16.08.2017

Sekstande august

Sekstande august 1929 vart William John Evans fødd i Plainfield i delstaten New Jersey. Bill Evans var ein høgt skatta jazzpianist og kan i mi platesamling høyrast på plata Kind Of Blue, som Miles Davis gav ut i 1959. Evans døydde i 1980. I 1939 kom Eric Weissberg til verda i New York City. Banjospelaren Weissberg er mannen bak den glitrande versjonen av Duelling Banjos i filmen Deliverance, han har spelt med ei rekkje musikarar og kan i mi platesamling høyrast medan han trakterar både banjo og gitar på New York-delen av innspelingane til Bob Dylan si plate Blood On The Tracks frå 1975, og på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series 1-3, som kom på marknaden i 1991. I 1944 vart Russ Titelman fødd i Los Angeles i California. Titelman er best kjend som plateprodusent, men kan i mi platehylle høyrast som gitarist på Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1957 kom Timothy William Farriss til verda i australske Perth. Gitaristen Tim Farriss er eldst i ein syskenflokk på fire musikarar og har, saman med to yngre brør spela i INXS sidan starten i 1977. I mi platehylle kan Farriss høyrast på studioplatene Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1958 vart Madonna Louise Ciccone fødd i Bay City i Michigan. Madonna har prega både poplistene og skandalepressa jamnt og trutt gjennom dei siste tretti åra. Madonna sine bidrag til mi platehylle heiter True Blue frå 1986, I’m Breathless, som var inspirert av filmen Dick Tracy og kom på marknaden i 1990, Music frå 2000, og Confessions On A Dance Floor frå 2005. I 1960 vart den engelske produsenten Mark Ellis fødd i London. Flood er i mi platehylle representert medan han spelar ulike instrument på fleire spor for Barry Adamson på plata As Above So Below frå 1998. I 1969 spelte David Bowie på The Becheenham Free Festival. Bilete frå hendinga viser at legenda var velkledd, som alltid. I 1977 døydde rockelegenda Elvis Presley heime på Graceland i Tennessee. Dette skapte tilnærma endelause køar utanfor det som var bustaden hans, ein kø som ser ut til å ha heldt seg heilt til i dag. I 1980 var Downhill Club i Sunderland åstad for Toy Dolls sine larmingar. Same dag kom Robert Byron Hardy til verda i engelske Dewsbury. Bassisten Rob Hardy har stor suksess med det skotske indiebandet Franz Ferdinand. Hjå meg kan Hardy høyrast på studioplatene Franz Ferdinand (2004), You Could Have It So Much Better (2005) og Tonight (2009). I 1985 slepte Red Hot Chili Peppers si andre studioplate. Freaky Styley vart produsert av funkikonet George Clinton. I 1989 var det klart for enno ei plate frå Red Hot Chili Peppers. Mother’s Milk var bandet si fjerde studioplate og med ny gitarist og trommeslagar, markerte den eit skilje i bandet si karriere. I 1994 gav Neil Young ut plata Sleeps With Angels saman med det hardtrockande husbandet Crazy Horse. I 2007 døydde trommelegenda Max Roach. I 2008 døydde Ronnie Drew og Vassar Clements.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar