31.01.2011

Trettifyrste januar

Trettifyrste januar 1944 kom bluesartisten Charlie Musselwhite til verda i Kosciusko i elvestaten Mississippi. Musselwhite skal vist nok ha vore inspirasjonen til Dan Akroyd sin film Blues Brothers, sjølv om dette ikkje er stadfesta frå noko hald. I mi platesamling kan Musselwhite høyrast medan han spelar Blues Harp på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1967 var Janis Joplin og spelte på The Matrix i San Francisco. Ein medley av Amazing Grace og Hi Heel Sneekers, som skal stamma frå denne seansen, kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. Musikken var ved Big Brother And The Holding Company. I 1979 var Johnny Cash i studio og spela inn The Greatest Cowboy Of Them All som kom ut på plata A Believer Sings The Truth. Songen kan i mi platesamling høyrast på samleplata God frå 2000. I 1981 var dei svenske pønkarane Ebba Grön, med Joachim Tåström i spissen på Ultrahuset i Handen. Låtane Ung & Kåt og Staten & Kapitalet kan høyrast på plata Ebba Grön Live. I 1994 gav Tori Amos ut den vakre og lågmelte plata Under The Pink. I 2000 kom Primal Scream med plata XTRMNTR. NME rangerte plata som den nest beste plata som kom på marknaden det året og konkurrenten Q-Magazine fann året etter plass til albumet på deira liste over 50 Heaviest Albums Of All Time. I 2010 fekk den kanadiske superstjerna Neil Young sin aller fyrste Grammy-statuett. Eg trur eg har mange med meg når eg hevdar ei slik utmerking kom minst førti år for seint.

29.01.2011

Tjueniande januar

Tjueniande januar 1947 kom David Byron til verda i Epping i Essex, han nytta då etternamnet Garrick. Byron hadde ei fortid som songar i gruppa Spice før han slo seg saman med resten av den langhåra gjengen i Uriah Heep i 1969. David Byron rakk å gje ut ti plater med dette bandet før han fekk sparken i 1976. Byron levde rockemyte til det fulle og døyde ein lite ærefull død av skrumplever i 1985. I 1949 vart Tommy Ramone fødd som Thomas Erderlyi ved Donau sine bredder i den ungarske hovudstaden Budapest. Tommy Ramone er kjent som den originale trommeslagaren i Ramones og er i skrivande stund den einaste gjenlevande originalmedlemmen av dei skinnkledde. I 1966 spela Johnny Cash inn songen Joe Bean, som fekk plass på plata Everybody Loves A Nut og i tillegg kan høyrast på plata Murder frå 2000. Han spela også inn The Sound Of Laughter som ikkje vart ikkje offisielt utgjeven den gongen, men også den kan i dag høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1985 gav Yello ut si fjerde studioplate, Stella, som inneheld singelen Oh, Yeah, kjend frå den amerikanske filmen som fekk norsk tittel Skulk Med Stil og kom på kino i 1986. I 2002 spelte Beach Boys-grunnleggjaren Brian Wilson i Royal Festival Hall i London på denne datoen. I 2008 gav supergruppa The Mars Volta ut plata The Bedlam In Goliath, som var bandet si fjerde studioplate.

27.01.2011

Tjuesjuande januar

Tjuesjuande januar 1957 vart Elvis Presley sin fyrste RCA-singel utgjeven. Heartbreak Hotel nådde fyrsteplass på dei amerikanske listene, men nådde aldri høgare enn #2 i England. Same dag kom gitaristen Janick Robert Gers til verda. Gers har spela i fleire band, men det er nok flest som har høyrd han som gitarist i Iron Maiden frå 1990. I 1983 stod Toy Dolls på scenen på Le Metro i Sunderland. I 1985 var Toy Dolls i Den Haag og spela på Paarduntrouse. I 1997 slepte Reef plata Glow. I 2002 spelte den myteomspunne ”strandguten” Brian Wilson den fyrste av fire konsertar i Royal Festival Hall i London der heile Beach Boys si mykje omtala Pet Sounds plate frå 1966 vert framførd. Konsertane vart foreviga på band og resultatet kan høyrast på plata Pet Sounds Live. I 2004 døyde Mel Pritchard, same dag som Air slepte si fjerde studioplate, Talkie Walkie.

26.01.2011

Tjuesjette januar

Tjuesjette januar 1966 var Johnny Cash i studio og foreviga Austin Prison som enda opp på plata Everybody Loves A Nut. I 1979 spela Johnny Cash inn When He Comes som vart gjeven ut på plata A Believer Sings The Truth. Songen kan i mi platesamling høyrast på samleplata God frå 2000. I 1983 held Toy Dolls konsert på Fandangos i Hexham. I 1985 var det Simplon i Groningen som kunne skryte av at dei arrangerte konsert med Toy Dolls. Same dag døyde Kenny Clarke. I 1986 hadde The Ritz i New York vitjing av Toy Dolls. I 2009 gav dei skotske indierockarane i Franz Ferdinand ut den tredje studioplata si, ho heit Tonight: Franz Ferdinand.

25.01.2011

Tjuefemte januar

Tjuefemte januar 1955 var dagen Terry Chimes kom til verda i London. Chimes er mest kjent for å halde styr trommer og takt i den engelske punkgruppa The Clash. I 1979 var det Oh Come, Angel Band som fekk evig liv i Johnny Cash sin versjon. Songen kan høyrast på både A Believer Sings The Truth og samleplata God frå 2000. I 1981 var Ebba Grön på EFMD i Västa Haninge. Låtane Alla Visa Män, Hat & Blod og Slicka Uppåt, Sparka Heråt kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Totenhosen i Saarbrücken. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til California, nærare bestemt Los Angeles, for å spele på Fenders. I 2011 gav Motörhead ut plata The Wörld Is Yours. Her kan det vere greitt å merkje seg at sjølv om dette er informasjon som er henta frå bandet si eiga nettside, så har det seg slik at plata fekk plass i mi platehylle ein månad tidlegare, noko som visar at det som burde vere truverdig informasjon frå dei ulike banda sine offisielle nettstader ikkje alltid er heilt til å stole på.

24.01.2011

Tjuefjerde januar

Tjuefjerde januar 1947 kom Warren William Zevon til verda i Chicago. Zevon flytta til California som trettenåring, men etter foreldra si skilsmisse flytta han til New York for å verte visesongar. Frå 1965 leverte han ei rekkje kritikarroste plater og deltok på andre sine produksjonar. Zevon vert rekna som ein musikarfavoritt og var høgt respektert i det amerikanske musikkmiljøet. Zevon døyde av lungekreft i 2003. I 1948 vart den engelske skodespelaren og musikaren Michael Phillip Des Barres fødd. Des Barres har gjort seg best kjend gjennom arbeidet sitt som skodespelar, med mellom anna ei rolle i den amerikanske serien McGyver, men hjå meg er det som musikar han utmerkar seg. Des Barres har ei fortid som vokalist i det engelske glamrockebandet Silverhead og kan høyrast på platene Silverhead’s First (1972) og 16 And Savaged (1973). I 1976 var Gasolin i aksjon i Holstebro. Nanna, med supergitaristen Franz Beckerlee på mundharpe, Smukke Linda, 1975 og På Banen (Derudaf) kan høyrast på samleplata Derudaf -Forever. I 1985 var Toy Dolls å finne i Kempton Youth Club. I 1989 gjekk Melissa Etheridge i studio for å starte innspelinga av den vanskelege andreplata, som i hennar tilfelle fekk tittelen Brave And Crazy. I 2005 gav The Chemical Brothers ut si femte studioplate, Push The Button, som selde til gull og vart nominert til Grammy. I 2009 døyde Leonard Gaskin.

23.01.2011

Tjuetredje januar

Tjuetredje januar 1953 er dagen Cheap Trick-vokalisten Robin Zander kom til verda i Beloit. Zander si gjennomtrengande røyst har hypnotisert jenter i alle aldrar sidan bandet starta og er perfekt til å framføre gitarist Rick Nielsen sine surrealistiske songar. I 1956 vart Ralph Carney fødd i Akron i Ohio. Carney lev av å traktere ei rekkje blåseinstrument og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar både trompet og saksofon på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1959 fekk Johnny Cash hjelp av produsent Don Law til å spele inn ti songar i Nashville, alle kan høyrast på plata Hymns og vert her ramsa opp i tilfeldig rekkefølgje: I Saw A Man; Are All The Children In; Lead Me Gently Home; Snow In His Hair; I Call Him; These Things Shall Pass; He’ll Be A Friend; God Will; The Old Account; Swing Low, Sweet Chariot. Dei to siste kan også høyrast på samleplata God frå 2000. I 1985 er Toy Dolls igjen over grensa til Sveits for å spele på Rote Fabrik i bankbyen Zürich. I 1986 spelte Toy Dolls på gata i Sacramento.

22.01.2011

Tjueandre januar

Tjueandre januar 1924 vart jazzmusikaren James Louis Johnson fødd i Indianapolis. Johnson sin CV inneheld spel med orkestarleiarar som Count Bassie og Charlie Parker. I mi platesamling kan J.J. Johnson høyrast medan han spelar trombone for Miles Davis på plata Birth Of The Cool som kom på marknaden i 1957. Johnson døyde i 2001. I 1960 kom Lars Fredrik Beckstrøm til verda. Beckstrøm er best kjend for å spele bass i de Lillos, men har også ei eiga karriere under eige namn og i Lars Beckstrøm Kvartett. I mi platehylle finn du, i tillegg til dei obligatoriske de Lillos-platene, Lykkens Kalosjer eit soloprosjekt som Beckstrøm gav ut under eige namn i 1997. I 1969 vart Elvis Presley sin versjon av Suspicious Minds spela inn. I 1980 la Madness seg fint til å tredjeplass på singellista med My Girl, medan i 1985 var turen endeleg komen for München å oppleve Toy Dolls, det hendte på Alabamahalle. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Wilson Theatre i rosinbyen Fresno. I 1993 døyde Helno Rota. I 1997 kom singelen When You’re Gone frå The Cranberries.

21.01.2011

Tjuefyrste januar

Tjuefyrste januar 1949 var Miles Davis i New York og spelte inn songane Move, Jeru, Budo og Godchild. Med seg på denne legendariske sessionen hadde Davis Kai Winding på trombone, Junior Collins på fransk horn, John Barber spelte tuba, Lee Konitz brilleerte på alt saksofon, Gerry Mulligan var mannen på baryton saksofon, Al Haig trakterte tangentane, Joe Shulman spelte bass og Max Roach heldt takten. Desse innspelingane kan nytast på plata Birth Of The Cool. I 1956 kom tidlegare W.A.S.P.-trommeslagar Steve Riley til verda. Han spelte i bandet frå 1984 til 1987 og hjå meg kan han høyrast på samleplata First Blod. Last Cuts. I 1983 er Legions Club i Amble vertskap for Toy Dolls. I 1984 er Toy Dolls attende i heimlandet etter eit utanlandsopphald og spelar på Carlisle City Hall.

20.01.2011

Tjuande januar

Tjuande januar 1929 kom trommeslagaren Jimmy Wilbur Cobb til verda i Washington D.C. Cobb kan hjå meg høyrast medan han held takten for Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. I 1945 fekk verda musikaren Eric Michael Stewart. Eric Stewart tenestegjorde i 10cc frå 1972 til 1995. I 1948 vart trommeslagaren Melvin Paul Pritchard fødd i Oldham. Mel Pritchard heldt, fram til han døyde av eit hjarteinfarkt i 2004, takten for Barclay James Harvest. I 1951 kom bassisten Ian Frank Hill til verda i West Bromwich. Hill har tent sitt daglege brød som ein del av rytmeseksjonen i Judas Priest. I 1952 kom Kiss-gitarist og vokalist og posørrockar nummer ein Paul Stanley til verda i New York med det karismatiske namnet Stanley Harvey Eisen. Unge Stanley sitt bidrag til rocken har kan hende ikkje alltid hausta like stor åtgaum, men han er, om ein skal tru pressa, musikalsk ansvarlig i Kiss og det seier sitt. I 1961 var Elvis Presley i studio og spela inn In The Ghetto. I 1968 fekk Dylan-låten All Along The Watchtower evig liv i Jimi Hendrix Experience sin versjon. Singelen nådde sjetteplass i England, medan USA løna prestasjonen med ein tjuandeplass. I 1969 kom Nicholas Allen Jones til verda i walisiske Blackwood. Under artistnamnet Nicky Wire har Jones gjort suksess som bassist i det walisiske rockebandet Manic Street Preachers. Fredag tjuande januar 1985 var Brøndby-hallen i København åstad for ein konsert med metallikona i Judas Priest. Dei som ikkje nådde fram til kongens by, men som tilfeldigvis oppheldt seg i Stuttgart kunne i staden oppleve Toy Dolls på Krockodil. I 1986 fekk Palo Alto vitjing av Toy Dolls, dei kunne høyrast på The Stone. I 1996 døyde jazzmusikaren Gerry Mulligan.

19.01.2011

Nittande januar

Nittande januar 1943 var dagen verdas fyrste, og kan hende framleis største, kvinnelege rockestjerne, Janis Lynn Joplin kom til verda i Port Arthur i Texas. I hippiemiljøet i San Francisco etablerte Janis seg med hard bluesrock i grupper som Big Brother And The Holding Company og Full Tilt Boogie Band, som ho gjorde fleire plateinnspelingar med. Farewell Song og den doble samleplata Janis er på plass i hylla. Joplin levde fort og hardt og døyde i 1970. I 1949 kom gentlemansrockaren Robert Palmer til verda i Yorkshire. Palmer har hatt suksess som soloartist og med band som The Mandrakes og Power Station. Mi platehylle byr på plata Rhythm & Blues frå 1999. Palmer døyde i 2003. I 1970 var dette dagen The Who var i IBC Studios i London og spelte inn The Seeker. I 1985 var Toy Dolls i Freiburg og spelte på AZ. I 1986 var Toy Dolls i Maboham Gardens i San Francisco. I 1994 slepte The Afghan Whigs EP-plata What Jail Is Like. I 1998 døyde Carl Perkins. I 1999 gav Dave Matthews og Tim Reynolds ut den doble konsertplata Live At Luther College.

18.01.2011

Attande januar

Attande januar 1938 kom Hargus Melvin Robbins til verda. Den blinde pianisten Robbins hadde ein hit med Save It i 1959 og denne vart seinare spela inn av kultpunkarane i The Cramps. Robbins har seinare arbeida med store countrynamn som George Jones og Merle Haggard, men hjå meg er det bak tangentane på Bob Dylan si plate Blonde On Blonde frå 1966 du finn han. I 1944 vart Al Foster fødd i Richmond, Virginia. Trommeslagaren Foster var ein viktig del av Miles Davis sitt band frå fyrste halvdel av syttitalet til 1985. Hjå meg kan Foster høyrast på Miles Davis sine plater Decoy frå 1984 og Amandla frå 1989. I 1969 nytta Neil Young dagen til å spele inn Cowgirl In The Sand saman med husrockarane Crazy Horse i Wally Heider Recording Studio. Spesielt interesserte kan høyre verket på mellom anna Everybody Know This Is Nowhere og Greatest Hits. I 1984 kunne Toy Dolls høyrast på Spirit i San Diego. I 1985 fekk Sveits høve til å ta eit avbrekk i gjøkurproduksjon og Tobleronestøyping då Toy Dolls kom innom og spelte på Gaskessel i Biel. I 1986 var Toy Dolls i Sacramento der dei spelte på Roseville.

17.01.2011

Syttande januar

Syttande januar 1955 vart countryartisten Steve Earle fødd som Stephen Fain Earle i Fort Monroe i Hampton, Virginia. Earle er ein av få artistar eg har teke meg bryet med å sjå fleire gonger. To konsertar har eg fått med meg, begge i Bergen, og eg vonar han tek turen innom att snart. Vonleg er Earle sitt bidrag til mi platesamling kraftig utvida til då. I 1964 kom The Smiths-bassisten Andrew Michael Rourke til verda i Manchester. Andy Rourke sitt basspel kan hjå meg høyrast på plata Strangeways, Here We Come frå 1987. I 1969 spela Neil Young inn Down by the river saman med Crazy Horse i Wally Heider Recording Studio. Resultatet kan mellom anna høyrast på platene Everybody Know This Is Nowhere og Greatest Hits. I 1981 kunne ein høyre lyden av Toy Dolls i Old Miners Hall i Stanley. I 1975 gav Bob Dylan ut plata Blood On The Tracks. I 1984 var det Open Air i Hollywood, California som fekk punkrockarane i Toy Dolls innom. I 1985 spelte Iron Maiden det fyrste av fem utselde konsertar i Radio City i New York, medan Toy Dolls måtte nøye seg med å underhalde dei frammøtte på Zickzack i Wiesbaden då dei spela deira to hundre og femtiande konsert. I 1986 hadde Toy Dolls flydd over Stillehavet og spelte på Palladium i Hollywood.

15.01.2011

Femtande januar

Femtande januar 1951 vart Peter Rodney Byford fødd i Honley i West Yorkshire. Helsefanatikaren Biff Byford var med å starte bandet Son Of A Bitch midt på 1970-talet. Bandet skifta seinare namn til Saxon og leverte ei rekkje album som plasserte seg høgt på platelistene utover åttitalet. Hjå meg finn du klassikaren Wings Of Steel frå 1980. I 1952 kom den sveitsiske musikaren Boris Blank til verda i den sveitsiske hovudstaden Bern. Blank er mannen som skapar den særeigne ljoden i den sveitsiske duoen Yello, som herja lister og dansegolv på åttitalet. Fire titlar frå sveitserane er på plass i hylla. I 1957 byrja Elvis Presley innspelinga av (Let Me Be Your) Teddy Bear, og året etter, 1958, spela same Elvis Presley og The Jordanaires inn Hard Headed Woman for filmen King Creole. I 1965 kom den fyrste singelen Pete Townshend, Roger Daltrey, John Entwistle og Keith Moon gav ut under namnet The Who. I Can’t Explain vart produsert av Shel Talmy og var ein fast del av liveprogrammet til bandet heile karrieren, ofte som konsertopnar. I 1970 gav MC5 ut plata Back In The USA på plateselskapet Atlantic. Plata, som var spela inn i GM Studios i East Detroit med produsent John Landau bak spakane, vert rekna som den viktigaste av dei tre langspelplatene bandet gav ut i den korte og hektiske karrieren sin. I 1984 var Toy Dolls på plass i Consept Factory i Seal Beach. I 1985 var Forum i Enger vertskap for ein Toy Dolls-konsert. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Tsubaki House i Tokyo.

14.01.2011

Fjortande januar

Fjortande januar 1957 vart Steve Jordan fødd. Jordan er den type musikar som handterar fleire instrument og kan hjå meg høyrast medan han spelar både trommer og keyboard for Neil Young på plata Landing On Water frå 1986. I 1967 var det ein stor dag for gitarrocken, for då vart supergitaristen Zakk Wylde fødd i Bayonne i New Jersey på den amerikanske austkysten. Ei rekkje sideprosjekt til tross, Wylde, som har døypenamnet Jeffery Phillip Wielandt, er best kjend for å vere tidlegare gitarist for The Prince Of Darknes, Ozzy Osbourne. Og Wylde sitt gitarspel kan sjølvsagt høyrast på fleire av mine Ozzy-plater, men han kan i mi platehylle også høyrast på debutsoloplata, Book Of Shadows frå 1996. Det skadar ikkje å nemne at denne vart aldri den heilt store kommersielle suksessen. I 1969 kom Foo Fighters-sjefen Dave Grohl til verda. Foo Fighters står på venteliste, men Grohl kan i mi platesamling høyrast på fleire plater med grungebandet Nirvana, der han fekk æra av å spele på trommer. I tillegg kan Grohl høyast medan han spelar trommer på platene Songs For The Deaf og Lullabies To Paralyze med sideprosjektet Queens Of The Stoneage. I 1984 spelte Toy Dolls på Perkins Palace i Pasadena, California. I 1985 var Toy Dolls attende på Loft i Berlin. I 1992 slepte Lou Reed plata Magic And Loss, som var den sekstande studioplata frå den gamle Velvet Underground-helten.

13.01.2011

Trettande januar

Trettande januar 1947 vart John Lees fødd i Oldham i Nord-England. Lees har gjort karriere som gitarist i bandet Barclay James Harvest. I 1964 gav ein ung Bob Dylan ut plata The Times They Are Changin’. For dei som ein gong sona under kummerlege forhold vert trettande januar 1968 hugsa som dagen då Johnny R. Cash spela inn den legendariske fengselskonserten sin i Folsom Prison. Dei innsette fekk høyre at Cash, akkompagnert av Marshall Grant på bass, W. S. Holland på trommer og Luther Perkins på gitar, spela klassikarar som Folsom Prison Blues, Orange Blossom Special, Give My Love To Rose og I Still Miss Someone. Cash si komande kone, June Carter, stod i spissen for The Carter Family og The Statler Brothers som gjorde bakgrunnskoringa. Konserten er i ettertid påstått å vere ein av dei beste konsertane du er glad du ikkje var tilstades på. I 1971 nytta The Who datoen til å halde pressekonferanse på The Young Vic Theatre i London. Der annonserte bandet at dei ville spele inn ein oppfølgjar til rockeoperaen Tommy. Lifehouse, som dette prosjektet skulle heite, vart aldri realisert, men det meste av materialet kan høyrast på plata Who’s Next. Same dato i 1972 kunne det høyrast eit rop frå villmarka i Nashville då same Johnny Cash spela inn ein song med namnet Call Of The Wild. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1980 stod alltid like energiske Toy Dolls for underhaldninga på Comrades Club i Silksworth. I 1984 spela Toy Dolls ”on Broadway” i San Francisco i California. I 1985 kunne frammøtte i Hamburg oppleve Toy Dolls i Markethalle. I 1986 var Toy Dolls attende i Japan, denne gongen for å spele i Vibra Hall i Kyoto. I 1991 innleia Iron Maiden Nord-Amerika delen av No Prayer On The Road turneen i Halifax, Canada. Dette var fyrste av førtifem konsertar på feil side av Atlanteren.

12.01.2011

Tolvte januar

Tolvte januar 1946 kom George Duke til verda i San Rafael i California. Duke har skaffa seg sjølv eit namn som keyboardspelar i bandet til Frank Zappa, men i mi samling høyrer du han på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I 1957 var Elvis Presley i studio for å spele inn All Shook Up. Musikken var ved The Jordanaires. I 1959 vart Hans Kristian Emmerich fødd. Emmerich er best kjend under aliaset Blixa Bargeld og er i mi platesamling representert som gitarist i The Bad Seeds som står for musikken når Nick Cave syng på platene From Here To Eternity frå 1984 og The Boatman’s Call frå 1997. Same dag kom Halmstad sin store son, Per Gessle til verda. Gessle har herja platelistene med både Gyllene Tider og Roxette og hjå meg kan han høyrast på plata Joyride frå 1991. I 1980 var det Labour Club i Hordon som fekk vitjing av gutane i Toy Dolls. I 1984 var Toy Dolls på plass i den californiske hovudstaden, Sacramento og spelte på Minimal. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Oden i Münster. I 1993 slepte Dennis Leary plata No Cure For Cancer. I 1999 bydde dagen på plateslepp frå The Black Crows og dagens gåve til folket hadde namnet By Your Side og var bandet si femte studioplate.

11.01.2011

Ellevte januar

Ellevte januar 1968 fekk verda No Doubt-gitarist Tom Dumont. Dumont spelar også keyboard i bandet når det røyner på. I 1971 kom Thomas Owen Mostyn Rowlands til verda i London. Tom Rowlands er den eine halvleiken av electronica-duoen The Chemical Broters og er i mi platesamling representert med den kritikarroste plata Drop The Bomb frå 2005. I 1975 vart den svenske rap-artisten Jason Diakité, kjend som Timbuktu, fødd i Malmö. Timbuktu har gjeve ut fleire plater og mi platehylle byr på Oberoandeframkallande frå 2007. I 1981 var Toy Dolls å oppleve i levande live i West Cornfort i Durham. I 1985 er Iron Maiden på si fyrste vitjing til Sør-Amerika der dei spelar for nærare 200 000 på gigantiske Marracana stadion under Rock in Rio. Same kveld var det Korn i Hannover som fekk vitjing av Toy Dolls, dette var Pete Zulu sin fyrste konsert i den andre perioden han var med bandet.

10.01.2011

Tiande januar

Tiande januar 1924 er dagen trommeslagaren Max Roach kom til verda. Roach sitt eminente trommespel kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Birth Of The Cool. Roach døyde i 2007. I 1945 kom Rodrick David Stewart til verda i London. Mannen med anar frå The Lowlands var innom det skotske juniorlandslaget i fotball før han satsa hundre prosent på musikken. Nyare plater, som The Great American Song Book, er med å gjeve den ein gong så glitrande artisten Rod Stewart eit dårleg rykte, men samleplata The Merkury Years er faktisk ei samling rhythm’n blues perler som trygt kan tilrådast enno. I 1946 kom Aynsley Thomas Dunbar til verda i Liverpool. Dunbar held takten for Ian Hunter på plata All American Alien Boy frå 1976. I 1956 var Elvis Presley i studio og spela inn det som er ein av hans signaturlåtar, Heartbreak Hotel. I 1977 gav Ramones ut plata Leave Home. I 2001 døyde Bryan Gregory.

09.01.2011

Niande januar

Niande januar 1914 kom trommeslagaren Kenneth Speareman Clarke til verda i Pittsburgh. Kenny Clarke, som har spela med store namn, som mellom anna Charlie Parker og Dizzie Gillespie, og kan hjå meg høyrast medan han trommar for trompetisten Miles Davis på plata Birth Of The Cool frå 1957. Clarke døyde i 1985. I 1963 vart Eric Erlandson fødd i Los Angeles. Erlandson har tent til livets opphald som gitarist i bandet Hole og kan høyrast på plata Celebrity Skin frå 1998. I 1967 vart den amerikanske artisten og skodespelaren Dave Matthews fødd i Johannesburg i Sør-Afrika. Matthews er sjefen i Dave Matthews Band, han er aktiv engasjert i å samle inn pengar til miljøvern og etterlatne etter naturkatastrofar. Matthews har også spela konsertar og gjeve ut plater saman med gitaristen i Dave Matthews Band, Tim Reynolds. I mi platehylle står konsertopptaket Live At Luther College frå 1999, som er eit samarbeidsprosjekt med nettopp Tim Reynolds. I 1970 spelte Led Zeppelin i Royal Albert Hall i London. Eit opptak av I Can’t Quit You Baby frå lydprøva kan høyrast på samleplata Coda frå 1982.

08.01.2011

Åttande januar

Åttande januar 1929 vart gitaristen Luther Perkins fødd. Luther Perkins var storebror til meir kjende Carl (han med dei blå semskaskoa) og er best kjend for samarbeidet med Johnny Cash der han trakterte ein Fender Esquire i backingbandet The Tennessee Three. Det er diverre ikkje plass til å liste opp alle platene Perkins sitt gitarspel kan høyrast på. Perkins døyde altfor tidleg i 1968. I 1935 kom rockelegenda Elvis Aron Presley til verda i den fattigslege småbyen Tupelo i den amerikanske delstaten Mississippi. Presley døyde i 1977. I 1947 kom David Robert Jones til verda i storbyen London. David Bowie treng ikkje nærare presentasjon. I mi platehylle finn ein plata Space Oddity frå 1969. I 2001 gav dei trønderske gamalpønkarane i DumDumBoys ut samleplata Schlägers.

07.01.2011

Sjuande januar

Sjuande januar 1958 fekk ein for fyrste gong høyre Elvis Presley seie Don’t og amerikanarane kjøpte bodskapen nok til at det vart fem veker på fyrsteplass på listene. Reserverte engelskmenn meinte at ein tredjeplass fekk halde. I 1984 var dette datoen då Toy Dolls spela den fyrste utanlandskonserten sin, det hendte på Lingerie Club i blasserte Hollywood, California. I 1987 avslutta Iron Maiden juleferien og innleia Nord-amerikadelen av Somewhere On Tour. Syttitre konsertar over det nordamerikanske kontinentet venta dei hardtarbeidande britane og det er all grunn til å tru at publikum var fornøgde.

06.01.2011

Sjette januar

Sjette januar 1924 vart det amerikanske banjogeniet Earl Eugene Scruggs fødd i Flint Hill i North Carolina. Earl Scruggs har ei fortid i Bill Monroe’s Blue Grass Boys og vert rekna som opphavsmannen for banjoteknikken som vert kalla 3-finger-style. Scruggs har si eiga stjerne på Hollywood Walk Of Fame og kan skilte med fleire Grammyprisar på hylla, han fekk mellom anna Life Time Acivement Award i 2008. Hjå meg kan Scruggs si klimpring høyrast på Johnny Cash-plata Ragged Old Flag frå 1974. I 1951 kom den amerikanske bluesartisten Kim Wilson til verda i Detroit. Wilson flytta frå Detroit, via California, til Austin i 1974, og der slo han seg saman med gitaristen Jimmy Vaughan. Saman starta dei to det fantastiske bluesbandet The Fabulous Thunderbirds som har vore Grammynominert fleire gonger.

05.01.2011

Femte januar

Femte januar 1934 vart Rufus Thibodeaux fødd. I mi platesamling spelar den allsidige Rufus fele på platene Comes A Time (1978) og Hawks & Doves (1980) med Neil Young. Thibodeaux døyde i 2005. I 1946 fekk verda visesongaren Halvdan Sivertsen. Eg har ein sambuar som har plassert plata Kjærlighetslandet frå 1994 i platehylla mi. I 1950 kom Chris Stein til verda. Stein er gitarist og låtskrivar i den amerikanske gruppa Blondie og kjem du innom kan du få høyre gitarspelet hans på plata Parallel Lines frå 1978. I 1969 kom Brian Hugh Warner til verda i Canton i Ohio. Marilyn Manson freista å ta skrekkrocken til nye høgder, om han lukkast er det delte meiningar om, men det er ikkje tvil om at det er god driv i musikken hans. Mi platehylle byr på Mechanical Animals og The Last Tour On Earth. I 1980 nytta Toy Dolls denne dagen til å spele for dei innsette i Aklington fengsel. I 1982 nytta Madness denne januardagen til å smyga seg inn på fjerdeplass på listene med singelen It Must Be Love. Denne datoen i 1991 fekk verda høve til å handle Motörhead-singelen The One To Sing The Blues/Dead Mans Hand.

04.01.2011

Fjerde januar

Fjerde januar 1956 kom gitaristen Bernard Sumner til verda. Sumner var ein av grunnleggjarane av dei engelske banda Joy Division og New Order. Sumner kan hjå meg høyrast på Joy Division si samleplate Substance frå 1988. I 1957 var dagen ikonet Elvis Presley lanserte singelen Too Much, og det kan sjå ut som at dei amerikanske platekjøparane hadde pengar til overs etter denne jula, for songen vart løna med fyrsteplass på platelistene dei neste tre vekene. På dei engelske listene vart ein litt meir moderat sjetteplassen høgaste plassering. I 1960 vart R.E.M.-vokalisten John Michael Stipe fødd. Mannen treng eigentleg ikkje vidare presentasjon, merittane talar for seg sjølv. Eg var så heldig at eg fekk sjå Stipe og resten av R.E.M på Koengen i Bergen i 2009, absolutt eit høgdepunkt som var verdt å ta med seg sjølv om både ljoden og publikum kunne vore betre. I 1965 vart Cait O’Riordan fødd i Nigeria. Caitlin kom seinare, i perioden 1983-1986 til å spele bass i det engelskirske folkpunkbandet The Pogues. Ho deltok på dei to fyrste platene bandet gav ut, Red Roses For Me (1984) og Rum, Sodomy & The Lash frå 1985. O’Riordan har også hatt gleda av å vere gift med ein Elvis. For dei som undrar kan det opplysast at han heiter Costello til etternamn og har, i tillegg til å ha ei eiga karriere som musikar, produsert den siste Pogues-plata O’Riordan spelte med på. Same dag fekk folk i Exeter endeleg noko å juble for (fotballaget er heilt ræva), då Beth Gibbons vart fødd. Gibbons er vokalist i Portishead og kan hjå meg høyrast på platene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1968 var The Who under leiing av produsent Kit Lambert å finne i CBS Studios i London. På programmet denne dagen stod innspelinga av Fait In Something Bigger som ikkje fekk plass på nokon plate då, men enda opp på samleplata Odd & Sods frå 1974. I 1969 døyde Paul Chambers. I 1986 døyde Thin Lizzy-legenda Phil Lynnot.

03.01.2011

Tredje januar

Tredje januar 1945 vart Stephen Arthur Stills fødd i Dallas i kvegstaten Texas. Stephen Stills, som av mange vert rekna som ein av verdas beste gitaristar, var ein essensiell del av banda Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young. Hjå meg kan Stills høyrast Helpless og Ohio, som begge er kreditert Crosby, Stills, Nash & Young, men har fått plass på Neil Young si Greatest Hits-plate, og på songen Through My Sails frå Neil Young si plate Zuma, som kom på marknaden i 1975. I 1970 vart verda velsigna med pønkgitaristen og nettverksbyggjaren Kjell Engevik Moberg. Moberg frå Os, ein kort køyretur sør for Bergen, har gjort seg merkt over store delar av verda med undergrunnsband som Punishment Park og K-Jell, som begge sjølvsagt er sterkt representert i mi platehylle.

01.01.2011

Fyrste januar

Det er klart for eit nytt år, vonleg med mange finurlege overraskingar for alle oss som er glad i god musikk. Fyrste januar er for mange musikkelskarar fyrst og fremst vigd til nyttårskonserten der eit drivande godt filharmonisk orkester frå Wien, leia av ein kjendisdirigent, underheld celebre tilskodarar og millionar av fjernsynstilskodarar, med diverse svisker frå familien Strauss sitt omfattande valsearkiv, men heldigvis byr denne dagen på andre hendingar frå musikken si verd også. I 1919 vart musikkåret innleia med at jazzmusikaren Al McKibbon kom til verda. McKibbon var bassist og kan hjå meg høyrast medan han leikar med dei tjukke strengane på Miles Davis-plata Birth Of The Cool frå 1957. I 1950 kom Paul Steven Ripley til verda i Boise i Idaho. Steve Ripley er i dag sjefen i bandet The Tractors, men hjå meg er det som gitarist for Bob Dylan på plata Shot Of Love frå 1981 gitarspelet hans kan nytast.