31.08.2017

Trettifyrste august

Trettifyrste august 1940 kom Wilton Lewis Felder til verda i oljebyen Houston i skytegale Texas. Bassisten Wilton Felder er i mi platesamling kreditert for å spele på Joan Baez si plate Diamonds & Rust frå 1975. Felder er også ein av fleire bassistar som er kreditert for å spele på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976. Felder har også fått æra av å spele på utvalde spor på samleplata The Masters, som dei to ringrevane Becker & Fagen slepte laus på platekjøarane for ei tid tilbake. Felder døydde i 2015. I 1942 vart den svenske jazztrommisen Bengt Berger fødd i Stockholm. Hjå meg kan Berger høyrast på Eagle-Eye Cherry si debutplate Desireless frå 1997. I 1945 kom den nordirske songaren George Ivan Morrison til verda i den nordirske hovudstaden Belfast. Van ”The Man” Morrison, er kjend som ein av underhaldningsbransjen sine største grinebitterer, og som ein det er tilnærma umogleg å samarbeide med. Saka vert ikkje noko betre av at han i tillegg er kjend som ei notorisk fyllebøtte. Men at mannen kan synge, er det ikkje nokon grunn til å tvile på. I mi platehylle finn du studioplatene No Guru No Method No Teacher (1986), Enligthenment (1990) og Back On Top (1999). I tillegg er platehylla pryda av samleplatene Bang Masters frå 1991, den byr på det grommaste frå The Belfast Cowboy, inkludert superhiten og kjenningsmelodien Brown Eyed Girl, og The Philosopher’s Stone (1998), som byr på tidlegare uutgjevne spor frå perioden 1969 til 1988. Morrison er også kreditert for å synge med på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1948 vart Rudolf Schenker fødd i Hildesheim i den tyske delstaten Niedersachsen. Gitaristen Schenker starta Scorpions som syttanåring i 1965 og har, som einaste originalmedlem, vore med på alle opp og nedturar sidan. Hjå meg kan Schenker sitt gitarspel nytast på plata Crazy World frå 1990. I 1955 kom Antony Thistlethwaite til verda i engelske Lutterworth. Thistletwaite var ein av grunnleggjarane av The Waterboys og kan i mi platehylle høyrast på bandet si femte studioplate Room To Roam frå 1990. I 1957 kom Glenn Martin Tilbrook til verda i London. Glenn Tilbrook er best kjend som songar i Squeeze, men hjå meg kan han høyrast medan han syng og spelar gitar på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997. Same dag vart den danske songarinna og musikkpedagogen Hanne Boel fødd i Københamn. Studioplata Kinda Soul frå 1992 prydar mi platehylle. I 1963 kom Baard Henrik Slagsvold til verda på Elverum. Bassisten Baard Slagsvold slo gjennom med trønderbandet Tre Små Kineser og kan i mi platehylle høyrast på bandet si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1977 vart Derek Gruen fødd i New York City. Gitaristen Del Marquis har spelte med Scissor Sisters sidan 2002 og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 2004. I 1980 kom Ryland David-Burton Steen til verda i Lincoln i Nebraska. Trommisen Ryland Steen kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Reel Big Fish på eitt spor på deira fjerde studioplate, Cheer Up! frå 2002. I Durham spela Toy Dolls på Witt On Gilbert Club. I 1984 var Toy Dolls attende på Norseman i Amble. I 1985 vart det nok ein åttandeplass på dei britiske singellistene for galningane i Madness då dei song om Yesterdays Men. I 2004 slepte Lou Reed samleplata NYC Man: Greatest Hits.

30.08.2017

Trettiande august

Trettiande august 1935 kom John Edmund Andrew Phillips til verda i Parris Island i South Carolina. Gitaristen John Phillips er best kjend for å vere med å grunnleggje The Mamas & The Papas og hjå meg kan han høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Phillips døydde i 2001. I 1945 vart Fred Tackett fødd i Little Rock i Arkansas. Fred Tackett er best kjend for å spele i Little Feat, men kan hjå meg høyrast på plata Swordfishtrombones, som Tom Waits slepte i 1983, og Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1950 kom Michael Joseph Moody til verda i engelske Middlesbrough. Gitaristen Micky Moody kan i mi platehylle høyrast medan han, saman med Bernie Marsden, spelar ein akustisk blueskonsert i myteomspunne bygda Hell i Trøndelag i 1993. I 1953 vart Stephen Graham Panter fødd i Croydon på Themsen si sørlege bredd. Bassisten Sir Horace Gentleman var ein av grunnleggjarane av The Specials og kan mi platehylle hyrast på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 1979. I 1961 vart Lars Erik Fredriksen fødd i Campbell i California. Den danskamerikanske gitaristen Lars Fredriksen er best kjend for å spele i Rancid og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Life Won’t Wait frå 1998. I 1965 gav Bob Dylan ut si sjette studioplate, Highway 61 Revisited, den fyrste plata han spela inn med fullt band. I 1974 kom Aaron Asher Barrett til verda. Songaren og gitaristen Aaron Barrett er frontfigur for Reel Big Fish og kan i mi platehylle høyrast på bandet si fjerde studioplate Cheer Up frå 2002. I 1985 døydde Philly Joe Jones. I 1992 spelte Status Quo for 125000 ivrige fans i Sutton Park i nærleiken av Birmingham. Høvet var engelske Radio 1 sitt tjuefemårs jubileum og for dei av oss som ikkje var tilstades i The Midlands denne dagen kan delar av denne konserten høyrast på plata Live Alive Quo, som kom på marknaden seinare same året. I 1994 var det klart for platedebut for dei to kranglete Gallagher-brørne og resten av gutta i Oasis, plata hadde tittelen Definitely Maybe og selde i meir enn sju millionar eksemplar, imponerande for ein gjeng grinete Manchester City-supportarar. I 1995 døydde Sterling Morrison. I 1999 platedebuterte Madrugada med Industrial Silence, som ganske snøgt gjekk til topps på dei norske platelistene.

29.08.2017

Tjueniande august

Tjueniande august 1924 kom Ruth Lee Jones til verda i Tuscaloosa i bomullstaten Alabama. Songerinna Diana Washington var ei av dei mest populære songerinnene plateindustrien kunne oppvise i femtiåra, hjå meg kan ho høyrast på ei samleplate med same namn som opphavskvinna. Washington døydde av ein overdose piller i 1963. I 1940 vart Bennie Maupin fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Maupin trakterar ei rekkje blåseinstument og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar bassklarinett for Miles Davis på plata Bitches Brew frå 1970. I 1948 vart Annisette Hansen fødd. Annisette var i 1968 med å starte bandet The Savage Rose. Ho gifta seg seinare med ein av dei andre bandmedlemmane, Thomas Koppel, og tok hans etternamn. Hjå meg kan Annisette høyrast på The Savage Rose sine studioplater Black Angel (1995) og Tameless (1998). I 1951 kom Geoffrey Charles Whitehorn til verda i London. Gitaristen Geoff Whitehorn har ei fortid i Procol Harum og kan i mi platehylle høyrast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I 1958 kom Michael John Harvey til verda i Rochester i den australske delstaten Victoria. Den australske musikaren Mick Harvey starta karrieren sin i bandet The Birthday Party, som ærar platehylla mi med plata Junkyard frå 1982, men er best kjend for samarbeidet sitt med landsmannen Nick Cave. Hjå meg kan Harvey høyrast som medlem av The Bad Seeds medan han spelar bass og gitar på Cave sine plater From Here To Eternity frå 1984, og The Boatmans’s Call, som kom ut i 1997, i tillegg til Nocturama frå 2003. Harvey er også kreditert for å spele på PJ Harvey sine studioplater To Bring You My Love (1995), Is This Desire (1998) og Stories From The City, Stories From The Sea (2000). I Gary i Indiana kom Michael Joseph Jackson til verda. Michael Jackson starta karrieren sin i 1964, saman med storebrørne Tito, Jermaine og Marlon i The Jackson Family, som etter kvart vart til Jackson 5. Jackson kombinerte eit fenomenalt musikalsk talent, med storselgjande plater og verdsturnéar, med eit særs kaotisk privatliv, som kulminerte i skuldingar om overgrep mot barn. Hjå meg kan Jackson høyrast på platene The Ultimate Collection, som Jackson 5 slepte i 1995, og på soloplata Off The Wall frå 1979. Jackson døydde av ein overdose smertestillande i 2009. I 1965 vart Frances Ruffelle fødd i London. Den prisløna skodespelerinna Ruffelle kan i mi platehylle høyrast medan ho syng bakgrunnsvokal for Kim Wilde på plata Love Is frå 1992. I 1967 vart Anton Alfred Newcombe fødd i Newport Beach i California. Anton Newcombe hjelp til med gitarspel på The Dandy Warhols si plate Thirteen Tales Of Urban Bohemia frå 2000. I 1968 kom Michelle Lynn Johnson til verda i Berlin. Bassisten Meshell Ndegeocello sitt bidrag til mi platehylle finn du på Alanis Morissette si plate Under Rug Swept frå 2002. I 1987 gav musikkarfavoritten Warren Zevon ut plata Sentimental Hygiene. Stjernelaget av musikarane som gjev sitt bidrag på denne plata inkluderar Neil Young, Flea frå Red Hot Chili Peppers, R.E.M., Bob Dylan, Stray Cats-gitaristen Brian Setzer og Eagles-sjefen Don Henly. I 2006 gav Motörhead ut plata Kiss Of Death.

28.08.2017

Tjueåttande august

Tjueåttande august 1937 kom Joe Osborn til verda i Mound i Louisiana. Bassisten Osborn sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968. Osborn er i tillegg kreditert for å spele bass på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978. I 1942 vart Holmes Sterling Morrison Jr. fødd i East Medow i New York. Gitaristen Sterling Morrison var ein av grunnleggjarane av The Velvet Underground og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed frå 1989. Morrison døydde i 1995. I 1945 vart Bob Segarini fødd i Stockton i solrike California. Segarini har, tross sitt anonyme tilvære, vore med på ei rekkje plateinnspelingar og kan hjå meg høyrast som korist på plata All American Alien Boy som Ian Hunter gav ut i 1976. I 1949 kom Hugh Gordon Cornwell til verda i engelske Tufnel Park. Hugh Cornwell var gitarist og vokalist i The Stranglers i bandet sin mest kreative periode. Etter at Cornwell forlèt bandet i 1990 har han gjeve ut fleire soloplater, men hjå meg er det på The Stranglers-plata The Gospel According To The Meninblack frå 1981 han kan høyrast. I 1951 vart David Lawrence Hlubek fødd i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Dave Hlubek var ein av grunnleggjarane av Molly Hatchet og hjå meg kan du høyre arbeidet hans på studioplata Flirtin’ With Disaster (1979) og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. I 1954 vart Clive Culbertson fødd i landsbyen Ballymoney i Nord-Irland. Healeren Culbertson er i mi platehylle kreditert for å spele bass på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1955 døydde Bob Gordon. I 1967 kom Paul Buchignani til verda. Trommeslagaren Buchignani sitt bidrag til mi platesamling finn ein på plata Black Love, som Afghan Whigs slepte i 1996. I 1969 vart Thomas Jacob Black fødd i Hermosa Beach i California. Skodespelaren Jack Black har gjort stor sucess med filmen School Of Rock, hjå meg høyrer du han med handklapping på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyse frå 2005. I 1976 fekk sjåarane til det engelske fjernsynsprogrammet Super Pop oppleve AC/DC spele Live Wire og Can I Sit Next To You Girl. Bandet sin opptreden var eit opptak gjort i Wimbledon Theatre i juli same år. I 1977 vart musikar og plateprodusent Arve Isdal fødd. I mi platehylle høyrer du Ice Dale på platene No Hay Banda, som Audrey Horne slepte i 2005, og på platene Isa (2004), Vertebrae (2008) og Axioma Ehtica Odini (2010) med Enslaved. I 1982 hadde hamnebyen Hartlepool vitjing av Toy Dolls. Lokale Catholics Club var stolt vertskap for dei unge pønkarane. I 1994 slepte dei walisiske komunistane i Manic Street Preachers si tredje studioplate, den hadde namnet The Holy Bible. I 2007 slepte Toots & The Maytals plata Light Your Light. I 2010 slepte Bergens-bandet Di Kjipe samleplata Pønk Ist Døfødt, tjueein spor med høgenergipønk frå heimebanen. I 2014 døydde Glenn Cornick.

27.08.2017

Tjuesjuande august

Tjuesjuande august 1941 fekk Kapp Verde-øyane og snart resten av verda den fantastiske songarinna Césaria Évora. Dama, kjend som The Barefoot Diva, platedebuterte seint med plata La Diva Aux Pieds Nus (1988), men hjå meg må ho nøye seg med å syngje bakgrunnsvokal. Évora døydde i 2011. I 1942 vart Daryl Frank Dragon fødd i Los Angeles i California. Tangentmannen Daryl Dragon er best kjend som The Captain i duoen Captain & Tennille, hjå meg kan han medan han spelar klavinett på The Beach Boys si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1950 kom John George Turnbull til verda i engelske Newcastle upon Tyne. Gitaristen George Turnbull har spela med ei rekkje store namn i engelsk musikkindustri og kan hjå meg høyrast på plata Do It Yourself med Ian Dury & The Blockheads frå 1979. I 1953 vart Alexandar Zivojinovic fødd i Fernie i British Coloumbia. Alex Lifeson er gitarist i det kanadiske bandet Rush, som har platene Fly By Nigh (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987), i mi platehylle. I 1956 kom Sex Pistols-grunnleggjaren Glen Matlock til verda i London. Etter at Matlock fekk sparken som bassist i Sex Pistols har han vore innom fleire band, mellom anna The Phillestines, som gjesta Garage i Bergen siste dagen i april 2011. Hjå meg kan Matlock sitt arbeid høyrast på titlar frå begge ovanfornemnde gruppene. Matlock er i tillegg kreditert for å spele bass på Iggy Pop si plate Soldier frå 1980. I 1960 vart Atle Karlsen fødd. Karlsen skreiv musikken til Døden På Oslo S saman med Kjartan Kristiansen og har traktert tangentar i Dumdum Boys. Hjå meg kan Karlsen sitt arbeid høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 1964 fekk verda ein Johnny Cash versjon av Bob Dylan sin It Ain’t Me Babe. Songen vart spela inn i Nashville og kan høyrast på plata Orange Blossom Special. I 1970 kom Anthony Ashwin Kanal til verda i London. Tony Kanal er bassist i den amerikanske gruppa No Doubt, og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Tragic Kingdom (1995), Return Of Saturn (2000) og Rock Steady (2001), i tillegg til samlplata The Singles 1992-2003 (2003). Kanal kan også høyrast med tangentspel på No Doubt-vokalist Gwen Stefani si soloplate Love Angel Music Baby frå 2004. I 1975 vart Jan Ove Ottesen fødd. Janove Ottesen var eit lovande fotballtalent på Jæren før han kom til Bergen og musikken tok han. Sjefen i Kaizers Orchestra har absolutt heidersplass i avdelinga for norskspråkleg rock i mi platehylle. I tillegg til arbeidet kreditert Kaizers Orchestra kan Ottesen også høyrast som hjelpevokalist på plata Songs From Östra Knoll 1:22, som er The Grand Island si tredje studioplate og kom på marknaden i 2010. I 1977 kom Franz Nicolay til verda i Centre Sandwich i New Hampshire. Multiinstrumentalisten Nicolay sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på The Hold Steady si plate Stay Positive frå 2008. Same dag vart ein live-versjon av sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd sin Gimme Back My Bullets gjort tilgjengeleg som ein promosingel som var henta frå ein konsert i Disneyland-bydelen Anaheim sør for Los Angeles i California. I 1980 slepte B52’s si andre studioplate, Wild Planet. I 1990 slepte Gianna Nannini plata Scandalo og Stevie Ray Vaughan døydde i ei helikopterulukke. I 1991 gav Bob Seger And The Silver Bullet Band ut plata The Fire Innside, og Pearl Jam platedebuterte med Ten. I 1992 platedebuterte Hallingdal sine store countrysøner, Hellbillies med Sylvspente Boots på det norske selskapet Spinner. I 1996 gav The Who ut samleplata My Generation: The Very Best Of The Who, som selde til gullplate i USA. I 2001 slepte Sophie Ellis-Bextor studioplata Read My Lips. I 2002 slepte Aimee Mann plata Lost In Space, og Queens Of The Stoneage slepte si tredje studioplate, Songs For The Deaf, der tidlegare Nirvana-trommis Dave Grohl hadde teke plass bak trommesettet. I 2005 døydde Gene Morford. I 2007 døydde Doug Riley.

26.08.2017

Tjuesjette august

Tjuesjette august 1938 kom Brian John Duffy til verda i engelske Ilford. Trommisen Jet Black er ein av grunnleggjarane av The Stranglers, men er etter kvart så redusert av overvekt og diabetes at han berre spelar siste halvleik av konsertane. Hjå meg kan Black høyrast medan han held takten på plata (The Gospel According To) The Meninblack frå 1981. I 1944 vart Alan Frederick Parker fødd i Matlock i engelske Derbyshire. Gitaristen Alan Parker brukte mesteparten av tida si som studiomusikar, men har også spelar i band som Blue Mink. Hjå meg kan Parker sitt gitarspel nytast på plata Historie De Melody Nelson, som Serge Gainsbourg slepte i 1971, og på utvalde spor på samleplata Early Collection, som oppsumerte Gerry Rafferty sine tidlege merittar. I Levittown i New York kom Maureen Ann Tucker til verda. Trommisen Moe Tucker slo frå seg i kunstrockabandet The Velvet Underground og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of The Velvet Underground: Words And Music Of Lou Reed frå 1989. I 1959 vart Danny White fødd i engelske Lechtworth. Tangenmannen White er i mi platehylle kreditert for å spele på Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. I 1960 kom Branford Marsalis til verda i Breaux Bridge i Louisiana. Jazzsaksofonisten Marsalis kan hjå meg høyrast medan han spelar på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1966 Shirley Ann Manson fødd i Edinburg i Skotland. Shirley Manson syng i bandet Garbage og hjå meg kan ho høyrast på platene Garbage (1995) og Version 2.0 (1998). Manson er også kreditert for hjelpevokal på sporet You Got A Killer Scene There Man på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze frå 2005. Same dag kunne platekjøparane skaffe seg singelen I’m A Boy frå The Who. Songen, som handlar om eit par som får høve til å velje kjønn på barna sine, men som, når den store dagen endeleg er der, får ein gut i staden for ei jente, vart bandet sin andre #2 låt. I 1969 kom singelen Suspicious Minds frå Elvis Presley. Songen vart løna med ei veke på fyrsteplass i USA, men måtte nøye seg med ein andreplass som bestenotering i England. Same dag kom No Doubt-trommis Adrian Young til verda i Long Beach i California, og ei hardtslåande karriere var byrja. Hjå meg kan Young sitt stødige trommespel høyrast på studioplatene Tragic Kingdom (1995), Return Of Saturn (2000) og Rock Steady (2001), i tillegg til samleplata The Singles 1992-2003 (2003). I 1991 platedebuterte Blur med plata Leisure, som klatra til ein respektabel sjuandeplass på dei britiske platelistene. I 1993 døydde Alton Rubin. I 2000 døydde Allen Woody. I 2004 steppa metallguden Rob Halford inn som Black Sabbath-vokalist for ein bronkittsjuk Ozzy Osbourne. Konserten denne kvelden var i Camden i New Jersey og vart den fyrste av i alt åtte for superreserven. I 2008 slepte Motörhead plata Motorizer. I 2009 døydde Ellie Greenwich. I 2016 døydde Vic Jordan.

25.08.2017

Tjuefemte august

Tjuefemte august 1920 kom Leonard Gaskin til verda i New York City. Bassisten Gaskin, som eigentleg vert rekna som jazzmusikar og har spel for trompetlegenda Miles Davis på sin CV, kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. Gaskin døydde i 2009. I 1933 vart Wayne Shorter fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Saksofonisten Shorter vert rekna som ein av tidenes framste musikarar og har gjeve ut meir enn tjue plater som bandleiar under eige namn. I mi platesamling kan Shorter høyrast på den femte og tiande soloplata sin, Juju (1964) og Adams Apple frå 1966. Shorter kan også høyrast medan han spelar i bandet Weather Report på samleplata Collection, og for trompetlegenda Miles Davis på platene In A Silent Way (1969) og Water Babies frå 1976. I 1949 kom Chaim Weitz til verda i Haifa i Israel. Ettersom Chaim Wietz er eit namn det er lov å tru ikkje vil selgje så godt i den ubamhjertige rockeindustrien har Weitz teke kunstnarnamnet Gene Simmons. Simmons er kjent som den langtunga bassisten i teikneseriebandet Kiss og skryt av at han har landa fleire damer enn dei fleste andre i same bransje, noko fleire nære kjenningar av Simmons avkreftar. Underteikna var heldig og fekk oppleve Simons og resten av Kiss på Koengen i Bergen 1. juni 2008. Gamlingane leverte eit fantastisk show som heile familien levde lenge på, litt synd den lyse nordiske sumarnatta la ein dempar på litt av pyroshowet. Hjå meg kan Simmons høyrast på studioplatene Love Gun (1977), Dynasty (1979), Music From The Elder (1981) og Crazy Nights (1987), i tillegg til samleplata Double Platinum (1978), konsertplata Alive III (1993) og soloalbumet Gene Simmons frå 1978. I Djoliba i Mali vart Salif Keita fødd. Salif Keita er kjend som Afrikas gullrøyst og har hatt ei stor internasjonal karriere med millionar av selde plater. Mi platehylle byr på plata 69-80, ei samleplate frå 1994. I 1950 kom William Paul Borsey Jr til verda i Stamford i Connecticut. Willy DeVille gjorde seg fyrst merkt som leiar av bandet Mink DeVille, som til tider var husband på legendariske CBGB’s i New York City, men frå 1986 gjorde han solokarriere under namnet Willy DeVille. I mi platehylle står Backstreets Of Desire frå 1992. Willy DeVille døydde av kreft i bukspyttkjertelen i 2009. I 1951 vart Robert John Arthur Halford fødd i engelske Sutton Coldfield. Metallikonet Rob Halford er kjend som vokalist i bandet Judas Priest og vert av fansen referert til som The Metal God, eit tilnamn alle frammøtte på konserten i Bergenshallen 8. juni 2008 og på Edvard Griegs Plass i 2011 vil skrive under på at han har gjort seg fôrtend til. Hjå meg står sju ulike titlar, studio-, konsert- og samleplater, i hylla. I 1954 kom Declan Patrik MacManus til verda i London. Elvis Costello har slepte plater under eige namn og saman med bandet The Attractions, han har også samarbeida med verdskjende artistar som sviskekongen Burt Bacharack og kona Diana Kral. Costello har også produsert plater for andre artistar, som mellom anna The Pogues. I mi platehylle er det, enn så lenge, plata Mighty Like A Rose frå 1991 som er Costello sitt bidrag, men eg lovar at det kjem meir. I 1955 vart John Alexander McGeoch fødd i skotske Greenock. Gitaristen John McGeoch var best kjend for å spele i PiL, hjå meg kan han høyrast medan han hjelp Sugarcubes med gitarspel på plata Stick Around For Joy frå 1992. McGeoch døydde i 2004. I 1961 kom Jan Ingemar Kyhle til verda i Stockholm. Operasongaren Jan Kyhle sitt bidrag til mi platesamling finn du på plata Synd, som Imperiet slepte i 1986. I 1962 fekk verda nok ein nordirsk gitarist då Vivian Patric Campbell vart fødd i Belfast. Vivian Campbell var ein del av originalbesetninga i Dio og kan hjå meg høyrast på Holy Diver frå 1983. I 1963 kom Candida Mary Doyle til verda i den Nord-Irske hovudstaden Belfast. Tangentdama Candida Doyle spelte i Pulp frå 1984 til 2002 og kan hjå meg høyrast på plata Different Class frå 1995. I 1966 vart Derek Sherinian fødd i Laguna Beach i California. Tangentmannen Sherinian sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Kiss si konsertplate Alive III frå 1993. I 1967 vart Jeffery Scot Tweedy fødd i Belleville i Illinois. Jeff Tweedy har ei fortid i Uncle Tupelo (1987-1994), men er i dag best kjend for å vere den kreative krafta i bandet Wilco. Hjå meg er han representert med bandet si tredje, fjerde og femte studioplate, Summerteeth (1999), Yankee Hotel Foxtrot (2002) og A Ghost Is Born frå 2004. I 1968 kom Stuart Lee Murdoch til verda i skotske Clarkston. Stuart Murdoch er låtskrivar, vokalist og gitarist i det skotske indiebandet Belle & Sebastian. Så langt byr mi hylle på plata The Boy With The Arab Strap, og meir er på veg. I 1971 var dette dagen The Who gav ut Who’s Next i England. Plata nådde #1 på dei britiske listene. I 1972 kom Arne Hovda til verda i Stavanger. Tangentmannen Hovda har ei fortid i The Getaway People og hjå meg høyrer du han på plata Turnpike Diaries frå 2000. I 1978 var dette dagen plata Who Are You med The Who vart gjeven ut på andre sida av Atlanterhavet. Plata nådde andreplass på dei amerikanske listene. I 1986 var det Rockabillyfest på Klub Foot i Hammersmith og på scenen stod mellom anna Torment, Rochee & The Sarnos, Wigswille Spliffs, The Coffin Nails, The Caravans, alle frå Storbritannia, og nederlandske Batmobile. Alle saman kan høyrast og nytast på plata Stomping At The Klub Foot Vol. 3. I 1987 kom The Cars si sjette og siste studioplate, den fekk namnet Door To Door og gjorde ikkje nemneverdig suksess. I 1988 gav Metallica ut plata …And Justice For All, og no var dei tidlegare garasjerockarane brått superstjerner. I 1992 slepte Eric Clapton konsertplata Unplugged, som var eit samarbeidsprosjekt med fjernsynskanalen MTV. I 1995 døydde Doug Stegmeyer. I 1996 kom andresingelen frå plata To The Faitful Departed med The Cranberries, Free To Decide. I 1997 gav Rammstein ut plata Sehnsucht og gav med det nytt liv til sjangeren industrimetall. Same dag slepte Motörhead CD-Boxen Protect The Innocent der ein på fire plater får det beste av det beste frå perioden 1976 til 1992. Og som om ikkje det var nok, platedebuterte Stereophonics med plata Word Gets Around. I 1998 oppsummerte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd bandet sin gullalder, 1971-1977, med plata The Essential Lynyrd Skynyrd. Og Lauryn Hill lanserte plata som skulle markere starten på hennar solokarriere, The Miseducation Of Lauryn Hill. Juliana Hatfield slepte si tredje soloplate, Bed. I 2000 døydde Jack Nitzsche. I 2003 slepte Bigbang den doble konsertplata Radio Radio TV Sleep. I 2014 døydde Uziah «Sticky» Thompson.

24.08.2017

Tjuefjerde august

Tjuefjerde august 1938 vart David Freiberg fødd i Cincinnati i Ohio. Jefferson Airplane-vokalisten Freiberg kan hjå meg høyrast på den uautoriserte konsertplata Somebody To Love – Live, og på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1945 kom Kenneth William David Hensley til verda i nærleiken av storbyen London. Multiinstrumentalisten Ken Hensley er best kjend som keyboardspelar og låtskrivar i det engelske hardrockbandet Uriah Heep som han spelte saman med det hektiske tiåret frå 1970 til 1980. Hjå meg kan Hensley høyrast på platene Very ‘Eavy…Very ‘Umble (1970), Salisbury (1971), Look At Yourself (1972), Demons And Wizards (1972), Wonderworld (1974), Return To Fantasy (1975), High And Mighty (1976) og Fallen Angel (1978), i tillegg til utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark frå 1991. I skotske Montrose vart Malcolm Duncan fødd. Duncan spelte tenorsaksofon i Average White Band som hjå meg kan høyrast på samleplata The Very Best Of Average White Band. I 1951 kom Danny Joe Brown til verda i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Vokalisten Brown hadde til tider sitt eige Danny Joe Brown Band, men er best kjend for å syngje i sørstatsrockarane Molly Hatchet i to periodar. Hjå meg kan Danny Joe Brown høyrast på studioplata Flirtin’ With Disaster (1979) og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. Brown døydde av komplikasjonar i samband med diabetes i 2005. I 1956 var det Love Me Tender som stod på programmet for Elvis Presley sin innspelingssesjon. I 1961 vart Mark William Bedford fødd i London. Bassisten Mark Bedford har ei fortid i Madness og hjå meg høyrer du han på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1963 kom John Bush til verda i Los Angeles i California. Songaren Bush var innom Anthrax ei stund, spelte inn tre plater, og kan hjå meg høyrast på utvalde spor på samleplata Return Of The Killer A’s. I 1968 vart Andreas Rudolf Kisser fødd i São Bernardo do Campo i sambalandet Brazil. Andreas Kisser erstatta Jairo Guedes som gitarist i Sepultura og kan hjå meg høyrast på plata Arise frå 1991. I 1981 kunne denne datoen by på konsert med Toy Dolls i Bentley Park i Doncaster. I 1984 stod Dovercot Arts Centre på Toy Dolls sin turnéplan. I 1992 gav Thunder ut plata Laughing On Judgement Day. Same dag døydde Larrie Londin, utan at det var noko å le av. I 1999 slepte Jimmy’s Chicken Shack plata Bring Your Own Stereo.

23.08.2017

Tjuetredje august

Tjuetredje august 1947 var fyrste dag på jorda for Keith John Moon. Keith Moon vart fødd i London og tente sidan til livets opphald som trommeslagar i The Who. Mange hevdar han var ein av dei beste rocketrommisane som har levd nokon sinne. Hjå meg kan Moon høyrast på studioplatene A Quick One (1966), Tommy (1969), Who’s Next (1971) og Who Are You (1978), samleplatene Odds & Sods (1974) og My Generation: The Very Best Of The Who (1996), og lydsporet til filmen The Kids Are Alright (1979). Moon døydde med spya i halsen i sitt eige utdrikkingslag i 1978. Ein annan stad i London kom Linda Pettifer til verda. Linda Thompson var i mange år gift med norgesvennen Richard Thompson, noko som resulterte i gitaristen Teddy Thompson, når dei ikkje regjerte saman på Folk-scena. Hjå meg kan Thompson høyrast på Rufus Wainwright si tredje studioplate Want One frå 2003, og på Primal Scream si niande studioplate, Beautiful Future, frå 2008. I 1951 vart Ove Thue fødd i Bergen. Thue var vokalist i Saft, gjorde ein fantastisk figur i DNS si oppsetjing av Jesus Christ Superstar, men er i dag best kjend for platene med suportersongar til støtte for Sportsklubben Brann. Hjå meg kan du høyre Thue på samleplata Vi Går Fram frå 1995. I 1957 var det siste innspelingsdag for Ella Fitzgerald og Louis Armstrong sitt samarbeidsprosjekt Ella And Louis Again. I 1961 vart Dean DeLeo fødd i flyplassbyen Newark i New Jersey. Gitaristen DeLeo er best kjend for å spele i Stone Temple Pilots, hjå meg kan han høyrast på Alanis Morissette si plate Under Rug Swept frå 2002. I 1962 kom Shaun Ryder til verda i engelske Salford. Shaun Ryder er best kjend som medlem av bandet Happy Mondays, men i mi platehylle kan han høyrast saman med eit heilt anna band, nemleg på Black Grape si debutplate It’s Great When You’re Strait, Yeah frå 1995. Ryder er også kreditert for vokalbidrag på eit spor på Gorillaz si plate Demon Days frå 2005. I 1967 kom Cedella Marley til verda i Kingston i øystaten Jamaica. Cedella er dotter av artistane Bob og Rita Marley og kan høyrast medan ho spelar saman med tre sysken i Ziggy Marley And The Melody Makers på plata One Bright Day frå 1989. I 1968, det var ein fredag, avslutta Jethro Tull innspelinga av det som skulle verte langspelplata This Was. I tillegg til sjefen sjølv, Ian Anderson, deltok Mick Abrahams på gitar, Clive Bunker på trommer og Glenn Cornick på bass. I 1969 vart Barry Turner Bales fødd i Kingsport i Tennessee. Bassisten Barry Bales er eit fast innslag i Alison Krauss sitt band Union Staion, hjå meg kan han høyrast på Michelle Shocked si plate Arkansas Traveller frå 1992. I 1970 spelte Lou Reed og Velvet Underground sin siste konsert. Hendinga var lagt til den smått legendariske klubben Max’s Kansas City i New York City. I 1972 kom Stephen Bradley til verda i California. Bradley kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard og trompet for No Doubt på studioplatene Tragic Kingdom frå 1995, og Return Of Saturn (2000), i tillegg til samleplata The Singles 1992-2003 (2003), og som ein del av blåserekkja på Green Day si plate Nimrod, som vart slept laus på platekjøparane i 1997. I 1975 kom Eliza Carthy til verda i engelske Scarborough. Folkemusikaren Carthy er i mi platehylle kreditert for å spele fiolin på Paul Weller si fjerde soloplate Studio 150 frå 2004. I 1978 vart Julian Fernando Casablancas fødd i New York City. Julian Casablancas er leiar av bandet The Strokes og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Is This It (2001) og Room On Fire (2003). Casablancas har også levert gitarbidrag til Queens Of The Stone Age. I 1980 varma Iron Maiden opp for UFO på Reading Festival og spelte for fleire enn tretti tusen, største publikum til då. Like mange var nok ikkje til stades når Toy Dolls spela i Huntington Club i Stanley same dag. I 1988 platedebuterte Jane’s Addiction med plata Nothing’s Shocking. I 1994 slepte Jeff Buckley si debutplate, Grace, den einaste plata han rakk å fullføre før han døydde i 1997.

22.08.2017

Tjueandre august

Tjueandre august 1917 vart bluesartisten John Lee Hooker fødd i Coahoma County i Mississippi. Hooker vert rekna som ein av dei fremste representantane for Delta Blues og innsatsen frå debuten i 1948 og framover sikra han ei stjerne på Hollywood Walk Of Fame. Hooker sitt bidrag til mi platehylle heiter Best Of Friends og er ei samleplate som tok for seg diverse samarbeidsprosjekt Hooker gjorde i åra 1986-1998. Hooker døydde i 2001. I 1943 kom Ermine Ortense Bramwell til verda i det berykta og frykta distriktet Trenshtown i Kingston, hovudstaden på reggeaøya Jamaica. Songerinna Cherry Smith (også kreditert som Cherry Green) var fast bakgrunnssongerinne for The Whailers midt på sekstitalet og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Collection Gold frå 1991. Smith døydde i 2008. I 1958 kom Vernon Reid til verda i London. Gitaristen Reid spelar til dagleg i Living Colour og kan hjå meg høyrast på plata Stain frå 1993. I 1961 kom Roland Jaime Orzabal de la Quintana til verda i den engelske hamnebyen Portsmouth. Roland Orzabal var den eine halvleiken av den britiske duoen Tears For Fears. Hjå meg høyre du Orzabal på studioplatene Songs From The Big Chair (1985) og Elemental (1993), og samleplata Tears Roll Down (Greatest Hits 82-92), som kom på marknaden i 1992. I Los Angeles vart Deborah Mary Peterson fødd. Saman med systera Vicki Peterson starta trommeslagar Debbi Peterson jentebandet The Bangles som i mi platehylle er representer med samleplata Greatest Hits frå 1990. I 1963 kom Myra Ellen Amos til verda i Newton i North Carolina. Tori Amos er ei dame som, sidan ho platedebuterte i 1992, har laga musikk som kitlar øyregongane på ein mjuk og behageleg måte, og etter kvart har ho fått så mange titlar inn i platehylla mi at ho er med å farge totalinntrykket. Lista viser, så langt, Little Earthquakes (1992), Under The Pink (1994), From The Choirgirl Hotel (1998), To Venus And Back (1999) og American Doll Posse (2007). I 1964 vart William Calhoun fødd i Brooklyn i New York City. Trommeslagaren Will Calhoun spelar til dagleg i Living Colour og kan i mi platehylle høyrast medan han held takten på plata Stain frå 1993. I 1967 vart den tidlegare vokalisten i Alice In Chains, Layne Thomas Stanley fødd i Kirkland i den amerikanske delstaten Washington. Layne Stanley var med å starte Alice In Chains så tidleg som i 1987, men sleit dei siste åra av livet sitt med store rusproblem. Hjå meg høyrer du Stanley sine vokalprestasjonar på platene Facelift (1990) og Dirt (1992). Stanley døydde i 2002. I 1969 kom Stephen John Cradock til verda i engelske Solihull. Gitaristen Steve Cradock er best kjend for å spele i Paul Weller sitt band og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Studio 150 frå 2004, i tillegg til samleplata Modern Classics: The Greatest Hits frå 1998. I 1971 kom Craig Finn til verda i Boston i Massachusetts. Finn er vokalist i The Hold Steady og kan hjå meg høyrast på plata Stay Positive frå 2008. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Dixons Club i Sunderland. I 1992 toppa Iron Maiden nok ein gong plakaten på Monsters Of Rock på Castle Donnington. Andre langhåra rockarar på plakaten var Skid Row, Slayer, Thunder og W.A.S.P. I 2005 slepte Super Furry Animals plata Love Kraft, dette var walisarane si sjuande studioplate.

21.08.2017

Tjuefyrste august

Tjuefyrste august 1904 vart William James Basie fødd i Red Bank i New Jersey. Storbandleiaren Count Basie leia sitt eige band med stødig hand i nesten femti år. Samleplata Atomic Swing frå 1999 er Basie sitt bidrag til mi samling. Basie døydde i 1984. I 1939 kom James Burton til verda i Dubberly i Louisiana. Gitaristen Burton er kjend som Master Of The Telecaster og har vore medlem av Rock’n Roll Hall Of Fame sidan 2001. Burton sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Buffalo Springfield si plate Buffalo Springfield Again frå 1967, på Pieces Of The Sky, som var Emmylou Harris sitt bidrag til platemarknaden i 1975, og på Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991. I Staunton i Virginia vart Harold Reid fødd. Bassongaren Reid var medlem av The Statler Brothers til dei pensjonerte seg i 2012 og er kreditert for å ha skrive fleire av songane deira. Hjå meg kan Reid høyrast med bakgrunnsvokal på Johnny Cash si konsertplate At Folsom Prison frå 1968. I 1941 kom tangentmannen Tom Coster til verda i den tidlegare så stolte bilbyen Detroit i Michigan. Store musikarar som Santana og Joe Satriani har nytt godt av Coster sine tenester og kjem du innom meg for å høyre tangentspelet hans kan du gjere det på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin’ frå 2003. I 1943 var dette dagen for Clydie May Crittendon sin fødsel, det hendte i olympiabyen Atlanta i Georgia. Clydie King starta karrieren si som syngjedame tidleg i tenåra og har arbeida med artistar som Ray Charles og Steely Dan. Hjå meg kan King høyrast som bakgrunnsrøyst på platene Greetings from L.A. frå Tim Buckley (1972), Stranger In Town, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1978, og på Bob Dylan si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love frå 1981. Ho har også vore med på andre Dylan-plater som enno ikkje er på plass i mi hylle. I 1944 kom Sharon Lee Myers til verda i Hazel i Kentucky. Songerinna Jackie DeShannon er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal for Van Morrison på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1952 vart John Mellor fødd i den tyrkiske hovudstaden Ankara. Multitalentet Joe Strummer var gitarist, vokalist og låtskrivar for The Clash, han gjorde også stor suksess som produsent for andre artistar. Strummer kan hjå meg høyrst på The Clash si studioplate Combat Rock frå 1982, og på samleplata The Singles, som kom på marknaden i 2007. Strummer er også kreditert som produsent på The Pogues si plata Hells Ditch frå 1990, og han song duett med Johnny Cash på ein flott versjon av Bob Marley sin Redemtion Song, som du finn i boxen Unearthed, som kom på marknaden i 2003. Strummer døydde i 2002. I 1954 kom Steve Elliot Smith til verda i Whitman i den amerikanske delstaten Massachusetts. Trommeslagaren Steve Smith vert rekna som ein av verdas framste innan sitt fag, og bidraget hans til mi platehylle finn du på Journey si samleplate Greatest Hits frå 1988. I 1957 kom Peter Edward Clarke til verda i St. Hellens nordvest i England. Trommeslagaren Budgie sitt bidrag til mi platehylle finn du på Siouxie & The Banshees si plate Tinderbox frå 1986. I Kansas City i Missouri vart Mark Pender fødd. Trompetisten kalla The Loveman har fått plass i mi platehylle med arbeidet han gjorde på Bon Jovi si plate These Days frå 1995, og Turnpike Diaries, som The Getaway People slepte i 2000. I Philadelphia i Pennsylvania kom Kim Sledge til verda. Saman med systrene sine, Debbie, Joni og Kathy, starta Sledge jentekvartetten Sister Sledge i 1971. Hjå meg finn du Sledge sitt arbeid på ei uautorisert plate med same tittel som bandet. I 1962 fekk Johnny Cash vokalhjelp av gruppa The Carter Family då han spela inn Where You There (When They Crusified My Lord?). Underverket enda opp på plata Ring Of Fire og er også tilgjengeleg på samleplatene God frå 2002 og Johnny Cash’s America frå 2008. I 1971 kom Liam Howlett til verda i engelske Essex. Howlett er mannen bak The Prodigy og i mi platehylle kan han høyrast på platenen Music For The Jilted Generation (1994) og The Fat Of The Land (1997). I 1980 gav datoen oss ein Toy Dolls-konsert, den var i Belvedere Club i Bishop Auckland. I 1982 var Toy Dolls i Working Mans Club i Winlaton for å underhalde. I 1984 fekk 100 Club i London vitjing av Toy Dolls. I 1986 døydde Thad Jones. I 1990 platedebuterte Alice In Chains med plata Facelift, og Anthrax slepte si femte studioplate, Persistence Of Time. I 2000 gav Bigbang ut plata Clouds Rolling By, som inneheld signaturlåten Girl In Oslo. I 2008 døydde Buddy Harman.

20.08.2017

Tjuande august

Tjuande august 1926 vart Frank Rosolino fødd i bilbyen Detroit i Michigan. Hjå meg kan Rosolino sitt framragande trombonespel høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Rosolino døydde i 1978. I 1934 kom Peter E. Kleinow til verda i South Bend i Indiana. Musikaren «Sneaky» Pete Kleinow har fått legendestatus som medlem av countryrock-legendene Flying Burrito Brothers, hjå meg kan han høyrast medan han spelar flatfele på songen Something To Believe In på Steve Miller Band si plate The Joker frå 1973. Kleinow døydde i 2007. I 1941 kom David Anthony Brock til verda i engelske Isleworth. Hawkwindsjefen Dave Brock er den einaste av medlemmene av kultlegendene i Hawkwind som har vore med gjennom heile bandet si karriere. Hjå meg kan Brock høyrast på samleplata Sonic Boom Killers frå 1998. I 1944 vart John Turner fødd i Port Arthur i Texas. Trommisen «Uncle» John Turner har spelt med store bluesnanm som Stevie Ray Vaghan og B.B. King, men er nok best kjend for tida han heldt takten for Johnny Winter. I mi platehylle kan Turner høyrast på utvalde spor på den doble samleplata A Rock’n Roll Collection, som Winter slepte i 1994. «Uncle» John Turner døydde i 2007. I 1946 vart Iain Clarke fødd i engelske Harrow. Trommisen Ian Clarke spelte for Uriah Heep i perioden 1971-1972 og var mannen på trommestolen på bandet sin fyrste tuné i USA. Hjå meg kan Clarke høyrast på studioplata Look At Yourself frå 1971, i tillegg til utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark (1991). I 1947 kom David Andrew Lasley til verda i Branch i Michigan. Songaren David Lasley kan hjå meg høyrast som hjelpevokalist på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990. I 1948 vart Robert Anthony Plant fødd i engelske Birmingham. Songaren Robert Plant slo gjennom med Led Zeppelin i overgangen frå seksti- til syttitalet og har sidan pleia ei solokarriere av særs varierande kvalitet. Hjå meg kan Plant høyrast på studioplatene Led Zeppelin II (1969), Led Zeppelin III (1970), Led Zeppelin IV (1971), Presense (1976), og Coda (1982), i tillegg til den doble samleplata Mothership frå 2007. I 1949 kom Philip Parris Lynott til verda i engelske West Bromwich. Bassisten Phil Lynott var leiar av det irske bandet Thin Lizzy, der han også markerte seg som låtskrivar. Før han starta sitt eige band spelte Lynnot bass i mellom anna eit anna legendarisk irsk hard rock band, Skid Row. Hjå meg kan Lynott høyrast på samleplata Dedication, som oppsummerar den kortliva karrieren til Thin Lizzy på ein glitrande måte, i tillegg til soloplata The Phillip Lynott Album frå 1982. Lynnot døydde av ein overdose i 1986. I 1957 vart Eric Ambel fødd i Batavia i Illinois. Gitaristen Ambel sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på plata I Love Rock’n Roll, som Joan Jett & The Blackheart gav ut i 1981. I 1970 kom William Frederick Durst til verda i Gastonia i North Carolina. Fred Durst er mannen som syng fyrstestemma i bandet Limp Bizkit og kan hjå meg høyrast på plata New Old Songs frå 2001. I 1978 fekk svenske Helsingborg vitjing av Gasolin. Pas På Svinget I Solrød og Strengelengen er foreviga på band og kan høyrast på samleplata Derudaf – Forever frå 1993. I 1981 var det Doncaster som tok i mot Toy Dolls, det skal ha hendt i Halfway Hotell, same dag gjesta Ramones Santa Cruz Civic i California, USA. I 1983 var Wings Of A Dove Madness sitt bidrag til hitlistene. Resultatet vart ein respektabel andreplass. I 1988 toppa Iron Maiden plakaten på Monsters Of Rock og fekk spele framfor meir enn hundre tusen forventningsfulle headbangers & hellraisers på Castle Donnington. I 1990 slepte Prince plata Grafitti Bridge, som var den tolvte studioplata hans. Queensrÿche nytta dagen til å sleppe si fjerde studioplate, den fekk tittelen Empire. I 1995 døydde Red Rhodes. I 2009 døydde Larry Knechtel. I 2013 døydde Ray Manzarek.

19.08.2017

Nittande august

Nittande august 1939 vart Peter Edward Baker fødd i London. Trommisen Ginger Baker herja tidlegare med Cream og Blind Faith, hjå meg kan han høyrast medan han held takten på eit spor på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1945 kom Ian Gillan til verda i London. Songaren Gillan slo gjennom som vokalist i Deep Purple i overgangen mellom seksti- og syttitalet. I åra etter at bandet vart oppløyst var han innom fleire band, mellom anna sitt eige, Gillan, og Black Sabbath, men han er i dag attende i eit attfôreina Deep Purple. Hjå meg kan Gillan høyrast på Deep Purple-plata Machine Head frå 1972, samleplata Power House, og Black Sabbath-samlinga Between Heaven And Hell. I 1958 var Johnny Cash i studio og spelte inn I Still Miss Someone som enda opp på plata The Fabolous Johnny Cash. Songen har også fått plass på ei rekkje samleplater, mellom anna Love frå 2000. I 1959 kom Ivan Neville til verda i New Orleans i Louisiana. Multiinstrumentalisten Neville er son av Aaron Neville og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar tangentar og syng bakgrunnsvokal på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. Same dag døydde Blind Willie McTell. I 1963 vart Rolf Magnus Joakim Larsson fødd i Stockhom. Joey Tempest er vokalist i Europe og hjå meg høyrer du røysta hans på plata The Final Countdown frå 1986. Plata var bandet si tredje og selde i meir enn tre millionar eksemplar verda over. I 1969 vart Nathaniel Dwayne Hale fødd i Clarksdale i Mississippi. Rapartisten Nate Dogg kan i mi platehylle høyrast medan han yt vokalhjelp på Eminem sine plater The Marshall Matters LP frå 2000 og The Eminem Show, som kom på marknaden i 2002. Nate Dogg døydde i 2011. I 2003 slepte Rancid plata Indestructible, som var bandet si sjette studioplate. I 2008 døydde LeRoi Moore.

18.08.2017

Attande august

Attande august 1944 vart Edwin Hawkins fødd i industribyen Oakland i California. Gospelsongaren Hawkins er i mi platehylle kreditert som gjesteartist på Earth, Wind & Fire si studioplate Touch The World frå 1987. I 1950 kom Dennis Leslie Elliott til verda i London. Dennis Elliott er best kjend for å ha halde takten for Foreigner, men i mi platehylle er det som trommis for Ian Hunter på hans debutsoloplate med same namn som artisten han kan høyrast. I 1956 vart Tony Garnier fødd i den minst kjende av tvillingbyane i Minnesota, St.Paul. Bassisten Garnier kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Tom Waits si plate Rain Dogs frå 1985. Garnier leverte også tenestene sine til Bob Dylan si plate Time Out Of Mind frå 1981, og er kreditert for å spele på Paul Simon si studioplate Songs From The Capeman frå 1997. I 1957 fekk humorverda eit bidrag då Dennis Collin Leary kom til verda i Worchester i Massachusetts. Stå opp-komikaren Leary sitt bidrag til mi platesamling heiter No Cure For Cancer og kom på marknaden i 1993. Denne blandinga av musikk og vitsar skal visstnok vere ganske morosam. I 1969 kom Klaus Joacim Sonstad til verda i Trondheim. Journalisten og Tv-stjerna Klaus Sonstad kan i mi platehylle høyrast på studioplata Indianer Cowboy frå 2008, ei plate som klatra heilt til trettiåttandeplass på VG-lista. I 1971 var Johnny Cash i Nashville i Tennessee og spela inn låten Miss Tara. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album frå 1975. I 1978 gav The Who ut plata Who Are You i England. Plata klatra til sjetteplassen på dei engelske platelistene.

17.08.2017

Syttande august

Syttande august 1954 kom Ronald Graham Strykert til verda i Australia. Gitaristen Ron Strykert spelte ei tid i Men At Work og hjå meg høyrer du arbeidet hans på samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. I 1955 vart Colin Ivor Moulding fødd i engelske Swindon. Bassisten Colin Moulding er ein av grunnleggjarane av det engelske New Wave-bandet XTC og kan hjå meg høyrast på plata Black Sea frå 1980. I 1958 kom Christopher Ryan Goss til verda. Chris Goss er til dagleg plateprodusent, men i mi platesamling er han lista som gjestemusikar på Queens Of The Stone Age sine studioplater Songs For The Deaf frå 2002, og Lullabies To Paralyze (2005). I 1959 slepte Miles Davis plata Kind Of Blue, som av mange vert rekna som den beste plata trompetgeniet gav ut gjennom heile karrieren sin. I 1960 vart Lisa Coleman fødd i Los Angeles i California. Tangentdama Coleman har ei fortid i Price sitt band The Revolution, og spelar for tida saman med Wendy Melvion i duoen Wendy & Lisa, men hjå meg er det medan ho hjelp Gwen Stefani med godlyd på plata Love. Angel. Music. Baby. frå 2004 ho kan høyrast. I 1962 kom Gilbert Clarke til verda i Cleveland i Ohio. Gitaristen Gilby Clarke kan hjå meg høyrast på Guns N’Roses si femte studioplate The Spaghetti Incident frå 1993. I 1964 kom Maria Louisa McKee til verda i Los Angeles i California. Maria McKee er ein av grunnleggjarane av bandet Lone Justice og har også ei solokarriere som artist og komponist, men hjå meg er det som korist for Steve Earle på plata Copperhead Road frå 1988 røysta hennar kan høyrast. I 1965 vart Deen Castronovo fødd i Westminister i California. Trommeslagaren Castronovo sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Ozzy Osbourne si plate No More Tears frå 1995, i tillegg til studioplata Celebrity Skin, som Hole slepte i 1998. I Muskegon i Michigan kom Steve Gorman til verda. Gorman er best kjend for å halde takten for The Black Crows og kan i mi platehylle høyrast i taktfast arbeid på studioplatene Amorica (1994) og By Your Side (1999). I 1987 slepte New Order den doble samleplata Substance 1987. I 1990 spelte AC/DC inn ein promovideo til Thunderstruck. Regissør var også denne gongen David Mallet. I 2012 døydde Lou Martin.

16.08.2017

Sekstande august

Sekstande august 1929 vart William John Evans fødd i Plainfield i delstaten New Jersey. Bill Evans var ein høgt skatta jazzpianist og kan i mi platesamling høyrast på plata Kind Of Blue, som Miles Davis gav ut i 1959. Evans døydde i 1980. I 1939 kom Eric Weissberg til verda i New York City. Banjospelaren Weissberg er mannen bak den glitrande versjonen av Duelling Banjos i filmen Deliverance, han har spelt med ei rekkje musikarar og kan i mi platesamling høyrast medan han trakterar både banjo og gitar på New York-delen av innspelingane til Bob Dylan si plate Blood On The Tracks frå 1975, og på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series 1-3, som kom på marknaden i 1991. I 1944 vart Russ Titelman fødd i Los Angeles i California. Titelman er best kjend som plateprodusent, men kan i mi platehylle høyrast som gitarist på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1957 kom Timothy William Farriss til verda i australske Perth. Gitaristen Tim Farriss er eldst i ein syskenflokk på fire musikarar og har, saman med to yngre brør spela i INXS sidan starten i 1977. I mi platehylle kan Farriss høyrast på studioplatene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1958 vart Madonna Louise Ciccone fødd i Bay City i Michigan. Madonna har prega både poplistene og skandalepressa jamnt og trutt gjennom dei siste tretti åra. Madonna sine bidrag til mi platehylle heiter True Blue frå 1986, I’m Breathless, som var inspirert av filmen Dick Tracy og kom på marknaden i 1990, Music frå 2000, og Confessions On A Dance Floor frå 2005. I 1960 vart den engelske produsenten Mark Ellis fødd i London. Flood er i mi platehylle representert medan han spelar ulike instrument på fleire spor for Barry Adamson på plata As Above So Below frå 1998. I 1969 spelte David Bowie på The Becheenham Free Festival. Bilete frå hendinga viser at legenda var velkledd, som alltid. I 1977 døydde rockelegenda Elvis Presley heime på Graceland i Tennessee. Dette skapte tilnærma endelause køar utanfor det som var bustaden hans, ein kø som ser ut til å ha heldt seg heilt til i dag. I 1980 var Downhill Club i Sunderland åstad for Toy Dolls sine larmingar. Same dag kom Robert Byron Hardy til verda i engelske Dewsbury. Bassisten Rob Hardy har stor suksess med det skotske indiebandet Franz Ferdinand. Hjå meg kan Hardy høyrast på studioplatene Franz Ferdinand (2004), You Could Have It So Much Better (2005) og Tonight (2009). I 1985 slepte Red Hot Chili Peppers si andre studioplate. Freaky Styley vart produsert av funkikonet George Clinton. I 1989 var det klart for enno ei plate frå Red Hot Chili Peppers. Mother’s Milk var bandet si fjerde studioplate og med ny gitarist og trommeslagar, markerte den eit skilje i bandet si karriere. I 1994 gav Neil Young ut plata Sleeps With Angels saman med det hardtrockande husbandet Crazy Horse. I 2007 døydde trommelegenda Max Roach. I 2008 døydde Ronnie Drew og Vassar Clements.

15.08.2017

Femtande august

Femtande august 1925 kom Oscar Emmanuel Peterson til verda i olympiabyen Montreal i den kanadiske delstaten Quebec. Pianisten Oscar Peterson gav ut over to hundre plater i si levetid, og vann åtte Grammy-prisar. Hjå meg kan tangentleiken hans høyrast på plata Ella & Louis Again, som Ella Fitzgerald og Louis Armstrong gav ut i 1957. Peterson døydde i 2007. I 1942 vart Franz Beckerle fødd på Amager i København. Gitaristen Beckerle rakk å få årets jazzlegat to gonger på sekstitalet før han slo seg saman med Kim Larsen og danna Gasolin’. Beckerle har i dag lagt gitaren på hylla for godt og er ein anerkjend instalasjonskunstnar. Beckerle sitt gitarspel kan i mi platehylle nytast på Gas 1&2, som inneheld dei to fyrste studioplatene Gasolin’ slepte, Gas 3&4, som inneheld dei den tredje og fjerde studioplata, studioplatene Efter Endnu En Dag (1976) og Gör Det Noget (1977), i tillegg til samleplatene Rabalderstrædet Forever og Live – Derudaf Forever (1993). I 1950 vart Tommy Aldridge fødd i Pearl i Mississippi. Trommisen Aldridge har spela med ei rekkje tungrockband, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Ozzy Osbourne på konsertplatene Speak Of The Devil (1982) og Tribute (1987). I 1956 vart Petter-John Vetterse fødd i Skotland. Tangentmannen Vetterse kan hjå meg høyrast på Simple Minds si plate Real Life frå 1991. I 1962 kom Tor Øyvind Syvertsen til verda. Gitaristen Syvertsen er best kjend for å spele i Mods og The September When. Hjå meg kan Syvertsen høyrast på Mods si samleplate Originalar (1992), som er ei samling av bandet sine to fyrste studioplater Revansj (1981) og Amerika (1982). I 1973 vart Adam David Willard fødd i San Diego i California. Trommisen Atom Willard er best kjend for å spele i Rocket From The Crypt, hjå meg kan han høyrast medan han held takten for Melissa auf Der Maur si sjølvtitulerte studioplate frå 2004. I 1984 slepte Motörhead plata No Remorse, og det har dei sikkert ikkje angra på. I 1995 slepte Garbage si sjølvtitulerte debutplate, ei plate som nådde topp tjue i ei rekkje land i den vestlege verda. Same dag oppsummerte The Jackson 5 si karriere med plata The Ultimate Collection. I 2009 døydde Jim Dickinson.

14.08.2017

Fjortande august

Fjortande august 1941 kom David Van Cortland Crosby til verda i storbyen Los Angeles i California. David Crosby er best kjend for samarbeidsprosjektet Crosby, Stills, Nash & Young, men har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand og i ulike samarbeidskonstellasjonar. Hjå meg finn du Crosby sitt arbeid på The Byrds si tredje studioplate Fifth Dimesion frå 1966, og soloplata If I Could Only Remember My Name frå 1971. Crosby kan også høyrast på songen Rock & Roll Woman frå Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, og Through My Sails frå kompisen Neil Young si plate Zuma frå 1975. I 1946 vart Bjørn Howard Kruse fødd i London. Musikkprofessoren Bjørn Kruse har vore kvalifisert til den norske finalen i Melodi Grand Prix to gonger og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar saksofon på utvalde spor på Trond-Viggo Torgersen si samleplate Trond-Viggos Beste frå 1997. I 1947 kom Madelaine Edith Prior til verda i den engelske tivolibyen Blackpool. Songerinna Maddy Prior har ordna seg ein MBE-tittel for innsatsen som vokalist i Steeleye Span, hjå meg kan ho høyrast med bakgrunnsvokal på Jethro Tull si studioplate Too Old To Rock ‘n Roll, Too Young To Die (1968). I 1948 vart Bruce Thomas fødd i engelske Stockton-on-Tees. Bassisten Thomas er best kjend for å spele i Elvis Costello sitt tidlegare band The Attractions, og kan hjå meg høyrast medan han spelar for Billy Bragg på plata Workers Playtime frå 1988. I 1956 vart Lennart Olaf Birger Eriksson fødd i ein av forstadane utanfor Stockhom. Lennart Eriksson var bassist i Ebba Grön, som i mi platehylle er representert med titlane We’re Only In It For The Drugs, Live og Samlingen. I 1961 kom Nelson Bragg til verda i Rockport i Massachtsetts. Trommisen Bragg kan i mi platehylle høyrast på Brian Wilson si plate Smile frå 2004. I 1963 kom Kjartan Kristiansen til verda i bartebyen Trondheim. Gitaristen Kristiansen har hovudansvaret for låtskrivinga i trønderbandet DumDum Boys, som hjå meg er representert med samleplata Schlägers frå 2001. I 1969 vart Preston Lea Spruance III fødd i jordskjelvutsette Eureka i California. Gitaristen Trey Spruance var innom Faith No More i perioden 1993-1995, lenge nok til at han i mi platehylle kan høyrast på studioplata King For A Day, Fool For A Lifetime (1995) og samleplata This Is It … The Best Of Faith No More (2003). I 1971 fekk det platekjøpande publikummet i USA høve til å kjøpe The Who sitt meisterverk Who’s Next. Plata nådde #4 på dei amerikanske listene. I 1973 var The Who i studioet Eel Pie og la siste hand på låtane Postcard, Now I’m A Farmer, Water og Naked Eye som alle enda opp på Odds & Sods året etter. I 1974 vart Ana Lynch fødd i Portland i Oregon. Ana Matronic er den kvinnelege røysta i Scissor Sisters og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjølvtitulerte debutplate frå 2004. I 1982 hadde Fowlers Yard i Durham vitjing av Toy Dolls. I 1992 døydde Tony Williams og Motörhead gav ut ei plate med tittelen March Ör Die. I 2013 døydde Allen Lanier.

12.08.2017

Tolvte august

Tolvte august 1929 kom Alvis Edgar Owens Jr til verda i Sherman i skytegale Texas. Countrysongaren Buck Owens flytta til Bakersfield i California på slutten av 1950-talet og hadde fleire hits som ikkje berre klatra til topps på countrylistene, men også plasserte seg høgt på dei vanlege poplistene. Eg hugsar Owens best frå far min sine gamle langspelplater, men då eg for ei tid tilbake kom over ei CD-plate på Fretex, vart eg hard gripen av nostalgi og investerte halvanna sneis i eit eksemplar av Act Naturally-Greatest Hits. Owens døydde i 2006. I 1943 vart Leslie Duncan fødd i engelske Stockton-On-Tees. Songerinna Leslie Duncan nådde aldri den store komersielle suksessen, noko som skal skyldast stor grad av sceneskrekk. Hjå meg kan Duncan høyrast med bakgrunnsvokal på Pink Floyd si plate Dark Side Of The Moon frå 1973. Duncan døydde i 2010. I 1947 kom Ian William Rilen til verda i australske Bendigo. Bassisten Ian Rilen er best kjend for å spele med Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. Rilen døydde i 2006. I 1949 vart Louis Martin fødd i nordirske Belfast. I mi platesamling kan pianisten og keybordisten Lou Martin høyrast medan han held orden på tangentane for Rory Gallagher på studioplata Calling Card frå 1976, samt på utvalde spor på samleplata Big Guns – The Very Best Of Rory Gallagher, som kom på marknaden i 1995. Martin døydde i 2012. I Glasgow kom Mark Freud Knopfler til verda. Gitaristen Mark Knopfler sitt arbeid for bandet Dire Straits har gjort at han i dag vert rekna som ein av verdas beste gitaristar. Hjå meg kan Knopfler sitt gitarspel nytast på Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982, og på Tina Turner si plate Foreign Affair, som kom på markanden i 1989, i tillegg til låta I Think I Love You Too Much frå Jeff Healey Band si plate Hell To Pay frå 1990. I 1951 vart Herman Ernest III fødd i New Orleans i Louisiana. Trommeslagaren med tilnamnet Roscoe er best kjend for å spele i Dr. John sitt band og kan i mi platehylle høyrast i taktfast arbeid på studioplata Anutha Zone frå 1998. I 1953 kom den Peter Ostroushko til verda i Minneapolis i Minnesota. Felespelande Ostroushko platedebuterte på Bob Dylan si plate Blood On The Tracks i 1975, som også er bidraget hans til mi platesamling. Seinare har Ostroushko spelt for mellom anna Emmylou Harris og Willie Nelson. I 1960 vart Morten Skaget fødd i Trondheim. Bassisten Morty Black er best kjend for å spele i TNT og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. I 1967 platedebuterte Big Brother & The Holding Company med ei plate med same namn som bandet, vokalist var legendariske Janis Joplin. I 1975 vart Robert Solli Burås fødd i Narvik. Gitaristen Robert Burås slo gjennom med Mardrugada i 1999, eit band han slepte fire studioplater, Industrial Silence (1999), The Nightly Desease (2001), Grit (2002) og The Deep End (2005), og ei konsertplate, Live At Tralfamadore (2005), med før han døydde i 2007. I 1976 spelte Ramones live på The Roxy i Hollywood. Hendinga vart festa til band og seksten tidlegare uutgjevne songar inkludert Blitzkrieg Bop og Now I Wanna Sniff Some Glue kan høyrast som tilleggsmateriale på plata Leave Home. I 1986 slepte Paul Simon den kritikarroste plata Graceland, som var hans sjuande soloplate etter at samarbeidet med Art Garfunkel vart lagt på is for ei stund. I 1995 gjorde Doug Stegmeyer sjølvmord, og også Marty Paich drog eit siste sukk. I 2005 døydde Rufus Thibodeaux. I 2010 døydde Richie Hayward. I 2013 døydde Tompall Glaser.

11.08.2017

Ellevte august

Ellevte august 1941 kom John Simon til verda i Norwalk i Connecticut. Plateprodusenten Simon kan i mi platehylle høyrast medan han spelar altsaksofon på The Band si plate Islands frå 1977. I 1944 vart David Payne fødd i London. Davey Payne spelte saksofon for Ian Dury & The Blockheads og var ein viktig del av bandet sitt lydbilete. Hjå meg kan Payne høyrast på platene New Boots & Panites (1977) og Do It Yourself (1979). I 1952 kom Hans Løkken til verda i Sør-Fron. Løkken spelar rolla som Konrad Vømmølbakken i Vømmøl Spelemannslag og kan i mi platehylle høyrast på bandet sine to fyrste studioplater Vömmöl’n (1974) og Vömlingen (1975). I 1958 kom John Joseph Wardle til verda i London. Jah Wobble var originalbassisten i Public Image Ltd, og hjå meg kan han høyrast på plata Metal Box (Second Edition) frå 1979. I tillegg kan basspelet hans nytast på Sinead O’Connor si plate I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990, Woble er også kreditert som gjest hos Primal Scream på plata Screamadelica frå 1991. I 1962 vart Bragi Ólafsson fødd i Reykjavik. Bassisten Ólafsson er best kjend for arbeidet han gjorde med Sugarcubes og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Life’s Too Good (1988) og Stick Around For Joy (1992). I 1968 vart gitaristen Charles Wayne Sexton fødd i San Antonio i skytegale Texas. Gitaristen Charlie Sexton vart i sin ungdom spådd ei fantastiske solokarriere, men han fann etter kvart sin plass i hierarkiet då han valde å gå inn i Bob Dylan sitt faste band. Sexton har vore sjefsgitarist i Dylan sitt band på begge dei konsertane eg har fått med meg med legenda. Sexton sitt gitarspel kan i mi platehylle høyrast på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. Sexton er i tillegg kreditert for å spele på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road (1998), og på Rufus Wainwright si tredje studioplate Want One frå 2003. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast frå scenen i Mecca i Sunderland. I 1984 fekk verda stifte kjennskap med Iron Maiden sin singel 2 Minutes To Midnight. I 1991 døydde Alan Spenner. I 2008 døydde Don Helms.

10.08.2017

Tiande august

Tiande august 1918 vart Arnett Cleophus Cobb fødd i oljebyen Houston i skytegale Texas. Saksofonisten Arnett Cobb var kjend som The Wild Man Of Tenor Sax og skreiv songar Ella Fitzgerald hadde suksess med, og var arrogant nok til å avslå eit tilbod frå sjølvaste Count Basie. I mi platehylle kan Cobb høyrast i godt driv på utvalde spor på Asleep At The Wheel si samleplate Route 66 frå 1992. Cobb døydde i 1989. I 1940 kom Jerry Glenn Kennedy til verda i Shreveport i Louisiana. Gitaristen Jerry Kennedy spelte for Bob Dylan på plata Blonde On Blonde frå 1966. I 1947 vart Ian Scott Anderson fødd i Dunfermline i Fife i Skotland. Kommunisten Ian Anderson har vore leiar av Jethro Tull sidan den spede starten på slutten av 1960-talet. Underteikna var så uheldig å sjå Anderson og Jethro Tull i Grieghallen i Bergen i 2009, men røysta til Anderson var så dårleg at det heile var ganske så skuffande. Då er det betre å hygge seg med dei platene som står i hylla heime, studioplatene This Was (1968), Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock & Roll; Too Young To Die (1976), Heavy Horses (1978), Catfish Rising (1991) og konsertplata A Little Light Music (1992). I tillegg til samleplatene M.U. The Best Of Jethro Tull (1976), Repeat. The Best Of Jethro Tull Vol II (1977) og Nightcap (1993). I 1950 kom Patti Austin til verda i Harlem i New York City. Songerinna Austin fekk gleda av å syngje på Michael Jackson si debut soloplate Off The Wall frå 1979, og så langt er det det som er hennar bidrag til mi platehylle. I 1956 kom Lars Martin Myhre til verda i Noregs eldste by, Tønsberg. Myhre sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Odd Børretzen si plate Noen Ganger Er Det Alright (1995), der Myhre både har komponert og står for lunt gitarspel. I 1960 vart Terje Storli fødd. Bassisten Storli var ein av grunnleggjarane av Stage Dolls og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Commandos frå 1986. I 1961 vart Jonathon James Farriss fødd i Perth på den australske vestkysten. Jon Farriss har traktert trommene i bandet INXS sidan starten i 1977. Hjå meg kan Farriss høyrast på platene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1964 kom Kåre Kolve til verda på Voss. Saksofonisten Kolve er kjend for å spele saman med dei islandske jazzlegendene Mezzoforte, hjå meg kan han høyrast med grom lyd på spor tre på Tre Små Kinesere si femte studioplate Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1978 kunne ein høyre Gasolin i Tigerstaden. Dei heldige frammøtte fekk mellom anna høyre Det Bedste Til Mig Og Mine Venner, Hvad Gør Vi Nu, Lille Du, Kattemor og Kloden Dreier Stille Rundt. Dette er songar som alle er å høyre på samleplata Derudaf – Forever frå 1993, eit godt alternativ for oss som ikkje hadde høve til å vere tilstades når opptaka vart gjort. I 1979 slepte Michael Jackson plata Off The Wall, som vart hans fyrste store gjennombrott med millionsal på heimemarknaden. I 1981 gav Bob Dylan ut si tjuefyrste studioplate, Shot Of Love. I 1984 platedebuterte Red Hot Chili Peppers med ei plate med same namn som bandet.

Niande august

Niande august 1954 vart Pete Thomas fødd i den engelske stålbyen Sheffield. Trommeslagaren Thomas har samarbeida med Elvis Costello i ei årrekkje og kan hjå meg høyrast på plata Mighty Like A Rose frå 1991, i tillegg til utvalde spor på samleplata Tried And True, som Suzanne Vega slepte i 1998. I 1955 vart John Charles Morgan fødd i London. Trommeslagaren Charlie Morgan gjekk inn i rekkja av profesjonell musikarar allereie som attenåring, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978, i tillegg til tittelsporet til Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984. Morgan har også vore innom Tom Robinson Band og den som høyrer godt etter kan få med seg at han held takten på utvalde spor på samleplata The Best Of Tom Robinson Band. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Steels Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls attende i i London for å spele på legendariske 100 Club. I 1984 starta Iron Maiden sin World Slavery Tour. Det var i seg sjølv ei stor hending, og i og med at det hendte i Polen, som den gong var trygt plassert på den andre sida av jernteppet i eit delt Europa, vart det ei historisk hending. I 1986 var det plateslepp frå Motörhead og produktet fekk namnet Orgasmatron. Sjølv må eg innrømme at eg venta nokre år før eg skaffa meg denne skatten, men no er plata trygt på plass i hylla. I 1987 kunne ein oppleve Toy Dolls på festival i Gronningen. I 1995 døydde Jerry Garcia. I 2003 døydde Bill Perkins.

Åttande august

Åttande august 1937 vart Cornelis Vreeswijk fødd i nederlandske Ijmuiden. Gjennom eit hardt liv sette den svensk-hollandske visesongaren Vreeswijk sitt preg på skandinavisk visesong. Han har skrive eit utal viser og gjendikta fleire kjende framandspråklege tekstar, ofte med ein humoristisk og samfunnsrefsande synsvinkel. Hjå meg finn du to samlingar av Vreeswijk sine songar, Guldkorn (Samhällskritikarn) (2001) og Guldkorn Frå Master Cees Memoarer (1996), og eg ser ikkje bort frå at det vert fleire. Vreeswijk døydde i 1987. I 1942 kom bassisten John Gustafson til verda i engelske Liverpool. Gustafson har ei allsidig karriere som omfattar mellom anna The Merseybeats, Roxy Music og Ian Gillan Band. Hjå meg kan han, så langt, høyrast på Roxy Music si samleplate More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music frå 1995, og medan han spelar bass på songen Lounge Lizzard på Ian Hunter si sjølvtitulerte soloplate frå 1975. Gustavson døydde i 2014. I 1950 vart Liberty DeVitto fødd i Brooklyn i New York City. Trommeslagaren DeVitto var fram til 2006 fast medlem med meir enn tretti års fartstid i Billy Joel sitt band og kan hjå meg høyrast på studioplatene Glass Houses (1980) og Storm Front frå 1989, i tillegg til konsertplata Kohuept frå 1987. I 1952 kom Anton Fig til verda i Cape Town i Sør-Afrika. Trommisen, som ofte vert kalla The Thunder From Down Under, er best kjend for arbeidet han har gjort i CBS Orchestra, som spelar på Dave Letterman sitt Late Show. Hjå meg kan Fig høyrast medan han vikarierar for ein kollisjonsskadd Peter Criss på Kiss-plata Dynasty frå 1979, og på Gary Moore si plate After Hours frå 1992. I 1953 kom Bianca Thornton til verda i Kansas City i Missouri. Songerinna Lady Bianca kan i mi platesamling høyrast på plata No Guru No Method No Teacher, som Van Morrison slepte i 1986, samt på utvalde spor på samleplata The Philosopher’s Stone, som den same Van «The Man» Morrison slepte i 1998. I 1956 vart Christopher John Foreman fødd i London. Gitaristen Chris Foreman var ein av grunnleggjarane av Madness og i mi platehylle kan du høyre godlyden frå gitaren hans på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 1957 kom Dennis Drew til verda i Jamestown i den amerikanske delstaten New York. Tangentmannen Drew var ein av grunnleggjarane av 10 000 Maniacs. I 1961 kom David Howell Evans til verda i Barking i London. The Edge har skaffa seg eit levebrød som gitarist i U2 og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate, War, frå 1983. Same dag kunne Elvis Presley fortelje at (Marie’s The Name) His Latest Flame og fekk med det fire veker på fyrsteplass på hitlistene i England. I USA klatra plata til fjerdeplass som høgaste plassering. I 1968 spelte Johnny Cash inn Oh, What A Dream og All Over Again som begge kan høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1969 vart Brad Pemberton fødd. Perkusjonisten Pemberton er fast innslag i The Cardinals, eit band som er kjend for å støtte Ryan Adams i tjukt og tynt. I mi platehylle høyrer du Pemberton sitt arbeid på Adams si plate Easy Tiger frå 2007. I 1973 vart Anthony Scott Flippen fødd i Goldsboro i North Carolina. Nykristne Scott Stapp var vokalist i Creed og påstår han har klart å plassere flaska på hylla for godt. Stapp påstår også at han er så fattig at han i periodar bur i bilen og ikkje har pengar til mat. I gamle dagar hausta Stapp fleire Grammy-utmerkjingar for arbeidet med Creed, og hjå meg kan røysta hans høyrast på plata Human Clay frå 1999. I 1975 døydde Cannonball Adderley. I 1976 kom Olaf Olsen til verda i Oslo. Olsen er trommeslagar i Bigbang og den av medlemmene som har vore lengst med i bandet, etter sjefen sjølv, Øystein Greni. I 1977 vart Marsha Ambrosius fødd i den engelske hamnebyen Liverpool. Songerinna Ambrosius har ei fortid i bandet Floetry og solodebuterte så seint som i 2011. Hjå meg kan Ambrosius høyrast på Justin Timberlake si debutplate Justified frå 2002. I 1979 fekk nederlandske fjernsynssjåarar servert eit ungt og vitalt AC/DC. Programmet Veronica-Countdown bydde på eit opptak gjort i Rijnhall i Arnhem i juli same år. For dei som kjenner for å mimre kan det vere lurt å sjekke DVD’ane Plug Me In eller Let There Be Rock. I 1980 slepte The Clash singelen Bankrobber, som klatra til tolvteplass på dei engelske singellistene. I 1984 gav W.A.S.P. ut den sjølvtitulerte debutplata si og rocken vart aldri den same. Sjefen Blackie Lawless trakterte bassen og hadde med seg gitaristane Randy Piper og Chris Holmes i tillegg til trommeslagaren Tony Richards. L.O.V.E. Machine, I Wanna Be Somebody og On Your Knees kan i tillegg høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1993. I 1986 var Toy Dolls på plass på Dollys i Oxford. I 1987 kunne Toy Dolls opplevast på Sneekwave i Sneek. I 2006 slepte Slayer plata Christ Illution, dette var bandet si niande studioplate.

Sjuande august

Sjuande august 1949 vart Timothy John Pearson Renwick fødd i den kjende engelske universitetsbyen Cambridge. Gitaristen Tim Renwick har spelt for eit utal kjende engelske artistar og er i mi platesamling representert med gitarspel på på David Bowie si studioplata Space Oddity frå 1969, Mike + The Mechanics si plate Word Of Mouth frå 1991, og på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997. I 1951 kom Peter Frederick Way til verda i engelske Enfield. Bassisten Pete Way har spelt med Ozzy Osbourne og Fastway, men er best kjend for arbeidet han har gjort med UFO. Hjå meg kan Way høyrast på studioplata Obsession, som sistnemnde slepte i 1978. I 1958 vart Bruce Dickinson fødd i engelske Worksop. Dickinson er kjend som den høgtflygande vokalisten i tungrocklegendene Iron Maiden. Han har også gjeve ut fleire soloplater og har ei fortid i fleire grupper, mellom anna meritterte Samson. I mi platehylle kan Dickinson si kraftige røyst høyrast på studioplatene The Number Of The Beast (1982), Peace Of Mind (1983), Powerslave (1984), Somewhere In Time (1986), Seventh Son Of A Seventh Son (1988), No Prayer For The Dying (1990), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Matter Of Life And Death (2006) og The Final Frontiere (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo, som kom på marknaden i 2012. I 1962 kom Alison Brown til verda i den tidlegare så stolte hockeybyen Hartford i Connecticut. Banjospelande Brown har hausta Grammy-prisar for den utradisjonelle spelemåten sin, har samarbeida med Alison Krauss i Union Station, og kan i mi platehylle høyrast på utradisjonelle Michelle Shocked si studioplate Arkansas Traveller frå 1992. I 1964 kom Aslak Dørum til verda. Bassisten Dørum spelar til dagleg i trønderbandet DumDumBoys og kan hjå meg høyrast på samleplata Schlägers frå 2001. I 2011 døydde Marshall Grant.

06.08.2017

Sjette august

Sjette august 1937 kom Paul Griffin til verda i Harlem i New York City. Pianisten Griffin kan hjå meg høyrast på Bob Dylan sine plater Bring It All Back Home frå 1963, Highway 61 Revisited, som kom på marknaden i 1965, og Blood On The Tracks frå 1975. Griffin spelar også på Don McLean plata med same namn som den udødelege klassikaren American Pie frå 1971, og på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. Griffin døydde i 2000. I 1949 vart Leiv Prestvik fødd. Bassisten Presvik spelar rolla som Birger Skruddusvingen i Vømmøl Spelemannslag og kan i mi platehylle høyrast på bandet sine to fyrste studioplater Vömmöl’n (1974) og Vömlingen (1975). I 1952 fekk Green Bay i Wisconsin (home of the Packers) gitaristen og komponisten Pat MacDonald. MacDonald er best kjend som medlem av den alternative duoen Timbuk 3 som fekk debutplata si nominert til Grammy i 1987. Etter at bandet slutta å spele saman i 1995 har MacDonald gjeve ut fleire plater på uavhengige selskap utan den store salssuksessen. Han har derimot tent gode pengar på å skrive songar for andre artistar. Hjå meg høyrer du MacDonald på plata Greetings From Timbuk3 frå 1986. I 1955 kom Earl Smith til verda i Kingston på Jamaica. Gitaristen Chinna Smith er ei legende i reggeamiljøe, hjå meg høyrer du han på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1964 vart John Metcalfe fødd i New Zealand sin hovudstad, Wellington. Plateprodusenten Metcalfe er hjå meg kreditert for å spele fiolin for The Pretenders på den akustiske konsertplata The Isle Of View frå 1995. I 1967 var The Who i Mirasound Studios i New York og spelte inn tredje versjon av Mary Anne With The Shaky Hand. Songen kom med på plata The Who Sell Out, og Al Kooper spelte orgel. I 1986 hadde Warehouse i Dunfermline vitjing av Toy Dolls. I 2009 døydde Willy DeVille.

05.08.2017

Femte august

Femte august 1941 kom Airto Moreira til verda i brasilianse Itaíopolis. Perkusonisten Moreira er kjend for å spele med store namn på jazz-scena, hjå meg kan han høyrast på Bitches Brew, som Miles Davis slepte i 1970, og utvalde spor på Weather Report si samleplate Collection, som kom på marknaden i 2008. I 1947 vart Richard Zehringer fødd i Fort Recovery i Ohio. Gitaristen Rick Derringer slo gjennom i gruppa McCoys, som er fint plassert i kategorien ”one-hit-wonders” etter at dei opplevde kjempesuksess med Hang On Sloopy i 1965, men i mi platehylle kan han høyrast medan han gjer han jobben som hjelpegitarist og produsent for Johnny Winter på konsertplata And Live frå 1971, samt på utvalde spor på samleplata A Rock ‘n Roll Collection. I den australske olympiabyen Melbourne kom Gary Stephen Anderson til verda. Songaren Angry Anderson er originalmedlem og frontmann i Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. I 1948 kom David Hungate til verda i skytegale Texas. Bassisten Hungate, med ei fortid i Toto, kan hjå meg høyrast medan han spelar for Alice Cooper på studioplata From The Inside frå 1978, og på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984. I 1955 vart Eddie Ojeda fødd i New York City. Ojeda, med kallenamnet Fingers, er gitarist i Twisted Sister og kan hjå meg høyrast på samleplata Big Hits And Nasty Cuts frå 1992. I 1959 kom George Ruthenberg til verda i Los Angeles i California. Gitaristen Pat Smear spelar til dagleg i Foo Fighters og kan hjå meg høyrast på plata The Colour And The Shape frå 1997. Smear er også kreditert for akustisk gitar på Nirvana sine plater MTV Unplugged In New York (1995) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996). I 1961 kom fiolinisten Mark O’Connor til verda i Seattle i Washinton. O’Connor kan hjå meg høyrast saman med bandet Telluride på Nothing But A Child på Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988, og på plata Across The Borderline, som Willie Nelson slepte i 1993. I 1962 døydde Marilyn Monroe. I 1964 vart Adam Nathaniel Yauch fødd i bydelen Brooklyn i New York City. Adam «MCA» Yauch var ein av grunnleggjarane av rap-trioen Beastie Boys, som ærar platehylla mi med så mykje som sju titlar frå ei lang karriere. Budhisten Yauch vart diagnostisert med kreft i 2009 og døydde så altfor tidleg i 2012. I 1968 nytta gitaristen Luther Perkins dagen til å dra sitt siste sukk etter å ha røykt på sengjekanten. I 1977 kom Terje Winterstø Røthing til verda. Gitaristen Røthing spelar til dagleg i Kaizers Orchestra og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ompa Til Du Dør, Evig Pint og Violetta Violetta vol. 1 (2011). I 1986 var Toy Dolls i skotske Ayr for å spele på Darlington Hotel. I 1992 døydde Jeff Porcaro. I 1993 døydde Randy Jo Hobbs og Bob Cooper. I 1998 døydde Eldon Shamblin. I 2013 døydde George Duke.

04.08.2017

Fjerde august

Fjerde august 1901 vart jazztrompetisten og songaren Louis Daniel Armstrong fødd i jazzbyen framfor nokon, New Orleans i Louisiana. Frå fattigstroka ved Mississippi-elva sine bredder gjekk turen til storbyane Chicago og New York, og seinare tusenvis av konsertar verda over. Etter kvart voks Armstrong si stjerne seg så stor at han i dag har si eiga stjerne på den berømte Hollywood Walk Of Fame. Hjå meg er Armstrong representert med samleplata Supergold, i tillegg til Ella & Louis Again, som han gav ut saman med Ella Fitzgerald i 1957. Armstrong døydde i 1971. I 1921 kom Mitchell Herbert Ellis til verda i Farmersville i skytegale Texas. Gitaristen Herb Ellis kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på plata Ella & Louis Again, som Ella Fitzgerald og Louis Armstrong gav ut i 1957. Ellis døydde i 2010. I 1940 kom Lawrence William Knechtel til verda i Bell i California. Larry Knechtel dreiv vekselbruk mellom bass og keyboard og fekk spele med store namn som Simon & Garfunkel og The Doors. Hjå meg kan Knechtel høyrast som tangentmann på plata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968, Joan Baez si plate Diamond & Rust (1975), og på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991. Knechtel døydde i 2009. I 1957 vart Dean Ivanhoe Fraser fødd i Kingston på Jamaica. Saksofonisten Dean Fraser har deltatt på meir enn hundre plater i reggeasjangeren. Hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Peter Tosh på studioplata Wanted Dread Or Alive (1981), samt samleplatene The Toughest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999). I 1960 vart Stefan Kaufmann fødd i tyske Solingen. Trommeslagaren Kaufmann har heldt takten på ni av gay-metal-legendene Accept sine studioplater og kan hjå meg høyrast på legendariske Balls To The Wall frå 1983, samt på dei fleste spora på samleplata No Substitutes (1995). I 1967 slepte Aretha Franklin plata Aretha Arrives, produsent var Jerry Wexler. I 1969 vart Massimiliano Antonio Cavalera fødd i brasilianske Belo Horizonte. Gitaristen og vokalisten Max Cavalera er, saman med broren Igor, ein av grunnleggjarane av Sepultura og heldt med det ut med bandet frå 1982 til 1996. Hjå meg kan Cavalera høyrast på studioplata Arise frå 1991. I 1986 kunne Toy Dolls høyrast på Roof Tops i den skotske storbyen Glasgow.

03.08.2017

Tredje august

Tredje august 1925 vart Dom Um Romão fødd i brasilianske Rio de Janeiro. Perkusjonisten Romão spelte med ei rekkje amerikanske artistar, men er best kjend for å spele med Weather Report. Hjå meg kan Romão sitt trommespel høyrast på samleplata Collection frå 2008. Romão døydde i 2005. I 1946 kom John Foley York til verda i White Plains i delstaten New York. Bassisten John York er kreditert for å spele på eit spor på studioplata The Papas & The Mamas, som The Mamas & The Papas slepte i 1968. I 1947 vart John Tyler fødd i engelske Barlow. Gitaristen Sean Tyla var ein av dei som hjelpte The Blackhearts med gitarspel for Joan Jett på plata I Love Rock’n Roll frå 1981. I 1953 kom Ian Bairnson til verda i Lerwick på hovudøya på idylliske Shetland. Gitaristen Bairnson er best kjend for å spele i The Alan Parsons Project, men hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I Nashville i Tennessee vart Randy Scruggs fødd. Musikaren Randy Scruggs er son av banjolegenda Earl Scruggs. I mi platehylle kan Scruggs jr. høyrast medan han spelar gitar for Johnny Cash på tre ulike studioplater i American-serien: Solitary Man (2000), The Man Comes Around (2002) og A Hundred Highways (2006), i tillegg til eitt spor på Dwight Yoakam si samleplate In Others Words frå 2003. I 1959 vart Martin Clive Atkins fødd i engelske Coventry. Trommisen Martin Atkins har vore innom band som Killing Joke og Pigface, men er betre kjend for arbeiet han gjorde i Public Image Ldt. Hjå meg høyrer du Atkins på PIL sine studioplater Metal Box (Second Edition) frå 1979, og This Is What You Want…This Is What You Get (1984), i tillegg til konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up, som Ministry slepte i 1990. I 1961 kom Leon Drucker til verda i Massapequa i delstaten New York. Drucker er til vanleg kjend som den hårfine bassisten Lee Rocker i det fantastiske rockabillybandet Stray Cats og kan hjå meg høyrast på platene Gonna Ball frå 1981 og Choo Choo Hot Fish frå 1992, i tillegg til samleplata The Best Of The Stray Cats (1996) som oppsummerar den fyrste, og viktigaste, delen av rockabillylegendene si karriere på strålande vis. I 1963 vart James Alan Hetfield fødd i Downey i California. James Hetfield er ein av grunnleggjarane av Metallica, han er både gitarist og songar, og hjå meg kan han høyrast på platene Ride The Lightning (1984), Master Of Puppets (1986), …And Justice For All (1988), Metallica (1991), Load (1996) og St. Anger (2003). I 1964 vart Amery Smith fødd i Los Angeles i California. Den trommeslagande artisten kjend som AWOL har vore innom ei rekkje band og kan hjå meg høyrast på Beastie Boys si plate Ill Communication frå 1994. I 1967 kom Deborah Ann Dyer til verda i innvandrarbydelen Brixton i London. Skin tok verda med storm midt på 1990-talet som ein del av bandet Skunk Anansie og kan hjå meg høyrast på platene Stoosh frå 1996, og Post Orgasmic Chil (1999). I 1971 vart Deidra Muriel Roper fødd i Brooklyn i New York City. DJ Spinderella var den som snurra plater for raptrioen Salt’n Pepa og kan i mi platehylle høyrast på plata Very Necessary frå 1993. I 1979 kom Chevon Young til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Ms. Jade har slept plater på eiga hand, i mi platehyllek kan ho høyrast med vokalhjelp på Missy Elliot sine plater Miss E…So Addictive (2001) og Under Construction frå 2002. I 1992 slepte INXS plata Welcome To Wherever You Are, bandet si åttande studioplate. I 1993 platedebuterte Sheryl Crow med Tuesday Night Music Club. I 1999 døydde Leroy Vinnegar. I 2003 stod Linkin Park på scena i Texas Stadium i Irvin i skytegale Texas. Delar av konserten kan høyrast på konsertplata Live In Texas, som kom på marknaden seinare same året.

02.08.2017

Andre august

Andre august 1937 vart Eric Garth Hudson fødd i Windsor i kanadiske Ontario. Multiinstrumentalisten Garth Hudson vert rekna som mannen bak The Band sitt unike lydbilete og hjå meg kan tangentspelet hans høyrast på plata Islands frå 1977, bandet si siste studioplate med originalbestninga. Hudson er også kreditert for tangentspel på tre spor på tidlegare The Band-kollega Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1941 kom Ray Malcolm Steele til verda i Hendon, nord vest i London. Trommisen Andrew Steele har ei fortid i The Herd, saman med mellom anna Andy Bown og Peter Frampton, hjå meg kan han høyrast som ein del av Gerry Rafferty sitt band på samleplata Early Collection frå 1988. Steele døydde i 2005. I 1944 vart Naná Vasconcelos fødd i brazilianske Recife. Hjå meg kan perkusjonisten Vasconcelos høyrast på Jan Garbarek si plate Legend Of The Seven Dreams frå 1988. Vasconcelos døydde i 2016. I Minneapolis i Minnesota kom Mark Naftalin til verda. Tangentmannen Naftalin sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1948 kom Andrew Fairweather Low til verda i Ystrad Mynach i Wales. Grunnleggjaren av Amen Corner kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar både gitar og munnspel på Eric Clapton si akustiske konsertplate Unplugged frå 1992, på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death, også den frå 1992, og i tillegg samarbeidsplata Riding With The King, som Clapton slepte saman med B.B. King i 2000. I 1951 vart Andrew Maurice Gold fødd i Burbank i California. Multiinstrumentalisten Andrew Gold kan i mi platehyhylle høyrast medan han spelar gitar og trommer for Carly Simon på samleplata The Best Of Carly Simon, som Simon slepte i 1975, og gitar for Bette Midler på plata Some People’s Lives frå 1990. Gold døydde i 2011. I 1953 kom Donnie Munro til verda på den skotske øya Skye, best kjend for wiskeyproduksjon. Munro song i Runrig frå 1974 til 1997 og hjå meg kan han høyrast på studioplatene The Highland Connection (1979), The Cutter And The Clan (1987) og The Big Wheel (1991), i tillegg til konsertplata Once In A Lifetime. I 1955 vart Bryan David Vig fødd i Viroqua i Wisconsin. Plateprodusenten Butch Vig sper på inntektene som trommeslagar for bandet Garbage og hjå meg kan han høyrast på studioplatene Garbage (1995) og Version 2.0 (1998). I 1957 døydde Joe Shulman. I 1972 spela Johnny Cash inn Little Green Fountain heime i Hendersonville. Resultatet kan høyrast på plata The Johnny Cash Childrens Album som kom på marknaden i 1975. I 1983 gav Jackson Browne ut si sjuande studioplate, Lawyers In Love. I 2003 spelte Linkin Park på Reliant Stadium i oljebyen Houston i skytegale Texas. Godlyd frå denne konserten finn du på konsertplata Live In Texas, som kom på marknaden seinare same året.

01.08.2017

Fyrste august

Fyrste august 1936 kom Uziah Thompson til verda i Mannings Mountain på Jamaica. Trommisen Sticky Thompson kan i mi platehylle høyrast på plata Wanted Dread And Alive, som Peter Tosh slepte i 1981, samt på samleplatene The Thougest (1998), og The Best Of Peter Tosh frå 1999, i tillegg til Grace Jones si samleplate Private Life - The Compass Point Sessions (1998), One Bright Day, som Ziggy Marley & The Melody Makers slepte i 1989, og Light Your Light, som var Toots And The Maytals sitt bidrag til underhaldningsindustrien i 2007. Thompson døydde i 2014. I 1942 vart Jerome John Garcia fødd i stillehavsbyen San Francisco i California. Jerry Garcia var ein av grunnleggarane av kulthippiebandet Grateful Dead og vart rekna som talsmann for bandet fram til han døydde i 1995. Garcia hadde i tillegg sitt eige band, Jerry Garcia Band i tillegg til ei rekkje andre samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei Grateful Dead konsertplate frå 1964 kan Garcia i mi platesamling høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. Garcia er også kreditert for gitarspel og ymse anna på David Crosby si debutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1943 kom Geoffrey Britton til verda i London. Trommeslagaren Geoff Britton var innom Manfred Mann’s Earth band ein kort periode på slutten av 1970-talet og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på plata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered frå 1999. I 1946 kom Raymond Burrell til verda i engelske Lincoln. Bassisten Boz Burrell si merittliste inneheld, mellom anna det legendariske bandet King Crimson, men hjå meg er det på supergruppa Bad Company si plate Straight Shooter frå 1975 han kan høyrast. Burrell døydde i 2006. I 1949 vart James Dennis Carroll fødd i New York City. Poeten og musikaren Jim Carroll er i mi platehylle kreditert for å synge bakgrunnsvokal på Lou Reed si plate Mistral frå 1986. Carroll døydde i 2009. I 1951 vart Thomas Richard Bolin fødd i Sioux City i Iowa. Gitaristen Tommy Bolin fekk i løpet av si korte karriere høve til å erstatte supergitaristen Richie Blackmore i Deep Purple, men det vart med plata Come Taste The Band frå 1975. Bolin døydde av ein overdose heroin i 1976. I kanadiske Winnipeg kom Timothy Gregg Bachman til verda. Gitaristen Tim Bachman var ein av grunnleggjarane av Bachman-Turner Overdrive, eit band som har lurt ei samleplate kalla Best Of Bachmann-Turner Overdrive (1998) inn i mi platesamling. I 1958 vart Robert N. Buck fødd i Jamestown i New York. Rob Buck var ein av grunnlegggjarane av 10 000 Maniacs og var eit sentralt medlem av bandet fram til han døydde i desember 2000. Hjå meg kan Buck høyrast på studioplatene The Wishing Chair (1985) og Blind Mans Zoo (1989), i tillegg til konsertplata MTV Unplugged frå 1993. I 1964 kom Adam Frederick Duritz til verda i Baltimore i Maryland. Oscar-nominerte Adam Duritz (beste song) er best kjend som grunnleggjar av Counting Crows, i mi platehylle kan røysta hans nytast på studioplata Gold, som Ryan Adams slepte i 2001. I 1966 var The Who i IBC Studios i London og spelte inn I’m A Boy. Produsent var Kit Lambert. I 1972 var dagen Elvis Presley slepte singelen Burning Love. Songen var Elvis sin siste rockehitt og fekk ei veke på listetoppen i USA. I England var sjuandeplassen beste plassering. I 1973 kom John Vinge til verda. Vinge spelte tangentar i Trang Fødsel frå 1995 til 2009 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Hybel (1997) og Feber (1998). I 1982 køyrde Madness bil inn på listene. Drivin’ In My Car la seg inn på ein fjerdeplass. I 2000 gav The Dandy Warhols ut plata Thirteen Tales From Urban Bohemia. I 2014 døydde Rod de’Ath.