29.02.2012

Tjueniande februar

Skotårsdagen er ein dag med om lag ein fjerdedel så mykje å melde som resten av dagane i kalenderen, men litt er det heldigvis å melde. Tjueniande februar 1980 vert av mange hugsa for Toy Dolls sin konsert i Shildon Club & Institute i Shildon. I 2000 gav spenstige The Bloodhound Gang ut plata Hooray For Boobies. Plata med det alltid like aktuelle temaet var den tredje frå den lystige gjengen. Same dag slepte The Smashing Pumpkins plata Machina/The Machines Of God.

28.02.2012

Tjueåttande februar

Tjueåttande februar 1927 kom steelgitaristen Donald Hugh Helms til verda i New Brockton i Alabama. Don Helms spelte frå starten av karrieren i 1942 med store namn som Hank Williams, men i mi platesamling er det på Johnny Cash sine plater The Fabolous Johnny Cash (1958), Hymns By Johnny Cash frå 1959 og Now There Was A Song frå 1960. I 1940 vart gitaristen Joe South fødd i Atlanta, Georgia. South, som har døypenamnet Joseph Alfred Souther, er kanskje best kjend for å plage radiolyttarar med songar som Games People Play og som komponisten av countrysviska Rose Garden, men i mi platesamling kan han nytast som ein av Bob Dylan sine musikarar på Blonde On Blonde frå 1966. I 1957 kom Cindy Wilson til verda som Cynthia Leigh Wilson i Athens i Georgia. Wilson er vokalist og originalmedlem i New Wave bandet B52s frå universitetsbyen Athens i Georgia. I 1982 var Toy Dolls klar for å erobre London. Staden heit Skunk. I 1983 kom plata Subterranean Jungle frå Ramones. Plata vart produsert av Ritchie Cordell og Glenn Kolatin og innspelinga gjekk føre seg i Kingdom Sound på Long Island i staten New York. Songane Psycho Therapy og Outsider kan også høyrast på plata Ramones Mania. Dagen bydde også på plateslepp på den andre sida av Atlanteren, U2 nytta høve til å sleppe si tredje studioplate, War, laus på folket. I 1985 var Rotters i Doncaster vertskap for Toy Dolls. Same dag døyde tidlegare Uriah Heep-vokalist David Byron. I 1986 fekk våre gamle unionskameratar i Sverige vitjing av Toy Dolls, det hendte på Ying Och Yang i Gävle. Same dagen fullførde AC/DC innspelinga av ein promovideo for Who Made Who. Regissør var David Mallet.

27.02.2012

Tjuesjuande februar

Tjuesjuande februar 1951 kom Stephen Malcolm Ronald Nice til verda i London. Steve Harley har, saman med Cockney Rebel, produsert ei rekkje store hits opp gjennom tida, og er best kjend for Make Me Smile (Come Up And See Me), Sebastian og ein rimeleg bra versjon av George Harrison sin Here Comes The Sun. I 1957 kom Adrian Fredrick Smith til verda. Smith har traktert gitaren i Iron Maiden sidan 1980 og debuterte på plata Killers. Smith tok ein pause frå Iron Maiden frå 1990 til 1999, men er i dag attende i gjengen som underheldt bergenserar og tilreisande på Koengen i august 2010. I 1962 var dette datoen Elvis Presley slepte singelen Good Luck Charm laus på den platekjøpande delen av folket. Plata nådde fyrsteplassen i både USA og England, høvesvis i to og fem veker. I 1964 vart bassisten Ewen Vernal fødd i Glasgow. Vernal er best kjend for å vere ein del av rytmeseksjonen i det skotske bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown og Fellow Hoodlum. I 1981 vart banjoguruen Noam Pikelny fødd i Chicago. Pikelny kan hjå meg høyrast på k.d. Lang si plate Watershed frå 2008. Same dag gav The Who ut singelen You Better You Bet, som klatra så høgt som til niandeplass på dei engelske listene. I 1983 vart datoen prega av at ein kunne høyre Toy Dolls på Gallery i Manchester. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Circus i Oslo for å underhalde dei frammøtte. Same dag gjekk AC/DC i gang med innspelinga av ein promovideo til Who Made Who. Resultatet kan ein mellom anna sjå på DVD’en Family Jewels. I 1996 gav The Pogues ut plata Pogue Mahone, ein platetittel som er så direkte tale som ”kyss meg i ræva”, utan at nokon treng kjenne det som eit personleg kall. I meir heimlege trakter nytta Bel Canto dagen til å sleppe plata Magic Box.

26.02.2012

Tjuesjette februar

Tjuesjette februar 1928 kom Antoine Dominique Domino Jr. til verda i New Orleans. Fats Domino var ein av pionerane innen rock n’roll og har spelt seg inn i alles hjarta med songar som Blueberry Hill og Ain’t That A Shame. Domino fekk heimen rassert av orkanen Katrina og slit i dag med skral helse, men opptrer likevel med ujamne mellomrom. I 1932 vart Johnny Cash fødd som John R. Cash i Kingsland, Arkansas. Johnny Cash er kjent som The Man In Black og skal ha spela inn og gjeve ut meir enn fem tusen innspelingar på eit utal plater i så ulike sjangrar som rock, country og gospel. Cash sitt andre ekteskap var med songarinna June Carter. Siste del av karrieren hans er prega av det suksessfulle samarbeidet med superprodusenten Rick Rubin, som gav The Man In Black ein solid renesanse. Heime hjå meg står meir enn tretti originaltitlar på rekke og rad og prydar platehylla, og fleire vert det nok, for Johnny Cash er ein artist eg aldri vert lei av. Cash døyde i 2003. I 1962 kom Gota Yashiki til verda i Kyoto. Gota spelar trommer i Simply Red og kan hjå meg høyrast på plata Stars frå 1991. I 1971 kom Erica Abi Wright til verda i Dallas. Erykah Badu vert referert til som Queen Of Neo-Soul og platedebuterte i 1997 med plata Baduizm. I 1980 kunne Toy Dolls nytast i Alexandra Ballroom i Sunderland. I 1983 var turen komen for Toy Dolls-konsert i Traders Hall i Consett, og The Cramps gjorde andre konsertkvelden på rad på The Peppermint Lounge. Det beste frå denne konserten kan høyrast på konsertplata The Smell Of Female, som kom på marknaden seinare same året. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på King Georges Hall i Blackburn.

25.02.2012

Tjuefemte februar

Tjuefemte februar 1919 var jazzmusikaren Fred Katz fødd. Katz har ei mangslungen karriere med cello og piano mellom hendene. I mi platesamling kan Katz høyrast på Bob Dylan si smått fantastiske plate med filmmusikken til filmen Pat Garrett & Billy The Kid frå 1973. I 1943 kom George Harrison til verda i Liverpool. Harrison var gitarist i Beatles og har i ettertid gjeve ut plater på eiga hand. Hjå meg kan Harrison høyrast som medlem av modergruppa The Beatles og med song og gitarspel på Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. Harrison var også medlem av supergruppa The Travelling Wilburys. Harrison døyde av lungekreft i 2001. I 1949 vart Frank ”Poncho” Sampedro fødd. Poncho Sampedro er gitarist i Crazy Horse og hjelpte Neil Young med gromlyd frå både orgel og gitar på platene Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Re-Ac-Tor (1981), This Note’s For You (1988) Sleeps With Angels frå 1994. I 1972 slepte Nick Drake si tredje, og siste, studioplate, Pink Moon. I 1957 kom Stuart John Wood til verda i Edinburgh. Woody har gjort teneste som både gitarist og bassist i Bay City Rollers. I 1973 vart Jon Rasmus Sjøen fødd i Haugesund. Jon Sjøen var bassist i Kaizers Orchestra frå starten og til 2003. I 1973 gav Alice Cooper ut plata Billion Dollar Babies, produsent var Bob Ezrin. I 1977 vart Sarah Jane fødd i London. Sarah Jezebel Deva er best kjend som den kvinnelege songaren i Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1980 vart Heaton Buffs Club invadert av ivrige Toy Dolls-fans. Klubben låg trygt plassert i den største byen i Nordaust-England, Newcastle-upon-Tyne. Same dag gav Bob Seger ut plata Against The Wind saman med resten av The Silver Bullet Band. I 1982 vert dagen hugsa for at Iron Maiden starta oppvarminga til den komande Beast On The Road turneen med tjue konsertar i heimlandet. I 1983 bydde datoen på konsert med Toy Dolls på Porterhouse i Retford, og The Cramps stod på scenen i The Peppermint Lounge i New York City. Denne konserten var den fyrste av to som er utgangspunktet for konsertplata The Smell Of Female, som kom seinare same året. I 1985 slepte Tears For Fears si andre studioplate, Songs From The Big Chair. I 1990 gav det australske bandet Midnight Oil ut plata Blue Sky Mining. I 2002 slepte Alanis Morissette si femte studioplate, Under Rug Swept. I 2006 døyde Thomas Koppel.

24.02.2012

Tjuefjerde februar

Tjuefjerde februar 1902 vart Donald Firth Law fødd i London. Produsenten Don Law produserte ei rekkje av Johnny Cash sine tidlege plater, mellom anna Ride This Train frå 1960. I 1942 kom Paul Pond til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Paul Jones var med å starte The Blues Band i 1979, han hadde tidlegare gjort seg merkt som vokalist i, mellom anna, meir kjende Mannfred Mann. I 1950 vart gitaristen George Thorogood fødd i Wilmington. Delaware-stasjonerte Thorogood har sidan 1974 hamra feite riff og dårlege vitsar laus på uskuldige tilhøyrarar og er best kjend for slageren Bad To The Bone, som har vore nytta som filmmusikk i fleire filmar enn eg kan telje på begge hender. Hjå meg er Thorogood representert med to gode samlingar som dekkar det meste og det beste, eller det verste, som mannen sjølv ville sagt, av det han har gjort saman med The Delaware Destroyers. I 1951 vart bassisten Steve Dawson fødd i Sheffield. Dawson er ein av grunnleggjarane av det engelske hardrockbandet Saxon, og i mi platesamling kan han høyrast på plata Wheels Of Steel frå 1980. I 1969 hadde Johnny Cash teke turen San Quentin State Prison i California for å spele for dei mange innsette. I 1983 hadde karane i Toy Dolls teke turen til Skottland, nærare bestemt Glasgow, der dei spelte på Roxy. I 1985 var turen komen for ein Toy Dolls-konsert på Queens Hotel i Westcliffe. I 1994 gav det engelske metallbandet Cradle Of Filth ut debutplata si, The Principle Of Evil Made Flesh.

23.02.2012

Tjuetredje februar

Tjuetredje februar 1944 vart prestesonen frå Texas, John Dawson Winter III, fødd i Beaumont. Johnny Winter er kjend som verdas kvitaste bluesgitarist, og det vert hevda at dei flotte tatoveringane hans er dei einaste pigmenta han har i huda. At Johnny også er ein av verdas beste bluesgitaristar, ranka som nummer syttifire av Rolling Stone Magazine i 2003, kjem ofte litt i bakgrunnen. Eg har ei fin samling av Johnny Winter sine plater, men er mest nøgd med dei tre konsertplatene og angrar bittert på at eg ikkje reiste for å sjå og høyre legenda då han vitja bluesbygda Skånevik i Sunnhordland for ei tid sidan. I 1948 kom Stephen Norman Priest til verda i Hayes. Steve Priest var bassist i Sweet og turnerar framleis med sin eigen versjon av bandet. I 1952 vart Aerosmith-gitaristen Brad Whitford fødd på denne dagen. I 1957 vart studio fylt av lyden av ein ung Elvis Presley som song One Night for innspeling på plate. I 1976 slepte Lynyrd Skynyrd singelen Double Trouble ut på marknaden. Same dag filma AC/DC eit promoklipp for It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Sekkepipebandet Rats Of Tobruk Pipe Band med mellom anna Allan Butterworth, L. Kenfield og Kevin Conlon er med som statistar. I 1979 slepte The Clash singelen English Civil War, som nådde tjuefemteplass på dei britiske singellistene. I 1980 kom Iron Maiden sin debutsingel på EMI, Running Free, som klatra til trettifjerdeplass på dei engelske singellistene. Bandet nytta også denne datoen til å spele live på det legendariske musikkprogrammet Top Of The Pops som det fyrste bandet sidan The Who gjorde det same i 1972. I 1985 bydde denne datoen på ein Toy Dolls konsert på Grannies i hamnebyen Portsmouth. I 1993 gav Grant Lee Buffalo ut plata Fuzzy, som var dei tidlegare Shiva Burlesque-medlemmene si debutplate under nytt namn. I 1997 døyde Tony Williams. I 1999 slepte Eminem si andre studioplate, The Slim Shady LP. I 2003 døyde Howie Epstein. I 2010 var det klart for plateslepp frå Johnny Cash sitt dødsbu. American VI: Ain’t No Grave var klar for platehyllene.

22.02.2012

Tjueandre februar

Tjueandre februar 1952 kom trønderen Stein Groven til verda. Groven har operert under artistnamnet Casino Steel og kan i mi platesamling høyrast som medlem av rigg rock-duoen Holton & Steel. To av platene frå samarbeidet med engelskmannen Gary Holton har fått plass i mi samling, debutplata, som bar dei to herrane sitt namn og den vanskelege andreplata med den oppfinnsame tittelen Part II. I 1965 vart Ray Mayhew fødd i hamnebyen Southampton. Mayhew var trommis i Sigue Sigue Sputnik. I 1971 gav David Crosby ut si eigenproduserte debutsoloplate If I Could Only Remember My Name. I 1985 var London University vertskap for ein konsert med Toy Dolls. I 1993 platedebuterte Radiohead med plata Pablo Honey. I 1998 slepte Bel Canto plata Rush. I 2000 gav traktorpønkarane i Violent Femmes ut den ikkje så altfor vellukka plata Freak Magnet, som i skrivande stund er gruppa si siste studioplate.

21.02.2012

Tjuefyrste februar

Tjuefyrste februar 1933 vart Eunice Kathleen Waymond fødd i North Carolina. Nina Simone vert hugsa både som fantastisk jazzartist og som menneskerettsaktivist. Mi platehylle husar ei Greatest Hits-plate med denne fantastiske artisten. Simone døyde i 2003. I 1945 kom Uriah Heep sin originalbassist Paul Newton til verda i Andover. Newton spelte på dei tre fyrste Uriah Heep-platene, Very ’Heavy, Very ’Umble (1970), Salisbury (1971) og Look At Yourself (1971), som alle som er interessert kan få høyre om dei kjem innom og leitar i hyllene mine. I 1952 vart Jean-Jacques Burnel fødd av franske foreldre i London. Burnel er mannen bak den gromme basslyden i The Stranglers og kan hjå meg høyrast på plata The Gospel According To Themeninblack frå 1981. I 1955 såg multiinstrumentalisten Larry Campbell dagens lys i metropolen New York City. Campbell, som trakterar så og seie alle strengeinstrument verda har å by på, fekk gleda av å bidra til mi platesamling gjennom å spele på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. I 1962 vart Mark Arm fødd i regnfulle Seattle og fekk fullt namn Mark McLaughlin. Mark Arm er best kjend for å ha tent til livets opphald som vokalist og gitarist i grungebandet Mudhoney, og han har i seinare tid turnert som gjestevokalist for eit attforeina MC5, men hjå meg må ein ty til plata Clean As A Broke-Dick Dog med supergruppa The Monkeywrench for å høyre han spele. I 1967 kom den walisiske gitaristen James Dean Bradfield til verda. Bradfield spelar og syng til vanleg i det walisiske marxistiske bandet Manic Street Preachers. I 1972 gav Led Zeppelin ut singelen Rock And Roll frå plata Led Zeppelin IV, på B-sida var Four Sticks, og plata klatra berre til ein beskjeden førtiandre plass på listene, utan at det burde skremme nokon frå å høyre på produktet. I 1976 fekk sjåarane til det australske Nine Network stifte kjennskap med AC/DC. Det hendte på programmet Bandstand og sjåarane fekk både sjå og høyre at It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Resten av verda finn dette opptaket på DVD’en Plug Me In. I 1980 sa West Cornfort Club i gruvebyen Durham velkomen til Toy Dolls. I 1981 var dette dagen Motörhead slepte The St. Valentines Day Massacre Ep laus på fansen. I 1985 kunne ein oppleve Toy Dolls på Electric Ballroom i London.

20.02.2012

Tjuande februar

Tjuande februar 1943 vart den norske jazztrommisen Jon Christensen fødd i Oslo. Hjå meg kan Christensen høyrast på Keith Jarrett si plate My Song frå 1978. I 1944 kom Lew Soloff til verda i New York City. Trompetisten Soloff sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1951 kom Gregory Beckerleg til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bryan Gregory var med då ekteparet Lux Interior og Poison Ivy starta bandet The Cramps i 1976. Mi platesamling byr på Bryan Gregory sitt gitarspel på samleplata Off The Bone frå 1983. Bryan Gregory døyde like i nærleiken av Disneyland i Anaheim sør for storbyen Los Angeles i 2001. I 1953 vart Kristy Marlana Wallace fødd i San Bernardino i solrike California. Poison Ivy er truleg verdas sexyaste kvinnelege rockegitarist gjennom tidene og var med å starte garagepunkbandet The Cramps i 1976. Saman med ektemannen Lux Interior var ho den einaste faste medlemmen i bandet fram til Interior døyde i 2009 og bandet vart oppløyst. Statusen for Poison Ivy sitt gitarspel i mi platehylle er, enn så lenge, den same som for bandkollegaen Bryan Gregory. I 1963 kom Ian George Brown til verda i Warrington. Ian Brown var vokalist i bandet The Stone Roses og sjølv om Brown har hatt ei suksessfull karriere etter at bandet la opp etter at dei gav ut den andre studioplata, The Second Coming i 1994 er det nettopp denne plata som er Brown sitt bidrag til mi platehylle. I 1967 var dette dagen Nirvana-sjefen Kurt Donald Cobain kom til verda. Cobain døyde i 1994. Eg var i heimbyen hans, Aberdeen, på den amerikanske vestkysten i 1995 og har ikkje noko problem med å forstå at ungdom frå ein så nitrist stad tek livet av seg. I 1985 var Toy Dolls og spela i Umist i Manchester. I 1977 vart Edwin James Graham fødd i Great Yarmouth. Ed Graham var trommeslagar i bandet The Darkness og kan høyrast på plata Permission To Land frå 2003. Graham slutta i bandet i 2008 på grunn av sviktande helse. I 2002 gav danske D-A-D (Disneyland After Dark) ut plata Soft Dogs, produsent var Nick Foss. I 2006 kom det bergenske trashmetallbandet Manngard si debutplate, Circling Buzzards.

19.02.2012

Nittande februar

Nittande februar 1947 kom Øystein Dolmen til verda i trønderhovudstaden Trondheim. Dolmen er kjent for nordmenn flest som den eine halvleiken av duoen Knudtsen & Ludvigsen og har underheldt fleire generasjonar vaksne og barn, samstundes, med ablegøyane sine. Høyr gjerne innom for å prøvelytte spellemannsprisløna Juba Juba frå 1983. I 1948 vart Black Sabbath-gitaristen Tony Iommi fødd som Frank Anthony Iommi i Aston, Birmingham. Iommi var ein snartur innom det alltid like hårfine bandet Jethro Tull før han rota seg i hop med Ozzy, Bill Ward og Gezer Butler for å starte det som seinare skulle bli tungrockbandet Black Sabbath. Dei siste åra har Iomi turnert under namnet Heaven & Hell, saman med den avdøyde metallgnomen Ronnie James Dio. I 1954 kom Francis Buchholz til verda i Hannover. Bassisten Buchholz er best kjend for å spele saman med Scorpions og kan hjå meg høyrast på plata Crazy World frå 1990, som var den siste av bandet sine plater han deltok på. I 1958, like etter midnatt, gjekk Billie Holiday og Ray Ellis Orchestra i studio og starta innspelinga av plata Lady In Satin, som kom på marknaden i juni same år. Plata var tilgjengeleg i to format, mono og stereo og skal vist nok vere songarinna sitt favorittalbum. I 1964 kom Pierre Lamy til verda. Under artistnamnet Polo har Lamy gjort seg merkt som vokalist i det franske alternativbandet Les Satellites som var aktive i åra frå 1985 til 1994. Hjå meg kan Polo høyrast på plata Riches & Célèbres frå 1989. I 1974 spela Johnny Cash inn What On Earth Will You Do (For Heavens Sake). Songen, som var produsert av dei to Jack'ane Clement og Routh, kunne høyrast på plata Ragged Old Flag, som kom ut same år, og er elles å finne på samleplata God som kom ut i 2000. I 1978 kunne ein høyre Gasolin spele live i Tivoli. Songane Kina Rock, December I New York, Fi-Fi Dong, Girl You Got Me Lonely, Refrainet Er Fritt og Som Et Streif Af En Dråbe kan høyrast på samleplata Derudaf - Forever. I 1980 nytta AC/DC- vokalisten Bon Scott dagen til å døy i London etter den siste av hans mange fyllekuler. I 1983 heldt Toy Dolls konsert i Working Mens Club i Newbottle, ein konsert som vart den siste der originalmedlemmen Flip spelte bass. Dette hendte samstundes med at Madness låg trygt på åttandeplassen på listene med singelen Tomorrows Just Another Day.

18.02.2012

Attande februar

Attande februar 1946 kom Steel-gitaristen Buddy Cage til verda i kanadiske Toronto. Cage sitt musikalske bidrag til mi platesamling finn ein på plata Blood On The Tracks som Bob Dylan gav ut i 1975. I 1952 vart Veronica Crawford fødd i den amerikanske delstaten Georgia. Randy Crawford har hatt større suksess i Europa enn i heimlandet og er godt kjend for eit samarbeid med norske Lava. Crawford sitt bidrag til mi platesamling heiter Secret Combination og kom på marknaden i 1981. I 1953 kom Robin Bachman til verda i Winnipeg. Den yngste av Bachman-brørne har hatt trommene som yrkesveg og har hatt bandet Bachmnan-Turner Overdrive som arbeidsgjvevar. I 1969 var Miles Davis i Columbia Studio B i New York og spelte inn det som skulle ende opp som plata In A Silent Way, som kom ut i juli same året. Med seg i studio denne dagen hadde Davis Wayne Shorter på saksofon, Chic Corea og Herbie Hancook på el. Piano, Joe Azwinul på orgel, John McLaughlin på gitar, Dave Holland på bass og Tony Williams på trommer. I 1970 stod Elvis Presley i studio og spela inn The Wonder In You. I 1974 var Johnny Cash i studio og spelte inn While I Got You On My Mind. Songen fekk plass på plata Ragged Old Flag og kan i tillegg høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1985 kunne det opplevast ein Toy Dolls-konsert på Winter Gardens i Cleethorpes. Og i 1986 var dette dagen då Madness sin singel Sweetest Girl stogga på trettifemte plass. I 1992 gav det islandske bandet Sugarcubes ut si tredje og siste studioplate, Stick Around For Joy. I 2003 slepte Calexico plata Feast Of Wire, dette var bandet si fjerde studioplate.

17.02.2012

Syttande februar

Syttande februar 1950 vart multiinstrumentalisten Rickey Medlocke fødd i Jacksonville, nord i Florida. Medlocke, som er barnebarn av bluesartisten Shorty Medlocke, er best kjend for at han gjennom åra har vore gitarist og vokalist i Blackfoot, og at han har vore innom Lynyrd Skynyrd i to periodar, der han har traktert både trommer og gitar. I mi platesamling er Medlocke representert med gitarspel og vokal på Blackfoot si studioplate Marauder, i tillegg til den fantastiske konsertplata Highway Song, frå englandsturneen i 1982. Han spelar også på den tjuande Lynyrd Skynyrd-plata, Twenty, som kom i platehyllene i 1997. Den tidlegare Blackfoot-sjefen har framleis ei framtredande rolle i sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd. I 1960 spelte Johnny Cash inn songane I Feel Better All Over og My Shoes Keep Walking Back To You. Begge songane fekk plass på plata Now, There Was A Song og kan i tillegg høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1972 kom Billie Joe Armstrong til verda i industribyen Oakland. Armstrong er frontmannen i Green Day og mi platesamling byr på studioplatene Dookie frå 1994 og Nimrod (1997), i tillegg til konsertplata Bullet In A Bible. I 1975 gav AC/DC ut debutplata si, High Voltage, på heimemarknaden i Australia. Resten av verda måtte vente til Atlantic Records lanserte ein internasjonal versjon i 1976, men denne hadde ei anna samansetjing av låtutvalet. I 1978 slepte The Clash singelen Clash City Rockers, som nådde ein trettifemteplass på dei engelske singellistene. I 1980 nytta Toy Dolls datoen til å dra attende til Old Club i Shildon for å spele for fansen. Året etter, i 1981, nytta Iron Maiden denne datoen til å legge ut på ein omfattande verdsturne. Fyrste konserten var i Ipswich, den fyrste av i alt tjuefire i England, før resten av den vide verda stod for tur, eitt hundre og tretten konsertar alt i alt. Mindre oppstuss, men like sveitt stemning var det truleg då trufaste Toy Dolls nytta denne kvelden til å spele på Wine Loft i Sunderland litt lengre nord på den engelske austkysten. Dette hendte same dag som Los Palmas 7 var nummer sju på dei engelske singellistene, same plassering som songen har fått på Madness si samleplate The Heavy Heavy Hits.

16.02.2012

Sekstande februar

Sekstande februar 1960 var det songane Old Doc Brown, The Fable Of Willie Brown og Smiling Bill McCall som vart festa til rullane av Johnny Cash med band. Plata Ride This Train frå 1960 er rett stad å leite for den som vil høyre desse klassiske Johnny Cash-songane. I 1971 var Johnny Cash i studio i Nashville og spela inn songen Man In Black som vart tittelsporet på ei plate han gav ut seinare same året. Songen kan også høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1978 kom osingen Vidar Bratlund-Mæland til verda. Bratlund-Mæland er den eine halvleiken av kultdansebandet FrodeVidars, som herjar og raljerar vilt med dansebandsjangeren. Plata Gromkillar er på plass i hylla. I 1985 var det gladpønk på Merseyside, då kunne Liverpool University by på konsert med Toy Dolls.

15.02.2012

Femtande februar

Femtande februar 1944 kom Michael Charles Avory til verda i Surrey. Mick Avory var den fyrste trommeslagaren i The Kinks og spelte saman med bandet fram til 1984. I 1945 vart John Anthony Helliwell fødd i den eksotiske småbyen Todmorden i Yorkshire i England. John Helliwel har spela ei rekkje instrument for det engelske progrockbandet Supertramp og kan hjå meg høyrast på plata Crisis? What Crisis? Frå 1975. I 1951 vart Norman Watt-Roy fødd i indiske Bombay. Watt-Roy er best kjend som bassist i Ian Dury & The Blockheads. I 1960 var ein ung og effektiv Johnny Cash i studio saman med dei faste musikarane sine, gitaristen Luther Perkins og bassisten Marshall Grant. I tillegg hadde han med seg Johnny Western på gitar, Harold B. Jackson på dobro og steelguitar, Gordon N. Terry på fele, pianisten Floyd Cramer og trommeslagaren Murray M. Harman. Saman rakk denne oktetten å spele inn heile seks songar denne vinterdagen. Lista tel Loading Coal, Slow Rider, Lumberjack, Dorraine Of Ponchartrain, When Papa Played The Dobro og Boss Jack. Alle songane kan høyrast på plata Ride This Train, som vart produsert av Don Law og kom i platehyllene seinare same året. I 1965 døyde Nat King Cole. I 1974 slepte Deep Purple plata Burn. I 1975 kom Rush si andre studioplate Fly By Night. I 1976 vart Ronald Dante Cannucci Jr. fødd i Las Vegas. Ronnie Vannucci Jr. held til dagleg takten for bandet The Killers. I 1979 stod Judas Priest på scena i den japanske hovudstaden Tokyo. Dette var den andre av dei konsertdatoane som er lista opp på det som enda opp som konsertplata Unleashed In The East, som kom ut i oktober same år. Dei som i 1980 nytta denne datoen til å kose seg med den lokale underhaldninga på Castle Inn i Durham hugsar truleg at det var Toy Dolls som underheldt frå scenen. I 1981 døyde Mike Bloomfield. I 1985 nytta Toy Dolls denne datoen til å reise heilt til Englands nest største by, Birmingham, for å spele konsert på det lokale universitetet.

14.02.2012

Fjortande februar

Fjortande februar 1947 vart Timothy Charles Buckley III fødd i Washington D.C.. Tim Buckley levde fort, kort og hektisk i det krevjande rampelyset, men etterlot seg sonen Jeff Buckley til å føre den musikalske arven vidare. Mi Platehylle byr på plata Greetings From L.A. frå 1972. Buckley døyde i 1975. I 1973 kom vokalisten Tore Bratseth til verda. Stud Bronson er verdas mest ihuga Twisted Sister-fan og har base i Lysefjorden i Os Kommune sør for Bergen, og kan treffast på butikken på Buena når han ikkje er ute og turnerar med The Batallion, eller stalkar idola sine. I 1981 hadde Toy Dolls teke inn på hotell, og det var Norseman Hotel i Peterlee som fekk vitjing og det skulle ikkje vere naudsynt å påpeike at dei sjølve stod for underhaldninga. I 1985 var Toy Dolls attende i gamlelandet etter ein utanlandstur og drog for å spele på Guildhall i Cambridge. I 2002 døyde Mick Tucker av blodkreft.

13.02.2012

Trettande februar

Trettande februar 1950 vart den australske bassisten Robert John Daisley fødd i storbyen Sydney. Bob Daisley har spela bass for ei rekkje ulike band i ulike sjangrar og er hjå meg representert på fleire plater med The Prince Of Darknes, sjølvaste Ozzy Osbourne. I tillegg har Daisley ytt sitt bidrag til mi platesamling på Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978 og Uriah Heep si fjortande studioplate, Abiminog frå 1982. Daisley spelte også på Black Sabbath si plate Iternal Idol frå 1987, ei plate eg også sjølvsagt er stolt eigar av. I 1956 kom bassisten Peter Hook til verda i Salford. Hook var ein av grunnleggjarane av Joy Division og kan hjå meg høyrast på samleplata Substance frå 1988. I 1970 gav Black Sabbath ut den sjølvtittelerte debutplata si og ei lang teneste i dei tunge riffa si teneste starta for dei unge rockarane frå Midt-England. I 1974 vart den engelske artisten Robert Peter Williams fødd i Stoke-on-Trent. Robbie Williams starta karrieren som ungjenteidol i dansebandet Take That, men har seinare etablert seg som soloartist og mi platehylle er berika med plata I’ve Been Expecting You frå 1998. I 1978 kunne lukkelege tilhøyrarar høyre Gasolin i Greve. Der framførde dei mellom anna Get On The Train og Jumbo Nummer Nul. Måndag trettande februar 1984 gjekk Judas Priest på scenen i Stadhalle i Offenbach. Oppvarmar var Ted ”Cat Scratch Fever” Nugent. I 1989 sa Uriah Heep seg fornøgd og avslutta innspelinga av albumet Raging Silence, ei plate som kom på marknaden seinare same år. I 1996 kom The Fugees si andre og, enn så lenge, siste studioplate, The Score. I 2001 gav John Fruiscante ut plata To Record Only Water For Ten Days. I 2002 døyde countrystjerna Waylon Jennings av komplikasjonar i samband med diabetes.

12.02.2012

Tolvte februar

Tolvte februar 1952 vart perkusjonisten Stephen Hodges fødd. Hodges er best kjend for å ha samarbeida med Tom Waits på ei rekkje innspelingar og kan i mi platesamling høyrast på plater som Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999). I 1956 kom den skotske gitaristen Brian Robertson til verda i Clarkston. Robbo har traktert gitaren i Thin Lizzy og Motörhead og kan også høyrast medan han assisterer Shane MacGowan på plata The Snake frå 1995. I 1959 kom trommeslagaren Omar Hakim til verda i New York City. Hakim har spelt med fleire rock, pop og jazzstjerner og kan i mi platesamling høyrast på plata Amandala som Miles Davis gav ut i 1989. I 1967 vart bassisten John Thorne fødd. Thorne kan høyrast medan han spelar på Amy Winehouse si plate Back To Back frå 2006.

11.02.2012

Ellevte februar

Ellevte februar 1943 kom Alan Rubin til verda i New York City. Mr. Fabolous var ein meister på fleire blåseinstrument og kan hjå meg høyrast som ein del av The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978. Alan Rubin døyde i 2011. I 1956 vart trommeslagaren David Uosikkinen fødd i Cheltenham i Pensylvania. Uosikkenen er ein av originalmedlemmene i det amerikanske bandet The Hooters og held takten på to bidrag til mi platehylle, Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1962 kom Sheryl Suzanne Crow til verda. Sheryl Crow, som har vore meir i europeisk media på grunn av spekulasjonar rundt ekskjærasten sin påståtte, men enno ikkje prova, kombinasjon av sykkelkarriere og dopbruk, har vunne så mykje som ni Grammy-prisar. I tillegg til soloprosjekta sine har ho spela med artistar som Mick Jagger, Eric Clapton og Kid Rock. I mi platehylle kan Crow, i tillegg til debutplata Tuesday Night Music Club frå 1993, høyrast medan ho syng og spelar accordion på Johnny Cash si plate American III: Solitary Man frå 2000. I 1968 produserte Kit Lambert The Who låta Little Billy i IBC Studios i London. I 1984 var det songen om den engelske skodespelaren Michael Caine som sikra Madness ellevteplass på hitlistene. I 1985 slepte The Smiths si andre studioplate, Meat Is Murder, som mange hevdar er bandet sitt sterkaste kort. I 1992 kom Cowboy Junkies si fjerde studioplate, Black Eyed Man. I 1997 platedebuterte Erykah Badu med den kanonsterke plata Baduizm.

10.02.2012

Tiande februar

Tiande februar 1940 kom gitaristen Kenny Rankin til verda i Los Angeles. Rankin kan i mi platesamling høyrast på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965. Rankin døyde i 2009. I 1949 var dette fødselsdagen til Nigel Olsson som spelte trommer på fleire av songane på Uriah Heep-plata Very ’eavy… Very ’Umble frå 1970. I 1967 gav Aretha Franklin ut singelen I Never Loved A Man (The Way I Love You), som klatra til topps på R&B-listene. B-sida var Do Right Woman – Do Right Man. I 1970 var dette dagen Mott The Hoople spela inn Wrong Side Of The River i Olympic Studios. Songen enda opp på plata Wildlife som kom ut året etter. I 1978 gav Judas Priest ut den fjerde studioplata si, Stained Class. I 1979 spelte Judas Priest i levande live i Tokyo og delar av konserten kan høyrast på plata Unleashed In The East som kom på marknaden seinare same året. I 1992 platedebuterte dei walisiske marxistane i Manic Steet Preachers med plata Generations Terrorist. I 1997 kom Blur si femte studioplate, som hadde same namn som bandet og var opphavet til den artige Beetlebum. I 2004 gav Melissa Etheridge ut plata Lucky, ei plate som fekk særs lite mediadekning då opphavsdama måtte avlyse all form for pressearbeid til fordel for behandling for brystkreft.

09.02.2012

Niande februar

Niande februar 1958 var det jubel i familien Evans i Clarendon Hills i Illinois då Bill Evans kom til verda. Evans har seinare gjort seg merkt som ein av verdas beste jazzsaksofonistar og fekk høve til å spele saman med Miles Davis. Hjå meg kan Evans høyrast på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1963 kom David Rotheray til verda i hamnebyen Hull. Kommunistsonen Rotheray var gitarist i bandet The Beautiful South og hjå meg kan han høyrast på platene Welcome To The Beautiful South og Painting It Red, frå 2000. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen (Sweet Sweet Baby) Since You’ve Been Gone, med B-sida Ain’t No Way. I 1980 spelte AC/DC i den spanske hovudstaden, Madrid. Hendinga vart filma og Girls Got Rhythm og Highway To Hell kan sjåast på DVD’en Family Jewels. Same dag var det North Kenton Club i Newcastle som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1981 slepte The Stranglers plata The Gospel According To The Meninblack. I 1991 gav Deacon Blue ut studioplate nummer tre, som fekk tittelen Fellow Hoodlums. I 1994 slepte det finske powermetal-bandet Stratovarius plata Dreamspace. I 1997 døyde Brian Connoly av komplikasjonar etter langvarig alkoholmissbruk. I 2004 platedebuterte skotske Franz Ferdinand med ei plate som fekk same namn som bandet.

08.02.2012

Åttande februar

Åttande februar kom Stuart Hamm til verda. Stu Hamm er ein merritert studiobassist og kan hjå meg høyrast på Joe Satriani si plate Flying In A Blue Dream frå 1989. I 1978 vart Tor Risdal Stavenes fødd. Seidmann er bassist i bandet 1349 og kan hjå meg høyrast på plata Demonir frå 2010. I 1980 slepte Sex Pistols samleplata Flogging A Dead Horse og seinare på kvelden hamra Toy Dolls laus på instrumenta sine i Excelsior Club i Newcastle. I 1993 slepte Mick Jagger si tredje soloplate, Wandering Spirit.

07.02.2012

Sjuande februar

Sjuande februar 1948 kom komponisten og produsenten David Campbell til verda. Campbell har produsert plater for Kiss, Metallica og Linkin Park, med fleire, og i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar fiolin på den langt meir meritterte sonen, Bech, si plate Midnite Vultures frå 1999. I 1949 kom Alan Charles Lancaster til verda i London. Lancaster stod i mange år for grom basslyd for verdas beste boogierockband, Status Quo. Eit band han var med å starte så tidleg som i 1962. Lancaster gav seg i Status Quo etter Live Aid i 1985 og heldt fram med fleire prosjekt, han kan i mi platesamling mellom anna høyrast når han spelar med bandet The Bombers, som gav ut plata Aim High i 1990. I 1961 gav Elvis Presley ut singelen Surrender som låg to veker på listetoppen i USA, fire i England. Songen er ei omsetjing av den napolitanske balladen Torna A Sorriento, men ”kongen” sin versjon er nok den som er best kjend for dei fleste utan for Italia. I 1969 var The Who i Morgan Studios i London og spela inn Pinball Wizard. Bak spakane sat produsent Kit Lambert. I 1975 kom gitaristen Wesley Louden Borland til verda i Richmond, Virginia. Wes Borland har laga rå gitarlyd i bandet Limp Bizkit og kan hjå meg høyrast på remixplata New Old Songs. På denne datoen i 1980 kunne ein la seg underhalde av Toy Dolls der dei stod på scenen på Finos i Sunderland, men kva som kom fyrst, klubben Finos eller songen der dei hevdar at She Goes To Finos, veit eg faktisk ikkje. I 2006 døyde Jack Montrose. I 2011 kom den vanskelege andreplata frå John Olav Nilsen & Gjengen. Produktet hadde titelen Det Nærmeste Du Kommer og bør vere eit sjølvsagt val for alle norske platekjøparar.

06.02.2012

Sjette februar

Sjette februar 1928 kom bassisten Nelson Boyd til verda i Camden i New Jersey. Boyd var innom både Carlie Parker og Dizzie Gillespie sine orkester, men i mi platesamling er det på Miles Davis si plate Birth Of The Cool basspelet hans kan høyrast. Boyd døyde i 1985. I 1931 vart jazzmusikaren John Pisano fødd på Staten Island i New York. Gjennom eit langt musikarliv har Pisano samarbeida med mange store artistar og hjå meg kan basspelet hans høyrast på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1945 kom den jamaikanske reggaeartisten Robert Nesta Marley til verda i Nine Mile i Jamaica. Bob Marley er den internasjonalt best kjende reggaeartisten verda har sett og, i tillegg til det faste bandet, The Wailers, spelte han saman med dei to landsmenne Bunny Wailer og Peter Tosh. Bob Marley døyde i 1981. I 1953 vart AC/DC-gitarist og grunnleggar Malcolm Mitchell Young fødd i den skotske storbyen Glasgow. Saman med broren Angus har Malcolm Young hatt kontroll med AC/DC sidan den spede debuten i Melbourne i 1973 og saman har dei stått for klassikarar som Highway To Hell (1979) og Back In Black (1980). I 1954 kom Scott Kempner til verda i Bronx i New York City. Kempner var rytmegitarist i bandet The Dicktators og kan høyrast på deira debutplate Go Girl Cryzy frå 1975. I 1956 kom trommisen Jerry Marotta til verda i Cleveland. Marotta held takten for Robbie Robertson på plata Storywille frå 1991. I 1964 vart William Bruce Rose fødd i Indiana. W. Axl Rose er kjend som humørsjuk og lunefull vokalist i bandet Guns N’Roses. I 1971 vart datoen prega av at Neil Young var i Quadrofonic Studios i countryhovudstaden Nashville og foreviga songen om mannen han kjøpte den flotte ranchen han eig i California frå, Old Man. Songen om den gamle mannen kan høyrast på plata Harvest, i tillegg til Greatest Hits og ei mengd samleplater. Den versjonen han spelar på DVD-plata Heart Of Gold frå Rhyman Auditorium i Nashville er ikkje å forakte for dei som likar å sjå gamle Neil spele live. I 1996 spelte Dave Matthews og Tim Reynolds akustisk konsert på Luther College i Decorah i Iowa. Hendinga vart spela inn og gjeven ut som dobbel konsertplate i 1999. I 1998 døyde Carl Wilson. I 2011 sovna ein femtiåtte år gamal Gary More inn for godt. Dette hendte så altfor tidleg og var ein trist dag for alle som elskar god gitarbasert musikk.

05.02.2012

Femte februar

Femte februar 1944 kom musikaren Al Kooper til verda i Brookly og fekk døypenamnet Alan Peter Kuperschmidt. Kooper var med å starte det legendariske bandet Blood Sweat & Tears, men slutta i bandet før dei slo gjennom. Kooper sitt orgelspel kan derimot høyrast på Bob Dylan sine plater Highway 61 Revisited, frå 1965, og Blonde On Blonde frå 1966. I 1964 vart Michael Andrew McKagan fødd i grungebyen Seattle. Duff McKagan var lenge gitarist i bandet Guns N’Roses og kan høyrast på så mange som fem studioplater i mi platesamling. I 1981 var AC/DC i Nihon Seinenkan i Tokyo. Dei frammøtte fekk, mellom anna, høyre Shot Down In Flames, What Do You Do For Money Honey, You Shook Me All Night Long, T.N.T. og Let There Be Rock. Vi som ikkje hadde høve til å kikke innom denne kvelden må nøye oss med opptaket som TV Tokyo sendte, og det finn ein på DVD’en Plug Me In. I 2008 slepte canadiske k.d. Lang si femte soloplate, Watershed.

04.02.2012

Fjerde februar

Fjerde februar 1948 vart predikantsonen Vincent Damon Furnier fødd i Allen Park i Michigan. Alice Cooper tok ikkje artistnamnet sitt etter gruppa han var med å starte i 1966 før i 1972, men i dag er det Furnier som er kjend som Alice Cooper. Både bandet og artisten har hatt fleire storselgjande plater frå starten og utover. I 1963 kom Bryan Mantia til verda i Cupertino i California. Med kallenamnet Brain er Mantia kjend for å halde takten i Primus, han kan også høyrast medan han trommar på songen Big In Japan på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1967 nådde singelen Hey Joe frå Jimi Hendrix fjerdeplass på dei engelske platelistene. I 1969 slepte Aretha Franklin ein singel med sin eigen versjon av The Band-klassikaren The Weight. I 1977 gav Fleetwood Mac ut plata Rumours og med det var dei sikra legendestatus for fleire generasjonar framover. I 1980 var den dagen End Of The Century vart slept laus på folket. Dei skinnjakkekledde karane i Ramones hadde spela inn denne plata i Gold Star Studios i solrike California året før. Do You Remember Rock’n Roll Radio og Cinese Rock kan høyrast på plata Ramones Mania. Produsent var legendariske Phil Spector som er kjent for sin Wall Of Sound og slo gjennom som produsent med Da Doo Ron Ron. I 1991 gav Thin Lizzy ut samleplata Dedication: The Very Best Of Thin Lizzy. I 2001 døyde jazzmusikaren J.J. Johnson. I 2003 gav 50 Cent ut plata Get Rich Or Die Tryin’. I 2009 døyde Lux Interior.

03.02.2012

Tredje februar

Tredje februar 1946 vart Adolfo de la Parra fødd i Mexico City. Fito de la Parra har spela trommer for Canned Heat i meir enn førti år og er i dag det næraste ein kjem ein originalmedlem i bandet. I 1947 kom David Russell Gordon Davies til verda I London. Gitaristen David Davies er yngst i ein syskenflokk på åtte og vetlebror til meir kjende Ray Davies. Saman starta dei to brørne bandet The Kinks og la ut på ei musikalsk reise som for det meste skulle handle om storebror Ray sine til tider geniale idear. I 1956 vart Lee M. Ranaldo fødd I New York. Lee Ranaldo var med å starte Sonic Youth i 1981 og har markert seg såpass at han vert rekna som ein av verdas femti beste gitaristar. I 1967 spelte Jimi Hendrix Experience in The Wind Cries Mary i Olympic Studios. I 2003 kom den vanskelege andreplata frå Kaizers Orchestra. Tittelen, Evig Pint, tyder på at det var ein tøff innspelingsprosess som låg bak det ferdige produktet. Også Tom McRae slepte andreplata denne dagen, tittelen Just Like Blood tydar på at også dette var resultatet av ein vanskeleg prosess. For Nick Cave og dei aldrande punkarane i The Bad Seeds var det vonleg mindre smerte, men like fullt høg kvalitet då dei slepte si tolvte studioplate, Nocturama. Ein stor platesleppdag.

Andre februar

Andre februar 1920 kom bassisten Joe Mondragon til verda. Mondragon var ein høgt skatta studiomusikar og kan hjå meg høyrast medan han spelar på plata Best Of Chet Baker Plays. I 1942 vart Graham William Nash fødd i tivolibyen Blackpool i eit krigsherja England. Graham Nash slo gjennom med eit brak i den engelske gruppa The Hollies, som etter kvart har fått sitt bidrag til mi platesamling. Nash tok etter kvart turen over dammen og starta eit samarbeid med David Crosby og Stephen Stills i meir kjende Crosby, Stills & Nash (& Young). I 1962 kom Jan Magne Førde til verda i Langevåg i Sula Kommune på Sunnmøre. Førde er saman med storebrørne Helge og Jarle, drivkrafta i den norske jazzgruppa Brazz Brothers, og kan høyrast på to ulike produksjonar i mi platehylle, Afrobrazz og Aquarium. I 1970 slepte Grand Funk Railroad singelen Heartbreaker som klatra til syttiandreplass på den viktige Billboardlista. I 1976 gav Lynyrd Skynyrd ut singelen Gimme Back My Bullets. I 1980 heldt Toy Dolls konsert i Comerads Club i Blackmill. I 1981 kom Iron Maiden si andre studioplate, Killers. I 1982 nytta dei engelske hardrockarane i Iron Maiden dagen til å sleppe den legendariske singelen Run To The Hills. Singelen der dei oppmodar om fjelltur klatra i dei påfølgjande vekene lett og elegant til sjuandeplassen på dei engelske singellistene. I 1991 fekk verda servert plata 1916 frå våre venner i Motörhead. Plata inneheld ei hylling av dei amerikanske kultpønkarane i Ramones og på tittelsporet, som avsluttar plata, har den aldrande speedfreaken Lemmy bytta ut bass med cello. Det siste får ikkje akkurat gamlingen til å høyrast ut som ein ekte Motörheadbanger, men det er ikkje tvil om at dette duger.

01.02.2012

Fyrste februar

Fyrste februar 1939 kom Delano Floyd McCoury til verda i Bakersville i North Carolina. McCoury er gitarist i sitt eige bluegrasband, The Del McCoury Band, der også begge sønene hans, Ronnie og Rob, er med på høvesvis banjo og mandolin. The Del McCoury Band er kjend for å ha eit tett samarbeid med ein av mine store heltar, countryartisten Steve Earle, og dei kan mellom anna høyrast på plata El Corazon frå 1997. Same dag vart pianisten Joe Sample fødd i Houston med fullt namn Joseph Leslie Sample. Joe Sample kan høyrast i elegant tangentleik på plata Amandala, som trompetlegenda Miles Davis gav ut i 1989. I 1950 kom gitaristen Michael Wayne Campbell til verda i Jacksonville i Florida. Mike Campell er best kjend for arbeidet han har gjort saman med Tom Petty sitt backingband The Heartberakers, men i platesamling er det på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987, i tillegg til Johnny Cash sine plater Unchained frå 1996 og American III: Solitary Man frå 2000, han kan høyrast. I 1969 kom Patric George Wilson til verda i industribyen Buffalo. Patric Wilson spelar trommer i Weezer. I 1980 var både Horden Comrades Club og Shoreline Club i South Shields vertskap for gladpønkarane i Toy Dolls. I 1992 gav The Monkeywrench ut plata Clean As Broke-Dick Dog på plateselskapet Sup Pop Records, same selskap som gjorde Nirvana til verdsstjerner. I 1994 gav Green Day ut si tredje studioplate, Dookie, som sørgja for at bandet fekk fem hittsinglar og klatra så høgt som til andreplass på den renommerte Billboard-lista i USA. I 1995 forsvann Manic Street Preachers sin gitarist, Richey James Edwards, og i ettertid reknar ein det som truleg at dette også er den dagen han omkom etter ein biltur.