24.06.2015

Tjuefjerde juni

Tjuefjerde juni 1944 kom Geoffrey Arnold Beck til verda i Wallington ved London. Gitaristen Jeff Beck si karriere let seg vanskeleg oppsumere på liten plass, men tida med Yardbirds, Jeff Beck Group og ei rekkje andre samarbeidsprosjekt har resultert i uendeleg mykje bra musikk. I mi samling finn ein soloplata Who Else frå 1999. I tillegg kan Beck sitt brilliante gitarspel nytast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I tennisforstaden Wimbledon på ei anna side av London vart Mike de Albuquerque fødd. Bassisten Albuquerque spelte i Electric Light Orchestra frå 1972 til 1974 og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1947 kom Michael John Kells Fleetwood til verda i landsbyen Redruth i idylliske Cornvall på den engelske sørkysten. Trommeslagaren Mick Fleetwood voks opp i Johannseburg i Sør-Afrika og er sjølvaste Mr. Fleetwood Mac. Fleetwood har helde takten for det engelske bluesrockbandet frå byrjinga i 1967 og har overlevd alle besetningar. Hjå meg er Fleetwood representert med to bidrag frå Fleetwood Mac, samleplata Greatest Hits frå 1971, og den legendariske storselgjaren Rumours frå 1977. I tillegg kan Fleetwood høyrast medan han held takten for Johnny Cash på songen Sea Of Heart Break på plata Unchained frå 1996. I 1957 vart Terence Williams fødd i engelske Birmingham. Astro var ein av grunnleggjarane av UB40 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of UB40 vol. 1 frå 1987. I 1960 kom Siedah Garrett til verda i Los Angeles i California. Songerinna Garrett har vunne Grammy og har vore nomminert til Oscar. Hjå meg kan Garrett høyrast med hjelpevokal på Madonna si plate True Blue frå 1986, og på Rancid si studioplate Indestructible (2003), samt på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1961 vart Curt Smith fødd i den engelske småbyen Bath. Smith var den eine halvleiken av den engelske duoen Tears For Fears og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Songs From The Big Chair (1985) og Elemental (1993), i tillegg til samleplata Tears Roll Down. I 1964 kom Niklas Hellberg til verda i Sverige. Hellberg er i mi platehylle kreditert for å spele på plata Kärlek Är För Dom, som var Thåström si sjette soloplate og kom på marknaden i 2009. I 1967 kom Richard Zven Kruspe til verda i den historiske byen Wittenberg. Richard Z. Kruspe er gitarist og hjelpevokalist i Rammstein som i mi platehylle kan høyrast på plata Sensucht frå 1997. I 1974 fekk verda servert Sweet Home Alabama frå sørstatsrockarane i Lynyrd Skynyrd. Songen med det drivande og lettkjennelege refrenget er eigentleg eit tilsvar på Neil Young sin song Southern Man, som ikkje er særleg flatterande for den gjennomsnittlege sørstatsamerikanar. I 1978 vart Nikolai Eilertsen fødd i Skotselv. Bassisten Eilertsen kan hjå meg høyrast på Bigbang sine plater Electric Psalmbook (1999), Clouds Rolling By frå 2000, Electric Psalmbook (2002) og Too Much Yang (2007).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar