dag slepte Red Hot Chilli Peppers plata One Hot Minute, som var bandet sitt sjette studioalbum. Plata selde mindre enn halvparten så mange eksemplar som den førre plata og var kommersielt sett skuffande. I 2000 heldt Rage Against The Machine fyrste konsert, av to, i Grand Olympic Auditorium. Konserten vart foreviga og kan høyrast på plata Live At The GOA frå 2003. I 2003 var dette ein triste dag og det skuldast at ein av mine store heltar, komponisten, tekstforfattaren, country- og rockestjerna, og outlawlegenda Johnny Cash, døyde etter lengre tids sjukdom. I 2004 døyde Kenneth Buttrey.

Ellevte september

Ellevte september 1943 kom trommeslagaren Michael Steven Hartman til verda i metropolen New York. Hartman nyttar til dagleg aliaset Mickey Hart og er best kjend for å ha helde takten for hippielegendene i Grateful Dead. Hart, som i dag turnerar med sitt eige Mickey Hart Band, spelte med The Dead i to periodar, fyrst frå september 1967 til februar 1971 og sidan frå 1974 til 1995. Hart sitt trommespel kan i mi platesamling høyrast på plata Dylan & The Dead, ei liveplate frå 1989 der den trufaste fanskaren, The Deadheads, fekk høve til å følgje heltane turnere saman med Bob Dylan. I 1947 vart Robert Adrian Catley fødd i Aldershot. Bob Catley si røyst har vore med å prega lydbildet i det engelske hardrockbandet Magnum frå starten og han kan hjå meg høyrast på platene Kingdom Of Madness (1978), Magnum II (1979) og Marauder frå 1980. I 1965 kom Richard Melville Hall til verda i Harlem i New York. Moby er ein multiinstrumentalist og DJ som har gjeve ut plater under mange ulike artistnamn. I mi platehylle kan du finne plata Play: The B-Sides frå 2000. Moby varma opp for Red Hot Cilli Peppers i Oslo Spektrum i 1996, ein konsert eg var heldig å få vere til stades på. I 1971 kom Richard Paul Ashcroft til verda i Wigan. Richard Ashcroft var vokalist i The Verve og kan hjå meg høyrast på plata Urban Hymns frå 1997. I 1986 var Toy Dolls og heldt konsert på Rockhouse i Derby. I 1987 vart den jamaicanske reggaeartisten Peter Tosh drepen i sin eigen heim, førtitre år gamal. I 1989 slepte Eurythmics si åttande studioplate, We Two Are One. I 1993 var dei engelske blueslegendene Bernie Marsden og Mick Moody i Hell i Trøndelag for å spele på Hell Blues Festival. Til å hjelpe seg på scena hadde dei to veteranane bassisten Peter Stroud, som har vore innom i Sheryl Crow sitt band, og trommeslagar John Trotter, som seinare var innom i legendariske Mannfred Mann’s Earth Band. Konserten vart seinare gjeven ut på plate med tittelen The Moody Marsden Band Unplugged Live In Hell. I 1995 nytta Blur høvet til å gje ut studioplate nummer fire, The Great Escape. I 2001 gav Bob Dylan ut plata Love And Theft, og Boz Scaggs slepte plata Dig. I 2007 døyde Joe Zawinul.

10.09.2011

Tiande september

Tiande september 1949 kom trommeslagaren Barrimore Barlow, kjend som Barry Barlow, til verda i Birmingham. Barlow er best kjend for tida han spelte trommer for Jethro Tull og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Young To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. Barlow er også kreditert for å spele på det eksotiske instrumentet gong på eit spor på Babyshambles si plate Down In Albion frå 2005. I 1950 kom Aerosmith-gitaristen Joe Perry til verda og fekk namnet Anthony Joseph Perry. I ei årrekkje har riffa hans vore med å setje standarden for amerikansk hardrock. Det gnistrande gitarspelet han kan hjå meg høyrast på Aerosmith-platene Rocks og Draw The Line. I 1970 var dette dagen Mott The Hoople spela inn nydelege Lay Down i Island Studios. Låten enda opp på Wildlife-plata, som sjølvsagt prydar platesamlinga mi. I 1983 spela Lou Reed i Roma og godlyden kan høyrast på plata Lou Reed in Concert. Same kveld hadde Toy Dolls teke turen vest til Carlisle Market Hall for å spele for tilhøyrarane der. I 1985 kom Cameron Matthew Followill til verda i Oklahoma. Matthew Followill er søskenbarn til dei tre Followill-brørne som han spelar saman med i bandet Kings Of Leon. I 1986 var Iron Maiden i Beograd og spelte fyrste konsert på turneen Somewhere On Tour. Same kveld hadde Toy Dolls teke turen til Leeds for å spele på Adam and Eve. I 1990 var dette dagen Iron Maiden-fansen fekk høve til å kjøpe singelen Holy Smoke. Tredjeplass vart høgaste plassering. I 1991 gav Jethro Tull ut plata Catfish Rising.

09.09.2011

Niande september

Niande september 1927 vart trommeslagaren Elvin Ray Jones fødd i Pontiac i Michigan. Elvin Jones held takten for John Coltrane på plata Olé Coltrane frå 1961. Jones døyde i 2004. I 1943 kom bassisten Bruce Palmer til verda i Belleville i Canada. Bruce Palmer er best kjend for å spele saman med bandet Buffalo Springfield og kan hjå meg høyrast på plata Buffalo Springfield Again frå 1967. Palmer døyde i 2004. I 1952 kom den engelske artisten David Allan Stewart til verda i Sunderland. Dave A. Stewart var den mannlige, og minst profilerte, halvdelen av den britiske popduoen Eurythmics, som hadde stor suksess verda over frå starten i 1980 og framover. I 1977 kom Jethro Tull si tredje samleplate Repeat-The Best Of Jethro Tull Vol. II. I 1983 var Toy Dolls og spela i Shieldfield Club i Newcastle. I 1996 slepte R.E.M. plata New Adventures In Hi-Fi.

08.09.2011

Åttande september

Åttande september 1932 vart Virginia Patterson Hansley fødd i Winchester i Virginia. Patsy Cline hadde kometkarriere i countrymusikken før ho døyde i ei flyulukke, berre tretti år gamal, i 1963. I 1947 kom Benjamin Orzechowski til verda i Ohio. Benjamin Orr var bassist og songar i The Cars. Orr døyde i 2000. I 1960 kom David ”Shuffle” Steele til verda på den engelske festivaløya Isle Of Wight. Steele har spela i fleire band og kan hjå meg høyrast som bassist hjå Fine Young Cannibals på debutplata med same namn frå 1985. Dagen bydde også på Aimee Mann, som vart fødd i Richmond i Virginia. Mann gjorde seg fyrst merkt i bandet 'Till Thuesday, men har etter kvart etablert seg med eiga solokarriere. Dama trakterar bass i godt lag og det er vel få ting som er meir sexy enn ein kvinneleg bassist. I 1964 fekk familien Nielsen eit nytt bidrag då vetle Joachim kom til verda. Joachim ”Jokke” Nielsen var den notorisk rusa sjefen i bandet Jokke & Valentinerne, som gav ut fleire kritikarroste plater i perioden frå 1986 til 1994 og plukka med seg ein spelemannspris for plata frelst. Jokke døyde av ein overdose heroin i 2000. I 1970 vart Neko Case fødd i Alexandra i den amerikanske delstaten Virginia. Case har gjeve ut ei rekkje soloplater, men hjå meg er det plata Electric Version som The New Pornographers gav ut i 2003 hennar vokaliske bidrag kan høyrast. I 1972 slepte Mott The Hoople plata All The Young Dudes, med David Bowie som mentor og komponist for tittelsporet. Tittellåten er i dag signaturlåten for både eit nysamla Mott The Hoople og ein hardarbeidande Ian Hunter. I 1973 kom multiinstrumentalisten Gabriel McNair til verda. McNair kan i mi platesamling høyrast medan han spelar keyboard og trombone for No Doubt på plata Tragic Kingdom frå 1995. Han kan også høyrast medan han lagar blåselyd på plata Nimrod, som Green Day slepte i 1997. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast i levande live på Marples i stålbyen Sheffield. I 1985 var Toy Dolls i containerhamnebyen Rotterdam og spela for publikum i West Krubkade. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den siste av seks konsertar i Hammersmith Odeon. I 1987 slepte Rush plata Hold Your Fire.

07.09.2011

Sjuande september

Sjuande september 1922 kom Joseph Dwight Newman til verda i New Orleans. Joe Newman spelar trompet saman med Count Basie på samleplata Atomic Swing. Joe Newman døyde i 1992. I 1948 vart MC5-trommis Dennis Thompson fødd i Detroit. Hans taktfaste bidrag til rocken kan høyrast på plata Back In The USA frå 1970. I 1949 kom Gloria Fowles til verda i Newark i New Jersey. Gloria Gaynor produserte ei rekke topp hits i diskoen sin gullalder og vert kan hende best hugsa for homsefavoritten I Will Surivive som toppa platelistene i 1979. Hjå meg finn du The Collection frå 1996 og der er dei fleste av godbitane frå dama si karriere representert. I 1951 fekk verda ei miljømedviten rockestjerne med sterke meiningar i Christine Ellen Hynde. Chrissie Hynde har levert rock med sterke meiningar i bandet The Pretenders, som framleis står på mi ynskjeliste, i ei årrekkje, men enn så lenge må eg nøye meg med å høyre ho synge som gjestevokalist for UB40 på songen I Got You Babe, som opphavleg var ein slagar med duoen Sony And Cher. I 1953 kom Benjamin Montmorency Tench III til verda. Benmont Tench var ein av grunnleggarane av bandet Tom Petty And The Heartbreakers, men orgelspelet hans kan i mi platesamling høyrast på Bob Dylan-plata Shot Of Love, som kom på marknaden i 1981, Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit frå 1993 og Johnny Cash sine plater frå American-serien, Unchained frå 1996, American III: Solitary Man frå 2000 og American V: A Hundred Highways frå 2006. I 1967 gav Aretha Franklin ut singelen (You Make Me Feel Like) A Natural Woman. I 1969 vart Jean-Benoît Dunckel fødd i den kongelege landsbyen Versailles. Dunckel er ein halvdel av den franske electronicaduoen Air. I 1978 døyde min favorittrommeslagar, Keith Moon, etter eit hardt og intenst liv i trommerytmane si teneste. Dødsårsaka skal ha vært at stakkars Keith vart kvelt av sitt eige oppkast etter ei ganske så overdriven bursdagsfeiring. Gratulerar med vel overstått. I 1983 var den evigunge samuraien med fortid i Velvet Underground, Lou Reed, og underheldt i idylliske Verona. Rolling Stones Mobile Unit var tilstades for å forevige hendinga og delar av konserten enda opp på ei liveplate med tittelen Lou Reed In Concert. Same kveld var Toy Dolls å høyre på Brannigan i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Stars and Stripes i Carlisle. I 1985 hadde Toy Dolls fôrflytta seg til De-Koog i Noordharwoude. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den femte av seks konsertar i frykta og berykta, men likevel så sagnomsnuste Hammersmith Odeon. I 1992 slepte Roger Waters plata Amused To Death. I 1997 gav Janet Jackson ut plata The Velvet Rope. Dette var hennar sjette studioplate. I 1998 slepte det skotske indiebandet Belle & Sebastian si tredje studioplate, The Boy With The Arab Strap. Same dag slepte Hole, med skandalepresseyndlingen Courtney Love i spissen, si tredje studioplate, Celebrity Skin, på plateselskapet Geffen. Den amerikanske versjonen kom dagen etter. I 2003 døyde Warren Zevon.

Sjette september

Sjette september 1942 kom David ”Dave” Bargeron til verda i New York. Bargeron har spelt trombone og tuba med fleire store namn som Paul Simon og Mick Jagger, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar på plata All American Alien Boy, som Ian Hunter gav ut i 1976. I 1943 vart George Roger Waters fødd i Surrey. Roger Waters var ein av grunnleggjarane av Pink Floyd, eit band han forlèt i 1985. Waters har seinare gjeve ut tre soloalbum og ei sceneoppsetjing av meisterverket The Wall. Hjå meg kan ein høyre Waters på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973, ei av verdas mestselgjande plater, og på soloplata Amused To Death frå 1992. I 1957 var Elvis Presley i studio saman med gruppa The Jordanaires for å spele inn låta Don’t. I 1972 vart Eugene Hütz fødd i Kiev i Ukraina. Hütz, som også livnærer seg som komponist og skodespelar, er best kjend som frontmannen i det amerikanske punkrockbandet Gogol Bordello og kan i mi platesamling høyrast på EP-plata East Infection frå 2005. I 1978 filma AC/DC Sin City for ABC sitt program The Midnight Special. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Newcastle, nærare bestemt i Old Hall Pub. Etter konserten tok trommeslagar Dean James ein pause som skulle vare fram til 1985. I 1984 såg dei frammøtte på Bier Kellar i Blackpool Toy Dolls underhalde frå scenen. I 1985 fekk publikum på Simplon i Gronningen eit gjensyn med Toy Dolls. I 1986 slepte Iron Maiden Wasted Years som fyrste singel frå plata Somewhere In Time. Singelen når attandeplass og bandet nyttar kvelden til å spele sin fjerde konsert på rad i Hammersmith Odeon som oppvarming for turneen Somewhere On Tour. I 1994 slepte det amerikanske punkrockbandet Bad Religion det åttande studioalbumet sitt, Stranger Than Fiction.

Femte september

Femte september 1946 kom Farrokh Bulsara til verda på eksotiske Zanzibar i India-havet. Under artistnamnet Freddie Mercury gjorde Bulsara stor suksess som vokalist i supergruppa Queen. Ingen Queen-plater i mi hylle enno, diverre. I mi platesamling er det som korist på songen You Nearly Did Me In, som Ian Hunter gav ut på plata All American Alien Boy i 1976, at Mercury kan høyrast. Freddie Mercury døyde i 1991. Same dag markerar fødselen til den amerikanske artisten Loudon Snowdon Wainwright III. Loudon Wainwright er kan hende like kjend for å vere far til dei meir kjende artistane Rufus Wainwright og Martha Wainwright, men gamlingen er såpass merritert at han har karra til seg Grammy-pris på eiga hand. Det hendte i 2010 for plata High Wide & Handsome: The Charlie Poole Project, og kategorien var Best Traditional Folk Album. Mi platehylle byr på plata Attempted Mustache, som kom på marknaden så tidleg som i 1973. I 1952 vart den sørafrikanske musikaren Ricky Fataar fødd i Durban. Fataar sitt taktfaste trommesel kan hjå meg høyrast på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1975 gjorde Bob Seger & The Silver Bullet Band sin andre konsert på to dagar i Cobo Hall i Detroit. I 1977 døyde George Barnes. I 1978 kunne dei som var interessert kjøpe Skynyrd’s First And....Last, som Jacksonville, Florida sine store, langhåra heltar i Lynyrd Skynyrd gav ut på denne dagen. I 1980 var dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på plass i Gateshead. High Feel Club var namnet på staden der dei kunne opplevast denne kvelden. I 1984 kunne Toy Dolls opplevast i Bier Kellar i Leeds. I 1985 fekk dei frammøtte på Giganti i Appledoorn høyre godlyd frå energiske Toy Dolls. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den tredje av seks konsertar i legendariske Hammersmith Odeon. I 1987 var Toy Dolls i Winterhur for å spele på festival.

04.09.2011

Fjerde september

Fjerde september 1920 kom Harold B. Jackson til verda i Wilmington. Jackson har livnært seg ved å spele dobro og steel guitar og kan høyrast på mellom anna Johnny Cash si plate Ride This Train. I 1956 vart W.A.S.P.-sjef Blackie Lawless fødd som Steven Edward Duren på Staten Island i New York og vegen låg open for eit liv i skrekkrocken si teneste. Som livslang fan passar det at underteikna skal sjå gamle heltar for andre gong i Bergen i oktober 2010, fyrste møte i 2005 gav absolutt meirsmak. I 1972 kom Guto Daffyd Pryce til verda i Cardif. Guto Pryce er bassist i det walisiske bandet Super Furry Animals. I 1975 spelte Bob Seger & The Silver Bullet Band i Cobo Hall i Detroit. Konserten kan høyrast på plata Live Bullet. I 1982 stod Toy Dolls på scenen i Trade and Labour Club i Hebburn. I 1984 fekk fjernsynssjåarane høve til å oppleve AC/DC på BBC One. Programmet hadde tittelen Late Night In Consert og sjåarane fekk oppleve Guns For Hire og Dirty Deeds Done Dirt Cheap. Det er uvisst om dette opptaket er gjort syttande, eller attande november året før, det som er sikkert er at det vart spela inn i Detroit og at det i dag er tilgjengeleg på DVD-samlinga Plug Me In. I 1985 var Toy Dolls i Holland og spelte for fansen på De Boorderis i Zoetemeer. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den andre av seks konsertar i Hammersmith Odeon. I 1987 spelte R.E.M inn Last Date som fekk evig liv som B-side på It’s The End Of The World As We Know It (And I Feel Fine) og eller kan høyrast på samleplata Document. I 1990 kom Ministry si fyrste konsertplate, In Case You Didn’t Feel Like Showing Up.

03.09.2011

Tredje september

Tredje september 1942 kom Alan Charles Jardine til verda i Ohio. Al Jardine vart, etter at familien flytta til Hawthorne i California, kompis med Wilson-brørne i The Beach Boys, og etter det var kursen som gitarstjerne staka ut. I 1948 vart Don Brewer fødd i Flint i Michigan. Brewer si karriere omfattar både Grand Funk Railroad og Silver Bullet Band og i mi platesamling kan trommespelet hans høyrast på GFR-platene On Time og Grand Funk, begge frå 1969. I 1955 kom Stephen Philip Jones til verda i London. Steve Jones var originalbassist i Sex Pistol og kan i tillegg høyrast som hjelpebassist for Joan Jett & The Blackhearts. I 1986 varma Iron Maiden opp til Somewhere On Tour med den fyrste av seks konsertar i Hammersmith Odeon. I 1990 slepte George Michael si andre soloplate Listen Without Prejudice Vol. 1.

Andre september

Andre september 1946 vart William Everett Preston fødd i Houston. Billy Preston har arbeida med alle dei store rockeartistane, som The Beatles, Bob Dylan, Little Richard, Eirc Burdon og Ray Charles. Hjå meg kan Preston høyrast medan han spelar piano for Mick Jagger på plata Wandering Spirit frå 1993. Preston døyde i 2006. I 1956 festa Elvis Presley, men hjelp av The Jordanaires, Too Much til platerullane. I 1977 vart Samuel Robert Rivers fødd i Jacksonville i Florida. Sam Rivers er bassist i rapmetallbandet Limp Bizkit og kan hjå meg høyrast på remixplata New Old Songs. I 1983 spela Toy Dolls for trufaste fans på Feltham Football Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Alabamahalle i München og dei frammøtte fekk sjå at Dean James var attende i bandet, klar for ein ny periode, som bassist denne gongen. I 1996 gav Suede ut plata Coming Up, dette var bandet si tredje studioplate.

01.09.2011

Fyrste september

Fyrste september 1925 kom Arthur Edward Pepper, Jr til verda i Gardena i California. Saksofonisten Art Pepper sitt vedunderlege spel kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Art Pepper døyde i 1982. I 1948 vart trommeslagaren Russell Kunkels fødd i stålbyen Pittsburgh. Russ Kunkel er ein studiomusikar som hjå meg kan høyrast medan han held takten på Bob Dylan-plata Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973, og på Neil Young si plate Zuma frå 1975. I 1955 kom Bruce Foxton til verda. Foxton er best kjend for å ha spela bass i det engelske modbandet The Jam. I 1960 vart Richard Keith Lewis fødd i London. Cass er medlem av det engelske bandet Skunk Anansie og kan høyrast på plata Stoosh frå 1996. I 1963 vart Grant-Lee Phillips fødd som Bryan Grant Phillips. Phillips slo gjennom med gruppa Grant Lee Buffalo og plata Fuzzy for ganske mange år sida. I dag turnerar han under eige namn, stundom aleine med gitaren, stundom med eige band. I 1969 platedebuterte Nick Drake med Five Lerves Left. Frå 1984 hugsar mange dagen for at Motörhead slepte singelen Killed By Death/Under The Knife, andre var gjerne tilstades då Toy Dolls gjekk på scenen på Oddies i Oldham. I 1987 kom R.E.M. med plata Document. I 1989 gav Mano Negra ut plata Puta’s Fever. I 2001 platedebuterte Kaizers Orchestra med den energiske Ompa Til Du Dør.