31.08.2013

Trettifyrste august

Trettifyrste august 1940 kom Wilton Lewis Felder til verda i Houston i Texas. Bassisten Wilton Felder er ein av fleire bassistar som er kreditert for å spele på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976. I 1942 vart den svenske jazztrommisen Bengt Berger fødd i Stockholm. Hjå meg kan Berger høyrast på Eagle-Eye Cherry si debutplate Desireless frå 1997. I 1945 kom den nordirske songaren George Ivan Morrison til verda i den nordirske hovudstaden Belfast. Van ”The Man” Morrison, er kjend som ein av underhaldningsbransjen sine største grinebitterer, og som ein det er tilnærma umogleg å samarbeide med. Saka vert ikkje noko betre av at han i tillegg er kjend som ei notorisk fyllebøtte. Men at mannen kan synge, er det ikkje nokon grunn til å tvile på. I mi platehylle finn du studioplatene No Guru No Method No Teacher (1986), Enligthenment (1990) og Back On Top (1999). I tillegg er platehylla pryda av samleplatene Bang Masters frå 1991, den byr på det grommaste frå The Belfast Cowboy, inkludert superhiten og kjenningsmelodien Brown Eyed Girl, og The Philosopher’s Stone (1998), som byr på tidlegare uutgjevne spor frå perioden 1969 til 1988. Morrison er også kreditert for å synge med på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1948 vart Rudolf Schenker fødd i Hildesheim i den tyske delstaten Niedersachsen. Gitaristen Schenker starta Scorpions som syttanåring i 1965 og har, som einaste originalmedlem, vore med på alle opp og nedturar sidan. Hjå meg kan Schenker sitt gitarspel nytast på plata Crazy World frå 1990. I 1955 kom Antony Thistlethwaite til verda i engelske Lutterworth. Thistletwaite var ein av grunnleggjarane av The Waterboys og kan i mi platehylle høyrast på bandet si femte studioplate Room To Roam frå 1990. I 1957 kom Glenn Martin Tilbrook til verda i London. Glenn Tilbrook er best kjend som songar i Squeeze, men hjå meg kan han høyrast medan han syng og spelar gitar på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997. Same dag vart den danske songarinna og musikkpedagogen Hanne Boel fødd i Københamn. Studioplata Kinda Soul frå 1992 prydar mi platehylle. I 1963 kom Baard Henrik Slagsvold til verda på Elverum. Bassisten Baard Slagsvold slo gjennom med trønderbandet Tre Små Kineser og kan i mi platehylle høyrast på bandet si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1980 kom Ryland David-Burton Steen til verda. Trommisen Ryland Steen kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Reel Big Fish på eitt spor på deira fjerde studioplate, Cheer Up! frå 2002. I Durham spela Toy Dolls på Witt On Gilbert Club. I 1984 var Toy Dolls attende på Norseman i Amble. I 1985 vart det nok ein åttandeplass på dei britiske singellistene for galningane i Madness då dei song om Yesterdays Men. I 2004 slepte Lou Reed samleplata NYC Man: Greatest Hits.

30.08.2013

Trettiande august

Trettiande august 1935 kom John Edmund Andrew Phillips til verda i Parris Island i South Carolina. Gitaristen John Phillips er best kjend for å vere med å grunnleggje The Mamas & The Papas og hjå meg kan han høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Phillips døyde i 2001. I 1945 vart Fred Tackett fødd i Little Rock i Arkansas. Fred Tackett er best kjend for å spele i Little Feat, men kan hjå meg høyrast på plata Swordfishtrombones, som Tom Waits slepte i 1983, og Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1950 kom Michael Joseph Moody til verda i engelske Middlesbrough. Gitaristen Micky Moody kan i mi platehylle høyrast medan han, saman med Bernie Marsden, spelar ein akustisk blueskonsert i myteomspunne Hell i Trøndelag i 1993. I 1953 vart Stephen Graham Panter fødd i Croydon på Themsen si sørlege bredd. Bassisten Sir Horace Gentleman var ein av grunnleggjarane av The Specials og kan mi platehylle hyrast på bandet si sjølvtittelerte debutplate frå 1979. I 1961 vart Lars Erik Fredriksen fødd i Campbell i California. Den danskamerikanske gitaristen Lars Fredriksen er best kjend for å spele i Rancid og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Life Won’t Wait frå 1998. I 1965 gav Bob Dylan ut si sjette studioplate, Highway 61 Revisited, den fyrste plata han spela inn med fullt band. I 1974 kom Aaron Asher Barrett til verda. Songaren og gitaristen Aaron Barrett er frontfigur for Reel Big Fish og kan i mi platehylle høyrast på bandet si fjerde studioplate Cheer Up frå 2002. I 1985 døyde Philly Joe Jones. I 1992 spelte Status Quo for 125000 ivrige fans i Sutton Park i nærleiken av Birmingham. Høvet var engelske Radio 1 sitt tjuefemårs jubileum og for dei av oss som ikkje var tilstades i The Midlands denne dagen kan denne konserten høyrast på plata Live Alive Quo, som kom på marknaden seinare same året. I 1994 var det klart for platedebut for dei to kranglete Gallagher-brørne og resten av Oasis, plata hadde tittelen Definitely Maybe og selde i meir enn sju millionar eksemplar, imponerande for eit par Manchester City supportarar. I 1995 døyde Sterling Morrison. I 1999 platedebuterte Madrugada med Industrial Silence, som ganske snøgt gjekk til topps på dei norske platelistene.

29.08.2013

Tjueniande august

Tjueniande august 1924 kom Ruth Lee Jones til verda i Tuscaloosa i Alabama. Songerinna Diana Washington var ei av dei mest populære songerinnene plateindustrien kunne oppvise i femtiåra, hjå meg kan ho høyrast på ei samleplate med same namn som opphavskvinna. Washinton døyde av ein overdose piller i 1963. I 1948 vart Annisette Hansen fødd. Annisette var i 1968 med å starte bandet The Savage Rose. Ho gifta seg seinare med ein av dei andre bandmedlemmane, Thomas Koppel, og tok hans etternamn. Hjå meg kan Annisette høyrast på The Savage Rose sine studioplater Black Angel (1995) og Tameless (1998). I 1951 kom Geoffrey Charles Whitehorn til verda i London. Gitaristen Geoff Whitehorn har ei fortid i Procol Harum og kan i mi platehylle høyrast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1958 kom Michael John Harvey til verda i Rochester i den australske delstaten Victoria. Den australske musikaren Mick Harvey starta karrieren sin i bandet The Birthday Party, som ærar platehylla mi med plata Junkyard frå 1982, men er best kjend for samarbeidet sitt med landsmannen Nick Cave. Hjå meg kan Harvey høyrast som medlem av The Bad Seeds medan han spelar bass og gitar på Cave sine plater From Here To Eternity frå 1984, og The Boatmans’s Call, som kom ut i 1997, i tillegg til Nocturama frå 2003. Harvey er også kreditert for å spele på PJ Harvey si plate Is This Desire frå 1998. I Gary i Indiana kom Michael Joseph Jackson til verda. Michael Jackson starta karrieren sin i 1964, saman med storebrørne Tito, Jermaine og Marlon i The Jackson Family, som etter kvart vart til Jackson 5. Jackson kombinerte eit fenomenalt musikalsk talent, med storselgjande plater og verdsturnéar, med eit særs kaotisk privatliv, som kulminerte i skuldingar om overgrep mot barn. Hjå meg kan Jackson høyrast på platene The Ultimate Collection, som Jackson 5 slepte i 1995, og på soloplata Off The Wall frå 1979. Jackson døyde av ein overdose smertestillande i 2009. I 1965 vart Frances Ruffelle fødd i London. Den prisløna skodespelerinna Ruffelle kan i mi platehylle høyrast medan ho syng bakgrunnsvokal for Kim Wilde på plata Love Is frå 1992. I 1967 vart Anton Alfred Newcombe fødd i Newport Beach i California. Anton Newcombe hjelp til med gitarspel på The Dandy Warhols si plate Thirteen Tales Of Urban Bohemia frå 2000. I 1968 kom Michelle Lynn Johnson til verda i Berlin. Bassisten Meshell Ndegeocello sitt bidrag til mi platehylle finn du på Alanis Morissette si plate Under Rug Swept frå 2002. I 1987 gav musikkarfavoritten Warren Zevon ut plata Sentimental Hygiene. Stjernelaget av musikarane som gjev sitt bidrag på denne plata inkluderar Neil Young, Flea frå Red Hot Chilli Peppers, R.E.M., Bob Dylan, Stray Cats-gitaristen Brian Setzer og Eagles-sjefen Don Henly. I 2006 gav Motörhead ut plata Kiss Of Death.

28.08.2013

Tjueåttande august

Tjueåttande august 1937 kom Joe Osborn til verda i Mound i Louisiana. Bassisten Osborn sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968. I 1942 vart Holmes Sterling Morrison Jr. fødd i East Medow i New York. Gitaristen Sterling Morrison var ein av grunnleggjarane av The Velvet Underground og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed frå 1989. Morrison døyde i 1995. I 1945 vart Bob Segarini fødd i Stockton i solrike California. Segarini har, tross sitt anonyme tilvære, vore med på ei rekkje plateinnspelingar og kan hjå meg høyrast som korist på plata All American Alien Boy som Ian Hunter gav ut i 1976. I 1949 kom Hugh Gordon Cornwell til verda i engelske Tufnel Park. Hugh Cornwell var gitarist og vokalist i The Stranglers i bandet sin mest kreative periode. Etter at Cornwell forlèt bandet i 1990 har han gjeve ut fleire soloplater, men hjå meg er det på The Stranglers-plata The Gospel According To The Meninblack frå 1981 han kan høyrast. I 1951 vart David Lawrence Hlubek fødd i Jacksonville i Florida. Gitaristen Dave Hlubek var ein av grunnleggjarane av Molly Hatchet og hjå meg kan du høyre arbeidet hans på studioplata Flirtin’ With Disaster (1979) og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. I 1954 vart Clive Culbertson fødd i landsbyen Ballymoney i Nord-Irland. Healeren Culbertson er i mi platehylle kreditert for å spele bass på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1955 døyde Bob Gordon. I 1967 kom Paul Buchignani til verda. Trommeslagaren Buchignani sitt bidrag til mi platesamling finn ein på plata Black Love, som Afghan Whigs slepte i 1996. I 1969 vart Thomas Jacob Black fødd i Hermosa Beach i California. Skodespelaren Jack Black har gjort stor sucess med filmen School Of Rock, hjå meg høyrer du han med handklapping på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyse frå 2005. I 1976 fekk sjåarane til det engelske fjernsynsprogrammet Super Pop oppleve AC/DC spele Live Wire og Can I Sit Next To You Girl. Bandet sin opptreden var eit opptak gjort i Wimbledon Theatre i juli same år. I 1977 vart musikar og plateprodusent Arve Isdal fødd. I mi platehylle høyrer du Ice Dale på platene No Hay Banda, som Audrey Horne slepte i 2005, og på platene Isa (2004), Vertebrae (2008) og Axioma Ehtica Odini (2010) med Enslaved. I 1982 hadde hamnebyen Hartlepool vitjing av Toy Dolls. Lokale Catholics Club var stolt vertskap for dei unge pønkarane. I 1994 kom Manic Street Preachers si tredje studioplate, den hadde namnet The Holy Bible. I 2007 slepte Toots & The Maytals plata Light Your Light.

27.08.2013

Tjuesjuande august

Tjuesjuande august 1941 fekk Kapp Verde-øyane og snart resten av verda den fantastiske songarinna Césaria Évora. Dama, kjend som The Barefoot Diva, platedebuterte seint med plata La Diva Aux Pieds Nus (1988), men hjå meg må ho nøye seg med å syngje bakgrunnsvokal. Évora døyde i 2011. I 1942 vart Daryl Frank Dragon fødd i Los Angeles i California. Tangentmannen Daryl Dragon er best kjend som The Captain i duoen Captain & Tennille, hjå meg kan han medan han spelar klavinett på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1947 kom Ian William Rilen til verda i australske Bendigo. Bassisten Ian Rilen er best kjend for å spele med Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. Rilen døyde i 2006. I 1950 kom John George Turnbull til verda i engelske Newcastle-upon-Tyne. Gitaristen George Turnbull har spela med ei rekkje store namn i engelsk musikkindustri og kan hjå meg høyrast på plata Do It Yourself med Ian Dury & The Blockheads frå 1979. I 1953 vart Alexandar Zivojinovic fødd i Fernie i British Coloumbia. Alex Lifeson er gitarist i det kanadiske bandet Rush, som har platene Fly By Nigh (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987), i mi platehylle. I 1956 kom Sex Pistols-grunnleggjaren Glen Matlock til verda i London. Etter at Matlock fekk sparken som bassist i Sex Pistols har han vore innom fleire band, mellom anna The Phillestines, som gjesta Garage i Bergen siste dagen i april 2011. Hjå meg kan Matlock sitt arbeid høyrast på titlar frå begge ovanfornemnde gruppene. Matlock er i tillegg kreditert for å spele bass på Iggy Pop si plate Soldier frå 1980. I 1964 fekk verda ein Johnny Cash versjon av Bob Dylan sin It Ain’t Me Babe. Songen vart spela inn i Nashville og kan høyrast på plata Orange Blossom Special. I 1970 kom Anthony Ashwin Kanal til verda i London. Tony Kanal er bassist i den amerikanske gruppa No Doubt, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Tragic Kingdom (1995), Return Of Saturn (2000) og Rock Steady (2001), i tillegg til samlplata The Singles 1992-2003 (2003). Kanal kan også høyrast med tangentspel på No Doubt-vokalist Gwen Stefani si soloplate Love Angel Music Baby frå 2004. I 1975 vart Jan Ove Ottesen fødd. Janove Ottesen var eit lovande fotballtalent på Jæren før han kom til Bergen og musikken tok han. Sjefen i Kaizers Orchestra har absolutt heidersplass i avdelinga for norskspråkleg rock i mi platehylle. I tillegg til arbeidet kreditert Kaizers Orchestra kan Ottesen også høyrast som hjelpevokalist på plata Songs From Östra Knoll 1:22, som er The Grand Island si tredje studioplate og kom på marknaden i 2010. I 1977 kom Franz Nicolay til verda i Centre Sandwich i New Hamshire. Multiinstrumentalisten Nicolay sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på The Hold Steady si plate Stay Positive frå 2008. Same dag vart ein live-versjon av Lynyrd Skynyrd sin Gimme Back My Bullets gjort tilgjengeleg som ein promosingel som var henta frå ein konsert i Disneyland-bydelen Anaheim sør for Los Angeles i California. I 1980 slepte B52’s si andre studioplate, Wild Planet. I 1990 slepte Gianna Nannini plata Scandalo og Stevie Ray Vaughan døyde i ei helikopterulukke. I 1991 gav Bob Seger And The Silver Bullet Band ut plata The Fire Innside, og Pearl Jam platedebuterte med Ten. I 1992 platedebuterte Hallingdal sine store countrysøner, Hellbillies med Sylvspente Boots på det norske selskapet Spinner. I 1996 gav The Who ut samleplata My Generation: The Very Best Of The Who, som selde til gullplate i USA. I 2001 slepte Sophie Ellis-Bextor studioplata Read My Lips. I 2002 slepte Aimee Mann plata Lost In Space, og Queens Of The Stoneage slepte si tredje studioplate, Songs For The Deaf, der tidlegare Nirvana-trommis Dave Grohl hadde teke plass bak trommesettet.

26.08.2013

Tjuesjette august

Tjuesjette august 1938 kom Brian John Duffy til verda i engelske Ilford. Trommisen Jet Black er ein av grunnleggjarane av The Stanglers og hjå meg kan han høyrast medan han held takten på plata (The Gospel Accordin To) The Meninblack frå 1981. I 1944 vart Alan Frederick Parker fødd i engelske Derbyshire. Gitaristen Alan Parker brukte mesteparten av tida si som studiomusikar, men har også spelar i band som Blue Mink. Hjå meg kan Parker sitt gitarspel nytast på plata Historie De Melody Nelson, som Serge Gainsbourg slepte i 1971. I Levittown i New York kom Maureen Ann Tucker til verda. Trommisen Moe Tucker slo frå seg i kunstrockabandet The Velvet Underground og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed frå 1989. I 1960 kom den amerikanske jazzsaksofonisten Branford Marsalis til verda i Breaux Bridge i Louisiana. Marsalis kan hjå meg høyrast medan han spelar på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1966 Shirley Ann Manson fødd i Edinburg i Skotland. Shirley Manson syng i bandet Garbage og hjå meg kan ho høyrast på platene Garbage (1995) og Version 2.0 (1998). Manson er også kreditert for hjelpevokal på eit spor på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze frå 2005. Same dag kunne platekjøparane skaffe seg singelen I’m A Boy frå The Who. Songen, som handlar om eit par som får høve til å velje kjønn på barna sine, men som, når den store dagen endeleg er der, får ein gut i staden for ei jente, vart bandet sin andre #2 låt. I 1969 kom singelen Suspicious Minds frå Elvis Presley. Songen vart løna med ei veke på fyrsteplass i USA, men måtte nøye seg med ein andreplass som bestenotering i England. Same dag kom No Doubt-trommis Adrian Young til verda i Long Beach i California, og ei hardtslåande karriere var byrja. Hjå meg kan Young sitt stødige trommespel høyrast på studioplatene Tragic Kingdom (1995), Return Of Saturn (2000) og Rock Steady (2001), i tillegg til samleplata The Singles 1992-2003 (2003). I 1991 platedebuterte Blur med plata Leisure, som klatra til ein respektabel sjuandeplass på dei britiske platelistene. I 1993 døyde Alton Rubin. I 2000 døyde Allen Woody. I 2004 steppa metallguden Rob Halford inn som Black Sabbath-vokalist for ein bronkittsjuk Ozzy Osbourne. Konserten denne kvelden var i Camden i New Jersey og vart den fyrste av i alt åtte for superreserven. I 2008 slepte Motörhead plata Motorizer.

25.08.2013

Tjuefemte august

Tjuefemte august 1920 kom Leonard Gaskin til verda i New York City. Bassisten Gaskin, som eigentleg vert rekna som jazzmusikar og har spel for trompetlegenda Miles Davis på sin CV, kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Gaskin døyde i 2009. I 1933 vart Wayne Shorter fødd i Newark i New Jersey. Saksofonisten Shorter vert rekna som ein av tidenes framste musikarar og har gjeve ut meir enn tjue plater som bandleiar under eige namn. I mi platesamling kan Shorter høyrast på den femte og tiande soloplata sin, Juju (1964) og Adams Apple frå 1966. Shorter kan også høyrast medan han spelar i bandet Weather Report på samleplata Collection, og for trompetlegenda Miles Davis på platene In A Silent Way (1969) og Water Babies frå 1976. I 1949 kom Chaim Weitz til verda i Haifa i Israel. Ettersom Chaim Wietz er eit namn det er lov å tru ikkje vil selgje så godt i den ubamhjertige rockeindustrien har Weitz teke kunstnarnamnet Gene Simmons. Simmons er kjent som den langtunga bassisten i teikneseriebandet Kiss og skryt av at han har landa fleire damer enn dei fleste andre i same bransje, noko fleire nære kjenningar av Simmons avkreftar. Underteikna var heldig og fekk oppleve Simons og resten av Kiss på Koengen i Bergen 1. juni 2008. Gamlingane leverte eit fantastisk show som heile familien levde lenge på, litt synd den lyse nordiske sumarnatta la ein dempar på litt av pyroshowet. Hjå meg kan Simmons høyrast på studioplatene Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981) og Crazy Nights (1987), i tillegg til samleplata Double Platinum (1978), konsertplata Alive III (1993) og soloalbumet Gene Simmons frå 1978. I Djoliba i Mali vart Salif Keita fødd. Salif Keita er kjend som Afrikas gullrøyst og har hatt ei stor internasjonal karriere med millionar av selde plater. Mi platehylle byr på plata 69-80, ei samleplate frå 1994. I 1950 kom William Paul Borsey Jr til verda i Stamford i Connecticut. Willy DeVille gjorde seg fyrst merkt som leiar av bandet Mink DeVille, som til tider var husband på legendariske CBGB’s i New York City, men frå 1986 gjorde han solokarriere under namnet Willy DeVille. I mi platehylle står Backstreets Of Desire frå 1992. Willy DeVille døyde av kreft i bukspyttkjertelen i 2009. I 1951 vart Robert John Arthur Halford fødd i engelske Sutton Coldfield. Metallikonet Rob Halford er kjend som vokalist i bandet Judas Priest og vert av fansen referert til som The Metal God, eit tilnamn alle frammøtte på konserten i Bergenshallen 8. juni 2008 og på Edvard Griegs Plass i 2011 vil skrive under på at han har gjort seg fôrtend til. Hjå meg står sju ulike titlar, studio-, konsert- og samleplater, i hylla. I 1954 kom Declan Patrik MacManus til verda i London. Elvis Costello har slepte plater under eige namn og saman med bandet The Attractions, han har også samarbeida med verdskjende artistar som sviskekongen Burt Bacharack og kona Diana Kral. Costello har også produsert plater for andre artistar, som mellom anna The Pogues. I mi platehylle er det, enn så lenge, plata Mighty Like A Rose frå 1991 som er Costello sitt bidrag, men eg lovar at det kjem meir. I 1955 vart John Alexander McGeoch fødd i skotske Greenock. Gitaristen John McGeoch var best kjend for å spele i PiL, hjå meg kan han høyrast medan han hjelp Sugarcubes med gitarspel på plata Stick Around For Joy frå 1992. McGeoch døyde i 2004. I 1961 kom Jan Ingemar Kyhle til verda i Stockholm. Operasongaren Jan Kyhle sitt bidrag til mi platesamling finn du på plata Synd, som Imperiet slepte i 1986. I 1962 fekk verda nok ein nordirsk gitarist då Vivian Patric Campbell vart fødd i Belfast. Vivian Campbell var ein del av originalbesetninga i Dio og kan hjå meg høyrast på Holy Diver frå 1983. I 1963 kom Candida Mary Doyle til verda i Belfast. Tangentdama Candida Doyle spelte i Pulp frå 1984 til 2002 og kan hjå meg høyrast på plata Different Class frå 1995. I 1966 vart Derek Sherinian fødd i Laguna Beach i California. Tangentmannen Sherinian sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Kiss si konsertplate Alive III frå 1993. I 1967 vart Jeffery Scot Tweedy fødd i Belleville i Illinois. Jeff Tweedy har ei fortid i Uncle Tupelo (1987-1994), men er i dag best kjend for å vere den kreative krafta i bandet Wilco. Hjå meg er han representert med bandet si tredje, fjerde og femte studioplate, Summerteeth (1999), Yankee Hotel Foxtrot (2002) og A Ghost Is Born frå 2004. I 1968 kom Stuart Lee Murdoch til verda i skotske Clarkston. Stuart Murdoch er låtskrivar, vokalist og gitarist i det skotske indiebandet Belle & Sebastian. Så langt byr mi hylle på plata The Boy With The Arab Strap, og meir er på veg. I 1971 var dette dagen The Who gav ut Who’s Next i England. Plata nådde #1 på dei britiske listene. I 1972 kom Arne Hovda til verda i Stavanger. Tangentmannen Hovda har ei fortid i The Getaway People og hjå meg høyrer du han på plata Turnpike Diaries frå 2000. I 1978 var dette dagen plata Who Are You med The Who vart gjeven ut på andre sida av Atlanterhavet. Plata nådde andreplass på dei amerikanske listene. I 1986 var det Rockabillyfest på Klub Foot i Hammersmith og på scenen stod mellom anna Torment, Rochee & The Sarnos, Wigswille Spliffs, The Coffin Nails, The Caravans, alle frå Storbritannia, og nederlandske Batmobile. Alle saman kan høyrast og nytast på plata Stomping At The Klub Foot Vol. 3. I 1987 kom The Cars si sjette og siste studioplate, den fekk namnet Door To Door og gjorde ikkje nemneverdig suksess. I 1988 gav Metallica ut plata …And Justice For All, og no var dei tidlegare garasjerockarane brått superstjerner. I 1992 slepte Eric Clapton konsertplata Unplugged, som var eit samarbeidsprosjekt med fjernsynskanalen MTV. I 1995 døyde Doug Stegmeyer. I 1996 kom andresingelen frå plata To The Faitful Departed med The Cranberries, Free To Decide. I 1997 gav Rammstein ut plata Sehnsucht og gav med det nytt liv til sjangeren industrimetall. Same dag slepte Motörhead CD-Boxen Protect The Innocent der ein på fire plater får det beste av det beste frå perioden 1976 til 1992. Og som om ikkje det var nok, platedebuterte Stereophonics med plata Word Gets Around. I 1998 oppsummerte Lynyrd Skynyrd bandet sin gullalder, 1971-1977, med plata The Essential Lynyrd Skynyrd. Og Lauryn Hill lanserte plata som skulle markere starten på hennar solokarriere, The Miseducation Of Lauryn Hill. I 2000 døyde Jack Nitzsche.

24.08.2013

Tjefjerde august

Tjuefjerde august 1938 vart David Freiberg fødd i Cincinnati i Ohio. Jefferson Airplane-vokalisten Freiberg kan hjå meg høyrast på den uautoriserte konsertplata Somebody To Love – Live, og på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1945 kom Kenneth William David Hensley til verda i nærleiken av storbyen London. Multiinstrumentalisten Ken Hensley er best kjend som keyboardspelar og låtskrivar i det engelske hardrockbandet Uriah Heep som han spelte saman med det hektiske tiåret frå 1970 til 1980. Hjå meg kan Hensley høyrast på platene Very ‘Eavy…Very ‘Umble (1970), Salisbury (1971), Look At Yourself (1972), Demons And Wizards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975), High And Mighty (1976) og Fallen Angel (1978), i tillegg til samleplata Echoes In The Dark. I skotske Montrose vart Malcolm Duncan fødd. Duncan spelte tenorsaksofon i Average White Band som hjå meg kan høyrast på samleplata The Very Best Of Average White Band. I 1951 kom Danny Joe Brown til verda i Jacksonville i Florida. Songaren Brown hadde til tider sitt eige Danny Joe Brown Band, men er best kjend for å syngje i Molly Hatchet i to periodar. Hjå meg kan Danny Joe Brown høyrast på studioplata Flirtin’ With Disaster (1979) og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. Brown døyde av komplikasjonar i samband med diabetes i 2005. I 1956 var det Love Me Tender som stod på programmet for Elvis Presley sin innspelingssesjon. I 1961 vart Mark William Bedford fødd i London. Bassisten Mark Bedford har ei fortid i Madness og hjå meg høyrer du han på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1963 kom John Bush til verda i Los Angeles i California. Songaren Bush var innom Anthrax ei stund, spelte inn tre plater, og kan hjå meg høyrast på enkelte spor på samleplata Return Of The Killer A’s. I 1968 vart Andreas Rudolf Kisser fødd i São Bernardo do Campo i sambalandet Brazil. Andreas Kisser erstatta Jairo Guedes som gitarist i Sepultura og kan hjå meg høyrast på plata Arise frå 1991. I 1981 kunne denne datoen by på konsert med Toy Dolls i Bentley Park i Doncaster. I 1984 stod Dovercot Arts Centre på Toy Dolls sin turnéplan. I 1992 gav Thunder ut plata Laughing On Judgement Day. Same dag døyde Larrie Londin, utan at det var noko å le av. I 1999 slepte Jimmy’s Chicken Shack plata Bring Your Own Stereo.

23.08.2013

Tjuetredje august

Tjuetredje august 1947 var fyrste dag på jorda for Keith John Moon. Keith Moon vart fødd i London og tente sidan til livets opphald som trommeslagar i The Who. Mange hevdar han var ein av dei beste rocketrommisane som har levd nokon sinne. Hjå meg kan Moon høyrast på studioplatene A Quick One (1966), Tommy (1969), Who’s Next (1971) og Who Are You (1978), samleplatene Odds & Sods (1974) og My Generation: The Very Best Of The Who (1996), og lydsporet til filmen The Kids Are Alright (1979). Moon døyde med spya i halsen i sitt eige utdrikkingslag i 1978. Ein annan stad i London kom Linda Pettifer til verda. Linda Thompson var i mange år gift med norgesvennen Richard Thompson, noko som resulterte i gitaristen Teddy Thompson, når dei ikkje regjerte saman på Folk-scena. Hjå meg kan Thompson høyrast på Rufus Wainwright si tredje studioplate Want One frå 2003, og på Primal Scream si niande studioplate, Beautiful Future, frå 2008. I 1951 vart Ove Thue fødd i Bergen. Thue var vokalist i Saft, gjorde ein fantastisk figur i DNS si oppsetjing av Jesus Christ Superstar, men er i dag best kjend for platene med suportersongar til støtte for Sportsklubben Brann. Hjå meg kan du høyre Thue på samleplata Vi Går Fram frå 1995. I 1957 var det siste innspelingsdag for Ella Fitzgerald og Louis Armstrong sitt samarbeidsprosjekt Ella And Louis Again. I 1961 vart Dean DeLeo fødd i Newark i New Jersey. Gitaristen DeLeo er best kjend for å spele i Stone Temple Pilots, hjå meg kan han høyrast på Alanis Morissette si plate Under Rug Swept frå 2002. I 1962 kom Shaun Ryder til verda i engelske Salford. Shaun Ryder er best kjend som medlem av bandet Happy Mondays, men i mi platehylle kan han høyrast saman med eit heilt anna band, nemleg på Black Grape si debutplate It’s Great When You’re Strait, Yeah frå 1995. Ryder er også kreditert for vokalbidrag på eit spor på Gorillaz si plate Demon Days frå 2005. I 1967 kom Cedella Marley til verda i Kingston i øystaten Jamaica. Cedella er dotter av artistane Bob og Rita Marley og kan høyrast medan ho spelar saman med tre sysken i Ziggy Marley And The Melody Makers på plata One Bright Day frå 1989. I 1968, det var ein fredag, avslutta Jethro Tull innspelinga av det som skulle verte langspelplata This Was. I tillegg til sjefen sjølv, Ian Anderson, deltok Mick Abrahams på gitar, Clive Bunker på trommer og Glenn Cornick på bass. I 1970 spelte Lou Reed og Velvet Underground sin siste konsert. Hendinga var lagt til den smått legendariske klubben Max’s Kansas City i New York City. I 1972 kom Stephen Bradley til verda i California. Bradley kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard og trompet for No Doubt på plata Tragic Kingdom frå 1995, og som ein del av blåserekkja på Green Day si plate Nimrod, som vart slept i 1997. I 1975 kom Eliza Carthy til verda i engelske Scarborough. Folkemusikaren Carthy er i mi platehylle kreditert for å spele fiolin på Paul Weller si fjerde soloplate Studio 150 frå 2004. I 1978 vart Julian Fernando Casablancas fødd i New York City. Julian Casablancas er leiar av bandet The Strokes og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Is This It (2001) og Room On Fire (2003). Casablancas har også levert gitarbidrag til Queens Of The Stone Age. I 1980 varma Iron Maiden opp for UFO på Reading Festival og spelte for fleire enn tretti tusen, største publikum til då. Like mange var nok ikkje til stades når Toy Dolls spela i Huntington Club i Stanley same dag. I 1988 platedebuterte Jane’s Addiction med plata Nothing’s Shocking. I 1994 slepte Jeff Buckley si debutplate, Grace, den einaste plata han rakk å fullføre før han døyde i 1997.

22.08.2013

Tjueandre august

Tjueandre august 1917 vart bluesartisten John Lee Hooker fødd i Coahoma County i Mississippi. Hooker vert rekna som ein av dei fremste representantane for Delta Blues og innsatsen frå debuten i 1948 og framover sikra han ei stjerne på Hollywood Walk Of Fame. Hooker sitt bidrag til mi platehylle heiter Best Of Friends og er ei samleplate som tok for seg diverse samarbeidsprosjekt Hooker gjorde i åra 1986-1998. Hooker døyde i 2001. I 1958 kom Vernon Reid til verda i London. Gitaristen Reid spelar til dagleg i Living Colour og kan hjå meg høyrast på plata Stain frå 1993. I 1961 kom Roland Jaime Orzabal de la Quintana til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Roland Orzabal var den eine halvleiken av den britiske duoen Tears For Fears. Hjå meg høyre du Orzabal på studioplatene Songs From The Big Chair (1985) og Elemental (1993), og samleplata Tears Roll Down (Greatest Hits 82-92), som kom på marknaden i 1992. I Los Angeles vart Deborah Mary Peterson fødd. Saman med systera Vicki Peterson starta trommeslagar Debbi Peterson jentebandet The Bangles som i mi platehylle er representer med samleplata Greatest Hits frå 1990. I 1963 kom Myra Ellen Amos til verda i Newton i North Carolina. Tori Amos er ei dame som, sidan ho platedebuterte i 1992, har laga musikk som kitlar øyregongane på ein mjuk og behageleg måte, og etter kvart har ho fått så mange titlar inn i platehylla mi at ho er med å farge totalinntrykket. Lista viser, så langt, Little Earthquakes (1992), Under The Pink (1994), From The Choirgirl Hotel (1998), To Venus And Back (1999) og American Doll Posse (2007). I 1964 vart William Calhoun fødd i Brooklyn i New York City. Trommeslagaren Will Calhoun spelar til dagleg i Living Colour og kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på plata Stain frå 1993. I 1967 vart den tidlegare vokalisten i Alice In Chains, Layne Thomas Stanley fødd i Kirkland i den amerikanske delstaten Washington. Layne Stanley var med å starte Alice In Chains så tidleg som i 1987, men sleit dei siste åra av livet sitt med store rusproblem. Hjå meg høyrer du Stanley sine vokalprestasjonar på platene Facelift (1990) og Dirt (1992). Stanley døyde i 2002. I 1969 kom Stephen John Cradock til verda i engelske Solihull. Gitaristen Steve Cradock er best kjend for å spele i Paul Weller sitt band og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Studio 150 frå 2004, i tillegg til samleplata Modern Classics: The Greatest Hits frå 1998. I 1971 kom Craig Finn til verda i Boston i Massachusetts. Finn er vokalist i The Hold Steady og kan hjå meg høyrast på plata Stay Positive frå 2008. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Dixons Club i Sunderland. I 1992 toppa Iron Maiden nok ein gong plakaten på Monsters Of Rock på Castle Donnington. Andre langhåra rockarar på plakaten var Skid Row, Slayer, Thunder og W.A.S.P. I 2005 slepte Super Furry Animals plata Love Kraft, dette var walisarane si sjuande studioplate.

21.08.2013

Tjuefyrste august

Tjuefyrste august 1904 vart William James Basie fødd i Red Bank i New Jersey. Storbandleiaren Count Basie leia sitt eige band med stødig hand i nesten femti år. Samleplata Atomic Swing frå 1999 er Basie sitt bidrag til mi samling. Basie døyde i 1984. I 1939 kom James Burton til verda i Dubberly i Louisiana. Gitaristen Burton er kjend som Master Of The Telecaster og har vore medlem av Rock’n Roll Hall Of Fame sidan 2001. Burton sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Buffalo Springfield si plate Buffalo Springfield Again frå 1967, på Pieces Of The Sky, som var Emmylou Harris sitt bidrag til platemarknaden i 1975, og på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991. I 1941 kom tangentmannen Tom Coster til verda i Detroit. Store musikarar som Santana og Joe Satriani har nytt godt av Coster sine tenester og kjem du innom meg for å høyre tangentspelet hans kan du gjere det på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin’ frå 2003. I 1943 var dette dagen for Clydie May Crittendon sin fødsel, det hendte i olympiabyen Atlanta i Georgia. Clydie King starta karrieren si som syngjedame tidleg i tenåra og har arbeida med artistar som Ray Charles og Steely Dan. Hjå meg kan King høyrast som bakgrunnsrøyst på platene Greetings from L.A. frå Tim Buckley (1972), Stranger In Town, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1978, og på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981. Ho har også vore med på andre Dylan-plater som enno ikkje er på plass i mi hylle. I 1944 kom Sharon Lee Myers til verda i Hazel i Kentucky. Songerinna Jackie DeShannon er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal for Van Morrison på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1952 vart John Mellor fødd i Ankara i Tyrkia. Multitalentet Joe Strummer var gitarist, vokalist og låtskrivar for The Clash, han gjorde også stor suksess som produsent. Strummer kan hjå meg høyrst på Clash-plata Combat Rock frå 1982, og på samleplata The Singles, som kom på marknaden i 2007. Strummer er også kreditert som produsent på The Pogues si plata Hells Ditch frå 1990, og han song duett med Johnny Cash på ein flott versjon av Bob Marley sin Redemtion Song, som du finn i boxen Unearthed frå 2003. I 1954 kom Steve Elliot Smith til verda i Whitman i den amerikanske delstaten Massachusetts. Trommeslagaren Steve Smith vert rekna som ein av verdas framste innan sitt fag, og bidraget hans til mi platehylle finn du på Journey si samleplate Greatest Hits frå 1988. I 1957 kom Peter Edward Clarke til verda i St. Hellens nordvest i England. Trommeslagaren Budgie sitt bidrag til mi platehylle finn du på Siouxie & The Banshees si plate Tinderbox frå 1986. I Kansas City i Missouri vart Mark Pender fødd. Trompetisten kalla The Loveman har fått plass i mi platehylle med arbeidet han gjorde på Bon Jovi si plate These Days frå 1995, og Turnpike Diaries, som The Getaway People slepte i 2000. I Philadelphia i Pennsylvania kom Kim Sledge til verda. Saman med systrene sine, Debbie, Joni og Kathy, starta Sledge jentekvartetten Sister Sledge i 1971. Hjå meg finn du Sledge sitt arbeid på ei uautorisert plate med same tittel som bandet. I 1962 fekk Johnny Cash vokalhjelp av gruppa The Carter Family då han spela inn Where You There (When They Crusified My Lord?). Underverket enda opp på plata Ring Of Fire og er også tilgjengeleg på samleplatene God frå 2002 og Johnny Cash’s America frå 2008. I 1971 kom Liam Howlett til verda i Essex. Howlett er mannen bak The Prodigy og i mi platehylle kan han høyrast på platenen Music For The Jilted Generation (1994) og The Fat Of The Land (1997). I 1980 gav datoen oss ein Toy Dolls-konsert, den var i Belvedere Club i Bishop Auckland. I 1982 var Toy Dolls i Working Mans Club i Winlaton for å underhalde. I 1984 fekk 100 Club i London vitjing av Toy Dolls. I 1986 døyde Thad Jones. I 1990 platedebuterte Alice In Chains med plata Facelift, og Anthrax slepte si femte studioplate, Persistence Of Time. I 2000 gav Bigbang ut plata Clouds Rolling By, som inneheld signaturlåten Girl In Oslo.

20.08.2013

Tjuande august

Tjuande august 1926 vart Frank Rosolino fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Hjå meg kan Rosolino sitt framragande trombonespel høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Rosolino døyde i 1978. I 1934 kom Peter E. Kleinow til verda i South Bend i Indiana. Musikaren «Sneaky» Pete Kleinow har fått legendestatus som medlem av countryrock-legendene Flying Burrito Brothers, hjå meg kan han høyrast medan han spelar flatfele på songen Something To Believe In på Steve Miller Band si plate The Joker frå 1973. Kleinow døyde i 2007. I 1941 kom David Anthony Brock til verda i engelske Isleworth. Hawkwindsjefen Dave Brock er den einaste av medlemmene av kultlegendene i Hawkwind som har vore med gjennom heile bandet si karriere. Hjå meg kan Brock høyrast på samleplata Sonic Boom Killers frå 1998. I 1946 vart Ian Clarke fødd i London. Trommisen Clarke spelte for Uriah Heep i perioden 1971-1972 og hjå meg kan han høyrast på plata Look At Yourself frå 1971. I 1947 kom David Andrew Lasley til verda i Branch i Michigan. Songaren David Lasley kan hjå meg høyrast som hjelpevokalist på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990. I 1948 vart Robert Anthony Plant fødd i engelske Birmingham. Songaren Robert Plant slo gjennom med Led Zeppelin i overgangen frå seksti- til syttitalet og har sidan pleia ei solokarriere av særs varierande kvalitet. Hjå meg kan Plant høyrast på studioplatene Led Zeppelin II (1969), Led Zeppelin III (1970), Led Zeppelin IV (1971), Presense (1976), og Coda (1982), i tillegg til den doble samleplata Mothership frå 2007. I 1949 kom den irske bassisten Philip Parris Lynott til verda i engelske West Bromwich. Phil Lynott var leiar av det irske bandet Thin Lizzy der han også markerte seg som låtskrivar. Før han starta sitt eige band spelte Lynnot bass i mellom anna eit anna legendarisk irsk hard rock band, Skid Row. Hjå meg kan Lynott høyrast på samleplata Dedication, som oppsummerar den kortliva karrieren til Thin Lizzy på ein glitrande måte, i tillegg til soloplata The Phillip Lynott Album frå 1982. Lynnot døyde i 1986. I 1957 vart Eric Ambel fødd i Batavia i Illinois. Gitaristen Ambel sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata I Love Rock’n Roll, som Joan Jett & The Blackheart gav ut i 1981. I 1970 kom William Frederick Durst til verda i Gastonia i North Carolina. Fred Durst er mannen som syng fyrstestemma i bandet Limp Bizkit og kan hjå meg høyrast på plata New Old Songs frå 2001. I 1978 fekk svenske Helsingborg vitjing av Gasolin. Pas På Svinget I Solrød og Strengelengen er foreviga på band og kan høyrast på samleplata Derudaf – Forever frå 1993. I 1981 var det Doncaster som tok i mot Toy Dolls, det skal ha hendt i Halfway Hotell, same dag gjesta Ramones Santa Cruz Civic i California, USA. I 1983 var Wings Of A Dove Madness sitt bidrag til hitlistene. Resultatet vart ein respektabel andreplass. I 1988 toppa Iron Maiden plakaten på Monsters Of Rock og fekk spele framfor meir enn hundre tusen headbangers & hellraisers på Castle Donnington. I 1990 slepte Prince plata Grafitti Bridge, den tolvte studioplata hans. I 1995 døyde Red Rhodes. I 2009 døyde Larry Knechtel.

19.08.2013

Nittande august

Nittande august 1939 vart Peter Edward Baker fødd i London. Trommisen Ginger Baker herja tidlegare med Cream og Blind Faith, hjå meg kan han høyrast medan han held takten på eit spor på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1945 kom Ian Gillan til verda i London. Songaren Gillan slo gjennom som vokalist i Deep Purple i overgangen mellom seksti- og syttitalet. I åra etter at bandet vart oppløyst var han innom fleire band, mellom anna sitt eige, Gillan, og Black Sabbath, men han er i dag attende i eit attfôreina Deep Purple. Hjå meg kan Gillan høyrast på Deep Purple-plata Machine Head frå 1972, og Black Sabbath-samlinga Between Heaven And Hell. I 1958 var Johnny Cash i studio og spelte inn I Still Miss Someone som enda opp på plata The Fabolous Johnny Cash. Songen har også fått plass på ei rekkje samleplater, mellom anna Love frå 2000. I 1959 kom Ivan Neville til verda i New Orleans i Louisiana. Multiinstrumentalisten Neville er son av Aaron Neville og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar tangentar og syng bakgrunnsvokal på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. Same dag døyde Blind Willie McTell. I 1963 vart Rolf Magnus Joakim Larsson fødd i Stockhom. Joey Tempest er vokalist i Europe og hjå meg høyrer du røysta hans på plata The Final Countdown frå 1986. Plata var bandet si tredje og selde i meir enn tre millionar eksemplar verda over. I 1969 vart Nathaniel Dwayne Hale fødd i Clarksdale i Mississippi. Rapartisten Nate Dogg kan i mi platehylle høyrast medan han yt vokalhjelp på Eminem sine plater The Marshall Matters LP frå 2000 og The Eminem Show, som kom på marknaden i 2002. Nate Dogg døyde i 2011. I 2003 slepte Rancid plata Indestructible, som var bandet si sjette studioplate. I 2008 døyde LeRoi Moore.

Attande august

Attande august 1950 kom Dennis Leslie Elliott til verda i London. Dennis Elliott er best kjend for å ha halde takten for Foreigner, men i mi platehylle er det som trommis for Ian Hunter på hans debutsoloplate med same namn som artisten han kan høyrast. I 1956 vart Tony Garnier fødd i ein av tvillingbyane i Minnesota, St.Paul. Bassisten Garnier kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Tom Waits si plate Rain Dogs frå 1985. Garnier leverte også tenestene sine til Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1981, og er kreditert for å spele på Paul Simon si studioplate Songs From The Capeman frå 1997. I 1957 fekk humorverda eit bidrag då Dennis Collin Leary kom til verda i Worchester i Massachusetts. Stå opp-komikaren Leary sitt bidrag til mi platesamling heiter No Cure For Cancer og kom på marknaden i 1993. Denne blandinga av musikk og vitsar skal visstnok vere ganske morosam. I 1969 kom Klaus Joacim Sonstad til verda i Trondheim. Journalisten og Tv-stjerna Klaus Sonstad kan i mi platehylle høyrast på studioplata Indianer Cowboy frå 2008, ei plate som klatra heilt til trettiåttandeplass på VG-lista. I 1971 var Johnny Cash i Nashville og spela inn Miss Tara. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1978 gav The Who ut plata Who Are You i England. Plata klatra til sjetteplassen på dei engelske platelistene.

17.08.2013

Syttande august

Syttande august 1954 kom Ronald Graham Strykert til verda i Australia. Gitaristen Ron Strykert spelte ei tid i Men At Work og hjå meg høyrer du arbeidet hans på samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. I 1955 vart Colin Ivor Moulding fødd i engelske Swindon. Bassisten Colin Moulding er ein av grunnleggjarane av det engelske New Wave-bandet XTC og kan hjå meg høyrast på plata Black Sea frå 1980. I 1958 kom Christopher Ryan Goss til verda. Chris Goss er til dagleg plateprodusent, men i mi platesamling er han lista som gjestemusikar på Queens Of The Stone Age sine studioplater Songs For The Deaf frå 2002, og Lullabies To Paralyze (2005). I 1959 slepte Miles Davis plata Kind Of Blue, som av mange vert rekna som den beste plata trompetgeniet gav ut gjennom heile karrieren sin. I 1960 vart Lisa Coleman fødd i Los Angeles i California. Tangentdama Coleman har ei fortid i Price sitt band The Revolution, og spelar for tida saman med Wendy Melvion i duoen Wendy & Lisa, men hjå meg er det medan ho hjelp Gwen Stefani med godlyd på plata Love. Angel. Music. Baby. frå 2004 ho kan høyrast. I 1962 kom Gilbert Clarke til verda i Cleavland i Ohio. Gitaristen Gilby Clarke kan hjå meg høyrast på Guns N’Roses si femte studioplate The Spaghetti Incident frå 1993. I 1964 kom Maria Louisa McKee til verda i Los Angeles i California. Maria McKee er ein av grunnleggjarane av bandet Lone Justice og har også ei solokarriere som artist og komponist, men hjå meg er det som korist for Steve Earle på plata Copperhead Road frå 1988 ho kan høyrast. I 1965 vart Deen Castronovo fødd i Westminister i California. Trommeslagaren Castronov sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Ozzy Osbourne si plate No More Tears frå 1995. I 1987 slepte New Order samleplata Substance 1987. I 1990 spelte AC/DC inn ein promovideo til Thunderstruck. Regissør var også denne gongen David Mallet.

16.08.2013

Sekstande august

Sekstande august 1929 vart William John Evans fødd i Plainfield i delstaten New Jersey. Bill Evans var ein høgt skatta jazzpianist og kan i mi platesamling høyrast på plata Kind Of Blue, som Miles Davis gav ut i 1959. Evans døyde i 1980. I 1939 kom Eric Weissberg til verda i New York. Banjospelaren Weissberg er mannen bak den glitrande versjonen av Duelling Banjos i filmen Deliverance, han har spelt med ei rekkje musikarar og kan i mi platesamling høyrast medan han trakterar både banjo og gitar på New York-delen av innspelingane til Bob Dylan si plate Blood On The Tracks frå 1975. I 1944 vart Russ Titelman fødd i Los Angeles i California. Titelman er best kjend som plateprodusent, men kan i mi platehylle høyrast som gitarist på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1957 kom Timothy William Farriss til verda i Perth. Gitaristen Tim Farriss er eldst i ein syskenflokk på fire musikarar og har, saman med to yngre brør spela i INXS sidan starten i 1977. I mi platehylle kan Farriss høyrast på studioplatene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1958 vart Madonna Louise Ciccone fødd i Bay City i Michigan. Madonna har prega både poplistene og skandalepressa jamnt og trutt gjennom dei siste tretti åra. Madonna sine bidrag til mi platehylle heiter True Blue frå 1986, I’m Breathless, som var inspirert av filmen Dick Tracy og kom på marknaden i 1990, Music frå 2000, og Confessions On A Dance Floor frå 2005. I 1960 vart den engelske produsenten Mark Ellis fødd i London. Flood spelar fleire spor for Barry Adamson på plata As Above So Below frå 1998. I 1969 spelte David Bowie på The Becheenham Free Festival. Bilete frå hendinga viser at legenda var velkledd, som alltid. I 1977 døyde rockelegenda Elvis Presley heime på Graceland i Tennessee. Dette skapte tilnærma endelause køar utanfor det som var bustaden hans, ein kø som ser ut til å ha heldt seg heilt til i dag. I 1980 var Downhill Club i Sunderland åstad for Toy Dolls sine larmingar. Same dag kom Robert Byron Hardy til verda i engelske Dewsbury. Bassisten Rob Hardy har stor suksess med det skotske indiebandet Franz Ferdinand. Hjå meg kan Hardy høyrast på studioplatene Franz Ferdinand (2004), You Could Have It So Much Better (2005) og Tonight (2009). I 1985 slepte Red Hot Chilli Peppers si andre studioplate. Freaky Styley vart produsert av funkikonet George Clinton. I 1989 var det klart for enno ei plate frå Red Hot Chilli Peppers. Mother’s Milk var bandet si fjerde studioplate og med ny gitarist og trommeslagar, markerte den eit skilje i bandet si karriere. I 1994 gav Neil Young ut plata Sleeps With Angels saman med det hardtrockande husbandet Crazy Horse. I 2007 døyde trommelegenda Max Roach. I 2008 døyde Ronnie Drew.

15.08.2013

Femtande august

Femtande august 1925 kom Oscar Emmanuel Peterson til verda i Montreal i den kanadiske delstaten Quebec. Pianisten Oscar Peterson gav ut over to hundre plater og vann åtte Grammy-prisar. Hjå meg kan tangentleikenhans høyrast på plata Ella & Louis Again, som Ella Fitzgerald og Louis Armstrong gav ut i 1957. Peterson døyde i 2007. I 1950 vart Tommy Aldridge fødd i Pearl i Mississippi. Trommisen Aldridge har spela med ei rekkje tungrockband, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Ozzy Osbourne på konsertplatene Speak Of The Devil (1982) og Tribute (1987). I 1956 vart Petter-John Vetterse fødd i Skotland. Tangentmannen Vetterse kan hjå meg høyrast på Simple Minds si plate Real Life frå 1991. I 1962 kom Tor Øyvind Syvertsen til verda. Gitaristen Syvertsen er best kjend for å spele i Mods og The September When. Hjå meg kan Syvertsen høyrast på Mods si samleplate Originalar (1992), som er ei samling av bandet sine to fyrste studioplater Revansj (1981) og Amerika (1982). I 1984 slepte Motörhead plata No Remorse, og det har dei sikkert ikkje angra på. I 1995 slepte Garbage si sjølvtittelerte debutplate, ei plate som nådde topp tjue i ei rekkje land i den vestlege verda. Same dag oppsummerte The Jackson 5 si karriere med plata The Ultimate Collection. I 2009 døyde Jim Dickinson.

14.08.2013

Fjortande august

Fjortande august 1941 kom David Van Cortland Crosby til verda i storbyen Los Angeles i California. David Crosby er best kjend for samarbeidsprosjektet Crosby, Stills, Nash & Young, men har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand og i ulike samarbeidskonstellasjonar. Hjå meg finn du Crosby sitt arbeid på The Byrds si tredje studioplate Fifth Dimesion frå 1966, og soloplata If I Could Only Remember My Name frå 1971. Crosby kan også høyrast på songen Rock & Roll Woman frå Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, og Through My Sails frå kompisen Neil Young si plate Zuma frå 1975. I 1948 vart Bruce Thomas fødd i engelske Stockton-on-Tees. Bassisten Thomas er best kjend for å spele i Elvis Costello sitt tidlegare band The Attractions, og kan hjå meg høyrast medan han spelar for Billy Bragg på plata Workers Playtime frå 1988. I 1956 vart Lennart Olaf Birger Eriksson fødd i ein av forstadane utanfor Stockhom. Lennart Eriksson var bassist i Ebba Grön, som i mi platehylle er representert med titlane We’re Only In It For The Drugs, Live og Samlingen. I 1961 kom Nelson Bragg til verda i Rockport i Massachtsetts. Trommisen Bragg kan i mi platehylle høyrast på Brian Wilson si plate Smile frå 2004. I 1963 kom Kjartan Kristiansen til verda. Gitaristen Kristiansen har hovudansvaret for låtskrivinga i trønderbandet DumDum Boys, som hjå meg er representert med samleplata Schlägers frå 2001. I 1971 fekk det platekjøpande publikummet i USA høve til å kjøpe The Who sitt meisterverk Who’s Next. Plata nådde #4 på dei amerikanske listene. I 1973 var The Who i studioet Eel Pie og la siste hand på låtane Postcard, Now I’m A Farmer, Water og Naked Eye som alle enda opp på Odds & Sods året etter. I 1974 vart Ana Lynch fødd i Portland i Oregon. Ana Matronic er den kvinnelege røysta i Scissor Sisters og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjølvtittelerte debutplate frå 2004. I 1982 hadde Fowlers Yard i Durham vitjing av Toy Dolls. I 1992 gav Motörhead ut ei plate med tittelen March Ör Die.

13.08.2013

Trettande august

Trettande august 1951 kom Daniel Grayling Fogelberg til verda i Illinois. Dan Fogelberg var ein multiinstrumentalist som oppererte innom folk-generen. Hjå meg kan Fogelberg høyrast medan han syng bakgrunnsvokal for Jackson Browne på plata Late For The Sky frå 1974. Fogelberg døyde i 2007. I 1952 vart Hugh Edward Thomasson Jr fødd i Tampa i Florida. Gitaristen Hughie Thomasson var ein av grunnleggjarane av bandet Outlaws, men då dei la inn årene, slo han seg saman med Lynyrd Skynyrd. Hjå meg kan Thomasson høyrast på Lynyrd Skynyrd si niande studioplate Twenty frå 1997. Thomasson døyde i 2007. I 1957 var dette fyrste innspelingsdag for Ella Fitzgerald og Louis Armstrong då dei gjekk i gang med og innspelinga av plata Ella And Louis Again. Denne kom ut på Verve Records seinare same året. I 1958 fekk studioteknikkarar i Nashville gleda av å høyre Johnny Cash spele inn Lead Me Father, me andre måtte vente til plata Hymns var tilgjengeleg seinare på året. Cash spela også inn Don't Take Your Guns To Town, som fekk plass på EP-en The Faboulous Johnny Cash, og i tillegg kan høyrast på ei rekkje samleplater, som mellom anna Murder frå 2000, og Pickin Time, som ein finn på plata The Fabolous Johnny Cash og samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1964 vart Jan Håkan Haugland fødd i Nordreisa. Trommeslagaren Ian Haugland sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Europe si tredje studioplate, The Final Countdown frå 1986. I 1973 slepte sørstatsrockarane i Lynyrd Skynyrd plata Prounounced Lehn-nerd Skin-nerd. I 1981 var dette datoen Toy Dolls var i Stanley for å spele i Smuglers Club. I 1982 var det i Walker Park i Newcastle at Toy Dolls kunne høyrast. I 1988 slepte Iron Maiden Evil That Men Do, som plasserte seg på ein femteplass på listene. I 1991 kom Metallica si sjølvtittelerte femteplate, som produserte fem av bandet sine største hits, Enter Sandman, The Unforgiven, Nothing Else Matters, Wherever I May Roam og Sad But True. I jazzverda var det meir spenning retta mot The Mannhatten Transfer si plate The Offbeat Of Avenues, som var bandet si tolvte studioplate og den fyrste på Columbia Records. I 2010 kom Iron Maiden si femtande studioplate, den fekk namnet The Final Frontier og var vel verdt å vente på.

12.08.2013

Tolvte august

Tolvte august 1929 kom Alvis Edgar Owens Jr til verda i Sherman i Texas. Countrysongaren Buck Owens flytta til Bakersfield i California på slutten av 1950-talet og hadde fleire hits som ikkje berre klatra til topps på countrylistene, men også plasserte seg høgt på dei vanlege poplistene. Eg hugsar Owens best frå far min sine gamle langspelplater, men då eg for ei tid tilbake kom over ei CD-plate på Fretex, vart eg hard gripen av nostalgi og investerte halvanna sneis i eit eksemplar av Act Naturally-Greatest Hits. Owens døyde i 2006. I 1943 vart Leslie Duncan fødd i engelske Stockton-On-Tees. Songerinna Leslie Duncan nådde aldri den store komersielle suksessen, noko som skal skyldast stor grad av sceneskrekk. Hjå meg kan Duncan høyrast med bakgrunnsvokal på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973. Duncan døyde i 2010. I 1949 vart pianisten og keybordisten Louis Martin fødd i Belfast. I mi platesamling kan Lou Martin høyrast medan han held orden på tangentane for Rory Gallagher på plata Calling Card frå 1976. I Glasgow kom Mark Freud Knopfler til verda. Gitaristen Mark Knopfler sitt arbeid for bandet Dire Straits har gjort at han i dag vert rekna som ein av verdas beste gitaristar. Hjå meg kan Knopfler sitt gitarspel nytast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982, og på Tina Turner si plate Foreign Affair, som kom på markanden i 1989, i tillegg til låta I Think I Love You Too Much frå Jeff Healey Band si plate Hell To Pay frå 1990. I 1953 kom den amerikanske fiolinisten Peter Ostroushko til verda. Ostroushko platedebuterte på Bob Dylan si plate Blood On The Tracks i 1975 og har ikkje hatt grunn til å angre på det. Seinare har han spelt for mellom anna Emmylou Harris og Willie Nelson. I 1960 vart Morten Skaget fødd i Trondheim. Bassisten Morty Black er best kjend for å spele i TNT og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. I 1967 platedebuterte Big Brother & The Holding Company med ei plate med same namn som bandet, vokalist var legendariske Janis Joplin. I 1975 vart Robert Solli Burås fødd i Narvik. Gitaristen Robert Burås slo gjennom med Mardrugada i 1999, eit band han slepte fire studioplater, Industrial Silence (1999), The Nightly Desease (2001), Grit (2002) og The Deep End (2005), og ei konsertplate, Live At Tralfamadore (2005), med før han døyde i 2007. I 1976 spelte Ramones live på The Roxy i Hollywood. Hendinga vart festa til band og seksten tidlegare uutgjevne songar inkludert Blitzkrieg Bop og Now I Wanna Sniff Some Glue kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Leave Home. I 1986 slepte Paul Simon den kritikarroste plata Graceland, som var hans sjuande soloplate etter at samarbeidet med Art Garfunkel vart lagt på is for ei stund. I 1995 gjorde Doug Stegmeyer sjølvmord, og også Marty Paich drog eit siste sukk. I 2005 døyde Rufus Thibodeaux. I 2010 døyde Richie Hayward.

11.08.2013

Ellevte august

Ellevte august 1941 kom John Simon til verda i Norwalk i Connecticut. Plateprodusenten Simon kan i mi platehylle høyrast medan han spelar altsaksofon på The Band si plate Islands frå 1977. I 1944 vart David Payne fødd i London. Davey Payne spelte saksofon for Ian Dury & The Blockheads og var ein viktig del av bandet sitt lydbilete. Hjå meg kan Payne høyrast på platene New Boots & Panites (1977) og Do It Yourself (1979). I 1952 kom Hans Løkken til verda i Sør-Fron. Løkken spelar rolla som Konrad Vømmølbakken i Vømmøl Spelemannslag og kan i mi platehylle høyrast på bandet sine to fyrste studioplater Vömmöl’n (1974) og Vömlingen (1975). I 1958 kom John Joseph Wardle til verda i London. Jah Wobble var originalbassisten i Public Image Ltd, og hjå meg kan han høyrast på plata Metal Box (Second Edition) frå 1979. I tillegg kan basspelet hans nytast på Sinead O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990, Woble er også kreditert som gjest hos Primal Scream på plata Screamadelica frå 1991. I 1962 vart Bragi Ólafsson fødd i Reykjavik. Bassisten Ólafsson er best kjend for arbeidet han gjorde med Sugarcubes og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Life’s Too Good (1988) og Stick Around For Joy (1992). I 1968 vart gitaristen Charles Wayne Sexton fødd i San Antonio i Texas. Gitaristen Charlie Sexton vart i sin ungdom spådd ei fantastiske solokarriere, men han fann etter kvart sin plass i hierarkiet då han valde å gå inn i Bob Dylan sitt faste band. Sexton har vore sjefsgitarist i Dylan sitt band på begge dei konsertane eg har fått med meg med legenda. Sexton sitt gitarspel kan i mi platehylle høyrast på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. Sexton er i tillegg kreditert for å spele på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road (1998), og på Rufus Wainwright si tredje studioplate Want One frå 2003. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Mecca i Sunderland. I 1984 fekk verda stifte kjennskap med Iron Maiden sin singel 2 Minutes To Midnight. I 2008 døyde Don Helms.

10.08.2013

Tiande august

Tiande august 1940 kom Jerry Glenn Kennedy til verda i Shreveport i Louisiana. Gitaristen Jerry Kennedy spelte for Bob Dylan på plata Blonde On Blonde frå 1966. I 1947 vart Ian Scott Anderson fødd i Dunfermline i Fife i Skotland. Kommunisten Ian Anderson har vore leiar av Jethro Tull sidan den spede starten på slutten av 1960-talet. Underteikna var så uheldig å sjå Anderson og Jethro Tull i Grieghallen i Bergen i 2009, men røysta til Anderson var så dårleg at det heile var ganske så skuffande. Då er det betre å hygge seg med dei platene som står i hylla heime, studioplatene This Was (1968), Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock & Roll; Too Young To Die (1976), Heavy Horses (1978), Catfish Rising (1991) og konsertplata A Little Light Music (1992). I tillegg til samleplatene M.U. The Best Of Jethro Tull (1976), Repeat. The Best Of Jethro Tull Vol II (1977) og Nightcap (1993). I 1950 kom Patti Austin til verda i Harlem i New York City. Songerinna Austin fekk gleda av å syngje på Michael Jackson si debut soloplate Off The Wall frå 1979, og så langt er det det som er hennar bidrag til mi platehylle. I 1956 kom Lars Martin Myhre til verda i Noregs eldste by, Tønsberg. Myhre sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Odd Børretzen si plate Noen Ganger Er Det Alright (1995), der Myhre både har komponert og står for lunt gitarspel. I 1960 vart Terje Storli fødd. Bassisten Storli var ein av grunnleggjarane av Stage Dolls og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Commandos frå 1986. I 1961 vart Jonathon James Farriss fødd i Perth på den australske vestkysten. Jon Farriss har traktert trommene i bandet INXS sidan starten i 1977. Hjå meg kan Farriss høyrast på platene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1964 kom Kåre Kolve til verda på Voss. Saksofonisten Kolve er kjend for å spele saman med dei islandske jazzlegendene Mezzoforte, hjå meg kan han høyrast med grom lyd på eit spor på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1978 kunne ein høyre Gasolin i Tigerstaden. Dei heldige frammøtte fekk mellom anna høyre Det Bedste Til Mig Og Mine Venner, Hvad Gør Vi Nu, Lille Du, Kattemor og Kloden Dreier Stille Rundt. Dette er songar som alle er å høyre på samleplata Derudaf – Forever frå 1993, eit godt alternativ for oss som ikkje hadde høve til å vere tilstades når opptaka vart gjort. I 1979 slepte Michael Jackson plata Off The Wall, som vart hans fyrste store gjennombrott med millionsal på heimemarknaden. I 1981 gav Bob Dylan ut si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love. I 1984 platedebuterte Red Hot Chili Peppers med ei plate med same namn som bandet.

09.08.2013

Niande august

Niande august 1954 vart Pete Thomas fødd i stålbyen Sheffield. Trommeslagaren Thomas har samarbeida med Elvis Costello i ei årrekkje og kan hjå meg høyrast på plata Mighty Like A Rose frå 1991. I 1955 vart John Charles Morgan fødd i London. Trommeslagaren Charlie Morgan vart profesjonell musikare som attenåring, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978, og på tittelsporet til Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I tillegg har Morgan vore innom Tom Robinson Band og kan også høyrast medan han held takten på samleplata The Best Of Tom Robinson Band. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Steels Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls attende i i London for å spele på 100 Club. I 1984 starta Iron Maiden sin World Slavery Tour. Det var i seg sjølv ei stor hending, og i og med at det hendte i Polen, som den gong var trygt plassert på den andre sida av jernteppet i eit delt Europa, vart det ei historisk hending. I 1986 var det plateslepp frå Motörhead og produktet fekk namnet Orgasmatron. Sjølv venta eg nokre år før eg skaffa meg denne skatten, men no er plata trygt på plass i hylla. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls på festival i Gronningen. I 1995 døyde Jerry Garcia. I 2003 døyde Bill Perkins.

07.08.2013

Sjuande august

Sjuande august 1949 vart Timothy John Pearson Renwick fødd i den kjende engelske universitetsbyen Cambridge. Gitaristen Tim Renwick har spelt for mange kjende engelske artistar og kan hjå meg høyrast på David Bowie-plata Space Oddity frå 1969, Mike + The Mechanics si plate Word Of Mouth frå 1991, og på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997. I 1951 kom Peter Frederick Way til verda i Enfield. Bassisten Pete Way har spelt med Ozzy Osbourne og Fastway, men er best kjend for arbeidet han har gjort med UFO, der han kan høyrast på plata Obsession frå 1978. I 1958 vart Bruce Dickinson fødd i Worksop. Dickinson er kjend som den høgtflygande vokalisten i Iron Maiden. Han har også gjeve ut fleire soloplater og har ei fortid i fleire grupper, mellom anna meritterte Samson. I 1964 kom Aslak Dørum til verda. Bassisten Dørum kan hjå meg høyrast på DumDum Boys-samleplata Schlägers frå 2001.

06.08.2013

Sjette august

Sjette august 1937 kom Paul Griffin til verda i Harlem i New York City. Pianisten Griffin kan hjå meg høyrast på Bob Dylan sine plater Bring It All Back Home frå 1963, Highway 61 Revisited, som kom på marknaden i 1965, og Blood On The Tracks frå 1975. Griffin spelar også på Don McLean plata med same namn som den udødelege klassikaren American Pie frå 1971, og på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Griffin døyde i 2000. I 1949 vart Leiv Prestvik fødd. Bassisten Presvik spelar rolla som Birger Skruddusvingen i Vømmøl Spelemannslag og kan i mi platehylle høyrast på bandet sine to fyrste studioplater Vömmöl’n (1974) og Vömlingen (1975). I 1952 fekk Green Bay i Wisconsin (home of the Packers) gitaristen og komponisten Pat MacDonald. MacDonald er best kjend som medlem av den alternative duoen Timbuk 3 som fekk debutplata si nominert til Grammy i 1987. Etter at bandet slutta å spele saman i 1995 har MacDonald gjeve ut fleire plater på uavhengige selskap utan den store salssuksessen. Han har derimot tent gode pengar på å skrive songar for andre artistar. Hjå meg høyrer du MacDonald på plata Greetings From Timbuk3 frå 1986. I 1955 kom Earl Smith til verda i Kingston på Jamaica. Gitaristen Chinna Smith er ei legende i reggeamiljøe, hjå meg høyrer du han på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1964 vart John Metcalfe fødd i New Zealand sin hovudstad, Wellington. Plateprodusenten Metcalfe er hjå meg kreditert for å spele fiolin for The Pretenders på den akustiske konsertplata The Isle Of View frå 1995. I 1967 var The Who i Mirasound Studios i New York og spelte inn tredje versjon av Mary Anne With The Shaky Hand. Songen kom med på plata The Who Sell Out, og Al Kooper spelte orgel. I 1986 hadde Warehouse i Dunfermline vitjing av Toy Dolls. I 2009 døyde Willy DeVille.

05.08.2013

Femte august

Femte august 1947 vart Richard Zehringer fødd i Fort Recovery i Ohio. Gitaristen Rick Derringer slo gjennom i gruppa McCoys, som er fint plassert i kategorien ”one-hit-wonders” etter kjempesuksessen med Hang On Sloopy i 1965, men i mi platehylle gjer han jobben som hjelpegitarist og produsent for Johnny Winter på plata And Live frå 1971. I australske Melbourne kom Gary Stephen Anderson til verda. Songaren Angry Anderson er frontmann i Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. I 1948 kom David Hungate til verda. Den tidlegare bassisten for Toto, Hungate, kan hjå meg høyrast på Alice Cooper si plate From The Inside frå 1978, og på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984. I 1955 vart Eddie Ojeda fødd i New York City. Ojeda, med kallenamnet Fingers, er gitarist i Twisted Sister og kan hjå meg høyrast på samleplata Big Hits And Nasty Cuts frå 1992. I 1959 kom George Ruthenberg til verda i Los Angeles i California. Gitaristen Pat Smear spelar til dagleg i Foo Fighters og kan hjå meg høyrast på plata The Colour And The Shape frå 1997. I 1961 kom fiolinisten Mark O’Connor til verda i Seattle i Washinton. O’Connor kan hjå meg høyrast saman med bandet Telluride på Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1962 døyde Marilyn Monroe. I 1964 vart Adam Nathaniel Yauch fødd i bydelen Brooklyn i New York City. Adam «MCA» Yauch var ein av grunnleggjarane av rap-trioen Beastie Boys, som ærar platehylla mi med så mykje som sju titlar frå ei lang karriere. Budhisten Yauch vart diagnostisert med kreft i 2009 og døyde i 2012. I 1968 nytta gitaristen Luther Perkins dagen til å dra sitt siste sukk etter ei tids sjukdom. I 1977 kom Terje Winterstø Røthing til verda. Gitaristen Røthing spelar til dagleg i Kaizers Orchestra. I 1986 var Toy Dolls i skotske Ayr for å spele på Darlington Hotel. I 1992 døyde Jeff Porcaro. I 1993 døyde Randy Jo Hobbs.

04.08.2013

Fjerde august

Fjerde august 1901 vart jazztrompetisten og songaren Louis Daniel Armstrong fødd i jazzbyen framfor nokon, New Orleans i Louisiana. Frå fattigstroka ved Mississippi-elva sine bredder gjekk turen til storbyane Chicago og New York, og seinare tusenvis av konsertar verda over. Etter kvart voks Armstrong si stjerne seg så stor at han i dag har si eiga stjerne på den berømte Hollywood Walk Of Fame. Hjå meg er Armstrong representert med samleplata Supergold, i tillegg til Ella & Louis Again, som han gav ut saman med Ella Fitzgerald i 1957. Armstrong døyde i 1971. I 1921 kom Mitchell Herbert Ellis til verda i Farmersville i Texas. Gitaristen Herb Ellis kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Ella & Louis Again, som Ella Fitzgerald og Louis Armstrong gav ut i 1957. Ellis døyde i 2010. I 1940 kom Lawrence William Knechtel til verda i Bell i California. Larry Knechtel dreiv vekselbruk mellom bass og keyboard og fekk spele med store namn som Simon & Garfunkel og The Doors. Hjå meg kan Knechtel høyrast som tangentmann på plata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968, og på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. Knechtel døyde i 2009. I 1960 vart trommeslagaren Stefan Kaufmann fødd i tyske Solingen. Kaufmann har heldt takten på ni av Accept sine plater og kan hjå meg høyrast på Balls To The Wall frå 1983. I 1967 slepte Aretha Franklin plata Aretha Arrives, produsent var Jerry Wexler. I 1969 vart Massimiliano Antonio Cavalera fødd i Belo Horizonte i Brazil. Max Cavalera er ein av grunnleggjarane av Sepultura og kan hjå meg høyrast på plata Arise frå 1991. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast på Roof Tops i den skotske storbyen Glasgow.

Åttande august

Åttande august 1937 vart Cornelis Vreeswijk fødd i nederlandske Ijmuiden. Gjennom eit hardt liv sette den svensk-hollandske visesongaren Vreeswijk sitt preg på skandinavisk visesong. Han har skrive eit utal viser og gjendikta fleire kjende framandspråklege tekstar, ofte med ein humoristisk og samfunnsrefsande synsvinkel. Hjå meg finn du to samlingar av Vreeswijk sine songar, Guldkorn (Samhällskritikarn) (2001) og Guldkorn Frå Master Cees Memoarer (1996), og eg ser ikkje bort frå at det vert fleire. Vreeswijk døyde i 1987. I 1942 kom bassisten John Gustafson til verda i Liverpool. Gustafson har ei allsidig karriere som omfattar mellom anna The Merseybeats, Roxy Music og Ian Gillan Band. Hjå meg kan han, så langt, høyrast på Roxy Music si samleplate More Than This frå 1995, og medan han spelar bass på songen Lounge Lizzard på Ian Hunter si sjølvtittelerte soloplate frå 1975. I 1950 vart Liberty DeVitto fødd i Brooklyn i New York City. Trommeslagaren DeVitto var fram til 2006 fast medlem med meir enn tretti års fartstid i Billy Joel sitt band og kan hjå meg høyrast på studioplatene Glass Houses (1980) og Storm Front frå 1989, i tillegg til konsertplata Kohuept frå 1987. I 1952 kom Anton Fig til verda i Cape Town i Sør-Afrika. Trommisen, som ofte vert kalla The Thunder From Down Under, er best kjend for arbeidet han har gjort i CBS Orchestra, som spelar på Dave Letterman sitt Late Show. Hjå meg kan Fig høyrast medan han vikarierar for ein kollisjonsskadd Peter Criss på Kiss-plata Dynasty frå 1979, og på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. I 1953 kom Bianca Thornton til verda i Kansas City i Missouri. Songerinna Lady Bianca kan i mi platesamling høyrast på plata No Guru No Method No Teacher, som Van Morrison slepte i 1986, og på samleplata The Philosopher’s Stone, som den same Van «The Man» Morrison slepte i 1998. I 1956 vart Christopher John Foreman fødd i London. Gitaristen Chris Foreman var ein av grunnleggjarane av Madness og i mi platehylle kan du høyre godlyden frå gitaren hans på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1957 kom Dennis Drew til verda i Jamestown i den amerikanske delstaten New York. Tangentmannen Drew var ein av grunnleggjarane av 10 000 Maniacs. I 1961 kom David Howell Evans til verda i Barking i London. The Edge har skaffa seg eit levebrød som gitarist i U2 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate, War, frå 1983. Same dag kunne Elvis Presley fortelje at (Marie’s The Name) His Latest Flame og fekk med det fire veker på fyrsteplass på hitlistene i England. I USA klatra plata til fjerdeplass som høgaste plassering. I 1968 spelte Johnny Cash inn Oh, What A Dream og All Over Again som begge kan høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1973 vart Anthony Scott Flippen fødd i Goldsboro i North Carolina. Scott Stapp er vokalist i Creed og har hausta fleire Grammy-utmerkjingar. Hjå meg kan Stapp høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1975 døyde Cannonball Adderley. I 1976 kom Olaf Olsen til verda i Oslo. Olsen er trommeslagar i Bigbang og den av medlemmene som har vore lengst med i bandet, etter sjefen sjølv, Øystein Greni. I 1977 vart Marsha Ambrosius fødd i den engelske hamnebyen Liverpool. Songerinna Ambrosius har ei fortid i bandet Floetry og solodebuterte så seint som i 2011. Hjå meg kan Ambrosius høyrast på Justin Timberlake si debutplate Justified frå 2002. I 1979 fekk nederlandske fjernsynssjåarar servert eit ungt og vitalt AC/DC. Programmet Veronica-Countdown bydde på eit opptak gjort i Rijnhall i Arnhem i juli same år. For dei som kjenner for å mimre kan det vere lurt å sjekke DVD’ane Plug Me In eller Let There Be Rock. I 1980 slepte The Clash singelen Bankrobber, som klatra til tolvteplass på dei engelske singellistene. I 1984 gav W.A.S.P. ut den sjølvtittelerte debutplata si og rocken vart aldri den same. Sjefen Blackie Lawless trakterte bassen og hadde med seg gitaristane Randy Piper og Chris Holmes i tillegg til trommeslagaren Tony Richards. L.O.V.E. Machine, I Wanna Be Somebody og On Your Knees kan i tillegg høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 var Toy Dolls på plass på Dollys i Oxford. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Sneekwave i Sneek.

03.08.2013

Tredje august

Tredje august 1946 kom John Foley York til verda i White Plains i delstaten New York. Bassisten John York er kreditert for å spele på eit spor på plata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968. I 1947 vart John Tyler fødd i engelske Barlow. Gitaristen Sean Tyla var ein av dei som hjelpte The Blackhearts med gitarspel for Joan Jett på plata I Love Rock’n Roll frå 1981. I 1953 kom Ian Bairnson til verda i Lerwick på idylliske Shetland. Gitaristen Bairnson er best kjend for å spele i The Alan Parsons Project, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I Nashville vart Randy Scruggs fødd. Musikaren Randy Scruggs er son av banjolegenda Earl Scruggs. I mi platehylle kan Scruggs jr. høyrast medan han spelar gitar for Johnny Cash på plata American III: Solitary Man frå 2000. I 1959 vart Martin Clive Atkins fødd i engelske Coventry. Trommisen Martin Atkins har vore innom band som Killing Joke og Pigface, men er betre kjend for arbeiet han gjorde i Public Image Ldt. Hjå meg høyrer du Atkins på PIL sine studioplater Metal Box (Second Edition) frå 1979, og This Is What You Want…This Is What You Get (1984), i tillegg til konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up, som Ministry slepte i 1990. I 1961 kom Leon Drucker til verda i Massapequa i delstaten New York. Drucker er til vanleg kjend som den hårfine bassisten Lee Rocker i det fantastiske rockabillybandet Stray Cats og kan hjå meg høyrast på platene Gonna Ball frå 1981 og Choo Choo Hot Fish frå 1992, i tillegg til samleplata The Best Of The Stray Cats (1996) som oppsummerar den fyrste, og viktigaste, delen av rockabillylegendene si karriere på strålande vis. I 1963 vart James Alan Hetfield fødd i Downey i California. James Hetfield er ein av grunnleggjarane av Metallica, han er både gitarist og songar, og hjå meg kan han høyrast på platene Ride The Lightning (1984), Master Of Puppets (1986), …And Justice For All (1988), Metallica (1991), Load (1996) og St. Anger (2003). I 1964 vart Amery Smith fødd i Los Angeles i California. Den trommeslagande artisten kjend som AWOL har vore innom ei rekkje band og kan hjå meg høyrast på Beastie Boys si plate Ill Communication frå 1994. I 1967 kom Deborah Ann Dyer til verda i innvandrarbydelen Brixton i London. Skin tok verda med storm midt på 1990-talet som ein del av bandet Skunk Anansie og kan hjå meg høyrast på platene Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chil (1999). I 1971 vart Deidra Muriel Roper fødd i Brooklyn i New York City. DJ Spinderella var den som snurra plater for raptrioen Salt’n Pepa og kan i mi platehylle høyrast på plata Very Necessary frå 1993. I 1992 slepte INXS plata Welcome To Wherever You Are, bandet si åttande studioplate. I 1993 platedebuterte Sheryl Crow med Tuesday Night Music Club. I 1999 døyde Leroy Vinnegar. I 2003 stod Linkin Park på scena i Texas Stadium i Irvin i Texas. Delar av konserten kan høyrast på konsertplata Live In Texas, som kom på marknaden seinare same året.

Andre august

Andre august 1937 vart Eric Garth Hudson fødd i Windsor i kanadiske Ontario. Multiinstrumentalisten Garth Hudson vert rekna som mannen bak The Band sitt unike lydbilete og hjå meg kan tangentspelet hans høyrast på plata Islands frå 1977, bandet si siste studioplate med originalbestninga. Hudson er også kreditert for tangentspel på tre spor på tidlegare The Band-kollega Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1944 vart Naná Vasconcelos fødd i brazilianske Recife. Hjå meg kan perkusjonisten Vasconcelos høyrast på Jan Garbarek si plate Legend Of The Seven Dreams frå 1988. I Minneapolis kom Mark Naftalin til verda. Tangentmannen Naftalin sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1948 kom Andrew Fairweather Low til verda i Ystrad Mynach i Wales. Grunnleggjaren av Amen Corner kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar både gitar og munnspel på Eric Clapton si akustiske konsertplate Unplugged frå 1992, på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death, også den frå 1992, og i tillegg samarbeidsplata Riding With The King, som Clapton slepte saman med B.B. King i 2000. I 1951 vart Andrew Maurice Gold fødd i Burbank i California. Multiinstrumentalisten Andrew Gold kan i mi platehyhylle høyrast medan han spelar gitar og trommer for Carly Simon på samleplata The Best Of Carly Simon, som Simon slepte i 1975, og gitar for Bette Midler på plata Some People’s Lives frå 1990. Gold døyde i 2011. I 1953 kom Donnie Munro til verda på den skotske øya Skye, best kjend for wiskeyproduksjon. Munro song i Runrig frå 1974 til 1997 og hjå meg kan han høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime. I 1955 vart Bryan David Vig fødd i Wisconsin. Plateprodusenten Butch Vig sper på inntektene som trommeslagar for bandet Garbage og hjå meg kan han høyrast på studioplatene Garbage (1995) og Version 2.0 (1998). I 1957 døyde Joe Shulman. I 1972 spela Johnny Cash inn Little Green Fountain i Hendersonville. Resultatet kan høyrast på plata The Johnny Cash Childrens Album frå same år. I 1983 gav Jackson Browne ut si sjuande studioplate, Lawyers In Love. I 2003 spelte Linkin Park på Reliant Stadium i Houston i Texas. Godlyd frå denne konserten finn du på konsertplata Live In Texas, som kom på marknaden seinare same året.

01.08.2013

Fyrste august

Fyrste august 1936 kom Uziah Thompson til verda i Mannings Mountain på Jamaica. Trommisen Sticky Thompson kan i mi platehylle høyrast på plata Wanted Dread And Alive, som Peter Tosh slepte i 1981, samt på samleplata The Best Of Peter Tosh frå 1999. I 1942 vart Jerome John Garcia fødd i stillehavsbyen San Francisco i California. Jerry Garcia var ein av grunnleggarane av kulthippiebandet Grateful Dead og vart rekna som talsmann for bandet fram til han døyde i 1995. Garcia hadde i tillegg sitt eige band, Jerry Garcia Band i tillegg til ei rekkje andre samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei Grateful Dead konsertplate frå 1964 kan Garcia i mi platesamling høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. Garcia er også kredittert for gitarspel og ymse anna på David Crosby si debutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1943 kom Geoffrey Britton til verda i London. Trommeslagaren Geoff Britton var innom Manfred Mann’s Earth band ein kort periode på slutten av 1970-talet og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på plata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered frå 1999. I 1946 kom Raymond Burrell til verda i engelske Lincoln. Bassisten Boz Burrell si merittliste inneheld, mellom anna det legendariske bandet King Crimson, men hjå meg er det på supergruppa Bad Company si plate Straight Shooter frå 1975 han kan høyrast. Burrell døyde i 2006. I 1949 vart James Dennis Carroll fødd. Poeten og musikaren Jim Carroll er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal på Lou Reed si plate Mistral frå 1986. Carroll døyde i 2009. I 1951 vart Thomas Richard Bolin fødd i Sioux City i Iowa. Gitaristen Tommy Bolin fekk i løpet av si korte karriere høve til å erstatte supergitaristen Richie Blackmore i Deep Purple, men det vart med plata Come Taste The Band frå 1975. Bolin døyde av ein overdose heroin i 1976. I Winnipeg kom Timothy Gregg Bachman til verda. Gitaristen Tim Bachman var ein av grunnleggjarane av Bachman-Turner Overdrive, eit band som har lurt ei samleplate kalla Best Of Bachmann-Turner Overdrive (1998) inn i mi platesamling. I 1958 vart Robert N. Buck fødd i Jamestown i New York. Rob Buck var ein av grunnlegggjarane av 10 000 Maniacs og var eit sentralt medlem av bandet fram til han døyde i desember 2000. Hjå meg kan Buck høyrast på studioplatene The Wishing Chair (1985) og Blind Mans Zoo (1989), i tillegg til konsertplata MTV Unplugged frå 1993. I 1966 var The Who i IBC Studios i London og spelte inn I’m A Boy. Produsent var Kit Lambert. I 1972 var dagen Elvis Presley slepte singelen Burning Love. Songen var Elvis sin siste rockehitt og fekk ei veke på listetoppen i USA. I England var sjuandeplassen beste plassering. I 1973 kom John Vinge til verda. Vinge spelte tangentar i Trang Fødsel frå 1995 til 2009 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Hybel (1997) og Feber (1998). I 1982 køyrde Madness bil inn på listene. Drivin’ In My Car la seg inn på ein fjerdeplass. I 2000 gav The Dandy Warhols ut plata Thirteen Tales From Urban Bohemia.