04.08.2013

Fjerde august

Fjerde august 1901 vart jazztrompetisten og songaren Louis Daniel Armstrong fødd i jazzbyen framfor nokon, New Orleans i Louisiana. Frå fattigstroka ved Mississippi-elva sine bredder gjekk turen til storbyane Chicago og New York, og seinare tusenvis av konsertar verda over. Etter kvart voks Armstrong si stjerne seg så stor at han i dag har si eiga stjerne på den berømte Hollywood Walk Of Fame. Hjå meg er Armstrong representert med samleplata Supergold, i tillegg til Ella & Louis Again, som han gav ut saman med Ella Fitzgerald i 1957. Armstrong døyde i 1971. I 1921 kom Mitchell Herbert Ellis til verda i Farmersville i Texas. Gitaristen Herb Ellis kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Ella & Louis Again, som Ella Fitzgerald og Louis Armstrong gav ut i 1957. Ellis døyde i 2010. I 1940 kom Lawrence William Knechtel til verda i Bell i California. Larry Knechtel dreiv vekselbruk mellom bass og keyboard og fekk spele med store namn som Simon & Garfunkel og The Doors. Hjå meg kan Knechtel høyrast som tangentmann på plata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968, og på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. Knechtel døyde i 2009. I 1960 vart trommeslagaren Stefan Kaufmann fødd i tyske Solingen. Kaufmann har heldt takten på ni av Accept sine plater og kan hjå meg høyrast på Balls To The Wall frå 1983. I 1967 slepte Aretha Franklin plata Aretha Arrives, produsent var Jerry Wexler. I 1969 vart Massimiliano Antonio Cavalera fødd i Belo Horizonte i Brazil. Max Cavalera er ein av grunnleggjarane av Sepultura og kan hjå meg høyrast på plata Arise frå 1991. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast på Roof Tops i den skotske storbyen Glasgow.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar