05.06.2011

Trettifyrste mai

Trettifyrste mai 1940 vart August ”Augie” Meyers fødd i San Antonio i Texas. Meyers spelte keyboard i Sir Douglas Quintet og vart med vidare då Doug Sahm var med å starte den texanske supergruppa Texas Tornados saman med Freddy Fender og Flaco Jimenez. I tillegg til Texas Tornardos platene Hangin’ By A Thread frå 1992 og samleplata Best Of frå 1994 kan Meyers hjå meg høyrast på Bob Dylan-platene Time Out Of Mind, som kom på marknaden i 1997 og på Love And Theft frå 2001. I 1948 var denne dagen ein særs god dag for rytmeseksjonen, for kom den brasilianske perkusjonisten Paulo Roberto da Costa til verda i den solfylte sambabyen Rio de Janeiro. Paulinho Da Costa skal ha spelt med fleire hundre artistar frå heile verda og kan hjå meg høyast medan han spelar for Tracy Chapman på hennar debutplate, for Miles Davis på plata Amandla frå 1989, og for Tori Amos på plata Under The Pink frå 1994. Same dag vart verdas mest hardtslåande trommeslagar, John Henry Bonham, fødd i engelske Redditch. John Bonham var den viktigaste delen av rytmeseksjonen i Led Zeppelin, kjent for å ha ei særs fin kjensle i spelet sitt. Bonham døyde etter ei fyllekule i 1980. I 1958 vart den norske bassisten Håkon Torgersen fødd. Torgersen spelte bass med Jokke & Valentinerne i perioden 1984 til 1990 og kan hjå meg høyrast på plata III frå 1990. I 1969 slepte The Who plata Tommy i USA. Rockeoperaen nådde fjerdeplassen på dei amerikanske platelistene. I 1980 var det Westholme Farm Club i Wallsend som var vertskap for eit ungt Toy Dolls. I 1983 kunne dei same Toy Dolls høyrast frå scenen på 100 Club i London. I 1988 oppsummerte Ramones dei ti fyrste åra som plateartistar med plata Ramones Mania.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar