30.06.2015

Trettiande juni

Trettiande juni 1949 vart Andrew David Scott fødd i Wrexham i Wales. Gitaristen Andy Scott var gitarist i Sweet og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Sweet, som kom på marknaden i 1997. I 1951 kom Steven Charles Waller til verda i London. Gitaristen Steve Waller spelte i Manfred Mann’s Earth Band frå 1979 til 1983 og hjå meg høyrer du han på utvalde spor på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som kom på marknaden i 1999. I 1957 vart Trond Berg fødd. Gitaristen Berg gjorde teneste i C C Cowboys frå 1989 til 1996 og spelte på bandet sine fem fyrste plater. Hjå meg kan Berg høyrast på samleplata Ekko CC Cowboys Beste frå 1998. I 1962 kom Lars Lillos Stenberg til verda i Oslo. Mannen har, i tillegg til å skrive tekst og melodi til dei fleste songane, også lånt namnet sitt til eit av dei mest markante banda i Noreg dei siste tretti åra, de Lillos. Mi platehylle inneheld følgjande sju meisterverk frå de Lillos: Suser Avgårde (1986), Før Var Det Morsomt Med Sne (1987), Hjernen Er Alene (1989), Svett Smil (1990), Varme Mennesker (1991), Neste Sommer (1993) og Kast Alle Papirene (1999). I 1964 vart Roger Miret fødd på Cuba. Agnostic Front-frontmannen Miret høyrer du hjå meg som hjelpevokalist på Rancid si plate Life Won’t Wait som kom på marknaden på Miret sin trettifireårsdag i 1998. I 1967 gav The Who ut sin versjon av Rolling Stones-låta Under My Thumb. Innspelinga var meint som støtte for dei to låtskrivarane Jagger og Richards som var fengsla for bruk av ulovlege narkotiske substansar. I 1975 slepte Uriah Heep si åttande studioplate, Return To Fantasy. I 1977 gav Kiss ut plata Love Gun og fekk, som fyrste gruppe nokon sinne, fire plater inne på Record World si topp 100 liste. Utgjevinga samanfall også med at teikneseriegiganten Marvel gav ut den fyrste Kiss-teikneserieboka, som selde i meir enn åtte hundre tusen eksemplar. I 1986 kom Madonna si tredje studioplate, True Blue. Plata skal ha toppa platelistene i så mykje som tjueåtte land over heile verda, noko som må seiast å vere ein grei prestasjon. I 1997 gav Prodigy ut plata The Fat Of The Land, som inneheldt superhitten Smack My Bitch Up. I 1998 slepte Lucinda Williams plata Car Wheels On A Gravel Road. Plata der countrydronninga Emmylou Harris hjelpte til på vokalen vart Williams si gjennombrottsplate og sikra ho ein stor plass i countrymiljøet. Same dag kom Rancid si plate Life Won’t Wait på marknaden. Plata var bandet si fjerde studioplate, og den siste dei gav ut på Epitaph Records.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar