11.06.2015

Ellevte juni

Ellevte juni 1920 vart Sheldon Manne fødd i New York City. Jazztrommisen Shelly Manne er arveleg disponert for trommespel, både faren og onkelen var profesjonelle trommeslagarar, og hjå meg kan han høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992, og Tom Waits si studioplate Small Change frå 1976. Manne døyde i 1984. I 1928 kom Bob Gordon til verda i St. Louis i Missouri. I mi platesamling er det plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 som byr på Bob Gordon sitt elegante saksofonspel. Gordon døyde i 1955. I 1939 vart Bernard Lee Purdie fødd i Elkton i Maryland. Trommisen Bernard «Pretty» Purdie er ein ettertrakta studiomusikar som i mi platehylle kan høyrast på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980, og på utvalde spor på James Brown si posthume samleplate The Godfather Of Soul (1998), og The Greatest Hits, som buet etter Nina Simone slepte i 2003. I 1949 vart Frank Lee Beard fødd i Frankston i skytegale Texas. Trommeslagaren Frank Beard har livnært seg ved å halde takten i den Texas-baserte bluesrocktrioen ZZ Top sidan byrjinga av bandet si karriere, og det vert ofte gjort eit poeng av at han, med det etternamnet han er utstyrt med, er den einaste i trioen som ikkje prydar seg med skjegg. Beard held i mi platehylle takten på platene Fandango (1975), og Recycler (1990), samt samleplata Viva Las Vegas (1997), så langt, more to come. I 1953 kom Mark Nauseef til verda i Cortland i den amerikanske delstaten New York. Trommeslgaren Nauseef har ei fortid i Elf og Ian Gilland Band, hjå meg kan han høyrast medan han held takten på sporet Gino på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1957 spurde Elvis Presley pent om å få vere einkvan sin Teddy Bear, kva svar han fekk er ikkje kjend for meg, men plata promoterte den godaste Elvis sin andre langspelfilm, Loving You, og selde ei mengd teddybjørnar. Singelen var nummer ein i sju veker i USA, men stogga på ein fin tredjeplass i England. I 1958 kom Barry Adamson til verda i engelske Manchester. Bassisten Adamson har gjeve ut ei rekkje soloplater, mellom anna As Above, So Below frå 1998, som er det bidraget han har ytt til mi platehylle under eige namn. Ettertrakta Adamson har i tillegg arbeida med verdsstjernene i Depeche Mode og kan hjå meg høyrast medan han spelar for The Buzzcocks på samleplata Singles Going Steady, med australske The Birthday Party på plata Junkyard frå 1982, og for Nick Cave And The Bad Seeds på plata From Here To Eternity frå 1984. I 1960 vart Nick Hallam fødd i engelske Nottingham. Hallam er kjend som The Head i electronicabandet Stereo MC’s, og kan i mi platehylle høyrast på den kritikarroste plata Deep Down & Dirty frå 2001. I 1961 kom Robert Charles Birch til verda i engelske Ruddington. Rob Birch kallar seg Rob B når han opptrer som vokalist i Stereo MC’s og kan i mi platehylle høyrast på plata Deep Down & Dirty frå 2001. I 1963 vart Hans Olav Sola Jonsen fødd. Trommeslagaren Sola Jonsen held stødig takt for DumDum Boys og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 1969 vart Steven Gregory Drozd fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Multiinstrumentalisten Steven Drozd fekk jobben som trommeslagar i The Flaming Lips i 1991, men har i dag overtatt jobben som gitarist i same bandet og hjå meg høyrer du arbeidet hans på studioplata At War With The Mystics frå 2006. I 1974 kom Frode Jacobsen til verda på hurtigrutestoppet Stokmarknes. Bassisten Jacobsen er ein av grunnleggjarane av Madrugada og kan i mi platehylle høyrast på platene Industrial Scilence (1989), The Nightly Disease, Grit (2002) og The Deep End, samt konsertplata Live At Trafalmadore. I 1983 slepte Dio debutplata Holy Diver i England, ein snau månad etter at amerikanarane fekk høve til å kjøpe produktet. I 1988 var Toy Dolls del av underhaldningsprogrammet på Lisieux Festival. I 1991 gav sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd ut plata Lynyrd Skynyrd 1991, dette var dei langhåra sørstatsrockarane si sjette studioplate. I 2001 gav Travis ut plata The Invisible Band. I 2002 gav Brian Wilson ut det etterlengta Pet Sounds Live-albumet som var spelt inn i London i januar same år. I 2007 slepte Turbonegro plata Retox.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar