29.09.2011

Tjueniande september

Tjueniande september 1935 vart den grensesprengande rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis er fetter av den berykta svovelpredikanten Jimmy Swaggart og starta karriera si i grenselandet mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve Lee Lewis tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn han er for dei stundom ekselente musikalske bidraga sine. Lewis leverar ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, og diverre er det den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på. I 1946 fekk verda ein ny trommeslagar, då vart Ian Wallace fødd i Bury i England. Wallace spelte med King Crimson tidleg på 1970talet, men kan i mi platesamling høyrast på plata A Bit Of What You Fancy, som Quireboys gav ut i 1990. I 1948 var det jubel hjå familien Farner. Mark Fredrick Farner vart fødd i bilbyen Flint i Michigan. Mark Farner er gitarist, vokalist og komponist i det amerikanske bandet Grand Funk Railroad, som har levert ei lang rekkje storselgjande plater sidan slutten av 1960talet. I 1963 kom Leslie Edward Claypool til verda. Les Claypool er kjend som bassisten med den rå lyden og uortodokse teknikken i Primus. I mi platesamling kan Claypool også høyrast medan han trakterar bassen på låten Big In Japan frå Tom Waits si plate Mule Variations som kom ut i 1999. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Bowes Lyon House i Stevenage. I 1987 kunne Red Hot Chilli Peppers si tredje soloplate, The Uplift Mofo Party Plan, kjøpast, og, sjølv om eg venta nokre dagar, gjorde eg det, og det har eg så absolutt ikkje angra på. I 1992 slepte Alice In Chains si andre studioplate Dirt, som etter kvart selde til fire gongar platina i USA og nådde til ein sjetteplass på Billboard si Top 200-liste. I 1997 gav The Verve ut plata Urban Hymns. I 2008 gav Enslaved ut si tiande studioplate, Vertebrae, som var miksa av legenda Joe Barresi, kjend for å arbeide med store namn som Tool og Queens Of The Stone Age.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar