06.06.2015

Sjette juni

Sjette juni 1946 vart Anthony Frederick Levine fødd i Boston i Massachusetts. Bassisten Tony Levine er best kjend for å spele i King Crimson, i mi platehylle kan han høyrast medan han yt sitt bidrag til musikksoga på Tom Waits si åttande studioplate, Rain Dogs frå 1985, på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, samt på Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. Levine er også kreditert for basspel på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975, og på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1959 kom James Samuel Harris III til verda i Minneapolis i Minnesota. Nevenyttige Jimmy Jam spelar gjerne med på platene han produserar og hjå meg kan han høyrast med diverse perkusjon, gitar og vokalarbeid på Janet Jackson si plate Janet Jackson Rhythm Nation 1814 frå 1989, i tillegg til at han er kreditert for å spele bass på eit spor på Gwen Stefani si plate Love Music Angel Baby frå 2004. I 1960 vart Steven Siro Vai fødd i Carle Place i delstaten New York. Gitargeniet Steve Vai har seld millionar av plater på eiga hand, hjå meg kan han høyrast på soloplata Passion And Warfare, samt medan han spelar på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1961 kom Tomás Enrique Araya til verda i Viña Mar i California. Tom Araya er best kjend som vokalist og bassist i metallbandet Slayer. Hjå meg finn du Araya sitt arbeid på studioplata Christ Illution (2010), samt den doble konsertplata Decade Of Aggresion frå 1991, som sjølvsagt er kjøpt inn og flittig gjennomhøyrd. Allsidige Araya er i mi platehylle også kreditert for vokalbidrag på songen Iron Gland frå Alice In Chains si plate Dirt, som kom på marknaden i 1992. I 1964 vart Jay Dee Bently fødd i Wichita i Kansas. Bassisten Bentley er ein av grunnleggarane av punkrockbandet Bad Religion, der han var med i perioden 1979 til 1982. Etter ein fire år lang pause kom Bently attende i bandet i 1986, og dette er eit samarbeid som har heldt seg fram i dag. Bentley kan hjå meg høyrast på platene Stranger Than Fiction frå 1994 og No Substance frå 1998. I 1970 kom James Christian Shaffer til verda i Rosedale i California. Gitaristen Munky har vore med i Korn sidan starten i 1993 og hjå meg kan han høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1972 nytta The Who dagen til å produsere ferdig innspelingane av Put The Money Down, som enda opp på samleplata Odds & Sods. I 1978 slepte The Cars den sjølvtitulerte debutplata si og verda låg for føtene deira. I 1979 vart Idar Burheim fødd. Burheim nyttar artistnamnet Archaon når han spelar gitar i 1349, som hjå meg kan høyrast på bandet si femte studioplate Demonoir frå 2010. I 1992 stod dei finske myggjagarkongane Leningrad Cowboys på scenen under Provinssirock i Seinäjoki ute på det finske bondelandet, ein konsert som kan høyrast på den hysterisk morosame plata Live in Provinzz, som var i platehyllene seinare same år. I 2005 slepte Coldplay plata X&Y, som var bandet si fjerde studioplate. I 2006 døyde Billy Preston.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar