25.06.2015

Tjuefemte juni

Tjuefemte juni 1941 kom David Tyrone Walker til verda i Tulsa i Oklahoma. Gitaristen David T. Walker er ein høgt skatta studiomusikar som slepp gode soloplater i ledige stunder. I mi platehylle kan Walker sitt gitarspel høyrast på plata I Want You, sam Marvin Gaye slepte i 1976, samt Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980. I 1942 vart Joe Chambers fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Trommisen Chambers sitt bidrag til mi platehylle høyrast medan han held takten for Wayne Shorter på plata Adams Apple frå 1966. I 1945 kom Carly Elisabeth Simon til verda i metropolen New York City. Songerinna og forfattaren Carly Simon leverte fleire storselgjande singlar på syttitalet, med You’re So Vain som den best kjende. Simon sitt bidrag til mi platehylle heiter The Best Of Carly Simon, inneheld det meste av det beste frå Fru Simon, og kom på marknaden i 1975. I 1946 kom Allen Glover Lanier til verda på Long Island i New York. Allen Lanier var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult, der han spelte både keyboard og gitar. Lanier hadde eit opphald frå bandet frå 1985 til 1987 og slutta for godt i 2006. Hjå meg kan Lanier høyrast på studioplata Spectres frå 1977. Lanier er også kreditert for å spele keyboard på eitt spor på Patti Smith si studioplate Easter frå 1978. Lanier døyde i 2013. I 1954 vart David Frank Paich fødd i Los Angeles i California. David Paich er best kjend som tangentmann og komponist i Toto, men kan hjå meg høyrast medan han spelar piano på plata Diamonds & Rust, som Joan Baez slepte i 1975, keyboard og andre tangentinstrument på Aretha Franklin si plate Aretha (1980), keyboards på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og på Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. Paich er også kreditert for å traktere tangentar på utvalde spor på samleplatene The Masters (Becker & Fagen) og Classic Mötley Crüe. I 1961 var Elvis Presley i studio og fekk festa (Marie’s The Name) His Lastest Flame til lydband. Musikken var ved The Jordanaires. I 1962 kom Phillip Christopher Jupitus til verda på den legendariske festivaløya Isle Of Wight i den engelske kanalen. Stand-Up komikaren Porky sitt bidrag til mi platehylle kan hjå meg høyrast på plata Workers Playtime, som Billy Bragg slepte i 1988. I 1963 vart Georgios Kyriacos Panayiotou fødd nord i London. Songaren George Michael vart kjend gjennom duoen Wham, men har seinare gjort seg merkt med ei suksessrik solokarriere, suplert med uheldige runkeepisodar på offentlege toalett. Hjå meg finn du Michael si soloplate Listen Without Prejudice Vol. 1 (1990), i tillegg til ein duett med Aretha Franklin på hennar plate Aretha, frå 1986. I 1969 kom Timothy Michael Linton til verda i Chicago i Illinois. Gitaristen Zim Zum slo seg saman med Marilyn Manson i 1996 og heldt ut med skrekkrockaren i to år, hjå meg kan han høyrast på studioplata Mechanical Animals frå 1998. I Morgan Studios i London gjekk Led Zeppelin i gang med innspelinga av We’re Gonna Groove. Resultatet kan høyrast på samleplata Coda som kom ut på Swan Song i 1982. I 1970 var Jimi Hendrix i Electric Ladyland Studios saman med Cry Of Love Band for å fullføre songen Freedom. Dei rakk òg å gjere dei fyrste innspelingane av Drifting. I 1971 kunne ein kjøpe ein kortversjon av ein av The Who sine signaturlåtar, Won’t Get Fooled Again, som singel. I 1988 døyde Hillel Slovak. I 1996 slepte Biohazard den fjerde studioplata si, Mata Leão. I 2002 kom det amerikanske Ska-punk-bandet Reel Big Fish med plata Cheer Up!, medan kultpunkarane i Sonic Youth slepte Murray Street, bandet si tolvte plate. I 2006 døyde Arif Mardin. I 2009 døyde Michael Jackson.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar