05.10.2010

Femte oktober

Femte oktober 1943 vart Steve Miller fødd i motorsykkelbyen Millvaukee. Miller er leiar for Steve Miller Band og er best kjend for låta The Joker som plaga oss i ein reklame for eit amerikansk buksemerke for ein del år tilbake. Ei plate med same namn som hitsingelen kom ut i 1973 og står trygt plassert i platehylla mi. Den kjem fram når syttitalsnostalgien skal pleiast. I 1947 kom Brian Johnson til verda i Gateshead. Etter å ha starte karriera si i dei lokale heltane Geordie, erstatta Johnson Bon Scott som vokalist i AC/DC i 1980. I 1950 vart Fast Eddie Clarke fødd i London med fullt namn Edward Clarke. Clarke hadde ei fortid i Thin Lizzy før han var gitarist på dei platene som gjorde Motörhead legendariske. I mi platehylle kan Clarke høyrast på platene Bomber og Ace Of Spades, i tillegg til ei rekkje samleplater. I 1980 var det Castleside Club i Consett som var staden å vere for dei som ville sjå Toy Dolls spele. Same kveld kunne ein både sjå og høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band spele Old Time Rock And Roll og Her Strut i Boston Gardens i Boston. Me andre må nøye oss med liveplata Nine Tonight. I 1989 spelte Toy Dolls på Atack i Enschede i Nederland. I 1991 kom Heart si andre liveplate, Rock The House! Live på marknaden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar