16.06.2011

Femtande juni

Femtande juni 1937 er dagen countryartisten Waylon Arnold Jennings vart fødd i Littlefield i skytegale Texas. Jennings var kompis med Buddy Holly og har meir enn seksti plater på samvitet som soloartist, han var også svirrebror med meir meritterte Johnny Cash på slutten av sekstitalet. Som ein av grunnleggarane av såkalla Outlaw-country var han sjølvskriven medlem då fire stjerner slo seg saman som supergruppa Highwayman, men er i mi platehylle også representert med plata ’Ol Waylon frå 1977. Jennings la opp som artist eit år før han døyde av diabetes i 2003. I 1946 kom glamstjerna Neville John Holder til verda i Walsall i Staffordshire. Noddy Holder gjorde seg merkt for verda som bukseselekledd gitarist og vokalist i Slade og var kjend for å ha ei røyst som kunne få murpussen til å skalle av veggen i lokala han song i. Eg har fleire Slade-plater som eg tek fram og høyrer på i nostalgiske augneblinkar, spesielt liveplata Slade Alive frå 1972 rockar ei gamal sjel. I 1956 var dette fødselsdagen til den kanadiske songaren Bernie Shaw. Shaw har sidan 1986 vore vokalist for dei engelske hardrocklegendene Uriah Heep og kan i mi platesamling høyrast på plata Raging Silence frå 1989. I 1980 fekk Bob Seger songen The Fire Down Below evig liv etter innspeling under konserten i Cobo Hall i bilbyen Detroit. Trufaste Silver Bullet Band stod for musikken. I 1982 døyde Art Pepper. I 1984 spelte Toy Dolls for dei frammøtte i Henderson Hall i Newcastle. I 1989 platedebuterte Nirvana på Sub Pop med produktet Bleach. I 1996 døyde Ella Fitzgerald. I 2010 spelte Rammstein ein fantastisk konsert på Koengen i Bergen. Underteikna var tilstades og fekk sjå og høyre at både lyd og pyroeffektar sat som eit skott. Oppvarmarar var grungeveteranane i Alice In Chains, og Hatebreed, som enno ikkje er på plass i platesamlinga, men som står høgt på ynskjelista. I 2010 spelte Rammstein ein fantastisk konsert med mykje pyro på Koengen i Bergen. I 2011 var Judas Priest på ny på vitjing i Bergen. Konsertarenaen var Edvard Griegs Plass utan for Grieghallen og konserten var ein ekte slagerparade. Vanskeleg å vurdere denne konserten opp mot den i 2008, men eg var sjølvsagt storfornøgd med mykje grom V-gitarlyd og bråkete lyd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar