10.09.2011

Tiande september

Tiande september 1949 kom trommeslagaren Barrimore Barlow, kjend som Barry Barlow, til verda i Birmingham. Barlow er best kjend for tida han spelte trommer for Jethro Tull og kan hjå meg høyrast på platene Too Old To Rock & Roll: Too Young To Die frå 1976 og Heavy Horses frå 1978. Barlow er også kreditert for å spele på det eksotiske instrumentet gong på eit spor på Babyshambles si plate Down In Albion frå 2005. I 1950 kom Aerosmith-gitaristen Joe Perry til verda og fekk namnet Anthony Joseph Perry. I ei årrekkje har riffa hans vore med å setje standarden for amerikansk hardrock. Det gnistrande gitarspelet han kan hjå meg høyrast på Aerosmith-platene Rocks og Draw The Line. I 1970 var dette dagen Mott The Hoople spela inn nydelege Lay Down i Island Studios. Låten enda opp på Wildlife-plata, som sjølvsagt prydar platesamlinga mi. I 1983 spela Lou Reed i Roma og godlyden kan høyrast på plata Lou Reed in Concert. Same kveld hadde Toy Dolls teke turen vest til Carlisle Market Hall for å spele for tilhøyrarane der. I 1985 kom Cameron Matthew Followill til verda i Oklahoma. Matthew Followill er søskenbarn til dei tre Followill-brørne som han spelar saman med i bandet Kings Of Leon. I 1986 var Iron Maiden i Beograd og spelte fyrste konsert på turneen Somewhere On Tour. Same kveld hadde Toy Dolls teke turen til Leeds for å spele på Adam and Eve. I 1990 var dette dagen Iron Maiden-fansen fekk høve til å kjøpe singelen Holy Smoke. Tredjeplass vart høgaste plassering. I 1991 gav Jethro Tull ut plata Catfish Rising.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar