07.06.2011

Sjuande juni

Sjuande juni 1940 vart Thomas John Woodward fødd i Wales. Tom Jones sine konsertar har, heilt sidan midt på sekstitalet, vore prega av at den hoftevrikkande walisaren har fått kasta dametruser etter seg, og etter ein lang Las Vegas-periode fekk han revitalisert karrieren sin slik at han rundt tusenårsskiftet herja salgslistene på ny. Eg har handla inn plata Reload og kjem nok ikkje til å utvide samlinga. I 1953 kom den sørafrikanske artisten Jonathan Clegg til verda. I mi platesamling er Johnny Clegg ein del av bandet Juluka og kan høyrast på plata Crocodile Love, som kom ut i 1997. I 1958 vart Prince Rogers Nelson fødd i Minneapolis i den elles så norskætta delstaten Minnesota. Prince er superstjerne og ein av verdas beste gitaristar. Mannen som også nyttar berre eit symbol som signatur er også ein høgt skatta komponist, som i tillegg har prøvd seg som skodespelar. Mi platehylle inneheld plata The Gold Experience frå 1995. I 1960 var Count Basie og storbandet hans i studio og spelte inn The Daly Jump og Out The Window. I 1963 kom den kreative krafta i Violent Femmes, Gordon Gano, til verda i ølbyen Milwaukee. Med gitaren i handa leia Gano an i den akustiske traktorpunk rørsla som dukka opp tidleg på 1980-talet. I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio i New York. Med seg i studio hadde han Wayne Shorter, Herbie Hancock, Ron Carter og Tony Williams, og saman spela dei inn Water Babies som vart gjeven ut på plata med same namn. Same dag vart Dave Navarro fødd i Santa Monica på den amerikanske stillehavskysten. Navarro vert gjerne hugsa som gitarist for bandet Jane’s Addiction og kan gitarbråket hans kan nytast på plata Nothing’s Shocking frå 1988. Han kan også høyrast på Red Hot Chili Peppers si plate One Hot Minute frå 1995. Navarro har også gjort seg merkt hjå ein annan kjenning i platehylla mi, Nine Inch Nails, men er ikkje blant musikarane som yt bidrag på plata Things Falling Apart, som er NIN sitt bidrag til mi samling. I 1971 la The Who siste hand på Getting In Tune. I 1980 var sleppdatoen for Iron Maiden singelen Sanctuary. Høgaste listeplassering var #29. I 2009 døyde Kenny Rankin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar