31.07.2015

Trettifyrste juli

Trettifyrste juli 1947 vart Karl Anthony Green fødd i nærleiken av den engelske storbyen Manchester. Bassisten Karl Green spelte i Herman’s Hermits på sekstitalet og kan i mi platesamling høyrast på den uautoriserte samleplata No Milk Today. I 1953 kom Hugh Alexander McDowell til verda i London. Cellisten McDowell er best kjend for å ha gjort teneste i Electric Light Orchestra og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1957 kom Daniel Gaston Ash til verda i engelske Northampton. Daniel Ash spelte gitar og saksofon i Bauhaus og hjå meg kan han høyrast på plata In The Flat Fields, som kom på marknaden i 1980. I 1958 vart William Thomas Berry fødd i Bob Dylan si fødeby, Duluth i Minnesota. Trommeslagaren Bill Berry var ein av grunnleggjarane av R.E.M., men hoppa av musikarkarrieren i 1997 for å trekke seg tilbake på den amerikanske landsbygda og drive berekraftig og økologisk landbruk, dristig val. I mi platehylle kan Berry høyrast på så mange som sju av totalt ni titlar med R.E.M., studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994) og New Adventures In Hi-Fi (1996), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Berry er også kreditert for å spele for den avdøyde musikarfavoritten Warren Zevon på plata Sentimental Hygiene frå 1987. I 1963 kom Quentin Leo Cook til verda i eksotiske Reigate i Surrey i England. Som medlem av The Housemartins og Freak Power og under pseudonym som Fatboy Slim og Norman Cook har Cook produsert ei rekkje hits, underheldt med mange videoar og fylt utallige dansegolv verda over. I mi platehylle finn ein Cook si arbeid på Freak Power si plate Drive Thru Booty-In Dub-Fried Fink Food (1994), og under aliaset Pizzaman med plata Pizzamania frå 1995. I 1963 døyde Curtis Counce. I 1971 vart Harri Mänty fødd i svenske Västerås. Gitaristen Mänty spelte i Kent i ti år og kan hjå meg høyrast på plata Hagnestad Hill frå 1999, og Du & Jag Döden, som kom på marknaden i 2005. I Grosse Point i Michigan kom John William Lowery til verda. Gitaristen John 5 erstatta Zim Zum i Marilyn Manson i 1998 og har i mi platehylle fått plass på konsertplata The Last Tour On Earth frå 1999, i tillegg til Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1978 vart William Champion fødd i den engelske hamnebyen Southampton. Will Champion er trommeslagar i Coldplay og hjå meg høyrer du han taktfast på plata X&Y frå 2005. I 1981 kom Toy Dolls til Highfell Club i Gateshead for å spele. I 1982 såg publikum på Westlea i Sunderland Toy Dolls i levande live. I 1992 spelte Iron Maiden for meir enn hundre tusen ellevile sambavante publikumarar på Maracanzinho Stadion i Rio de Janeiro.

30.07.2015

Trettiande juli

Trettiande juli 1945 vart David Sanborn fødd i Tampa i pensjoniststaten Florida. Saksofonisten Sandborn har gjeve ut ei rekkje soloplater og har spelt med fleire store namn, som mellom anna James Brown og Eric Clapton. I mi platesamling kan Sanborn høyrast på plata All American Alien Boy, som Ian Hunter slepte i 1976. I 1946 kom Jeffrey Hammond til verda i den engelske badebyen Blackpool. Hammond laga god basslyd i Jethro Tull i åra frå 1971 til 1975 og kan hjå meg høyrast på platene Aqualung (1971) og Thick As A Brick (1972). I 1955 var Johnny Cash i legendariske Sun Studios i Nashville i Tennessee, der legendariske Sam Philips regjerte, og spelte inn Folsom Prison Blues. Songen vart gjeven ut som Sun Reccords sin single nummer 232 og er i tillegg tilgjengeleg på ei rekkje samleplater, mellom anna plata Murder frå 2000. I 1958 vart Catherine Bush fødd i Kent i England. Kate Bush er vedunderbarnet som fekk platekontrakt som sekstenåring og som har gjeve oss kvalitetspop med ujamne mellomrom sidan. Mi platehylle inneheld den andre studioplata, Lionheart, frå 1978. I mi platesamling kan Bush også høyrast som hjelpevokalist på Big Country si plate The Seer frå 1986. I 1966 kom Craig Gannon til verda i engelske Manchester. Gitaristen Gannon er kjend som den andre gitaristen i The Smiths og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata Louder Than Bombs frå 1987. I 1968 kom Sean Moore til verda i Pontypool i Wales. Moore er trommeslagar i bandet Manic Street Preachers og kan hjå meg høyrast medan han held takten på platene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Truth Tell Me Yours (1998), i tillegg til samleplata Lipstick Traces (A Secret History Of Manic Street Preachers) frå 2003. I 1969 gav Miles Davis ut plata In A Silent Way. I 1971 vart David James Eringa fødd i Brentwood i engelske Essex. Plateprodusenten David Eringa er kjend for å spele med på dei produkta han er ansvarleg for og i mi platehylle bidreg han med ulike tangentinstrument på Manic Street Preachers sine studioplater Generation Terrorists (1992) og Gold Against The Soul (1993). I 1983 fekk Motörhead singelen Shine/Hooche Coochie Man (Live) ut på marknaden. I 2001 gjekk The Brazz Brothers i Rommarö Studios for å gå i gang med innspelinga av plata Aquarius, medan The Strokes passa på å nytte dagen til å sleppe plata Is This It, bandet sin debut. I 2003 spelte AC/DC på Toronto Rocks Festival på Downsview Park. Trufaste fans fekk høyre dei godt vaksne rockarane framføre If You Want Blood (You’ve Got It), The Jack og You Shook Me All Night Long, som alle kan opplevast på DVD-samlinga Plug Me In.

29.07.2015

Tjueniande juli

Tjueniande juli 1940 vart Claudio Fabi fødd i den italienske hovudstaden Roma. Tangentmannen Fabi er i mi platehylle kreditert for å spele keyboards for Giana Nannini på plata Una Radura frå 1977. I 1945 kom Mike Garson til verda i New York City. Pianisten Garson kunne på syttitalet høyrast medan han spelte saman med David Bowie, men hjå meg må ein ty til The Smashing Pumpkins og songen Glas And The Ghost Children frå plata Machina/The Machines Of God (2000) for å nyte pianospelet hans. I 1948 vart Bryn Haworth fødd i engelske Blackburn. Gitaristen og kristenrockaren Haworth sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast med både gitar og mandolin på to spor på plata Joan Armatrading, som artisten med same namn slepte laus på platekjøparane i 1976. I 1953 kom Gary Lee Weinrib til verda i den kanadiske storbyen Toronto. Geddy Lee er bassist, songar og tangentmann i det kanadiske bandet Rush, som sidan tidleg på syttitalet har berika verda med ei rekkje plater av særs høg kvalitet. Hjå med kan Lee høyrast på studioplatene Fly By Night (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987). På Lee sin fødselsdag hadde Chet Baker fyrste innspelingsdag for songane Carson City Stage og Imagination. Med seg i studio hadde han Russ Freeman på piano, bassisten Carson Smith og Larry Bunker på trommer. Innspelinga vart avslutta dagen etter og resultatet kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1961 vart Helge Hummervold fødd i Stavanger. Tangentmannen Hummervold er best kjend for å spele i The September When, hjå meg kan han høyrast på den doble samleplata Originaler (1992), som var ei samling av platene Revansj (1981) og Amerika (1982), og som vart spela inn medan Hummervold og kompisane hans kalla seg Mods. I 1972 kom Simon Robin David Jones til verda i engelske Liverpool. Kva side av Mersey The Verve-bassisten Simon Jones voks opp på, seier ikkje soga noko om, men platehylla mi byr på basspelet hans på plata Urban Hymns frå 1997. I 1974 døyde Cass Elliot. I 1976 avslutta Tom Waits innspelinga av plata Small Change. I 1981 slepte dei skinnkledde i Ramones plata Pleasant Dreams. I 1982 var Toy Dolls å høyre på Hero’s i Sunderland. I 1988 døyde Pete Drake. I 2005 døyde Al McKibbon. I 2007 døyde Art Davis.

28.07.2015

Tjueåttande juli

Tjueåttande juli 1938 kom Buddy Spicer til verda i Dubois i Pennsylvania. Fiolinisten Spicer har spela med Hank Snow og Hank Williams si enke Audrey Williams før han slo seg opp som studiomusikar i Nashville. I mi platehylle kan Spicer sitt felespel høyrast på Dolly Parton si samleplate Greatest Hits (1982) og samleplata Route 66, som Asleep At The Wheel slepte i 1992. I 1943 vart Michael Bernard Bloomfield fødd i Chicago i Illinois. Gitaristen Mike Blomfield landa på ein respektabel tjueandreplass på renommerte Rolling Stone Magazine si liste over verdas hundre beste gitaristar frå 2003 og kan i mi platesamling høyrast medan han leikar med strengane på Bob Dylan si plate Highway 61 Revisited frå 1965, han er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3 frå 1991. Bloomfield døyde i 1981. I engelske Hatch End kom Richard William Wright til verda. Tangentmannen Richard Wright har gjort seg merkt for arbeidet han har gjort med Pink Floyd og kan hjå meg høyrast på den storselgjande plata Dark Side Of The Moon frå 1973. Wright døyde i 2008. I 1944 vart Bobby King fødd i Lake Charles i Louisiana. Songaren King er kjend for å synge med Ry Cooder, i mi platehylle kan han høyrast på The Blues Band si plate Brand Loyalty (1992), og på utvalde spor på samleplata Best Of Friends, som John Lee Hooker slepte i 1998. I 1949 kom Simon Frederic St Georg Kirke til verda i London. Simon Kirke har hausta heider som ein av verdas framste trommisar, kjend mellom anna for tida i Free. Hjå meg kan Kirke høyrast medan han trommar for supergruppa Bad Company på plata Straight Shooter frå 1975. I kanadiske Toronto vart Christopher William Ward fødd. Songaren Christopher Ward sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på ekskjærasten Alannah Myles si debutplate Alannah Myles frå 1989. I 1950 kom Roy Rogers til verda i Redding i California. Gitaristen Roy Rogers har operert som hjelpegitarist for artistar som John Lee Hooker, Sammy Haggar, Linda Ronstadt, med fleire. I tillegg til å gje ut plater under eige namn, er Rogers også frontmann i trioen The Delta Rhythm Kings. Soloplata Chops Not Chaps frå 1986 er Rogers sitt einaste bidrag til mi platehylle, så langt. I 1965 vart Nicholas David Banks fødd i engelske Rotherham. Trommisen Nick Banks har ei fortid i Pulp og kan hjå meg høyrast på plata Different Class frå 1995. I 1966 spelte The Byrds inn I Know My Rider (I Know Your Rider) og Psychodrama City. Begge spora kan høyrast som tilleggsmateriale på nyutgjevingar av bandet i tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1969 slepte Grand Funk Railroad singelen Time Machine/ High On A Horse, for å promotere plata On Time. Singelen klatra til ein beskjeden førtiåttandeplass på listene. I 1979 vart Kjetil-Vidar Haraldstad fødd. Frost har tromma for fleire norske metallband, som Gorgoroth og Keep Of Kalessin, og spelar i dag i Satyricon og 1349. Det er på plata Demonoir, som sistnemnde band slepte i 2010, du finn Frost sitt bidrag til mi platehylle. I 1983 spela Men at Work i Merriweather Post Pavillion i Columbia, Marryland, og hendinga vart spela inn av ABC Rock Radio Network. Songen I Like To (live) kan høyrast på B-sida av singelen Dr. Heckyll & Mr. Jive og samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. I 1986 gav Neil Young ut plata Landing On Water på plateselskapet til David Geffen. I 1992 slepte George Thorogood samleplata The Baddest Of George Thorogood & The Delaware Destroyers. Også Lita Ford nytta dagen til å sleppe ei samleplate, den hadde den overaskande tittelen The Best Of Lita Ford og er ein suveren moglei til å høyre Close My Eyes Forever, som er ein duett med Ozzy Osbourne. I 1995 døyde Eddie Hinton.

27.07.2015

Tjuesjuande juli

Tjuesjuande juli 1930 vart Andrew White fødd i skotske Glasgow. Trommisen Andy White erstatta sjølvaste Ringo Star på The Beatles på bandet sin fyrste singel, Love Me Do, og var ein av øyriket i vest sine travlaste studiomusikarar på 50-, 60- og syttitalet. Hjå meg kan White sitt trommespel høyrast på ovannemnde Beatles-spor, henta frå samleplata Anthology I frå1995. I 1949 kom Roderick Macdonald til verda i Dornoch i Skotland. Bassisten Rory Macdonald var med å grunnleggje Runrig i 1973 og er ein sentral låtskrivar som hjå meg kan høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988. I 1960 vart den australske pianisten Conway Savage fødd. Savage har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er best kjend for å spele saman med The Bad Seeds og kan i mi platesamling høyrast med pianospel og hjelpevokal på Nick Cave sine plater The Boatman’s Call frå 1997 og Nocturama (2003). I 1963 kom Karl Mueller til verda i Minneapolis i Minnesota. Bassisten Mueller var ein av grunnleggjarane av Soul Asylum og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene While You Were Out (1986), Grave Dancers Union (1992) og Candy From A Stranger 1998), i tillegg til Ep-plata Clam Dip And Other Delights frå 1989. Mueller døyde av strupekreft i 2005. I 1964 gjekk Johnny Cash i gang med innspelinga av ein tidleg versjon av Bob Dylan sin alltid like vakre Mama You’ve Been On My Mind. Denne versjonen vart utgjeven same året i Tyskland, men amerikanarane fekk ikkje nyta han før han dukka opp på ei samleplate så seint som i 2002. I 1969 vart Thomas Seltzer fødd i USA. Bassisten og programleiaren Happy Tom spelar til dagleg i Turboneger og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ass Cobra (1996) og Retox (2007). I 1982 var Ebba Grön på Rockslagfestivalen i Karlshamn, dei frammøtte fekk høyra Die Mauer, Flyktsoda, Malmö City og Born To Be Wild, som alle kan høyrast på plata Ebba Grön Live frå 1998. I 1984 gav Metallica ut den andre studioplata si, Ride The Lightning. I 1993 slepte The Smashing Pumpkins plata Siamese Dream, som var bandet si andre studioplate. I 2001 døyde Leon Wilkeson. I 2005 døyde Dom Um Romão.

26.07.2015

Tjuesjette juli

Tjuesjette juli 1939 vart Casey Jones fødd i Nitta Yuma i Minnesota. Trommisen Jones kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Johnny Winter på studioplata Guitar Slinger frå 1984. I 1943 kom Michael Phillip Jagger til verda i engelske Dartford. Sir Mick Jagger er best kjend som songar i Rolling Stones gjennom meir enn femti år, og for det fruktbare låtskrivarsamarbeidet med gitarrabulisten Keith Richard. Han er også kjend for fleire forhold til profilerte fotomodellar, noko som har vore så fruktbart at han har laga minst ein sjølv. I mi platehylle står ei av gamle Mick sine soloalbum, Wandering Spirit frå 1993. Jagger er også kreditert for vokalhjelp på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, og han syng duett med reggealegenda Peter Tosh på songen (You Gotta Walk) Don’t Look Back, som du finn på samleplata The Best Of Peter Tosh frå 1999. I 1949 vart Roger Meddows Taylor fødd i Dersingham. Trommeslagaren Roger Taylor er best kjend for å halde takten i Queen, men i mi platehylle han kan høyrast som korist på songen You Nearly Did Me In frå plata All American Alien Boys, som var Ian Hunter sitt bidrag til musikkhistoria i 1976. I 1956 var Chet Baker i studio og spela inn Sweet Lorraine og Minor Yours. Bandet bestod av Pete Jolly på piano, bassisten Leroy Vinnegar og Stan Levey på trommer. På Minor Yours spelte også saksofonistane Art Pepper og Richie Kamuca. Begge songane kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1965 vart James William Lindberg fødd i Hermosa Beach i California. Jim Lindberg er best kjend som songaren i bandet Pennywise, men i mi platehylle må ein nøye seg med å høyre han synge gjestevokal på songen Marked frå Bad Religion si plate Stranger Than Fiction frå 1994, og på plata Splinter, som var The Offspring sitt bidrag til populærkulturen i 2003. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen The House That Jack Built. B-sida var ein versjon av Burt Bacharach sin I Say A Little Prayer. I 1980 stod Toy Dolls på scenen i Labour Club i Hordon. I 1990 døyde Brent Mydland. I 2010 døyde Ben Keith. I 2011 døyde Frank Foster. I 2013 døyde J.J. Cale.

25.07.2015

Tjuefemte juli

Tjuefemte juli 1946 vart Alpharita Constatina Anderson fødd i Sanitago de Cuba på Cuba. Rita Marley voks opp på Jamaica og hadde ei sjølvstendig karriere som songerinne før ho gifta seg med Bob Marley i 1966, seinare ofra ho seg som bakgrunnssongerinne og mor til fire av Bob Marley sine barn. Hjå meg kan Rita Marley høyrast på Bob Marley si plate Legend frå 1984, i tillegg til Peter Tosh si samleplate The Best Of Peter Tosh frå 1999. I 1950 kom Mark Clarke til verda i den engelske hamnebyen Liverpool. Clarke kan hjå meg høyrast medan han spelar bass på Uriah Heep-songen The Wizzard, som han også var med å komponere. Songen kan høyrast på plata Demons And Wizzards frå 1972. I 1951 vart Verdine White fødd i Chicago i Illinois. Bassisten White er vetlebror til Earth Wind & Fire-grunnleggjar Maurice White og har spela med bandet sidan 1970. Hjå meg kan White sitt basspel nytast på studioplata Touch The World frå 1987. I 1955 kom Jem Max Finer til verda i den engelske pottemakarbyen Stoke-on-Trent. Banjospelande Jem Finer var ein av grunnleggarane av folkpunk gruppa The Pogues der han, i tillegg til å spele banjo, også gir sitt bidrag til lydbiletet ved å spele saksofon og ein del andre strengeinstrument. Hjå meg kan Finer høyrast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Finer kan også høyrast, saman med resten av The Pogues, på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, og på Shane MacGowan & The Popes si debutplate The Snake frå 1995. I 1956 vart Jarle Farestveit fødd i nærleiken av trikotasjebygda Salhus. Trekkspillspelande Farestveit er kjend som Hallstein i Vinskvetten og kan i mi platehylle høyrast på plata Rånnyen Og Kveitebollen frå 1997. I 1958 vart Thurston Joseph Moore fødd i Coral Gables i pensjoniststaten Florida. Thurston Moore er ein av grunnleggjarane av Sonic Youth og vert i tillegg rekna som ein habil gitarist. Hjå meg kan Moore høyrast på platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street (2002). Moore er også kreditert for å synge på eit spor på R.E.M. si plate Monster frå 1994. I 1960 kom Peter Korhonen til verda i Blackeberg i Stockholm. Trommeslagaren Korhonen sitt bidragt til mi platehylle finn du på Ulf Lundell si plate Män Utan Kvinnor frå 1997. I 1970 vart Brian Blade fødd i Shereveport i Louisiana. Blade sitt stødige trommespel kan hjå meg høyrast på Steve Earle si plate El Corazón, og på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind, begge frå 1997. Dagen bydde på nok ein trommeslagarfødsel. Dette skal ha skjedd i Perth i Skotland og resultatet heiter Richard Colburn. Colburn held takten for Belle & Sebastian og kan hjå meg høyrast på plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1973 kom Daniel Lloyd Davey til verda i engelske Suffolk. Songaren Dani Filth er ein av grunnlegjarane av bandet Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på debutplata Principles Of Evil Made Flesh frå 1994, i tillegg til plata Midian, som kom på marknaden i 2000. I 1979 vart Timo Peter Räisänen fødd i Göteborg. Gitaristen Timo Räisänen pleier i dag eiga solokarriere, men hjå meg høyrer du han på plata Känn Ingen Sorg För Mig Göteborg, som Håkan Hellström slepte i 2000. I 1980 gav AC/DC ut plata Back In Black. Plata er det mest selde hardrockalbumet nokon sinne og eg eig vedunderet både på langspelplate og kompaktdisk. I 1982 kunne Toy Dolls høyrast på Shineyrow Club i Sunderland. I 1983 slepte Metallica debutplata si, som hadde den sjarmerande tittelen Kill ‘Em All og har selt meir enn tre millionar eksemplar verda over. I 1989 gav Beastie Boys ut plata Paul’s Boutique, som var den fyrste plata eg kjøpte frå den amerikanske trioen og som gjorde eit usletteleg inntrykk etter at det fyrste sjokket over at det ikkje var ei punkrapplate eg hadde kjøpt hadde lagt seg.

24.07.2015

Tjuefjerde juli

Tjuefjerde juli 1951 vart Lynval Golding fødd i Saint Catherine på reggeaøya Jamaica. Gitaristen Golding har ei fortid i The Specials og kan i mi platehylle høyrast på deira debutalbum The Specials frå 1979, i tillegg til ein gjesteopptreden på Rancid si plate Live Won’t Wait frå 1998. I 1953 kom John Faddis til verda i Oakland i California. Trompetisten Faddis sitt arbeid kan hjå meg høyrast på plata Wanted Dread And Alive, som Peter Tosh slepte i 1981, og på Paul Simon si sjuande soloplate, Graceland frå 1986. I 1958 vart Andonis Michaelides fødd i Nicosia på Kypros. Multiinstrumentalisten Mick Kern slo gjennom med bandet Japan, hjå meg kan han høyrast medan han spelar bass på Kim Wilde si plate Love Is frå 1992. Kern døyde i 2011. Same dag var Johnny Cash i Nashville i Tennessee og spela inn songen It Was Jesus. I tillegg til det faste bandet med Luther Perkins på gitar og Marshall Grant på bass var Murray M. ”Buddy” Harman med på trommer, Marvin Hughes sat bak pianoet og Don Helms spela steel guitar. Songen vart gjeve ut i både stereo og mono og kan høyrast på plata Hymns som vart produsert av Don Law. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1969 var Johnny Cash i studio i Nashville i Tennesse og spela inn songen Come Along And Ride This Train. Produsent var Bob Johnston og det ferdige produktet vart ikkje tilgjengeleg for platekjøparane før samleplata Johnny Cash’s America kom på marknaden i 2008. Same dato i 1973 vart songen Tiger Whitehead foreviga. Artist var Johnny Cash og denne songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album, som kom på marknaden i 1975. I 1987 døyde Dick Wellstood. I 2014 døyde Christian Falk.

23.07.2015

Tjuetredje juli

Tjuetredje juli 1928 kom bassisten William James Edwards Lee III til verda i Snow Hill i Alabama. Bassisten Bill Lee sitt arbeid kan høyrast hjå artistar som Harry Bellafonte og Aretha Franklin, men i mi platesamling er det på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965 ein kan høyre han. I 1930 vart saksofonisten Richie Kamuca fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Kamuca var ein del av West Coast jazz-scena og kan hjå meg høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Kamuca døyde i 1977. I 1943 kom Tony Joe White til verda i Oak Grove i Louisiana. Tony Joe White er ein av landevegens cowboyar, som har levert sterke plater jamnt og trutt sidan sekstitalet, og oppnådd fortend status som musikkarfavoritt. Salstala har nok ikkje alltid vore slik White skulle håpe på, men det er grunn til å tru at han var meir enn fornøgd med salstala tilTina Turner, som hadde ein kjempehit med White sin song Steamy Window på plata Foreign Affair frå 1989. I mi platehylle finn du White si soloplate Closer To The Truth, han yt også sitt bidrag til mi platehylle som gitarist på den ovanfornemnde Tina Turner-plata. I 1946 kom Andrew Mackay til verda i Lostwithiel i idylliske Cornwall. Multiinstrumentalisten Andy Mackay er best kjend for tida han trakterte ulike blåseinstrument for Roxy Music og kan hjå meg høyrast på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995, som også har med spor frå Bryan Ferry sine soloplater. I 1950 kom Blair Thornton til verda i olympiabyen Vancouver. Gitaristen Thornton har sitt daglege virke i det kanadiske rockebandet Bachman-Turner Overdrive og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på samleplata The Very Best Of, som kom på marknaden i 2001. I 1952 vart Janis Siegel fødd i Brooklyn i New York City. Songerinna Siegel slo seg saman med vokalgruppa The Manhattan Transfer i 1973 og i mi platehylle kan du høyre røysta hennar på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1959 kom Alan Barnes til verda i engelske Alitrincham. Saksofonisten Barnes er ein mykje nytta studiomusikar og hjå meg kan han høyrast på Van Morrison si plate Avalon Sunset frå 1989. I 1961 kom Martin Lee Gore til verda i motorbyen Dagenham. Martin Gore har skrive mesteparten av låtane som Depeche Mode har spelt inn og er bandet si eigentlege stjerne. I mi platehylle finn du Gore sitt arbeid på studioplatene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1987) og Playing The Angel (2005). I 1964 vart Tim Kellett fødd i Knaresborough i engelske Yorkshire. Tangentmannen Kellett kan hjå meg høyrast på Simply Red si plate Stars frå 1991. I 1965 kom Saul Hudson til verda i den engelske pottemakarbyen Stoke-on-Trent. Hudson er best kjend som gitaristen Slash og kan hjå meg høyrast som sjefsgitarist på dei fem fyrste platene Guns N’Roses slepte, Appetite For Destruction (1987), Liesn (1988), Use Your Illution I & II (1991), og The Spaghetti Incident. Slash spelar også med supergruppa Velvet Revolver, som også har teke plass i platehylla mi med debutplata Contraband frå 2004. I 1968 vart Nick Menza fødd i den bayerske hovudstaden München. Trommeslagaren Menza er best kjend for å ha tromma takten for Megadeth frå 1988 til 1998 og kan i mi platesamling høyrast på plata Rust In Peace frå 1990. I 1970 var Jimi Hendrix i studio med Band Of Gypsies og spelte inn Angel, som seinare vart ein hit for den skotske fotballentusiasten Rod Stewart. I 1971 vart Alison Krauss fødd i Decatour i Illinois. Fiolinisten Krauss er best kjend for samarbeidet med tidlegare Led Zeppelin-vokalist Robert Plant, i mi platehylle kan ho høyrast medan ho spelar for Michelle Shocked på studioplata Arkansas Traveller frå 1992. I 1973 kom Francis Healey til verda i Stafford i engelske Staffordshire. Fran Healey syng og spelar tangentar i Travis og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate The Invisible Band frå 2001. I 1982 var det høve for publikum på Honeysuckle i Gateshead å høyre Toy Dolls. I 1984 hadde Toy Dolls teke turen til Hollywood for å spele på Logics. I 2011 døyde Amy Winehouse.

22.07.2015

Tjueandre juli

Tjueandre juli 1924 kom Bill Perkins til verda i solrike San Francisco i California. Saksofonisten Bill Perkins sitt arbeid kan i mi platehylle nytast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Perkins døyde i 2003. I 1937 vart Chuck Jackson fødd i Latta i North Carolina. Songaren Jackson hadde suksess med eit par av Burt Bacharach sine låtar tidleg på sekstitalet, hjå meg kan han høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på Aretha Franklin si plate Aretha frå 1980. I 1941 vart George Clinton fødd i Kennapolis i North Carolina. Clinton er i tillegg til eiga solokarriere, kjend frå band som Funkadellics og det er ingen som protesterar om han vert omtala som kongen av funk. Hjå meg kan Clinton høyrast på plata Greatest Hits, som oppsummerar noko av det beste han gjorde før me gjekk inn i det nye milleniet, og på Funkadellics samleplata We Got The Funk You Got The Funk. Clinton har også produsert plater for andre artistar og er i mi platehylle mannen bak lyden på Red Hot Chili Peppers-plata Freakey Style frå 1985. I 1944 kom Richard Davies til verda i engelske Swindon. Rick Davies var ein av grunnleggjarane av det britiske bandet Supertramp og kan hjå meg nytast på plata Crisis? What Crisis? Frå 1975. I 1947 vart Donald Hugh Henley fødd i småbyen Gilmer i skytegale Texas. Don Henley er ein av grunnleggjanane av Eagles, som enno ikkje er på plass i mi platehylle. Det betyr at hjå meg er det som gjesteartist på andre sine plater han kan høyrast, og den imponerande lista inneheld vokalhjelp på Jackson Browne si tredje studioplate Late For The Sky frå 1974, Against The Wind, som var Bob Seger And The Silver Bullet Band ellevte studioplate og kom på marknaden i 1980, og på Warren Zevon si sjette studioplate Sentimental Hygiene frå 1987. Eagles-legenda kan også høyrast med vokalhjelp på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1953 kom Brian Anthony Howe til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Songaren Brian Howe sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Ted Nugent si plate Penetrator frå 1984. I 1956 kom Mick Pointer til verda i engelske Brill. Trommeslagaren Mick Pointer var ein av grunnleggjarane av Marillion og kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på debutplata Script For A Jester’s Tear frå 1983. I 1961 vart Jack Grisham fødd i Long Beach i California. Politisk aktive Grisham sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som hjelpevokal på The Offspring sine studioplater Americana (1998) og Splinter frå 2003. I Ann Arbor i Michigan vart Luis Edgar Resto fødd. Plateprodusenten og tangentmannen Luis Resto er tett knytt til Eminem og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for rap-kollektivet D12 på studioplata Devil’s Night (2001), og for 50 Cent på plata Get Rich Or Die Tryin’ (2003). I 1970 nytta gitarhelten Jimi Hendrix datoen til å fullføre innspelinga av In From The Storm i Electric Ladyland Studios. I 1973 fekk artistane Loudon Wainwright III og Kate McGarrigle ein son som skulle få namnet Rufus McGarrigle Wainwright. Rufus Wainwright vart fødd i Rhinebeck i New York, og er ein suksessfull musikar som har gjeve ut fleire kritikarroste album. Mi platehylle byr enn så lenge på debutplata Rufus Wainwrigth frå 1998 og Want One, som kom på marknaden i (2003). I 1977 gav Yes ut sitt åttande studioalbum, Going For The One, same dag som Richie Kamuca døyde av strupekreft. I 1984 stod Music Machine i Santa Monica som vertskap for Toy Dolls. I 2010 døyde Harry Beckett.

21.07.2015

Tjuefyrste juli

Tjuefyrste juli 1952 kom Nils Gunnar Ljungstedt til verda i svenske Enskede. Trommisen Gunnar Ljungstedt heldt takten for banda Ebba Grön og Imperiet og kan hjå meg høyrast på diverse studio-, konsert- og samleplater med begge banda. I 1953 vart multiinstrumentalisten Eric M. Bazilian fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Bazilian er beste kjend som medlem av The Hooters og har to bidrag i mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I tillegg kan Bazilian sitt gitarspel høyrast på plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som Meat Loaf slepte i 2006. I 1955 kom Howard Norman Epstein til verda i ølbyen Milwaukee i Wisconsin. Howie Epstein er best kjend for lang og tru teneste for Tom Petty sitt band The Heartbreakers, men hjå meg er det på Johnny Cash i plate Unchained frå 1996 gitarspelet hans kan høyrast. Epstein døyde i 2003. I 1961 vart James Blanco Martin fødd i Oakland i California. Gitaristen Big Jim Martin er best kjend for å ha spelt i Faith No More fram til 1993, og i mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på plata Angel Dust frå 1992. I 1963 kom Ben Matthews til verda i England. Gitaristen Matthews spelte tidlegare i Thunder og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate, Laughing On Judgement Day, frå 1992. I 1970 bydde datoen på fyrste innspelingsdag på In From The Storm for gitargeniet Jimi Hendrix. I 1971 kom Charlotte Lucy Gainsbourg fødd i London. Artisten Charlotte Gainsbourg er dotter av den franske songaren Serge Gainsbourg og den engelske skodespelaren Jane Birkin. Hjå meg kan Gainsbourg høyrast på plata IRM, som er produsert av Beck, og kom på marknaden i 2009. I 1972 var dette dagen Johnny Cash festa Little Magic Glasses og (The) Timber Man til lydband heime i Hendersonville. Begge songane kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album som kom på marknaden i 1975. I 1979 vart Sveinung Sundli fødd i Orkdal. Fiolinisten Sundli var, saman med systera Gunnhild, ein av grunnleggjarane av bandet Gåte og kan hjå meg høyrast på plata Iselilja frå 2004. I 1984 var Toy Dolls attende og spela på Perkins Palace i Pasadena. I 1987 gav bandet Dio ut sitt fjerde studioalbum, Dream Evil, der den tidlegare Rough Cut-medlemmen Claude Schnell var med på keyboard. Same dag kom Guns ’n Roses med plata Appetite For Destruction som bydde på singlar som Welcome To The Jungle, It’s So Easy og Paradise City. I 1991 kunne Violent Femmes høyrast på The Boathouse i Norfolk. Songen Add It Up frå denne hendinga kan høyrast på ei samleplate med same namn. I 1992 kom Sonic Youth si sjuande studioplate, Dirty. I 1998 slepte Eagle-Eye Cherry debutplata Desireless på den amerikanske marknaden. I 2000 spelte Oasis på Wembley Stadium i London. Konserten vart foreviga på band og seinare utgjeven som konsertplata Familiar To Millions, som kom på marknaden seinare same året. I 2008 kom Primal Scream si niande studioplate, den fekk namnet Beautiful Future og har mellom anna Josh Homme frå Queens Of The Stone Age med som gjestegitarist.

20.07.2015

Tjuande juli

Tjuande juli 1947 kom Carlos Augusto Alves Santana til verda i Atulán de Navarro i Mexico. Supergitaristen Carlos Santana har imponert verda med sin blanding av rock, jazz og salsa sidan slutten av sekstitalet og vert rekna som ein av verdas framste gitaristar, sjølv om kvaliteten på karriera hans har vore særs svingande dei siste åra. Hjå meg kan Santana høyrast på eit konsertopptak med den treffande titelen Live, han er også kreditert for gitarspel på eit spor på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1952 vart John French Segall fødd i New York City. Jay Jay French er rytmegitarist i glamrockbandet Twisted Sister, eit band eg var heldig å få sjå i levande live så langt attede som i 1986, og hjå meg kan han høyrast i godt driv på samleplata Big Hits And Nasty Cuts frå 1992. I 1954 kom Keith Douglas Scott til verda i den kanadiske olympiabyen Vancouver på den kanadiske vestkysten. Gitaristen Keith Scott har vore fast i Bryan Adams sitt band sidan dei to treftes for fyrste gong i 1976, og i mi platehylle kan Scott høyrast på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. Scott er i tillegg kreditert for gitarspel på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1956 vart Paul Thomas Cook fødd i London. Paul Cook var trommeslagar i Sex Pistols og sikra seg på det viset ein solid plass i musikksoga. Sjekk plata Never Mind The Bollocks (Here’s The Sex Pistols) frå 1977 om du vil høyre Cook sitt taktfaste arbeid i mi platehylle. I 1959 kom Radney Foster til verda i Del Rio i skytegale Texas. Countryartisten Foster si karriere er merkt av arbeidet han gjorde i duoen Foster & Lloyd, men hjå meg høyrer du røysta hans som bakgrunnsvokal på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1964 vart Christopher John Boyle fødd i Seattle i Washington. Chris Cornell fekk sitt store gjennombrott med bølgja av grunge som skylla over verda på nittitalet. Soundgarden-sjefen er etter kvart ein leiande storleik i mi platehylle og kan høyrast både som bandleiar i Soundgarden, med platene Badmotorfinger (1991) og Superunknown (1994), som del av supergruppa Audioslave med Out Of Exile (2005) og Revelations (2006), og som soloartist med Scream (2009). Platehylla inneheld også Temple Of The Dog si einaste studioplate, Temple Of The Dog frå 1991, der Cornell si røyst ligg framst i lydbiletet. I 1966 kom Stone Carpenter Gossard til verda i Seattle i delstaten Washington. Gitaristen Stone Gossard var ein av grunnleggjarane av Pearl Jam og kan hjå meg høyrast på debutplata Ten (1991), og på den tredje studioplata Vitaology frå 1994. Gossard er også kreditert for å lage diverse gitarlyd på tributebandet Temple Of The Dog si einaste studioplate, Temple Of The Dog, frå 1991. I 1967 kom Coutney Taylor til verda i den største byen i delstaten Oregon, Portland. Vokalisten og gitaristen Courtney Taylor-Taylor er den leiande krafta i bandet The Dandy Warhols, som har tre flotte bidrag til populærkulturen i mi platehylle, Thirteen Tales From Urban Bohemia (2000), Welcome To The Monkey House (2003) og Odditorium Of Warlords Of Mars frå 2005. I 1973 slepte Mott The Hoople si sjette studioplate, og den fekk tittelen Mott. I 1975 spelte Motörhead sin fyrste konsert. Det hendte på Roundhouse i London og i Mojo 212 erindrar Lemmy at We Weren’t Very Good - Bloody Awful, In Fact. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Castleside Club i Consett. I 1981 var dette datoen for utgjevnad av Pleasant Dreams frå Ramones. Media Sound i New York var åstad for innspelinga i mars og april same år og produsent var Graham Gouldman. We Want The Airwawes og The KKK Took My Baby Away kan høyrast på plata Ramones Mania. I 1984 var Toy Dolls sin Calilfornia-turné komen til Youth Hall i San Diego. I 1998 slepte Trang Fødsel si tredje studioplate, og den fekk namnet Feber.

19.07.2015

Nittande juli

Nittande juli 1924 vart Alan Warren Haig fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Pianisten Al Haig sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på Miles Davis si samleplate Birth Of The Cool frå 1957. Haig døyde i 1982. I 1941 kom Phil Upchurch til verda i Chicago i Illinois. Gitaristen Upchurch kan hjå meg høyrast medan han spelar på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979. I 1946 kom Alan Gorrie til verda i skotske Perth. Gorrie er bassist og gitarist i Average White Band og kan hjå meg høyrast på samleplatat The Very Best Of Average White Band. I 1947 kom Brian Harold May til verda i London. Gitaristen og astrofysikaren Brian May er kjend for den fantastiske gitarlyden i Queen, men hjå meg er det som korist på Ian Hunter sin song You Nearly Did Me In frå plata All American Alien Boys frå 1976, og med ein gitarsolo på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006, han kan høyrast. I Minneapolis i Minnesota vart Bernhard Mathew Leadon III fødd. Gitaristen Bernie Leadon var ein av grunnleggjarane av The Eagles, og han har også spela med The Flying Burrito Brothers. Hjå meg kan Leadon sitt gitarspel høyrast på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, og på Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. I 1952 kom Larkin Allen Collins jr til verda i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Allen Collins var ein av grunnleggjarane av Lynnyrd Skynnyrd og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata The Essential Lynnyrd Skynnyrd frå 1998. Collins døyde i 1990. I 1960 vart Kevin Haskins fødd i engelske Northampton. Haskins trakterte trommene i goth-bandet Bauhaus og kan hjå meg høyrast på plata In The Flat Fields frå 1980. I 1963 kom Sverre Indris Joner til verda. Sverre Joner er mannen bak musikkprosjekt som La Descarga og Hovedøen Social Club og vert rekna som ein av pionerane innom latinamerikansk musikk i Noreg. Hjå meg kan Joner høyrast på platene Descongelate (La Descarga 1998) og Que Viva Noruega (HSC 2008). I italienske Castellammare di Stabia vart Silvio Pozzoli fødd. Songaren Pozzoli kan i mi platehylle høyrast med hjelpevokal på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I 1969 kom Ged Lynch til verda i engelske Manchester. Lynch er ein merittert trommis og kan hjå meg høyrast på Black Grape si debutplate It’s Great When You’re Strait, Yeah frå 1995. I 1976 var Tom Waits med venner attende i Wally Heider Studios for andre innspelingsdag til plata Small Change. I 1980 gjekk det truleg varmt føre seg då Toy Dolls stod på scenen i W.M.C i Newbottle. I 1981 spela dei same Toy Dolls i Birds Nest i Hartlepool. I 1984 kunne rosin- og kvegbøndene i Fresno, California oppleve Toy Dolls på Warners. I 2001 døyde Judy Clay.

18.07.2015

Attande juli

Attande juli 1938 kom Ian Andrew Robert Stewart til veda i Fife i Skotland. Pianisten Ian Stewart er best kjend for å spele for Rolling Stones, eit band han var medlem av fram til 1963, men i mi platehylle kan tangentspelet hans nytast på Stray Cats si plate Gonna Ball frå 1981, og på samleplata The Baddest Of George Thorogood & The Destroyers frå 1992. Stewart døyde i 1985. I 1944 vart Christer Eklund fødd i Sverige. Radiopersonligheten Eklund har i alle år traktert saksofonen i godt lag, og i godt lag var han då han la på godlyd på ABBA sin kjempehit Waterloo. Hjå meg er Eklund kreditert for å spele på Waterloo på to ulike samleplater, The Hits (1991) og Gold – Greatest Hits (1992). I 1948 vart Steven Peter Madaio fødd i den amerikanske delstaten New York. Trompetisten Steve Madaio har spela med eit utal amerikanske musikarar og kan i mi platehylle nytast på platene Backstreets Of Desire (Willy deVille, 1992), Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose (Meat Loaf, 2006), samt utvalde spor på Lynnyrd Skynnyrd si samleplate The Essential Lynnyrd Skynnyrd frå 1998. I 1953 vart Neil Stubenhaus fødd i Bridgeport i Connecticut. Bassisten Stubenhaus, med ei fortid i Blod Sweat & Tears, kan i mi platehylle høyrast på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990, Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997, i tillegg til Lisa Stansfield si sjølvtitulerte plate, også den frå 1997. I 1954 vart Richard Lee Skaggs fødd i Cordell i Kentucky. Strengevirtousen Ricky Skaggs sitt bidrag til mi platehylle finn du på Emmylou Harris si plate Pices Of The Sky frå 1975. I 1955 vart Terry Chambers fødd i engelske Swindon. Trommeslagaren Chambers var ein av grunnleggjarane av det britiske New Wave-bandet XTC og mi platehylle byr på trommespel på plata Black Sea frå 1980. Chambers og bandet skilde lag i 1983. I 1957 kom Julian Keith Levene til verda i engelske Wood Green. Keith Levene var ein av grunnleggjarane av Public Image Ltd. og kan i mi platehylle høyrast på plata Metal Box (Second Edition) frå 1979. I 1962 vart Jack Steven Irons fødd i Los Angeles i California. Trommisen Jack Irons var ein av grunnleggjarane av Red Hot Chili Peppers, og hjå meg er han kreditert for å halde takten på eitt spor på studioplata Mother’s Milk frå 1989. Irons er også kreditert for trommespel på eitt spor Pearl Jam si tredje studioplate Vitaology frå 1994. I 1966 slepte The Byrds si tredje studioplate, Fifth Dimension. I 1968 kom Alex Désert til verda på Haiti. Hjå meg kan Désert, som til vanleg spelar i skabandet Hepcat, høyrast med hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1970 kom Gruffyd Maredudd Bowen Rhys til verda i walisiske Haverfordwest. Gruff Rhys er gitarist og vokalist i det walisiske bandet Super Furry Animals, som har levert fleire sterke plater sidan starten i 1993. Hjå meg høyrer du Rhys på studioplata Love Kraft (2005), i tillegg til samleplata Songbook The Singles Vol 1 (2004). I 1975 vart Daron Vartan Malakian fødd i Los Angeles i California. Gitaristen Daron Malakian er ein av grunnleggarane av System Of A Down, den einaste av originalmedlemmene som ikkje er fødd i Armenia, sjølv om han stammar der i frå. Hjå meg kan Malakian sitt arbeid høyrast på studioplata Toxity frå 2001. I 1981 reiste Toy Dolls til Middlesbrough for å spele på Plus One. I 1988 døyde Nico.

Syttande juli

Syttande juli 1921 kom George Barnes til verda i Chicago i Illinois. Jazzmusikaren Barnes vert rekna som den fyrste som gjorde gitaren ”elektrisk”, han har gjeve ut fleire plater under eige namn og han har spelt med mange store artistar. Hjå meg kan Barnes høyrast på plata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Barnes døyde i 1977. I 1925 vart Jimmy Victor Scott fødd i Cleveland i Ohio. Songaren Little Jimmy Scott er kjend for si spesiell falsettrøyst og kan i mi platehylle høyrast på plata Magic And Loss, som Lou Reed slepte i 1992. I 1938 vart Sam Bronstein fødd i Brooklyn i New York. Bronstein spelar til vanleg saksofon i bandet Elephant’s Memory, men hjå meg er det på Aerosmith si plate Draw The Line frå 1977 han kan høyrast. I 1947 kom Michael Thommas Tucker til verda i London. Mick Tucker var trommeslagar i det britiske glamrockbandet Sweet, og kan hjå meg høyrast på samleplata The Best Of Sweet. Mick Tucker døyde i 2002. I Mexico City vart Abraham Laboriel Sr. fødd. Bassisten Laboriel er ein av tidenes mest nytta studiobassistar og far til trommisen Abe Laboriel jr. Hjå meg høyrer du Laboriel sitt arbeid på soundtrackplata til kinofilmen Dick Tracy, I’m Breathless, som Madonna slepte i 1990, samt utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1949 vart Terrence Michael Joseph Butler fødd i engelske Birmingham. Black Sabbath-bassisten ”Gezer” Butler treng eigentleg ikkje nærare presentasjon, men eg nyttar likevel høve til å presisere at eg er ekstremt fornøgd med at eg fekk høve til å sjå basslegenda saman med resten av Black Sabbath på Koengen i Bergen i 2005, og som ein del av Ozzy Osbourne sine venner under merkelappen Ozzy & Friends same stad i 2012. Det er også høve til å høyre Butler på eit fleire plater med Black Sabbath hylla mi, han kan også høyrast på den gamle Black Sabbath-kompisen Ozzy Osbourne si soloplate Ozzmosis frå 1995. I 1952 kom Nicolette Larson til verda i fjellstaten Montana sin hovudstad Helena. Larson plasserte seg på dei amerikanske countrylistene og hadde ein hit med Neil Young sin song Lotta Love i 1978. Hjå meg kan Larson høyrast på plata American Stars’N Bars som Neil Young gav ut i 1977 og Comes A Time, som same Young slepte året etter. Larson døyde i 1997. I 1957 vart Bruce Crump fødd i Nashville i Tennessee. Trommeslagaren Crump spelar til dagleg i Molly Hatchet og hjå meg høyrer du arbeidet hans på studioplata Flirtin’ With Disaster (1979) og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. I 1959 døyde Billie Holiday. I 1962 stod She’s Not You i platehyllene. Artist var Elvis Presley og dei tre neste vekene hadde han fyrsteplassen i England. I USA fekk han sterk konkurranse og nådde berre til ein femteplass. I 1963 kom Kimberly D Shattuck til verda. Kim Shattuck er gitarist og vokalist i The Muffs, som hjå meg kan høyrast på plata Blonder And Blonder frå 1995. I 1967 døyde John Coltrane. I 1970 vart Arne Hurlen fødd. Hurlen er sjefen i Postgirobygget og hjå meg kan han høyrast på plata Melis frå 1996. I 1975 vart Pablo J. Hinojos-Gonzales fødd i Los Angeles i California. Gitaristen og bassisten Paul Hinojos spelte tidlegare i The Mars Volta og i mi platehylle kan han høyrast på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1981 var Brewers Arms i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1983 var det Working Mans Club i Hetton som fekk vitjing av dei hårfagre pønkarane i Toy Dolls. I 1989 døyde Dudley Brooks.

16.07.2015

Sekstande juli

Sekstande juli 1940 vart Robbie Montgomery fødd i Columbus i Mississippi. Songerska Montgomery kan i mi platehylle høyrast med bakgrunnsvokal på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music frå 1995. I 1948 kom Rubén Blades Bellido de Luna til verda i Panama City i Panama. Salsasongaren, og tidlegare presidentkandidat i heimlandet, sitt bidrag til mi platehylle finn du som hjelpevokal på Lou Reed si fjortande studioplate Mistral frå 1986, og på Songs From The Capeman, som Paul Simon slepte i 1997. I 1950 vart Camile Saviola fødd i New York-bydelen The Bronx. Skodespelaren Saviola er best kjend for å utfolde seg på filmlerrettet, men har ei lang parallelkarriere som songerinne. Hjå meg kan Saviola høyrast medan ho syng bakgrunnsvokal på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1951 vart Robert Previte fødd i Niagara Falls i New York. Trommisen Bobby Previte sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Tom Waits si åttande studioplate Rain Dogs frå 1985. I 1952 vart Stewart Armstrong Copeland fødd i Alexandria i Virginia. Trommeslagaren Stewart Copeland er best kjend for tida han heldt takten for The Police, og hjå meg kan han høyrast i taktfast arbeid på samleplata Greatest Hits frå 1992. I 1955 kom Annie Whitehead til verda i Oldham. Trombonisten Whitehead kan hjå meg høyrast medan ho spelar for Rufus Wainwright på hans tredje studioplate, Want One frå 2003, og for Robert Wyatt på hans ellevte soloplate, Comicopera frå 2007. 1973 gav Bob Dylan ut lydsporet til filmen Pat Garrett & Billy The Kid. Dylan sjølv hadde ei statistrolle i filmen med same namn. Mellom dei medverkande musikarane på plata finn ein den kvinnelege gitaristen Carol Hunter som vert rekna som den fyrste kvinnelege rockegitaristen, og Bruce Langhorne på akustisk gitar. I 1976 var AC/DC i Wimbledon Theatre i London og spela inn opptak til bruk i programmet Super Pop. DVD-samlinga Plug Me In byr på songane Live Wire og Can I Sit Next To You Girl frå programmet som vart sendt i august 1976. I 1981 spela Toy Dolls på Norsmann i Peterlee. I 1982 var Toy Dolls på plass i Old English Pub i Darlington. I 2012 døyde Jon Lord og Bob Babbitt. I 2014 døyde Johnny Winter.

15.07.2015

Femtande juli

Femtande juli 1923 vart Joseph Rudolph Jones fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Trommeslagaren Philly Joe Jones kan i mi platesamling høyrast medan han spelar på songen Blues No 2 frå Miles Davis-plata Someday My Prince Will Come frå 1961. Jones døyde i 1985. I 1946 kom den amerikanske countrysongerinna Linda Maria Ronstadt til verda i Tucson i Arizona. Politisk aktive Linda Ronstadt si karriere omfattar fleire soloplater, men hjå meg må ein nøye seg med å høyre røysta hennar som bakgrunnsvokal på platene Pieces Of The Sky, som var Emmylou Harris sitt bidrag til platemarknaden i 1975, Neil Young sine studiopater American Stars’N Bars (1977) og Silver And Gold, og på Paul Simon si sjuande studioplate, Graceland frå 1986. I 1948 vart Thomas Delmer Pyle fødd i Louisville i Kentucky. Trommeslagaren Artimus Pyle slo seg saman med sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd i 1974 og holdt ut med bandet til 1991. Hjå meg kan Pyle høyrast på studioplata Lynyrd Skynyrd 1991, i tillegg til samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998. I Louisville i Kentucky kom Owen Hale til verda. Trommeslagaren Hale spelte med sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd på studioplata Twenty frå 1997, ei plate som er med å setje platesamlinga mi i eit positivt lys, i tillegg til at han heldt takten på den notoriske fyllebøtta George Jones si studioplate Walls Can Fall frå 1992. I 1952 vart David Robert Pack fødd i Los Angeles i California. Gitaristen og tangentmannen David Pack er best kjend for arbeidet han gjer som produsent og anna forefallande studioarbeid. Hjå meg er Pack kreditert for vokalarrangement på The Manhatten Transfer i si studioplate The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1956 kom gitargeniet Joe Satriani til verda i Westbury i delstaten New York. Instrumentalisten Satriani, med like stor suksess som gitarlærar som soloartist, er i mi platesamling representert med platene Not Of This Earth (1986) og Flying In A Blue Dream frå 1989, og på den siste plata gjer mannen med gitaren noko så uortodoks som å synge sjølv. I engelske Stretford vart Ian Kevin Curtis fødd. Ian Curtis var vokalist i Joy Division og har fått plass i mi platehylle med den posthume singelsamlinga Substance frå 1988. Curtis døyde for eiga hand i 1980. I New York sin norskaste bydel, Brooklyn kom Mark Steven Bell til verda. Trommisen Bell slo seg saman med Ramones i 1978 og vart, som seg høyr og bør, omdøypt til ein Ramone. Hjå meg kan Marky Ramone høyrast på Ramones sine studioplater End Of The Century (1980) og Pleasant Dreams (1981), i tillegg til samleplata Ramones Mania frå 1988. Marky Ramone er også kreditert for hjelpevokal på eitt spor på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1973 kom Mark Anthony Myrie til verda i Kingston på reggeaøya Jamaica. I mi platehylle er reggeaartisten Buju Banton kreditert for å synge hjelpevokal på eitt spor på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1976 var fyrste innspelingsdag for Tom Waits si plate Small Change, som kom på marknaden seinare same året. Shelly Manne heldt takten, Jim Hughart trakterte bassen og Lew Tabackin assisterte mannen med grumserøysta på tenorsaksofon. Spor for ettertida er Tom Traubert’s Blues. I 1984 fekk dei frammøtte i Entertainment Factory i hovudstaden i solskinsstaten California, Sacramento, stifte kjennskap med Toy Dolls. I 1996 slepte The Vandals si femte studioplate, The Quickening. I 2000 døyde Paul Young. I 2008 døyde Richard Wright, same dag som The Hold Steady slepte si fjerde studioplate, Stay Positive.

14.07.2015

Fjortande juli

Fjortande juli 1912 vart Woodrow Wilson Guthrie fødd i Okemah i Oklahoma. Den amerikanske visesongaren Woodie Guthrie var ei stor inspirasjonskjelde for dei mange visesongarane som prega det amerikanske hippiemiljøet på sekstitalet. Guthrie sitt bidrag til mi platehylle heiter Pastures Of Plenty og er ei samling av opptak han gjorde frå 1940 til 1947. Guthrie vart etter kvart diagnostisert med Huntintons Syndrom og døyde i New York i 1967. I 1945 kom James Beck Gordon til verda. Mentalt ustabile Jim Gordon tente til livets opphald som trommeslagar for artistar som The Beach Boys, Jackson Browne og Donovan fram til han tok livet av si eigen mor i 1983, noko som resulterte i ei lang fengselsstraff som enno ikkje er ferdig sona. Hjå meg kan Gordon høyrast på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, på Joan Baez si plate Diamonds And Rust frå 1975, og på samleplata The Best Of Carly Simon, som var Carly Simon sitt bidrag til populærkulturen i 1975. I 1950 vart Andrew Newmark fødd i Port Chester i New York. Trommesalgaren Andy Newmark sitt taktfastespel kan i mi platehylle finnast på Rod Stewart si studioplate Smiler frå 1974, samt utvalde spor på same mann si samleplate The Mercury Anthology (1992), samleplata The Best Of Carly Simon, som Carly Simon slepte i 1975, og på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry & Roxy Music frå 1995. I 1952 kom Cristopher Thomas Allen til verda i Tottenham i London. Bassisten Chris Cross har tent til livets opphald i Ultravox og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Dancing With Tears In My Eyes frå 1997. I 1960 vart songarinna Angelique Kpasseloko Hinto Hounsinou Kandjo Manta Zogbin Kidjo fødd i Ouidah i Benin. Den fleirfaldig Grammy-nominerte songarinna, som til vanleg kortar namnet sitt ned til meir lettfattelege Angelique Kidjo er, ikkje utan grunn, sterkt representert i mi platesamling, lista tel Parakou (1990), Logozo (1991), Ayé (1994), Fifa (1996) og Oremi (1998). I 1966 kom Ellen Reid til verda i Selkirk i den kanadiske delstaten Manitoba. Reid er pianist og syng bakgrunnsvokal i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1971 vart Nicholas Jonathon McCabe fødd i engelske St. Helens. Nick McCabe har ei fortid som gitarist i The Verve og mi samling byr på gitarspelet hans på plata Urban Hymns frå 1997. I 1975 spelte The Who inn Squeeze Box på Sheperton Sound Stage. Innspelinga vart gjort ved hjelp av Faces-sjefen Ronnie Lane sitt Mobile Studio og produsent var Glyn Johnes. I 1978 fekk platekjøparane høve til å investere i The Who sin singel Who Are You, som klatra til attandeplass på listene. I 1984 var Toy Dolls å sjå på scenen i Mabuhay Gardens i San Francisco, California. I 1992 gav slidegitaristen Roy Rogers ut si fyrste soloplate, Chops Not Chaps. I 1998 gav Beastie Boys ut plata Hello Nasty. I 2003 slepte dei walisiske marxistane i Manic Street Preachers samleplata Lipstick Traces.

13.07.2015

Trettande juli

Trettande juli 1928 vart Leroy Vinnnegar fødd i Indianapolis i Indiana. Bassisten Vinnegar sitt stødige spel kan i mi platesamling høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Vinnegar døyde i 1999. I 1942 kom James Joseph McGuinn III til verda i bluesbyen ved dei store sjøane, Chicago i Illinois. Med førenamnet forkorta til Roger gjorde unge McGuinn suksess som leiar av countryrockgruppa The Byrds på 1960-talet. I mi platesamling har Roger McGuinn tatt plass med platene Fifth Dimension, som var The Byrds si tredje studioplate og vart slept laus på platekjøparane i 1966, og på soloplata Roger McGuinn And Friends frå 1975, i tillegg til at han kan høyrast som gitarist på Bob Dylan si filmmusikkplate Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973. I 1947 vart Peter Goalby fødd i engelske Wolverhampton. Goalby var vokalist for Uriah Heep i perioden 1982-1986 og spela inn tre plater med bandet. I mi platehylle kan Goalby si røyst høyrast på studioplata Abiminog frå 1982, og samleplata Echoes In The Dark (1991). I 1955 vart Mark Glickman fødd i West Hempstead i New York. Bassisten Mark ”The Annimal” Mendoza har vore innom både The Dictators og Blackfoot, men er best kjend som ein sentral del av rytmeseksjonen i det amerikanske glamrockbandet Twisted Sister, som herja listene på åttitalet. Hjå meg kan Mendoza høyrast på samleplata Big Hits And Nasty Cuts frå 1992. I engelske Bristol kom Chris White til verda. Saksofonisten White har spela med både Dire Staits og Tom Jones, men er best kjend for å spele med Bryan Ferry. I mi platehylle høyrer du White sitt saksofonspel på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1999. I 1957 slepte Elvis Presley ei singelplate med Don’t be Cruel og Hound Dog. Singelen låg på fyrsteplass i elleve veker i USA, i England nådde han andreplass. I 1970 kom The Who-singelen The Seeker ut og plasserte seg etter kvart på ein nittandeplass på listene. Same dag nytta Uriah Heep sjansen til å platedebutere med Very ‘Eavy, Very ‘Umble. I 1973 slepte Bob Dylan plata Pat Garret & Billy The Kid som også var soundtrack for filmen med same namn. I 1979 var AC/DC på scenen i Riinhallen i Arnhem. Eit tjuefem minuttar langt opptak frå nederlandsk fjernsyn kan sjåast på DVD-plata Let There Be Rock og bandet spelte Highway To Hell, Bad Boy Boogie, The Jack, (I’m A) Rocker og den fantastiske songen om den tasmanske kjempedama, Whole Lotta Rosie. På DVD-samlinga Plug Me In er Rocker utelatt, men denne byr på så mykje anna gromme greier at den absolutt burde stå på pensumlista. I 1981 spelte Toy Dolls i Legions Club i South Shields. I 1982 viste BBC One delar av AC/DC sin opptreden i Largo/Landover året før. Dette var fjernsynssjåarane sitt første høve til å stifte kjennskap med opptaket av Back In Black og T.N.T., som ein i dag kan nyte på DVD’en Plug Me In. I 1984 var Toy Dolls i Los Angeles og spelte på Olympic Auditorium. I 1991 spelte Slayer i Lakeland i pensjoniststaten Florida, opptak frå konserten kan høyrast på den doble konsertplata Dacade Of Aggression, som kom på marknaden seinare same året. I 1999 slepte Protein plata Songs About Cowgirls.

12.07.2015

Tolvte juli

Tolvte juli 1927 vart Secondo Candoli fødd i Mishawaka i Indiana. Trompetisten Conte Candoli har spela med storbandleiarar som Benny Goodman og Dizzie Gilespie, men hjå meg er det saman med Chet Baker han kan høyrast. Plata heiter Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Candoli døyde i 2001. I 1943 kom Christine Anne Perfect til verda nær Ulveston i engelske Lancashire. Christine McVie sine mest vesentlege bidrag til musikksoga kom i tida ho spelte keyboard i bandet Fleetwood Mac, og hjå meg kan ho høyrast på plata Rumours frå 1977. I 1950 kom Paul Charles Caravallo til verda i Brooklyn i New York City. Trommisen Eric Carr avløyste Peter Criss på trommestolen i Kiss. Hjå meg kan Carr høyrast på platene Music From The Elder (1981) og Crazy Nights (1987). Carr døyde av kreft i hjarta i 1991. I 1958 vart Lynn Davis fødd i Heavenly Hills i California. Songerinna Davis har ein omfattande CV, både frå turnélivet og som studioartist. Hjå meg kan Davis si røyst høyrast i bakgrunnen på Mick Jagger si soloplate Wandering Spirit (1993), Savage Rose si studioplate Black Angel (1995), samt på utvalde spor på Marilyn Manson si studioplate Mechanical Animals frå 1998. I 1959 vart Malcolm Jones fødd i skotske Inverness. Gitaristen Jones slo seg saman med Runrig i 1980 og held ut med det gæliske bandet enno. Hjå meg kan Jones høyrast på studioplatene The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime frå 1988. I 1960 var Count Basie i studio og spelte inn Rock-A-Bye Basie. Frank Wess og Frank Foster var solistar på høvesvis alt- og tenorsaksofon, medan Thad Jones tok rolla som trompetsolist. Resultatet kan høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1962 kom Daniel David Murphy til verda i Duluth i Minnesota. Gitaristen Dan Murphy var ein av grunnleggjarane av Soul Asylum og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene While You Were Out (1986), Grave Dancers Union (1992) og Candy From A Stranger (1998), i tillegg til Ep-plata Clam Dip And Other Delights frå 1989. Murphy sa takk for seg i Soul Asylum i 2012. I 1972 kom Brett A. Reed til verda i industribyen Oakland i California. Trommisen Brett Reed er best kjend for dei femten åra han heldt takten for Rancid (1991-2006), og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Life Won’t Wait frå 1998, og Rancid 2000. I 2007 døyde Robert Burås. I 2014 spelte Blondie gamle hits og ein artig cover av Beastie Boys sin slager Fight For Your Right i regnværet på Bergenfest.

11.07.2015

Ellevte juli

Ellevte juli 1941 kom Thomas Henry Lowther til verda i engelske Leicester. Trompetisten Henry Lowther kan hjå meg høyrast medan han spelar for Van Morrison på plata Enlightenment frå 1990, og på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1946 vart John Lawton fødd i engelske Halifax. Lawton erstatta David Byron som vokalist i Uriah Heep frå plata Firefly i 1976. Hjå meg kan Lawton høyrast på plata Fallen Angel frå 1978, og på samleplata The Best Of Les Humphries Singers. I 1957 kom Peter John Murphy til verda i engelske Northampton. Peter Murphy vert gjerne omtala som The Godfater Of Goth. Hjå meg kan Murphy høyrast medan han syng og spelar gitar for Bauhause på plata In The Flat Field frå 1980. I 1959 vart Suzanne Nadine Peck fødd i fasjonable Santa Monica i California. Suzanne Vega har gjort stor suksess med songar som Luca og Tom’s Diner og mi platehylle byr på samleplata Tried And True The Best Of… frå 1998. I Perth Amboy i New Jersey kom Richard Stephen Sambora til verda. Gitaristen Richie Sambora har tent til livets opphald i Bon Jovi og vert av mange rekna som ein av dei fremste gitaristar gjennom tidene. Hjå meg kan Sambora høyrast på plata These Days frå 1995. I 1960 vart David Baerwald fødd i Oxford i Ohio. Gitaristen Baerwald kan hjå meg høyrast medan han spelar på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991, og for Sheryl Crow på plata Thuesday Night Music Club frå 1993. I 1973 spela Johnny Cash inn Old Shep i Hendersonville. Denne songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album, som var Cash si førtiåttande studioplate og med unntak av innspelingsdagen 21. juli 1972 var produsert av Charlie Bragg og ”The Man In Black”. På denne plata nytta Cash seg av musikarane Ray Edenton, Larry Gatlin, David Jones, Red Lane og Jerry Shook på kassagitar medan Carl Perkins og Bob Wootton er kreditert for glimrande spel på elektrisk gitar. Larry Butler, Larry McCoy, Bill Pursel, Bill Walker og Jerry Whitehurst har alle gjort ein innsats med pianospel medan bassen vart traktert av Cash sin faste bassist Marshall Grant. Trommene vart styrde av W.S. Holland og Don Favorite medan Fru Cash, June Carter, og Rosey Nix har kora for mennene. I 1978 kom Frode Sirevåg til verda. Denne kurriøse multikunstnaren har tatt steget inn i mi platehylle med kultdansebandet FrodeVidars, der han saman med kompisen Vidar Bratlund-Mæland radbrekker dansebandsjangeren med varierande hell. I 1981 slepte Motörhead livesingelen Motörhead/Over The Top. I 1988 kom Joy Division si singelsamling Substanse. I 2014 døyde Tommy Ramone.

10.07.2015

Tiande juli

Tiande juli 1938 kom Arnold Lawrence Finkelstein til verda i det som vert rekan som den norskaste New York City-bydelen, Brooklyn. Saksofonisten Arnie Lawrence hadde returnert til instrumentet han trakterte i ungdomstida då han spelte klarinett for Ian Hunter på studioplata All American Alien Boys frå 1976. Lawrence døyde i 2005. I Brady i skytegale Texas vart David Kirby fødd. Mannen bak udødlege (Is Anybody Going To) San Antone kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på utvalde spor på Dolly Parton si Greatest Hits-plate, som kom på marknaden i 1982. I 1939 vart John B. Richmond til verda i Newton i Massachusetts. Fritz Richmond vart rekna som ein av verdas framste artistar på så pass utradisjonelle instrument som vaskebrett og mugge. Hjå meg kan Richmond høyrast på Jackson Browne si plate Late For The Sky frå september 1974. Richmond døyde av lungekreft i 2005. I 1942 kom Ronald James Padavona til verda i Portsmouth i New Hampshire. Italienskætta Ronnie James Dio vert rekna som verdas største vetle heavy metall-artist og har ein curriculum vitae som inneheld Elf, Rainbow, Black Sabbath, Heaven & Hell i tillegg til hans eige band Dio. Etter som eg ikkje har heilt kontroll på platesamlinga mi har eg faktisk kjøpt plata Dream Evil frå 1987 to gonger og må med det kunne seie at eg har gjort meir enn det som kan forventast for å halde liv i ein gamal hardrockar. Klassikarar som Holy Diver (1983) og Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978 står sjølvsagt også på hylla, saman med ei obskur bootleg-plate frå tida med Black Sabbath, Reviviscence!, som kom ut på italienske Robspierre Records i 1992. Plata er visstnok spela inn av ein publikummar under Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia tolvte september i 1992 og har ein slett lydkvalitet, men er sjølvsagt interessant nok for blodfansen. Dio døyde diverre av kreft i 2010. I 1947 vart Claudio Pascoli fødd i italienske Monfalcone. saksofonistenI 1954 vart Neil Francis Tennant fødd ikkje langt frå hamnebyen Newcastle upon Tyne. Neil Tennant er mannen med den karrismatiske røysta i electronicaduoen Pet Shop Boys, og hjå meg høyrer du han på plata Introspective frå 1988, i tilleg til Robbie Williams si plate I’ve Been Expecting You frå 1998. I 1960 kom den Martyn Paul Casey til verda i Chesterfield i England. Den australske bassisten Martyn P. Casey er best kjend for arbeidet sitt i Nick Cave sitt band The Bad Seeds og kan hjå meg høyrast på studioplatene The Boatman’s Call frå 1997, og Nocturama frå 2003. I 1962 kom Grant Kirkhope til verda i den skotske hovudstaden Edinburg. Lyddesignaren Kirkhope kan i mi platehylle høyrast med han spelar trompet på Thunder si andre studioplate Laughing On Judegement Day frå 1992. I 1963 vart Andrew Giddings fødd i det engelske grevskapet Kent. Giddings spelte keyboard i Jethro Tull i åra frå 1991 til 2007 og spelet kan i mi platesamling nytast på studioplata Catfish Rising frå 1991. I 1969 slepte Aretha Franklin singelen Share Your Love With Me. I 1974 kom Imelda Mary Clabby til verda i Dublin. Imelda May er det irske håpet på rockabillyfronten og leverte ein sterk konsert under Bergenfest 2011. Hjå meg kan vegetarianaren May høyrast på platene Love Tattoo (2008) og Mayhem (2010). I 1983 var Toy Dolls i Shineyrow Club i Sunderland. I 1988 spelte Toy Dolls festivalkonsert i franske Lille. I 2000 platedebuterte Coldplay med Parachutes. I 2001 slepte Melissa Etheridge si sjuande studioplate, Skin. I 2002 døyde Alan Shulman.

09.07.2015

Niande juli

Niande juli 1946 vart Ronald Belford Scott i Kirremuir i Skottland. AC/DC vokalisten Bon Scott hadde allereie ei etablert karriere som songar i ulike australske band då ha slo seg saman med dei mykje yngre Young-brørne på tampen av 1973, men det kunne ikkje måle seg med den suksessen han opplevde saman med gutane i AC/DC. I mi platehylle står platene High Voltage (1976) og Dirty Deeds Done Dity Cheap (1976), EP’en ’74 Jailbreak (1984), i tillegg til samlinga Bonfire som er resten av bandet si hylling av vokalistlegenda og kom på marknaden i 1997. Scott døyde med spya i halsen i London ein sein februarkveld i 1980. I 1950 kom Gwen Guthrie til verda i Okemah i Oklahoma. Songerinna Guthrie sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread And Alive frå 1981. Guthrie døyde i 1999. I 1952 kom Carlos Perón til verda i finansbyen Zürich. Perón er ein av grunnleggarane av det sveitsiske elektronicabandet Yello, men slutta i bandet etter at dei tre fyrste platene var fullførd. I mi platehylle finn du Perón sitt arbeid på plata You Gotta Say Yes To Another Excess frå 1989. Ein som delar fødselsdag med Perón er Paddy Bush. Bush er bror av betre kjende Kate Bush og hjå meg kan han høyrast på hennar plate Lionheart frå 1978. I 1954 kom Kim Bård Roll Hansen til verda i metropolen Drammen. Herodes Falsk har levert både seriøse og useriøse bidrag til underhaldningsbransjen sidan syttitalet. Hjå meg kan Falsk høyrast i frodig samspel med Jahn Teigen og Tom Mathiesen på samleplata Absolute Prima Vera, som Prima Vera slepte i 1994. I Philadelphia i Pennsylvania vart Debbie Sledge fødd. Saman med systrene Kim, Joni og Kathy, starta Sledge jentekvartetten Sister Sledge i 1971. Hjå meg finn du Sledge sitt arbeid på ei uautorisert plate med same tittel som bandet. I 1957 kom Peter Mark Sinclair Almond til verda i nærleiken av den engelske hamnebyen Liverpool. Marc Almond var drivkrafta i Soft Cell og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Cruelty Without Beauty frå 2002. I 1959 vart James Kerr fødd i den skotske storbyen Glasgow. Jim Kerr var den drivande krafta i bandet Simple Minds, som herja listene på åtti- og nittitalet og hjå meg kan Kerr høyrast på plata Real Life frå 1991. I 1964 vart Courtney Michelle Harrison fødd i hippiebyen San Francisco på den amerikanske vestkysten. Courtney Love har ei fortid som barnepike for The Clash-sjefen Joe Strummer sine ungar, men er best kjend for eit stormfylt ekteskap med avdødde Nirvanaleiar Curt Cobain og for å blotte brysta sine i ei rekkje samanhengar der slikt ikkje går upåakta hen. Courtney Love har også ei eiga musikarkarriere saman med bandet Hole og i mi platehylle kan Love sine vokalprestasjonar høyrast plata Celebrity Skin frå 1998. I 1965 vart Frank Bello fødd i New York City. Bello var bassist i det amerikanske hardrockbandet Anthrax frå 1984 og fram til 2004, før han tok ein pause og kom attende som ein del av rytmeseksjonen i 2005. Bello kan i mi platesamling høyrast på studioplatene State Of Euphoria frå 1998 og Persistence Of Time (1990), i tillegg til samleplata Return Of The Killer A’s, som kom på marknaden i 1999. I 1972 kom Simon Tong til verda i Wigan. Tong er gitarist, i tillegg til at han spelar keyboard, og kan høyrast i både The Verve der han spelte frå 1996 til 1999, og Gorillaz. Mi platesamling byr på Tong sitt arbeid på kritikarroste Urban Hymns frå 1997, og Gorillaz si plate Demon Days frå 2005. I 1975 vart John Anthony Gillis fødd i bil- og rockebyen Detroit i Michigan. Jack White var den drivande krafta i bandet The White Stripes, der ekskona Meg White var den den andre halvleiken, og han kan hjå meg høyrast på plata White Blood Cells frå 2001. I 1984 slepte Public Image Ltd plata This Is What You Want...This Is What You Get. I 1988 kunne Toy Dolls opplevast på Tolouse Open Air Show. I 2002 slepte Red Hot Chili Peppers plata By The Way. I 2011 døyde Würzel.

08.07.2015

Åttande juli

Åttande juli 1944 vart John Johan Johanson fødd i Ocean Springs i Mississippi. Jai Johanny Johansson nyttar også aliaset Jaimoe når han utøver sitt daglege virke som trommeslagar. Jaimoe er best kjend for det arbeidet han har gjort saman med The Allman Brothers Band, som han var med å grunnleggje i 1969, og hjå meg kan han høyrast på konsertplata An Evening With The Allmann Brothers Band: First Set frå 1992. I 1949 kom Colin Walker til verda i engelske Minchinhampton. Cellisten Walker var innom Electric Light Orchestra tidleg på syttitalet og i mi platehylle kan arbeidet hans høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1961 kom Andrew John Leonard Fletcher til verda i den tradisjonsrike fotballbyen Nottingham. Andy Fletcher har ei fortid som bassist, men er best kjend for å traktere synth i Depeche Mode. Hjå meg kan Fletcher høyrast på platene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1987) og Playing The Angel (2005). I 1970 var dette dagen multiinstrumentalisten og musikkgeniet kjent som Beck (Hansen) kom til verda i Los Angeles i California. Den gongen fekk han namnet Bek David Campell. Beck er eit samplingfantom som i tillegg til ulike instrument, nyttar samplingar frå ei rekkje andre artistar. I boka No Logo av Naomi Klein påstår forfattaren at plateselskapet hans tving andre artistar, som til dømes James Brown, til å låne ut rettane til musikken sin rimeleg for å fronte den vetle mannen sin musikk. Til tross for slike alvorlege skuldingar, i mi hylle finn ein likevel platene Odelay frå 1996, Midnite Vultures frå 1999 og Guerolito frå 2005. I 2003 slepte Fun Lovin’ Criminals samleplata Scooby Snacks The Collection. I 2012 døyde Lionel Batiste.

07.07.2015

Sjuande juli

Sjuande juli 1913 vart Joseph William Perkins fødd i Belzoni i Mississippi. Pianisten Pinetop Perkins er i mi platehylle kreditert for å spele på Johnny Winter si åttande studioplate Nothin’ But The Blues frå 1977. Pinetop Perkins døyde i 2011. I 1930 kom saksofonisten Hank Mobley til verda i Eastman i Georgia. Mobley kan i mi platesamling høyrast medan han spelar for Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961. Mobley døyde i 1986. I 1932 vart Josef Erich Zawinul fødd i Austerriket sin flotte hovudstad Wien. Joe Zawinul fekk seinare eit musikkstipend ved eit prestisjeuniversitet på andre side av Atlanterhavet, der han etablerte seg som ein suksessfull jazzmusikar med keyboard som hovudinstrument, spesielt i bandet Weather Rapport. Hjå meg kan Zawinul høyrast på samleplata Collections, som er utgjeve i Wather Rapport sitt namn i 2008, og på Miles Davis si plate In A Silent Way frå 1969. Zawinul døyde i 2007. I 1940 vart Richard Starkey fødd i engelske Liverpool. Starkey er best kjend under kunstnernamnet Ringo Starr og har tent mesteparten av pengane sine som trommeslagar i den etter kvart vidgjetne Liverpool-kvartetten The Beatles. I mi platehylle finn du Beatles-samleplata Anthology 1 (1995), i tillegg kan evigunge Ringo Starr kan høyrast frå den gongen han har steppa inn som trommeslagar på eit par songar for Bob Dylan på hans tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981, og på plata Flaming Pie, som tidlegare Beatles-kollega Paul McCartney gav ut i 1997. I 1951 kom Sue Evans til verda i New York City. Perkusonisten Evans har jobba med store artistar og fleire symfoniorkester og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Suzanne Vega, og på like utvalde spor på den plata som inneheld to av Carlene Carter studioplater, Two Sides To Every Woman og Musical Shapes, som kom på marknaden i høvesvis 1979 og 1980. I 2003 platedebuterte The Darkness med Permission To Land.

06.07.2015

Sjette juli

Sjette juli 1924 vart Luigi Paulino Alfredo Francesco Antonio Balassoni fødd i Rock Falls i Illinois. Trommeslagaren Louie Bellson kan hjå meg høyrast medan han held takten for Ella Fitzgerald og Louis Armstrong på plata Ella & Louis Again frå 1957. Bellson døyde i 2009. I 1944 fekk Caldwell i Kansas ein felespelar i Byron Berline. Berline sitt felespel kan i mi platehylle høyrast på Bob Dylan si plate Pat Garret & Billy The Kid frå 1973, og på Pieces Of The Sky, som Emmylou Harris slepte i 1976. I 1949 kom Michael Schrieve til verda i San Francisco i California. Trommeslagaren Schrieve har ei fortid i Santana, men hjå meg er det på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971 han kan høyrast. I 1952 vart Graham Oliver fødd i engelske Mexborough. Oliver tente til salt i grauten som gitarist i Saxon i perioden 1977 til 1994 og mi platehylle byr på strengeleiken hans på plata Wheel Of Steel frå 1980. I 1971 døyde Louis Armstrong. I 1975 kom Curtis James Jackson III til verda i bydelen Queens i New York City. Curtis har gjort seg kjend under artistnamnet 50 Cent og kan i mi platesamling høyrast på plata Get Rich Or Die Tryin’ frå 2003. I 1976 var Johnny Cash i studio og spelte inn Ballad Of Barbara som fekk plass på plata Last Gunfighter Ballad. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1977 kunne platebutikkane by på det som vart Elvis Presley sin siste hit medan han framleis var i livet. Way Down låg framleis på listene då ”Kongen” døyde på toalettet på Graceland. I USA var det rett nok aldri betre enn attande plass på listene, men i England låg låten fem veker som nummer ein. I 2007 slepte The Smashing Pumpkins si sjuande studioplate, Zeitgeist, denne gongen med trommeslagar Jimmy Chamberlin som Billy Corgan si einaste støtte, etter at bandet eigentleg vart oppløyst i 2000.

05.07.2015

Femte juli

Femte juli 1943 kom Jaime Robert Klegerman til verda i den kanadiske storbyen Toronto. Gitaristen Robbie Robertson var den udiskutable sjefen over alle sjefar i den amerikansk-kanadiske supergruppa The Band på 1960- og -70-talet. Mi platehylle byr på Robertson sin vokal og gitar på The Band-plata Islands frå 1977, og hans eigen soloplate, Storyville, frå 1991. Robertson er omtala ved døypenamn og ikkje artistnamn når han er kreditert for å ha ytt bidrag på Bob Dylan si plate Blonde On Blonde frå 1966, eit samarbeid som skal være resultat av sterk gjensidig respekt mellom Dylan og gutane i The Band. Også Carly Simon har nytt godt av Robertson sine tenester, og han er kreditert for gitarspel på utvalde spor på samleplata The Best Of Carly Simon frå 1975. I 1949 kom Tommy Eyre til verda i engelske Sheffield. Tangentmannen Eyre sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. Eyre døyde i 2001. I 1950 vart dagen merkt av at Michael Monarch vart fødd i Los Angeles i California. Steppenwolf-gitaristen Monarch kan hjå meg høyrast på Steppenwolf si sjølvtitulerte debutplate frå januar 1968. I New York City kom Hugh Anthony Cregg III til verda. Songaren Huey Lewis er ikkje berre frisk i røysta, men er også dugande til å traktere munnspel. Hjå meg kan Lewis høyrast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1960 var det no eller aldri for Elvis Presley. Now Or Never toppa listene i fem veker i USA, åtte i England. I 1965 vart Einar Thorbjørnsen fødd i Bodø. Tangentmannen Thorbjørnsen arbeider ut frå heimbyen Bodø og kan i mi platehylle høyrast på bysbarnet Halvdan Sivertsen si plate Kjærlighetslandet frå 1994. I 1973 vart Bengt Lagerberg fødd i svenske Jönköping. Trommisen Lagerberg er best kjend for å spele i The Cardigans og kan i mi platehylle høyrast på megahiten Burning Down The House frå Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1976 kom Rufus Arthur Johnson til verda i Detroit i Michigan. Rapparen Bizarre var ein del av rapkollektivet D12 (Dirty Dozen) og hjå meg høyrer du han på plata Devil’s Night frå 2001. Bizarre er også kreditert for vokalhjelp på kompisen Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000. Dagen bydde også på plateslepp frå Beach Boys, plata fekk tittelen 15 Big Ones og var strandgutane si tjuande studioplate. I 1977 vart Ryan Daniel Montgomery fødd i Detriot i Michigan. Rapartisten Royce da 5´9´´ kan i mi platehylle høyrast på Eminem si plate The Slim Shady LP frå 1999. I 1980 var dette datoen Norseman Hotel i Peterlee var vertar for Toy Dolls. I 1985 enda Iron Maiden sin eitt hundre og nitti konsertar lange World Slavery Tour med eit show i Irvine Meadows i California. I 1986 vart det høve for ihuga Motörheadbangers å kjøpe Motörhead sin singel Death Forever/On The Road (Live). I 1993 slepte Björk Gudmundsdottir plata Debut, som langt i frå var hennar platedebut, ho hadde allereie slept fleire plater som medlem av bandet Sugarcubes. I 1996 leika AC/DC seg til tonane frå Gone Shotin’, opptaket frå VH1 sitt studio B er aldri sendt på fjernsyn, men er likevel tilgjengeleg på DVD-samlinga Plug Me In.

04.07.2015

Fjerde juli

Fjerde juli 1936 kom Richard John Hyde til verda i Lansing i Michigan. Dick Hyde er i mi platehylle kreditert for å spele trombone på Tom Waits si plate Swordfishtrombones frå 1983. I 1938 vart Michael T. Manieri Jr fødd i The Bronx i New York City. Vibrafonfantomet Mike Manieri spelar til dagleg i Steps Ahed, men hjå meg kan han høyrast på Don McLean si plate American Pie frå 1971. I 1944 kom Harvey Goldstein til verda på Manhattan i New York City. Bassisten Harvey Brooks si merittliste tel namn som Miles Davis og Eric Anderson, men i mi platesamling kan basspelet hans høyrast på Bob Dylan si plate Highway 61 Revisited frå 1965. I 1948 vart Jeremy Cederic Spencer fødd i engelske Hartlepool. Sterkt religiøse Jeremy Spencer spelte bass for Fleetwood Mac fram til 1971 og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits, som kom på marknaden same året. I 1951 kom Ralph Johnson til verda i Los Angeles i California. Trommeslagaren og sjølvforsvarseksperten Johnson slo seg saman med Earth Wind & Fire i 1971 og kan hjå meg høyrast på plata Touch The World frå 1987. I 1958 vart Kirk Pengilly fødd i den australske delstaten Victoria. Saksofonisten Pengilly er best kjend for å spele med det australske rockebandet INXS. Hjå meg høyrer du Pengilly på platene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1963 kom Ute Lemper til verda i tyske Münster. Lemper er best kjend for sine tolkingar av komponisten Kurt Weil, men har også tolka rolla som Marlene Dietrich og ei rekkje andre kabaretrollar. Mi platesamling byr på studioplata Illutions frå 1992. I California vart Stryper-frontman Michael Sweet fødd. Sweet kan i mi platesamling høyrast på plata To Hell With The Devil, som vart tilgjengeleg i platehyllene i 1986. I 1966 slepte Bob Dylan plata Blonde On Blonde. I 1970, det var vist nok ein laurdag, spelte Jimi Hendrix på Atlanta Pop Festival. Stone Free og Fire vart spela inn på åtte spor framfor firehundretusen betalande publikummarar og kan høyrast på samleplata Cornerstones frå 1990. I 1972 kom William Goldsmith til verda i regnfulle Seattle i Washington. Trommeslagaren Goldsmith var innom Foo Fighters akkurat lenge nok til at han er kreditert for å tromme eit par taktar på plata The Colour And The Shape frå 1997. I 1986 var Toy Dolls i Graz for å spele på Graz Club. I 1992 døyde Joe Newman. I 1994 gav elektronicapønkarane i Prodigy ut plata Music For The Jilted Generation. I 1995 platedebuterte Foo Fighters med ei plate som hadde det same spanandes namnet som bandet. I 2003 døyde Barry White. I 2006 kom den posthume Johnny Cash-plata American V: A Hundred Highways. I 2012 døyde Lawrence Marable.

03.07.2015

Tredje juli

Tredje juli 1962 var Count Basie i studio og festa I Got It Bad (And That Ain’t Good) til platerullane, solist var Eric Dixon på tenorsaksofon. Resultatet høyrer du på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1964 gav The High Numbers ut sin fyrste singel I’m The Face. Songen var innspelt i Fontana Studios i London i juni same året. Gruppa vart seinare kjend som mod-ikona The Who og tok låten frå fyrste halvleik av sektstitalet med når dei slepte samleplata Odds & Sods i 1974. I 1969 vart Kevin Neil Hearn fødd i Grimsby i kanadiske Ontario. Tangentmannen Kevin Hearn slo seg saman med Barenaked Ladies i 1995 og kan i mi platehylle høyrast medan bandet hjelp Tom Jones med hans versjon av ein av deira songar på plata Reload frå 1999. I 1971 vart Jim Morrison funnen daud i eit badekar i Paris. I 1975 kom Javier Andrés Weyler til verda i Buenos Aires i Argentina. Trommisen Javier Weyler overtok trommestolen i Stereophonics etter Stuart Cable og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Language. Sex. Drugs. Other? frå 2005. Weyler gav frå seg trommestolen i bandet i 2012 og gjev i dag ut plater under aliaset Captain Melao. I 2001 slepte duoen The White Stripes plata White Blood Cells, som var deira tredje studioplate og den siste på eit uavhengig plateselskap. Produsent var frontmann Jack White. I 2006 slepte Muse si fjerde studioplate, Black Holes And Revelations, på den engelske marknaden. Dette fungerar som offisiell sleppdato sjølv om plata allereie hadde vore tilgjengeleg ei vekes tid i Japan. I 2007 døyde Boots Randolph.

02.07.2015

Andre juli

Andre juli 1927 vart Lee Allen fødd Pittsburg i Kansas. Saksofonisten Allen var ein del av den amerikanske jazzscena på femtitalet, og han har spelt inn plater med Fats Domino og Little Richard. I mi platehylle kan Allen sitt saksofonspel høyrast på Stray Cats si plate Gonna Ball frå 1981. Allen døyde i 1994. I 1932 kom Bobby Ellis til verda i Kingston på reggeaøya Jamaica. Trompetisten Ellis yt sitt bidrag til mi platehylle på utvalde spor på samleplatene The Toughest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999), begge slept av dødsbuet etter Peter Tosh. I 1937 kom David Victor Palmer til verda i London. David Palmer spelte keyboard i Jethro Tull frå 1976 og kan hjå meg høyrast på platene Heavy Horses frå 1978 og samleplata Nightcap som er spela inn over fleire periodar på 1970-talet, men som ikkje kom på marknaden før i 1993. Palmer er i tillegg kreditert for orkesterarrangementa på ei rekkje Jethro Tull plater frå 1970-talet. Palmer har sidan skifta kjønn og går i dag under namnet Dee Palmer. I 1949 vart Roy J. Bittan fødd i Rockaway Beach i Queens i New York City. Roy «The Professor» Bittan er merittert tangentmann i Bruce Springsteen sitt E Street Band, i tillegg til høgt skatta studiomusikar for ei rekkje store artistar. Hjå meg kan Bittan høyrast på platene Bat Out Of Hell, som var Meat Loaf sitt bidrag til platehyllene i 1977, og The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. Bittan er også kreditert for å spele ulike tangentinstrument på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998. I 1950 vart Duncan Mackay fødd i den tidlegare så stolte engelske fotballbyen Leeds. Mackay spelar i mi platehylle keyboard på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978, og horn på Tina Turner si plate Twenty Four Seven frå 1999, han er i tillegg kreditert som gjest på Prima Scream si plate XTRMNTR frå 2000. I 1953 vart Mark Hart fødd i Fort Scott, det er i den amerikanske delstaten Kansas. Hart har vore innom britiske Supertramp, men hjå meg kan han høyrast på Crowded House si plate Together Alone frå 1993. I 1956 fekk Elvis Presley hjelp av The Jordanaires til å spele inn Don’t Be Cruel og Hound Dog. I 1958 vart Andrew Michael Saidenberg fødd i New York City. Komponisten og musikkprodusenten Andy Marvel er i mi platehylle kreditert for å spele både trommer og ulike tangentinstrument på Diana King si plate Tougher Than Love frå 1995. I 1962 vart David R. Ferguson fødd i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Countrymusikaren Ferguson er best kjend som studioteknikar, men er i mi platehylle kreditert for noko så eksotisk som ukulelespel på Johnny Cash si plate American IV: The Man Comes Around frå 2002. I 1965 kom Ulf Ivarsson til verda i svenske Gävle. Bassisten Ivarsson kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Thåström på hans sjette soloplate Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1979 gav Neil Young & Crazy Horse ut plata Rust Never Sleeps. Plata hadde ei akustisk og ei elektrisk side då vinylutgåva kom på marknaden. I dag får ein alt på ei side i digitalt format. I 1982 fekk dei frammøtte sjå at Toy Dolls heldt hus i Civic Hall i Gosforth. I 1983 kom singelen The Trooper frå Iron Maiden på marknaden, meisterverket nådde tolvteplass på listene. I Newbottle kunne Toy Dolls høyrast i Working Mans Club. I 1985 kom Gunnhild Eide Sundli til verda på Orkdal. Songaren Gunnhild Sundli hadde vokalrolla i Gåte og kan hjå meg høyrast på plata Iselilja frå 2004. I 2002 døyde Ray Brown. I 2008 døyde Natasha Shneider.

01.07.2015

Fyrste juli

Fyrste juli 1908 kom Alvin McBurney til verda i Oakland i California. Mannen som gjerne vert omtala som Steel-Guitarens far opptrådde under artisnamnet Alvino Rey og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på Elvis Presley si posthume samleplate 30#1 Hits frå 2002. Rey døyde i 2004. I 1935 vart James Cotton fødd i Tunica i bluesdelstaten Mississippi. Cotton sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar munnspel på Janis Joplin sin eks-kjæraste, gitarhelten Johnny Winter si åttande studioplate Nothin’ But The Blues frå 1977. I 1945 kom Deborah Ann Harry til verda i den solrike pensjonistbyen Miami i pensjoniststaten Florida. Songarinna og superblondina Debbie Harry er best kjend som vokalist i det amerikanske New Wave/Punk-bandet Blondie, men etter som eg er ein gut med røter på landsbygda, er eg naiv nok til at eg har svidd mine pengar på soloplata Rockbird frå 1986. Denne plata står nok som ein parentes i karrieren hennar, og i platehylla mi, diverre. Men etter at eg høglydt har lova å kjøpe Blondie-plater ei stund er det med glede eg no kan melde at Parallel Lines (1978) med klassikarar som Picture This og Heart Of Glas endeleg er på plass i hylla, i tillegg til den etterlengta attforeiningsplata No Exit frå 1999. I 1951 vart ein annan markant skapning i platesamlinga mi, Frederick William Schneider III, fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Fred Schneider er ein av frontfigurane i det Athens, Georgia baserte New Wave bandet B52s, som han var med å starte i 1976. Schneider kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Wild Planet (1980), Cosmic Thing (1989) og Good Stuff, som kom på marknaden i 1992, i tillegg til samleplata Dance This Mess Around frå 1990. I 1952 kom Daniel Edward Aykroyd til verda i den kanadiske hovudstaden Ottawa. Skodespelaren Dan Aykroyd er best kjend for ting han har gjort framfor og bak kamera i eit utal meir eller mindre vellukka komediar, men har fått plass i denne bloggen for arbeidet han gjorde med kultfilmen og –bandet The Blues Brothers. Aykroyd kan i mi platehylle høyrast som Elwood Blues på konsertplata Breiefcase Full Of Blues frå 1978. I Shreveport i Louisiana vart Leon Chancler fødd. Perkusjonisten Ndugu Chancler kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på eit spor på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1963 vart Roswell Christopher Bottum III fødd i Los Angeles i California. Tangentmannen Roddy Bottum sitt arbeid er i mi platehylle å finne på Faith No More sine studioplater Angel Dust (1992) og Album Of The Year frå 1997. I 1964 var dette andre og siste innspelingsdag av John Coltrane Quartet si plate Cresent. I 1970 kom Francis Griffiths til verda i engelske Liverpool. Tangentmannen Franny Griffiths har ei fortid i Space og kan i mi platehylle høyrast på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1971 kom Melissa Arnette Elliot til verda i Portsmouth i Virginia. Missy ”Misdemeanor” Elliot har markert seg i fleire delar av underhaldningsindustrien og kan i mi platesamling høyrast på plata Miss E...So Addictive frå 2001. Fredag fyrste juli 1977 var Ramones på Kelly’s Pub i St. Paul, Minnesota. Dei som løyste billett til denne hendinga betalte $4 og fekk sjå Berlin & The Suicide Commandos varme opp for dei skinnkledde New York-rockarane. I 1981 døyde Rushton Moreve. I 1983 spelte Toy Dolls i levande live på Dingwalls i Sheffield. I 2013 døyde Rolf Graf.