21.06.2015

Tjuefyrste juni

Tjuefyrste juni 1943 vart Eumir Deodato de Almeida fødd i den brasilianske storbyen Rio de Janeiro. Tangentmannen Eumir Deodato spelar til dagleg innom ulike sjangrar knytt til jazz. Hjå meg kan han høyrast medan han trakterar ulike tangentinstrument på utvalde spor på Kool And The Gang si samleplate Anthology – 20 Greatest Hits frå 1991. I 1944 kom Raymond Douglas Davies til verda i London. Songaren Ray Davies var den kreative krafta i The Kinks, som han starta saman med broren Dave. I dag er Davies kjend som ein gamal grinebitter som berre kritiserar andre musikarar for at dei ikkje veit noko om korleis god musikk skal lagast, noko han sjølv ikkje har gjort på ganske mange år. Hjå meg kan Davies høyrast på The Kinks-samleplata Greatest Hits. I 1946 vart Brenda Holloway fødd i Atascandero i California. Den sterkt religiøse tidlegare Motown-songerinna Holloway er i mi platehylle kreditert for bakgrunnsvokal på Buffalo Springfiled si andre studioplate Buffalo Springfield Again (1967) og Neil Young si sjølvtitulerte debutsoloplate frå 1968. Også Doug Hastings kom til verda denne dagen. Gitaristen Hastings satt i hine hårde dager inn for ein manglande Neil Young i Buffalo Springfield og kan i mi platesamling høyrast på bandet si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1948 vart Donald Airey fødd i den engelske hamnebyen Sunderland. Produsenten og tangentmannen Don Airey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Judas Priest-songen A Touch Of Evil, som opphavleg var å finne på studioplata Painkiller, og som du hjå meg finn på samleplatene Metal Works ’73-’93 (1993) og The Essential Judas Priest (2006), samt at han er kreditert for å spele på Ozzy Osbourne si konsertplate Speak Of The Devil (1982). I 1950 vart Joseph Michael Kramer fødd i bydelen Bronx i New York City. Trommeslagaren Joey Kramer er mest kjend for å ha heldt takten for rockedinosaurane Aerosmith gjennom alle år. Hjå meg høyrer du Kramer på studioplatene Rocks (1976) og Draw The Line (1977). I Bergen kom Trygve Thue til verda. Gitaristen og plateprodusenten Thue var mannen bak drivande gitartonar og suverene vokalharmoniar i rockelegendene Saft. Thue har drive lydstudio i Bergen sidan 1976, og har spelt på ei uendeleg rekkje av plater og produksjonar. Så langt tel lista berre ei soloplate, den heiter Jeg – En Beach Boy og kom på marknaden i 1994. Thue er i mi platehylle også kreditert for gitarspel på vetlebror Ove si hyllestplate til fotballklubben SK Brann, Vi Går Frem (1995), og tangentspel på Mads Eriksen si instrumentalplate Journey 1990). I 1951 vart Nils Hilmer Lofgren fødd i Chicago i Illinois. Den Svenskætta gitaristen Nils Lofgren spelar til vanleg for Bruce Springsteen, men kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate Tonights The Night frå 1975, samt på utvalde spor på den same Young si samleplate Greatest Hits (2004). I 1952 kom Marcella Levy til verda i Detroit i Michigan. Marcella Detroit, også kreditert som Marcy Levy, er dama som skreiv Eric Clapton-slagaren Lay Down Sally, og bidraget til mi platehylle finn du som hjelpevokalist på Alice Cooper si stuidioplate From The Inside frå 1978. I 1955 vart Henry Christian Priestman fødd i den engelske nordjøhamnebyen Kingston upon Hull. Tangentmannen Henry Priestman er best kjend for å spele i The Christians, men har omsider slept ei soloplate og er med det den eldste som har signert kontrakt som soloartist på eit av dei store plateselskapa (Island). Hjå meg kan Priestman høyrast medan han hjelp Echo And The Bunnymen med tangentspel på utvalde spor på samleplata Ballyhoo – The Best Of Echo And The Bunnymen frå 1997. I 1957 kom Mark Michael Brzezicki fødd i engelske Slough. Trommisen Mark Brzezicki er best kjend for arbeidet han gjorde med Big Country. Hjå meg kan han høyrast på plata The Seer frå 1986, i tillegg til utvalde spor på Ultravox si samleplate Dancing With Tears In My Eyes frå 1997. I 1961 vart José-Manuel Thomas Arthur Chao Ortega fødd i Paris. Manu Chao er ein av verdas framste artistar på den såkalla alternativscena. Han har gjeve ut plater med band som Hot Pants og Mano Negra, men har i dag ei solokarriere støtta av bandet Radio Bemba. Eg er lukkeleg eigar av soloplatene Clandestino (1998), Esperanza (2001) og Radio Bemba Sound System (2002). Frå gamle dagar er samlinga av Mano Negra-plater tilnærma komplett og inneheld titlar som studioplatene Patchanke, Putas Fever, King Of Bongo (1991) og Casa Babylon, samt konsertplata In The Hell Of Patchinko (1992) og samleplatene America Perdida (1991) og Best Of Mano Negra. For ordens skyld kan det nemnast at Chao også kan, truleg for å forvirre platekjøparane, eller avleie fiendar, finne på å nytte aliaset Oscar Tramor. I 1967 kom Tim Simenon til verda i London-bydelen Brixton. I mi platehylle er Bomb The Bass-sjefen kreditert for å ha lagt beats på Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. I 1976 gav Gasolin’ ut si fyrste konsertplate, Live Sådan, ei dobbelplate som vart spela inn gjennom ein vinterturné same år. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast på Walkerville Hotel i Catterick. Kvelden bydde også på konsert med Bob Seger & The Silver Bullet Band i Cobo Hall i Detroit i Michigan. We’ve Got Tonight på konsertplata Nine Tonight. I 1981 kom Richard Brandon Flowers til verda i Henderson i gamblingstaten Nevada. Brandon Flowers var ein av grunnleggjarane av bandet The Killers og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Hot Fuss (2004) og Sam’s Town (2006). I 1985 var Mötley Crue si tredje studioplate, Theatre Of Pain, på plass i butikkane. Plata er ei hylling av Hanoi Rocks sin trommeslagar Razzle, som omkom i ei bilulukke der Crue-vokalist Vince Neil var førar. I 1999 slepte No Fun At All konsertplata Live In Tokyo. I 2000 spelte Oasis på Wembley Stadium i London. Hendinga vart spelt inn og kan høyrast på plata Familiar To Millions som kom ut same året. I 2001 døyde John Lee Hooker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar