09.10.2010

Niande oktober

Niande oktober 1940 vart John Winston Lennon fødd i hamnebyen Liverpool. Lennon var gitarist og vokalist i Beatles og ein vesentleg del av låtskrivarsamarbeidet Lennon/McCartney. Han var også ein dugande låtskrivar på eiga hand. The Beatles er ikkje representert i mi platehylle, ikkje enno, men andre artistar, som Johnny Winter, Rod Stewart og Cheap Trick, briljerar med Lennon sine songar. Lennon døyde i 1980. I 1943 vart organisten Ronald Raymond Barrosse fødd i New Orleans. Med artistnamnet Ronnie Barron har han gjort seg merkt i fleire band og kan hjå meg høyrast på Tom Waitz si plate Swordfishtrombones frå 1983. Barrosse døyde i 1997. I 1944 vart John Alec Entwistle fødd i London. Entwistle spelte bass i den engelske supergruppa The Who og kan i mellom finnast som låtskrivar for songar som er spanandes og litt annleis enn resten av The Who programmet, som Boris The Spider og My Wife. Entwistle døyde brått i 2002. I 1954 kom James Fearnley til verda. Engelskmannen Fearnley spelar til vanleg accordion i The Pogues. I mi platesamling kan han også høyrast saman med resten av The Pogues når dei spelar på songen Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road som kom på marknaden i 1988. Fearnley har også ytt sitt bidrag for andre artistar, mellom anna på plata Yes I Am frå 1993 for ei av mine musikalske heltinner, Melissa Etheridge. I 1960 vart rock’n rollbyen Detroit velsigna med ein jazzmusikar. Kenny Garret kan høyrast medan han spelar altsaxofon på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1969 kom Yowille sitt sterkaste musikalske bidrag, Polly Jean Harvey til verda. Hjå meg kan Polly Jean høyrast på platene Rid Of Me frå 1993 og Is This Desire frå 1998, og fleire vert det nok i framtida, for dama produserar musikk som gjer meg skjelven i knea. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast i Pallaise De Justice i Patway. I 1989 var det Labyrinth i Wurzburg i Tyskland som fekk vitjing av Toy Dolls.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar