21.06.2015

Tjuande juni

Tjuande juni 1924 vart Chester Burton Atkins fødd i Luttrell i Tennessee. Gitaristen Chet Atkins gjorde seg merkt for den spesielle spillestilen sitn og gjorde ei rekkje instrumeltalhits på seksti- og syttitalet. Hjå meg kan Atkins sitt glitrande gitarspel høyrast på utvalde spor på Elvis Presley si samleplate 30 #1 Hits, som kom på marknaden i 2002. I 1928 kom Eric Allan Dolphy til verda i den solrike storbyen Los Angeles i California. Saksofonisten Eric Dolphy gjorde seg merkt på den amerikanske jazzscena på femti- og fyrste halvleik av sekstitalet og kan hjå meg høyrast på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1962, og på konsertplata Live At Birdland – 1962, som kom på marknaden i 1963. Dolphy døyde i 1964. I 1939 vart Robert Neuwirth fødd i Akron i Ohio. På sekstitalet var songaren Bob Neuwirth ein del av sirkelen rundt Bob Dylan, han har gjeve ut fleire plater på eiga hand og han har samarbeidd med John Cale. Hjå meg kan Neuwirth si røyst høyrast på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3, som Bob Dylan slepte i 1992. I 1942 vart verdas fremste strandgut, Brian Douglas Wilson, fødd i Inglewood i solrike California. Brian Wilson er kjend som komponist og bassist i Beach Boys og når sant skal seiast var han mannen bak både songane, dei flotte vokalharmoniane og den fantastiske sounden. I tillegg til eit par Beach Boys-samleplater av varierande kvalitet er eg så heldig at eg også eig studioplata 15 Big Ones (1976), samt to av Wilson sine soloplater, Pet Sounds Live frå 2002, og Presents Smile, som vart slept i 2004. Det er berre å konkludere med at sjølv om mykje av stoffet er gamalt, held det seg fantastisk bra og er vel verdt å lytte til også i dag. I 1948 kom Alan Longmuir til verda i Edinburgh. Longmuir spelte bass i bandet Bay City Rollers, eit band han, saman med broren Derek, var med å starte i 1966. Hjå meg kan Longmuir høyrast på samleplata The Magic Collection. I 1949 vart Robert Charles Andrews fødd i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. Gitaristen Bob Andrews har ei fortid i eit av verdas mest undervurderte band, Brinsley Schwarz, og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Carlene Carter på utvalde spor på dobbel plate som inneheld studioplatene Two Sides To Every Woman og Musical Shapes. I 1968 vart Eric Dwayne Collins fødd i Long Beach i California. Raparen RBX kan i mi platehylle høyrast med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000, samt på Paid Tha Cost To Be Da Boss, som Snoop Dog slepte I 2002. I 1971 kom Jeordie Osbourne White til verda i Coral Springs i pensjoniststaten Florida. Bassisten og gitaristen Twiggy Ramirez spelar for Marilyn Manson, rett nok med eit opphald i perioden 2002 til 2008, men kan hjå meg høyrast på studioplata Mechanical Animals (1998), og konsertplata The Last Tour On Earth frå 1999. I 1973 var The Who i Ronnie Lane sitt mobile studio og spelte inn We Close Tonight. Songen var meint for filmen/plata Quadrophenia, men enda ei stund opp som eit uutgjeve spor, før det enda opp på samleplata Odds & Sods i 1974. I 1975 gav ein ung og aktiv Neil Young ut plata Tonight’s The Night. Plata bestod av opptak som var spela inn så lenge som to år tidlegare. I 1979 kom Charlotte Franklin Hatherley til verda i London. Gitaristen Charlotte Hatherley kan hjå meg høyrast på Ep-en Sometimes (2002) frå tida ho tenestegjorde i bandet Ash. I 1980 vart levande versjonar av Fire Lake og Night Moves spela inn i Cobo Hall i Detroit i Michigan. Artistar var Bob Seger & The Silver Bullet Band og musikken kan høyrast på konsertplata Nine Tonight som kom ut i april året etter. I 2000 slepte Madball plata Hold It Down. I 2003 vitja Angus og Malcolm Young dei aldrande rockarane i Rolling Stones på scena i tyske Leipzig. Opptaket frå rocken si geriatriavdeling nådde aldri fjernsynsskjermane, men trufaste fans kan nyte det på DVD-samlinga Plug Me In. I 2006 døyde Clydes Smith.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar