24.09.2011

Tjuefjerde september

Tjuefjerde september 1938 kom Steven Douglas Kreismann til verda. Saksofonisten Steve Douglas har ei omfattande karriere som også inkluderar produksjon av andre artistar sine album og han er trygt plassert i Rock’n Roll Hall Of Fame. Hjå meg kan han høyrast på Bob Dylan si plate Shot Of Love frå 1981. Steve Douglas døyde i 1993. I 1946 vart Jerry Donahue fødd i New York. Folkrock-gitaristen Donahue sitt arbeid kan høyrast på Joan Armatrading si sjølvtittelerte tredjeplate frå 1976. I 1957 var dagen tittelsporet frå Elvis Presley sin tredje langspelfilm vart tilgjengeleg på vinyl. Jailhouse Rock var nummer ein på platelistene i sju veker i USA, men platekjøparane i England meinte tre veker på toppen fekk vere nok. I 1971 kom Peter Anthony Salisbury til verda i Bath. Trommeslagar Peter Salisbury var ein av grunnleggarane av The Verve og kan hjå meg høyrast på plata Urban Hymns frå 1997. I 1977 vert denne datoen hugsa for at den sjølvtittelerte Motörhead-debuten kom på marknaden. I 1985 spelte Toy Dolls på Shelleys i pottemakarbyen Stoke. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Mardi Gras i Nottingham. I 1990 gav AC/DC ut plata The Razors Edge. Plata, som er produsert av Bruce Fairbairne og som eg eig både CD og LP versjon av, er den einaste av gruppa sine innspelingar der ein får høyre trommeslagaren Cris Slade. Same dag slepte Megadeth si fjerde studioplate Rust In Peace. I 1991 kom meksikanske Maldita Vecindad Y Los Hijos Del Quinto Patio med si andre studioplate, El Circo, Nirvana gav også ut si andre plate, Nevermind, noko som resulterte at det tidlegare undergrunnsfenomenet grunge brått var over alt og verda vart aldri den same. Same dag kom eit, kan hende, like stort kommersielt gjennombrott, Red Hot Chilli Peppers si fyrste plate i samarbeid med den eksentriske amerikanske superprodusenten Rick Rubin. Blood Sugar Sex Magic selde i meir enn tretten millionar kopiar og produserte ei nesten endelaus rekkje av hit-singlar. Ein annan kar som herja hitlistene var Bryan Adams, som nytta dagen til å sleppe plata Waking Up The Neighbours. Like stor merksemd vart det neppe rundt Staus Quo si tjuande studioplate, Rock ’Til You Drop, som også kom på marknaden denne dagen, men dei som har denne plata kan høyre dei syngje Nothing Comes Easy, noko som lemnar liten tvil om at dei to herrane Parfit og Rossi har jobba hardt for å kome der dei er i dag. I 2002 slepte Elvis Presley sitt dødsbu plata Elvis Presley 30 #1 Hits. I 2007 kom PJ Harvey si sjuande studioplate på marknaden. White Chalk fekk stort sett strålande omtale i musikkpressa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar