31.12.2010

Trettifyrste desember

Trettifyrste desember 1951 vart Tom Hamilton fødd på årets siste dag. Hamilton har tent godt til livets opphald som bassist i dei amerikanske rockedinosaurane Aerosmith og har sikkert ikkje angra på det karrierevalet. Bandet har tross alt selt fleire millionar plater sidan den spe byrjinga seint på sekstitalet. I mi platehylle kan ein høyre Hamilton sitt basspel på platene Draw The Line og Rocks som kom på marknaden høvesvis i 1976 og 1977. I 1963 vart Scott Ian Rosenfeldt fødd i Jamaica, N.Y. Scott Ian er gitarist, vokalist og ubestridt leiar av det amerikanske skateboard-hardrockbandet Anthrax og er representert med tre titlar i mi hylle, foreløpig. I 1973 spela AC/DC sitt fyrste offisielle show på nyttårsafta. Det hendte i Sydney, Australia og om dei små guttane med den store lyden levde opp til den partymyten dei har slått om seg med resten av karrieren, var det nok fyrste januar og langt ut i 1974 før dei gav seg. I 1979 vart året avslutta med at Toy Dolls var underhaldninga på nyttårsfesten i Harveys Restaurant i Sunderland. I 1997 ebba året ut saman med pianisten Floyd Cramer. Det var neppe det som var årsak til at det vart sendt opp fyrverkeri den kvelden. I 2001 slepte elektronikaduoen Röyksopp plata Melody A.M. Og med det passar det å ynskje dei som har følgd med på det som er skrive i denne bloggen så langt eit godt nytt år, eg vonar de kjem til å følgje med på oppdateringane som vonleg kjem flittig i det nye året.

30.12.2010

Trettiande desember

Trettiande desember 1946 kom Patricia Lee Smith til verda. Folk flest kjenner dama som den amerikanske punkdronninga Patti Smith og dei som ikkje har digga kjempehiten Because The Night burde skamme seg. Platene Easter (1978) og Peace And Noice frå 1997 er så langt på plass i mi hylle, og fleire står sjølvsagt på ynskjelista. Ein annan stad i verda, i London, såg Clive William Bunker dagens ljos. Clive Bunker er trommeslagar legning og ein av grunnleggjarane av Jethro Tull, der han heldt takten fram til 1971. Bunker kan hjå meg høyrast på platene This Was og Aqualung. Han har seinare gjort trommeteneste i band som Bloodwyn Pig og Manfred Mann. I 1972 spelte Lou Reed saman med The Totts på Main Point i Philadelphia. Dette var fyrste konsert der han presenterte materiale frå den fyrste soloplata si, Transformer, som kom på marknaden tidlegare same månad. I 1979 var det indierock på programmet i Old Club i Shildon, og sjølvsagt var det Toy Dolls som stod for romjulsunderhaldninga.

29.12.2010

Tjueniande desember

Tjueniande desember 1947 kom Colin Flooks til verda. Under artistnamnet Cozy Powel gjorde Flooks stor suksess som trommeslagar for ei rekkje tungrockband, som mellom anna Black Sabbath, MSG og Whitesnake. I mi platehylle kan Powel høyrast når han held takten for Richie Blackmore sitt band Rainbow på plata Long Live Rock’n Roll frå 1978. Powel døyde i ei bilulukke i Bristol i 1998. I 1961 vart Jim Reid fødd i Glasgow. Jim Reid har livnært seg som vokalist i det skotske bandet Jesus And The Mary Chain og er representert i mi platehylle med studioplata Darklands frå 1987 og samleplata The Sound Of Speed. I 1969 gav Grand Funk Railroad ut si andre studioplate, som fekk titelen Grand Funk. I 1979 sa Sunderland velkomen til Toy Dolls. Det hendte i Hepworth & Grandage Club.

28.12.2010

Tjueåttande desember

Tjueåttande desember 1946 stod jubelen i taket hjå familien Winter, då vetle John fekk ein vetlebror. Edgar Winter trakterar keyboard og saxofon og har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand. Hjå meg må du enn så lenge nøye deg med å høyre han på ulike klipp kreditert den meir merriterte storebroren sin, Johnny Winter. I 1981 fekk Norseman Hotel i Peterlee atter ein gong dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på vitjing. I 1989 spelte Toy Dolls to konsertar i Club Quatro i Tokyo. Fyrste opptreden var klokka seks om ettermiddagen og klokka halv ni var det sanneleg på an igjen.

Tjuesjuande desember

Tjuesjuande desember 1944 kom den engelske gitaristen Michael Leslie Jones til verda. Mick Jones er best kjend som ein av grunnleggarane av bandet Foreigner, men hjå meg er det som gitarist på Billy Joel si plate Storm Front frå 1989 han kan høyrast. I 1967 gav Bob Dylan ut plata John Wesley Harding. Dette var hans åttande studioplate. I 1980 stod Toy Dolls for romjulsunderhaldning i Steels Club i Sunderland. I 1989 var Toy Dolls på scenen i Club Quatro i Tokyo. Konserten er tilgjengeleg for ettertida på plata Twenty two tunes live from Tokyo. I 2004 døyde Hank Garland.

26.12.2010

Tjuesjette desember

Tjuesjette desember 1947 kom bassisten George Porter Jr til verda i jazzhovudstaden New Orleans. Porter var med å starte bandet The Meters på midten av 1960-talet, men kan hjå meg høyrast på Tori Amos si plate Under The Pink. I 1951 vart gitaristen John Scofield fødd i Dayton i Ohio. Scofield har ei merittliste som er lengre enn eit vondt år, men hjå meg må ein enn så lenge nøye seg med å høyre han på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. Sama dag kom gitaristen Paul Anthony Quinn til verda i Barnsley. Paul Quinn si karriere er sentrert rundt det engelske hardrockbandet Saxon og han kan høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1957 kom trompetisten Guy Barker til verda. I mi platesamling vert han lagt merke til for å spele flygelhorn på More Than I Can Bear på Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1966 er dette dagen det vert hevda Jimi Hendrix skreiv songen Purple Haze. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne komen fram til Osaka i Japan. Muse Hall var staden det hendte for Toy Dolls-fansen denne kvelden, og det hendte like godt to gongar, fyrst klokka seks om ettermiddagen, sidan halv ni.

25.12.2010

Tjuefemte desember

Tjuefemte desember 1939 var verdsmetropolen New York velsigna med perkussisjonisten Charles ”Don” Alias. Don Alias spelte i lag med fleire store namn, som mellom anna Weather Report og Herbie Hancock. I mi platesamling kan Alias høyrast på Ian Hunter si plate All American Alien Boys frå 1976 og på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. Alias gjekk bort i 2006. I 1945 kom Ian Kilmister til verda i fotballbyen Stoke-On-Trent. Han er i dag kjent mest kjent som Lemmy, sjefen over alle sjefar i verdas tøffaste rockeband, Motörhead. Lemmy har ei fortid som roadie for gitarguruen Jimi Hendrix og som bassist og vokalist i det legendariske undergrundsbandet Hawkwind før han stabla på beina sitt eige band midt på 1970-talet. Lemmy sin eksit frå Hawkwind skuldast eit uheldig møte med det kanadiske grensepolitiet. Resten av bandet, med grunnleggar Dave Brock i spissen hadde ikkje tid til å vente på at bassisten skulle sone ferdig for smuglingsforsøk av eit par marihuanasigarettar, eit grovt brotsverk den gongen. Julegåva 2010 omfatta den nyaste Motörhead-plata, The Wörld Is Yours, så det var ei vellukka høgtid. I 1948 vart den amerikanske soulsongerinna Merry Clayton fødd i Louisiana. Clayton har ei allsidig karriere både som soloartist og korist for andre og kan hjå meg høyrast på Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1957 kom kultikonet Shane Patrick Lysaght MacGovan til verda i landsbyen Pembury i det engelske grevskapet Kent. MacGovan er, saman med Jem Finer og Spider Stacy ein av grunnleggarane av det fantastiske folkpunkbandet The Pogues. Før tida med The Pogues hadde Shane eit mindre kjend band med namnet The Nipple Erectors. Tungt alkoholiserte Shane har også gjeve ut plater saman med The Popes og begge hovudattraksjonane er sjølvsagt på plass i mi platehylle. MacGovan kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. MacGovan er elles kjend for å vere verdsmeister i tannlegeskrekk, noko som skal ha resultert i ein tanngard vanlege folk ikkje ville vere stolt av. I 1958 var songerinna Alannah Myles fødd i Ontario i Canada. Myles slo gjennom med kjempehitten Black Velvet i 1990, men hjå meg er det på to andre plater, den minst like gode andreplata Rockinghorse frå 1992, og Arrival frå 1998, ho kan høyrast. I 1963 kom Noël Rota til verda i Paris. Under namnet Helno eller Helno Rota gjorde mannen kjempesuksess som vokalist i det fantastiske bandet Les Negresses Vertes, som voks fram på den franske undergrunnscena på slutten av åttitalet. Rota sang på dei to beste studioplatene frå bandet, Mlah (1988) og Famillie Nombreuse (1991), før han døyde av ein overdose heroin i 1993. I 1979 var det Toy Dolls som var juleunderhaldninga i Northon Workmens Club i Stockton. I 2006 døyde James Brown.

24.12.2010

Tjuefjerde desember

Tjuefjerde desember, sjølvaste juleafta, 1970 kom Will Oldham til verda i Louisville i Kentucky. Under artistnamnet Bonnie ”Prince” Billy har Oldham herja alternativscena sidan 1993, der han har skapt seg eit stort namn. Enno står ingen av hans eigne produksjonar i platehylle, men fortvil ikkje, for Bonnie ”Prince” Billy kan høyrast medan han syng saman med Johnny Cash på sin eigen song I See Darkness, som er å finne på plata Americana III: Solitary Man frå 2000. I 1981 bydde Birds Nest i Hartlepool til julefest med Toy Dolls som underhaldning. I 1983 var julestemninga sikra på Tin Can i Birmingham då Toy Dolls ringte jula inn. I 1989 spela Toy Dolls eit ettermiddagsshow på Street i Tokyo, og om kvelden var det E.L.L i Nagoya som fekk vitjing av dei hardarbeidande indierockarane frå Nordaust-England. I 1990 slepte Iron Maiden singelen Bring Your Daughter ... To The Slaughter som toppa listene i England i dei neste to vekene.

23.12.2010

Tjuetredje desember

Tjuetredje desember 1951 kom bassisten Doug Stegmeyer til verda på Long Island. Stegmeyer er best kjend for samarbeidet sitt med Billy Joel og kan i mi platesamling høyrast på konsertplata Kohucept frå 1987. Den stødige bassisten fekk etter kvart sparken frå Joel sitt band og ein desillusjonert Stegmeyer døyde for eiga hand i 1995. I 1966 vart trommeslagaren Bobby Schayer fødd i det som vist nok skal vere englane sin by, Los Angeles. Kvifor denne er plassert på den amerikanske vestkysten er det ikkje tid eller plass til å diskutere her. Schayer var trommis i Bad Religion i ti år, frå 1991 til 2001, men måtte diverre forlate bandet på grunn av ei skada skulder. Sjølv om musikarkarriera fekk ein lei slutt, kan Schayer sitt trommespelet høyrast på platene Stanger Than Fiction (1994) og No Substance, som kom på marknaden i 1998. I 1979 kom Toy Dolls til Boiler Makers Club i Sunderland. I 1983 spela Toy Dolls på Noresman i Amble. I 1998 markerte The Cranberrie at det snart var jul med å gje ut singelen I Just Shot John Lennon.

22.12.2010

Tjueandre desember

Tjueandre desember 1946 vart den energiske Cheap Trick-gitaristen Rick Nielsen fødd i Rockford i Illinoise. Eg var så heldig at eg plukka opp konsertplata Live At Budokan ein gong tidleg på åttitalet og sidan har eg vore heilfrelst Cheap Trick-fan. I CD-hylla mi står, i tillegg til den omtala liveplata, den doble samleplate The Essential Cheap Tric, som dekkar det meste av det beste dei har gjort. Og i det siste har også den nyaste plata, The Latest, distribuert gjennom Classic Rock Magazine, dukka opp. I 1957 kom Richard Alexander Ross til verda i den ikkje altfor store skotske byen Dundee. Ricky Ross er best kjend som vokalist og gitarist i bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlums. I 1967 kom Manic Street Preachers gitaristen Richey James Edwards til verda i walisiske Blackwood. Edwards forsvann i 1995 og er antatt daud. I 1979 spela Toy Dolls i Football Club i Peterlee. I 1986 dundra Iron Maiden inn på hitlistene med Stranger In A Strange Land. Topplasseringa vart tjueandreplass. I 2002 døyde Joe Strummer.

20.12.2010

Tjuande desember

Tjuande desember 1945 vart tidlegare Kiss-trommis Peter Criss fødd med det lyriske døypenamnet George Peter John Criscoula. Criss var ein av dei fire originale medlemmene av Kiss, men slutta så tidleg som 1980 og bidrog minimalt på plata Dynasty, sjølv om han var avbilda på omslaget og har hausta det meste av æra for trommespelet på plata. Criss har seinare dukka opp på diverse gjenforeiningar av Kiss. I 1964 var dette dagen Johnny Cash var i studio og spela inn Danny Boy, All Of Gods Children Are Free, Orange Blossom Special og Engine 143 medan andre var ute og kjøpte julepresangar. Songane kan høyrast på plata Orange Blossom Spceial som kom på marknaden året etter. I 1967 fekk Jimi Hendrix Experience foreviga Crosstown Traffic i Olympic Studios i London. I 1970 hjelpte Black Sabbath til med å ringe jula inn på Olympia i Paris. Dei frammøtte fekk høyra mellom anna War Pigs og N.I.B som kan høyrast og sjåast på DVDen undead and alive. I 1979 var Toy Dolls i Ferryhill for å spele i Station Workmen Club. I 1981 let AC/DC Hells Bells ringe i øyro på konsertgjengarane i Largo. I 1983 var det Toy Dolls som sikra høg førjulsstemning frå scenen på 100 Club i London.

19.12.2010

Nittande desember

Nittande desember 1915 kom spurven Edith Piaff til verda som Edith Giovanna Gassion. Unge Piaf skal ha vokse opp i ein bordell i Normandie, før ho som femtanåring drog til Paris og hovdsakleg livnærte seg som gatesongerske før ho vart oppdaga og fekk platekontrakt. Piaf døyde i 1963. I 1947 kom den skotske bassisten Jimmy Bain til verda i Newtonmore. Bain har spela med Phil Lynnot i Thin Lizzy, men er mest kjend for å ha spelt i Rainbow og Dio og hjå meg kan han høyrast på platene Holy Diver (1983) og Dream Evil (1987) frå bandet til metallgnomen Ronnie James Dio. I 1951 fekk verda den nordirske bassisten Gerry McAvoy. McAvoy er best kjend for samarbeidet med den irske gitaristen Rorry Gallagher og basspelet hans kan hjå meg høyrast på plata Calling Card frå 1976. I 1958 var Count Basie og bandet hans i studio og spela inn sin versjon av Quincy Jones sin The Midnite Sun Never Sets. Komponisten sjølv var arrangør og solist var Marshall Royal på altsaxofon. I 1982 var det Legions Club i South Shields som var verskap for Toy Dolls.

18.12.2010

Attande desember

Attande desember 1950 kom trommeslagaren Randolpho Francisco Castillo til verda i omsungne Alberquerque i New Mexico. Etter å ha forkorta namnet til Randy Castillo tente han lenge til livets opphald som trommeslagar for sjølvaste The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, og han har fleire plateinnspelingar bak seg. Castillo er også ein av fleire trommeslagarar som har vikariert i Mötley Crüe medan deira faste trommeslagar, Tommy Lee, var innom kasjotten, etter at han vart dømd for å ha banka kona si, den kanadiske skodespelaren Pamella Anderson. I 1964 var Johnny Cash i Nashville og spela inn songane The Wall, You Wild Colorado og Wildwood Flower. Han spela også inn si versjon av Bob Dylan sin slager Don’t Think Twice, It’s Alright. Cash byrja også på innspelinga av When It’s Springtime In Alaska (it’s forty below) (duett med June Carter) og Amen. Alle songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special, og i tillegg finn du When It’s Springtime In Alaska og The Wall på samleplata Murder frå 2000. I 1969 var eit Band Of Gypsies leia av Jimi Hendrix i studio for å spele inn Ezy Ryder. I 1979 spela Toy Dolls i Rumors Disco i Sunderland. I 1983 avslutta Iron Maiden World Piece Tour med konsert i Dortmund.

17.12.2010

Syttande desember

Syttande desember 1948 kom fiolinisten Darryl Way til verda. Mi platehylle byr på Way sitt felespel på Jethro Tull si plate Heavy Horses frå 1978, men han nådde aldri status som fullverdig medlem av bandet. I 1958 vart R.E.M.-musikaren Michael Edward Mills fødd i Orange County i California. Mike Mills kan høyrast på så mykje som sju ulike R.E.M-titlar i mi platehylle. Han kan også høyrast medan han spelar piano for The Smashing Pumpkins på songen Soma frå plata Siamese Dream som kom på marknaden i 1993. I 1964 fekk The Long Black Veil og Mama You’ve Been On My Mind evig liv i Johnny Cash si tolking. Cash byrja også innspelinga av (I’m proud) The Baby Is Mine. Alle songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special som var produsert av Don Law. Dei faste musikarane Luther Perkins og Marshall Grant vart assistert Norman L. Blake, Ray Edenton og Robert L. Johnson på gitar, W.S. Holland på trommer, Floyd Cramer og William Withney Pursell på piano, Charles R. McCoy på munnspel og ei blåserekkje beståande av Homer L. Randolph på saksofon og trompetistane William K. McElhiney og Karl R. Garvin. I 1964 spela Johnny Cash inn The Long Black Veil, som enda opp på plat Orange Blossom Special. Songen kan også høyrast på ei rekkje samleplater, mellom anna Murder frå 2000. I 1976 gav AC/DC ut den internasjonale versjonen av plata Dirty Deeds Done Dirt Cheap. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester og Toy Dolls var på plass i Turks Head i Darlington. I 1982 kom Toy Dolls til Smugglers Club i Stanley for å spele. I 1986 kom Toy Dolls til Coventry Polytechnic for å spele. I 1992 var Nash Kato, Blackie O og ”Eddie” King Roeser i Urge Overkill på plass i Studio 4 i Philadelphia for å spele inn det som etter kvart vart plata Saturation.

16.12.2010

Sekstande desember

Sekstande desember 1945 vart William Frederick Gibbons. Billy Gibbons er den skjeggete gitaristen i den texanske bluesrockgruppa ZZ Top. Sjølv var eg heldig og fekk sjå ZZ Top i levande live i Oslo Spectrum i 1996, ei oppleving eg levde lenge på. Samlinga byr, enn så lenge, på platene Fandango og Recycler. I 1946 fekk verda framtidige Hep Stars-pianist Benny Bror Göran Andersson. Andersson er meste kjent for tida i den svenske popgruppa ABBA som serverte ei rekkje hits gjennom syttiåra, men har også, i samarbeid med kompisen Bjørn Ulveus, vore med å komponere musikalar som Chess. I 1959 var Count Basie med band i studio og spela inn songen Back To The Apple. Frank Foster og Joe Newman var solistar på tenorsaxofon og trompet. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester. I 1982 var det publikum på Mitre i Newcastle som tok i mot dei unge mennene i Toy Dolls. I 1997 døyde Nicolette Larson.

14.12.2010

Fjortande september

Fjortande desember 1949 vart Clifford Williams fødd. Cliff Williams er beste kjend som bassist i AC/DC der han erstatta Mark Evans i juni 1977. Williams har sidan klamra seg til jobben og er i skrivande stund framleis ansvarleg for firestrengsgitaren. I 1958 såg Peter Stacy dagens ljos i den engelske badebyen Eastbourne. Fløytespelande Spider Stacy er ein av grunnleggarane av The Pogues. Spider Stacy kan også høyrast saman med resten av The Pogues på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Same dag vart den skotske artisten Mike Scott fødd. Scott har sidan fyrste halvdelen av åttitalet vore drivkrafta i bandet Waterboys og sidan som soloartist. Scott har fått plass i mi platehylle både som soloartist med albumet Bring ’Em All Inn og med Waterboys si plate Room To Roam. I 1959 nytta Johnny Cash denne dagen til å erklære at han var Going To Memphis, truleg ikkje for ei Seccond Honeymoon, men for å syngje The Ballad Of The Harpweaver. Alle desse tre songane kan høyrast på plata Ride This Train som står støtt i platesamlinga mi. Going To Memphis kan også høyrast på samleplata Murder frå 2000. Dette var også datoen då, i 1981, AC/DC feira bassisten sin gebursdag med å halde konsert i Boston Garden i Boston. I 1982 stod Toy Dolls for underhaldninga på Honeysuckle i Gateshead. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Sala Largi i Pamplona.

12.12.2010

Tolvte desember

Tolvte desember 1944 vart Rob Tyner fødd. Tyner er best kjend som vokalisten i det amerikanske punk/hardrock-bandet MC5. Tyner døyde av hjerteinfarkt i 1991. I 1945 kom trommeslagaren Tony Williams til verda i Chicago. Williams kan hjå meg høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Water Babies. Williams døyde i 1997. I 1953 kom gitaristen Bruce Kullick til verda i New York. Kullick spelar i dag i Grand Funk Railroad, men er kan hende best kjend for at han spelte i Kiss i ei årrekkje, og han kan hjå meg høyrast på platene Crazy Nights frå 1987 og Alive III frå 1993. Same dag gav liv til den tidlegare Georgia Satellites-vokalisten Daniel John Baird. Dan Baird vert rekna som ein av pionerane i Cow/Country-punk generen og er i dag sjef i eige hus i bandet Homemade Sin. Hjå meg kan Bair høyrast på plata In The Land Of Salvation And Sin med moderbandet The Georgia Satellites. I 1972 vart Hank Williams III fødd i countrybyen Nashville. Barnebarnet til den legendariske hulkecountrystjerna Hank Williams har markert seg i den difuse countrypunksjangeren, og står på ingen måte tilbake for korkje bestefar eller far, den nesten like vidgjetne countryartisten Hank Williams Jr. I 1976 gjorde AC/DC opptak for australsk fjernsyn og spelte eit seksten minuttar langt sett der ein får høyre Baby, Please Don’t Go og Problem Child. For dei som gjekk glipp av denne sendinga då ho gjekk på australsk fjernsyn er det høve til å sjå dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock. I 1977 spelte Willie Nelson inn Stardus, Georgia On My Mind, Blue Skies, All Of Me og Moonlight In Vermont, som alle endte opp på plata Stardust. I 1981 var AC/DC og spela i Forum i Montreal. I 1982 var Toy Dolls å finne i Shineyrow Club i Sunderland. I 1983 var dei framleis å finne i Sunderland, på Old Twenty Nine denne gongen. I 1985 døyde Ian Stewart. I 1986 vitja Toy Dolls Sala Txibisto i Begara. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Les Confert Modern i Pottiers. I 1991 døyde saxofonisten Ronnie Ross. I 2007 var dette dagen gitaristen Ike Turner gjekk bort.

11.12.2010

Ellevte desember

Ellevte desember 1958 vart Frank Carlton Serafino Ferrana Jr fødd. Ferrana er kjend for massane under namnet Nicky Sixx og tenar til sitt daglege brød som bassist i glamrockbandet Mötley Crue. I 1961 gav Miles Davis ut plata Someday My Prince Will Come. Same dag kom Darryl Jones til verda i Chicago. Jones er best kjend for å ha avløyst Bill Wyman som bassist i Rolling Stones, men i mi platesamling han han nytast som ein del av Miles Davis sin stødige rytmeseksjon hjå på plata Decoy frå 1984. I 1975 kom Samantha Maloney til verda i The Big Apple. Maloney steppa inn som trommis i Mötley Crüe då den faste trommisen, Tommy Lee var innom kasjotten, ho skal også ha spelt trommer på Hole si tredje studioplate, Celbrity Skin, sjølv om ho ikkje er kreditert for den jobben. I 1981 spela AC/DC for andre kveld på rad i ishokeyarenaen Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls på plass i Peterlee Comunity Centre. På same dag gav Slade ut liveplata Slade On Stage som også står trygt plassert i mi platehylle. I 1986 vart den katalanske hovudstaden, Barcelona, invadert av punkarar frå Nordaust-England, nærare bestemt Toy Dolls og invasjonen endte på Zeleste. I 1989 var det Club Nuit i Auch som fekk vitjing av Toy Dolls.

09.12.2010

Niande desember

Niande desember 1971 vart Geoff Barrow fødd i Walton In Gordano i England. Barrow er medlem av den engelske elektronikatrioen Portishead og om du kjem innom kan du få høyre platene Dummy (1994) og Portishead (1997). I 1972 vart Frank Edwin Wright III fødd i Frankfurt. Frå 1990 har Tré Cool okkupert trommestolen i Green Day og mi platesamling byr på platene Dookie frå 1994 og Nimrod, som kom i 1997. I 1979 var AC/DC sin Highway To Hell-turné komen til Paris, der dei spelte på Pavillion De Paris. Eit opptak av denne konserten vart tilgjengeleg på dobbel CD i 1997 og var ein del av CD-boxen Bonfire. I 1989 fekk dei frammøtte i Youth Hall i Renteria sjå og høyre den muntre gjengen i Toy Dolls spele.

08.12.2010

Åttande desember

Åttande desember 1943 vart middelklasseguten James Douglas Morrison fødd av millitærforeldre tilknytta US Navy. Under namnet Jim Morrison gjorde han suksess som låtskrivar og songar i bandet The Doors. Han gav i tillegg ut fleire diktsamlingar. Morrison døyde i Paris i 1971. I 1953 vart skodespelerinna Kim Basinger fødd som Kimila Ann Basinger i universitetsbyen Athens i Georgia. Grunnen til at sexsymbolet med filmar som mellom anna 9 1/2 Weeks på merittlista er nemnt her er at dama faktisk har sunge duett med Ozzy Osbourne. Det skjedde på songen Shake Your Head som kan høyrast på plata One Up The B-Side som kom på marknaden i Sør-Afrika i 1997. I 1957 vart bassisten Johnny Rod fødd. Rod spelte bass i W.A.S.P. i to periodar, frå 1986 til 1989 og 1992 til 1993 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts. I 1962 fekk Elvis Presley sin femtiande listeplassering i England med Return To Sender. Songen debuterar med ein andreplass, berre slått av Frank Ifield med Lovesick Blues. I 1962 kom Martin Adam Friedman til verda. Marty Friedman slo seg saman med Megadeth i 1990 og heldt ut med bandet til 1999. Friedman han høyrast på plata Rust In Peace. I 1972 gav Lou Reed ut si andre studioplate, Transformer, som vart produsert av radarparet David Bowie og Mick Ronson. Plata inneheld somme av dei best kjende songane til Reed og produserte singlar som Walk On The Wild Side, Satellite Of Love og Perfect Day. I 1975 døyde Gary Thain. I 1979 stod Motörhead si plate On Parole ut i platehyllene. Seinare same dag var Toy Dolls underhaldning i Central Club i Darlington. I 1980 vart John Lennon skoten og drepen utanfor Dakota-bygningen i New York City. I 1981 var det klart for konsert med Toy Dolls i Newton Park Hotel i Newcastle og AC/DC sin Nord-Amerika-turné var komen til Spectrum i Philadelphia. I 1984 døyde Gene Ramey. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Sala Ilargi i Lacunza.

07.12.2010

Sjuande desember

Sundag sjuande desember 1949 vart Tom Waits fødd og tildelt fullt namn Thomas Alan Waits. Tom Waits har skrive skeiv og rufsete musikk som er gjeve ut ei rekkje plater gjennom åra. Mi platesamling byr så langt på titlane Small Change, Swordfishtrombones, Rain Dogs og Mule Variation, noko som sjølvsagt er alt for lite når ein tenkjer på Waitz sin produksjon. I 1977 var AC/DC og spelte i levande live i myteomspunne Atlantic Studios i like myteomspunne New York City. Eit opptak frå denne konserten var gjeven ut tjue år seinare, i 1997, og fekk plass i CD-boxen Bonfire. I 1980 nytta AC/DC dagen til å spele i Festhalle i Frankfurt, oppvarmar var evigunge Whitesnake med botoxkongen David Coverdale i spissen. Same dato eit år seinare, i 1981, hadde AC/DC enno ein gong teke turen over atlanteren og spela i Spectrum i Philadelphia. I 1982 var Toy Dolls på ny på plass på scenen i 100 Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på University of Bangor. I 1989 var sporty engelsmenn i Toy Dolls på scenen i Sports Arena i Elorrio. I 2004 spela Motörhead i Philipshalle i Düsseldorf, ein konsert som er tilgjengeleg for alle på DVD-plata Stage Fright som eg var heldig og fekk til jul eit år.

06.12.2010

Sjette desember

Sjette desember 1955 vart Leticia Hinojosa fødd i San Antonio i Texas. Tish Hinojosa er ein prisløna artist med mexicanske røter og stort samfunnsengasjement. Mi platesamling byr på plata Homeland frå 1989. Same dag kom trommeslagar Paul Richard Buckler til verda. Buckler er best kjend som den stødige rytmeseksjonen i Mod-bandet The Jam. I 1956 vart gitaristen Randy Rhoads fødd som Randall William Rhoads på St. John’s Hospital i Santa Monica i solrike California. Rhoads var med å starte hardrockbandet Quiet Riot på slutten av 1970-talet, men er mest kjent for å ha spelt gitar for skrekkrockaren, fjernsynsstjerna og familiefaren Ozzy Osbourne. I 1971 gjekk Deep Purple i studio i sveitsiske Montreaux og byrja innspelinga av det som skulle verte albumet Machine Head. I 1980 kunne Toy Dolls høyrast i East Stanley i Stanley. I 1981 spela AC/DC i Byrne Meadowlands Arena i Meadowlands. I 1985 var New College i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1990 filma AC/DC ein promovideo av Moneytalks. Trufaste David Mallet var regisør.

05.12.2010

Femte desember

Femte desember 1938 vart J. J. Cale fødd som John Weldon Cale i preriebyen Oklahoma City. Cale er godt kjend for å ha si eiga karriere i countryverden, men i mi platesamling kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Neil Young-plata Comes A Time frå 1978. I 1976 spelte AC/DC live på programmet Countdown på ABC, Dirty Deeds Done Dirt Cheap kan sjåast på DVD’en Family Jewels. I 1977 var Willie Nelson i studio. Han hadde selskap av pianisten Bobbie Nelson, trommeslagarane Paul English og Rex Ludwig, gitarist Jody Payne, bassistane Bee Spears og Chris Etheridge, munnspelar Michey Raphael og pianist og produsent Booker T. Jones. Saman arbeida dei fam det som skulle bli til plata Stardust. Don’t Get Around Much Anymore og Someone To Watch Over Me vart resultatet av denne dagens arbeid. I 1989 stod Club i Leon på Toy Dolls sin turneplan

04.12.2010

Fjerde desember

Fjerde desember 1947 kom Terry Woods til verda i Dublin. Allsidige Woods spelar til vanleg mandolin i The Pogues. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1956 spela Johnny Cash, Elvis Presley, Jerry Lee Lewis og Carl Perkins inn det som i ettertid er påstått å vere tidenes beste uutgjeve innspeling. Denne er etter kvart gjeve ut i eit heller rustent opptak som er kjekt å høyre for personar med sære interesser. I 1964 spelte Cornelis Vreeswijk i Stockholms Konserthus saman med Ann-Louise Hansson og Fred Åkerström. Brev Från Kolonien og I Natt Jag Drömde Nogot Som kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1977 var det andre innspelingsdag til det som skulle bli Willie Nelson si Stardust-plate. Med hjelp av Booker T. Jones på tangentar og i kontrollrommet vart September Song festa til rullane. I 1979 var Toy Dolls innom og underheldt på Wine Loft i Sunderland. I 1981 stod eit AC/DC på Nord-Amerikaturné på scenen i Civic Centre i Providence. I 1987 var andre og siste innspelingsdag for AC/DC sin promovideo for Heatseeker.

03.12.2010

Tredje desember

Tredje desember 1946 vart Geordie-gitaristen Albert Victor Malcolm fødd i Newcastle-Upon-Tyne. Vic Malcolm kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på samleplata Can You Do It som kom på marknaden i 1997. I 1966 kom The Who singelen Happy Jack om mannen som budde i sanden på den tidlegare vikingkolonien Isle Of Man i Irskesjåen, og som nådde tredjeplassen på listene i førjulstida. I 1977 var Willie Nelson i studioet Enactron Truck og spelte gjorde innspelingar til albumet Stardust. Resultatet av arbeidet denne dagen var Unchained Melody og On The Sunny Side Of The Street. Produsent var Booker T. Jones. I 1980 var det dei frammøtte i New Shildon W.M.C i Shildon som fekk høyre Toy Dolls. I 1981 var AC/DC sin turné omsider nådd fram til Civic Centre i Hartford. I 1987 fekk AC/DC hjelp av regisøren David Mallet for å spele inn ein promovideo til låta Heatseeker. I 1989 vitja Toy Dolls Hippo i Valladolild.

02.12.2010

Andre desember

Andre desember 1931 vart Wynton Kelly fødd i Brooklyn. Kelly trakterar tangentane for trompetlegenda Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. Kelly døyde i 1971. I 1941 kom Tom McGuinness til verda i tennismetropolen Wimbledon. McGuinness, som også har ei fortid i Manfred Mann, var med å starte The Blues Band i 1979 og kan i mi platehylle høyrast på platene Official Blues Band Bootleg Album frå 1979, Ready som kom på marknaden i 1980, Itchy Feet som stogga så langt nede som på sekstiandeplass på dei engelske listene i 1981, og Brand Loyality frå 1982. I 1948 vart The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, fødd som John Alvin Osbourne i bydelen Aston i Birmingham. Slaktarsonen med den spesielle røysta slo på slutten av sekstitalet og gjennom dei harde syttiåra, seg opp som songar saman med dei langhåra heltane i Black Sabbath, før han, i samarbeid med kona Sharon Osbourne (f. Arden) starta ei solokarriere som har sementert legendestatusen med sal av millionar av plater verda over. I 1971 gav Led Zeppelin ut singelen Black Dog med Misty Mountain Hop på B-Sida. Plata klatra til femtande plassen på dei amerikanske listene. I 1980 la Madness seg inn på ein fin fjerdeplass på listene med Embarresment. Den legendariske arenaen Madison Square Garden i New York er kan hende mest kjend for boksekampar med avtalt utfall, men i 1981 var det AC/DC som var hovudattraksjonen då scenelysa kom på. I 1989 stod Toy Dolls for larm og lyd i Sala Rancho Bill i Burgos.

01.12.2010

Fyrste desember

Fyrste desember 1951 kom John Francis Anthony Pastorius til verda. Jaco Pastorius vert rekna som ein av tidenes beste bassistar og vert gjerne hugsa frå tida med bandet Weather Report. I mi platesamling kan Pastorius sitt emminente basspel høyrast på Ian Hunter si plate All American Alian Boy frå 1976. Pastorius sleit etter kvart med rusproblem og døyde etter å ha blitt sparka i hjel av ein dørvakt i Florida i 1987. I 1965 spelte Johnny Cash inn Happines Is You som vart gjeven ut på eit album med same namn. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1977 gav Aerosmith ut plata Draw The Line. I 1989 var Salamanca vertar for Toy Dolls

30.11.2010

Trettiande november

Trettiande november 1945 kom den walisiske musikaren Roger David Glover til verda. Roger Glover har tatt plass i mi platehylle på Deep Purple-plata Machine Head frå 1972, samt liveplata Power House, som kom i 1977. I 1980 var Toy Dolls attende i Durham og kunne opplevast frå scenen i West Cornfort Club. I 1981 rocka AC/DC dei frammøtte i Ruff Arena i Lexington. I 1985 kunne universitetet i Nottingham helse Toy Dolls velkomen. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Spania der dei stod på scenen i Chinatown i Madrid.

29.11.2010

Tjueniande november

Tjueniande november 1975 fekk Neil Young hjelp av kompisane sine i Crazy Horse til å forevige godlyden som enda opp som songen Like A Hurrican. Dette skal ha skjedd på Broken Arrow Ranch. Plata American Stars’n Bars frå 1977 byr på denne perla. I tillegg kan ein sjølvsagt kjøpe plata Greatest Hits. I 1981 stod AC/DC på scenen i Richfield Coliseum i Cleveland. I 1986 gav tidlegare Blondie-vokalist Debbie Harry ut den andre soloplata si, Rockbird, som var fyrste plate etter at Blondie skilte lag i 1982. I 1988 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Guns n’ Roses si plate G N’ R Lies som var bandet si andre plate og inneheld fire tidlegare utgjevne livespor frå EP Live ?!*@ Like A Suicide og fire akustiske spor eigentleg meint for Appetite For Destruction. Same dato i 1989 spela Toy Dolls i Chinatown i Madrid.

27.11.2010

Tjuesjuande november

Tjuesjuande november 1942 vart Jimi Hendrix fødd i Seatle i delstaten Washington på den amerikanske vestkysten. I 1962 vart Charlie Benante fødd i The Bronx i New York. Benante er hardtarbeidane trommeslagar i det amerikanske hardrockbandet Anthrax. I 1979 hadde One Step Beyond sjuandeplass på listene. Bandet bak perla var Madness. I 1982 stod Our House for ein femteplass på listene. Det var Madness som fortalte om huset in the middle of our street. I 1987 var familien Timmins i spissen det lågmælte kanadiske bandet Cowboy Junkies i Church Of Holy Trinity i Toronto og spelte inn det som vart til plata The Trinity Sessions. I 1988 la Iron Maiden ut på ein englandsturne som inkluderte to utselde konsertar på Wembley Arena og tre i utskjelde Hammersmith Odeon.

26.11.2010

Tjuesjette november

Tjuesjette november 1939 såg Tina Turner dagsens ljos som Anna Mae Bullock. Rocken si bestemor er for dei fleste best kjend for solokarriera si, som vart revitalisert med hjelp av alltid like velkledde David Bowie på slutten av det dekadente åttitalet. Turner sin best kjende song, Nutbush City Limits, har fått ei gate oppkalla etter seg i fødebyen hennar, slå den. Turner har også spela i filmar som Mad Max III og Tommy, men hjå meg er ho, enn så lenge, representert med ei samling som oppummerar det beste ho gjorde saman med mannen som banka ho til topps på listene med duoen Ike & Tina Turner i fyrste del av karriera, den valdelege eksmannen Ike Turner. I 1981 heldt AC/DC konsert i Checkerdome i den tidlegare OL-byen St. Louis. I 1982 var turen komen for Annabels i Sunderland til i få ei vitjing av Toy Dolls. I 1985 sigla oktetten Madnesss over havet for å helse på Uncle Sam. Det vart løna med ein tjuefyrsteplass på singellistene.

25.11.2010

Tjuefemte november

Tjuefemte november 1927 kom Dick Wellstood til verda som Richard MacQueen Wellstood. Wellstood sitt pianospel kan i mi platesamling høyrast på plata The Freewhellin’ Bob Dylan frå 1963. I 1965 vart Timothy Lockwood Armstrong fødd i universitetsbyen Berkeley i California. Tim Armstrong er sjefen for Hellcat Records og har også tent til livets opphald i punkbandet Rancid. Armstrong kan i mi platehylle høyrast medan han syng og spelar gitar på Rancid-plata Life Won’t Wait frå 1998. han yt også vokalske bidrag på songen Television frå Bad Religion si plate Stranger Than Fiction frå 1994. I 1974 døyde ein altfor ung Nick Drake av ein altfor stor dose antidepresiva. I 1979 var Conservative Club i Thornaby vertskap for Toy Dolls, dette var, i følgje sikre kjelder, gitaristen Hud sin einaste konsert med bandet. I 1981 var AC/DC i Ohio og spelte i Riverfront Coliseum i Cincinnati. I 1983 kunne Toy Dolls opplevast frå scenen i Henderson Hall i Newcastle. I 2003 gav Johnny Cash sitt overivrige og grådige dødsbu ut CD-boxen Unearthed, som, tross mine motførestillingar mot grådige Cash-arvingar, toppa ynskjelista til jul det året.

24.11.2010

Tjuefjerde november

Tjuefjerde november 1941 fekk verda for fyrste gong stifte kjennskap med superbassisten Donald Dunn. Dette skal han hendt i den musikalsk belasta byen Memphis i Tennessee. Dunn kan hjå meg høyrast på plate med dei legendariske banda Blues Brothers og Booker T & The MGs. I 1946 kom Anthony Michael Clarkin til verda i Birmingham. Tony Clarkin la i ungdomen frisørsaksa på hylla for å spele gitar i bandet Magnum. Clarkin har skrive alle songane på dei tre platene som står i mi platehylle, Kingdom Of Madness frå 1978, Magnum II, som kom i 1979 og konsertplata Marauder frå 1980, alle på plateselskapet Jet Records. I 1954 vart trommeslagaren Clem Burke fødd i Bayonne, New Jersey. Burke fekk fødenamnet Clement Anthony Bozewski og er best kjend som trommeslagar i new-wave bandet Blondie. Han har også tromma for stjerner som Joan Jett. Burke har også gjort seg merka som Elvis Ramone etter at han heldt takten for dei skinnkledde i to show i august 1987. I 1960 vart familien Meyer i Oak Ridge i Tennessee lykkelege foreldre til jazzbassisten Edgar Meyer. Saman med resten av bandet Telluride kan Meyer hjå meg høyrast på Nothing But A Child frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1991 døyde Eric Carr av kreft, førtiein år gamal, same dag som Freddie Mercury sa takk for seg etter å ha levd med diagnosen HIV i fire år. I 1999 slepte Luca Turilli plata King Of The Nordic Twilight. Plata var den fyrste i ein triologi.

23.11.2010

Tjuetredje november

Tjuetredje november 1956 fekk verda for fyrste gong stifte kjennskap med ein av grunnleggarane av Iron Maiden, gitaristen Dave Murray. I 1960 kom jazzgitaristen Jean-Paul Bourelly til verda i Chicago. Ein far frå Haiti er med å forklare det franskklingande namnet på mannen som hjå meg kan høyras medan han leikar med strengane på plata Amandala, som trompelegenda Miles Davis gav ut i 1989. I 1981 spelte AC/DC for dei frammøtte i Met Centre i Minneapolis, same dag som dei gav ut plata For Those About To Rock (We Salute You). I 1993 gav Anthrax ut samleplata Return Of The Killer A’s. I 1999 fekk verda for fyrste gong høve til å stifte kjennskap til plata Midnite Vultures, artisten bak meisterverket var sjølvsagt Beck. I 2004 gav No Doubt-vokalist Gwen Stefani ut soloplata Love. Angel. Music. Baby.

22.11.2010

Tjueandre november

Tjueandre november 1925 kom jazzmusikaren Gunther Schuller til verda. Schuller er i mi platesamling representert medan han spelar franskhorn på Miles Davis si plate Birt Of The Cool frå 1957. I 1980 kom Motörhead med plata The Beer Drinkers EP. I 1981 var Toy Dolls i West Road Club i Loftus og AC/DC møtte den etter kvart trufaste fansen i Met Centre i norskamerikanske Minneapolis. I 1988 gav Gipsy Kings ut si tredje studioplate, den hadde same namn som orkesteret og inneheldt slagaren Bamboleo. I 1993 var dette dagen Jethro Tull gav ut samleplata Nightcap. The Unreleased Masters som inneheldt ei rekkje tidlegare uutgjevne innspelingar som vart gjort tidleg i bandet si karriere.

21.11.2010

Tjuefyrste november

Tjuefyrste november 1948 vart keybordisten John Douglas Bundrick fødd i Houston. Bundrick sin CV tel namn som The Who, Eric Burdon og Johnny Nash, men hjå meg er det på Sleeping With The Dog frå Jethro Tull-plata Catfish Rising arbeidet hans kan høyrast. I 1960 fekk verda bassisten Brian Ritchie. Ritchie har ytt sitt bidrag til musikken si verd gjennom fleire plateinnspelingar med Violent Femmes. I 1961 kom Elvis Presley med singelen Can’t Help Falling In Love. Songen er henta frå filmen Blue Hawaii og låg fire veker på toppen av dei engelske listene. I USA var andreplass høgaste notering. I 1965 fekk verda den islandske songerinna Björk Guðmundsdóttir, som hjå meg både har fått plass til soloplata Debut frå 1993 og plata Stick Around For Joy som ho gav ut i 1992 som ein del av det fantastiske bandet Sugarcubes. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm og spelte inn Wearing And Tearing. Det ferdige resulultatet kan høyrasat på samleplata Coda frå 1982. I 1980 la Iron Maiden ut på ein ti dagar turne i England, for å introdusere den nye gitaristen Adrian Smith for den voksande tilhengjarskaren. I 1979 gav plateselskapet CBS ut Gasolin’ si debutplate Gasolin’, i ettertid gjerne kalla Gas 1. Plata vart spela inn i Rosenberg Studios i København tidlegare same år og produsent var Sture Lindén. I 1981 spelter AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago. I 1986 gav det amerikanske alternativbandet Soul Asylum ut den tredje plata si, While You Were Out. I 1995 underheldt Ozzy Osbourne gordiane i Newcastle City Hall. I 2000 gav Nine Inch Nails ut plata Things Falling Apart, som var ei samling remiksar frå andre studioplater og som ikkje fekk noko god mottaking i kritikarkrinsar. I 2007 tapte tidlegare Magnum-trommis Kevin ”Kex” Gorin kampen mot kreften. Gorin heldt takten på Magnum sine fire fyrste studioplater, eg har berre sikra meg to av dei, Kingdom Of Madeness (1978) og Magnum II (1979), i tillegg til liveplata Marauder som kom i 1980.

20.11.2010

Tjuande november

Tjuande november 1949 kom Ulf Gerhardt Lundell til verda på Söder i grannelandet sin vakre hovudstad Stockholm. Rockepoeten Uffe er ein skandinavisk blanding av Bob Dylan og Bruce Springsteen og rockar skjorta av dei fleste nolevande svenskar. Best kjend, frå ein rikhaldig katalog, er nok klassikaren Öpna Landskap. Lundell har også gjort seg merkt som forfattar og biletkunstnar. I mi platehylle finn du plata Män Utan Kvinnor frå 1997. I 1949 vart også William “Bill” Reichenbach Jr. Fødd i Tacoma Park i Merryland. Reichenbach spelar trombone på songen Trouble’s Braids på Tom Waitz si plate Swordfishtrombones frå 1983. I 1981 spelte AC/DC i Rosemont Horizon i Chicago. I 1982 hoppa Olga og dei andre i Toy Dolls på Scenen i Framwellgate Moor Club i Durham. I 1986 var Tsubaki House i Tokyo vertskap for Toy Dolls. I 1995 spelte Ozzy Osbourne live i Ballroom Barrowlands i Glasgow. Dei frammøtte fekk mellom anna høyre klassikarar som Paranoid, No More Tears, I Don't Want To Change The World, Suicide Solution, Sabbath Bloddy Sabbath, Mama, I'm Coming Home og Bark At The Moon, som alle kan høyrast på liveplata Master Of Madness som kom på marknaden i 1996.

18.11.2010

Attande november

Attende november 1983 avslutta AC/DC innspelinga av For Those About To Rock (We Salute You). Regisør var Derek Burbridge. I 1986 spela Toy Dolls på Big Ban i Kyoto. I 1993 var Nirvana i Sony Studios i New York og spela inn konserten som skulle ende opp som plata Unplugged In New York. Oppdragsgjvevar var fjernsynskanalen MTV. I 1995 hadde Brixton Academy i London vitjing av Ozzy Osbourne med følgje. I 1997 gav AC/DC ut ein CD-Box med fem plater til minne om den avdøyde vokalisten Bon Scott. Boksen inneheld liveopptak og raritetar frå starten tidleg på syttitalet og fram til Scott døyde i 1980. I 1999 døyde tex-mex songaren Doug Sahm.

17.11.2010

Syttande november

Syttande november 1946 vart gitaristen Martin Barre fødd og tildelt det flotte mellomnamnet Lancelot. Barre har spelt i Jethro Tull sidan 1969 og har vore med på alle platene bandet har slept etter This Was som kom i 1968. I 1969 hadde Jimi Hendrix med seg Band Of Gypsies, Buddie Miles på trommer og Billy Cox på bass, og spelte inn Room Full Of Mirrors på Reccord Plant i New York. I 1979, på bandkollega Martin Barre sin gebursdag, døyde bassisten John Glascock. I 1981 spelte Ebba Grön på Kulturama i Stockholm og songen Mental Istid kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. Same dag spelte AC/DC i Milwaukee Arena i Milwaukee. I 1983 starta AC/DC innspelinga av videoen til For Those About To Rock (We Salute You). I 1986 fekk dei frammøtte i Candy Hall i Osaka høve til å nyte Toy Dolls. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i L’usine i Reims. I 1995 var det Centre i Newport sin tur til å vere vertskap for ein snart pensjonert Ozzy Osbourne.

Sekstande november

Sekstande november 1977 la Lynyrd Skynyrd spørsmålet What’s Your Name? ut på dei amerikanske singellistene, b-sida med tittelen I Know A Little gjev eit hint om at dei hadde ei aning. I 1978 var Led Zeppelin i ABBA-bastionen Polar Studios i Stockholm og spelte inn songen Darlene. Resultatet frå denne seansen kan høyrast på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1981 bydde datoen på konsert med AC/DC i Cobo Arena i Detroit. Tidlegare på dagen hadde Kiss slept konseptalbumet Music From The Elder, som på ingen måte vart den salssuksessen som bandet og produsenten Bob Ezrin hadde vona. Gitaristen Ace Freley forlet bandet etter at plata var spela inn og vart erstatta av Bruce Kullic. I 1982 døyde Al Haig. I 1989 var Salle de la Cite i Rennes arena for Toy Dolls sine herjingar. I 1992 slepte Mano Negra si fyrste liveplate, In The Hell Of Patchinko. Dette var mitt fyrste møte med bandet og eg hugsar enno at håra på armen min reiste seg då den rå energien strøyma ut av høgtalarane og inn i øyrene mine. Absolutt ei av dei beste platene eg har høyrd nokon sinne. I 1999 kom Will Smith si andre studioplate Willennium og eg har ikkje anna forklaring på at eg eig denne plata enn at ein kan få mykje rart for ein tiar.

15.11.2010

Femtande november

Femtande november 1945 vart Anni-Frid Lyngstad fødd. Lyngstad vart fødd i Balangen i Troms i Noreg, men gjorde svenske av seg i ung alder og er mest kjend for tida som songar i den svenske superkvartetten ABBA og ekteskapet med felles ABBA-medlem Benny Andersson. I 1951 kom gitaristen Frank Infante til verda. Infante slo seg saman med gruppa Blondie i 1977 og spelte med dei fram til bandet vart oppløyst fyrste gong i 1982. Infante fekk ikkje tilbod om å vere med då bandet vart attforeina tidleg på 1990-talet. Seinare har Infante holdt koken saman med store namn som Iggy Pop, Joan Jett og 4Non Blondes. I 1972 kom Gasolin’ si andre plate, Gaz 2, på marknaden på denne dagen. I 1981 introduserte Iron Maiden den nye vokalisten, Bruce Dickinson for den engelske fansen. Same dag spelte AC/DC i Cobo Arena i Detroit. I 1986 bydde dagen på plateugjeving frå Beastie Boys, meisterverket fekk namnet Licensed To Ill, ei plate som har selt i meir enn ni millionar eksemplar verda over. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i MJC jous les i Tours. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Apollo Theatre i Manchester.

14.11.2010

Fjortande november

Fjortande november 1951 vart trommeslagaren Frankie Banali fødd i Queens. Banali er best kjend for å ha vore medlem i Quiet Riot, men i mi platesamling er det som trommeslagar for W.A.S.P. på samleplata First Blood. Last Cuts han kan høyrast. I 1978 var Led Zeppelin i Polar Studios i Stockholm, der dei spelte inn Ozone Baby. Songen kan finnast på samleplata Coda frå 1982. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Arts Centre i Darlington, og datoen bydde også på ein konsert med AC/DC, det gjekk føre seg i Cobo Arena i Detroit der dei spelte for andre kveld på rad. I 1985 kunne 100 Club i London ynskje Toy Dolls velkomen attende. Theatret Barbet i Bordeaux tok i mot Toy Dolls i 1989. Same dato i 1992 kom Motörhead med The ’92 Tour EP. I 1995 kunne mørkets fyrste, Ozzy Osbourne både høyrast og sjåast på scena i Sheffield City Hall og Melissa Etheridge gav ut plata Your Little Secret.

13.11.2010

Trettande november

Trettande november 1942 kom gitaristen John Paul Hammond til verda i New York. Hammond kan i mi platesamling høyrast medan han spelar gitar for Bob Dylan på plata Bring It All Back Home frå 1965. Han er også kreditert for å spele Blues Harp på sporet Pony frå Tom Waitz si plate Mule Variations,s som kom på marknaden i 1999. I 1953 fekk verda trommeslagaren Andrew Ranken. Ranken er best kjend for å spele trommer for The Pogues. Han kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. Der er han rett nok omtalt som Ardren Ranken. I 1981 var Ferryhill staden for dei som ville høyre Toy Dolls spele og det hendte på 101 Club. Same dag spelte AC/DC i Cobo Arena i bilbyen Detroit.

12.11.2010

Tolvte november

Tolvte november 1944 kom Booker T. Jones til verda. Jones er kjent som både musikar og produsent og arbeidd med alle dei store i bransjen. Hjå meg kan Booker T. høyrast både som sjef for eige band og som musikar for stjerner som Willie Nelson og Bob Dylan. I 1945 vart den kanadiske superstjerna Neil Young fødd. Litt seinare vart han utstyrt med mellomnamnet Percival. Sjølv var eg så heldig at eg fekk oppleve Neil Percival Young på Koengen i Bergen i 2008. I 1964 vart bassisten David Ellefson fødd i den skandinaviske delstaten Minnesota. Ellefson slo seg saman med Dave Mustain og starta Megadeth i 1983, og det er på plata Rust In Peace han kan høyrast i mi platesamling. I 1968 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York for å spele inn Splash som eigentleg var med på plata Circle In The Round frå 1979, men som i mi platesamling har fått plass som bonusspor på plata Water Babies. I 1987 var Toy Dolls i Sneeke for å spele på Bolwerk same dag som Cornelis Vreeswijk døyde. I 1991 kunne ihuga fans kjøpe ein Lynyrd Skynyrd-box med same namn som bandet. I 1995 var Rock City i Nottingham verskap for Ozzy Ozbourne sin Retirement Sucks-turné.

09.11.2010

Niande november

Niande november 1985 kom den andre plata frå W.A.S.P., The Last Command. Steve Riley hadde erstatta Tony Richards på trommene. Blind In Texas og Wild Child kan i tillegg høyrast i remixa versjonar på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 fekk Paradiso i Amsterdam vitjing av Toy Dolls. I 1987 spelte Toy Dolls på Bisqethalle i Bonn. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Rockstore i Montpellier. Same dag døyde den amerikanske jazzsongaren Kenny Hagood. ”Pancho” Hagood, som var fødd i bilbyen Detroit i 1926, kan hjå meg høyrast som hjelpevokalist for Miles Davis på plata Birth Of The Cool. I 1992 gav Mano Negra ut liveplata In The Hell Of Patchinko. I 1995 stod Ozzy Osbourne på scenen i Guildhall i Portsmouth.

08.11.2010

Åttande november

Åttande november 1971 fekk platekjøparane høve til å sikre seg Led Zeppelin si fjerde studioplate, Led Zeppelin IV. Plata inneheld klassikaren Stairway To Heaven, gruppa sin best kjende song, som utruleg nok aldri vart gjeven ut som singel. I 1980 fekk platekjøparane høve til å hente heim Motörhead si etter kvart udødlege Ace Of Spades plate. I 1986 venta Madness på toget. Waiting For The Ghoast Train stogga på ein åttandeplass på listene. Gutane i Toy Dolls nytta dagen til å spele på De Koog i Noordesharwoude. Same dag slepte W.A.S.P. den tredje plata si, Inside The Electric Circus. Etter at Randy Piper forlet bandet har Blackie Lawless gått over til gitar og bassisten Johnny Rod er på plass. Ein remixa versjon av I Don’t Need No Doctor kan høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1989 såg dei frammøtte på Ferrand Maison du People i Clermont Toy Dolls gjere sitt frå scenen. I 1990 var Violent Femmes på vitjing til Australia og spelte live på The Palace i Melbourne. Songen Kiss Of kan høyrast på samleplata Add It Up frå 1993. I 1995 var Ozzy Osbourne sin Retirement Sucks-turne komen til Regent Theatre i Ipswich. Fear Factory varma opp for The Mad Man.

07.11.2010

Sjuande november

Sjuande november 1963 kom bassisten Petter Taranger til verda. Petter Pogo har vore innom ei rekkje punkband i både heimbyen Bodø og i Oslo og har gjort størst suksess i Jokke & Valentinerne, der han fekk med seg ein spelemannspris for plata Frelst i 1991. I 1969 spela Crosby, Stills, Nash & Young inn nydelege Helpless i Wally Heider studios. For dei som ikkje vil investere i Neil Young Greatest Hits er CSN&Y plata Deja Vu ein grei stad å leite etter denne perla. I 1981 hadde Le-Metro i Sunderland gleda av å presenterer Toy Dolls som haustunderhaldning. I 1982 var dette datoen Iron Maiden opna sin fyrste australiaturné og ti konsertar venta dei ”down under”. I 1986 kunne ein oppleve Toy Dolls i Youth Hall i Den Bosch. I 1987 bydde denne dagen på ein konsert med Toy Dolls i Waginingen Youth Club. I 1988 slepte Iron Maiden singelen The Clairvoyant, som tok seg til sjetteplass på listene. I 1997 gav Ulf Lundell ut plata Män Utan Kvinnor. I 1989 var Toy Dolls på scenen og underheldt på Le Transbordeur i den franske mathovudstaden Lyon.

06.11.2010

Sjette november

Sjette november 1941 kom ein av Tex-Mex musikken sine mest markante skapningar til verda i myteomspunne San Antonio i Texas. Douglas Wayne Sahm debuterte som musikar i ein alder av fem år, han spelte i ulike band fram til han starta Sir Douglas Quintett i 1965. SDQ hadde ei rekkje hits og gjorde stor suksess i Skandinavia. Saman med kompisen Freddy Fender og Augie Myers og Flaco Jimenez starta Sahm Texas Tornardos i 1990. Bandet gav ut fire plater og fekk med seg ein Grammy. Både SDQ og TT er representert i mi platehylle. Sahm døyde i 1999. I 1948 vart bassisten John Russel Morgan fødd. Morgan nytta artistnamnet Rushton Moreve då han spelte i legendariske Steppenwolf. Same dag kom George Redburn Young til verda i den einaste skotske storbyen, Glasgow. Seinare utvandra heile Young-familien til australia og unge George toppa hitlistene verda over saman med resten av The Easybeats med hiten Friday On My Mind. Men kan hende er det som produsent for dei to brørne sine George Young har gjort seg best kjend, han har produsert dei tidlegaste AC/DC-platene, og kan i mi platesamling høyrast medan han spelar bass på Little Lover og She’s Got Balls på den internasjonale versjoen av plata High Voltage. I 1961 kom Craig Goldie til verda. Goldie har vore innom band som Venegance og Rough Cut, men i mi platehylle er det som gitarist på Dio-plata Dream Evil frå 1987 han kan høyrast. I 1964 kom geologiprofessoren og vokalisten i Bad Religion, Greg Graffin til verda. Graffin er i dag einaste gjenværande originalmedlem av gruppa og kan i mi platehylle høyrast medan han gaular ut si vrede på platene Stranger Than Fiction frå 1994 og No Substance (1998). I 1978 nytta Blondie kvelden til å underhalde i The Walnut Theatre i Philadelphia. I Know But I Don’t Know kan høyrast som bonuskutt på plata Parallel Lines. I 1981 var det punkrock på programmet i Brewers Arm i Durham, underhaldninga var det Toy Dolls som stod for. I 1986 var endeleg Toy Dolls attende på Bolverk i hollandske Sneek. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hamburg for å spele på Markthalle. I 1988 var Iron Maiden-singelen Infinite Dreams til sals, det same var videoen Maiden England. I 1990 gav The Pogues ut plata Hells Ditch.

05.11.2010

Femte november

Femte november 1931 er dagen Ike Turner kom til verda. Turner var gitaristen som stod for den drivande gode gitarlyden i duoen Ike & Tina Turner på slutten av sekstitalet. Ike Turner døyde i 2007. I 1965 gav The Who ut singelen My Generation, som også var titelen på debutplata som kom ut ein månad seinare. Singelen nådde andreplassen på listene. I 1973 kunne Lynyrd Skynyrd-singelen Gimme Three Steps kjøpast for pengar. I 1980 stod Coach and Eight i Durham som vertskap for Toy Dolls. I 1982 kom Toy Dolls til Central Club i Newbiggen. I 1983 var The Sun And The Rain tema for Madness sitt listebidrag. Publikum var såpass fornøgd at det vart ein femteplass. I 1986 kunne fastbuande og tilreisande i Köln gå på Luxor og sjå Toy Dolls spele. I 1987 spelte Toy Dolls på Batschlapp i Frankfurt. I 1996 gav Johnny Cash ut plata Unchained. Plata var nummer to i serien American Recordings og produsent var framleis Rick Rubin. I 2002 gav Johnny Cash ut plata American IV: The Man Comes Around. Plata resulterte i eit ras av nominasjonar og titlar på utdelingar som Grammy og MTV Awards.

04.11.2010

Fjerde november

Fjerde november 1976 kom Freddy Cricien til verda. Cricien tenar til vanleg til livets opphald som vokalist i det amerikanske punkbandet Madball, og den som stikk innom ein dag eg er i godlune, kan få høyre han skrike lungene sine ut på plata Hold It Down frå 2000. I 1977 var dagen Ramones kom med plata Rocket To Russia. Åstad for innspelinga av meisterverket var Media Sound, New York i august og september same år og produsentar var Tony Bongiovi og T. Erdelyi aka trommeslagar Tommy Ramone. Songane Rockaway Beach, Teenage Lobotomy, Cretin Hop og We’re A Happy Family kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1978 spelte Blondie live på The Paradise i Boston. Deira versjon av Marc Bolan sin Bang A Bong (Get It On) kan høyrast som bonuskutt på plata Parallel Lines. I 1980 var The Who i Odessey Studios i London og spelte inn You Better You Bet. Erstattar for trommeslagar Keith Moon var Kenny Jones. I 1981 stod Toy Dolls på scenen i Biddic Farm Centre i Washington. I 1986 fekk gjestane på Zeche oppleve ein konsert med Toy Dolls. I 1987 var Toy Dolls i Freiburg for å spele på Cräsh. I 1989 var Toy Dolls og rocka Paris frå scenen i Elysee Montmartre. I 1992 enda Iron Maiden sin Fear Of The Dark Tour i Yoyogi Olympic Pool i Japan. I 1994 døyde Fred ”Sonic” Smith.

03.11.2010

Tredje november

Tredje november 1954 vart den amerikanske cellisten Melissa Hasin fødd i Newport Beach i California. Hasin har ei imponerande merittliste som tel både Barbara Streisand og Tori Amos, men i mi platesamling er det på No Doubt-plata Tragic Kingdom frå 1995 ho kan høyrast. I 1960 kom tangentmannen i skotske Deacon Blue til verda. James Prime vart fødd i Kilmarnock og var med å starte bandet i 1985, men forlet den glade forsamlinga i 1998. I 1963 kom den norske biletkunstnaren May Iren Aasen til verda. Aasen er for massane kjend for å spele trommer for Jokke & Valentinerne og kan i mi platesamling høyrast medan ho held takten på platene III (1990) og Frelst (1991). I 1964 fekk verda høve til å kjøpe Elvis Presley sin versjon av den tyske barnesongen Muss I Den. Wooden Heart var henta frå familiefilmen G.I. Blues, den fyrste filmen der ”Kongen” ikkje spela rolla som rebell, og låg seks veker på topp av dei engelske listene, men fekk ikkje notert listeplassering i USA. I 1980 slepte Neil Young plata Hawks & Doves, der Levon Helm frå The Band slepte til på trommer på eit av spora. I 1981 vitja Toy Dolls Casablanca i Newcastle. I 1982 kom Toy Dolls til Fandangos i Hexham. I 1984 kom Iron Maiden med singelen Aces High. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls frå scenen på Tor III i Dusseldorf. I 1987 var Toy Dolls attende på Theatre Fabrik i Munchen. I 1989 var Exil i den tidlegare romerske grensebyen Trier åstad for ein Toy Dolls konsert.

02.11.2010

Andre november

Andre november 1947 vart David Pegg til verda. Dave Pegg har spelt med store folk-rock namn som Fairport Convention, og i mi platehylle kan han høyrast medan han speler med Jethro Tull på studioalbumet Catfish Rising frå 1991 og konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1976 gav Miles Davis ut plata Water Babies som inneheldt studioinnspelingar han hadde gjort saman med eit elitelag av musikarar på slutten av sekstitalet. Mi nyutgjevne CD-plate inneheld songen Splash, som ikkje var blant dei fem utvalde spora på den originale plata. I 1977 var Neil Young i Woodland Sound Studios i Nashville og spela inn songen Comes A Time som vart utgjeven på plata med same namn. Same dato i 1979 stod Toy Dolls på plakaten i Comrades Club i Horden. Etter den konserten forlot Pete Zulu bandet for fyrste gong. I 1981 spela Toy Dolls sin konsert nummer hundre og det jubileet vart markert i Legions Park i South Shields, same dag gav Neil Young ut plata Re-Ac-Tor saman med husrockarane i Crazy Horse. I 1986 stod Toy Dolls på scenen i Salle De Faubourg i Geneve. I 1989 fekk Luxor i Köln gleda av å høyre og sjå Toy Dolls. I 1991 spela Mano Negra live på Club Chitta i Kawasaki, ein konsert som er foreviga på plata In the Hell of Patchinko som sjølvsagt står trygt plassert i platehylla mi.

01.11.2010

Fyrste november

Fyrste november 1960 stilte Elvis Presley stilte Elvis Presley spørsmålet mange ungjenter vona å få. Are You Lonesome Tonight? begeistra platekjøparane nok til at det var seks veker på fyrsteplass i USA, fire i England. I 1962 kom Red Hot Chili Peppers-vokalisten Anthony Kiedis til verda i Grand Rapids i Michigan. I tillegg til Kiedis sitt musikalske innslag, vert han gjerne hugsa for ei rekkje damehistoriar, og i mi platesamling er det forholdet til den aust-tyske punkdronninga Nina Hagen som utmerkjer seg. I 1972 gav Slade ut plata Slayed?, som inneheldt mange av dei store hitsa dei vert hugsa for i dag. Mama, We’re All Crazy Now nådde fyrsteplassen på dei britiske singellistene, Gudbuy T’Jane kom aldri høgare enn nummer to, men det sikra dei plass i historiebøkene. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls på Meerhaus i den sveitsiske hovudstaden, Bern. I 1987 var Toy Dolls innom Graz for å spele på Haus der Jugend. Same dag gav Black Sabbath ut plata The Eternal Idol, den fyrste plata der vokalist Tony Martin fekk prøve seg som frontmann. I 1989 var dette dagen då Cafe Europa i Bielefeld tok i mot Toy Dolls. I 1994 vart det høve til å kjøpe Nirvana sin akustiske MTV-konsert på plate.

31.10.2010

Trettifyrste oktober

Trettifyrste oktober 1963 er dagen svensk-grekaren Mickale Delaouglou kom til verda i Göteborg. Folk flest kjenner mannen som Mickey Dee, han er kan hende verdas beste nolevande trommis og, etter ei fortid i merriterte hardrockband som King Diamond og Dokken, spelar han for tida trommer i det som utan tvil er verdas beste hardrockband, Motörhead. I mi platesamling kan Dee sitt trommespel høyrast på platene Kiss Of Death og Motorizer. I 1982 opna Witton Club i Durham dørene for Toy Dolls, dette var bandet sin hundreogfemtiande konsert. I 1985 var Toy Dolls komen til Bochum for å spele på Zeche for andre gong dette året. I 1987 var Toy Dolls i Wien for å spele på Fritz. I 1989 var Top Act i Zapfendorf åstad for ein konsert der Toy Dolls framførde musikken sin og Billy Joel nytta dagen til å gje ut si ellevte studioplate Stormfront.

30.10.2010

Trettiande oktober

Den trettiande oktober 1946 kom walisaren Cris Slade til verda som Christopher Rees. Slade har ei fortid som trommeslagar for Paul Rogers (Free/ Bad Company), men hjå meg heldt han takten på AC/DC-plata The Razors Edge, som sjølvsagt står trygt plassert mine platehyller, både som LP og CD. I 1960 sang Elvis Presley inn Surrender med bandet The Jordanaires. Dette var også dagen den same Elvis Aron Presley spela inn Crying In The Chappel, sjølv om det i dette tilfellet gjekk fleire år før songen vart tilgjengeleg for platekjøparane. I 1977 var dette dagen då Ramones spela det som vart den siste konserten deira på den legendariske punk- og rockeklubben CBGB (eigentleg Country, Bluegras, Blues) i New York. I 1983 var turen komen for Toy Dolls å spele på Jilly’s i Manchester. I 1986 kunne ein høyre Toy Dolls om ein var tilstades på Razzia i Zurich. I 1989 spela Toy Dolls på Live Station i Dortmund.

27.10.2010

Tjuesjuande oktober

Tjuesjuande oktober 1933 vart den amerikanske pianisten Floyd Cramer fødd i Louisiana. Cramer sin CV inneheld pianospel for storleikar som Elvis Presley, Patsy Cline og Chet Atkins, men i mi platesamling er det på Johnny Cash sine plater Ride This Train og Now There Was A Song, begge frå 1960, tangentleiken hans kan høyrast. Cramer døyde i 1997. I 1977 fullførde The Who innspelinga av ein ny sang, tittelen var New Song. I 1979 var dette dagen Motörhead si plate, Bomber, kom på marknaden. Eg har også ei kjelde, CD-boxen Protect The Innocent, som hevdar dette også var dagen dei same karane slepte den etter kvart legendariske liveplata No Sleep ’Till Hammersmith laus på folk. Discografien på Motörhead sin eigen nettstad påstår at plata ikkje kom før tjuesjuande juni 1981. I 1979 var også Toy Dolls på scenen i Ryhope Popular Club i Sunderland. I 1986 var Toy Dolls attende og spelte for dei frammøtte i Alabamhalle i Munchen. I 1989 var Toy Dolls innom Kiel og spelte på Max Music Hall.

26.10.2010

Tjuesjette oktober

Tjuesjette oktober 1936 vart gitaristen Alvin W. Casey fødd i Long Beach. Al Casey gjorde frå ung alder karriere som studiomusikar og opp gjennom åra spelte han for, mellom anna, Beach Boys, Elvis Presley og Nancy Sinatra. I mi platesamling kan han høyrasat medan han trakterar gitaren på Johnny Cash platene The Fabolous Johnny Cash frå 1958, Songs Of Our Soil og Hymns By Johnny Cash frå 1959, Ride This Train frå 1960 og Ragged Old Flag frå 1974. Casey døyde i 2006. I 1953 kom Julian Keith Strickland til verda. Strickland var ein av originalmedlemmene av The B52s, der han spelte trommer. Etter at ein annan originalmedlem, Ricky Wilson døyde i 1985, gjekk Strickland over til å spele gitar. I 1968 er fyrste gong Page, Plant, Jones og Bonham spelar saman under namnet Led Zeppelin. Det hendte i Boxing Club i Bristol. I 1980 var Toy Dolls attende i Shildon og Old Club er vertskap. Dette er også datoen då, i 1981, Iron Maiden la ut på fem dagar turné i Italia for å få den nye vokalisten, Bruce Dickinson, varm i trøya. I 1982 hadde Toy Dolls tatt turen sør til London og spela på Rock Garden. I 1983 kom Mötley Crue si vanskelege andreplate, Shout At The Devil som tok dei frå å vere eit undergrunnsband til å vere verdsstjerner. I 1985 fekk alpelandet Sveits høve til å høyre Toy Dolls, det kunne dei gjere i Dolce Vita i Lausanne. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Szenvien i Vien. Same dato i 1989 var Toy Dolls komen seg til Braunschweig, der dei stod på scenen i Burgerpark. Same dag slepte Hooters si fjerde studioplate, den fekk namnet Zig Zag og hadde med Peter Paul And Mary som gjestevokalistar på singelen 500 Miles. I 1993 gav canadiske Crash Test Dummies ut plata God Shuffled His Feet, som var bandet si andre plate.

25.10.2010

Tjuefemte oktober

Tjuefemte oktober 1947 kom Judas Priest-gitaristen Glenn Raymond Tipton til verda i Blackheat i Midt-England. Tipton treng eigentleg ikkje nærare presentasjon, han er ganske enkelt ein av verdas framste hardrockgitaristar og mannen bak fleire av dei beste Priest-låtane og dei feitaste riffa. I 1951 fekk Tipton selskap av gitarkammerat Kenneth ”K.K” Downing Jr. Downing har utfordra Tipton til utallege gitarduellar og er med det ein minst like viktig del av det mektige lydbiletet til metallegendene i Judas Priest. I 1954 kom skodespelar og trommeslagar Victor DeLorenzo til verda. DeLorenzo kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for det legendariske traktorpunkbandet Violent Femmes og er representert på platene 3 (1989), Add It Up, New Times (1994) og Freak Magnet (2000). I 1961 fekk verda nok ein trommeslagar, då vart Chad Smith fødd. Smith kan i mi platesamling høyrast medan han held takten for Red Hot Chili Peppers og på Johnny Cash i plate Unearthed frå 2003. I 1968 gav Jethro Tull ut plata This Was på den engelske marknaden. I 1980 var Ebba Grön i Bellevueparken i Karlshamn. We’re Only In It og Schweden, Schweden kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 spelte Toy Dolls for frammøtte på La Salle De Faubourg i Geneve. Same dag døyde Gary Holton. I 1986 var Toy Dolls på plass for å spele på Posthof i Linz. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls frå scenen på Dolce Vita i Lausanne og Melissa Etheridge avslutta innspelinga av den sjølvtitulertet debutplata si, som kom på marknaden og inn i platehylla mi året etter. I 1989 stod Loft i Berlin på Toy Dolls sitt verdsturneprogram.

24.10.2010

Tjuefjerde oktober

Tjuefjerde oktober 1946 kom trommeslagaren Jerry Edmonton til verda som Gerald McCrohan i Oshawa i Canada. Edmonton heldt takten for verdas fyrste hardrockband, Steppenwolf, fram til 1976 og er mannen som held takten på Born To Be Wild. Edmonton døyde i ei bilulukke i California i 1993. I 1961 vart Rick Margitza fødd i bilbyen Detroit. Margitza er ein djevel på saxofonen og kan hjå meg høyrast når han spelar saman med jazzlegenda Miles Davis på plata Amandla frå 1989. I 1976 gav den irske gitarguden Rory Gallagher ut plata Calling Card. På denne plata var det Rod de’Ath som hadde teke plass bak trommesettet og heldt takten. I 1977 var The Who i Ramport Studios i Battersea for å spele inn New Song. Innspelinga vart fullførd eit par dagar seinare. I 1980 kunne dei frammøtte på W.M.C i Easington oppleve Toy Dolls frå scenen. Samstundes spelte Joachim Tåström og resten av Ebba Grön i Folkets Park i Huskvarna. Songane Pervers Politiker, Totalvägra, Det Måsta Vara Radion, Vad Skal Du Bli?, Tyst För Faen og Rock And Roll Music frå denne konserten kan alle høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 var det Rotefabrik i Zurich som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1986 fekk dei frammøtte på Hofstegrasse i Lustenac høve til å nyte Toy Dolls sin musikk. I 1987 var Toy Dolls i Stuttgart for å spele på Rohde. I 1988 platedebuterte det franske alternativbandet Mano Negra med Patchanka. I 1995 gav The Smashing Pumpkins ut si tredje studioplate, Mellon Collie And The Infinite Sadness, som var ein dobbel CD. Ein ganske så kraftig dose Billy Corgan, med andre ord.

23.10.2010

Tjuetredje oktober

Tjuetredje oktober 1943 fekk verda bassisten Billy Talbot. Talbot har livnært seg i bandet Crazy Horse som heile tida har hatt eit nært samarbeid med Neil Young. I mi platehylle kan Talbot høyrast på plata Rust Never Sleeps frå 1979. I 1945 var Kim Larsen fødd. Larsen er kjend som låskrivar og vokalist i den danske gruppa Gasolin. I 1949 kom Michael Burston til verda i engelske Cheltenham. Burston fekk tilnamnet Würzel då han spelte gitar på fem Motörhead-plater frå 1984 til han fekk sparken i 1995. Hjå meg kan Würzel sitt gitarspel nytast på Orgasmaton frå 1986, i tillegg til ei rekkje samleplater. I 1964 heldt Grateful Dead hus på Fillmore West Palladium i San Francisco, California. Konserten er utgjeve på plate og dei som vil kan høyre udødelege låtar som Uncle Joe’s Band, Early Morning Dew og Kris Kristofersen sin bestseljar Me & Bobby McGee. I 1966 var datoen via Jimi Hendrix si innspeling av Hey Joe. Seansen gjekk føre seg i Kingsway Studios som ligg i London. I 1987 var Toy Dolls på Hardrock Club i Mannheim. I 1989 kunne Toy Dolls opplevast på scena i Longhorn i Stuttgart.

21.10.2010

Tjuefyrste oktober

Tjuefyrste oktober 1941 fekk verda eit gitargeni då Stephen Lee Cropper vart fødd. Steve Cropper er i mi platesamling representert som både ein Blues Brother og som mannen som står for den heilt fantasiske gitarkoselyden i supergruppa Booker T And The MGs. I 1952 vart Brent Mydland fødd i den bayerske hovudstaden, München. Mydland markerte seg i musikkverda som den fjerde keybordspelaren i hippiekultbandet Grateful Dead og heldt ut saman med resten av bandet i elleve år til han døyde i 1990. Mydland kan høyrast på plata Dylan & The Dead frå 1989. I 1958 vart Elvis Presley-singelen One Night tilgjengeleg i platehyllene. I USA stogga listeklatringa på ein heiderleg fjerdeplass, medan engelskmennene rydda plass på fyrsteplassen. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Subway i Osnabruk. I 1989 var det Waldhorn i Mengen som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1990 la Iron Maiden ut på turneen No Prayer On The Road. Turnestart var lagt til den katalanske hovudstaden Barcelona.

20.10.2010

Tjuande oktober

Tjuande oktober 1950 kom den amerikanske artisten Tom Petty til verda i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Petty herja listene på åttitalet saman med bandet The Heartbreakers, men i mi platesamling er det saman med Johnny Cash han kan høyrast, nærare bestemt på platene Unchained frå 1996 og American III: Solitary Man frå 2000. I 1979 spelte eit ungt Toy Dolls, beståande av Olga, Flip, Mr. Scott og Pete Zulu, sin fyrste konsert i Millview Social Club i Sunderland og ei lang teneste i punken si teneste var byrja. I 1985 var Toy Dolls komen til Graz for å spele i Club Ska. Året etter, i 1986, kunne Toy Dolls opplevast på Music Hall i Detmold. I 1987 var Toy Dolls i Paris for å spele på Elyesse Motmare. I 1989 var det publikum i ISC i Bern som høyre og sjå Toy Dolls frå scenen. I 2002 dukka Madrugada si tredje studioplate, Grit, opp i platehyllene. I 2008 gav AC/DC ut plat Black Ice og for ein gong skuld var eg tidleg ute og kjøpte ei plate, og det har eg ikkje angra på.

19.10.2010

Nittande oktober

Nittande oktober 1944 kom Peter Tosh ut i dagslys i Westmoreland i den karibiske øystaten Jamaica. Reggaeartisten med døypenamnet Winston Hubert McIntosh starta karriera si saman med Bob Marley og Bunny Wailer og The Wailers, men etablerte etter kvart ei stor og spanande platekarriere på eiga hand. Tosh vart kjend utanfor reggeamiljøet då han hadde ein stor hit med duetten Don’t Look Back saman med Rolling Stones-vokalisten Mick Jagger. Tosh døyde i 1987. I 1980 er Cornforth Club i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1985 var det Seine Wien i Wien som stod som vertskap for gutane i Toy Dolls. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Grosse Freiheit i Hamburg. I 1987 var Toy Dolls underhaldninga på De La Cite i Rennes og Melissa Etheridge gjekk i gang med innspelinga av debutplata med same namn. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Albani i sveitsiske Winterthur.

Attande oktober

Attende oktober 1926 er dagen Chuck Berry såg dagen lys. Charles Edward Anderson Berry er namnet mora gav han og så kan dei som har interesse av det fundere på kvifor han tok seg bryet med å forkorte det. Berry vert like gjerne sett i samband med ein ganske uerotisk gitardans kalla duck-walk som med dei drivande gitarriffa som kjenneteiknar musikken hans. Plata Roll Over Bethoven står i mi platehylle og oppsummerar karriera hans kort og greitt, sjølv om kvaliteten er ujamn. I mi platehylle er det gjerne andre artistar sine versjonar av Berry sine songar som briljerar. I 1977 var The Who i Ramport Studios og spelte inn Love Is Coming Down som endte opp på plata Who Are You året etter. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast i Aligauhalle i Kempten. I 1987 spelte Toy Dolls på Blackfood Club i Morbihau. I 1989 var det Palladium i Geneve som fekk vitjing av gladpunkarane i Toy Dolls. I 1994 døyde Lee Allen.

17.10.2010

Syttande oktober

Syttande oktober 1968 fekk reggea-artisten Bob Marley ein son som han gav namnet David Nesta Marley. Marley junior tok namnet Ziggy Marley og slo seg saman med bandet The Melody Makers som han har turnert og gjeve ut plater saman med. I dag err dette samarbeidet avslutta, men i mi platehylle står ein levning frå 1989, plata One Bright Day. I 1977 gav Lynyrd Skynyrd ut plata Street Survivors med mellom anna låtar som That Smell, I Know A Little og You Got That Right. I 1985 kom Toy Dolls til Schwindkircmen i Dorfen. I 1986 var dei same Toy Dolls på plass i den norske hovudstaden og spelte på Sardines. Og i 1987 kunne Toy Dolls opplevast i N.J.C i Listeux. I 2000 døyde Joachim Nielsen, same dag som Johnny Cash gav ut plata American III: Solitary Man. Som tittelen indikerar var dette den tredje plata i serien American Recordings. I 2005 slepte Depeche Mode sitt ellevte studioalbum, Playing The Angel, laus på platekjøparane.

16.10.2010

Sekstande oktober

Sekstande oktober 1962 kom Michael Peter Balzary til verda i australske Melbourne. Under artistnamnet Flea har Balzary hamra basstakten i Red Hot Chili Peppers frå byrjinga av bandet si karriere. I tillegg kan Flea sitt basspel høyrast på fleire spor på Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit frå 1993 og Johnny Cash si plate Unchained frå 1996. I 1985 var Toy Dolls og underheldt i Zentralsaal i Hamburg. I 1986 var det Trondheim sin tur til å få vitjing av Toy Dolls. Den utvalde arrangørstaden heit Ritz. I 1987 var Toy Dolls i Reimes for å spele på Theatre De La Maison. I 1989 spela Toy Dolls på Spielboden i Dornbirn i Austerriket.

15.10.2010

Femtande oktober

Femtande oktober 1943 vart trommeslagaren Larrie Londin fødd og tildelt døypenamnet Ralph Gallant. Londin var ein av fleire trommeslagerar som var hyra inn for å halde takten på Neil Young si plate Comes A Time. I 1947 kom gitaristen Bob Weir til verda og fekk namnet Robert Hall Weir. Weir er best kjend for å ha vore med å grunnleggje hippiebandet Grateful Dead. I mi platesamling kan Weir høyrast på plata Dylan & The Dead frå 1989. I 1961 var Elvis Presley og The Jordanaires i studio og spelte inn Good Luck Charm. I 1962 vart Morten Abel fødd i Bodø. Abel har ei fortid i band som Mods og The September When før han starta solokarriere i eige namn. Både Mods og plata Here We Go Then You And I frå 1999. I 1966 fekk verda nok ein trommeslagar då Douglas ”Dougie” Vipond kom til verda i skotske Elderslie. Vipond har gjort det meste av den musikalske karriera si i Deacon Blue. I 1969 MC5 ut singelen Looking At You på plateselskapet Atlantic. I 1984 gav AC/DC ut EP-en ’74 Jailbreak, som inneheld fem tidlegare uutgjevne spor som ei hylling av den avdøyde vokalisten Bon Scott. I 1985 vitja Toy Dolls Metropol i Berlin. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Des Fetes i Strasbourg. På denne haustdagen i 1988 lanserte Motörhead liveplata Nö Sleep At All som er spela inn under ein konsert i nabolandet vårt, Finland, og eit år seinare, i 1989, vitja Toy Dolls Nonthal Arce i mosartbyen Salzburg i Austerriket. I 1996 gav Jon Spencer Blues Explosion ut plata Now I Got Worry. Dette var mitt fyrste møte med dette eksplosive bandet og ein kan trygt seie at det endra mitt syn på korleis ekte rock’n roll skal spelast, det er berre å stappe plata i spelaren og nyte.

13.10.2010

Trettande oktober

Trettande oktober 1927 kom jazzlegenda Lee Konitz til verda i bluesbyen Chicago. Konitz sine musikalske ferdigheter kan hjå meg nytast på plata Birth Of The Cool som jazzlegenda Miles Davis gav ut i 1957. I 1960 kom Joseph Bellardini til verda i den amerikanske delstaten New York. Bellardini er betre kjend som Joey Belladonna og har ei fortid som songar i det amerikanske hardrockbandet Anthrax. Etter at han avslutta samarbeidet med Anthrax, han fekk sparken på grunn av sitt lausslepte forhold til rusmiddel, heldt han fram den musikalske karriera utan nemneverdig suksess med bandnamnet Belladonna. I mi platesamling kan Belladonna høyrast på Anthrax-platene State Of Euphoria frå 1988 og Persistence Of Time (1990), i tillegg til samleplata Return Of The Killer A’s- The Best Of Anthrax. I 1965 var The Who i Pye Studios i London for å spele inn My Generation. Produsent var Shel Talmy. I 1980 er Toy Dolls attende i Old Twenty Nine i Sunderland. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast i Markethalle i Hamburg. I 1989 fekk betalande gjester i Haus de Jugend i Graz i Austerriket sjå Toy Dolls på scenen. I 1997 gav Hellbillies ut si fyrste konsertplate, Live Laga, som var spelt inn under konsertar bandet heldt på Down On The Farm-festivalen i Halden i 1995, i fjellbygda Lom og på Landbrukshøyskolen på Ås. I 2010 kan Blackie Lawless og resten av W.A.S.P opplevast i Bergen, ein konsert eg er på veg til i skrivande stund.

12.10.2010

Tolvte oktober

Tolvte oktober 1948 kom Rickard John Parfit til verda i eksotiske Woking. Som ein del av det engelske boogierockbandet Status Quo har Rick Parfit gjort usletteleg inntrykk på meg gjennom heile oppveksta. På plass i platehylla finn ein samleplatene 12 Gold Bars og 12 Gold Bars vol II, studioplata Rock ’Til You Drop og Live Alive Quo, og med det er det meste av det beste frå rockens mest hardtarbeidande menn på plass. I 1974 kom The Who si samleplate Odds & Sods ut i USA. Amerikanarane gjekk ut og kjøpte nok plater til at det vart ein femtandeplass på listene. I 1982 herja det Toy Dolls feber på Tiffany’s i Newcastle. I 1985 stod Toy Dolls på scenen i Bremen, skiltet på utsida annonserte at staden heit Slatchuf. Same dag døyde Ricky Wilson av eit ublitt møte med eit HIV-virus ei tid tidlegare. I 1986 kunne ein oppleve Toy Dolls i Gøteborg, på Errols. I 1987 var Toy Dolls på Coo Club i den franske mathovudstaden Lyon. I 1993 gav Alice Cooper ut samleplata The Beast Of Alice Cooper. Denne plata gjev deg det meste av det beste frå dei tidene då horrorrockens far enno kunne sakene sine.

10.10.2010

Tiande oktober

Tiande oktober 1969 spelte Johnny Cash inn 'Cause I Love You til filmen I Walk The Line. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1980 stod universitet i stålbyen Sheffield som vertskap for kveldens Toy Dolls konsert. I 1982 var det Comrades Club i Blackhill som vart invadert av Toy Dolls fans. I 1986 hadde Toy Dolls for andre gong teke turen til Sverige for å spele og kunne opplevast på Arris i Lindköping. I 1987 var Toy Dolls og spela i Bikini Club i Toulouse, same dag vart glamrockarane frå New York, Twisted Sister, oppløyst etter ein konsert i norskamerikanarane sin hovudstad, Minneapolis. Heldigvis var ikkje denne avgjerda endeleg og etter ein pause er det gledeleg å registere at bandet spelar framleis. I 1989 fekk Batschkapp i Frankfurt i Tyskland vitjing av Toy Dolls. I 1995 gav No Doubt ut plata Tragic Kingdom. Dette var bandet si tredje plate og singelen Don’t Speak gjorde bandet til allemannseige.

09.10.2010

Niande oktober

Niande oktober 1940 vart John Winston Lennon fødd i hamnebyen Liverpool. Lennon var gitarist og vokalist i Beatles og ein vesentleg del av låtskrivarsamarbeidet Lennon/McCartney. Han var også ein dugande låtskrivar på eiga hand. The Beatles er ikkje representert i mi platehylle, ikkje enno, men andre artistar, som Johnny Winter, Rod Stewart og Cheap Trick, briljerar med Lennon sine songar. Lennon døyde i 1980. I 1943 vart organisten Ronald Raymond Barrosse fødd i New Orleans. Med artistnamnet Ronnie Barron har han gjort seg merkt i fleire band og kan hjå meg høyrast på Tom Waitz si plate Swordfishtrombones frå 1983. Barrosse døyde i 1997. I 1944 vart John Alec Entwistle fødd i London. Entwistle spelte bass i den engelske supergruppa The Who og kan i mellom finnast som låtskrivar for songar som er spanandes og litt annleis enn resten av The Who programmet, som Boris The Spider og My Wife. Entwistle døyde brått i 2002. I 1954 kom James Fearnley til verda. Engelskmannen Fearnley spelar til vanleg accordion i The Pogues. I mi platesamling kan han også høyrast saman med resten av The Pogues når dei spelar på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road som kom på marknaden i 1988. Fearnley har også ytt sitt bidrag for andre artistar, mellom anna på plata Yes I Am frå 1993 for ei av mine musikalske heltinner, Melissa Etheridge. I 1960 vart rock’n rollbyen Detroit velsigna med ein jazzmusikar. Kenny Garret kan høyrast medan han spelar altsaxofon på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1969 kom Yowille sitt sterkaste musikalske bidrag, Polly Jean Harvey til verda. Hjå meg kan Polly Jean høyrast på platene Rid Of Me frå 1993 og Is This Desire frå 1998, og fleire vert det nok i framtida, for dama produserar musikk som gjer meg skjelven i knea. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast i Pallaise De Justice i Patway. I 1989 var det Labyrinth i Wurzburg i Tyskland som fekk vitjing av Toy Dolls.

08.10.2010

Åttande oktober

Åttande oktober 1948 vart Johnny Ramone fødd som John William Cummings på Long Island i New York. Johnny Ramone var gitarist i det legendariske punkbandet Ramones som inspirerte ein heil generasjon av unge punkarar verda over. Johnny Ramone fekk plass på Time Magazine si liste over verdas ti beste el.gitaristar før han døyde i 2004. I 1958 kom Casey Royer til verda. Royer var med å starte det amerikanske punkbandet D.I. i 1981 og skal i dag vere einaste originalmedlemen att i bandet. Royer kan i mi platesamling høyrast på D.I. si femte plate, State Of Shock frå 1994. I 1970 spelte Johnny Cash inn Flesh & Blood som skulle vere musikk til filmen I Walk The Line. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1978 nytta Neil Young dagen til å gje ut albumet Comes A Time på plateselskapet Reprise. Plata nådde sjuandeplass på Billboard 100 som beste plassering. I 1983 gjekk Iron Maiden på scenen og spelte for eit utseld Madison Square Garden i New York. I 1984 var Iron Maiden på plass i London i eit utseld Hammersmith. I 1987 spele Toy Dolls i Salle De Al Foe i Tours. I 1989 fekk Willem II i nederlandske Den Bosch besøk av Toy Dolls.

07.10.2010

Sjuande oktober

Sjuande oktober 1931 kom felespelaren Gordon N. Terry til verda i Decatur i Alabama. Terry spelte fele for Johnny Cash på plata Ride This Train. I 1964 vart den engelske sangerinna Sam Brown fødd med fullt namn Samantha. Eg kan by på plata Stop! frå 1988, der kan ein få høyre slagaren med same namn som plaga delar av den vestlege verda på slutten av 1980-åra. I 1980 inntok Madness tredjeplassen på lista med ein song der minnene frå ei trøblete skuletid tydleg velta på, Baggy Trousers. Same kveld var Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Boston Gardens i Boston. You’ll Accomp’ny Me, Mainstreet, Rock And Roll Never Forgets og Let It Rock kan høyrast på liveplata Nine Tonight. I 1987 er Toy Dolls utanlands og spelar på Cerdan i den franske hamnebyen Brest. I 1989 nytta Toy Dolls datoen til å vere i aksjon på De Koog i Noordesharwoude i Nederland.

06.10.2010

Sjette oktober

Sjette oktober 1966 danna gitarhelten Jimi Hendrix bandet Jimi Hendrix Experience. Det lengendariske bandet, som dei fleste har høyrd om, men som få fekk høve til å sjå live, bestod, i tillegg til Hendrix sjølv, av trommeslagaren Mitch Mitchell og Noel Redding på bass. I tillegg til musikken vekte bandet merksemd med plateomslaga sine som ofte viste meir bar kvinnehud enn det mange fann tilrådleg, til dømes vart omslaget til Electric Ladyland frå 1968 forboden i USA. Det kunne berre gå oppover. I 1980 heldt Bob Seger & The Silver Bullet Band konsert i Boston Gardens i Boston. Songen Nine Tonight kan høyrast på liveplata med same namn saman med Tryin’ To Live My Life Without You. I 1981 song Madness Shut Up og det plasserte dei fint på ein sjuandeplass på singellistene. I 1983 var Dubliners å høyre i levande live på radioprogrammet Folk Live frå Carré Theatre i den nederlandske kanalbyen Amsterdam. På same dato i 1989 spelte Toy Dolls på Bolwerk i Sneek ein annan stad i Nederland. I 1992 nytta Soul Asylum dagen til ål gje ut albumet Grave Dancers Union, ei plate som selde til tre gongar platinum.

05.10.2010

Femte oktober

Femte oktober 1943 vart Steve Miller fødd i motorsykkelbyen Millvaukee. Miller er leiar for Steve Miller Band og er best kjend for låta The Joker som plaga oss i ein reklame for eit amerikansk buksemerke for ein del år tilbake. Ei plate med same namn som hitsingelen kom ut i 1973 og står trygt plassert i platehylla mi. Den kjem fram når syttitalsnostalgien skal pleiast. I 1947 kom Brian Johnson til verda i Gateshead. Etter å ha starte karriera si i dei lokale heltane Geordie, erstatta Johnson Bon Scott som vokalist i AC/DC i 1980. I 1950 vart Fast Eddie Clarke fødd i London med fullt namn Edward Clarke. Clarke hadde ei fortid i Thin Lizzy før han var gitarist på dei platene som gjorde Motörhead legendariske. I mi platehylle kan Clarke høyrast på platene Bomber og Ace Of Spades, i tillegg til ei rekkje samleplater. I 1980 var det Castleside Club i Consett som var staden å vere for dei som ville sjå Toy Dolls spele. Same kveld kunne ein både sjå og høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band spele Old Time Rock And Roll og Her Strut i Boston Gardens i Boston. Me andre må nøye oss med liveplata Nine Tonight. I 1989 spelte Toy Dolls på Atack i Enschede i Nederland. I 1991 kom Heart si andre liveplate, Rock The House! Live på marknaden.

04.10.2010

Fjerde oktober

Fjerde oktober 1958 kom den amerikanske gitaristen og vokalisten Barbara Kooyman til verda. Kooyman signerte med namnet Barbara K. MacDonald då ho spelte og song i den alternative Wisconsin-duoen Timbuk 3 saman med ektemannen Pat. Saman fekk dei ein kjempehit med låta The World’s So Bright I Gotta Wear Shades. Den er å finne på debutplata Greetings From Timbuk 3 frå 1986 og kan leitast opp i mi platehylle. Etter at duoen slutta å spele saman har Barbara heldt fram med eiga solokarriere og som produsent, men ho nyttar i dag namnet Barbara K. McKenna. I 1970 døyde Janis Joplin. I 1977 var The Who i Ramport Studios i London og Goring Studios i Berkshire og spelte inn songen Who Are You. Dette var den siste innspelinga bandet gjorde med Keith Moon bak trommene, han døyde året etter. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Whitehouse Club i Washington. I 1986 nytta Toy Dolls dagen til å spele på Universitetet i Manchester.

03.10.2010

Tredje oktober

Tredje oktober 1954 kom bluesgitaristen Stevie Ray Vaughan til verda. Vaughan gav ut atten plater på eiga hand og saman med bandet Double Trouble før han omkom i ei ulukke i 1990. I tillegg til liveplata In The Beginning, som han gav ut saman med Double Trouble, har eg det beste av Stevie Ray sitt arbeid samla på ei samling med det treffande namnet Best Of…. I 1962 kom trommeslagaren Tommy Lee til verda. Greskamerikanaren er kanskje betre kjend for alle skandalane frå ekteskapet med den kanadiske fotomodellen Pamela Anderson enn for arbeidet med Mötley Crüe, men det er bak trommesettet han fungerar best. Det viste han mellom anna under ein konsert med høg mimrefaktor i Bergenshallen i juni 2009. I 1967 døyde visesongaren Woodie Guthrie på denne dagen, same dag som Johnny Cash var i studio og spelte inn songen I Tremble For You, som etter lang tid i arkivet fekk plass på samleplata Love frå 2000. I 1972: live at Ostraker Orleans Parish Prison, Murder. Denne dagen i 1969 er fødselsdagen til Gwen Stefani. Stefani er vokalist i No Doubt og har også gjeve ut soloplater, som mellom annna Love. Angel. Music. Baby som er på plass i mi hylle. I 1972 gjorde Johnny Cash den fyrste fengselskonserten utanfor USA då han spelte for dei innsette på Österakeranstalten utanfor Stockholm. Enno ein konsert dei fleste, innerst inne, er glad dei ikkje måtte vere tilstades på og som kan høyrast på plata Live At Österaker. Musikarane som assisterte The Man In Black på denne konserten var, forutan den faste gjengen med Marshall Grant, W.S. Holland og Carl Perkins, Bob Wooton på gitar og Larry Butler på piano. I 1982 rocka Toy Dolls Bedlington Club i Bedlington. I 1986 var Toy Dolls underhaldninga på Stafford Polytechnic. I 2005 gav Franz Ferdinand ut plata You Could Have It So Much Better. Plata var den andre frå dei skotske indierockarane.

02.10.2010

Andre oktober

Andre oktober 1933 fekk saxofongeniet Ronnie Ross sjå dagslys for fyrste gong. Det hendte i den indiske storbyen Calcutta og han måtte lide med døypenamnet Albert Ronald. Ross spelte saxofon for Matt Bianco til han døyde i 1991 og kan i mi platesamling høyrast på plata Whose Side Are You On frå 1984. I 1962 henta Elvis Presley Return To Sender får filmen Girls! Girls! Girls og gav han ut som singel. Plata fekk plass på toppen av dei engelske listene i tre veker, men stogga på andreplassen i heimemarknaden. I 1978 gav Neil Young ut plata Comes A Time der tittelsporet står fram som eit av dei mest markante frå denne plata. I 1979 la Madness seg på ein sekstandeplass på listene med The Prince som i mi platehylle kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 1987 er Toy Dolls å finne på Technical College i Glasgow. I 1995 kom Iron Maiden si fyrste plateinnspeling med Blaze Bayley som vokalist. The X-Factor var namnet på den babyen som kom seint, men veldig bra inn i mi platehylle.

01.10.2010

Fyrste oktober

Fyrste oktober 1946 kom bassisten Dave Holland til verda i Wolverhampton. Holland sitt basspel kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Water Babies, ei samleplate som kom på marknaden i 1976. I 1973 fekk Dinosaur Song evig liv då Johnny Cash gjorde ei innspeling av denne barnesongen heime i Hendersonville. Dei som har det til felles med underteikna at The Johnny Cash Childrens Album er kjøpt inn til odel og eige, kan høyre denne kvar dag. I 1982 stod Toy Dolls for godlyd i Mount Pleasant Club i Gateshead. I 1984 kom Ramones-plata Too Tough To Die på marknaden. Innspelinga vart gjort i Intergalactic Studios i New York i juli same år. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Glasgow University. I 1990 slepte Iron Maiden plata No Prayer For The Dying, som står solid i mi platehylle. Plata sikra dei ein andreplass på listene. I 1996 kom Nirvana-plata From The Muddy Banks Of The Wishkah som inneheldt diverse liveopptak. I 2001 gav Vincent Gallo ut plata When.

30.09.2010

Trettiande september

Trettiande september 1954 kom songerinna Basia Trzetrezelewska til verda i Jaworzno i Polen. Basia er kjend for samarbeidet med gruppa Matt Bianco og er sjølvsagt på plass i mi platehylle med sofistikert jazzpop av åttitalstype på plata Who’s Side Are You On. I 1977 gav Ian Dury ut plata New Boots And Panties!! Nyutgjevingar av plata inneheld det som på mange måtar er blitt Dury sin kjenningsmelodi, Sex & Drugs & Rock & Roll, men denne er ikkje med på originalskiva. I 1983 spelte Toy Dolls sin konsert nummer to hundre. Dette jubileet vart markert på Top Rank i hamnebyen Brighton på den engelske sørkysten. I 1987 var Toy Dolls på Dingwals i London. I 1985 gav Tom Waitz ut plata Rain Dogs, også dette eit album Rolling Stone Magazine skal ha plassert på lista over dei fem hundre platene gjennom tidene.

29.09.2010

Tjueniande september

Tjueniande september 1935 vart den ernergiske rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis starta karriera si i grenselande mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve han fått tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn for dei musikalske bidaraga sine. Lewis leverar ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, som er den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på. I 1963 kom Leslie Edward Claypool til verda. Les Claypool er kjend som bassisten med den rå lyden og uortodokse teknikken i Primus. I mi platesamling kan han også høyrast på låten Big In Japan frå Tom Waitz si plate Mule Variations. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Bowes Lyon House i Stevenage. I 1987 kunne Red Hot Chilli Peppers si tredje soloplate, The Uplift Mofo Party Plan kjøpast, og, sjølv om eg venta nokre dagar, gjorde eg det, og det har eg ikkje angra på.

28.09.2010

Tjueåttande september

Tjueåttande september 1947 vart musikaren og forfattaren Gustav Lorentzen fødd i Bergen. Saman med Øystein Dolmen underheldt Lorentzen fleire generasjonar nordmenn i duoen Knutsen og Ludvigsen som sjølvsagt er på plass i mi platehylle, med den Spelemannprisløna plata Juba Juba frå 1983. Lorentzen døyde brått under trening i 2010. I 1956 kom Elvis Presley med singelen Love Me Tender. Plata låg fem veker på fyrsteplass i USA, men nådde ikkje høgare enn ellevte plass i England. I 1974 vart The Who si plate Odds & Sods gjeve ut i England. Plata nådde tiandeplass på dei engelske listene. I 1991 ebba livet ut for den legendariske jazztrompetisten Miles Davis. I 1998 slepte PJ Harvey plata Is This Desire?, som klatra til ein syttandeplass på dei britiske platelistene.

27.09.2010

Tjuesjuande september

Tjuesjuande september 1947 vart Meat Loaf fødd som Marvin Lee Aday. Meat Loaf er kjend for kjempesuksessen med plata Bat Out Of Hell, eit samarbeid med produsenten og komponisten Jim Steinman, som elles har hatt suksess i samarbeid med walisiske Bonnie Tyler. Sjølv om ”kjøttpuddingen” har sine gode dagar, har eg aldri tatt heil av på den pompøse musikken hans og i slike tilfeller passar det greitt med ei samleplate i hylla. I 1982 spelte Ozzy Osbourne det andre av to show på The Ritz i New York. Brad Gillis (gitar), Rudi Sarzo (bass) og legenda Tommy Aldrige (trommer) stod for musikken. Same dag gav Depeche Mode ut plata A Broke Frame, bandet si andre studioplate. I 1985 spelte Toy Dolls for frammøtte fans på Metro i Rosyth. I 1986 var Toy Dolls på plass i Gateshead Leisure Centre for å spele. I 1987 var Toy Dolls på plass i Tamworth for å spele på Rathole.

26.09.2010

Tjuesjette september

Tjuesjette september 1980 var Toy Dolls å finne i Labour Club i Peterlee. Denne datoen i 1981 er den dagen Iron Maiden slepte live EP-en Maiden Japan. I 1982 spelte ein Ozzy Osbourne i storform den fyrste av to konsertar på The Ritz i New York. Resultatet enda opp på liveplata Speak Of The Devil. I 1985 var Toy Dolls på plass i den skotske oljehovudstaden Aberdeen for å spele på Ritzy. I 1987 hadde Toy Dolls teke turen til Hereford for å spele på Porter House. I 2008 gav Enslaved ut plata Vertebrae som var mixa av legenda Joe Barresi, kjend for å arbeide med store namn som Tool og Queens Of The Stone Age.

25.09.2010

Tjuefemte september

Tjuefemte september 1952 kom den engelske songaren Gary Holton til verda. Holton gjorde suksess med diverse undergrunnsband, som mellom anna The Boys, på clubscena i London på syttitalet. I mi platehylle kan Holton høyrast medan han syng saman med nordmannen Stein Groven, alias Casino Steel. Holton døyde diverre av ein overdose i 1985. I 1968 kom skodespelaren Will Smith til verda. Solbrillefine Smith gjev ut plater på sida av all filminnspelinga og kan i mi platehylle høyrast på plata Willennium, som ikkje akkurat er mitt stoltaste kjøp. I 1980 spela Toy Dolls i Norseman Hotel i Peterlee. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på La Sorbonne i den skotske hovudstaden Edinburgh.

24.09.2010

Tjuefjerde september

Tjuefjerde september 1957 var dagen tittelsporet frå Elvis Presley sin tredje langspelfilm vart tilgjengeleg på vinyl. Jailhouse Rock var nummer ein i sju veker i USA, men platekjøparane i England meinte tre veker på toppen fekk halde. I 1977 vert denne datoen hugsa for at den sjølvtitulerte Motörhead-debuten kom på marknaden. I 1985 spelte Toy Dolls på Shelleys i pottemakarbyen Stoke. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Mardi Gras i Nottingham. I 1991 gav Nirvana ut si andre plate, Nevermind, og brått var det tidlegarer undergrunnsfenomenet grunge over alt og verda vart aldri den same. Same dag kom eit, kan hende, like stort kommersielt gjennombrott, Red Hot Chilli Peppers si fyrste plate i samarbeid med den eksentriske amererikanske superprodusenten Rick Rubin. Blood Sugar Sex Magic selde i meir enn tretten millionar kopiar og produserte ei endelaus rekkje av hitsinglar.

22.09.2010

Tjueandre september

Tjueandre september 1957 var dagen Nickolas Edward Cave kom til verda i Warracknabeal (ja, eg har sjekka stavemåten fleire gonger) i den australske delstaten Victoria. Cave har i ei årrekkje sett sitt preg på punk- og alternativscena verda over og er, i tillegg til eiga solokarriere, kjend for samarbeidet med banda The Bad Seeds og Grinderman. For tida er eg den lukkelege eigaren av platene From Here To Eternity og The Boatman’s Call, men eg er meir enn overmoden for å utvide denne delen av samlinga mi. I 1958 vart Joan Jett fødd i Philadelphia med fullt namn Joan Marie Larkin. Jett har ei fortid som gitarist i jentebandet The Runaways der ho spelte saman med Lita Ford. Joan Jett har til vanleg hjelp av bandet The Blackhearts og er i mi platehylle representert med slagaren I Love Rock’n Roll som toppa Bilboardlista i 1982 og er henta frå ei plate med same namn. I 1978 slepte Ramones plata Road To Ruin. Plata var spela inn i perioden mai/juni same år i Media Sound i heimbyen New York og produsentar var T. Erdilyi og Ed Stasium. I Just Wanna Have Something To Do, I Wanna Be Sedated og Needles And Pins kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på 100 Club i London. I 1987 spelte Toy Dolls i Piece Hall i Halifax. I 1991 residerte Neil Young hjå Redwood Digital i Woodside, California. Resultatet frå denne seansen vart songen Harvest Moon frå plata med same namn og songen kan i tillegg høyrast på plata Greatest Hits.

21.09.2010

Tjuefyrste september

Tjuefyrste september 1954 vart den dyriske trommeslagaren Philty Animal Taylor fødd som Phil Taylor i byen sigarettmerket Chesterfield truleg har namnet sitt frå. Philty spelte trommer på dei mest kjende Motörheadplatene, men fekk diverre sparken frå bandet i 1992 og driv for tida med diverse prosjek som ikkje har funne vegen inn i platesamlinga mi, enno. I 1962 kom Michael Algar til verda. Gitaristen og vokalisten, som er kjend under artistnamnet Olga, er leiar av, og einaste gjenværande originalmedlem i punkbandet Toy Dolls, som alltid har vore eit kurriøst innslag i mi assorterte platesamling. I 1972 kom Oasisvokalisten og Manchester City-tilhengjaren William John Paul ”Liam” Gallagher til verda i Manchester. Den humøsjuke jet-setaren var tidlegare fast innslag i skandalepressa, i dag er han fast innslag i platesamlinga mi med plater som mellom anna (What’s The Story) Morning Glory og Familiar To Millions. I 1985 nytta alltid like elleville Toy Dolls høve til å spele på Klub Foot i London. I 1990 gav AC/DC ut plata The Razors Edge. Plata, som er produsert av Bruce Fairbairne og som eg eig både CD og LP versjon av, er den einaste av gruppa sine innspelingar der ein får høyre trommeslagaren Cris Slade. I 1993 gav Melissa Etheridge ut plata Yes, I Am.

19.09.2010

Nittande september

Nittande september 1946 fekk verda nok ein trommeslagar. John Coghlan heldt takten for Status Quo frå tidleg på sekstitalet og fram til 1981. Coghlan var også med då Quo-kollega Allan Lancaster starta The Bombers, men gav seg før dei starta innselinga plata Aim High, som er The Bombers sitt bidrag til mi platesamling. I 1958 vart Runawaysgitaristen Lita Ford fødd i London som Carmelita Rossanna Ford. Veldreide Lita, som saman med Joan Jett er dei einaste av Runawaysmedlemmene som har hatt ei karriere etter at bandet vart oppløyst, vert rekna som ei av verdas beste kvinnelege hardrockgitaristar og kan i mi platsamling høyrast på songen Sunset And Babylon frå W.A.S.P si samleplate First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1985 kunne Toy Dolls høyrast medan dei rocka amerikanskinspirerte Stars and Stripes i Carlisle. I 1986 kunne dei same Toy Dolls opplevast i Bridgewater Art Centre. I 1988 gav Anthrax ut plata State Of Euphoria. I 1990 innleia Iron Maiden UK Inter City Express Tour. Togturen vara til attande oktober. I 2004 gav det sjarmerande og utruleg ernergiske bandet Trick-Babys, med vokalist Lynne Von i spissen, ut plata Player som stadig vekk vert plukka fram frå mi platehylle for ei god lyttaroppleving.