09.06.2015

Niande juni

Niande juni 1928 kom Sheldon Kurland til verda i bydelen Brooklyn i New York City. Felespelande Shelly Kurland har stått for strengearrangement for eit utal countryartistar på Nashville-scena og er i mi platehylle kreditert for diverse strengespel på Neil Young si studioplate Comes A Time frå 1978, samt utvalde spor på J.J. Cale si samleplate Classics frå 1999. Kurland døyde i 2010. I 1941 vart Jonathan Douglas Lord fødd i engelske Leicester. Jon Lord er best kjend for å spele tangentar i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Machine Head frå 1972, Burn (1974), Come Taste The Band (1975) og Perfect Stranger (1984), i tillegg til samleplata Power House frå 1977, og konsertplata Nobody’s Perfect frå 1987. Lord døyde i 2012. I 1947 vart Michael Frederic Box fødd aust i London. Gitaristen Mick Box var ein av grunnleggarane av bandet med namn frå ein Dickens-roman, Uriah Heep, og har stått for glitrande gitarspel i alle verdsdelar i meir enn ein mannsalder. Sjølv var eg blant dei utvalde som fekk høyre Box i storform saman med resten av bandet på Maxime i Bergen i 1989. Hjå meg kan du høyre Box på så mange som ti ulike studioplater med det best og viktigaste Uriah Heep har gjort. Lista tel studioplatene Very ‘Eavy Very ‘Umble (1970), Look At Yourself (1971), Salisbury (1971), Demons And Wizards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975), High And Mighty (1976), Fallen Angel (1978), Abiminog (1982) og Raging Silence (1989), samt samleplata Echoes In The Dark, frå 1991. I 1949 kom Andrew Francis Kenneth Monkman til verda i London. Francis Monkman spelar Hammond Orgel for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I 1950 var dette fødselsdagen for Trevor Bolder. Bolder vart fødd i den engelske hamnebyen Kingston upon Hull, og er best kjend for å ha traktert bassen i Uriah Heep, der han i si tid erstatta John Wetton. Bolder kan hjå meg høyrast på platene Fallen Angel, frå 1978 og Raging Silence frå 1989, samt utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark (1991). Bolder si merittliste omfattar også spel med bysbarnet Mick Ronson. Dei spelte saman i bandet The Rats, noko som leia til at Bolder var eit naturleg val då bassen skulle trakterast på Ronson sine soloplater frå fyrste halvleik av 1970-talet. Desse platene står alle høgt på ynskjelista mi. Bolder døyde i 2013. I 1951 kom Peter Gill til verda i den nitriste engelske stålbyen Sheffield. Pete Gill har traktert trommene for fleire store engelske band, som mellom anna Saxon, som i mi platehylle er representert med Wheels Of Steel frå 1980. Gill kan hjå meg også høyrast medan han trufast slår takten på Motörhead si plate Orgasmatron frå 1986, han er i tillegg kreditert for fleire spor på samleplatene No Remorse frå 1984 og From The Vaults (1990). I Los Angeles i California kom James Newton Howard til verda. Hjå meg høyrest Howard sitt tangetspel på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, og på plata The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991. I 1963 vart Gilad Atzmon fødd i den israelske hovudstaden Tel Aviv. Saxofonisten Atzmon kan hjå meg høyrast på Robert Wyatt si ellevte soloplate Comicopera frå 2007. I Owensboro i Kentucky kom John Christopher Depp II til verda. Skodespelaren Johnny Depp er best kjend for å utøve yrket sitt, men hjå meg kan han høyrast medan han lagar rare gitarlydar på eitt spor Shane MacGowan & The Popes si debutplate The Snake frå 1995, og på like mange spor på Oasis si plate Be Here Now frå 1997. I 1970 vart Edmund John Simons fødd i London. Ed Simons er til dagleg halvparten av electronicaduoen The Chemical Brothers og har selt eit utal plater, og hausta fleire Grammynominasjonar. Mi platesamling byr på plata Push The Button frå 2005. I 1981 kom Anoushka Shankar til verda i London. Sitarspelande Shankar er dotter av den avdøyde sitarlegenda Ravi Shankar og kan i mi platehylle høyrast medan ha trakterar sitar på eitt spor på Sting si plate Sacred Love frå 2003. I 1982 kunne ein voksande skare South Shilds-fans ta i mot gutane i Toy Dolls i New Crown. I 1993 bydde brørne Førde og resten av dei muntre musikantane i The Brazz Brothers opp til fest i Grieghallen under dei årlege festspilla i Bergen. Med seg på scenen hadde dei Tatunane frå Tanzania og Hukwe Zawose. Denne konserten kan høyrast på den drivande gode konsertplata Afrobrazz som kom ut seinare same året. I 1998 slepte Grant Lee Buffalo si fjerde studioplate Jubilee. I 2001 slepte Ash singelen Sometimes, som inneheldt totalt sju spor, med andre ord mykje bra musikk for pengane. I 2003 slepte Radiohead si sjette studioplate Hail To The Thief.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar