03.06.2015

Fyrste juni

Fyrste juni 1924 vart trommeslagaren Herbie Lovelle fødd. Taktfaste Lovelle var aktiv sidan siste halvleik av førtitalet og handterte fleire sjangrar innom populærmusikken. Lovelle kan hjå meg høyrast i bakgrunnen av Bob Dylan si hese røyst på studioplata The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Lovelle døyde i 2009. I 1926 kom Norma Jeane Mortenson til verda i Los Angeles i California. Modellen og skodespelarinna Marilyn Monroe tok verda med storm i tidene rundt slutten av andre verdskrigen og det heile toppa seg med rykta om ein romanse med president John F. Kennedy. Det er ikkje tvil om at det var modell- og skodespelarkarriera hennar som, med rette, har farga ettermælet hennar mest, men dama song også. Hjå meg finn du den sjarmerande, men ujamne samleplata Golden Hits. Marilyn Monroe døyde i 1962. I 1947 kom Ronald David Wood til verda i engelske Hillingdon. Den noverande Rolling Stones-gitaristen Ron Wood, som er ein like god kunstmålar som gitarist, har ei fortid i Jeff Beck Group og Faces og var ein godt etablert musikar før han slo seg saman med resten av styggingane i Stones, som har lurt samleplata Jump Back – The Best Of The Rolling Stones (1993) inn i mi platehylle. Wood rakk også å eit samarbeid med Rod Stewart tidleg på syttitalet, der han spelar alle slags instrument forutan mandolin, og det er i den rolla han kan høyrast i mi platesamling på studioplata Smiler frå 1974, og på samleplata The Mercury Anthology (1992). Wood var også ein viktig del av The Faces, mi platehylle byr på Long Player frå 1971, og har i tillegg gjeve ut fleire soloplater. Platene på mi hylle dokumenterar at Wood også skal ha lånt ut tenestene sine til Aretha Franklin på hennar studioplate Aretha (1980), og til Bob Dylan på hans tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981. I 1950 kom Tom Robinson til verda i den engelske universitetsbyen Cambridge. Tom Robinson har gjort seg merkt som låtskrivar, bassist og vokalist i Tom Robinson Band, som herja listene med songar som 2-4-6-8 Motorway og Glad To Be Gay på syttitalet. I dag er det platepratar som er Robinson sin profesjon. Hjå meg kan Robinson høyrast på den doble plata Cabaret ’79: Glad To Be Gay/The Last Tango. I 1953 vart Rob Walkenhors fødd i Norborn i Missouri. Gitaristen og songaren Walkenhorst er best kjend som frontman i The Rainmakers, som leverte eit par bra plater på overgangen mellom åtti- og nittitalet, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene The Rainmakers (1986), Tornado (1988) og The Good News And The Bad News (1989), i tillegg til konsertplata Oslo – Wichita Live (1990). Walkenhorst kan også høyrast på plata No Abandon (2009), som han slepte saman med Jeff Porter. I 1958 vart Michael Landau fødd i Los Angeles i California. Hjå meg høyrer du gitaristen Landau sitt arbeid på Miles Davis si plate Amandla frå 1989, plata Some People’s Lives, som var Bette Midler sitt bidrag til populærkulturen i 1990, Jagged Little Pill, som Alanis Morissette slepte i 1995, og på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997. I 1959 vart Alan Charles Wilder fødd i London. Alan Wilder var ei tid innom Depeche Mode og kan hjå meg høyrast på plata Music For The Masses frå 1985. I 1960 kom Simon Jonathon Gallup til verda i Surrey i England. Bassisten Simon Gallup slo seg saman med Robert Smith og The Cure i 1979 og er den av Smith sine disiplar som har holdt ut lengst i bandet. Hjå meg høyrer du Gallup på platen Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me frå 1987, Disintegration (1989) og Wild Mood Swings, som kom på marknaden i 1996. I 1963 vart Michael Joyce fødd i engelske Fallowfield. Trommisen Mike Joyce heldt takten for The Smiths og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Meat Is Murder (1985) og Strangeways, Here We Come frå 1987, i tillegg til samleplata Louder Than Bombs frå 1987. I 1969 kom Damon Minchella til verda i engelske Ince-in-Makerfield, det ligg i Lancashire. Bassisten Minchella spelar til dagleg i The Players, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Dr. John (Anutha Zone, 1998) og Paul Weller (Studio 150, 2004). I 1974 kom Alanis Nadine Morissette til verda i den kanadiske hovudstaden Ottawa. Songerinna Alanis Morissette har seld meir enn seksti millionar plater verda over, og hausta sju Grammy-statuettar, vidare presentasjon er ikkje naudsynt. Hjå meg finn du studioplatene Jagged Little Pill (1995), Supposed Former Infatuation Junkie (1998), Under Rug Swept (2002) og So-Called Chaos (2004). I 1979 kom det offisielle lydsporet til filmen Rock’n Roll High School der Ramones hadde med ein song med same namn. Låten vart spela inn i november året før i Cherokee Recording Studios, Los Angeles, California USA og produsent var Ed Stasium. Året etter, 1980, stod Toy Dolls for underhaldninga på The Bell i Hordon. I 1981 vart Brandi Carlile fødd i Ravensdale i den amerikanske delstaten Washington. Den erklerte lesbiske folkrockaren Carlile syng bakgrunnsvokal for like lesbiske Melissa Etheridge på plata Lucky frå 2004. Same kveld var Toy Dolls på plass i Old Twenty Nine Club i Sunderland. I 1982 slepte The Clash singelen Rock The Casbah, som berre klatra til ein trettiandeplass på dei britiske singellistene. Ni år seinare, i 1991 vart singelen relansert, denne gongen med ein femtandeplass som høgaste plassering. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på Brannigans i Leeds. I 1998 slepte Barry Adamson plata As Abowe So Below. I 2008 spelte Kiss på Koengen i Bergen, ein konsert underteikna, saman med nærare tjue tusen andre storfornøgde bergensarar, var tilstades på. Perle etter perle frå den fyrste konsertplata kom som jordbær på eit strå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar