21.06.2015

Attande juni

Attande juni 1942 kom James Paul McCartney til verda i den engelske hamnebyen Liverpool. Alle platesamlingar treng bidrag frå Sir Paul si tid i Beatles, og tida som soloartist, og begge delar er sjølvsagt på plass, samleplata Anthology I (1995) og studioplata Flaming Pie (1997). Enno manglar nokre spor frå tida i Wings, men gje tol, det kjem. McCartney er også kreditert for vokalhjelp på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. I Brooklyn i New York City vart Richard Perry fødd. Plateprodusenten Perry er i mi platehylle kreditert for å spele perkusjon på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. I 1950 vart Rod de’Ath fødd i Wales. Trommeslagaren de’Ath spelte med Rory Gallagher frå 1972 til 1978 og hjå meg høyrer du hans taktfaste bidrag på plata Calling Card frå 1976, samt på samleplata Big Guns – The Very Best Of Rory Gallagher, som kom på marknaden i 1995. I 1955 kom Björn Henrik Curt Tollin til verda i svenske Jönköpings Sofia Församling i Värmland. Perkusjonisten Björn Tollin er ein av grunnleggjarane av Hedningarna, men sa tak for seg i bandet i 2000. Hjå meg kan Tollin sitt trommespel høyrast på studioplatene Trä (1994), Hippjokk (1997) og Karelia Visa (1999). I 1960 kom Aaron West Arkeen til verda i franske Neuilly-sur-Seine. West Arkeen voks opp i stillehavsbyen San Diego, men byrja å markere seg i musikkbransjen då han flytta til Los Angeles og byrja skrive songar saman med gutta i Guns ‘N Roses. Hjå meg kan West Arkeen høyrast medan han held takten på fire spor på Guns ‘N Roses plata Lies (1988), og med gitarspel på eitt spor på studioplata Use Your Illution I frå 1991. West Arkeen døyde av ein overdose av narkotiske stoff i 1997. I 1961 vart Richard Alfonso Martinez fødd i California. Oz Fox er gitarist i et grusome kristenrock-bandet Stryper, og kan hjå meg høyrast på plata To Hell With The Devil frå 1986. I 1963 kom Darren Arthur Reed til verda i Hinsdale i Illinois. Tangentmannen Dizzy Reed spelar til dagleg i Guns ‘N Roses og i mi platehylle kan han høyrast på platene Use Your Illution I og II (begge 1991), i tillegg til The Spaghetti Incident frå 1993. Same dag påstod Elvis Presley at (You’re The) Devil In Disguise. Påstanden gav han ei veke på toppen av lista i England, listemakarane i USA bydde på ein tredjeplass. I 1969 var dette ein særs produktiv dag for trioen Grand Funk Railroad, som var i Cleavland Recording Company sitt studio og spelte inn Are You Ready, Anybody’s Answer, Time Machine, T.N.U.C og Into The Sun. Alle songane finn ein på plata On Time, som kom på marknaden seinare same året. I 1970 hadde Cry Of Love Band med Jimi Hendrix i spissen Electric Ladyland Studios for seg sjølv og heldt fram med innspelinga av Freedom. I 1976 gav Led Zeppelin ut singelen Candy Store Rock frå plata Precense. På B-sida kunne kjøparane høyre Royal Oreleans og begge songane var kreditert heile bandet. I 1984 gav alltid like muntre og lettsinna Nick Cave & And The Bad Seeds ut plata From Here To Eternity. I 1996 gav den irriterande dyktige samplaren Beck ut det kritikarroste studioalbumet Odelay, som seinare vart kåra til årets album av det kjende musikkmagasinet Rolling Stone. I 1998 døyde gitaristen Bucky Meadows, som i mi platehylle kan høyrast på utvalde spor på samleplata Route 66, som Asleep At The Wheel slepte i 1992. I 2005 var Judas Priest på scenen i Tweeter Centre i Camden, New Jersey. Same dag heldt Green Day fyrste av to konsertar i Milton Keynes National Bowl i England. Den som vil freiste å gjenopplive konserten kan høyre på konsertplata Bullet In A Bible, som kom seinare same året. I 2007 døyde jazzmusikaren Bill Barber. I 2011 døyde Clarence Clemons.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar