12.10.2010

Tolvte oktober

Tolvte oktober 1948 kom Rickard John Parfit til verda i eksotiske Woking. Som ein del av det engelske boogierockbandet Status Quo har Rick Parfit gjort usletteleg inntrykk på meg gjennom heile oppveksta. På plass i platehylla finn ein samleplatene 12 Gold Bars og 12 Gold Bars vol II, studioplata Rock ’Til You Drop og Live Alive Quo, og med det er det meste av det beste frå rockens mest hardtarbeidande menn på plass. I 1974 kom The Who si samleplate Odds & Sods ut i USA. Amerikanarane gjekk ut og kjøpte nok plater til at det vart ein femtandeplass på listene. I 1982 herja det Toy Dolls feber på Tiffany’s i Newcastle. I 1985 stod Toy Dolls på scenen i Bremen, skiltet på utsida annonserte at staden heit Slatchuf. Same dag døyde Ricky Wilson av eit ublitt møte med eit HIV-virus ei tid tidlegare. I 1986 kunne ein oppleve Toy Dolls i Gøteborg, på Errols. I 1987 var Toy Dolls på Coo Club i den franske mathovudstaden Lyon. I 1993 gav Alice Cooper ut samleplata The Beast Of Alice Cooper. Denne plata gjev deg det meste av det beste frå dei tidene då horrorrockens far enno kunne sakene sine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar