30.06.2011

Trettiande juni

Trettiande juni 1962 kom Lars Lillos Stenberg til verda i Oslo. Mannen har, i tillegg til å skrive tekst og melodi til dei fleste songane, også lånt namnet sitt til eit av dei mest markante banda i Noreg dei siste tretti åra, de Lillos. I 1967 gav The Who ut sin versjon av Rolling Stoneslåta Under My Thumb. Innspelinga var meint som støtte for dei to låtskrivarane Jagger og Richards som var fengsla for narkobruk. I 1977 gav Kiss ut plata Love Gun og fekk, som fyrste gruppe nokon sinne, fire plater inne på Record World si topp 100 liste. Utgjevinga samanfall også med at teikneseriegiganten Marvel gav ut den fyrste Kiss-teikneserieboka, som selde i meir enn åtte hundre tusen eksemplar. I 1986 kom Madonna si tredje studioplate, True Blue. Plata skal ha toppa platelistene i så mykje som tjueåtte land over heile verda, noko som må seiast å vere ein grei prestasjon. I 1997 gav Prodigy ut plata The Fat Of The Land, som inneheldt superhitten Smack My Bitch Up. I 1998 slepte Lucinda Williams plata Car Wheels On A Gravel Road, der countrydronninga Emmylou Harris hjelpte til på vokalen. Same dag kom Rancid si plate Life Won’t Wait på marknaden. Plata var den siste dei gav ut på Epitaph Records.

Tjueniande juni

Tjueniande juni 1948 kom trommeslagaren Ian Paice til verda i skogvaktarheimbyen Nottingham. Paice er kjend for stødig takt for tungrockarane Deep Purple og kan i mi platesamling høyrast på studioplatene Machine Head frå 1972, Burn, Nobodys Perfect og Come Taste The Band, i tillegg til samleplata Power House frå 1977. I 1961 kom gitaristen Greg Hetson til verda i Brookly. Hetson har laga gitarbråk i diverse punkband sidan han starta si aktive karriere i 1979, og kan i mi platesamling høyrast på Bad Religion sine plater Stranger Than Fiction (1994) og No Substance (1998). I 1964 døyde Eric Dolphy, same dag som Johnny Cash fullførde innspelinga av My Old Faded Rose. I 1992 gav Iron Maiden ut singelen From Here To Eternity. Songen klatra til tjuefyrsteplass på listene. I 2011 spelte ein sytti år gamal Bob Dylan i storform på Koengen i Bergen. Superstjerna si entre på Koengen fekk eit bastant skydekke til å sprekkje opp, og sjølv og røysta var rusten, trilla klassikarane ut som perler på ei snor.

28.06.2011

Tjueåttande juni

Tjueåttande juni 1964 gjekk Johnny Cash i studio og byrja innspelinga av My Old Faded Rose. Innspelinga vart fullførd dagen etter, men hamna i arkiva fram til samleplata Love vart gjeven ut i 2000. I 1967 var The Who i CBS Studios i London og spelte inn ein versjon av rebellen Eddie Cochran sin legendariske sumarhitt, Summertime Blues. Samstundes sat managerlegenda Kit Lambert i De Lane Lea Studios ein annan stad i storbyen og la siste hand på verket i produksjonen av The Who sin versjon av Stones-låta Under My Thumb. I 1970 spelte Janis Joplin og Full Tilt Boogie Band på The Canadian Festival Express. Full Tilt Boogie Band var set saman av John Till på gitar, Richard Bell som spelte piano, Ken Pearson på orgel, Brad Campbell på bass og trommelagaren Clark Pierson. Frå denne konserten kan songen Tell Mama kan høyrast på plata Farewell Song frå 1982 og Try er i mi platesamling å finna på samleplata Janis. I 1980 var Toy Dolls på farten i Hundingdon Club i Stanley. I 1993 kom den doble konsertplata Live & Loud frå den evigunge skrekkrockaren Ozzy Osbourne.

27.06.2011

Tjuesjuande juni

Tjuesjuande juni 1973 spelte The Who inn 5.15 i Thesally Road i Battersea. 5.15 vart utgjeven som singel i september same året og nådde tjuandeplass på listene. Songen kan elles finnast på plata Quadrophenia og ei rekkje samleplater. I 1981 gav Motörhead ut liveplata No Sleep ’Til Hammersmith. I 1989 kom The B-52’s si femte studioplate, Cosmic Thing, på marknaden. I 1993 stod The Smashing Pumpkins si andre studioplate, Siamese Dreams, i platehyllene. I 2002 døyde The Who-bassisten John Entwistle på eit hotellrom i Las Vegas. Dødsårsaka var hjartestans. Same dag døyde Russ Freeman, også han i Las Vegas, truleg utan at det var nokon samanheng mellom dei to hendingane.

26.06.2011

Tjuesjette juni

Tjuesjette juni 1937 kom bassisten Reginald Workman til verda i Philadelphia. Reggie Workman kan høyrast på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1961, som er ei av tre plater Workman gjorde med Coltrane. I 1942 vart bassisten Larry Taylor fødd som Samuel Taylor i verdsmetropolen New York. Taylor har spelt med store namn som Jerry Lee Lewis og Canned Heat, men i mi platehylle er det som ein del av Tom Waits sitt band han kan høyrast. Taylor sitt basspel kan høyrast på Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999). I 1979 kom Ivan Nathan Followill til verda i Oklahoma. Nathan Followill er trommeslagar i bandet Kings Of Leon, der han spelar samen med to av brørne sine. I 1987 var Toy Dolls i Hendersons Hall i Newcastle. I 1990 slepte Sonic Youth si sjette studioplate, Goo. Dette var den fyrste bandet slepte på eit av dei store plateselskapa, Geffen.

Tjuefemte juni

Tjuefemte juni 1961 fekk Elvis Presley festa (Marie’s The Name) His Lastest Flame til lydband. Musikken var ved The Jordanaires. I 1969 var Led Zeppelin i Morgan Studios i London og spelte inn We’re Gonna Groove. Resultatet kan høyrast på plata Coda som kom ut på Swan Song i 1982. I 1970 var Jimi Hendrix i Electric Ladyland Studios med Cry Of Love Band for å fullføre Freedom. Dei rakk òg å gjere dei fyrste innspelingane av Drifting. I 1971 kunne ein kjøpe ein kortversjon av ein av The Who sine signaturlåtar, Won’t Get Fooled Again, som singel. I 2002 kom det amerikanske Ska-punk-bandet Reel Big Fish med plata Cheer Up!.

Tjuefjerde juni

Tjuefjerde juni 1944 kom Geoffrey Arnold Beck til verda i Wallington ved London. Jeff Beck si karriere let seg vanskeleg oppsummere på liten plass, men tida med Yardbirds, Jeff Beck Group og ei rekkje andre samarbeidsprosjekt har resultert i uendeleg mykje bra musikk. I mi samling finn ein plata Who Else frå 1999. I 1947 kom Michael John Kells Fleetwood til verda. Mick Fleetwood er sjølvaste Mr. Fleetwood Mac og har vore med i det engelske bluesrockbandet frå byrjinga og har overlevd alle besetningar. Hjå meg er Fleetwood representert med to bidrag frå Fleetwood Mac, Greatest Hits frå 1971 og Rumours frå 1977. I tillegg kan Fleetwood høyrast medan han held takten for Johnny Cash på songen Sea Of Heart Break på plata Unchained frå 1996. I 1974 fekk verda servert Sweet Home Alabama frå sørstatsrockarane i Lynyrd Skynyrd. Songen med det drivande og lettkjennelege refrenget er eigentleg eit tilsvar på Neil Young sin song Southern Man, som ikkje er særleg flatterande for den gjennomsnittlege sørstatsamerikanar.

23.06.2011

Tjuetredje juni

Tjuetredje juni 1929 kom June Carter Cash til verda med fullt namn Valerie June Carter. June hadde ei etablert karriere saman med fleire slektningar i songgruppa The Carter Family, men er for dei fleste best kjend for eit langt og givande ekteskap med countrystjerna Johnny Cash. Før ekteskapet med Johnny var June gift med komponisten Carl Smith, eit ekteskap som resulterte i dottera Carlene Carter. Det vert hevda at June gav opp si eiga karriere for å stå bak ektemannen, men ho har pleia si eige karriere som låtskrivar og har mellom anna skrive teksten til songane Ring Of Fire, som heldigvis ikkje dukka opp i reklame for hemoroidekrem, slik nokre driftige reklamemenn ville, og Jackson, som ho framfører i duett saman med ektemannen. I tillegg kan June Carter høyrast som kordame på fleire av Johnny sine innspelingar og ho er også representert i mi platehylle med samlinga Collections der ekteparet syng utvalde duettar. I 1958 vart ein av rockens største klyser, tidlegare W.A.S.P.-gitarist Chris Holmes, fødd som Christopher John Holmes. Karrieren hans etter at han forlét, eller vart sparka frå, W.A.S.P. har hatt ei sterkt nedoverpeikande kurve og det er klart for alle som bryr seg med å sjå etter at han lev mest på gamle merittar. I 1959 kunne Big Hunk O’Love kjøpast på plate. Artist var Elvis Presley og bandet var leia av gitaristen Hank Garland. Platekjøparane heldt plata på fyrsteplassen i USA i to veker, i England heldt det berre til andreplass. I 1960 vart produsent og musikar Brendan O’Brien fødd i Atlanta. O’Brien har ei imponerande merittliste som produsent for andre musikarar, men i mi platesamling kan han høyrast medan han spelar gitar for Mick Jagger på plata Wandering Spirit frå 1993. I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio og spela inn Sweet Pea, komponert av Wayne Shorter som var med på tenorsaksofon. Songen vart gjeven ut på plata Water Babies. I 1992 kom B-52s si sjette studioplate, Good Stuff, på marknaden. På denne plata måtte den glade gjengen klare seg utan Cindy Wilson, ei av dei originale bandmedlemmene som i dag heldigvis er attende i bandet. I 1998 nytta Pete Buck sitt sideprosjekt, Tuatara, denne dagen til å gje ut plata Trading With The Enemy. I 2009 gav Cheap Trick ut plata The Latest. Denne kom som gratisbilag i Classic Rock Magazine si desemberutgåve året etter, og det er den eg har sikra meg. I 2010 døyde Pete Quaife.

22.06.2011

Tjueandre juni

Tjueandre juni 1936 er dagen den amerikanske artisten, skodespelaren og tekstforfattaren Kris Kristofferson vart fødd. Kristofferson er best kjend for å ha skrive songar som Me And Bobby McGee, udødleggjort av Janis Joplin, og songen som skildrar fyllesjuke og einsemd betre enn nokon annan, Sunday Morning Coming Down. Dei som vitjar meg for å høyre Kristofferson synge, må nøye seg med å høyre det han gjorde saman med tre andre outlaws, Johnny Cash, Willie Nelson og Waylon Jennings, i gruppa Highwayman. I 1943 kom trommeslagaren Ralph Molina til verda i Puerto Rico. Molina er best kjend for å halde takten for Neil Young sine husrockarar, Crazy Horse. Hjå meg kan trommespelet hans høyrast på platene Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Re-Ac-Tor (1981) og Sleeps With Angels frå 1994. I 1948 vart Todd Harry Rundgren fødd i Pensylvania. Rundgren var ein gong sett på som rocken sin nye wunderboy, han har ei fortid i bandet Nazz og har gjort ei rekkje soloinnspelingar, men han er likevel best kjend som ein høgt skatta studiomusikar og produsent. I 1953 såg Cynthia Ann Stephanie Lauper dagens ljos. Cyndi Lauper er best kjend for kjempehitten Girls Just Want To Have Fun, men hjå meg er det som hjelpevokalist for The Hooters ho kan høyrast, nærare bestemt på songen Boys Will Be Boys frå plata Out Of Body frå 1993. I 1957 kom Garry William Beers til verda i den australske byen Manly. Garry Gary Beers har tent til livets opphald som bassiste i det australske bandet INXS og er representer på to ulike plater hjå meg. I 1960 var Count Basie i Columbia Studios for å spele inn Taps Miller som kan høyrast på plata Atomic Swing. I 1962 vart Andreas Frege fødd i tyske Düsseldorf. Frege nyttar signaturen Camino når til dagleg tenar til livets opphald i det ufatteleg kule bandet Die Toten Hosen, men i mi platesamling er det som gjestevokalist på Raise Your Voice frå Bad Religion si plate No Substance (1998) han kan høyrast. Same dag kom Robert Bernard Gillespie til verda i Glasgow. Bobbie Gillespie er sjefen i bandet Primal Scream, han har også gjort teneste som trommeslagar for bandet The Jesus And Mary Chain. Hjå meg finn ein Primal Scream-platene Screamadelica, XTRMNTR og Beautiful Future. I 2001 underheldt AC/DC på Stade De France i Paris. Dei frammøtte fekk høyre Hard As A Rock, Hells Bells og Ride On, som alle kan høyrast på DVD-samlinga Plug Me In. I 2004 slepte Wilco si femte studioplate A Ghost Is Born.

21.06.2011

Tjuefyrste juni

Tjuefyrste juni 1944 kom Raymond Douglas Davies til verda i London. Ray Davies var den kreative krafta i The Kinks, som han starta saman med broren Dave. I dag er Davies kjend som ein gamal grinebitter som berre kritiserar andre musikarar for at dei ikkje veit noko om korleis god musikk skal lagast, noko han sjølv ikkje har gjort på ganske mange år. I 1950 vart trommeslagaren Joey Kramer fødd. Kramer er mest kjend for å ha heldt takten for Aerosmith gjennom mange år. I 1951 vart gitaristen Nils Hilmer Lofgren fødd i Chicago. Nils Lofgren spelar til vanleg gitar for Bruce Springsteen, men kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate Tonights The Night frå 1975. I 1961 vart artisten Manu Chao fødd i Paris med døypenamnet José-Manuel Thomas Arthur Chao Treviño. Chao nyttar også aliaset Oscar Tramor. Han har gjeve ut plater med band som Hot Pants og Mano Negra, men har i dag støtte frå bandet Radio Bemba. Eg er lukkeleg eigar av platene Clandestino, Esperanza og Radio Bemba Sound System. I 1976 gav Gasolin’ ut si fyrste liveplate, Live Sådan, ei dobbelplate som vart spela inn gjennom ein vinterturné same år. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast på Walkerville Hotel i Catterick. Kvelden bydde også på konsert med Bob Seger & The Silver Bullet Band i Cobo Hall i Detroit. We’ve Got Tonight på liveplata Nine Tonight. I 1985 var Mötley Crue si tredje studioplate, Theatre Of Pain, på plass i butikkane. Plata er ei hylling av Hanoi Rocks sin trommeslagar Razzle, som omkom i ei bilulukke der Crue-vokalist Vince Neil var førar. I 2000 spelte Oasis på Wembley Stadium i London. Hendinga vart spelt inn og kan høyrast på plata Familiar To Millions som kom ut same året. I 2001 døyde John Lee Hooker.

20.06.2011

Tjuande juni

Tjuande juni 1928 kom Eric Allan Dolphy til verda i Los Angeles. Saksofonisten Eric Dolphy gjorde seg merkt på den amerikanske jazzscena på femti- og fyrste halvleik av sekstitalet og kan hjå meg høyrast på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1961. Dolphy døyde i 1964. I 1942 vart verdas fremste strandgut, Brian Wilson, fødd i Inglewood i solrike California. Wilson er kjend som komponist og bassist i Beach Boys og når sant skal seiast var han mannen bak både songane, dei flotte vokalharmoniane og den fantastiske sounden. I tillegg til eit par Beach Boys-plater av varierande kvalitet er eg så heldig at eg også eig ei av Wilson sine soloplater, Pet Sounds Live frå 2002. Det er berre å konkludere med at sjølv om mykje av stoffet er gamalt, held det seg fantastisk bra og er vel verdt å lytte til også i dag. I 1973 var The Who i Ronnie Lane sitt mobile studio og spelte inn We Close Tonight. Songen var meint for filmen/plata Quadrophenia, men enda ei stund opp som eit uutgjeve spor, før det enda opp på plata Odds & Sods i 1974. I 1975 gav ein ung og aktiv Neil Young ut plata Tonight’s The Night. Plata bestod av opptak som var spela inn så lenge som to år tidlegare. I 1980 vart levande versjonar av Fire Lake og Night Moves spela inn i Cobo Hall i Detroit. Artistar var Bob Seger & The Silver Bullet Band og musikken kan høyrast på liveplata Nine Tonight som kom ut i april året etter. I 2000 slepte Madball plata Hold It Down. I 2003 vitja Angus og Malcolm Young dei aldrande rockarane i Rolling Stones på scena i Leipzig. Opptaket frå rocken si geriatriavdeling nådde aldri fjernsynsskjermane, men trufaste fans kan nyte det på DVD-samlinga Plug Me In.

19.06.2011

Nittande juni

Nittande juni vart den engelske artisten Nick Drake til verda i byen Rangoon i det som i dag vert kalla Myanmar. Drake rakk berre å gje ut tre plater frå han debuterte i 1969 og nådde aldri store salstal. Likevel vert han i dag rekna som ein av dei engelske artistane som har hatt mest påverknad på engelsk popmusikk i dag. Hjå meg finn du debutplata Five Leafs Left, og Pink Moon frå 1972. Drake døyde så altfor ung i 1974. I 1950 kom Ann Dustin Wilson til verda. Ann Wilson spelar fløyte og er vokalist i bandet Heart og hjå er ho meg representert med to plater, Little Queen (1977), med ein av bandet sine best kjende låtar, Barracuda, og Rock The House! Live, som kom på marknaden i 1991. I 1963 kom Simon Wright til verda. Wright er best kjend som trommeslagar for AC/DC i perioden 1983 til 1989, han har også spela med storleikar som Dio og UFO. I 1969 var Grand Funk Railroad i studio og spelte inn tre songar til bruk på plata On Time. Lista tel Call Yourself A Man, Can’t Be Too Long og Ups And Downs. På denne dagen i 1980 fekk frammøtt publikum høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band framføre mellom anna Against The Wind og Feel Like A Number i Cobo Hall i Detroit. Platekjøparane kan oppleve dette, med meir, på liveplata Nine Tonight. I 2001 slepte rapparane i D12 plata Devil’s Night, ein av produsentane var Eminem, ein av bandmedlemmene som verkeleg har gjort seg merkt på eiga hand, og plata gjekk til topps på dei amerikanske listene. I 2005 var Green Day i Milton Keynes og spelte andre og siste konsert som skulle ende opp som konsertplata Bullet In A Bible.

18.06.2011

Attande juni

Attande juni 1942 kom Paul McCartney til verda i den engelske hamnebyen Liverpool. Alle platesamlingar treng bidrag frå Sir Paul si tid i Beatles og som soloartist. Enno manglar nokre spor frå tida i Wings, men det kjem. I 1963 påstod Elvis Presley at (You’re The) Devil In Disguise. Påstanden gav han ei veke på toppen av lista i England, listemakarane i USA bydde på ein tredjeplass. I 1969 var dette ein særs produktiv dag for trioen Grand Funk Railroad, som var i Cleavland Recording Company sitt studio og spelte inn Are You Ready, Anybody’s Answer, Time Machine, T.N.U.C og Into The Sun. Alle songane finn ein på plata On Time, som kom på marknaden seinare same året. I 1970 hadde Cry Of Love Band med Jimi Hendrix i spissen Electric Ladyland Studios for seg sjølv og heldt fram med innspelinga av Freedom. I 1976 gav Led Zeppelin ut singelen Candy Store Rock frå plata Precense. På B-sida kunne kjøparane høyre Royal Oreleans og begge songane var kreditert heile bandet. I 1984 gav alltid like muntre og lettsinna Nick Cave & And The Bad Seeds ut plata From Here To Eternity. I 1996 gav Beck ut det kritikarroste studioalbumet Odelay, som seinare vart kåra til årets album av det kjende musikkmagasinet Rolling Stone. I 2005 var Judas Priest på scenen i Tweeter Centre i Camden, New Jersey. Same dag heldt Green Day fyrste av to konsertar i Milton Keynes National Bowl i England. Den som vil freiste å gjenopplive konserten kan høyre på konsertplata Bullet In A Bible, som kom seinare same året. I 2007 døyde jazzmusikaren Bill Barber.

Syttande juni

Syttande juni 1944 kom gitaristen Chris Spedding til verda og fekk namnet Peter Robinson. Chris Spedding har gjeve ut plater under eige namn, han har vore innom i Roxy Music og i mi platehylle kan gitarspelet hans høyrast på Tom Waits si plate Rain Dogs frå 1985. I 1953 kom Philip Ryan til verda i den irske hovudstaden Dublin. Ryan nyttar aliaset Phil Chevron når han spelar gitar for folkpunkbandet The Pogues. I mi platesamling kan han også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road som kom på marknaden i 1988. I 1958 såg den legendariske amerikanske punkrockaren Yello Biafra dagens ljos som Eric Reed Boucher. Yello Biafra vart kjend som drivkrafta bak det amerikanske punkbandet Dead Kennedys og har elles spela med mellom anna DOA, men i mi platesamling er det som hjelpevokalist for Mano Negra på plata Casa Babylon frå 1994 han kan høyrast. I 1962 vart den nordirske gitaristen Martin Kennedy fødd i Belfast. Bap Kennedy var leiar for gitarrockebandet Energy Orchard, som ha forvilla seg inn i mi platesamling med ei dobbel konsertplate, Orchardville, frå 1996. I 1967 såg Eric Stefani dagens ljos. Stefani, som er bror av meir kjende Gwen, spelte piano og keyboard i No Doubt i perioden 1986 til 1995. I 2003 var AC/DC på plass i Circus Krone i München for å halde konsert. Dei frammøtte fekk høyre Stiff Upper Lip og Thunderstruck, som også kan opplevast på DVD-samlinga Plug Me In.

16.06.2011

Sekstande juni

Sekstande juni 1954 vart den amerikanske trommeslagaren Doane Perry fødd. Perry slo seg saman med Jethro Tull i 1984 og kan i mi platehylle høyrast på plata Catfish Rising frå 1991. I 1960 var Count Basie sitt storband i Capitol Studios i New York og spela inn 9:20 Special, solistar var, i tillegg til Basie sjølv, Frank Wess på altsaksofon, Frank Foster på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. I 1963 kom den finske gitaristen Ben Granfeldt til verda i den finske hovudstaden Helsinki. Granfeldt er best kjend for samarbeidet med det finske showbandet Leningrad Cowboys og kan i mi platesamling høyrast på platene We Cum From Brooklyn frå 1992, Live In Provinz frå 1993, Happy Together frå 1994 og Go Space som kom i 1996. I 1975 var hardarbeidande AC/DC i gang med å spele inn videoar til songane Show Business og Hight Voltage, som begge kan nytast på DVD’en Family Jewels frå 2005. I 1980 stod Toy Dolls for underhaldninga på Annabells i Sunderland. Same kveld held Bob Seger & The Silver Bullet Band hus i Cobo Hall i Detroit. Frå konserten kan ein høyre Hollywood Nights og Betty Lou’s Getting Out Tonight på liveplata Nine Tonight som kom ut året etter. I 1997 kom Radiohead med plata OK Computer.

Femtande juni

Femtande juni 1937 er dagen countryartisten Waylon Arnold Jennings vart fødd i Littlefield i skytegale Texas. Jennings var kompis med Buddy Holly og har meir enn seksti plater på samvitet som soloartist, han var også svirrebror med meir meritterte Johnny Cash på slutten av sekstitalet. Som ein av grunnleggarane av såkalla Outlaw-country var han sjølvskriven medlem då fire stjerner slo seg saman som supergruppa Highwayman, men er i mi platehylle også representert med plata ’Ol Waylon frå 1977. Jennings la opp som artist eit år før han døyde av diabetes i 2003. I 1946 kom glamstjerna Neville John Holder til verda i Walsall i Staffordshire. Noddy Holder gjorde seg merkt for verda som bukseselekledd gitarist og vokalist i Slade og var kjend for å ha ei røyst som kunne få murpussen til å skalle av veggen i lokala han song i. Eg har fleire Slade-plater som eg tek fram og høyrer på i nostalgiske augneblinkar, spesielt liveplata Slade Alive frå 1972 rockar ei gamal sjel. I 1956 var dette fødselsdagen til den kanadiske songaren Bernie Shaw. Shaw har sidan 1986 vore vokalist for dei engelske hardrocklegendene Uriah Heep og kan i mi platesamling høyrast på plata Raging Silence frå 1989. I 1980 fekk Bob Seger songen The Fire Down Below evig liv etter innspeling under konserten i Cobo Hall i bilbyen Detroit. Trufaste Silver Bullet Band stod for musikken. I 1982 døyde Art Pepper. I 1984 spelte Toy Dolls for dei frammøtte i Henderson Hall i Newcastle. I 1989 platedebuterte Nirvana på Sub Pop med produktet Bleach. I 1996 døyde Ella Fitzgerald. I 2010 spelte Rammstein ein fantastisk konsert på Koengen i Bergen. Underteikna var tilstades og fekk sjå og høyre at både lyd og pyroeffektar sat som eit skott. Oppvarmarar var grungeveteranane i Alice In Chains, og Hatebreed, som enno ikkje er på plass i platesamlinga, men som står høgt på ynskjelista. I 2010 spelte Rammstein ein fantastisk konsert med mykje pyro på Koengen i Bergen. I 2011 var Judas Priest på ny på vitjing i Bergen. Konsertarenaen var Edvard Griegs Plass utan for Grieghallen og konserten var ein ekte slagerparade. Vanskeleg å vurdere denne konserten opp mot den i 2008, men eg var sjølvsagt storfornøgd med mykje grom V-gitarlyd og bråkete lyd.

14.06.2011

Fjortande juni

Fjortande juni 1943 vart pianisten Dewey Lyndon Oldham fødd. Spooner Oldham har mellom anna samarbeida med superstjerna Neil Young og kan i mi samling høyrast på plata Comes A Time frå 1978. I 1949 kom Alan White til verda i Pelton i Nord-England. Trommeslagaren White har holdt takten for Joe Cocker og ei rekkje andre britiske artistar, men er best kjend for arbeidet han gjorde saman med proglegendene Yes. Hjå meg finn du White si tromming på Yes-plata Going For The One frå 1977. I 1952 vart lækjaren, skodespelaren og komikaren Trond-Viggo Torgersen fødd i Oslo. Mi platehylle byr på samleplata Trond-Viggos Beste som vart tilgjengeleg i 1997. I 1949 kom Slade-bassisten Jim Lea til verda. Dette skal ha skjedd på ein såpass eksotisk stad som Melbourne Arms Pub i Wolverhampton, om jordmora var ein ølhund seier ikkje soga noko om. Lea måtte slite med ville døypenamnet James Whild Lea før musikarkarrieren tok av, Holder sa G’bye t’Jane og Slade byrja å samle gullplater verda over. I 1956 kom den italienske filosofen og rockeartisten Gianna Nannini til verda i Siena. Eg har ei større samling av Nannini-plater enn det som godt er, men er faktiske ganske stolt av at eg oppdaga denne artisten ein gong på byrjinga av åttitalet og sjølv om eg ikkje har konkrete planar om å utvide samlinga, kjem dei gamle klassikarane fram med jamne mellomrom. I 1957 kom Steve Jordan til verda. Jordan sat bak trommesettet på plata Landing On Water som Neil Young gav ut i 1986. Same dag kom ein anna dugande trommeslagar, Chad Cromwell, til verda, også han har heldt takten for Neil Young, på plata This Note’s For You som på marknaden i 1988, og Living With War som vart stabla i platehyllene i 2006. I 1959 var dette dagen for William Henry Marcus Miller Jr sin fødselsdag. Under namnet Marcus Miller kan denne eminente jazzmusikaren høyrast medan han spelar både bass og keyboard på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1968 slepte Aretha Franklin plata Aretha Now. Same dag nytta Jimi Hendrix Experience dagen i studio til å spele inn Have You Ever Been (To Electric Ladyland). Plata med same namn kom på marknaden i september same år og fekk ein fyrsteplass på listene. I 1980 spelte Toy Dolls sin femtiande konsert. Jubileet vart markert i Seaham Labour Club i Sunderland. Same kveld stod Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Cobo Hall i Detroit. I 1982 tok Bier Cellar i Newcastle i mot Toy Dolls. I 1993 kom Manic Street Preachers si andre studioplate, Gold Against The Soul. I 1995 gjekk Rory Gallagher bort så alt for tidleg. I 2000 døyde Paul Griffin på denne dagen.

13.06.2011

Tolvte juni

Tolvte juni 1941 vart jazzlegenda Armando Anthony Corea fødd. Chick Corea kan i mi platesamling høyrast medan han spelar piano for Miles Davis på platene In A Silent Way frå 1969 og på samleplata Water Babies frå 1976. I 1949 kom bassisten John Kenneth Wetton til verda. Wetton er best kjend som frontmann i bandet Asia, men kan hjå meg høyrast som bassist i Uriah Heep på platene Return To Fantasy frå 1975 og High And Mighty frå 1976. I 1951 kom Bun E. Carlos til verda som Brad Carlson i Rockford i Illinois. Carlos er trommeslagar i det fantastiske rockebandet Cheap Trick. I 1986 var andre og siste innspelingsdag av AC/DC sin promovideo av You Shook Me All night Long. Regissør var David Mallet.

11.06.2011

Ellevte juni

Ellevte juni 1920 vart jazztrommisen Sheldon Manne fødd i New York City. Shelly Manne er arveleg disponert for trommespel, både faren og onkelen var profesjonelle trommeslagarar, og kan hjå meg høyrast på både Best Of Chet Baker Plays og Tom Waits si plate Small Change frå 1976. Manne døyde i 1984. I 1928 kom saksofonisten Bob Gordon til verda i St. Louis. I mi platesamling er det plata Best Of Chet Baker Plays som byr på Bob Gordon sitt saksofonspel. Gordon døyde i 1955. I 1949 vart Frank Lee Beard fødd. Beard har livnært seg som trommeslagar i den texasbaserte bluesrocktrioen ZZ Top og det vert ofte gjort eit poeng av at han, med det etternamnet, er den einaste i trioen som ikkje prydar seg med skjegg. I 1957 spurde Elvis Presley pent om å få vere einkvan sin Teddy Bear, kva svar han fekk er ikkje kjend for meg, men plata promoterte den godaste Elvis sin andre langspelfilm, Loving You, og selde ei mengd teddybjørnar. Singelen var nummer ein i sju veker i USA, men stogga på ein fin tredjeplass i England. I 1958 kom den engelske bassisten Barry Adamson til verda i Manchester. Adamson har gjeve ut ei rekkje soloplater, mellom anna As Above, So Below frå 1998, som er bidraget hans til mi platehylle. Adamson har i tillegg arbeida med Depeche Mode og The Buzzcocks og kan hjå meg høyrast medan han spelar for The Birthday Party på plata Junkyard frå 1982, og for Nick Cave And The Bad Seeds på plata From Here To Eternity frå 1984. I 1960 vart Nick Hallam fødd i Nottingham. Hallam er kjend som The Head i electronicabandet Stereo MC’s. I 1961 kom Robert Charles Birch fødd i Ruddington. Birch kallar seg Rob B når han opptrer som vokalist i Stereo MC’s og kan i mi platehylle høyrast på plata Deep Down & Dirty frå 2001. I 1983 slepte Dio debutplata Holy Diver i England, ein snau månad etter at amerikanarane fekk høve til å kjøpe produktet. I 1988 var Toy Dolls del av underhaldningsprogrammet på Lisieux Festival. I 1991 gav Lynyrd Skynyrd ut plata Lynyrd Skynyrd 1991, dette var dei langhåra sørstatsrockarane si sjette studioplate. I 2001 gav Travis ut plata The Invisible Band. I 2002 gav Brian Wilson ut det etterlengta Pet Sounds Live-albumet som var spelt inn i London i januar same år. I 2007 slepte Turbonegro plata Retox.

10.06.2011

Tiande juni

Tiande juni 1958 stod Elvis Presley i studio og song inn (Now And Then There’s) A Fool Such As I. Akkompagnementet var ved The Jordanaires. Same dag kunne platekjøparane høyre Elvis Presley syngje om ei Hard Headed Woman. Songen var frå filmen King Creole og nådde fyrsteplassen i USA, men nådde aldri høgare enn nummer to i England. I 1964 kom den amerikanske trommeslagaren James Joseph Chamberlin til verda i Joliet. Jimmy Chamberlin har vore av og på trommeslagar for The Smashing Pumpkins og kan høyrast på alle dei fire titlane som eg er lukkeleg eigar av. I 1971 vart Erik Rutan fødd. Rutan kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for death metallbandet Morbid Angel på plata Domination frå 1995. I 1983 var Toy Dolls underhaldninga på Norseman i Amble. I 1985 kom R.E.M. med plata Fables Of The Reconstruction. I 1986 starta AC/DC innspeling av ein promovideo for det som er min absolutte favorittlåt frå bandet, You Shook Me All Night Long. Sjekk resultatet på Family Jewels. I 1993 spelte alltid like blide Brazz Brothers saman med Tatunane og Hukwe Zawose på Rockefeller i Oslo. I 2002 slepte Mark E. Smith og bandet hans, The Fall, plata 2G+2, som er ei samleplate med blanding av studioinnspelingar og konsertmateriale frå USA-turneen året før. I 2004 døyde Graeme Kelling.

09.06.2011

Niande juni

Niande juni 1941 vart Jon Douglas Lord fødd i Midt-England. Jon Lord er best kjend for å spele tangentar i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Machine Head frå 1972, Come Taste The Band, Burn og Perfect Stranger, i tillegg til samleplata Power House frå 1977. I 1950 var dette fødselsdagen for Trevor Bolder. Bolder er best kjend for å ha traktert bassen i Uriah Heep der han erstatta John Wetton. Han kan hjå meg høyrast på plata Fallen Angel frå 1978 og Raging Silence frå 1989, men han har også spelt saman med bysbarnet Mick Ronson frå Hull i bandet The Rats, noko som leia til at han fekk oppdraget med bassen på Ronson sine soloplater frå fyrste halvleik av 1970-talet og som alle står på ynskjelista mi. I 1951 kom Peter Gill til verda i den nitriste engelske stålbyen Sheffield. Gill har traktert trommene for store engelske band som mellom anna Saxon, som i mi platehylle er representert med Wheels Of Steel. Gill kan hjå meg også høyrast medan han trufast slår takten på Motörhead si plate Orgasmatron frå 1986, han er også kreditert for fleire spor på samleplata No Remorse frå 1984. I 1970 vart Edmund John Simons fødd i London. Ed Simons er til dagleg halvparten av electronicaduoen The Chemical Brothers og har selt eit utal plater, og hausta Grammynominasjonar. Mi platesamling byr på plata Push The Button frå 2005. I 1982 kunne ein voksande skare South Shilds-fans ta i mot gutane i Toy Dolls i New Crown. I 1993 bydde brørne Førde og resten av dei muntre musikantane i Brazz Brothers opp til fest i Grieghallen under dei årlege festspilla i Bergen. Med seg på scenen hadde dei Tatunane frå Tanzania og Hukwe Zawose. Denne konserten kan høyrast på den drivande gode plata Afrobrazz som kom ut seinare same året. I 1998 slepte Grant Lee Buffalo plata Jubilee. I 2001 slepte Ash singelen Sometimes, som inneheldt totalt sju spor, mykje bra musikk for pengane.

08.06.2011

Åttande juni

Åttande juni 1947 vart Uriah Heep-gitaristen Mick Box fødd i London. Box var ein av grunnleggarane av bandet med namn frå ein Dickens-roman og har stått for glitrande gitarspel i alle verdsdelar i meir enn ein mannsalder. I 1952 kom trommeslagaren Jeff Rich til verda i London. Rich trommar til vanleg takten for boogierocklegendene Status Quo og mi platehylle byr på trommespelet hans på platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og Live Alive Quo frå 1992. I 1953 kom Sogn Og Fjordane sitt fremste musikalske bidrag til verda i Sogndal. Olav Stedje har herja listene på Norsktoppen med fleire popsongar og har i tillegg spela til dans over store delar av landet. Mi platehylle byr på samlinga 21 Beste som kom ut på plateselskapet Tylden i 1998. I 1956 vart Stephen Martin Walwyn fødd. Steve Walwyn har vore sjefsgitarist i Dr. Feelgood frå 1989 og kan hjå meg høyrast på plata Primo frå 1991. I 1979 kom The Who si plate The Kids Are Allright, som var musikk til ein dokumentarfilm om bandet og hadde musikk frå heile karrieren. I 1982 stod Toy Dolls på scenen i 100 Club i London. I 1992 slepte W.A.S.P. plata The Crimson Idol. Bob Kulick hjelpte sjefen Blackie Lawless på gitar og heile tre trommeslagarar, Frankie Banali, Stet Howland og Dough Blair, hjelper til med å halde takten. Chainsaw Charlie, The Idol og Hold On To Your Heart kan også høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. Også Faith No More nytta dagen til å gje ut plate, den fekk tittelen Angel Dust og var gruppa si fjerde studioplate. I 1993 gav Urge Overkill ut si fjerde studioplate Saturation. I 2004 platedebuterte Velvet Revolver med plata Contraband. I 2008 fyrte Judas Priest opp Harleyen på scenen i Bergenshallen og heldt ein supernostalgisk metallkonsert som fekk underteikna sine trommehinner til å vibrere av rein fryd i vekevis etterpå. I 2009 kunne ”The Crüe”, Mötley Crüe opplevast i Bergenshallen. Tommy Lee og dei andre geriatrikarane heldt høgt tempo gjennom heile kvelden og leverte eit show det stod respekt av. Oppvarmar var bergenske Audrey Horne, som også leverar eit lydbilete som bør få alle gode rockarar til å glise.

07.06.2011

Sjuande juni

Sjuande juni 1940 vart Thomas John Woodward fødd i Wales. Tom Jones sine konsertar har, heilt sidan midt på sekstitalet, vore prega av at den hoftevrikkande walisaren har fått kasta dametruser etter seg, og etter ein lang Las Vegas-periode fekk han revitalisert karrieren sin slik at han rundt tusenårsskiftet herja salgslistene på ny. Eg har handla inn plata Reload og kjem nok ikkje til å utvide samlinga. I 1953 kom den sørafrikanske artisten Jonathan Clegg til verda. I mi platesamling er Johnny Clegg ein del av bandet Juluka og kan høyrast på plata Crocodile Love, som kom ut i 1997. I 1958 vart Prince Rogers Nelson fødd i Minneapolis i den elles så norskætta delstaten Minnesota. Prince er superstjerne og ein av verdas beste gitaristar. Mannen som også nyttar berre eit symbol som signatur er også ein høgt skatta komponist, som i tillegg har prøvd seg som skodespelar. Mi platehylle inneheld plata The Gold Experience frå 1995. I 1960 var Count Basie og storbandet hans i studio og spelte inn The Daly Jump og Out The Window. I 1963 kom den kreative krafta i Violent Femmes, Gordon Gano, til verda i ølbyen Milwaukee. Med gitaren i handa leia Gano an i den akustiske traktorpunk rørsla som dukka opp tidleg på 1980-talet. I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York. Med seg i studio hadde han Wayne Shorter, Herbie Hancock, Ron Carter og Tony Williams, og saman spela dei inn Water Babies som vart gjeven ut på plata med same namn. Same dag vart Dave Navarro fødd i Santa Monica på den amerikanske stillehavskysten. Navarro vert gjerne hugsa som gitarist for bandet Jane’s Addiction og kan gitarbråket hans kan nytast på plata Nothing’s Shocking frå 1988. Han kan også høyrast på Red Hot Chili Peppers si plate One Hot Minute frå 1995. Navarro har også gjort seg merkt hjå ein annan kjenning i platehylla mi, Nine Inch Nails, men er ikkje blant musikarane som yt bidrag på plata Things Falling Apart, som er NIN sitt bidrag til mi samling. I 1971 la The Who siste hand på Getting In Tune. I 1980 var sleppdatoen for Iron Maiden singelen Sanctuary. Høgaste listeplassering var #29. I 2009 døyde Kenny Rankin.

Sjette juni

Sjette juni 1961 kom Tomás Enrique Araya til verda i Viña Mar i California. Tom Araya er best kjend som vokalist og bassist i metallbandet Slayer. Hjå meg finn du den doble konsertplata Decade Of Aggresion, som sjølvsagt er kjøpt inn og flittig gjennomhøyrd. Allsidige Araya er i mi platehylle også kredittert for vokalbidrag på songen Iron Gland frå Alice In Chains si plate Dirt, som kom på marknaden i 1992. I 1964 vart bassisten Jay Dee Bently fødd i Wichita, Kansas. Bentley er ein av grunnleggarane av punkrockbandet Bad Religion, der han var med i perioden 1979 til 1982. Etter ein fire år lang pause kom Bently attende i bandet i 1986, og dette er eit samarbeid som har heldt seg fram i dag. Bentley kan hjå meg høyrast på platene Stranger Than Fiction frå 1994 og No Substance frå 1998. I 1972 nytta The Who dagen til å produsere ferdig innspelingane av Put The Money Down, som enda opp på samleplata Odds & Sods. I 1978 slepte The Cars den sjølvtittelerte debutplata si og verda låg for føtene deira. I 1992 stod dei finske myggjagarkongane Leningrad Cowboys på scenen under Provinssirock i Seinäjoki ute på det finske bondelandet, ein konsert som kan høyrast på den hysterisk morosame plata Live in Provinzz, som var i platehyllene seinare same år. I 2005 slepte Coldplay plata X&Y, som var bandet si fjerde studioplate. I 2006 døyde Billy Preston.

05.06.2011

Femte juni

Femte juni 1932 vart Peter Ceragioli, jr fødd i New Haven. Pianisten Pete Jolly kan høyrast i temaet til fjernsynsseriar som Mash og Dallas, men i mi platehylle finn du pianospelet hans på samleplata Best Of Chet Baker Plays. Pete Jolly døyde i 2004. I 1943 kom bassisten Michael Davis til verda i bilbyen Detroit. Davis kan i mi platesamling høyrast som ein del av rytmeseksjonen i MC5. I 1951 vart Ellen Foley fødd i St. Louis. Foley har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er beste kjend for samarbeidet med Meat Loaf. I mi platesamling kan Foley også høyrast som korist på Ian Hunter si plate Welcome To The Club frå 1980. I 1957 vart trompetisten John Fumo fødd. Fumo er i mi platesamling representert på Neil Young si plate This Note’s For You frå 1988. I 1970 var Led Zeppelin i Olympic Studios i London for å spele inn Page og Plant sin Poor Tom. Resultatet av denne seansen kan høyrest på samleplata Coda som kom på marknaden i 1982. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnes for å produsere Long Live Rock, som enda opp på samleplata Odds & Sods, eit produkt som vart utgjeven i oktober 1974. Også Johnny Cash var i studio denne dagen, det skal ha hendt heime i Hendersonville og hans produkt fekk tittelen Big Foot. Big Foot kom med på plata America frå 1972 og kan elles høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 var Toy Dolls attende på The Bell i Hordon for andre gong på under ei veke. I 1982 seier Exibition Park i Newcastle velkomen til Toy Dolls. I 1992 nytta Iron Maiden dagen til å spele opninga av Fear Of The Dark World Tour i verdas mest avsidesliggande metropol, Reykjavik. Ein passande stad etter som den geografiske plasseringa kombinert med den ljose årstida gjorde at bandet kunne stå uredde i kveldssola og spele for dei frammøtte islendingane. I 2001 kom Manu Chao si andre studioplate Próxima Estación: Esperanza. I 2002 minnast dagen for at den alltid like energiske Dee Dee Ramone gjekk bort etter å ha teke ein overdose. I 2003 gav stadionrockarane i Metallica ut plata St. Anger. Dette var bandet sitt åttande studioalbum og med på laget var bassisten Robert Trujillo.

Fjerde juni

Fjerde juni 1937 kom Freddy Fender til verda som Baldemar Garza Huerta i den ikkje heilt sentrale småbyen San Benito i skytegale Texas. Fender har hatt ei sjølvstendig karriere som ei blanding av countrymusikkar og smørsongar og har hatt fleire storselgjande enkeltsongar, men hjå meg kan han høyrast som medlem av Tex-Mex-supergruppa Texas Tornados. I 1969 slepte Johnny Cash konsertplata Live At San Quentin som var spela inn i fengselet med same namn tjuefjerde februar same år. I 1983 vart Motörhead si liveplate Another Perfect Day lansert for massane, og der er det masse bra bråkelyd for dei, som eg, som likar slikt. Toy Dolls-nyhenda fortel at den muntre gjengen frå Nord-England kunne høyrast på Framwellgate Club i Durham same kveld. I 1994 døyde Derek Leckenby. I 1996 slepte Metallica plata Load, dette var bandet si sjette plate og har selt i meir enn fem millionar eksemplar. I 1997 døyde Ronnie Lane.

Tredje juni

Tredje juni 1927 kom saksofonisten Homer Louis Randolph III til verda. Boots Randolph kan skilte med namn som Elvis Presley og Chet Atkins på ein lang og imponerande CV, men i mi platehylle er det på Johnny Cash si plate Orange Blossom Special frå 1965 dei leikne tonane frå saksofonen hans kan høyrast. I 1939 vart vokalist, gitarist og pianist i det kritikarroste engelske glamrockbandet Mott The Hoople, Ian Hunter Patterson, fødd. Ian Hunter har, i tillegg til eiga musikarkarriere, produsert plater for ei rekkje andre artistar, som mellom anna Billy Idol sitt band, Generation X. Fyrste Ian Hunter-songen eg høyrde var liveversjonen av Irene Wild frå plata Welcome To The Club frå 1980, eg var hekta og i 1989 var eg heldig og fekk sjå Hunter saman med kompisen, supergitaristen Mick Ronson på Maxime i Bergen. I 1950 kom Suzi Quatro til verda i bilbyen Detroit som Susan Kay Quatro. Eg innrømmer at eg hadde varme kjensler for den vetle lærkledde dama med kjempebassen då eg var yngre, men det var på syttitalet. I 1978 nytta Blondie denne datoen til å spele inn Once I Had A Love (aka The Disco Song). Denne tidlegare uutgjevne perla er å finne som bonuskutt på nyutgjevingar av plata Parallell Lines som opphavleg kom september same år. I 1981 starta Iron Maiden sin fyrste USA-turné i gamblinghovudstaden Las Vegas. Førti konsertar som oppvarming for Judas Priest venta. I 1997 gav Faith No More ut si sjette studioplate med den treffande tittelen Album Of The Year. Om plata levde opp til tittelen kan sikkert diskuterast, men som det meste av det andre den galne gjengen spela inn og gav ut, er det absolutt verdt å låne øyret til om ein ikkje har noko anna å høyre på.

Andre juni

Andre juni 1949 kom keyboardisten Tommy Mandel til verda i New York. Mandel har spelt med store namn som Dire Straits og Bryan Adams, men i mi platesamling er det som ein del av Ian Hunter sitt band på plata Welcome To The Club frå 1980 og på B52s si plate Cosmic Thing arbeidet hans kan høyrast. I 1984 var det håpet om One Better Day som ordna Madness plass på listene. Attandeplass var nok ikkje det den galne septetten håpa på, men heller ikkje å forakte. I 1997 slepte Bob Dylan samleplata The Best Of Bob Dylan. I 2003 kom walisiske Stereophonics si fjerde studioplate You Gotta Go There To Come Back, som var deira tredje listetopp på rad i England. I 2004 var dette datoen Judas Priest spelte sin fyrste konsert med metallguden Rob Hallford attende i stallen etter fleire års fråvær med mellom anna det sjølvtittelerte prosjektet Hallford.

Fyrste juni

Fyrste juni 1924 vart trommeslagaren Herbie Lovelle fødd. Taktfaste Lovelle kan hjå meg høyrast i bakgrunnen av Bob Dylan si hese røyst på plata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. I 1947 kom den noverande Rolling Stones-gitaristen Ronnie Wood til verda som Ronald David Wood. Det skal ha hendt i London. Wood, som er ein like god kunstmålar som gitarist, har ei fortid i Jeff Beck Group og Faces og var ein godt etablert musikar før han slo seg saman med resten av styggingane i Stones. Wood rakk også å eit samarbeid med Rod Stewart tidleg på syttitalet, der han spelar alle slags instrument forutan mandolin, og det er i den rolla han kan høyrast i mi platesamling. Wood var også ein viktig del av The Faces, mi platehylle byr på Long Player frå 1971, og har i tillegg gjeve ut fleire soloplater. Platene på mi hylle dokumenterar at Wood også skal ha lånt ut tenestene sine til Bob Dylan på plata Shot Of Love frå 1981. I 1950 kom Tom Robinson til verda i universitetsbyen Cambridge. Tom Robinson har gjort seg merkt som låtskrivar, bassist og vokalist i Tom Robinson Band, som herja listene med songar som 2-4-6-8 Motorway og Glad To Be Gay på syttitalet. I dag er det platepratar som er Robinson sin profesjon. I 1959 vart Alan Charles Wilder fødd i London. Alan Wilder var ei tid innom Depeche Mode og kan hjå meg høyrast på plata Music For The Masses frå 1985. I 1963 vart trommeslagaren Michael Joyce fødd i Fallowfield. Mike Joyce heldt takten for The Smiths og kan i mi platehylle høyrast på plata Strangeways, Here We Come frå 1987. I 1979 kom det offisielle soundtracket til filmen Rock’n Roll High School der Ramones hadde med ein song med same namn. Låten vart spela inn i november året før i Cherokee Recording Studios, Los Angeles, California USA og produsent var Ed Stasium. Året etter, 1980, stod Toy Dolls for underhaldninga på The Bell i Hordon. I 1981 var Toy Dolls på plass i Old Twenty Nine Club i Sunderland. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på Brannigans i Leeds. I 2008 spelte Kiss på Koengen i Bergen, ein konsert underteikna, saman med nærare tjue tusen andre storfornøgde bergensarar, var tilstades på. Perle etter perle frå den fyrste liveplata kom som jordbær på eit strå.

Trettifyrste mai

Trettifyrste mai 1940 vart August ”Augie” Meyers fødd i San Antonio i Texas. Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm var med å starte den texanske supergruppa Texas Tornados saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez. I tillegg til Texas Tornardos platene Hangin’ By A Thread frå 1992 og samleplata Best Of frå 1994 kan Meyers hjå meg høyrast på Bob Dylan-platene Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997 og på Love And Theft frå 2001. I 1948 var denne dagen ein særs god dag for rytmeseksjonen, for kom den brasilianske perkusjonisten Paulo Roberto da Costa til verda i den solfylte sambabyen Rio de Janeiro. Paulinho Da Costa skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar for Tracy Chapman på hennar debutplate, for Miles Davis på plata Amandla frå 1989, og for Tori Amos på plata Under The Pink frå 1994. Same dag vart verdas mest hardtslåande trommeslagar, John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham var den viktigaste delen av rytmeseksjonen i Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt. Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980. I 1958 vart den norske bassisten Håkon Torgersen fødd. Torgersen spelte bass med Jokke & Valentinerne i perioden 1984 til 1990 og kan hjå meg høyrast på plata III frå 1990. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1980 var det Westholme Farm Club i Wallsend som var vertskap for eit ungt Toy Dolls. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London. I 1988 oppsummerte Ramones dei ti fyrste åra som plateartistar med plata Ramones Mania.