21.10.2010

Tjuefyrste oktober

Tjuefyrste oktober 1941 fekk verda eit gitargeni då Stephen Lee Cropper vart fødd. Steve Cropper er i mi platesamling representert som både ein Blues Brother og som mannen som står for den heilt fantasiske gitarkoselyden i supergruppa Booker T And The MGs. I 1952 vart Brent Mydland fødd i den bayerske hovudstaden, München. Mydland markerte seg i musikkverda som den fjerde keybordspelaren i hippiekultbandet Grateful Dead og heldt ut saman med resten av bandet i elleve år til han døyde i 1990. Mydland kan høyrast på plata Dylan & The Dead frå 1989. I 1958 vart Elvis Presley-singelen One Night tilgjengeleg i platehyllene. I USA stogga listeklatringa på ein heiderleg fjerdeplass, medan engelskmennene rydda plass på fyrsteplassen. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Subway i Osnabruk. I 1989 var det Waldhorn i Mengen som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1990 la Iron Maiden ut på turneen No Prayer On The Road. Turnestart var lagt til den katalanske hovudstaden Barcelona.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar