06.02.2012

Sjette februar

Sjette februar 1928 kom bassisten Nelson Boyd til verda i Camden i New Jersey. Boyd var innom både Carlie Parker og Dizzie Gillespie sine orkester, men i mi platesamling er det på Miles Davis si plate Birth Of The Cool basspelet hans kan høyrast. Boyd døyde i 1985. I 1931 vart jazzmusikaren John Pisano fødd på Staten Island i New York. Gjennom eit langt musikarliv har Pisano samarbeida med mange store artistar og hjå meg kan basspelet hans høyrast på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1945 kom den jamaikanske reggaeartisten Robert Nesta Marley til verda i Nine Mile i Jamaica. Bob Marley er den internasjonalt best kjende reggaeartisten verda har sett og, i tillegg til det faste bandet, The Wailers, spelte han saman med dei to landsmenne Bunny Wailer og Peter Tosh. Bob Marley døyde i 1981. I 1953 vart AC/DC-gitarist og grunnleggar Malcolm Mitchell Young fødd i den skotske storbyen Glasgow. Saman med broren Angus har Malcolm Young hatt kontroll med AC/DC sidan den spede debuten i Melbourne i 1973 og saman har dei stått for klassikarar som Highway To Hell (1979) og Back In Black (1980). I 1954 kom Scott Kempner til verda i Bronx i New York City. Kempner var rytmegitarist i bandet The Dicktators og kan høyrast på deira debutplate Go Girl Cryzy frå 1975. I 1956 kom trommisen Jerry Marotta til verda i Cleveland. Marotta held takten for Robbie Robertson på plata Storywille frå 1991. I 1964 vart William Bruce Rose fødd i Indiana. W. Axl Rose er kjend som humørsjuk og lunefull vokalist i bandet Guns N’Roses. I 1971 vart datoen prega av at Neil Young var i Quadrofonic Studios i countryhovudstaden Nashville og foreviga songen om mannen han kjøpte den flotte ranchen han eig i California frå, Old Man. Songen om den gamle mannen kan høyrast på plata Harvest, i tillegg til Greatest Hits og ei mengd samleplater. Den versjonen han spelar på DVD-plata Heart Of Gold frå Rhyman Auditorium i Nashville er ikkje å forakte for dei som likar å sjå gamle Neil spele live. I 1996 spelte Dave Matthews og Tim Reynolds akustisk konsert på Luther College i Decorah i Iowa. Hendinga vart spela inn og gjeven ut som dobbel konsertplate i 1999. I 1998 døyde Carl Wilson. I 2011 sovna ein femtiåtte år gamal Gary More inn for godt. Dette hendte så altfor tidleg og var ein trist dag for alle som elskar god gitarbasert musikk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar