12.10.2018

Trettifyrste august

I 1945 kom George Ivan Morrison til verda i den nordirske hovudstaden Belfast. Den nordirske songaren Van ”The Man” Morrison, er kjend som ein av underhaldningsbransjen sine største grinebitterer, og som ein det er tilnærma umogleg å samarbeide med. Saka vert ikkje noko betre av at han i tillegg er kjend som ei notorisk fyllebøtte. Men at mannen kan synge, er det ikkje nokon grunn til å tvile på. I mi platehylle finn du studioplatene No Guru No Method No Teacher (1986), Enligthenment (1990) og Back On Top (1999). I tillegg er platehylla pryda av samleplatene Bang Masters frå 1991, den byr på det grommaste frå The Belfast Cowboy, inkludert superhiten og kjenningsmelodien Brown Eyed Girl, og The Philosopher’s Stone (1998), som byr på tidlegare uutgjevne spor frå perioden 1969 til 1988. Morrison er også kreditert for å synge med på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999.

Andre jubilantar
Wilton Felder (1940-2015)
Bengt Berger (1942)
Rudolf Schenker (1948)
Anthony Thistlethwaite (1955)
Glenn Tilbrook (1957)
Hanne Boel (1957)
Baard Slagsvold (1963)
Sara Ramirez (1975)
Del Marquis (1977)
Ryland Steen (1980)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar