21.06.2015

Sekstande juni

Sekstande juni 1947 kom Tom Malone til verda på Hawaii. Tom “Bones” Malone spelar dei fleste blåseinstrument, men er best kjend for å spele trombone. Malone er fast medlem av The Blues Brothers og kan i mi platehylle høyrast på plata Breiefcase Full Of Blues (1978) og samleplata Best Of The Blues Brothers (1981). Malone sitt arbeid kan elles høyrast på The Band si plate Islands frå 1977, samt samleplata Hits Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1984. I 1954 vart Doane Ethredge Perry fødd i Mt. Kisco i den amerikanske delstaten New York. Trommeslagaren Doane Perry slo seg saman med Jethro Tull i 1984 og kan i mi platehylle høyrast på plata Catfish Rising frå 1991. I 1960 var Count Basie sitt storband i Capitol Studios i New York og spela inn 9:20 Special, solistar var, i tillegg til Basie sjølv, Frank Wess på altsaksofon, Frank Foster på tenorsaksofon og Joe Newman på trompet. Resultatet finn du på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1963 kom den Ben Granfeldt til verda i den finske hovudstaden Helsinki. Gitaristen Granfeldt er best kjend for samarbeidet med det finske showbandet Leningrad Cowboys og kan i mi platesamling høyrast på platene We Cum From Brooklyn (1992), Live In Provinz (1993), Happy Together (1994) og Go Space, som kom på marknaden i 1996. I 1965 vart Heinz Liljedahl fødd i Sverige. Gitaristen Liljedahl, med ei fortid i Lustans Lakejer, er i mi platehylle kreditert for å syngje hjelpevokal på plata På Hotell, som Bo Kaspers Orkester slepte i 1994, og på Ulf Lundell si plate Män Utan Kvinnor frå 1997. I 1975 var hardarbeidande AC/DC i gang med å spele inn videoar til songane Show Business og Hight Voltage, som begge kan nytast på DVD’en Family Jewels frå 2005. I 1976 vart Cian Ciaran fødd i Bangor i Wales. Cian Ciaran spelar til dagleg tangentar for det walisiske bandet Super Furry Animals og kan i mi platesamling høyrast på studioplata Love Kraft (2005), samt samleplata Songbook The Singles Vol.1 (2004). I 1978 slepte The Clash singelen (White Man) In Hammersmith Palais, som nådde ein trettiandreplass på dei britiske singellistene. I 1980 stod Toy Dolls for underhaldninga på Annabells i Sunderland. Same kveld held Bob Seger & The Silver Bullet Band hus i Cobo Hall i Detroit i Michigan. Frå konserten kan ein høyre Hollywood Nights og Betty Lou’s Getting Out Tonight på konsertplata Nine Tonight som kom ut året etter. I 1997 kom Radiohead med plata OK Computer. I 1998 slepte Grace Jones samleplata Private Life: The Compass Point Sessions, som er ein dobbel CD med det beste frå dei tre platene dama spelte inn i Compass Point Studios på solfylte Bahamas, og Van Morrison nytta dagen til å sleppe ei dobbel samleplata kalla The Philosopher’s Stone, som inneheldt overskottsmateriale frå åra 1969 til 1988. Fiorella Mannoia slepte plata Belle Speranze.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar