21.06.2015

Femtande juni

Femtande juni 1937 vart countryartisten Waylon Arnold Jennings fødd i Littlefield i skytegale Texas. Waylon Jennings var kompis med den avdøyde rockelegenda Buddy Holly, og han har meir enn seksti plater på samvitet som soloartist. Jennings var også svirrebror med meir meritterte Johnny Cash då dei levde som country-verdas “Outlaws” på slutten av sekstitalet. Som ein av grunnleggarane av såkalla Outlaw-country var han sjølvskriven medlem då fire stjerner slo seg saman som supergruppa Highwayman, som har lurt samleplata Super Hits inn i mi platehylle, men Jenning er i mi platehylle også representert med soloplata ’Ol Waylon frå 1977. Jennings la opp som artist eit år før han døyde av diabetes i 2003. I 1943 kom Colin Arthur Wood til verda i London. Tangentmannen Colin Wood kan hjå meg høyrast medan han spelar på Uriah Heep si debutplate Very ‘Eavy… Very ‘Umble frå 1970, samt på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som Uriah Heep slepte i 1991. I 1944 vart Eddie Hinton fødd i Tuscaloosa i Alabama. Gitaristen Hinton var ein sentral del av berømte og meritterte Muscle Shoal Rhythm Section i tida frå 1967 til 1971 og spelte elles som studiomusikar for stjerner som Wilson Picket, Elvis Presley og Otis Redding. I mi platehylle finn du Hinton sitt gitarspel på utvalde spor på samlaplata The Very Best Of Aretha Franklin Vol. 1, som Aretha Franklin slepte i 1994. Hinton døyde i 1995. I 1946 kom Neville John Holder til verda i Walsall i engelske Staffordshire. Glamstjerna Noddy Holder gjorde seg merkt for verda som bukseselekledd gitarist og vokalist i Slade og var kjend for å ha ei røyst som kunne få murpussen til å skalle av veggen i lokala han song i. Hjå meg kan Holder høyrast på studioplatene Play It Loud (1970) og Slayed (1972), konsertplatene Slade Alive (1972) og Slade On Stage (1982), samt samleplata The Slade Collection ’81-87. I New Orleans i Louisiana kom Leo Nocentelli til verda. Gitaristen Nocentelli er i mi platehylle kreditert for å spele på eitt spor på den tidlegare The Band-leiaren Robbie Robertson si andre studioplate Storyville frå 1991. I 1947 vart Larry Eaglin Jackson fødd i Gadsden i Alabama. Gitaristen Brother Larry Eaglin Jackson har ei mangslungen karriere innom musikken og kan i mi platesamling høyrast medan han spelar for Arrested Development på plata Zingalamaduni frå 1994. I 1948 vart Dennis Dreith fødd i Glendale i California. Komponisten og fagforeiningsmannen Dreith er i mi platehylle kreditert for å spele saksofon, klarinett og klavinett på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1956 kom Bernie Shaw til verda i Victoria i kanadiske British Columbia. Shaw har sidan 1986 vore vokalist for dei engelske hardrocklegendene Uriah Heep og kan i mi platesamling høyrast på plata Raging Silence frå 1989. I 1957 kom Anders Sjöholm til verda i Klippan i svenske Skåne. Gitaristen Stry Terrarie spelte i Imperiet og kan hjå meg høyrast på studioplata Synd og samleplatene Imperiet og Imperiet Kickar – Singlar 1981-1987 frå 1990. I Honolulu vart Bradley Frank Gillis fødd. Gitaristen Brad Gillis er best kjend for å spele i Night Ranger, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Ozzy Osbourne på konsertplata Speak Of The Devil frå 1982. I 1963 vart Scott Rockenfield fødd i Seattle i Washington. Trommisen Rockenfield var med å starte Queensrÿche og kan i mi platehylle høyrast på debutplata The Warning (1984), og oppfølgjarane Empire (1990) og Hear In The New Frontier frå 1997. I 1965 vart David Alan Rachtman fødd i Los Angeles i California. Fjernsynsverten Rikki Rachtman sitt bidrag til mi platehylle er hjelpevokal på eit spor på Guns ‘N Roses si plate The Spaghetti Incident frå 1993. I 1972 kom Hans Erik Dyvik Husby til verda. Skodespelaren Hank von Helvete har ei fortid som songar i Turboneger og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ass Cobra (1996), Apocalypse Dudes (1998) og Retox (2007). I 1974 vart Øystein Greni fødd i Oslo. Greni er grunnleggjar, gitarist, vokalist og låtskrivar i Bigbang. Hjå meg kan Greni høyrast på studioplatene Clouds Rolling By (2000), Frontside Rock ‘N Roll (2002), Too Much Yang (2007) og Edendale (2009), samt den doble konsertplata Radio Radio TV Sleep frå 2004. I 1975 vart Helge Risa fødd. Risa spelar pumpeorgel og diverse andre instrument i Kaizers Orchestra og kan i mi platehylle nytast på studioplatene Ompa Til Du Dør, Evig Pint (2003) og Violetta Violetta Vol 1 frå 2011. I 1980 fekk Bob Seger-songen The Fire Down Below evig liv etter innspeling under konserten i Cobo Hall i bilbyen Detroit i Michigan. Trufaste Silver Bullet Band stod for musikken. I 1982 døyde Art Pepper. I 1984 spelte Toy Dolls for dei frammøtte i Henderson Hall i Newcastle. I 1989 platedebuterte Nirvana på Sub Pop med produktet Bleach. I 1996 døyde Ella Fitzgerald. I 2007 døyde Richard Bell. I 2010 spelte Rammstein ein fantastisk konsert på Koengen i Bergen. Underteikna var tilstades og fekk sjå og høyre at både lyd og pyroeffektar sat som eit skott. Oppvarmarar var grungeveteranane i Alice In Chains, og Hatebreed, som enno ikkje er på plass i platesamlinga, men som står høgt på ynskjelista. I 2011 var Judas Priest på ny på vitjing i Bergen, denne gongen for å seie eit endeleg farvell til fansen. Konsertarenaen var Edvard Griegs Plass utanfor Grieghallen og konserten var ein ekte slagerparade med så og seie alle dei største høgdepunkta frå ei førti år lang karriere vart spela i eit to timar og eit kvarter langt sett. Vanskeleg å vurdere denne konserten opp mot den i 2008, men eg var sjølvsagt storfornøgd med mykje grom V-gitarlyd og glitrande gitarsoloar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar