01.07.2015

Fyrste juli

Fyrste juli 1908 kom Alvin McBurney til verda i Oakland i California. Mannen som gjerne vert omtala som Steel-Guitarens far opptrådde under artisnamnet Alvino Rey og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på Elvis Presley si posthume samleplate 30#1 Hits frå 2002. Rey døyde i 2004. I 1935 vart James Cotton fødd i Tunica i bluesdelstaten Mississippi. Cotton sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar munnspel på Janis Joplin sin eks-kjæraste, gitarhelten Johnny Winter si åttande studioplate Nothin’ But The Blues frå 1977. I 1945 kom Deborah Ann Harry til verda i den solrike pensjonistbyen Miami i pensjoniststaten Florida. Songarinna og superblondina Debbie Harry er best kjend som vokalist i det amerikanske New Wave/Punk-bandet Blondie, men etter som eg er ein gut med røter på landsbygda, er eg naiv nok til at eg har svidd mine pengar på soloplata Rockbird frå 1986. Denne plata står nok som ein parentes i karrieren hennar, og i platehylla mi, diverre. Men etter at eg høglydt har lova å kjøpe Blondie-plater ei stund er det med glede eg no kan melde at Parallel Lines (1978) med klassikarar som Picture This og Heart Of Glas endeleg er på plass i hylla, i tillegg til den etterlengta attforeiningsplata No Exit frå 1999. I 1951 vart ein annan markant skapning i platesamlinga mi, Frederick William Schneider III, fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Fred Schneider er ein av frontfigurane i det Athens, Georgia baserte New Wave bandet B52s, som han var med å starte i 1976. Schneider kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Wild Planet (1980), Cosmic Thing (1989) og Good Stuff, som kom på marknaden i 1992, i tillegg til samleplata Dance This Mess Around frå 1990. I 1952 kom Daniel Edward Aykroyd til verda i den kanadiske hovudstaden Ottawa. Skodespelaren Dan Aykroyd er best kjend for ting han har gjort framfor og bak kamera i eit utal meir eller mindre vellukka komediar, men har fått plass i denne bloggen for arbeidet han gjorde med kultfilmen og –bandet The Blues Brothers. Aykroyd kan i mi platehylle høyrast som Elwood Blues på konsertplata Breiefcase Full Of Blues frå 1978. I Shreveport i Louisiana vart Leon Chancler fødd. Perkusjonisten Ndugu Chancler kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på eit spor på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1963 vart Roswell Christopher Bottum III fødd i Los Angeles i California. Tangentmannen Roddy Bottum sitt arbeid er i mi platehylle å finne på Faith No More sine studioplater Angel Dust (1992) og Album Of The Year frå 1997. I 1964 var dette andre og siste innspelingsdag av John Coltrane Quartet si plate Cresent. I 1970 kom Francis Griffiths til verda i engelske Liverpool. Tangentmannen Franny Griffiths har ei fortid i Space og kan i mi platehylle høyrast på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1971 kom Melissa Arnette Elliot til verda i Portsmouth i Virginia. Missy ”Misdemeanor” Elliot har markert seg i fleire delar av underhaldningsindustrien og kan i mi platesamling høyrast på plata Miss E...So Addictive frå 2001. Fredag fyrste juli 1977 var Ramones på Kelly’s Pub i St. Paul, Minnesota. Dei som løyste billett til denne hendinga betalte $4 og fekk sjå Berlin & The Suicide Commandos varme opp for dei skinnkledde New York-rockarane. I 1981 døyde Rushton Moreve. I 1983 spelte Toy Dolls i levande live på Dingwalls i Sheffield. I 2013 døyde Rolf Graf.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar