30.10.2018

Femte oktober

I 1943 vart Steven H. Miller fødd i motorsykkelbyen Milwaukee i Wisconsin. Steve Miller er leiar for sitt eige Steve Miller Band, som i mange år spelte fast for Chuck Berry, og er for dei fleste best kjend for låta The Joker, som plaga oss i ein reklame for eit amerikansk buksemerke for ein del år tilbake. Ei plate med same namn som hit-singelen kom ut i 1973 og innehar verdsrekord for lengst mellomrom i tid mellom dei to gongene den har toppa listene. Plata står trygt plassert i platehylla mi og den kjem fram når syttitalsnostalgien skal pleiast. Miller kan også høyrast medan han syng duett med sjølvaste Sir Paul på plata Flaming Pie, som McCartney slepte på marknaden i 1997.

Andre jubilantar
Brian Connolly (1945-1997)
Richard Kermode (1946-1996)
Brian Johnson (1947)
Russell Mael (1984)
"Fast" Eddie Clarke (1950-2018)
Lee Thompson (1957)
Ronni Le Tekrø (1963)
Al DeLoner (Atle Bystrøm 'Olsen') (1970)
Patrick Walden (1978)

Fjerde oktober

I 1947 kom Jim Fielder til verda i Denton i skytegale Texas. Bassisten Fielder er best kjend som ein av originalmedlemmane av Blood Sweat & Tears. Hjå meg kan Fielder høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967.

Andre jubilantar
Duke Robillard (1948)
Steinar Ofsdal (1948)
Helge Førde (1956)
Jarle Førde (1956)
Yngve Moe (1957-2013)
Barbara K. MacDonald (1958)
Chris Lowe (1959)
Tim Palmer (1962)
Willy Porter (1964)
Fidel Nadal (1965)
Dan Bejar (1972)

29.10.2018

Tredje oktober

I 1946 kom Patricia Ann Cole til verda i storbyen Los Angeles i California. Songerinna P.P Arnold slo gjennom med eit par kraftfulle soulhit på slutten av sekstitalet, heime hjå meg kan ho høyrast med vokalhjelp på Pink Floyd-grunnleggjaren Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992.

Andre jubilantar
Gene Estes (1931-1996)
Gerry Hogan (1945)
Richard Kermode (1946-1996)
Lindsey Buckingham (1947)
Artis the Spoonman (1948)
Billy Branch (1951)
Nick Glennie-Smith (1951)
Stevie Ray Vaughan (1954)
Allen Woody (1955-2000)
Tommy Lee (1962)
Steve Balbi (1964)
Gwen Stefani (1969)

Andre oktober

I 1933 vart Albert Ronald Ross fødd i den indiske storbyen Calcutta. Saksofongeniet Ronnie Ross spelte for Matt Bianco, og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Whose Side Are You On frå 1984. Ross er også kreditert for saksofonhjelp på Lou Reed si plate Transformer frå 1972, samt utvalde spor på samleplatene The Very Best of Lou Reed (2000) og NYC Man – Greatest Hits (2004). Ross døyde i 1991.

Andre jubilantar
Clydie King (1943)
Don McLean (1945)
Mike Rutherford (1950)
Sting (1951)
Kate St. John (1957)
Sigtryggur Baldursson (1962)
Mauri Sumén (1965)
Daniel Shulman (1966)
Damon Gogh (1969)
Geir Sundstøl (1969)
Martin Sköld (1970)
Kåre Opheim (1975)
David Wallumrød (1977)

28.10.2018

Fyrste oktober

I 1945 vart Donny Edward Hathaway fødd i Chicago i Illinois. Songaren Donny Hathaway sitt bidrag til mi platehylle er ein duett med Roberta Flack, Where Is The Love, som sikra dei ein Grammy-statuett i 1973, og kan høyrast på samleplata Softly With These Songs frå 1993. Hathaway tok sjølvmord i 1979.

Andre jubilantar
Albert Collins (1932-1993)
Brynjar Hoff (1940)
Dave Holland (1946)
Yogi Horton (1953)
Youssou N'Dour (1959)
Dimitri from Paris (1963)
Richard Oakes (1976)

Trettiande september

I 1940 vart Walter Milton Dwayne Midkiff fødd i Chesterville i Ontario. Den kanadiske trommeslagaren Dewey Martin er best kjend for å ha tromma for supergruppa Buffalo Springfield og kan i mi platehylle taktfast høyrast på bandet si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. Dewey Martin døyde i 2009.

Andre jubilantar
Harry Bluestone (1907-1992)
Richard Bowden (1945)
Marc Bolan (1947-1977)
John Lombardo (1952)
Basia Trzetrzelewska (1954)
Marty Stuart (1958)
Bill Rieflin (1960)

27.10.2018

Tjueniande september

I 1935 vart den grensesprengande rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Ferryday i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis er fetter av den berykta svovelpredikanten Jimmy Swaggart og starta karriera si i grenselandet mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve Lee Lewis tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn han er for dei stundom eksellente musikalske bidraga sine. Lewis leverer ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, og diverre er det den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på.

Andre jubilantar
Ian Wallace (1946-2007)
Mark Farner (1948)
Les Claypool (1963)
Iain Baker (1965)
Brett Anderson (1967)
Marcel Rodriguez-Lopez (1983)

24.10.2018

Tjueåttande september

I 1966 kom Kenneth Robert Wilson til verda i Framingham i Massachusetts. Trommisen Ginger Fish spelte for skrekkrockaren Marilyn Manson frå 1995 til 2011 og i mi platehylle finn du arbeidet hans på studioplata Mechanical Animals (1998), og konsertplata The Last Tour On Earth, som kom på marknaden i 1999.

Andre jubilantar
Ray Warleigh (1938-2015)
Gustav Lorentzen (1947-2010)

Tjuesjuande september

I 1947 vart Marvin Lee Aday fødd i cowboy-byen Dallas i skytegale Texas. Meat Loaf er fyrst og fremst kjend for kjempesuksessen med plata Bat Out Of Hell frå 1977. Plata, som var produsert av Todd Rundgren, var i all hovudsak eit samarbeid med komponisten Jim Steinman, som elles har hatt suksess i samarbeid med walisiske Bonnie Tyler. Sjølv om ”kjøttpuddingen” har sine gode dagar, har eg aldri tatt heil av på den pompøse musikken hans noko som gjer at det berre står fire titlar, studioplatene Bat Out Of Hell (1977), Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose (2006), samt samleplata Hits Out Of Hell, i hylla.

Andre jubilantar
Randy Bachman (1943)
Jahn Teigen (1947)
Greg Ham (1953)
Robbie Shakespeare (1953)

23.10.2018

Tjuesjette september

I 1945 vart Bryan Ferry fødd i Washington ved Sunderland i England. Ferry var songar i Roxy Music på syttitalet og gjorde såpass stor suksess med det at han framleis fyller konsertsalar verda over, sjølv om tida etter Roxy har bydd på få høgdepunkt. Hjå meg kan Ferry si røyst høyrast på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music frå 1995.

Andre jubilantar
Stuart Tosh (1948)
Toby Myers (1949)
Cesar Rosas (1954)
John Tempesta (1964)
Shannon Hoon (1967)
Peter Asplund (1969)
Erik Gavriluk (1970)
Dean Butterworth (1976)

Tjuefemte september

I 1957 kom Donald Gene Fleming til verda i Valdosta i Georgia. Don Fleming si karriere starta i ulike alternativband tidleg på åttitalet, han har mellom anna spelt med Afghan Wigs-sjefen Greg Dulli, men han er nok like kjend for arbeidet han har gjort som produsent. Hjå meg kan Fleming høyrast medan han syng bakgrunnvokal nokre av spora på Sonic Youth si plate Goo frå 1990.

Andre jubilantar
Adrew Walter (1914-1978)
Steve Mackay (1949-2015)
Manfred Praeker (1951-2012)
Richard Harvey (1953)
Lalla Francia (1954)
Steven Severin (1955)
Zucchero (1955)
Ash Sood (1967)
Will Smith (1968)
Dean Ween (1970)

22.10.2018

Tjuefjerde september

I 1938 kom Steven Douglas Kreismann til verda i Hollywood i California. Saksofonisten Steve Douglas har ei omfattande karriere som også inkluderar produksjon av andre artistar sine album, noko som har sikra at han er trygt plassert i Rock’n Roll Hall Of Fame, rett nok posthumt. Hjå meg kan Steve Douglas høyrast med lekre saksofontrillar på The Beach Boys si tjuande studioplate, 15 Big Ones (1976), End Of The Century, som Ramones slepte i 1980, og på Bob Dylan si tjuefyste studioplate, Shot Of Love frå 1981. I tillegg kan Douglas høyrast på samleplatene Summer Dreams (Beach Boys, 1993) og River Rescue – The Best of Ry Cooder (1994). Steve Douglas døyde i 1993.

Andre jubilantar
Anders Burman (1928-2013)
Sonny Turner (1939)
Linda McCartney (1941-1998)
Gerry Marsden (1942)
Janne Schaffer (1945)
Jerry Donahue (1946)
Lele Melotti (1954)
Stan Lee (1956)
Peter Salisbury (1971)
Jesse Hughes (1972)
Tom Kirk (1977)

Tjuetredje september

I 1947 vart Neal Smith fødd i Akron i Ohio. Smith var i gamle dager trommeslagar i Alice Cooper Group og hjå meg høyrer du han i taktfast driv på platene School’s Out, som kom på marknaden i 1972, og på Billon Dollar Babies frå 1973, samt på den obskure og høgst uoffisielle konsertplata Nobody Likes Me, som skal vere frå ein konsert Alice Cooper Group heldt i Toronto i 1969, og sjølvsagt samleplata The Beast Of Alice Cooper (1989). Smith er i tillegg kreditert som takthaldar på eitt spor på Motörhead si samleplate From The Vaults (1990).

Andre jubilantar
John Coltrane (1926-1967)
Frank Foster (1928-2011)
Ray Charles (1930-2004)
Jerry Cole (1939-2008)
Tony Hymas (1943)
Rhonda Coullet (1945)
Neal Sugarman (1947)
Martin Page (1949)
Victor Indrizzo (1967)
Cato Bekkevold (1969)
Chris "X-13" Higgins (1972)

21.10.2018

Tjueandre september

I 1952 kom Gary Frederic Holton til verda i London. Songaren Gary Holton slo gjennom med Heavy Metal Kids tidleg på syttitalet, men her heime er han best kjend for samarbeidet med Casino Steel, som resulterte i omgrepet Riggrock, etter ei saftig skrøne om at dei to rockarane skal ha møttes om bord på ein oljerigg i Nordsjøen. Hjå meg kan du høyre Holton på dei to fyrste platene frå samarbeidet med Steel, Gary Holton & Casino Steel (1981) og Part II. Holton døyde av ein overdose av alt som er meir enn godt i 1985.c
Andre jubilantar
David Coverdale (1951)
Doug Wimbish (1956)
Nick Cave (1957)
Matt Sharp (1969)
Dave Hernandez (1970)

Tjuefyrste september

I 1947 vart Donald William Felder fødd i Gainsville i pensjoniststaten Florida. Don Felder er best kjend for glitrande sologitarspel i Eagles i to periodar, men hjå meg er det på utvalde spor på Bob Seger And The Silver Bullet Band sine studioplater Stranger In Town (1978) og The Distance (1982) gitarspelet hans kan høyrast.

Andre jubilantar
Leonard Cohen (1934-2016)
David Hood (1943)
Phil "Philthy Animal" Taylor (1954-2015)
Dave Gregory (1956)
Tyler Stewart (1967)
David Silveria (1972)
Liam Gallagher (1972)
Jonas Bjerre (1976)

Tjuande september

I 1954 vart Antti Juhani Seppälä fødd i finske Lavia. Bassisten Seppälä spelte i Leningrad Cowboys frå 1989 til 2000 og hjå meg kan han høyrast på studioplatene We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space frå 1996, i tillegg til filmmusikken til Leningrad Cowboys Go America frå 1989 og konsertplata Live In Provinzz, som kom på marknaden i 1993.

Andre jubilantar
Eric Gale (1938-1994)
Ted Neeley (1943)
Mick Rogers (1946)
Dave Hemingway (1960)
Kjetil Melkersen (1966)
Gunnar Nelson (1967)
Matthew Nelson (1967)
Ben Shepherd (1968)

Nittande september

I 1941 kom Ellen Naomi Cohen til verda i Baltimore i Maryland. Songerinna Cass Elliot, også kjend som Mama Cass, var ein av grunnleggjarane av The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Mama Cass høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Elliot døyde i 1974.

Andre jubilantar
Ray Cooper (1942)
John Coghlan (1946)
Nile Rodgers (1952)
Rosario Jermano (1954)
Rusty Egan (1957)
Lita Ford (1958)
Jarvis Cocker (1963)
Paul Winterhart (1971)
Jannicke Larsen (1976)

Attande september

I 1951 vart Douglas Glenn Colvin fødd i Fort Lee i Virginia. Bassisten Dee Dee Ramone var ein uvurderlig del av punkbandet Ramones, både som bandet sin primære låtskrivar, og som songar, i tillegg til hovudoppgåva som bassist. Hjå meg kan Dee Dee Ramone sitt basspel høyrast på studioplatene Leave Home (1977), End Of The Century (1980) og Pleasant Dreams (1981), og samleplata Ramones Mania (1988). Dee Dee Ramone døyde av ein overdose heroin i 2002.

Andre jubilantar
Greg Leisz (1949)
Nile Rodgers (1952)
Carl Jackson (1953)
Nils Petter Molvær (1960)
Mark Olson (1961)
Tony Harnell (1962)
Xzibit (1974)

Syttande september

I 1926 kom William Patton Black jr til verda i Memphis i Tennessee. Gitaristen Bill Black vert rekna som ein av pionerane innom rockabilly og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter Elvis Presley slepte i 2002. Black døyde i 1965.

Andre jubilantar
Will Gregory (1951)
Reggie McBride (1954)
Anders Herrlin (1961)

Sekstande september

I 1946 vart Kenneth Thomas Jones fødd i Stepney i London. Trommeslagaren Kenney Jones si karriere omfattar band som Small Faces, Faces og The Who. Hjå meg kan Jones høyrast på Faces si plate Long Player (1971), Smiler, som Rod Stewart slepte i 1974, på Joan Armatrading si sjølvtitulerte studioplate frå 1976, samt Workers Playtime (Billy Brag 1988). I tillegg kan Jones sitt stødige trommespel nytast på utvalde spor på samleplatene The Mercury Antology (Rod Stewart, 1992), Jump Back – The Best of The Rolling Stones (1993) og My Generation – The Very Best of The Who (1996).

Andre jubilantar
B.B. King (1925-2015)
Ralph Mooney (1928-2011)
Ronnie Drew (1934-2008)
Ray Cooper (1942)
Winston Grennan (1944-2000)
Mickey Rourke (1952)
Anca Parchel (1957-2008)
Øystein Jevanord (1959)
Bilinda Butcher (1961)
Richard Marx (1963)
Ronnie King (1963)
Roy Paci (1969)

Femtande september

I 1967 kom Huw Cennydd Bunford til verda i Cardiff. Huw Bunford er gitarist i det walisiske bandet Super Furry Animals og kan i mi platehylle høyrast på platene Love Kraft (2005) og Songbook vol 1 (2004).

Andre jubilantar
Roy Acuff (1903-19929
Julian "Cannonball" Adderley (1928-1975)
Michel Dorge (1960)
Karl Koch (1969)
Paul Thomson (1976)

Fjortande september

I 1949 vart Edward C. King fødd i Glendale i California. Gitaristen Ed King var med i det attforeina Lynyrd Skynyrd i 1987, men forlét bandet grunna hjarteproblem i 1996. Hjå meg kan King sitt gitarspel høyrast på studioplata Lynyrd Skynyrd 1991, samt på utvalde spor på den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd (1998). King døyde i 2018.

Andre jubilantar
Fred "Sonic" Smith (1949-1994)
Diva Gray (1952)
Steve Berlin (1956)
Tim Stafford (1960)
Mark Webber (1970)
Amy Winehouse (1983-2011)

Trettande september

I 1932 kom Eddie Brown til verda i Muhammed Ali sin heimby, Clarksdale i Mississippi. Perkusjonisten Eddie «Bongo» Brown sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976, samt på utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon, frå 1975. Brown døyde i 1984.

Andre jubilantar
Charles Brown (1922-1999)
Don Was (1952)
Joni Sledge (1955)
David Mansfield (1956)
Vinny Appice (1957)
Sheldon Reynolds (1959)
Dave Mustaine (1961)
Gia Ciambotti (1962)
Zak Starkey (1965)
Stephen Perkins (1967)
Fiona Apple (1977)

Tolvte september

I 1931 vart George Glenn Jones fødd i Saratoga i skytegale Texas. George Jones er ein respektert countryartist med mange storselgjande plater på merittlista, men for mange er han like, om ikkje betre, kjend for å ha vore gift med den kvinnelege countrysongerinna Tammy Wynette, og for å ha levd eit hardt liv med mykje fyll og spetakkel, der alle dei avlyste konsertane ga han tilnamnet «No show Jones». Hjå meg kan Jones høyrast på studioplata Walls Can Fall frå 1992. Jones døyde i 2013.

Andre jubilantar
Judy Clay (1938-2001)
Barry White (1944-2003)
Anders Bru (1949)
Neil Peart (1952)
Nigel Benjamin (1954)
Barry Andrews (1956)
Larry LaLonde 1968)
Warren Fitzgerald (1968)
James McCartney (1977)
Jennifer Hudson (1981)

Ellevte september

I 1943 kom Michael Steven Hartman til verda i metropolen New York City. Trommeslagaren Hartman nyttar til dagleg aliaset Mickey Hart og er best kjend for å ha helde takten for hippielegendene i Grateful Dead. Hart, som i dag turnerar med sitt eige Mickey Hart Band, spelte med The Dead i to periodar, fyrst frå september 1967 til februar 1971 og sidan frå 1974 til 1995. Hart sitt trommespel kan i mi platesamling høyrast på plata Dylan & The Dead, ei konsertplate frå 1989 der den trufaste fanskaren, The Deadheads, fekk høve til å følgje heltane medan dei turnerte saman med Bob Dylan. Mickey Hart er også kreditert for å holde takten for David Crosby på hans debutsoloplate If I Could Only Remeber My Name frå 1971, også her spelar Hart saman med Rhythm Devil-kollega Bill Kreutzmann frå Grateful Dead.

Andre jubilantar
Leo Kottke (1945)
Bob Catley (1947)
John Porter (1947)
Mick Talbot (1958)
Sergey Ryabtsev (1958)
Neal X (1960)
Moby (1965)
Richard Ashcroft (1971)
Jonny Buckland (1977)
Ludacris (1977)

20.10.2018

Tiande september

I 1946 vart Donald Georg Powell fødd i engelske Bilston. Trommeslagaren Don Powell lev i dag eit stille og roleg eksil i vårt kjære granneland Danmark, men har i hine hårde dagar gjort seg merkt som takthaldar i Slade og kan mi platehylle høyrast medan han gjer jobben sin på studioplatene Play It Loud (1970) og Slayed (1972), konsertplatene Slade Alive (1972) og Slade On Stage (1982), samt samleplata The Slade Collection ’81-87.

Andre jubilantar
Chris Reutinger (1946)
Barriemore Barlow (1949)
Rick Rosas (1949-2014)
Joe Perry (1950)
Daniel Lanois (1951)
Donna DeLory (1964)
Rob Mathes (1970)
Matthew Followill (1985)

Niande september

I 1943 kom Bruce Palmer til verda i Belleville i den kanadiske delstaten Ontario. Bassisten Bruce Palmer er best kjend for å spele saman med Neil Young i hippiebandet Buffalo Springfield, og kan hjå meg høyrast på bandet si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. Palmer døyde i 2004.

Andre jubilantar
Elvin Jones (1927-2004)
Dave A. Stewart (1952)
Phil Palmer (1952)
Adrian Lee (1957)
Sekou Bunch (1960)
Krichou Montieux (1964)
Øyvind Gimse (1968)
Sascha Paeth (1970)
Roots Manuva (1972)
Stuart Price (1977)

18.10.2018

Åttande september

I 1897 kom James Charles Rodgers til verda, truleg i Meridian i Mississippi. The Singing Brakeman Jimmy Rodgers var kjend for å jodle på den amerikanske måten, som er minst like enerverande som den austerriske. Mi platehylle byr på Rodgers sin stemmeprakt på samleplata Americas Blue Yodeler 1930-1931. Rodgers døyde av tuberkulose i 1933.

Andre jubilantar
Kelly Groucutt (1945-2009)
Benjamin Orr (1947-2000)
Morris Pert (1947-2010)
Zachary Richard (1950)
Will Lee (1952)
Aimee Mann (1960)
David Steele (1960)
Steve Waterman (1960)
Joachim Nielsen: (1964-2000)
Neko Case (1970)
Lance Bangs (1972)
Gabrial McNair (1973)

17.10.2018

Sjuande september

I 1946 kom Alfa Anderson til verda i New York City. Songerinna Anderson er best kjend for å syngje i Chic, hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på samleplatene More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music (1995) og Sister Sledge (1996).

Andre jubilantar
Joe Newman (1922-1992)
Sonny Rollins (1930)
Dennis Thompson (1948)
Chrissie Hynde (1951)
Mark Isham (1951)
Benmont Tench (1953)
LeRoi Moore (1961-2008)
Eric Remschneider (1967)
Jean-Benoît Dunckel (1969)
Harper Simon (1972)

16.10.2018

Sjette september

I 1941 vart Michael Waller fødd i London-bydelen Hammersmith. Trommeslagaren Micky Waller byrja å herje på dei britiske platelistene tidleg på sekstitalet med The Steampacket og The Jeff Beck Group. Hjå meg høyrest Waller på stuidoplata Smiler, som Rod Stewart slepte i 1974, samt utvalde spor på same oppdragsgjvevar si samleplate The Mercury Antology (1992), og på Billy Bragg si eminente plate Workers Playtime frå 1988. Waller døyde i 2008.

Andre jubilantar
Dave Bargeron (1942)
Roger Waters (1943)
Claydes Smith (1948-2006)
Tony Sales (1951)
Buddy Miller (1952)
Herwig Mitteregger (1953)
Saku Kuosmanen (1956)
Sigurd Køhn (1959-2004)
Scott Travis (1961)
Dolores O'Riordan Burton (1971-2018)
Eugene Hütz (1972)
Nina Persson (1974)

15.10.2018

Femte september

I 1946 kom Farrokh Bulsara til verda på eksotiske Zanzibar i India-havet. Songaren Freddie Mercury gjorde stor suksess som vokalist i supergruppa Queen. I mi platesamling kan Mercury si karrakteristiske røyst høyrast på konsertplata Rock Montreal (Queen, 2007), samleplata Lover Of Life Singer Of Songs - The Very Best Of Freddie Mercury (2005), samt som korist på songen You Nearly Did Me In, som Ian Hunter gav ut på plata All American Alien Boy i 1976. Freddie Mercury døyde i 1991.

Andre jubilantar
Loudon Wainwright III (1946)
Buddy Miles (1947)
Gary King (1947)
Mel Collins (1947)
Ricky Fataar (1952)
Juan Alderete (1963)
Brad Wilk (1968)
Rose McGowan (1973)
Sondre Lerche (1982)

Fjerde september

I 1920 kom Harold Bradley Jackson til verda i Wilmington i North Carolina. Harold «Shot» Jackson har livnært seg ved å spele eksotiske instrument som dobro og steel guitar og kan i mi platehylle høyrast på Johnny Cash si konseptplate Ride This Train (1960), samt utvalde spor på samleplata The Man In Black – The Very Best Of (2002). Jackson døyde i 1991.

Andre jubilantar
Martin Chambers (1951)
Blackie Lawless (1956)
Kim Thayil (1960)
Igor Cavalera (1970)
Guto Pryce (1972)
Mark Ronson (1975)
Beyoncé Knowles (1981)

13.10.2018

Tredje september

I 1942 kom Alan Charles Jardine til verda i Lima i Ohio. Al Jardine vart, etter at familien flytta til Hawthorne i California, kompis med Wilson-brørne i The Beach Boys, og etter det var kursen som gitarstjerne staka ut. Hjå meg kan Jardine sine gitartriller høyrast på studioplata 15 Big Ones (1976), i tillegg til samleplatene Summer Dreams (1993) og Super Hits.

Andre jubilantar
Tompall Glaser (1933-2013)
Eric Bell (1947)
Don Brewer (1948)
Robert Hirst (1955)
Steve Jones (1955)
Perry Bamonte (1960)
Scott Hackwith (1968)
David Chelsom Vogt (1979)
Jørgen Munkeby (1980)

Andre september

I 1946 vart William Everett Preston fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Tangentmannen Billy Preston har arbeida med så og seie alle dei store rockeartistane, som The Beatles, Bob Dylan, Little Richard, Eirc Burdon og Ray Charles. Hjå meg kan Preston høyrast medan han trakterer tangentar for Mick Jagger på plata Wandering Spirit (1993), på Johnny Cash si fjerde American Recordings-plate: The Man Comes Around (2002), samt utvalde spor på Rolling Stones si samleplate Jump Back – The Best of (1993). Preston døyde i 2006.

Andre jubilantar
Mik Kaminski (1951)
Fritz McIntyre (1952)
Steve Porcaro (1957)
Jerome Augustyniak (1958)
Sam Rivers (1977)

12.10.2018

Fyrste september

I 1946 vart Barry Allan Crompton Gibb fødd i Douglas, hovudstaden i Isle Of Man, ein liten holme i Irskesjøen. Barry Gibb er kjend for at han, saman med brørne Robin og Maurice, starta pop- og discobandet Bee Gees på siste halvleiken av sekstitalet. Hjå meg kan Gibb si falsettrøyst høyrast på konsertplata One Night Only, spela inn i kasinometropolen Las Vegas i Nevada, og slept laus på platekjøparane i 1998.

Andre jubilantar
Art Pepper (1925-1982)
Russ Kunkel (1948)
Bruce Foxton (1955)
Phil Johnstone (1957)
Cass (1960)
Grant-Lee Phillips (1963)
Omar Rodríguez-López (1975)
Babydaddy (1976)

Trettifyrste august

I 1945 kom George Ivan Morrison til verda i den nordirske hovudstaden Belfast. Den nordirske songaren Van ”The Man” Morrison, er kjend som ein av underhaldningsbransjen sine største grinebitterer, og som ein det er tilnærma umogleg å samarbeide med. Saka vert ikkje noko betre av at han i tillegg er kjend som ei notorisk fyllebøtte. Men at mannen kan synge, er det ikkje nokon grunn til å tvile på. I mi platehylle finn du studioplatene No Guru No Method No Teacher (1986), Enligthenment (1990) og Back On Top (1999). I tillegg er platehylla pryda av samleplatene Bang Masters frå 1991, den byr på det grommaste frå The Belfast Cowboy, inkludert superhiten og kjenningsmelodien Brown Eyed Girl, og The Philosopher’s Stone (1998), som byr på tidlegare uutgjevne spor frå perioden 1969 til 1988. Morrison er også kreditert for å synge med på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999.

Andre jubilantar
Wilton Felder (1940-2015)
Bengt Berger (1942)
Rudolf Schenker (1948)
Anthony Thistlethwaite (1955)
Glenn Tilbrook (1957)
Hanne Boel (1957)
Baard Slagsvold (1963)
Sara Ramirez (1975)
Del Marquis (1977)
Ryland Steen (1980)

11.10.2018

Trettiande august

I 1950 kom Michael Joseph Moody til verda i engelske Middlesbrough. Gitaristen Micky Moody kan i mi platehylle høyrast medan han, saman med Bernie Marsden, spelar ein akustisk blueskonsert i myteomspunne bygda Hell i Trøndelag i 1993.

Andre jubilantar
John Phillips (1935-2001)
William D. Smith (Smitty) (1944-1997)
Fred Tackett (1945)
Sir Horace Gentleman (1953)
Lars Frederiksen (1961)
Persi Iveland (1963)

Tjueniande august

I 1958 kom Michael John Harvey til verda i Rochester i den australske delstaten Victoria. Den australske musikaren Mick Harvey starta karrieren sin i bandet The Birthday Party, som ærar platehylla mi med plata Junkyard frå 1982, men er best kjend for samarbeidet sitt med landsmannen Nick Cave. Hjå meg kan Harvey høyrast som medlem av The Bad Seeds medan han spelar bass og gitar på Cave sine plater From Here To Eternity frå 1984, og The Boatmans’s Call, som kom ut i 1997, i tillegg til Nocturama frå 2003. Harvey er også kreditert for å spele på PJ Harvey sine studioplater To Bring You My Love (1995), Is This Desire (1998) og Stories From The City, Stories From The Sea (2000).

Andre jubilantar
Diana Washington (1924-1963)
Bennie Maupin (1940)
Michel Santangeli (1945-2014)
Geoff Whitehorn (1951)
Michael Jackson (1958-2009)
Iain Baker (1965)
Anton Newcombe (1967)
Meshell Ndegeocello (1968)
Danny Schuler (1969)

10.10.2018

Tjueåttande august

I 1942 vart Holmes Sterling Morrison Jr. fødd i East Medow i New York. Gitaristen Sterling Morrison var ein av grunnleggjarane av The Velvet Underground og kan i mi platehylle høyrast på samleplaten The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed (1989, og NYC Man – Greatest Hits (Lou Reed). Morrison døyde i 1995.

Andre jubilantar
Joe Osborn (1937)
Bob Segarini (1945)
Stefan Brolund (1947)
Dave Hlubek (1951)
Hugh Cornwell (1952)
Clive Culbertson (1954)
Paul Buchiguani (1967)
Arve Isdal (1977)

09.10.2018

Tjuesjuande august

I 1953 vart Alexandar Zivojinovic fødd i Fernie i British Coloumbia. Alex Lifeson er gitarist i det kanadiske bandet Rush, som har platene Fly By Nigh (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987), i mi platehylle.

Andre jubilantar
Daryl Dragon (1942)
John George Turnbull (1950)
Glen Matlock (1956)
Paul Roessler (1958)
Atle Karlsen (1960)
Eric Correa (1968)
Tony Kanal (1970)
Janove Ottesen (1975)

06.10.2018

Tjuesjette august

I 1966 Shirley Ann Manson fødd i Edinburg i Skotland. Shirley Manson syng i bandet Garbage og hjå meg kan ho høyrast på platene Garbage (1995) og Version 2.0 (1998). Manson er også kreditert for hjelpevokal på sporet You Got A Killer Scene There Man på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze frå 2005.

Andre jubilantar
Jet Black (1938)
Alan Parker (1944)
Maureen Tucker (1944)
Danny White (1959)
Branford Marsalis (1960)
Adrian Young (1969)

05.10.2018

Tjuefemte august

I 1933 vart Wayne Shorter fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Saksofonisten Shorter vert rekna som ein av tidenes framste musikarar og har gjeve ut meir enn tjue plater som bandleiar under eige namn. I mi platesamling kan Shorter høyrast på den femte og tiande soloplata sin, Juju (1964) og Adams Apple frå 1966. Shorter kan også høyrast medan han spelar i bandet Weather Report på samleplata Collection, og for trompetlegenda Miles Davis på platene In A Silent Way (1969) og Water Babies frå 1976.

Andre jubilantar
Leonard Gaskin (1920-2009)
Rune Gustafsson (1933)
Peter Arnesen (1947)
Gene Simmons (1949)
Willy DeVille (1950-2009)
Rob Halford (1951)
Elvis Costello (1954)
John McGeoch (1955)
Terminator X (1962)
Vivian Campbell (1962)
Candida Doyle (1963)
Derek Sherinian (1966)
Jeff Tweedy (1967)
Stuart Murdoch (1968)
Arne Hovda (1972)

04.10.2018

Tjuefjerde august

I 1945 kom Kenneth William David Hensley til verda i nærleiken av storbyen London. Multiinstrumentalisten Ken Hensley er best kjend som keyboardspelar og låtskrivar i det engelske hardrockbandet Uriah Heep som han spelte saman med det hektiske tiåret frå 1970 til 1980. Hjå meg kan Hensley høyrast på platene Very ‘Eavy…Very ‘Umble (1970), Salisbury (1971), Look At Yourself (1972), Demons And Wizards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975), High And Mighty (1976) og Fallen Angel (1978), i tillegg til utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark frå 1991.

Andre jubilantar
David Freiberg (1938)
Malcolm Duncan (1945)
Ronee Blakley (1945)
Danny Joe Brown (1951)
Steve Holley (1954)
Mark Bedford (1961)
John Bush (1963)
Andreas Kisser (1968)

03.10.2018

Tjuetredje august

I 1947 var fyrste dag på jorda for Keith John Moon. Keith Moon vart fødd i London og tente sidan til livets opphald som trommeslagar i The Who. Mange hevdar han var ein av dei beste rocketrommisane som har levd nokon sinne. Hjå meg kan Moon høyrast på studioplatene A Quick One (1966), Tommy (1969), Who’s Next (1971) og Who Are You (1978), samleplatene Odds & Sods (1974) og My Generation: The Very Best Of The Who (1996), og lydsporet til filmen The Kids Are Alright (1979). Moon døyde med spya i halsen i sitt eige utdrikkingslag i 1978.

Andre jubilantar
Vicki Brown (1940)
Linda Thompson (1947)
Ove Thue (1951)
Dean DeLeo (1961)
Shaun Ryder (1962)
Barry Bales (1969)
Stephen Bradley (1972)
Eliza Carthy (1975)
Julian Casablancas (1978)

02.10.2018

Tjueandre august

I 1917 vart bluesartisten John Lee Hooker fødd i Coahoma County i Mississippi. Hooker vert rekna som ein av dei fremste representantane for Delta Blues og innsatsen frå debuten i 1948 og framover sikra han ei stjerne på Hollywood Walk Of Fame. Hooker sitt bidrag til mi platehylle heiter Best Of Friends og er ei samleplate som tok for seg diverse samarbeidsprosjekt Hooker gjorde i åra 1986-1998. Hooker døyde i 2001.

Andre jubilantar
Cherry Smith (1943-2008)
Vernon Reid (1958)
Roland Orzabal (1961)
Tori Amos (1963)
Will Calhoun (1964)
Layne Stanley (1967-2002)
Steve Cradock (1969)

Tjuefyrste august

I 1939 kom James Burton til verda i Dubberly i Louisiana. Gitaristen Burton er kjend som Master Of The Telecaster og har vore medlem av Rock’n Roll Hall Of Fame sidan 2001. Burton sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Buffalo Springfield si plate Buffalo Springfield Again frå 1967, på Pieces Of The Sky, som var Emmylou Harris sitt bidrag til platemarknaden i 1975, og på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991.

Andre jubilantar
Count Basie (1904-1984)
Harold Reid (1939)
Roger Coulam (1940)
Jackie DeShannon (1944)
Glenn Hughes (1952)
Joe Strummer (1952-2002)
Richie Zito (1952)
Steve Smith (1954)
Budgie (1957)
Kim Sledge (1957)
Mark Pender (1957)
Rune Rebellion (1965)
Serj Tankian (1967)
Liam Howlet (1971)
Brandon Flowers (1981)