27.06.2015

Tjuesjuande juni

Tjuesjuande juni 1942 kom Benjamin Baldwin til verda i Peoria i Illinois. Bruce Johston slo seg saman med The Beach Boys i 1965, men hadde pause frå bandet i perioden 1972 til 1978, noko som gjer at han ikkje er kreditert som fullverdig medlem, men som innleigd musikar på plata 15 Big Ones frå 1976, som er Johnston sitt einaste bidrag til mi platehylle, så langt. I 1958 vart Lisa Ruth Germano fødd i Mishawaka i Indiana. Multiinstrumentalisten Lisa Germano kan hjå meg høyrast medan ho spelar fiolin på John Mellencamp si plate Big Daddy frå 1989, i tillegg til platene The Fire Inside frå Bob Seger And The Silver Bullet Band, og Real Life frå Simple Minds, begge slepte i 1991. I 1973 spelte The Who inn 5.15 i Thesally Road i Battersea. 5.15 vart utgjeven som singel i september same året og nådde tjuandeplass på listene. Songen kan elles finnast på plata Quadrophenia og ei rekkje samleplater. I 1981 gav Motörhead ut konsertplata No Sleep ’Til Hammersmith. I 1989 kom The B-52’s si femte studioplate, Cosmic Thing, på marknaden. I 1993 stod The Smashing Pumpkins si andre studioplate, Siamese Dreams, i platehyllene. I 1995 slepte Bon Jovi sitt sjette studioalbum, These Days, som produserte ei rekkje singelhits, og 10cc slepte konsertsamleplata Live In Concert-Volume 1. I 2002 døyde The Who-bassisten John Entwistle på eit hotellrom i Las Vegas. Dødsårsaka var hjartestans. Same dag døyde Russ Freeman, også han i Las Vegas, truleg utan at det var nokon samanheng mellom dei to tragiske hendingane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar