15.02.2012

Femtande februar

Femtande februar 1944 kom Michael Charles Avory til verda i Surrey. Mick Avory var den fyrste trommeslagaren i The Kinks og spelte saman med bandet fram til 1984. I 1945 vart John Anthony Helliwell fødd i den eksotiske småbyen Todmorden i Yorkshire i England. John Helliwel har spela ei rekkje instrument for det engelske progrockbandet Supertramp og kan hjå meg høyrast på plata Crisis? What Crisis? Frå 1975. I 1951 vart Norman Watt-Roy fødd i indiske Bombay. Watt-Roy er best kjend som bassist i Ian Dury & The Blockheads. I 1960 var ein ung og effektiv Johnny Cash i studio saman med dei faste musikarane sine, gitaristen Luther Perkins og bassisten Marshall Grant. I tillegg hadde han med seg Johnny Western på gitar, Harold B. Jackson på dobro og steelguitar, Gordon N. Terry på fele, pianisten Floyd Cramer og trommeslagaren Murray M. Harman. Saman rakk denne oktetten å spele inn heile seks songar denne vinterdagen. Lista tel Loading Coal, Slow Rider, Lumberjack, Dorraine Of Ponchartrain, When Papa Played The Dobro og Boss Jack. Alle songane kan høyrast på plata Ride This Train, som vart produsert av Don Law og kom i platehyllene seinare same året. I 1965 døyde Nat King Cole. I 1974 slepte Deep Purple plata Burn. I 1975 kom Rush si andre studioplate Fly By Night. I 1976 vart Ronald Dante Cannucci Jr. fødd i Las Vegas. Ronnie Vannucci Jr. held til dagleg takten for bandet The Killers. I 1979 stod Judas Priest på scena i den japanske hovudstaden Tokyo. Dette var den andre av dei konsertdatoane som er lista opp på det som enda opp som konsertplata Unleashed In The East, som kom ut i oktober same år. Dei som i 1980 nytta denne datoen til å kose seg med den lokale underhaldninga på Castle Inn i Durham hugsar truleg at det var Toy Dolls som underheldt frå scenen. I 1981 døyde Mike Bloomfield. I 1985 nytta Toy Dolls denne datoen til å reise heilt til Englands nest største by, Birmingham, for å spele konsert på det lokale universitetet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar