03.06.2015

Tredje juni

Tredje juni 1926 vart Allen Ginsberg fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Beatpoeten Allen Ginsberg sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på The Clash si plate Combat Rock frå 1982, der han er kreditert for bakgrunnsvokal på songen Ghetto Defendant. Ginsberg døyde i 1997. I 1927 kom Homer Louis Randolph III til verda i Paducah i Kentucky. Saksofonisten Boots Randolph var mannen som spelte kjenningsmelodien til Benny Hill Show, og kan skilte med namn som Elvis Presley og Chet Atkins på ein lang og imponerande CV, men i mi platehylle er det på Johnny Cash si plate Orange Blossom Special frå 1965 dei leikne tonane frå saksofonen hans kan høyrast. Randolph er også kreditert for saksofonspel på utvalde spor på samleplata Elvis 30 #1 Hits, som dødsbuet etter Elvis Presley slepte i 2002. Randolph døyde i 2007. I 1939 vart Ian Hunter Patterson fødd i Oswestry i engelske Shropshire. Ian Hunter var vokalist, gitarist og pianist i det kritikarroste engelske glamrockbandet Mott The Hoople, i tillegg til at han har gjeve ut ei rekkje soloplater av høg kvalitet. I tillegg til eiga musikarkarriere, har Hunter produsert plater for ei rekkje andre artistar, som mellom anna Billy Idol sitt band, Generation X. Fyrste Ian Hunter-songen eg høyrde var konsertversjonen av Irene Wild frå konsertplata Welcome To The Club frå 1980, eg var hekta, og i 1989 var eg heldig og fekk sjå Hunter saman med kompisen, supergitaristen Mick Ronson på Maxime i Bergen. Hjå meg høyrer du Ian Hunter på Mott The Hoople sine plater Wildlife (1971), All The Young Dudes (1972), Mott (1973) og The Hoople (1974), i tillegg til soloplatene Ian Hunter (1975) og All American Alien Boy (1976), samleplatene Shades Of Ian Hunter og The Very Best Of Ian Hunter, og konsertplata Welcome To The Club (1980). I 1946 kom Michael James Dick til verda i Spokane i Washington. Trommeslagaren Michael Clarke er best kjend for arbeidet han gjorde med The Byrds, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. Clarke døyde av ei stadig skrumpande lever i 1993. I 1950 kom Susan Kay Quatro til verda i den ein gong så stolte bilbyen Detroit ved Lake Michigan sine bredder. Suzi Quatro har utvilsamt vore med å forme mitt forhold til både lærkledde damer og kvinnelege bassistar, og eg er framleis vonbroten av at ho valgte å legge musikken på hylla for ei skodespelarkarriere. Heime hjå meg er dei største slagarane Quatro produserte på syttitalet samla på samleplata The Wild One The Greatest Hits frå 1990. Trommeslagaren Knut Helge Køningsberg kom også til verda denne dagen. Køningsberg heldt takten for Stavangerensemblet i deira mest blomstrande periode og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ska Det Ver…Så Ska Det Ver (1981) og Knappar Og Glansbilder (1984). I 1952 vart William Norris Powell fødd i Corpus Christi i skytegale Texas. Tangentmannen Billy Powell slo seg saman med sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd i 1970 og kan hjå meg høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997), i tillegg til den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998. Powell døyde i 2009. I 1964 kom Kerry King til verda i storbyen Los Angeles i California. Gitaristen King var med å grunnleggje Slayer i 1981 og spelar med bandet framleis. Hjå meg kan King høyrast på studioplata Christ Illution (2010), i tillegg til den doble konsertplata Decade Of Aggression frå 1991. King kan også høyrast medan han spelar gitarsolo på songen No Sleep ‘Till Brooklyn på Beastie Boys si debutplate Licensed To Ill frå 1986, eit samarbeid som kom i stand fordi dei to banda nytta same produsent, nemleg Rick Rubin. I 1974 vart Kelly Jones fødd i walisiske Cwmaman. Wiskeyrøysta Jones er Stereophonics sin gitarist, låtskrivar og frontmann og kan i mi platehylle nytast på studioplatene Word Gets Around (1997), Just Enough Education To Perform (2001), You Gotta Go There To Come Back (2003) og Language, Sex, Drugs. Other? (2005). Jones er også med når Stereophonics spelar med på Tom Jones sin versjon av Randy Newman sin slagar Mama Told Me Not To Come frå plata Reload, som kom på marknaden i 1999. I 1978 nytta Blondie denne datoen til å spele inn Once I Had A Love (aka The Disco Song). Denne tidlegare uutgjevne perla er å finne som bonuskutt på nyutgjevingar av plata Parallell Lines som opphavleg kom september same år. I 1981 starta Iron Maiden sin fyrste USA-turné i gamblinghovudstaden Las Vegas i den ugjestmilde Nevada-ørkenen. Førti konsertar som oppvarming for Judas Priest venta. I 1990 døyde Richard Sohl. I 1997 gav Faith No More ut si sjette studioplate med den treffande tittelen Album Of The Year. Om plata levde opp til tittelen kan sikkert diskuterast, men som det meste av det andre den galne gjengen spela inn og gav ut, er det absolutt verdt å låne øyret til om ein ikkje har noko anna å høyre på. På vår kant av verda var det Bel Canto som stod for platesleppet denne dagen, deira bidrag fekk tittelen Birds Of Passage. I 2011 døyde Andrew Gold.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar